ÅRSPLAN Stokke maritime

Like dokumenter
Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Årsmelding for Urhei barnehage

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Veileder til årsplanmalen

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Årsplan Venåsløkka barnehage

Du må tru det for å sjå det

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Årsplan Gimsøy barnehage

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Bærekraftig utvikling

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Samspel og livsmeistring

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

-den beste starten i livet-

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Blåbærskogen barnehage

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Fladbyseter barnehage 2015

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Månadsbrev for Rosa september 2014

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Saman om Ørstabarnehagen

Barnehagens progresjonsplan

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Informasjonshefte Tuv barnehage

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

TILVENNING -Trygghet. Fellessamling Matgrupper. Prosjekt HØST. Lavvoleir Turglede

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDENE I RAMMEPLAN FOR BARNEHAGEN GYLDENPRIS BARNEHAGE 2018/2019

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Skjema for eigenvurdering

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PROGRESJONSPLAN FOR BARNA på de syv fagområdene

Årsplan Ballestad barnehage

AVDELING FOR OPPVEKST

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Kommunikasjon, språk og tekst

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

Barnehage til beste for barn

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Stokkalandsmarka barnehage

Rutinar for Overgang barnehage - skule

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

Transkript:

ÅRSPLAN 2020-2021 1 Stokke maritime

INNHALDSLISTE Innleiing...4 Om Stokke maritime FUS barnehage...4 Visjon...4 Kundeforventningar...4 Barnehagelova og Rammeplan...5 Barnekonvensjon til FN...5 Verdigrunnlag, mål og satsingar FUS...8 Verdiar...8 «Barnet først» og «Evalueringen av Tuning in to kids i norske barnehager»...9 Fagleg bakgrunn...9 Bakgrunn for forskninga...9 Barnehagens mål og satsingar... 10 Kva er satsingsområda våre og kvifor?... 10 Eigenleiing i leik og læring... 10 Relasjon og språkutvikling...11 Utviklingsarbeidet digital praksis...11 Barnehagens formål og innhald... 12 Omsorg... 12 Leik... 12 Læring... 12 Danning... 13 Vennskap og fellesskap... 13 Kommunikasjon og språk... 13 Barns rett til medverknad... 14 2

Barnehagens verdigrunnlag...15 Demokrati...15 Mangfold og gjensidig respekt...15 Likestilling og likeverd...15 Berekraftig utvikling...15 Livsmeistring og helse...15 Barnehagens fagområder...16 Kommunikasjon, språk og tekst...16 Kropp, rørsle, mat og helse...16 Kunst, kultur og kreativitet...17 Natur, miljø og teknologi...17 Mengd, rom og form...17 Etikk, religion og filosofi...18 Nærmiljø og samfunn...18 Planlegging, handling, observasjon og refleksjon...19 Samarbeid og overgang... 20 Samarbeid mellom heim og barnehage... 20 Overgong i barnehagen... 20 Overgong barnehage-skule...21 Andre samarbeidspartnarar...21 3

INNLEIING OM STOKKE MARITIME FUS BARNEHAGE Stokke Maritime FUS barnehage starta opp i nybygg i januar 2020 og held til på Ellingsøy i Ålesund kommune. Avdelingane har vi kalla Kråkebollen, Flyndrefanten, Sjøhesten, Krepsen, Blekkspruten og Sjarken. Stokke maritime FUS barnehage er heilårsopen. Vi har maritimt fokus og nærleiken til sjøen og nærområdet rundt er viktig for oss. Som maritim barnehagen er vi opptatt av miljøet og bidreg til miljøet på ulike måtar. Mellom anna har vi solcellepanel på taket som gjer at vi produserar straum. Det igjen gjer at vi har ladestasjonar for elbil. Barnehagen lagar og eiga jord ved å fermentere matrestar og lage jordfabrikk. Barna får sjå korleis maten lagar seg om til jord. Jorda brukast til å dyrke urter og grønnsaker i pallekarmar. Tanken er å utvide kjøkkenhagen etter kvart. VISJON SAMAN GIR VI BARNDOMMEN VERDI: LEIK, GLEDE, KVARDAGSMAGI OG VENNEGARANTI Visjonen er leiestjerna vår og den gjev retning for kva vi ynskjer at organisasjonen skal oppnå no og i fremtida. Visjonen er det vi strekk oss etter kvar dag i møte med barn, foreldre og kollegaer. Vi er undervegs, vi vil aldri kunne seie oss ferdig. Vi skal alltid jobbe for å utvikle oss, lære noko nytt og vere nyfikne på det som kjem. FUS barnehagene har eigen sang du finn den på Soundcloud om du søker på FUS sangen. På Soundcloud finn du og episodar frå FUS-Poden. 4 KUNDEFORVENTNINGAR Stokke Maritime FUS barnehage har forplikta seg til å innfri kundeløfta til FUS. Vi er opptekne av at vi skal ha ein open dialog med dei føresette. Vi har ei eiga serviceerklæring som alle tilsette fylgjer, der vi og seie noko om kva vi ventar av foreldra. Barnet blir møtt og tatt hyggeleg imot av ein tilsett når barnet og forelderen kjem inn på avdelinga. I løpet av barnehagedagen får barnet søvn og kvile tilpassa barnets behov og i nært samarbeid med foreldre. Måltida er prega av glede, samspel og tid nok til å ete. Barnet leiker og lærer i eit miljø prega av varme og glede og tilbys varierte moglegheiter for leik både ute og inne. Barnet møter tilsette som er genuint opptatt av kvart enkelt barn, og som veit at barnet kjem først.

5

BARNEHAGELOV OG RAMMEPLAN Barnehagelova og Rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver og øvrige styringsdokument. Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som blir regulert av barnehagelova og ein nasjonal rammeplan Rammeplan for barnehagen innhald og oppgåver. Desse to dokumenta står sentralt for arbeidet i barnehagane. Rammeplan er ein offentleg vedteken læreplan som gjeld for alle barnehagane i Noreg. Rammeplan er ei forskrift til barnehagelova som skildrar meir detaljert kva barnehagen skal innehalde og kva ansvar personalet har. BARNEKONVENSJON TIL FN Lova byggjer på Barnekonvensjonen som er ein internasjonal avtale som varetek borns rettar. FN sin barnekonvensjon vart vedteken av generalforsamlinga til FN 20. November 1989 og vart sett i kraft 2. september 1990. Barnekonvensjonen er den av FN- konvensjonane som har breiast oppslutnad og utgjer difor eit heilt sentralt utgangspunkt for arbeid med og for barn i heile verda. Oversikt over øvrige styringsdokumenter Barnehagens vedtekter Serviceerklæringa for FUS barnehagane Etiske retingsliner for tilsette i FUS barnehagane Forskrift om miljøretta helsevern Progresjonsplan for fagområda i rammeplan i høve til bornas alder Månadsplanar Langsiktig kompetanseplan for personalet Plan for overgong mellom barnehage og skule Retningsliner for FUS Smartmat

7

VERDIGRUNNLAG, MÅL OG SATSNINGAR - FUS VERDIAR GLØDENDE SKAPENDE TILSTED- VÆRENDE Dei vaksne i barnehagen skal vere glødande, skapande og tilstades. Verdiane er kulturberarane i vår barnehage. Verdiane fortel kva vi står for, kva vi trur på og kva som er viktig for oss. Dei er ei kjelde til inspirasjon i det daglege arbeidet i barnehagen på vegen for å realisere visjonen. Vi sett barnet først! Vi ynskjer engasjerte vaksne som kan gripe stunda og medverke til at borna blir nyfikne og har eit ekte ynskje om å lære og utforske. Det er viktig at alle barna vert med. Det er dei vaksne som må få med dei stille borna. Vi skal vere engasjerte i barnas interesser, vi må sjå mogelegheitene ikkje avgrensingane. Vi vil jobbe for ei aldersmessig tilpassing der vi beskriv handlingane, forklarar konsekvensane og tilbyr ei alternativ handling der det trengs. Hovudmål: FUS barn har eit positivt sjølvbilete FUS barn er trygge og utforskande, dei trivast i leik og har venekompetanse. FUS barna gler seg til resten av livet og veit at dei har moglegheit til å påverke og at deira innspel tel. FUS barn har det kjekt i barnehagen. FUS tiltak for å oppnå måla våre: Dei tilsette deltek i kompetanseutvikling gjennom FUS skulen. Dei tilsette deltek i rettleiing Dei tilsette fylgjer retningslinene til Smartmat 8

«BARNET FØRST» OG «EVALUERINGEN AV TUNING IN TO KIDS I NORSKE BARNEHAGER» FAGLEG BAKGRUNN Barnehageåra er ein viktig periode for barnas kjenslemessige utvikling. Barnehagen har difor ei viktig rolle i å tilrettelegge for utviklinga av barnas evne til å forstå og handtere si emosjonelle verd og for utviklinga av barnas emosjonelle kompetanse. Barnet først er forutan FUS slagord og ei kompetanseutvikling i FUS barnehagane som fylgjer med av eit forskningsprosjekt via Universitetet i Oslo i barnehageåret 2019/ 2020. Barnet først byggjer på eit forskningsbasert program, Tuning in to Kids (TIK), det har som mål å styrke barnas emosjonelle og sosiale kompetanse og CLASS observasjonsmetode som har tilsvarande mål i forhold til emosjonell støtte, ved sidan av å betre læringsmiljøet i barnehagane. 49 barnehagar i FUS kjeda er med i kompetanseutviklinga som fylgje av forskinga. TIK lærer omsorgspersonane eigenskapar og teknikkar for å gjenkjenne, forstå og handtere sine eigne og bornas kjensler. Barnet først er ei kompetanseutvikling for alle barnehagen sine tilsette, der øvinga går over tid og kan understøttast, utviklast og innarbeidast i det daglege arbeidet med barnehagen sine barn og i samarbeid med gode kollegaer. Det blir og utvikla eige støttemateriell for arbeid på avdelingane. BAKGRUNN FOR FORSKNINGA Nyare forsking viser at det er relasjonskompetansen til dei tilsette i barnehagen som er avgjerande for barnas oppleving av kvalitet. Dette tek FUS på alvor og ynskjer difor å forske på om kompetanseutviklinga til personalet bidreg til høgare kvalitet på den sosio- emosjonelle støtta, støtte i læring og avdelinga si organisering. Samarbeidspartnarar for kompetansehevinga og forskningsprosjektet: tilsette ved Psykologisk Institutt (PSI) ved Universitetet i Oslo (UiO), FUS AS ved fagansvarlig Hege Cecilie Eikseth, og Kompetansetjeneste for tidlig innsats ved Hanne Holme, Elin Olsen Kallevik og Marit Bergum Hansen. Prosjektleder for forskningsprosjektet er førsteamanuensis Sophie Havighurst ved PSI, UiO. Forskningsmedarbeider er Ida Tidemann, PhD-stipendiat ved PSI, UiO. Stokke Maritime FUS barnehage er ikkje med i forskningsprosjektet, men i løpet av 2021 skal vi i gong med kompetanseutviklinga. På sikt skal alle barnehagane ha ein CLASS ressursperson som støtte internt og som ekstern observatør. 9

BARNEHAGENS MÅL OG SATSNINGAR Som barnehage fylgjer vi Rammeplanen for barnehagar. I samband med arbeidet sett vi og våre eigne område som vi vil satse meir på. Kommunen legger nokre føringar på korleis vi skal utvikle det pedagogiske arbeidet og FUS kjem med sine føringar. KVA ER VÅRE SATSINGSOMRÅDER OG KVIFOR: DET MARITIME OG NÆRMILJØET Vi ynskjer å bli kjend med det som ligg rundt oss som barna gjerne møter kvar dag. Vi ynskjer å vere nyfikne på det som er i nærleiken av oss. Det maritime er og knytt opp til namna våra. Vi har kort veg til fjøre og sjø, det ynskjer vi å utnytte. Staden vi ligg på har lang tradisjon med fiske og fiskemottak. Det vil vere naturleg å bli kjend med historia til staden og formidle kulturen knytt til nærområda. På sikt vil vi få vår eigen båt som vil nyttast i barnehagekvardagen. Då vil det vere naturleg å delta på trygg i vann kurs. Barna får bli med på båttur, sette teiner og sjå kysten frå båt. Før ein kjem så langt må sjølvsagt personalet ha både livredningskurs og båtførarprøve. Borna skal bli kjent med nærmiljøet. Vi er heldige som har både skog og fjøre i nærleiken. Vi ynskjer at barna skal bli trygge på å ferdast begge stadar. Vidare ynskjer vi å bli kjent med fiskebedrifter i nærleiken her. Barna skal lære å ta vare på naturen, kva for konsekvens har forsøpling. Dette kan vi gjere både ved å plukke med oss søppel når vi er på tur. Vi har eit samarbeid med Tine, tur med retur. Det vil seie at vi ryddar søppel når vi er på tur. Det er ein sjølvfylgje at vi ikkje legg att restar når vi er ute. Vi kan og ta barna med på kjeldesortering. Gjennom dagleg å legge søppel i deira respektive dunkar gjer vi borna merksame på kva vi kan bidra med. Vi ynskjer at barna skal lære seg å ha respekt for naturen. EIGENLEIING I LEIK OG LÆRING Vi har fokus på å gje barna verktøy som kan hjelpe dei i ulike situasjonar. Gjennom leik kan dei teste ut og prøve ulike strategiar for å komme fram til ei god løysing på det dei står over for. Barnehagetida skal gjere at dei gler seg til resten av livet. Dei får hjelpe til med ulike oppgåver og lære å ta ansvar og kjenne på at dei er viktige bidragsytarar i kvardagen til både seg sjølv og andre. Vi ynskjer nyfikne barn som er nyfikne på det som skjer rundt dei. Hos oss står BARNET FØRST og vi har kvardagsmagien i fokus. 10

RELASJON OG SPRÅKUTVIKLING Relasjonsbygging er viktig både mellom vaksne og barn, men og mellom barn og barn. Dei er kvarandre sine viktigaste partnerar for utvikling og læring. Språket er viktig for å kunne kommunisere med kvarandre. Det er viktig både å kunne uttrykkje eigen vilje, og kunne skjønne kva andre formidlar. Trygge barn lærer meir så relasjonane må jobbast med kontinuerleg slik at barna kan få ein best mogeleg kvardag og best mogeleg utbytte av å vere i barnehagen. UTVIKLINGSARBEIDET DIGITAL PRAKSIS Gjennom Ålesund kommune deltek vi i eit utviklingsarbeid opp og fram. Det skal gå over fleire år og no er det temaet digital praksis vi skal jobbe med. Vi i vår barnehage ynskjer å jobbe med problemstillinga: korleis kan barns språkutvikling fremmast i digital praksis. Problemstillinga er ikkje heilt ferdig enno og blir ein del av prosessen. Vi vil ha ulike progresjonsmål utifrå dei ulike aldersgruppene. Korleis vi jobbar inn mot satsingsområda vil vere ulikt frå avdeling til avdeling. Det skal vere ein progresjon i tema og ein vil aldri verte ferdig utlært. Det ein dei fyrste åra får høyre om vil ein neste år danne kjennskap til slik at ein seinare kan lære om dei ulike tema. I barnehagen blir ein gjerne delt inn i småbarn og storbarn. Sjølv om ein har samme tema vil opplegget vere særs ulikt på dei ulike avdelingane. Barnehagen lagar etter kvart ein progresjonsplan, der kvar aldersgruppe skal ha tilpassa eit opplegg. Inndelinga kan vere 1-3 år og 3-5 år (småbarn og storbarn). 11

BARNEHAGENS FORMÅL OG INNHOLD OMSORG Vi ynskjer at barna skal bli sett, høyrt og forstått. Vi ynskjer å vere nær barna og gje dei kjærleik. Det å ha ein eigen kontaktperson kan i starten vere med på å skape tillit til foreldre og barn. Ved å sitje mykje på golvet med dei minste vil vi vere nær og tilgjengelege for dei. Rammeplanen seier: Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna. LEIK Vi ynskjer å legge til rette for ulike typar leik. Ved å nytte rommet som den 3. pedagog, blir leikene sett frem på ein synleg og inspirerande måte. Ved å skape spanande leikemiljø kan ein bidra til at leiken utviklar seg og at borna utfaldar seg. Rolleleik er ei god mogelegheit til å prøve ut ulike veremåtar. det var jo berre på liksom... den er og bra for å utvikle fantasi og evna til å forestille seg. Det bør vere god varisjon mellom det styrte og det frie og barna må få vere med på å bestemme. Leik er den viktigaste arenaen for barns utvikling og læring. Gjennom leik utviklar dei sosiale, språklege og kroppslege ferdigheiter. Det er personalet sitt ansvar å sjå til at alle trivast i leiken og at dei får utfordringar i høve eigne føresetnadar. Dei skal observere barna og vere tilstades for barna og dermed vere ein trygg base som støttar og verner barna. LÆRING Rammeplanen seier: I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring. 12

DANNING Rammeplan: Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. VENNSKAP OG FELLESSKAP Vennskap er ein av berebjelkane for at barna skal utvikle leikekompetansen og seg sjølve. Det er difor viktig at vi vaksne hjelper barna til å utvikle vennskap og at vi fangar det opp om nokon ikkje meistrar dei sosiale kodane. Barn utviklar seg heile vegen og nokon gonger må vi vere eit støttande stilas for barna. FUS barnehagene har ein eigen dag der vi sett særskilt fokus på vennskap. Den dagen kallar vi FUS dagen og er alltid den siste torsdagen i april. Vi har fleire tradisjonar vi ynskjer å ha årlig, som sjørøverfest, nissefest, karneval. Desse dagane er med på å lage fellesskap i heile barnehagen. KOMMUNIKASJON OG SPRÅK Ved å setje ord på det ein ser og det som skjer vil borna få ei rikare forståing av det som skjer. Det ligg mykje språkstimulering i å fortelje og beskrive det ein ser og opplever i lag. Måltidet er ein god arena for språkleg utvikling. Vi freistar å nytte dette til å snakke med borna, men og få dei til å snakke med kvarandre. Vere nyfikne på det som angår andre, lytte, vente på tur osb. Gjennom dialog skal borna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Å snakke om opplevingar, tankar og kjensler er naudsynt for utviklinga av eit rikt språk. I samtalen må vi vaksne vere medvetne på å snakke med borna og ikkje til dei. Samtalane med borna går føre seg i alle kvardagssituasjonar som til dømes måltida, stell og påkledning. Aktivitetar som høgtlesing og nytte av forteljingar stimulerar språket hjå borna og vi nyttar det difor aktivt i barnehagen. 13

BARNS RETT TIL MEDVERKNAD Barna skal ha rett til medverknad tilpassa alder og forutsetningar (barnehageloven 1 Formål, 2 ledd). Vi tek barna sine tankar, idear og meningar på alvor. Barns medverknad handlar om å ta barna på alvor, sjå kvart barn og gjere det som er best for det einskilde barnet og heile gruppa. Vi planleggjer det fysiske leike- og læringsmiljøet vårt med utgangspunkt i observasjoner av barna. Observasjon av kva barna interesserer seg for gir oss idear å spele vidare på. Vi brukar bilete og konkretar som hjelpemiddel hjå dei minste og fleirspråklige. Både det verbale og nonverbale språket er viktig. Rammeplan om barns medverknad: Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadane og behova til barna. Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modenskap. Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å ta. I FUS brukar oss å ha intervju med barna som skal byrje på skulen. Intervjua kan vi mellom anna bruke til å sjå kva vi bør fokusere meir eller mindre på, og plukke opp element barna synes skal endrast. 14

BARNEHAGENS VERDIGRUNNLAG DEMOKRATI Gjennom å lytte til barna og respektere deira ynskjer kan dei få vere med å bestemme kva som skal skje. Ved å gripe augeblikka og vere villig til å sette til sides vaksne sine planar kan barna lære om medverknad og demokrati. Ved å ha avstemming om kvar ein skal gå på tur, kva skal nista vere t.d. kan dei større barna lære om demokrati og fleirtalsavgjersler. Det er og viktig å ha respekt for fleirtalet og dei avgjerslene som blir fatta. MANGFOLD OG GJENSIDIG RESPEKT I Stokke Maritime FUS barnehage skal vi jobbe for at alle opplever å bli respektert. Gjennom å vise respekt og framtre på ein respektfull måte kan ein få respekt tilbake. Vi skal gje barna ei forståing for at vi er ulike og at vi har ulike kvalitetar. Det kan vere mange måtar å sjå ting på og vi kan ha ulike oppfatningar av korleis ting skal vere. Vi må ha respekt for den ulikskapen og lære oss å setje pris på det og sjå nytta av at vi er ulike. Vi ynskjer fokus på å vere vener med alle, behandle alle like respektfult. Bestevener er eit begrep vi ikkje tykkjer så mykje om, då det kan opplevast som veldig ekskluderande. I FUS vil vi ha inkluderande fellesskap. LIKESTILLING OG LIKEVERD Alle er like mykje verd. Alle skal telje med like mykje og få like mogelegheiter til å utvikle seg på best mogeleg vis. Dette gjeld både for gutar og jenter og for barn frå ulike kulturar. Vi jobbar for at alle skal verte inkluderte og høyrde. Det er dei vaksne sitt ansvar at også dei stille barna slepp til med sine ynskjer og behov. BÆREKRAFTIG UTVIKLING Vi er opptekne av naturen rundt oss og at vi skal nytte den på ein måte som ikkje sett spor. Vi tek med oss søpla vår tilbake til barnehagen vår når vi er på tur og kjeldesorterar det vi kan. Det er og viktig å vere forsiktig med tinga våre slik at vi ikkje øydelegg noko. Det skal vere kvalitet på det som er i barnehagen og vi skal unngå ein bruk og kast mentalitet. Difor nyttar vi eingongsservise berre ved store arrangement. LIVSMESTRING OG HELSE Vi vil ha fokus på meistring og at vi er god nok som vi er. I barnehagen skal ikkje kvardagen vere prega av eit press om å vere perfekt. Den fysiske og psykiske helsa vår heng saman. Vi i FUS er opptekne av heile mennesket. Difor har vi fokus på fysisk aktivitet, mykje uteliv, uansett ver, og trivsel i kvardagen. Vi er opptekne av 24 timers mennesket, samarbeidet med heimane er viktig på dette området og. 15

BARNEHAGENS FAGOMRÅDER KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST Kropp, rørsle, mat og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknologi Mengd, rom og form Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST 1-3 år: Vi nyttar høgtlesing, eventyr, sang og musikk. Bøker er lett tilgjengeleg på avdelinga. Aktiv bruk av språket i samspel med barna, gjenta med rett ord det barna seier. Sette ord på alt vi ser og gjer. 4-6 år: Vi nyttar språket til å skape gode relasjonar, vi deltek i leik og hjelper barna til å nytte språket som reiskap til konfliktløysing. Rolleleik, bøker, ulike typar samtalar, sang og musikk, dramatisering og fortelljingar. Vi kan reflektere og stille spørsmål. Vi må lytte til kvart enkelt barn. La barna få oppleve at språket blir brukt på ein god og positiv måte. Verdsetje kjenslene til barna. KROPP, RØRSLE, MAT OG HELSE 1-3 år: Barna må få oppleve trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringer, inne og ute, året rundt. Gå i ulendt terreng for å styrkje barna si motoriske utvikling. Gjennom dans og sangleik vil dei erfare allsidig rørsle og glede. Vi må leggje til rette for toddlerleik, det vil seie at små barn tumlar rundt i sine fyrste forsiktige interaksjonar med andre barn. Vi må tilby eit variert kosthald i tråd med FUS sine Smartmat retningsliner. Når vi gjentatte gongar tilbyr mat kan barna få utvikla smakslaukane sine og få barn til å like mat dei i utgangspunktet ikkje ville ha. 16 4-6 år: Bli kjent med eigne behov, få kjennskap til menneskekroppen, utvikle gode vanar for hygiene og eit variert kosthald. Turar i ulendt terreng gjev ein sterk og smidig kropp. Fysisk aktive barn gjev positive psykiske gevinstar og. Vi skal sjå heile barnet og allereie i barnehagen kan ein forebygge psykiske lidingar hos vaksne. Det er viktig med ein god balanse mellom aktivitet og kvile. Vi i barnehagen nyttar enkle yogakort til dei eldste. Då får ein på ein leiken måte øvd på både konsentrasjon, kroppskontroll og avspenning. Dei vaksne skal motivere og legge til rette for at barna skal få oppleve glede og meistring.

KUNST, KULTUR OG KREATIVITET 1-3år: Lytte til musikk og bevege seg til musikk. Sanseleik med variert materiale. Enkel dramatisering. Barna bør få vere med på matlaginga. Erfaring syner at dei et meir og smakar på meir når dei har vore med i førebuingane. Eit sunt og variert kosthald har mykje å seie for både den fysiske og den psykiske helsa vår 4-6år: Oppleve glede og stolthet over egen kulturell tilhørighet. Det alle som regel har til felles er havet. La barna få ta i bruk fantasien, kreativitet, tenkning og skaper glede. Inspirere til å lage ting, anerkjenne og motivere. NATUR, MILJØ OG TEKNOLOGI 1-3 år: La barna få nytte sansane sine og gjere seg kjend med dei ulike skapningane som vi finn i nærmiljøet vårt. Dette kan vere både i skogen og i fjøra. Ved å gå på tur rundt barnehagen vil dei få ei sterkare oppleving og det kan gjere dei nyfikne på å lære meir. 4-6år: Vi ynskjer at barna skal få oppleve og utforske naturen og naturens mangfald. Dei skal få bli kjent med livet i naturen generelt og ved sjøen spesielt. Vi vil naturleg nok ha eit maritimt blikk og rette merksemda vår mot sjøen. Det er likevel viktig å gjere seg kjend med resten av naturen og. Dei store barna kan gjerne få ei innføring i naturvettreglane og enkle maritime reglar. Vi ynskjer å gje barna gode opplevingar med friluftsliv året rundt. Vi skal motivere til og leggje til rette for leik uansett ver og dei voksne bør aktivt delta i leiken ute. MENGD, ROM OG FORM 1-3 år: Barna må få erfare ulike storleikar i sine omgjevnadar og samanlikne desse. Vi kan tidleg byrje å sortere ved å legge ting på rett plass. Til dømes Duplo i ei kasse, bilane og dyra i eigne hyller. Vi er medvetne i bruken av omgrep som t.d. stor-liten, varm-kald. Gjere barna medvetne ved å finne likt og ulikt. 4-6 år: Leike og eksperimentere med tal, mengder og telling og få erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på. Ved å bruke bøker, spel, musikk, digitale verkty, naturmaterialer, leiker og utstyr kan ein inspirere barna til matematisk tenkning. Leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom barnas leik og settje ord på det i kvardagslege gjeremål. T.d. når ein dekkjer på bordet, legg bestikket på plass osb. 17

ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI 1-3 år: Øve på å ta omsyn til kvarandre. Arbeide med empati og utvikling av sosial kompetanse. 4-6 år: utvikle interesse og respekt for kvarandre og forstå verdien av likskap og ulikskap i eit fellesskap. Gje barna kjennskap til og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i dei religionane som er representert i barnehagen. Få ei forståing for at det finst mange ulike måtar å forstå ting på og leve saman på. Vi skal bidra til å utvikle barns toleranse, interesse og respekt for kvarandre og for menneske med ulik kultur og religiøs tilhøyrigheit. NÆRMILJØ OG SAMFUNN Vi vil besøke og samarbeide med lokale fiskeribedrifter. Vi vil bli kjend med lokalhistoria her og eventuelle lokale tradisjonar. Gjere oss kjend med tradisjonar, levesett og ulike familieformer andre stadar. Barna får eit innblikk i at samane er Noregs urfolk og får kjennskap til samisk kultur. Dette skjer stort sett rundt 6.februar når vi markerar samedagen. Gjennom turar i nærmiljøet vil vi gjere oss kjend med det som er rundt barnehagen. 18

PLANLEGGING, HANDLING, OBSERVASJON OG REFLEKSJON I Stokke maritime FUS barnehage brukar vi avdelingsmøter og leiarteam for å planlegge den pedagogiske verksemda. Personalmøter og planleggingsdagar er viktige for at vi kan ha felles refleksjon på tvers av avdelingane. Observasjon i barnehagen går føre seg både formelt og uformelt. Vi vurderar enkeltbarn og korleis dei fungerar i lag med dei andre barna og vi vurderar heile barnegruppa. Om det er noko vi vil gå vidare med, blir foreldra involverte i det så tidleg som mogleg. Det er naturleg å bruke vurderingane i dialog med foreldre i det daglege og i foreldresamtalar. Hensikta med vurderingar er alltid å fremje barnets beste. Modell for pedagogisk planlegging, dokumentasjon, refleksjon og vurdering Hva vurderer vi? Hvem vurderer vi? Hvem vurderer? (barn-foreldre-personalet) VURDERING LÆRINGS-SYN PLANLEGGING Hva planlegger vi? Hvem planlegger vi for Hva reflekter vi over? Hvem reflekterer? REFLEKSJON Pedagogisk dokumentasjon Barnehagens verdigrunnlag: glødende, skapende, tilstedeværende PRAKSIS SAMMENHENG Det vi sier - det vi gjør!! Hva gjør vi? Hvem gjør vi det for? BARNESYN! DOKUMENTASJON Hva dokumenterer vi? Hvem dokumenterer vi for? (Oss selv!!, barn, foreldre, samfunn) 19

SAMARBEID OG OVERGONG SAMARBEID MELLOM HEIM OG BARNEHAGE Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeid og ein god dialog med foreldra. Det gjerast i dei daglege treffpunkta ved levering og henting, via MyKid og i foreldresamtalar. I tillegg blir det samarbeid gjennom foreldremøte og i samarbeidsutvalet. Før ein ny familie startar i barnehagen blir dei inviterte til eit foreldremøte for nye foreldre. OVERGONG I BARNEHAGEN Dei siste åra har det blitt meir fokus på overgongar innad i barnehagen. Når fleire barn skal skifte avdeling prøvar vi å la ein vaksen fylgje barna over til ny avdeling. Så snart vi har bestemt korleis avdelingane skal sjå ut til hausten, har vi dagar der barna får vere på den nye avdelinga saman med dei vaksne som skal vere der. Det gjer overgongen tryggare for barna. 20

OVERGONG BARNEHAGE-SKULE På Ellingsøya er det etablert eit godt samarbeid om overgongen mellom barnehagane og skulane. Før sommaren møtes leiarane frå skulane og barnahagane for å leggje planane for neste barnehageår. Veke 36/37: Styrer tar kontakt med skulen med omsyn til overgang frå barnehage til skule for barn med særskilde behov. Samtykkje innhentast frå foreldre om det er aktuelt. Når barna har byrja på skulen, kjem dei tilbake på besøk til barnehagen dei har gått i. Invitasjonar sendast til skulane som videreformidlar til barna. Personal fra SFO fylgjer og er saman med barna på besøket. Gjennom barnehageåret samlast alle førskulebarna i dei tre ulike barnehagane på Ellingsøya. Så lenge vi har Korona-pandemien må nivået vere på grønt nivå for at vi skal greie å gjennomføre desse planane. Før innskrivinga kjem rektor frå skulen på besøk i barnehagane. Vi har ein eigen bolk på foreldremøtet for førskuleforeldre og der får foreldra utdelt planen for overgang barnehage skule. ANDRE SAMARBEIDSPARTNARAR Administrasjonen i Ålesund kommune PPT Barnevernet Helsestasjonen Tverretatlig samarbeid Høgskulen i Volda Praksissamarbeid med ungdomsskular og vidaregåande skular. Ellingsøy kyrkje 21

NOTATER 22

NOTATER 23

Kontaktinfo: Stokke maritime FUS barnehage Røysetmarka 11, 6057 Ellingsøy Tlf: 95 03 30 50 Epost: dl.stokke@bhg.no www.fus.no/stokke Facebook: Stokke Maritime FUS barnehage 24 Stokke Barnehagenavn maritime