HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE SJØPOSTEN Februar 2013 Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag» Tida går utruleg fort og me er alt komne til februar månad. Januar har vore klar og kald noko som passa veldig godt i forhold til tema som har vore; «Karsten og Petra på skøyter» og «Thomas kler på seg». Gode vaksne som er kreative og kan ta ting på sparket På Januarplanen til Kråkebolla stod det ikkje at alle skulle få seg ein tur på skøyter, men når både tema og forholda låg til rette for ein tur på isen, vart det til at dei vaksne greip sjansen og tok alle med på tur til isen på Grødaland. Det vart ein fantastisk kjekk tur og det var ein oppglødde og glad gjeng som kom tilbake til barnehagen med masse kjekt å fortelja både om «mestringsopplevelser» og pølsa på bål Når ikkje forholda har vore optimale for barna til å vera ute i, har dei vaksne lagt forholda til rette for blant anna opplevingar som å springa, dansa ute i den store kyrkja. For eit syn når ein opne dørene til dette fantastisk store rommet og barna set i eit gledes hyl og spring for full rulle. For ein fryd Fornying i barnehagen: I løpet av januar månad har me fått fornya oss litt, og meir vil det bli. Det nya taket me har fått ute i atriumet trur me vil koma til stor nytte når nedbøren kjem. Me vil og få meir lys ute på veg inn til barnehagen og inne på avdelingane. Me vil ruste opp litt med maling og litt nye ting på avdelingane. Grillhytta håpar me vil bli ferdig i løpet av våren. Altså har me mykje på gang Det vil og bli laga ny garderobe løysing. Skapa skal vekk og snekrar skal koma og lage noko liknande som på Sjøstjerna. Alle barna skal få kroker som er så langt nede at dei sjølv skal kunna lære seg og hengje opp kleda sine Bruk av rom: «Fantasirommet» som kan brukast til mangt, vil nå for ein periode bli gjort om til «Stillerommet». Det for at me ser me har behov for eit ekstra rom der barna kan få trekkje seg ut av og til for å få ro til å konsentrera seg over tid. Her vil me ha bøker, spill, konstruksjonsmateriale m.m. Det vil og bli skuleklubben sitt rom. Me ser at me har mange moglegheiter til å forma barnehage litt som me vil og kva me har behov for. Størrelse og utforming er spennande og det gjeld å sjå moglegheiter i staden for «begrensninger»
Saman om god oppvekst Minner om at den 18 februar kl. 30 starter me opp med «Saman om god oppvekst». Det er Hege Iren Løge frå familiesenteret og Kjersti Eeg Ånestad som vert med oss desse kveldane. Håpar mange kjem på det fyrste informasjonsmøtet for å høyra om dette kan vera noko for dykk. Endring i personalgruppa: Mari på Krabben skal flytte til Vikedal og byrja i ny jobb i Barnevernet. Henna siste dag i barnehage hos oss er den 22 februar. Me takker for den gode jobben ho har gjort og ynskjer ho mykje lukka til vidare. Marina Dørrer, ei dame frå Tyskland som er pedagog i ein stor barnehagen i München, vil då mest sannsynleg byrja på Krabben i staden for Mari fram til 14 juni. Ho er her i Noreg for å få praksis i frå Norsk barnehage. Ho har høyrt at Norske barnehagar skal vera veldig bra. Me ynskjer ho velkommen som medarbeidar hos oss. For tida er ho inne som vikar der det trengs og blir kjent i barnehagen. Karneval: 22 februar vert det karneval i barnehage. Dette er ein festdag der alle som vil kan kle seg ut som det dei vil. Det vil bli mykje song, musikk og dans, katta i sekken og vaksne som skal dramatisera «De tre Bukkane Bruse». Dette blir kjekt Dei som ikkje har dag i barnehagen denne dagen kan likevel koma og vera med oss frå kl.09.00-11.30. Planleggingsdagar våren 20 5 mars, 10 mai og 4 juni. Barnehagen vil då vera stengt! Minner om telefonar på avdelingane: Sjøstjerna: 99 21 48 43 Krabben: 99 21 48 42 Kråkebolla: 99 21 48 41 Muslingen: 99 21 48 39 Ynskjer dykk alle ein fin februar månad Med venleg helsing Erna Ueland Styrar Tlf. 51 436900 Besøk oss på www.ha.kommune.no/narlandparken Epost adresse post.narland.barnehage@ha.kommune.no
MUSLINGEN - februar 2013 Tema: Karneval Bok;Thomas kler seg ut Vi lager rytmeinstrument Vi baker boller Vi lager fastelavensris Vi lager rytmeinstrument 1 Maler ansikt/ kler oss ut 8 1 Vi lager katta i sekken KARNEVAL Ansiktsmaling Spillegruppe 2-åringene 9 2 Bursdagssamling for hele huset kl.10 2 Primærgrupper 2 2 1.
KRÅKEBOLLA FEBRUAR 2013 Aldersinndelte Eventyr Ishallen grupper (Barn født 2007) Ansiktsmaling Forming 08/09 1 Spillegrupper Aldersinndelte Eventyr/Tur grupper 8 1 Aldersinndelte Tema samling Ishallen Karneval grupper (Barn født 2007) Lekegrupper 08/09 9 2 2 2 2 1. Bursdagfest Bursdag Bursdag Eventyr/ Marco og Martins Gabija
KRABBEN - februar 2013 Tema: Thomas kler seg ut, Karneval 5 1. Chantal 2 år, Gratulera med dagen Formingsaktivite t (Krabben) Sara 2år, Gratulera med dagen Formings aktivitet (store) Disco 1 (Sjøstjerna) Baking 8 1 Formingsaktivite t (små) Karneval 9 2 Felles bursdagssamling 2 Hinderløype i kyrkja 2 Baking 2
SJØSTJERNA 2013 Tema: Karneval Eventyr: Thomas kler seg ut 5 1. Vi lager masker Tur Musikk samling Tur med Lavvo og stormkjøkken Vi lager instrument 1 8 1 Tur Forming Karneval 9 2 Felles bursdags feiring 2 2 2 Tur