helse helse helse helse helse Kva er nødnett?
«Nødnettet forenkler og styrker samhandlingen mellom AMK-sentralen, ambulansetjenesten og kommunens legeressurser.» Fredrik Westmark, AMK Østfold
Kva er nødnett? Nødnettet blir no bygd ut i heile landet, og skal erstatte dagens helseradionett som det primære radiosambandet til helsetenesta. Den nye teknologien opnar for nye måtar å kommunisere og samhandle på både internt i helsetenesta og med politiet og brann-etaten. Nødnettet skal løyse dei same oppgåvene som dagens helseradionett, men med vesentlege funksjonelle forbetringar. Helsepersonell skal oppleve at nødnettet gir betre dekning, betre talekvalitet, mindre støy og høg oppetid på sambandet. Operatørane på kommunikasjonssentralane skal oppleve at dei får eit brukarvenleg og effektivt verktøy. Nødnettet skal medverke til ein tryggare og meir effektiv kvardag. I tillegg kan det bli eit av dei viktigaste verktøya for å vidareutvikle og støtte opp under samhandlinga mellom ressursane i kommune- og spesialisthelsetenesta. Nødnett bind helseressursane saman den viktigaste jobben blir såleis å utvikle nye og meir effektive samarbeidsrutinar, og ein kultur for å vere tilgjengelege for kvarandre slik at fleire oppgåver kan løysast på rett nivå.
Kva er nytt og betre? Eit betre, meir brukarvenleg verktøy som skal gi sikrare, raskare og meir effektiv kommunikasjon i kvardag og kriser. Betre moglegheiter for koordinering mellom AMK-sentralar, LV-sentralar, legevaktlegar/ fastlegar, akuttmottak, ambulanseteneste og anna helsepersonell. Betre oversikt over ressursar for operatørane på AMK og moglegheit for raskare og meir effektiv tilgang til vaktlegar og andre ressursar i kommunehelsetenesta. Betre moglegheit for å få tilgang til medisinskfagleg støtte til å ta avgjerder og gjere avklaringar prehospitalt fleire kan få god behandling på rett nivå. Betre moglegheit for samverknad mellom nødetatane felles talegrupper gir også felles situasjonsforståing. Sikrare for både brukarar og pasientar. Kryptering gjer det mogleg å utveksle pasientinformasjon, eit stabilt samband med god lydkvalitet reduserer misforståingar og feil, GPS-posisjonering og tryggleiksalarm gir tryggleik for medarbeidarane. Innføringa vil i tillegg innebere eit kompetanseløft for alle brukargruppene og ei kvalitetssikring av verksemda til einingane. Ei felles nasjonal opplæring sikrar tryggare og meir kompetente brukarar av det nye sambandet. Lokal gjennomgang og kvalitetssikring av prosedyrar og rutinar er ein føresetnad for å ta utstyret i bruk.
God og sikker kommunikasjon er avgjerande i krisesituasjonar. For å sikre rett bruk av Nødnett i kriser og større hendingar, er det avgjerande at det blir brukt i kvardagen og at trening i rett bruk inngår i alle øvingar.
19 AMK-SENTRALAR 89 AKUTTMOTTAK 116 LEGEVAKTSENTRALAR Kjelde: SSB
13 HELIKOPTER Om utbygginga 512 KØYRETØY Nødnettet skal vere ferdig utbygd i heile landet i 2015. Oslo, Akershus, Østfold og delar av Buskerud har brukt nødnettet sidan 2011. Den vidare utbygginga går via Innlandet og Oppland til Nordre Buskerud før den følgjer kysten sørover og vidare til Finnmark. Utbygginga skjer i seks fasar og blir organisert rundt kvart AMK-område. Det betyr at kvar AMK-sentral og tilhøyrande akuttmottak og legevaktsentralar blir installert parallelt og tek systemet i bruk samtidig. Kvar AMK-sentral, Legevaktsentral, kvar kommune, kvart akuttmottak og kvar ambulanseteneste blir kontakta i god tid før prosjektet startar. 50 BÅTAR
RADIOTERMINALAR DRIFTS- OG VEDLIKEHALDSSYSTEM BASESTASJONAR TRANSMISJONSNETT KJERNENETT KOMMUNIKASJONSSENTRALAR EKSTERNE NETT
Utstyret og teknologien BASESTASJONAR Eit nettverk av basestasjonar er naudsynt for å få dekning, på same måte som i vanlege mobilnett. Basestasjonane sender og tek i mot radiosignal og er plasserte slik at dei skal gi god dekning der det er trong for det. Dekningsgraden vil bli justert etter kvart som nødetatane får erfaring med lokal dekning. RADIOTERMINALAR Ambulansepersonell og legar i vaktordning skal nytte handhaldne og køyretøymonterte radioterminalar. Med radioane får brukarane tilgang til både nødnettet og offentleg telenett. Radioterminalane er såleis både ein radio, ein walkie-talkie og ein mobiltelefon. Radioane har fargeskjerm og er enkle å bruke. Dei er mindre og lettare enn dagens radioar, men ikkje høgteknologiske multimedieplattformer som moderne smart-telefonar. I anskaffinga har ein lagt vekt på at radioane skal vere robuste og tåle ein tøff, operativ kvardag. Representantar frå helsetenesta sine radiobrukarar deltek i evalueringa av ulike radioalternativ frå tre utvalde leverandørar, før ein bestemmer seg for ein modell som blir kjøpt inn for alle brukarane i utbyggingsområdet. Det blir gjennomført ei evaluering per utbyggingsfase. Dei handhaldne radioterminalane er mindre og lettare.
Helsetenesta deltek i val av radiomodell. Køyretøymonterte radioar har dei same funksjonane og beteningsprinsippa som dei handhaldne radioane, men lengre rekkjevidd. I ambulansebilar vil det bli montert to beteningshovud: eit i førarkupeen og eit i sjukekupeen. DEKNING Nødnettet skal dekkje om lag 80 prosent av Noreg sitt fastlandsareal og skal gi brukarane betre dekning enn i dagens helseradionett. Det vil bli dekning i vegtunnelar som har radiodekning i dag, i togtunnelar, på T-banen i Oslo og for luftfartøy opp til 8 000 fot. Inne i bygningar skal dekninga bli betre enn med dagens system. I bygningar og område med dårleg dekning kan det nyttast såkalla repeatarar eller gatewayar som styrkjer rekkjevidda. Dekningskartet i kvart utbyggingsområde skal teiknast opp og justerast i dialog med representantar for nødetatane i distriktet. Føremålet er å sikre god dekning i dei områda der det er naudsynt, og ta omsyn til viktige lokale tilhøve.
NETTVERKSMODUS OG DIREKTEMODUS Normalt har radiobrukarane kontakt med kommunikasjonssentralen gjennom radionettverket (TMO), som når ein brukar mobiltelefonen. I situasjonar der det ikkje er dekning, kan radioane nyttast i direkte modus (DMO) slik at personell på staden har kontakt med kvarandre. Då fungerer radioen som ein walkie-talkie med avgrensa rekkjevidd. TALEKVALITET Nødnettradioane er utstyrte med ein mekanisme for støyreduksjon som fjernar ein del av bakgrunnsstøyen frå vegtrafikk og liknande. Talekvaliteten blir vesentleg betre enn i helseradionettet. Talegruppene fungerer på tvers av basestasjonar, og personellet slepp dermed å bytte frekvens eller kanal manuelt under transport. I ein-til-ein-samtalar vil talekvaliteten ikkje alltid vere like god som det ein opplever på mobiltelefonen. BETENINGSUTSTYR PÅ KOMMUNIKASJONSSENTRALAR Legevaktsentralar, akuttmottak og AMK-sentralar får utstyr som betener både nødnett og telefoni i same skjermbilete. Systemet gir betre oversikt over samtalar, og gjer det enkelt å ringe ut via hurtigknappar og ein integrert telefonkatalog. Ein kan betene fleire talegrupper samtidig og via ei oversikt over tilgjengelege ressursar kan einingane utalarmerast, og koplast saman. Alle kommunikasjonssentralane kan bruke same mus og tastatur for alle verktøy. På AMK-sentralane blir nødnettbeteninga integrert med dei andre verktøya (for tida journal- og oppdragssystemet AMIS, kartsystemet Transmed og lydlogg). OPPLÆRING Operativt personell vil få opplæring i bruk av det nye radioutstyret og beteningsutstyret på kommunikasjonssentralane, nye sambandsrutinar og prosedyrar før utstyret blir teke i bruk. Det nye radiosambandet fungerer noko annleis dagens helseradionett. God opplæring skal syte for kompetente og trygge brukarar som kan utnytte dei moglegheitene som nødnettet gir. Opplæringa er tilpassa dei ulike personellgruppene sine behov og det utstyret dei skal betene. Sjølve opplæringa består av ein e-læringsmodul og ein oppmøtebasert del der brukarane får trene på og bli kjent med utstyret. TEKNOLOGIEN Teknologien i det nye nødnettet er bygd på den europeisk TETRA-standarden, som er ei forkorting for Terrestrial Trunked Radio. Tetra er særskilt utvikla for nødkommunikasjon.
Kommunikasjon i felles talegrupper mellom nødetatane og andre redningsressursar gir betre samordning, og raskare og tryggare innsats i krevjande situasjonar.
Til liks med dei fleste andre europeiske land har Noreg valt å byggje eit eige radionett spesielt for nødetatar og beredskapsbrukarar. Det gir fordelar ved store hendingar som genererer mykje teletrafikk. Nødnettet er utvikla først og fremst som eit velfungerande talesamband, som skal løyse behova nødetatane har for kommunikasjon internt i etaten, og for å snakke saman og koordinere innsatsen ute i operativ teneste. Moglegheitene for rask og effektiv dialog mellom ein eller fleire ressursar er prioritert. Noko datatrafikk kan gå over dette nettet, men utveksling av journalopplysningar, EKG og andre relevante data vil i framtida kunne gå føre seg på ein annan plattform som kjem i tillegg til nødnettet. TRYGGLEIK Tryggleiken er prioritert ved hjelp av robuste og såkalla redundante løysingar i alle ledd. Mellom anna er viktige komponentar dublerte for å redusere moglegheita for at ein einskild feil skal kunne gi driftsproblem. Er det brot i ein kabel tek reservekabelen over. Basestasjonane og andre komponentar har løysingar for reservestraum. mellom personell når det er behov for det. Tryggleiken for helsepersonell blir betre med den integrerte tryggleiksalarmen. Radioterminalane er utstyrte med nødknapp og GPS-posisjonering som lett kan aktiverast dersom utrykkingspersonellet har behov for støtte. DRIFTSSTØTTE OG SUPPORT Helsetenesta sin driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO) er skipa på Gjøvik i Oppland. HDO er eit driftssenter for kommune- og spesialisthelsetenesta. HDO sine tenester er drift, overvaking og brukarstøtte av nødnettutstyr for helsetenesta. Dei har fjerntilgang til alle kommunikasjonssentralane i helsetenesta, slik at dei kan overvake, oppdatere programvare og utføre feilsøking. HDO klargjer, programmerer, oppgraderer og held ved like alle radioterminalar og kontrollromsløysingar. Før nødnettet blir teke i bruk, skal det skrivast under på ein driftsavtale mellom HDO og kvar av einingane i helsetenesta. Kryptering sikrar at ikkje uvedkomande kan lytte på sambandet. Pasientopplysningar kan såleis trygt utvekslast
Radioen er enkel å bruke, og mye mindre og lettere enn den gamle helseradioen. Talekvaliteten og radiodekningen er også bra. Jeg har bare positive erfaringer så langt. Lasse Christensen, kommuneoverlege i Aurskog-Høland
Helsedirektoratet har eit overordna ansvar for nødnettinnføringa i helsetenesta. Direktoratet for Nødkommunikasjon har ansvar for å byggje sjølve radionettverket, levere utstyret til kommunikasjonssentralane og levere radioterminalar. Nettverket og teknologien blir levert av Motorola Solutions. Det er inngått rammeavtalar med fleire leverandørar for levering av radioterminalar. KAN VI HJELPE DEG? Helsedirektoratet har oppretta ein prosjektorganisasjon som skal vere til hjelp for kommunane og helseføretaka når dei skal innføre nødnett. Vi hjelper dykk svært gjerne, og de kan kontakte oss per e-post på postmottak@helsedir.no Meir informasjon finn de på www.helsedirektoratet.no/nodnett Helsedirektoratet Postboks 7000 St. Olavs plass 0130 Oslo Utgivar: Helsedirektoratet Publikasjonsnummer: IS-2107NN Foto: Helsedirektoratet/Helse-Midt Norge/Ambulansebåten Dr.Riiber/ Eivind Nordvik Hauge/Bård Gudim/ Jan Fredrik Frantzen Brosjyredesign: Melkeveien Designkontor Produksjon: Andvord Grafisk