Lytting B2 Eg kan forstå samtalar i kvardagssituasjonar på standardspråk om kjende og mindre kjende tema. Eg kan forstå informasjon og beskjedar om abstrakte og konkrete tema på standardspråk når det blir snakka med normal hastigheit. Eg kan følgje lengre samtalar på standardspråk som angår kulturelle, interkulturelle og sosiale tema som for eksempel skikkar, tradisjonar, levemåtar eller media. Eg kan følgje komplekse argumentasjonsrekker dersom dei er velstrukturerte. Eg kan forstå dei fleste TV-program, dokumentarar, intervju og filmar på standardspråk. Eg kan følgje dei fleste radioprogram og lydopptak dersom det blir brukt standardspråk, og eg kan tolke tonen og sinnsstemninga til den som snakkar. Eg kan oppfatte kjensler og holdningar, som for eksempel kritikk, semje, avvising eller glede. SJEKKLISTER LYTTING
Lesing B2 del 1 Eg kan forstå i detalj lengre tekstar som behandlar emne og problem som interesserer meg, dersom språket ikkje er for spesialisert eller eg kan bruke ordbok. Eg kan sjå gjennom ein lengre tekst og avgjere om vidare lesing vil lønne seg. Eg kan forstå detaljar i faktatekstar om eit breitt spekter av emne, for eksempel i vekeblad eller på Internett. Eg kan avgjere kva for delar av teksten eg har bruk for dersom eg bruker internettekstar for å skaffe meg informasjon om eit emne. Eg kan forstå det viktigaste i alle typar brev som eg kan komme til å få, for eksempel frå klubbar eller reisebyrå. Eg kan forstå og bruke lengre instruksjonar som ikkje er klart strukturerte, for eksempel ei bruksrettleiing for TV eller eit digitalt kamera, dersom eg kan lese om att vanskelege avsnitt. Held fram på neste side SJEKKLISTER LESING
Lesing B2 del 2 Eg kan utan særlege problem lese dei fleste skjønnerære bøker og forteljingar som interesserer meg, når eg har vant meg til forfattarens måte å skrive på. Jeg kan forstå en del dikt og sanger som interesserer meg, selv om meningen ikke er uttrykt direkte. Jeg kan se forskjell på formell/høflig språkstil og uformell/mindre høflig stil. SJEKKLISTER LESING
Munnleg samhandling B2 Eg kan utan problem delta i generelle samtalar, snakke flytande og naturleg og bruke rett språkregister. Eg kan gjere meg forstått på dei fleste område overfor andre som snakkar språket. Eg kan delta i lange samtalar om kjende emne, for eksempel med nokon som er på besøk. Eg kan delta i lengre diskusjonar og debattar om personlege, kulturelle, interkulturelle og sosiale tema. Eg kan oppsummere det som er b sagt i ein diskusjon. Eg kan utveksle detaljert informasjon om noko eg er spesielt interessert i. Eg kan uttrykkje og reagere på kjensler, haldningar, meiningar, sinnsstemningar og synspunkt. Eg kan klare meg utan problem når eg blir intervjua eller intervjuar andre. Eg kan seie frå dersom eg har språklege problem, og aktivt oppklare eventuelle misforståingar. SJEKKLISTER MUNNLEG SAMHANDLING
Munnleg produksjon B2 Eg kan utan store problem uttrykkje det meste av det eg vanlegvis uttrykkjer på mitt eige språk. Eg kan gi detaljerte beskrivingar av ei rekkje personlege, kulturelle, interkulturelle og sosiale tema. Eg kan argumentere for meningane mine og diskutere fordelar og ulemper ved ulike synspunkt. Eg kan oppsummere noko som er b sagt. Eg kan gi ein klar og systematisk oppbygd presentasjon, og framheve og understreke viktige punkt. Eg kan diskutere og grunngi haldninga mi til eit aktuelt tema. Eg kan byggje opp ei argumentasjonskjede, føye tankane logisk saman og underbyggje poenga med passande eksempel. Eg kan frigjere meg frå ein førebudd tekst og følgje opp poeng som kjem frå tilhøyrar. SJEKKLISTER MUNNLEG PRODUKSJON
Skriving B2 Eg kan skrive lange, detaljerte og klart strukturerte tekstar om ulike tema. Eg kan skrive fargerike og detaljerte beskrivingar av personar, stader og ting. Eg kan skrive forteljingar som er heile og logiske. Eg kan skrive tekstar som diskuterer tema som eg har klare meiningar om, og eg kan argumentere for tankane mine. Eg kan skrive meir eller mindre formelle brev, alt etter kor eg kjenner personen eg skriv til. Eg kan skrive CV-ar. Eg kan skrive rapportar om noko eg har delteke i, for eksempel eit prosjekt. Eg kan skrive detaljerte beskrivingar av ting eg er vand med å gjere. Eg kan skrive dikt og songar som inneheld nokså komplekse tankar, og bruke eit mangesidig språk. Eg kan skrive tekstar som inneheld tankar frå Internett og andre kjelder, men uttrykkje dei med eigne ord. SJEKKLISTER SKRIVING