Fjordhesten, vestlendingen sin kulturarv



Like dokumenter
FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV

Saman for framtida (Ref # )

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

DIGITALISERING AV ARKIV. Kontaktkonferansen 2015 IKA Møre og Romsdal IKS Molde 28. mai 2015

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Saman for framtida (Ref # )

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Stryn kommune 1

Forslag frå fylkesrådmannen

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Grunnlova (Ref #5dd9e14d)

Ord i spreke spor (Ref #d701bd3d)

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Les for livet - del 2 (Ref # )

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

GLOPPEN FOLKEBIBLIOTEK ÅRSMELDING 2006

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Rådgjevarkonferanse 2009

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Internasjonal vidaregåande skule

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

8. Museum og samlingar

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

"Noge for adle!" (Ref # )

Den kulturelle nistepakken

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Forfall meldast snarest til Ål kommune, avd. Fellestenester, sekretariatet tlf Saker til behandling

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Kultur- og næringskonferansen, Kristiansund 4. mai 2011

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Informasjon til pasientar og pårørande

Søking til skuleåret

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar Innhold

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Rådgjevarkonferanse 2010

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Transkript:

Fjordhesten, vestlendingen sin kulturarv - ein del av verdensarven - Eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom Arkiv, Bibliotek, Museum og vidaregåande skule Gloppen folkebibliotek Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nordfjord folkemuseum Firda vidaregåande skule Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Reisemål Stryn & Nordfjord Fjordhesten er ein norsk hesterase. Vestlandet - og spesielt Nordfjord - er fjordhestsentrum i verda. Vi vil dokumentere og formidle fjordhesten som kulturberar! Gloppen folkebibliotek Firda vidaregåande skule Fotoarkivet ved Fylkesarkivet i S&Fj Nordfjord folkemuseum Dei fire søkjarane er lokalisert svært nær kvarandre. Det er duka for samarbeid! Notat vedr. hovudprosjektet. Arkivref. Gloppen kommune 04/1737-18/233 C //ANFL

Fjordhesten, vestlendingen sin kulturarv Oppsummering Kvifor fjordhest? Fjordhesten har lokal, regional, nasjonal og internasjonal interesse. Lokalt: Fjordhesten er ein norsk hesterase, og Nordfjord vert rekna som fjordhest-sentrum både nasjonalt og internasjonalt. To av Nordfjord-kommunane har valt fjordhesten som logo i sine kommunevåpen. Den årlege landsutstillinga for fjordhingstar finn stad på Nordfjordeid (Eid kommune). Her finn ein og Norges Fjordhestlag sitt hovudkontor og Norsk Fjordhestsenter (nasjonalt senter for fjordhest). Regionalt: Fjordhesten er altså ein viktig kulturberar for Nordfjord, men og for heile fylket. Fjordhesten er difor valt som logo for NRK Sogn og Fjordane. Nasjonalt: Fjordhesten er eit av våre nasjonale symbol, nært knytt til fjell, foss, grøn natur, bunad, folkemusikk. Internasjonalt: Fjordhesten har medlemsorganisasjonar i mange land utanfor Norge (Nederland, Danmark, Tyskland, Belgia, Frankrike, USA, Canada, Sverige, Finland, England, Skottland, Sveits). Fjordhesten som kulturberar er lite dokumentert hittil, og det er stor etterspurnad etter dokumentasjon av fjordhesten både nasjonalt og internasjonalt. Som del av vår nasjonale kulturarv, er fjordhesten aktuell i samband med jubileet for grunnlova vår 1814-2014. Vi meiner at vestlendingar flest har for lite medvet om denne verdensarven. Gloppen kommune Eid kommune NRK Sogn og Fjordane Kva vil vi oppnå? Synleggjering av fjordhesten som ein kulturskatt av nasjonal og internasjonal verdi. At folk i Sogn og Fjordane, og Nordfjordingane spesielt, er medvetne om sin kulturelle arv. At ABM-sektoren i større grad kan møte etterspurnaden etter fjordhesten på Internett. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Korleis? Ved å samle inn og registrere fjordhesten sine kulturuttrykk formidle vha. dokumentasjonsportal om fjordhest formidle fjordhesten i grunnskulane i Nordfjord via Den Kulturelle Skulesekken (DKS) ved Nordfjord folkemuseum samt bidra til at dette også vert ein del av fylkestilbodet formidle til elevar ved Firda vidaregåande skule Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Reisemål Stryn & N. Side 3 of 14

Om samarbeidspartane A B M VGS Fotoavdelinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er lokalisert i Gloppen. Fotoavdelinga har for tida to tilsette, og har som føremål å samle inn, verne og formidle eldre fotografisk materiale frå fylket. Kontaktpersonar: Fotoarkivar Arild Reppen, fylkesarkivar Gunnar Urtegaard. Gloppen folkebibliotek sitt hovudbibliotek er kombinert folkebibliotek og skulebibliotek for Firda vidaregåande skule. Biblioteket har totalt 5 tilsette, og har 3,5 årsverk. Kontaktpersonar: Biblioteksjef Torill Berge, bibliotekar Ann-Kristin Vik Fløtre Nordfjord folkemuseum er lokalisert i Gloppen, og er distriktsmuseum for Nordfjord. Museet har vel 40 bygningar, og ca 20.000 gjenstandar. Museet driv aktiv formidling til skulane (Den Kulturelle Skulesekken). Museet har 7,5 årsverk. Kontaktperson: Direktør Aslaug Nesje Bjørlo Firda vidaregåande skule er lokalisert i Gloppen og har i dag studietilbod på allmennfag, idrett, helse og sosial, musikk, dans, drama, IKT og mediefag. Å fremje lokalt entreprenørskap er eit av måla i utviklingsplanen. Skulen har 380 elevar og 56 årsverk for pedagogisk personale. Kontaktperson: Rektor Kjell Arnestad Bakgrunn I planleggingsarbeidet for biblioteket i Trivselshagen (sjå eige avsnitt), vart det i mars 2004 oppretta ei gruppe for å utgreie eit mogeleg ABM-samarbeid. Bakgrunnen for opprettinga er Stortinget sin merknad til Trivselshagen i kulturmeldinga, St.meld 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014: Komiteen mener Trivselshagen er en fremtidsrettet arena for å realisere ABM-målsettinger, den kulturelle skolesekken, livslang læring og folkehelse, og viser til en enstemmig komitémerknad i Innst.S.nr.11 (2003-2004) Trivselshagen I ABM-arbeidsgruppa deltok representantar for dei fire institusjonane ovanfor. I ein idédugnad om tema for samarbeid kom fjordhesten opp som forslag. Alle partar fann god meining i å samarbeide med fjordhesten som tema. Trivselshagen I Gloppen har offentlege, private og frivillige aktørar gått saman for å utvikle konseptet Trivselshagen. Dette skal vere ein inkluderande møteplass mellom ulike generasjonar - der både friske og funksjonshemma kan knyte nye band over eit kafebord, gjennom fysisk aktivitet eller ved studiar i eit moderne medie- og informasjonssenter. Trivselshagen er trekt fram av kulturkomiteen i deira innstilling om kulturmeldinga (sjå ovanfor). Gloppen folkebibliotek er ein viktig del av "Medie- og informasjonssenteret", som vert hjartet og hjerna i Trivselshagen. Les meir på www.trivselshagen.no Fjordhestprosjektet er eit ektefødd barn av Trivselshagen. Samarbeidsånda som er etablert i arbeidet med Trivselshagen resulterer her i konkret samordning av ressursar, på tvers av tidlegare skiljelinjer, til beste for brukarane. Side 4 of 14

Forprosjektet 10. mai 2005 1. mars 2006 Fylkeskulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvde våren 2005 kr 50.000.- for at ein skulle kunne arbeide vidare med ideen, både med tanke på førebuing av ABM-prosjektet og på næringspotensialet i samband med fjordhesten som merkevare. Dette som del av deira strategi for kultur og næring (ref. plandokumentet Kultur og næringsstrategi i Sogn og Fjordane). Dette har klar samanheng med St.meld 22, 2004/2005 Kultur og næring. Fylkesmannen si landbruksavdeling har i tillegg løyvd kr 50.000,- i BU-midlar til dette arbeidet. Styringsgruppa vedtok å gjennomføre arbeidet i form av eit forprosjekt. Forprosjektet er godt forankra politisk i Gloppen kommune. Dei øvrige kommunane i Nordfjord er informert om fjordhestprosjektet via Nordfjordrådet, som består av rådmenn og ordførarar i regionen. Forprosjektet har etablert ein dialog med fjordhestmiljøa i Nordfjord, Norges Fjordhestlag, næringslivet i regionen, lokalhistoriske miljø og Sogn og Fjordane fylkeskommune ved fylkesbiblioteket og fylkesarkivet. Det er tilsett ein prosjektleiar i forprosjektet, Ann-Kristin Vik Fløtre. Ho er bibliotekar ved Gloppen folkebibliotek, og har vore sentral i prosjektet heilt frå starten våren 2004. Gloppen kommune har teke på seg rolla som prosjekteigar og arbeidsgjevar i forprosjektet. Kultursjef Jan-Kjetil Øygard er prosjektansvarleg. Stryningane i Moods of Norway har kledd opp Ari Behn, Thomas Numme og Morten Abel. Designet brukar element av det særnorske, her fjordhesten. Les meir på www.moodsofnorway.com På nyåret arrangerer forprosjektet ein fagdag/workshop for fjordhestrelatert næringsutvikling her i Nordfjord. Prosjektgruppa som førebur fagdagen er samansett av ressurspersonar frå fjordhestmiljøa, næringslivet, reiselivsbransjen, fylkeskommunen og Gloppen kommune. Gloppen sogelag er arrangør for eit lokalhistorisk kveldssete med tema fjordhest hausten 2005. Arrangementet finn stad på Norsk Fjordhestgard i Breim (Gloppen kommune). Norges Fjordhestlag (NFL) er ein svært viktig samarbeidspart i prosjektet. NFL har gjeve prosjektet god drahjelp med si positive støtte, bl.a. i form av eit brev (sjå side 14). Prosjektet held NFL fortløpande informert, og tek imot innspel undervegs. Medlemane i NFL er informert via artikkel i medlemsbladet Fjordhesten og flygeblad på haustmøtet i oktober 2005. Anna pressedekking sålangt i 2005: NRK Sogn og Fjordane (radiointervju samt artikkel på nettsidene), artiklar i Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Firda Tidend. Forprosjektet 1) Førebuing til ABM-prosjektet (forprosjekt) 2) Fjordhest & næring (forstudie) EVT. NYE PROSJEKT? ABM-prosjektet (hovudprosjektet) Side 5 of 14

Forprosjektet, forts. Mål 1) Førebuing av ABM-prosjektet Tiltak: - Avklare ABM-prosjektet sin samanheng med fylkesarkivet sitt prosjekt Prøvefylke for nettbasert kulturformidling (sluttført i første omgang, detaljar vert avklara seinare sjå side 9) - Søkje finansiering av ABM-prosjektet frå ulike kjelder (pågår). 2) Fjordhest & næring - skal motivere for auka medvet om næringspotensialet for fjordhest som merkevare, og som ein kulturskatt av nasjonal og internasjonal verdi. Tiltak: - Skaffe oversikt over aktuelle miljø for fjordhestrelatert næringsutvikling og invitere til dialog (pågår) - Arrangere ein fagdag/workshop om fjordhest og næring (januar/februar 2005). (førebuing pågår) Organisering Foto: Ragnar Albertsen Styringsgruppe SG: Referansegruppe RG: Gloppen folkebibliotek, Nordfjord folkemuseum, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Firda vidaregåande skule og Fylkesarkivet, kultursjefen i Gloppen kommune (PA) Norges Fjordhestlag, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Kulturavdelinga, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/ Landbruksavdelinga, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Gloppen kommune v/ Teknisk, landbruk- og kulturutvalet, Gloppen kommune v/ Landbrukssjefen, Gunn Aase Moldestad (prosjektleiar Utmarksbasert reiseliv), Sogn og Fjordane bondelag, Sogn og Fjordane bondesmåbrukarlag Arbeidsgruppe / Førebuing ABMprosjektet PG1: Arbeidsgruppe / Fjordhest & næring PG2: Nordfjord folkemuseum, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Firda vidaregåande skule og Fylkesarkivet, Gloppen folkebibliotek Anne-Karin Løken (red. av medlemsbladet Fjordhesten), Gunnar Hole (styreleiar Norsk Fjordhestgard, Breim), Kristin Otterstad (Norsk Fjordhestsenter, Eid), Jens Chr. Skrede (Reisemål Stryn & Nordfjord), Berit Irene Bergset (Maramelk), Kjartan Aa Berge Side 6 of 14

Mål for hovudprosjektet Fjordhesten skal verte synleg som ein kulturskatt av nasjonal og internasjonal verdi Folk i Sogn og Fjordane, og Nordfjordingane spesielt, skal verte medvetne om sin kulturelle arv ABM-sektoren skal kunne møte etterspurnaden etter fjordhesten sine kulturuttrykk på Internett i langt større grad enn før Foto: Willy Haraldsen Delmål 1: Innsamling, registrering, dokumentasjon Materielle ytringar som dokumenterer fjordhesten skal samlast inn og registrerast. I tillegg skal det samlast inn ein del dokumentasjon frå levande kjelder. Det skal utarbeidast populærvitskaplege artiklar om fjordhesten si historie. Delmål 2: Formidling Fjordhestressursane skal verte lett å finne fram til på nettet, via ein eigen dokumentasjonsportal for fjordhest. Ressursane skal også vere tilgjengelege via engelsk- og tyskspråklege menyar. Fjordhesten som kulturberar skal formidlast til elevar i grunnskulane i Nordfjord via Den Kulturelle Skulesekken (DKS) ved Nordfjord folkemuseum. Ein vil arbeide for at dette også vert formidla via fylkestilbodet til DKS. I tillegg vil Firda vidaregåande skule formidle fjordhesten til sine elevar. Delmål 3: Samsøk i ABM-ressursar Fjordhestressursane skal registrerast ved konsekvent å halde seg til åpne, vedtekne standardar, og med identisk emneordstruktur. Ressursane skal gjerast tilgjengelege både ved søk i enkeltbasar og ved samsøk i fleire ulike ABM-databasar. Delmål 4: ABM-samarbeid Prosjektet vil vise ein konkret samarbeidsmodell, som kan inspirere andre ABM-institusjonar til å finne sine lokale ressursar å samarbeide om. Prosjektet vil synleggjere ABM-sektoren sine ressursar, og ABM som aktiv samfunnsaktør. Problemstilling Vestlandet, og Nordfjord spesielt, er fjordhest-sentrum i verda. Denne kulturarven er ikkje teken vare på i tilstrekkeleg grad. Vi meiner at vestlendingar flest har for lite medvet om denne verdensarven. Den siste gjenlevande generasjonen som har brukt fjordhesten i kvardag og fest - og i nær sagt alle livsfaser - er snart borte. Difor hastar det å skape levande kjelder, å intervjue desse eldre personane om livet med fjordhesten. Fjordhesten er ein sentral kulturberar i vår region, og er i tillegg eit nasjonalt symbol. Dette kjem til uttrykk på mange måtar - frå barnebok til film, foto og gjenstandar. Å finne fram til desse kulturuttrykka i dag er ikkje lett for sluttbrukaren. Vår utfordring er å gjere det lett å finne dokumentasjon og kulturuttrykk relatert til fjordhesten. Det er mange fjordhest-interesserte i inn- og utland som ynskjer tilgang til slike ressursar. I tillegg må denne kulturarven formidlast til den oppveksande slekt i regionen. Vi vil altså ta fatt i eit relativt udokumentert fagområde som ligg sentralt i høve til vår kulturarv. Vi vil samle inn, registrere, dokumentere, gjere tilgjengeleg og aktivt formidle resultatet. Side 7 of 14

Metode Fjordhesten Karisma Foto henta frå Norges Fjordhestlag på internett Prosjektet har fokus på gjennomføring - med kvalitet i alle ledd. Vi vil skape tenester med innhald. Vi er nøkterne i planleggingsfasen, og ynskjer å vere det same i den utførande fasen av prosjektet. Vi vil mobilisere lag og organisasjonar i innsamlingsarbeidet, og samarbeide tett med Norges Fjordhestlag (NFL). Prosjektet vil nytte eksisterande og komande teknisk infrastruktur i arkiv, bibliotek og museum. Dette for å sikre dei innsamla ressursane i eit stabilt driftsmiljø, med kontinuerleg vedlikehald og utvikling. Vi vil utarbeide felles emneordsliste (tesaurus / ontologi) for fjordhest, og bruke denne i all registrering av innsamla materiale. I dette arbeidet vil vi støtte oss på fagkompetanse hos samarbeidspartane Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og NFL. Prosjektet vil ha hovudtyngde på eitt fagområde pr prosjektår, i denne rekkefølgja: Bibliotek, Arkiv, Museum. Rekkefølgja er ikkje tilfeldig valt. Vi treng tesaurus tidleg i arbeidet - difor Bibliotek først, som har høgast kompetanse på dette feltet. Museet er midt inne i ei omlegging til nytt datasystem (PRIMUS). For ikkje å kome i konflikt med dette omfattande arbeidet, kjem Museet til sist. Prosjektet vil nytte Sogn og Fjordane fylkesbibliotek sin database Fjognedok til registrering av trykte kjelder. Fjognedok er reint teknisk ein Bibliofil-base. Den inneheld referansar til lokalhistoriske artiklar, som resultat av eit eige prosjekt 1999-2004 (delprosjekt i Biblioteknett Sogn og Fjordane). Før vi går i gang med arbeidet med å intervjue folk om fjordhesten, vil vi avgrense tilfanget ved å bestemme oss for kva for typer historier vi vil formidle etterpå, i samråd med NFL. Fotoavdelinga ved Fylkesarkivet og Nordfjord folkemuseum har allereie mange postar i sine databasar som omhandlar fjordhesten på ein eller annan måte. Eit viktig arbeid vert å finne fram til desse, og registrere emneord på nytt utifrå emneordslista. Til dømes er alle foto av fjordhesten til no registrerte med emneord hest. Presise emneord vil gjere søketilgangen til materialet betre. Vi vil konsekvent bruke åpne, kjende standardar i arbeidet, td. standard for emnekart. Ved å fokusere på straumlinjeforming (inkl. felles bruk av emneord), ligg ressursane godt til rette for samsøk i ulike ABM-basar. Firda vidaregåande skule vil tilby elevar å vere med i innsamlingsarbeidet for Fjordhestprosjektet og få det godskrive som valfag. Det kan dreie seg om fjordhest og film, fjordhest og musikk, fjordhest og litteratur etc. Deltaking i prosjektet blir på denne måten ein del av det vanlege læringsarbeidet. I neste omgang, når ein har fått samla inn alt materialet, sett saman bitane og gjort dei tilgjengelege ser skulen for seg at dei vil tilby "Fjordhest" som valfag (til og med skuleåret 2008/2009). Nordfjord folkemuseum vil innarbeide fjordhesten som tema i sitt formidlingsprogram for grunnskulane i Nordfjord-regionen, via Den Kulturelle Skulesekken (DKS). Prosjektet vil arbeide for at dette også vert ein del av fylkestilbodet til DKS. Vi har kontakta Margrethe Henden Aaraas som er ansvarleg for dette tilbodet i fylket. Ho uttaler at DKS ser positivt på prosjektet, og er interessert i å diskutere korleis ein kan bruke fjordhestressursane i turnèsamanheng og formidling på nettet. ABM-prosjektet ynskjer å støtte opp om fjordhestrelatert næringsutvikling i regionen. I løpet av forprosjektet har ein knytta kontaktar og etablert ein dialog med fjordhestmiljøa. Etter avviklinga av fagdagen for fjordhestrelatert næringsutvikling på nyåret, vil ein ha etablert endå fleire viktige kontakter med relevant del av næringslivet i regionen. Dette er eit godt utgangspunkt for vidare samarbeid. Side 8 of 14

Samanheng med ABM-prosjektet Prøvefylke for nettbasert kulturformidling Sogn og Fjordane er utpeika som prøvefylke, og skal arbeide med nettbasert kulturformidling. Innanfor dette prosjektet vil det etterkvart verte utvikla løysingar og tenester som og fjordhestprosjektet kan dra nytte av, på fylgjande måte: - infrastruktur - portal for fjordhestdokumentasjon - samsøk i ABM-basar - populærvitskapelege artiklar om fjordhesthistorie - fjordhestprosjektet kan dra nytte av arbeidspakkar, sjå nedanfor Detaljar vert avklara seinare. Fjordhestbasen.no - portal for fjordhestdokumentasjon Denne portalen vil så langt råd er byggja på Fylkesarkivet sine tekniske løysingar. Aktuelle arbeidspakkar Ref. Fylkesarkivet sin rapport (søknaden til ABM-utvikling, 2004): 6. Kunnskapsbase for Sogn & Fjordane: Kan høve under tema Musikk, Kunst og Alle kunstarlege uttrykk utandørs, Litteratur, Leksikalsk informasjon i kunnskapsbasen, Utvikla vidare samarbeidet med reiselivet. 8. Multimediaarkiv for kultursektoren Det er aktuelt å digitalisere mange av dei innsamla fjordhest-ressursane 9. Samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane Her kan fleire ulike delprosjekt vere aktuelle, til dømes levande kjelder, foto, musikk 10. Samarbeid med skuleverket i Sogn og Fjordane Aktuelle samarbeidspartar vedr. - innsamling og registrering: Firda vidaregåande skule, evt. Fjordane folkehøgskule (har eiga line for hest), andre vidaregåande skular i indre Nordfjord, ungdomsskular i indre Nordfjord - formidling: valfag på Firda vidaregåande skule, evt. Den Kulturelle Skulesekken, andre 11. Samarbeid med næringslivet 13. Samsøk i ABM-ressursar Fjordhestprosjektet vil vere ein av fleire leverandørar av lokalt forankra innhald til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt treårige prosjekt Prøvefylke for nettbasert kulturformidling. Innanfor dette prosjektet vil det etterkvart verte utvikla løysingar og tenester som og fjordhestprosjektet kan dra nytte av. Gyngehest på Maihaugen Foto: Ola Matti Mathisen, Gudbrandsdalen Dagningen Side 9 of 14

Samarbeidsmodell - prosjektorganisering Vedlegg til søknad Vi ser for oss at prosjektet vert organisert i hovudsak etter PLP-modellen (ProsjektLederProsessen, sjå Innovasjon Norge http://www.invanor.no/). Oppdragsgjevar i hovudprosjektet vil vere dei tre ABMinstitusjonane samt Firda vidaregåande skule. Desse vil utnemne ein prosjektansvarleg PA (5% stilling gjennom heile prosjektperioden). PA har det totale prosjektansvaret, og vil vere leiar av styringsgruppa (sjå under). PA er den som initierer, endrar retning på, eller avbryt prosjektet dersom måla ikkje kan nåast, eller forutsetningane vert endra. PA utnemner ein prosjektleiar PL (15% stilling gjennom heile prosjektperioden). PL vil ha det operative ansvaret for prosjektet og realisering av beslutningar tekne av styringsgruppa. ABM-prosjektet vil ha ei styringsgruppe SG, der styremedlemmane vil vere representantar for deltakarinstitusjonane (A,B,M,VGS), og eventuelt Norges Fjordhestlag (NFL). SG er PA sin støttespelar og rådgjevar. ABM-institusjonane har fagleg ansvar for sine respektive fagområde. Gloppen kommune har arbeidsgjevaransvar for tilsette i prosjektet, og er formell søkjar av prosjektmidlar i heile prosjektperioden. Tiltak 1 Innsamling & registrering 1.1. Innsamling 1.1.1. Norskspråklege trykte kjelder, der fjordhesten er tema eller del av miljø. Omfang: Barnelitteratur (bildebøker, barnebøker, høgtlesningsbøker, fagbøker), fagbøker, stambøker, romanar for ungdom og vaksne, drama, lyrikk, artiklar (t.d. i medlemsblad), internett. Avgrensing: Ikkje avisartiklar 1.1.2. Film med fjordhest som tema eller motiv (spelefilm for barn eller voksne, dokumentarfilm, novellefilmar, kortfilm) 1.1.3. Musikk relatert til fjordhesten 1.1.4. Foto (frå eldre foto til heilt nye) med fjordhesten som motiv eller del av motiv 1.1.5. Plakatar, brosjyrer, kalendarar og prospektkort med fjordhesten som motiv 1.1.6. Levande kjelder: Intervjue eldre personar om livet med fjordhesten. Avgrensing: Bestemme kva for typar historier vi vil formidle (i samråd med NFL), før vi tek fatt på intervjuarbeidet 1.1.7. Kunstverk (foto av bildande kunst, skulptur) med fjordhesten som tema eller motiv 1.1.8. Gjenstander relatert til bruk av fjordhest 1.1.9. Handverksprodukt laga av fjordhesten (t.d. hestehår), eller med fjordhest som motiv 1.1.10. Oppskrifter og framgangsmåter relatert til fjordhesten 1.1.11. Produksjon av populærvitenskaplege artiklar om fjordhesten si historie 1.2. Registrering 1.2.1. Trykte kjelder katalogiserast i Fjognedok (og eventuelt i Gloppen folkebibliotek sin database) 1.2.2. Digitaliserte foto registrerast i Fylkesarkivet sitt fotoarkiv (privatfoto, plakatar, prospektkort, foto av kunstverk) 1.2.3. Film registrerast i Fylkesarkivet sin base for lyd og levande bilete 1.2.4. Musikk registrerast i Fylkesarkivet sin base for musikk: opptak og lydprøver 1.2.5. Intervju registrerast i Fylkesarkivet sin database for utskrifter frå levande kjelder 1.2.6. Gjenstandar, handverksprodukt og oppskrifter/framgangsmåtar registrerast i PRIMUS 1.3. Omregistrering påføre meir presise emneord henta frå fjordhest-tesaurusen 1.3.1. Allereie registrerte fjordhestrelaterte foto 1.3.2. Allereie registrerte fjordhestrelaterte gjenstandar 2. Formidling 2.1. Portal for fjordhestdokumentasjon, trespråkleg (norsk, engelsk, tysk) 2.2. Lokale utstillingar med ulike medier 2.3. Formidling til elevar i grunnskulen i Nordfjord 2.4. Formidling til elevar ved Firda vidaregåande skule 2.5. Bidra til formidling til elevar i grunnskulen i heile fylket vha Den Kulturelle Skulesekken 3. Tilrettelegge for tekniske fellesløysingar 3.1. Utarbeide felles tesaurus (ontologi) for fjordhest 3.2. Bruke åpne, vedtekne standardar, t.d. standard for emnekart 3.3. Samsøk i ABM-basar (del av portalløysing) 4. ABM-samarbeid 4.1. Formidle erfaring og resultat til ABM forøvrig Side 10 of 14

Framdriftsplan 3-årig utviklingsprosjekt Tiltak 2006/ 2007 2007/ 2008 2008/ 2009 1 Innsamling & registrering 1.1 Innsamling 1.1.1 Norskspråklege trykte kjelder B 1.1.2 Film VGS 1.1.3 Musikk VGS 1.1.4 Foto A 1.1.5 Plakatar og prospektkort A 1.1.6 Levande kjelder A 1.1.7 Kunstverk M 1.1.8 Gjenstander M 1.1.9 Handverksprodukt M 1.1.10 Oppskrifter / framgangsmåtar M 1.1.11 Populærvitskaplege artiklar A A 1.2 Registrering 1.2.1 Trykte kjelder, film og musikk B 1.2.2 Digitaliserte foto (inkl. foto av kunstverk) A (A) 1.2.3 Intervju A 1.2.4 Gjenstandar, handverksprodukt, oppskrifter M 1.3 Omregistrering 1.3.1 Allereie registrerte foto A 1.3.2 Allereie registrerte gjenstandar M 2 Formidling 2.1 Portal for fjordhestdokumentasjon Abm Abm Abm 2.2 Lokale utstillingar med ulike medier B,vgs AB,vgs ABM,vgs 2.3 Formidling til elevar i grunnskulen i Nordfjord M M M 2.4 Formidling til elevar ved Firda vgs, valfag VGS VGS 2.5 Bidra til formidling vha Den Kulturelle Skulesekken B AB ABM 3 Tilrettelegge for tekniske fellesløysingar 3.1 Utarbeide felles tesaurus (ontologi) B,fyb Ba Bm 3.2 Bruke åpne, vedtekne standardar B A M 3.3 Samsøk i ABM-basar (del av portalløysing) a A A 4 ABM-samarbeid 4.1 Formidle erfaring og resultat til ABM forøvrig B AB ABM A = Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane B = Gloppen folkebibliotek M = Nordfjord folkemuseum VGS = Firda vidaregåande skule FYB = Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane Stor bokstav = Utførande, fagleg ansvarleg Liten bokstav = Utførande Side 11 of 14

Budsjett 3-årig utviklingsprosjekt Periode Kostnader Fordeling Eit årsverk 400.000 ABMu 396.000 - prosjektansvarleg PA 5% 2006/2007 - prosjektleiar PL 15% Eigenfinans. - prosjektmedarbeider PM bibl. 70% 50% 396.000 - prosjektnedarbeider web 10% Driftsutgifter i stillinga 8.000 x 12 mnd 96.000 B Husleige kontor 4.000 x 12 mnd 48.000 Oppbygging av samling 200.000 Adminstrasjonsutg. / uforutsette utgifter 4.000 x 12 mnd TOTALT 48.000 792.000 2007/2008 A 2008/2009 M Eit årsverk - prosjektansvarleg PA 5% - prosjektleiar PL 15% - prosjektmedarbeider PM arkiv 80% Driftsutgifter i stillinga 8.000 x 12 mnd Husleige kontor 4.000 x 12 mnd Oppbygging av samling / leige av utstyr Adminstrasjonsutg. / uforutsette utgifter 4.000 x 12 mnd TOTALT Eit årsverk - prosjektansvarleg PA 5% - prosjektleiar PL 15% - prosjektmedarb. PM museum 80% Driftsutgifter i stillinga 8.000 x 12 mnd Husleige kontor 4.000 x 12 mnd Oppbygging av samling / leige av utstyr Adminstrasjonsutg. / uforutsette utgifter 4.000 x 12 mnd TOTALT 400.000 96.000 48.000 200.000 48.000 792.000 400.000 96.000 48.000 200.000 48.000 792.000 ABMu Eigenfinans. 50% ABMu Eigenfinans. 50% 396.000 396.000 396.000 396.000 2006-2008 ABM Samla søknadssum ABMutvikling TOTAL KOSTNAD 3-årig prosjekt 1.188.000 2.376.000 Revidert budsjett for kvar prosjektperiode vert utforma ved prosjektoppstart årleg. Side 12 of 14

Eigenfinansiering 50% Vi har som mål å fullfinansiere prosjektet ved å søkje bidrag frå andre søknadsinstansar. Norsk Kulturråd har tildelt prosjektet kr 50.000 i tre år. Denne tildelinga er knytt til innsamling og registrering. Norsk Kulturråd føreset at restfinansieringa går i orden. ABM-institusjonane sin eigenandel er på ca 246.000 (82.000 på kvar institusjon). Dette dekkjer husleige (totalt plassbehov: mottak, gjenstandsbehandling, lagring, utstilling, rekvisita/kopi, kontor for prosjektleiar PL og prosjektmedarbeider PM ca 4.000 x 12 mnd = 48.000). I tillegg dekkjer eigenandelen leige av utstyr, deler av driftsutgifter og adm.utgifter, arbeidstid faste medarbeidarar (bistand i arbeidet undervegs, styrearbeid, formidling til ABM-sektoren i form av artiklar i fagtidsskrift, foredag). Foreløpig liste over andre søknadsinstansar: Norsk Kulturråd (50.000 x 3 år) Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturutviklingsmidlar Stiftinga UNI Lokal sparebank TINE meierier, Gloppen m.fl. Samla tilskot frå andre søknadsinstansar (314.000 x 3 år): 942.000 Inntektsoversikt Tilskot frå ABM-utvikling 396.000 x 3 år 1.188.000 Tilskot frå andre instansar 314.000 x 3 år 942.000 Eigenandel frå dei tre ABM-institusjonane 82.000 x 3 år 246.000 Sum 3-årig hovudprosjekt 2.376.000 Prosjektet vil elles vurdere å søkje fjordhesten inn på UNESCO si liste over verdensarv. Gamal gyngehest frå Nordfjord. Foto: Aud Bergheim Side 13 of 14

Vedlegg: Norges Fjordhestlag (NFL) er ein svært viktig samarbeidspart. NFL uttaler dette om prosjektet: Side 14 of 14