vatn frå fjell til fjord Inngrep i vatn og vassdrag ei rettleiing



Like dokumenter
Behandling av tiltak i jordbruket som berører flom, erosjonssikring etc Hvem har myndighet, og til hva?

NVE sin rolle som vassdragsmyndighet

Landbrukstiltak langs vassdrag. Regelverk, frivillige tiltak og RMP elvemusling Øyvind Vatshelle, fylkesagronom jord- og plantekultur

Norges vassdrags- og energidirektorat

"Rammer og premisser "

TILTAK I LANDBRUKET. Hvordan ivareta sikkerhet og vassdragsmiljø. Kjell Carm Senioringeniør NVE Region Sør

Vassdragsinngrep - kantvegetasjon

MILJØBYRÅKRATEN SINE - KORLEIS TA OMSYN TIL DILEMMA I ENKELTSAKER ELVEMUSLING VED TILTAK? 14. november 2018 Annette Fosså

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Norges vassdragsog energidirektorat

Myndigheter og lovverk hvordan bør kommunene forholde seg til de ulike myndighetene? Anders Skalleberg Skred- og vassdragsavdelingen NVE Region Sør

RAMMER FOR TILTAK I VASSDRAG. Hvilke regelverk gjelder

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

Landbrukskontoret i Lillehammer-regionen. Velkomen. Fagkveld om miljøspørsmål i jordbruket. 8. November 2016

Denne presentasjonen fokuserer på aktuelle tema og problemstillinger for kommunale planleggere og byggesaksbehandlere.

Hensyn til vannmiljø i arealplan

Tillatelse til habitattiltak i sjøaurebekker. Ja dere må søke!

Gjenåpning av lukkede bekker i landbruket

Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s Vurdert område s 46

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

Velkommen til Rogaland

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Hva er en nødvendig for å opprettholde økologisk funksjonsområde i kantsonen i jordbruksområder? Tilpasning og avveining av ulike hensyn.

NYDYRKING OG ANDRE TILTAK KNYTTET TIL LANDBRUK

NYDYRKING OG ANDRE TILTAK KNYTTET TIL LANDBRUK

VASSDRAGSINNGREP OG VANNRESSURSLOVEN. Kjell Carm Senioringeniør NVE Region Sør (Tønsberg)

R A P P O R Vassdekt areal og vassføring i Jølstra Grunnlag for konsekvensutgreiingane

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

Fiske- og vassdragsforvaltning i Rogaland

Vannressursloven Forskrift om hvem som skal være vassdragsmyndighet

Produksjonstilskot og vassdrag

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

SULDAL KOMMUNE. Reguleringsplan for Helganes rasteplass Rv 13 Kolbeinstveit Helganesbrua jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12-7.

Vassdragsinngrep - nydyrking. Anders Skalleberg Skred- og vassdragsavdelingen NVE Region Sør

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

NGI Alvalia.pdf. Vedlagt føler en sjekkliste med informasjon om forhold som alltid skal vurderes i reguleringsplanarbeid:

VASSDRAG I PLAN. Forholdet mellom plan- og bygningsloven og vannregelverket Arealplanlegging langs vassdrag

Vår ref. 2013/ Særutskrift - Bakkeplanering - 128/7 - Heio - Uskedalen - Trond Lekva Myklebust

FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET.

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

UTFORDRINGAR I BRATT TERRENG

Norges vassdrags- og energidirektorat. Økosystemtjenester-på lag med naturen Gunnar Kristiansen NVE Region Nord

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Sunnhordland. Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Fagdag om nydyrking Eksempel frå kommunane. 14. September 2017 Monica Dahlmo og Erik Steen Larsen

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

ETNE KOMMUNE FØRESEGNER E 134 STORDALEN, LAUAREID-HÅLAND-BAKKA PLANENDRING Utskrift

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet Arkiv: K1-033, K2 - K54

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

TILTAK I LANDBRUKET. Hvordan ivareta sikkerhet og vassdragsverdier. Harald Sakshaug gammel ingeniør - NVE Region Sør

Aurland kommune Teknisk

Bruk av naturmangfoldloven i plansaker i Ski kommune

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Vass- og avløpsavgifter

Saksnr. Utval Møtedato 053/15 Plan og utvikling Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/875-15/8385 GBNR - 36/94,2, K2 - L12, K3 - &21

Vassressurslova i plan- og byggesakshandsaming

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Norges vassdragsog energidirektorat

Vassforskrifta flaum og overvatn. Kjersti Finholt Prosjektleiar Søre og Nordre Sunnmøre vassområde

Masseuttak i vassdrag

Utvalg Utvalgssak Møtedato Overhalla formannskap 103/

VEGETASJONSPLEIE. av kantsoner langs vassdrag i jordbruksområder

REGULERINGSPLAN FOR LUTELANDET ENERGIPARK

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

BLÅGRØNNE STRUKTURER. Tone Hammer,

Kulturlandskapsarbeidet i Vesterålen landbrukstjenester

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Kraftverk i Valldalen

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Statnett SF Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet, Suldal kommune Utlegging til offentleg ettersyn

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

Nynorsk. Innhaldsforteikning

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) og Konsekvensutgreiing av

Kantsoner i 100-metersbeltet langs vassdrag

Kantsoner langs vassdrag. - hvilke problemstillinger møter kommunen? Ida Marie Frantzen Gjersem,

Søknad om tillatelse til fysiske tiltak i vassdrag

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

RK. HVEM HAR ANSVAR FOR HVA? VANNRESSURSLOVEN OG ANDRE LOVVERK. Inger Staubo Seminar om forvaltning av urbane vassdrag,

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

Stryn kommune Servicekontoret

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Fråsegn til oppstart av reguleringsplan for avfallsmottak Bjørkemoen - Voss kommune

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

SAKNR STYRE/RÅD/UTVALG: MØTEDATO: 67/09 Formannskapet /09 Kommunestyret

Strategiplan for bruk av nærings- og miljømidler i Halsa kommune for perioden

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland.

Folkemøte 6 mai Kommunedelplan Øyane krins Interkommunal strandsoneplan

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra

Transkript:

vatn frå fjell til fjord Inngrep i vatn og vassdrag ei rettleiing

Forsidebilde: Lonavatnet i Figgjoelvva. Frøylandsvatnet i bakgrunnen. Foto: Roy Mangersnes. Baksidebilde: Forsandåna. Foto: Per Terje Haaland Layout/kart/illustrasjon: Ellen Jepson Trykk: Kai Hansen Opplag: 1000, mars 2010.

Inngrep i vassdrag har komplekse verknader Sjølv små inngrep i vassdrag kan føre til store skader både lokalt og nedstrøms tiltaket. Samstundes kan slike tiltak ha negativ effekt på flora og fauna i og langs vassdraget når elvebotn eller kantvegetasjon vert endra. Mange småinngrep ser uskuldige ut kvar for seg, men kan verke saman og føre til stor skade på både miljø og materielle verdiar. Det er derfor eit omfattende regelverk som regulerer inngrep i og langs vassdrag. Det samla omfanget av inngrep som kanalisering, forbygging, erosjonssikring, senking, utfylling, masseuttak, vassuttak, grøfting, nydyrking og fjerning av kantvegetasjon langs vassdrag medfører eit like stort produksjonstap av vill laksesmolt som bruttotapet frå all vasskraftregulering i Norge, dvs. rundt ein million smolt i året. (Kjelde: St. prp. 32, 2006-2007). 1

Treng du denne brosjyren? Tiltak i vassdrag bli styrt av mange ulike lovverk, og myndigheit er delegert til fleire forvaltningsnivå (NVE, Fylkesmann, fylkeskommune, kommune). Dette er ei rettleiing til deg som sit i kommunen og får melding om slike planar, eller oppdagar tiltak som ikkje er omsøkte. Ofte vil det vere vanskeleg å vurdere terskelen for kva tiltak som er meldepliktige eller søknadspliktige, og ikkje minst kven det skal søkast til. Sidan dei fleste tvilstilfella oppstår i LNF-område, rettar brosjyren seg særleg mot deg som jobbar med lokal landbruksforvaltning. Kva er eit vassdrag? I lovsamanheng reknar vi eit vassdrag som ein vasstreng med årssikker vassføring. Det vil seie ei elv, ein bekk eller kanal som ikkje årvisst tørkar inn. Inn under begrepet vassdrag kjem også innsjøar. I vassdraget inngår areal opp til høgaste flaumvasstand dette betyr at areal nær vassdraget som til vanleg ikkje er dekka av vatn også er med i vassdragsomgrepet. Vassdrag utan årssikker vassføring kjem og innunder lova dersom dei skil seg tydeleg frå omgivnadene. Meir detaljert informasjon finn du i vannressurslova 2. Kven er vassdragsmyndigheit? Vannressurslova (vrl) er den mest sentrale lova som regulerer inngrep i vassdrag. NVE er myndigheit etter dei fleste av vannressurslova sine paragrafar, og er den myndigheita tiltakshavar må ta kontakt med for å få ei vurdering av om eit tiltak treng løyve etter lova. Mindre tiltak som ikkje krev konsesjon etter vannressurslova, kan likevel trenge løyve etter laks- og innlandsfiskelova si forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Frå 2010 er myndigheita etter forskrifta delt mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesmannen har ansvar for tiltak på elvestrekk med laks eller sjøaure (anadrom strekning). Resten av elvane har fylkeskommunen ansvar for.. Det er tilgjengeleg ei oversikt over lakseførande strekningar og vandringsstopp på www.temakart-rogaland.no 2

Årsyngel av aure, om lag 5 cm lange. Ved alle inngrep i vassdrag må ein unngå tiltak som øydelegg levestader for fisk og andre vasslevande organismar. Foto: Øystein Søbye/Samfoto. I mange tilfelle krev det skjønn å vurdere kva som er vandringsstopp i eit vassdrag. Du kan henvende deg til fiskeforvaltar hos Fylkesmannen for å få meir detaljert informasjon. Det er ikkje høve til å fjerne kantvegetasjonen langs vassdrag jfr vrl 11. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå denne paragrafen. Kommunen er myndigheit etter vrl. 11 andre ledd. Det vil seia at grunneigar eller andre kan krevje at kommunen bestemmer kor breitt beltet med kantvegetasjon skal vere. Beltet må være breitt nok til å hindre avrenning og danne levestad for dyr og planter. Vassdrag med særleg vern Vannressurslova skal sikre forsvarleg bruk og forvaltning av alle vatn og vassdrag. I forvaltninga står dei verna vassdraga i ei særstilling fordi dei har særlege natur- og kulturkvalitetar. Vassdraga er verna mot kraftutbygging, og det er eigne retningslinjer for arealbruk i 100 metersbeltet. Dei viktigaste lakseførande vassdraga i Rogaland er utpeika som nasjonale laksevassdrag. I desse vassdraga er det ikkje høve til å gjere inngrep som kan skade laksestamma og vassmiljøet, sjå kart side 4. 3

Vaula m/langfossen Åbøvassdraget Verna vassdrag og Etnevassdraget Sauda nasjonale laksevassdrag i Rogaland Hustveitelva Hamrabøåna Vikedalselva Haugesund Suldalslågen Vormo Verna vassdrag Årdal Vassdrag inkl. nedbørsfelt Tau Jørpeland Stavanger Espedalselva Sandnes Frafjordelva Imselva Figgjo Figgjo Orreelva Bjerkreimsvassdraget Håelva Håelva Bjerkreimselva Fuglestadåna Suldalslågen Figgjo Håelva Ogna Bjerkreimselva 4 Ogna Egersund K A R T : Hjelmeland E L L E N Hålandselva Norddalsåna Haugevassdraget Nasjonale ag laksevassdrag J E P S O N Suldal Sand Åbødalsvassdraget Hamrabøåna Vikedalselva Hustveitelva Haugevassdraget Hålandselva Norddalsåna Vormo Espedalselva Frafjordelva Imselva Figgjo Orreelva Håelva Fuglestadåna Bjerkreimsvassdraget Deler av nedbørsfelta til Opo, Vaula og Etnevassdraget

Vanlege tiltak i vassdrag - kva er søknadspliktig? Fjerning av kantsone Vannressurslova krev at det skal takast vare på ei vegetasjonssone langs vassdraget. Sona har fleire funksjonar: Røter av buskar og tre bind elvekanten og hindrar utrasing og erosjon. Vegetasjonen fangar opp næringsavrenning og finstoff som ellers renn rett ut i elva. Kantsona langs vassdrag er også ein viktig levestad for dyr og planter. Frå buskar og tre fell det ned insekt som blir mat for fisken i vassdraget. Vegetasjonen gir skugge og dempar solinnstrålinga til vassdraget i sommarhalvåret. Dette er gunstig for både fisk, elvemusling og mange andre vasslevande smådyr. Direkte solinnstråling kan i sommarhalvåret stimulere algevekst og groe i vassdrag som har høgt næringsinnhald i vatnet. Kantvegetasjon er heilt avgjerande for å unngå erosjon langs elvebredden. Insekt og andre smådyr som fell ned frå tre og buskar er og viktig fiskemat. Foto: Tor Kviljo. 5

Bestandane av elvemusling (Margaritifera margaritifera) i Rogaland er sterkt reduserte dei siste 50 åra. Dette skuldast mellom anna graving og utfylling, tilslamming og forureining frå landbruk, forsuring, avløp og industri. Bilete er frå Figgjoelva ved Foss-Eikeland. Foto: Dag Mejdell-Larsen, NINA. Kor brei må vegetasjonssona vere? Lovverket på dette punktet ikkje harmonisert. Forskrift om produksjonstilskot seier 2 meter, nydyrkingsforskrifta seier minst 6 meter ved årssikker vassføring og 2 meter elles. Undersøkingar tyder på at ei 10 meter brei sone mot dyrka mark er nødvendig for effektivt å motverke næringsavrenning og danne levestad for dyr og planter slik vannressurslova krev. Etter vrl 11 kan kommunen fastsette breidda på kantsona gjennom eiga forskrift eller arealplan. KKommunen må bruke skjønn og mellom anna tek omsyn til kor brei elva er, jordsmonn og korleis elvekanten er utforma. Ei kantsone på 10 m vil som regel oppfylle kravet i vrl. Levende skog-standarden og brosjyren Skogbruk og vann gir meir informasjon om breidde og vegetasjonstype mellom hogstfelt og vassdrag. 6

Eksempel på erosjon og utrasing/undergraving langs elvebredd. Her finst ikkje nok røter som bind jordsmonnet. Erosjons/utrasing - skjematisk framstilling i typisk jærelv Meir vatn flaum 3 Graving dersom ikkje vegetasjon eller steinsetting 2 Kantvegetasjon m/ røter bind jordsmonnet og hindrer graving 4 1 Sand/grus legg seg opp i bakevjer 5 Fjerning av opplagt grus/ sand kan vere aktuelt Straumretning Illustrasjon: Ellen Jepson 7

Lukking av bekker endrar leveområda for både plantar og dyr fullstendig. Foto: Fylkesmannen i Rogaland. Bekkelukking Lukka vassvegar har ingen sjølvrensande effekt og aukar faren for flaum og vasskader nedstrøms lukkinga. Dyr og planter kan ikkje leve i lukka vassvegar. Lukking av bekker er såleis ikkje tilrådeleg av miljøomsyn og er som hovedregel konsesjonspliktig (jf. NVE veileder 1/2002). Bekkelukking som blir utført utan løyve kan gi reduksjon i produksjonstilskotet. Det kan bli ytt tilskot for opning av bekker som tidligare har vore lukka. Kontakt Fylkesmannen for informasjon. 8

Naudsynt forbygning og sikring av bekke- og elveløp må gjerast på ei fagleg forsvarleg måte for å unngå skadelege bieffektar. Utretting løp fører ofte til at vatnet får stor fart og kan bety graving lenger nede i vassdraget. Dyrking heilt inntil bekkeløp er ulovleg. Bilete syner korleis slike tiltak ikkje skal gjerast. Foto: Trond Erik Børresen. Forbygging/plastring og flaumvollar Ofte oppstår erosjonsproblem fordi kantvegetasjonen har blitt fjerna, og/eller at vassdraget har blitt kanalisert/forbygd lengre oppe. Forbygging og plastring av elveløpet kan bremse erosjonen lokalt, men endrar straumforholda slik at elvestrekningen blir mindre eigna som levestad for fiskeyngel og botndyr. Tiltaket vil som regel også føre til auka erosjon i kantane nedstrøms det forbygde området og kan såleis føre til at problemet blir overført til eigedommar lenger nede. Plastring av elvekantane kan også medføre auka erosjon i botn av elva. NVE kan gi faglege råd om slike tiltak. Forbygging/plastring av lengre strekningar er konsesjonspliktig. 9

Flaumvollar Flaumvollar langs vassdrag må avklarast med kommunen og/eller NVE. I verna vassdrag må tiltak innanfor 100 metersona vurderast særleg nøye, medan vollar langs andre vassdrag vil vere meldepliktige etter plan- og bygningslova. NVE kan gi råd om teknisk gjennomføring. Vollen må leggast i god avstand frå vassdraget slik at kantsona blir bevart. Kantsona mellom elva og vollen vil verke flaumdempande og dermed gi vollen lengre levetid. Sona sikrar plass til elva/bekken sine naturlege prosessar og gir tiltaket betre landskapstilpassing. Fleire og større flaumtoppar aukar behovet for flaumvollar. Bygging av flaumvollar krev vassfagleg innsikt og er meldepliktig etter plan- og bygningslova. I dette tilfellet er flaumvollen plassert alfor nær elvestrengen. Foto: Tor Kviljo. 10

Kanalisering og utretting/utdjuping av vassig krev som regel løyve etter vannressurslova. Slike tiltak gjer store endringar i leveområda for planter og botndyr. Foto: Svein Dam Elnan. Kanalisering (utretting av løpet) og senking av løpet Kanalisering og senking av løpet endrar straumforholda og reduserer vassdraget sin verdi som leveområde for fisk og botndyr. Auka fart på vatnet gir også auka flaum- og erosjonsfare nedstrøms kanaliseringa. Meld frå til NVE for fagleg vurdering. Kanalisering/ senking er lite ønskeleg og er normalt konsesjonspliktig. Opprensking og/eller reparasjon av elveløpet etter flaum Dette kan ein gjere utan særskilt løyve innan tre år etter at løpet vart endra. Arbeidet må gjerast uten at det oppstår skade eller ulempe for naboar eller naturverdiar. Dersom det er tvil om det kan oppstå skade eller ulempe, skal tiltakshavarkontakte kommunen for nærare avklaring.i verna vassdrag må opprensking/reparasjon alltid avklarast med kommune og NVE. 11

Opprensking av grøfter/kanalar i landbruket Dette er ikkje meldepliktig utanom i verna vassdrag. Uttak av grus/masse Større uttak krev løyve etter vannresursslova. All fjerning av grus eller masse må og vurderast etter laks- og innlandsfiskelova. Masseuttak kan gjere stor skade på elvemusling, gyteplassar for laks og sjøaure og anna liv i elva. Uttak av elvegrus er lite ønskeleg. Kontakt kommunen, Fylkesmannen, eventuelt NVE, for vurdering. Utfylling i eller nær vassdrag Utfylling i vatn og vassdrag vil i dei fleste tilfella trenge løyve etter vannressurslova. NVE kan avgjere at konsesjon kan erstattast av reguleringsplan. Utfylling kan og trenge løyve etter forureiningslova. Graving og utfylling i elv, bekk eller vatn krev ofte løyve etter vannresursslova. På biletet har grunneigar ulovleg byrja fylla ut i eit naturreservat. Foto: Per Terje Haaland 12

Kryssing av vassdrag (bru, kulvert etc.) Byggeaktivitet ved vassdrag bør skje i samsvar med godkjent reguleringsplan. Det er viktig at inngrepet ikkje blir eit vandringshinder for fisk (sjå t.d. brosjyren Slipp fisken fram!), eller fører til oppstuving av vatn og flaumskader. Ta derfor kontakt med NVE for råd. Landbruksvegar Vegkryssing av bekk eller elv krev bru eller kulvert. Bru er som regel best ut frå miljøomsyn. Ved bruk av kulvert er det viktig at den blir senka så djupt at fisken kan passere også i tørrversperiodar. Slike tiltak må handsamast etter plan- og bygningslova. Foto: Per Ivar Bergan Sjølv om bygging av landbruksvegar er unnateke plan- og bygningslova, gjeld vannressurslova like fullt, inkludert regelen om at kantvegetasjonen langs vassdrag skal bevarast. Dette legg begrensningar på kor nært vassdraget vegen kan leggjast. Kommunen kan sette krav til linjeføring og miljømessig tilpassing av vegen. Vegar i bratt terreng kan endre avrenninga i terrenget og auke skredfaren. Dersom vegbygginga skjer innanfor 100-metersbeltet i verna vassdrag, skal kommunen sende søknaden til Fylkesmannen for uttale. Uttak av vatn Grunneigar sitt uttak av vatn til eige hushald og til drikke for dyr er ikkje konsesjonspliktig og treng ikkje meldast til NVE. Ein kan likevel ikkje ta ut meir vatn enn at alminneleg lågvassføring er tilbake. For berekning av alminneleg lågvassføring, sjå NVE rettleiar 1/2002. Uttak til vatning eller andre aktivitetar er ikkje omfatta av grunneigar sin rett til konsesjonsfritt uttak og skal meldast til NVE. For uttak av grunnvatn finst det eigne rettleiarar frå NVE, sjå for eksempel Faktaark nr 6/2002, Grunnvann i vannressursloven. Forvaltning og konsesjonsplikt. Småkraft For bygging av mikro-/mini- og småkraftverk finst det mange andre rettleiarar, les meir om dette på www.nve.no -> konsesjoner -> vannkraft -> små kraftverk. Fylkesmannen og fylkeskommunen kan og gje rettleiing her. 13

Aktuelt lovverk I tillegg til vannressurslova er det óg andre lover og forskrifter som legg føringar for tiltak i og nær vassdrag. Laks og innlandsfiskelova Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag samt Forskrift om utviding av lakselova sitt saklege verkeområde. Naturmangfaldlova slår fast ei rad prinsipp for berekraftig bruk av naturen. Dette gjeld og større og mindre vassdrag. Lova gjeld på tvers av ulike sektorar. Nytt og sentralt i lova er kravet om kunnskapsbasert forvaltning ( 8) og prinsippet om føre-var ( 9). Plan- og bygningslova Gir føringar for korleis areal i vassdragsbeltet skal forvaltast, mellom anna i 1-8. Sjå også rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag. Vassforskrifta er heimla i forureiningslova, vannressurslova og plan- og bygningslova. Forskrifta er grunnlaget for regionplanar for framtidig vassforvaltning. Desse planane vil leggje føringar for arealbruken langs vassdrag. Forureiningslova Uttak av vatn kan endre resipientkapasiteten i vassdraget og såleis kreve løyve etter forureiningslova. Likeeins kan deponering av masse i eller nær vassdraget føre til tilslamming av botnen og derfor kreve løyve etter same lova. I forureiningsforskrifta finst det eigne bestemmelsar for anlegg, drift og vedlikehald av planeringsfelt. Skogsbrukslova Forskrift om berekraftig skogbruk 5 har retningslinjer for miljøomsyn ved skogbruk, inkludert bevaring av kantsone mot vatn og vassdrag. Jordlova. Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål, sjå krav til søknad 2-1. Forskrift om produksjonstilskot i jordbruket 8, andre ledd Mot vassdrag med årsikker vassføring og mot kanaler skal det settes igjen en kantsone med minst 2 meter, målt horisontalt ved normalvassføring. 14

Sanksjonsmuligheter Retting Dei som har rettsleg klageinteresse kan krevje retting av tiltak som er utført utan naudsynt løyve. Dette kan omfatte både kommune, naboar og organisasjonar som representerer allmenne interesser, som td. Jeger- og fiskeforeninga, Turistforeninga etc. NVE skal gi pålegg om retting dersom ikkje konsesjon til tiltaket vert gitt i etterkant. Ved brot på Naturmangfaldlova kan det fastsetjast miljøerstatning til staten. Krav om miljøerstatning er tvangsgrunnlag for utlegg ( 74 i lova). Ved brot på forskrift om fysiske tiltak i vassdrag kan Fylkesmannen eller fylkeskommunen la naudsynt rettingsarbeid bli utført for den ansvarlege si rekning. Grannelova 10 gir også heimel til å krevje retting. Dette gjeld ikkje for tiltak som har konsesjon etter vannressurslova. Kommunen kan ellers ved ulovleg oppførte bygg, terrenginngrep m.m. gi pålegg om stopp i arbeidet og retting etter Plan- og bygningslova kap. 32. Her er og heimel for å ilegge tvangsmulkt og overtredelsesgebyr. Tvangsmulkt Vassdragsmyndighetene (NVE) kan fastsette tvangsmulkt med heimel i vassressurslova ( 60) for å sikre at krav om retting blir fulgt. Dersom det dreier seg om ulovleg fjerning av kantsone, kan Fylkesmannen kreve retting og sette tvangsmulkt. Tvangsmulkt er ikkje ei straff, men eit verkemiddel for å få gjennomført krav i medhald av lova. Straff Brot på vannressurslova har ei strafferamme på bøter eller fengsel inntil tre månader. Dersom det ulovlege tiltaket kan føre til stor skade på menneske, miljø eller eigedom, kan lovbrotet straffast med inntil to års fengsel. Det same gjeld om lovbrotet har ført til skade på verdiar i eit verna vassdrag. Brot på Naturmangfaldlova kan straffast med bøter eller fengsel i inntil tre år i grove tilfelle ( 75 i lova). Brot på Laks- og innlandsfiskelova si forskrift om fysiske tiltak i vassdrag har strafferamme på bøter og inntil eitt års fengsel (to år ved særleg skjerpande tilhøve). Ved brot på nydyrkingsforskrifta kan kommunen påleggje tiltakshavar å reparere skaden, godkjenning kan trekkjast tilbake, eller den ansvarlege kan ileggast tvangsgebyr, jf. 12 i nydyrkingsforskrifta. Ved brot på regelverket for jordbruksdrift kan kommunen krevje retting. Dersom dette ikkje er mogleg, kan kommunen avkorte produksjonstilskotet, jf. Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket 12 14. Typiske brot er lukking av bekk utan godkjenning, lekkasje frå gjødsellager, oppdyrking og gjødsling innanfor 2-meterssona i vassdrag. 15

Kjelder/litteratur for fordypning Brekken m. fl., 2001. Vannressursloven. Kommentarutgåve NOU 1994:12. Lov om vassdrag og grunnvann Ot.prp. nr. 39 (1998 99). Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven) Rundskriv T-1078. Rikspolitiske retningslinjer for vernede vassdrag DN Håndbok 9 (1994). Inngrep i vassdrag - effekter og tiltak DN Håndbok 13, 2. utg 2006, oppdatert 2007. Kartlegging av naturtyper - verdisetting av biologisk mangfold NVE 1998: Vassdragshåndboka. Håndbok i forbygningsteknikk og vassdragsmiljø (Tapir) Vestfolds lille grønne. www.vlg.no -> vern natur og landskap -> vassdrag Skogbruk og vann Vannområdeutvalget i Morsa. Bearbeida frå Lennart Henriksons Skogbruk vid vatten. Skogstyrelsens förlag, 2000 Levende skog - Standard for eit berekraftig norsk skogbruk Skjema M-0021B. Søknad om bygging av landbruksveg SLF-464. Sjekkliste for miljøomsyn ved jordbruksdrift 2009 2010, pkt 4.2 4.4 Kantvegetasjon langs vassdrag! Viktig natur sterk beskyttelse. Utgitt av Fylkesmannen i Vest-Agder. Vegetasjonsbelter langs vassdrag - Veileder for etablering og skjøtsel. 1994. Fylkesmannen i Østfold, landbruksavdelingen. Bioforsk temaark vol. 2, nr. 22, 2007. Vegetasjonssoner bidrar til renere vann i vassdrag og innsjøer Bioforsk temaark vol. 3, nr. 12, 2008. Vegetasjonssoner - effektive filtre for jord, næringsstoffer og plantevernmidler St. prp. nr. 32 (2006 2007). Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder 16

FYLKESMANNEN I ROGALAND Fylkesmannen i Rogaland Lagårdsveien 78, 4001 Stavanger Telefon: 51 56 87 00 E-post: postmottak@fmro.no www.fylkesmannen.no/rogaland ROGALAND FYLKESKOMMUNE Rogaland fylkeskommune Arkitekt Eckhoffsgt. 1, 4010 Stavanger Telefon: 51 51 66 00 E-post: firmapost@rogfk.no www.rogfk.no NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT Norges vassdrags- og energidirektorat/region Sør Anton Jenssensgt. 7, 3103 Tønsberg Telefon: 33 37 23 00 E-post: :rs@nve.no