Varsel: Kantklipping av kommunale vegar og plassar. Det vil foregå kantklipping frå 4. Juli og utover sommaren. VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET. Me viser til nokre lover i samband med dette arbeidet, og reknar med at alle halde seg innafor dette regelverket. Fri sikt ditt ansvar: Det er viktig at alle viser ansvar for gåande og syklande etter vegar, gangvegar og i boligfelt, det kan gjerast med å halde hekk, busker osv. nede ved inn - og utkjøyringar, det bør helst ikkje væra over ein halv meter høgt, og med fri sikt til begge kantar på 20-40 meter når du står 4 meter inn frå mitt gangfelt. 1
Dette er eigar av buskene sin jobb å beskjæra. 2
3
Vegen sitt eigedomsområde inkluderar også grøfter og eventuelle fyllingar og skjeringar, sjølv om desse ligg på annan manns grunn. Langs bygdevegar legg ein normalt til grunn at vegen sitt eigedomsområde strekk seg minst 2 m utanfor vegskuldera til kvar side. I tettbygd strok legg ein gjerne til grunn ytterside av gjerde eller mur/ husvegg langs veg eller fortau. Under er ei samanstilling av dei lovheimlane ein legg til grunn for pålegg. Ein vil samtidig legge vekt på positivt samarbeid og fornuftig skjøn utan at ein set tryggleiken ti side. Med heimel som vist til nedanfor gjev kommunen med dette varsel om at tre og greiner som veks inn over vegen eller i frisiktsoner for avkjørsler må fjernas tre veker etter motteke brev. Dersom ikkje grunneigar sjølv ser til at arbeide blir utført kan kommunen syte for å få det utført sjølv. Det vert då nytta grovt mekanisk reiskap. Kommunen tek ikkje ansvar for eventuelle skader som måtte oppstå som fylgje av arbeidet. Grunneigaren kan i enkelte høve bli kravd for økonomisk kompensasjon for arbeidet. Lovverk: Naboloven: 12.Tre, greiner, og røter som stikk inn på granneeigedom og er nemnande til skade eller ulempe, har grannen rett til å kutta eller skjera av etter grenselina og eigna til seg. For tre og greiner gjeld dette berre når varsel er gjeve og dei så ikkje er borttekne innan rimeleg tid. Denne føresegna gjeld ikkje for merketre og heller ikkje der det er skog på begge sider av grenselina. Greiner, og røter som stikk inn på granneeigedom og er nemnande til skade eller ulempe, har grannen rett til å kutta eller skjera av etter grenselina og eigna til seg. For tre og greiner gjeld dette berre når varsel er gjeve og dei ikkje er borttekne innan rimeleg tid. Denne føresegna gjeld ikkje for merketre og heller ikkje der det er skog på begge sider av grenselina. Veglova: 1.Offentlig veg er veg eller gate som er open for allmenn ferdsel og som blir halden ved like av stat, fylkeskommune eller kommune etter reglane i kap. IV. Alle andre vegar eller gater blir i denne lova å rekne for private. Til veg blir òg rekna opplagsplass, parkeringsplass, haldeplass, bru, ferjekai eller anna kai som står i beinveges samband med veg eller gate. 1 a.formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som 4
trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Det er ei overordna målsetting for vegstyremaktene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken og ta omsyn til grannane, eit godt miljø og andre samfunnsinteresser elles. 31.Tre, busker og annen plantevekst innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i 29, kan påbydast bortteke eller skorne ned i den mon det blir funne naudsynt av omsyn til ferdsla eller vegvedlikehaldet. Eigar eller rettshavar har krav på vederlag etter skjønn for skade og ulempe som er ei følgje av påbodet, og for utgifter med borttaking eller nedskjering. Vil eigaren eller rettshavaren ikkje etterkome påbodet i første ledd innan den fristen som er fastsett i påbodet eller seinare, kan vegstyremakta syte for at arbeidet blir gjort. I så fall skal eigaren eller rettshavaren ha vederlag etter skjønn for skade og ulempe. Er det i tide gitt skriftlig melding om at det ikkje er tillate å plante slike vekstar, har eigaren eller rettshavaren ikkje krav på vederlag. Påbod etter første ledd gir regionvegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar. 43.Avkjørsle skal byggast og haldast ved like i samsvar med reglar som Vegdirektoratet fastsett. So langt det ikkje er fastsett noko anna, skal desse reglane gjelde i staden for vilkår som tidligare måtte vere sette for løyve til avkjørsla. I reglane kan det fastsettast at det skal gjelde særlege frisiktliner mellom avkjørsla og den offentlige vegen. Om vegstyremakta finn det naudsynt, kan slike frisiktliner òg gjerast gjeldande utanom byggegrensene. Vegstyremaktene kan òg sette som vilkår for løyve til avkjørsle i det einskilde tilfellet at eigaren eller brukaren av avkjørsla syter for å halde fri sikt etter slike liner som er fastsette av vegstyremakta. Eigaren eller brukaren av eigedomen er ansvarlig for vedlikehald av avkjørsle til eigedomen. Er vedlikehaldet ikkje forsvarlig, kan det, så langt det blir funne naudsynlig, gjerast på den ansvarlige sin kostnad. Er avkjørsle bygd og halden vedlike i samsvar med fastsette reglar, syter vegstyremakta for at vasslaup under avkjørsla blir halde ope. Regionvegkontoret tar avgjerd etter denne paragrafen for riksvegar og fylkesvegar og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar. 5