ØKONOMIPLAN 2016-2019. Sakshandsamar: BL Presentasjon: Kyrkjeleg Fellesråd skal leggje fram prioritert handlingsplan med budsjettal for økonomiplanen og eit grunngjeve framlegg til ramme for år 2016. Alle tal skal vere i år 2015 kroner og beløp vedrørande vedlikehaldstiltak og investeringar er eksklusiv meirverdiavgift. Lovgrunnlag, reglar, føresegner, plandokument: Kyrkjelova Gravferdslova Vedlagt Budsjett 2016 Saksopplysningar: I framlegget til budsjett 2015 om innspel til økonomiplanen, vart det bedne om rammeoverføring på (ekskl. tiltak) med kr 5.672.600,-. Etter gjennomgang med rådmannen vart beløpet redusert med kr 200.000,- til kr 5.472.600. I budsjettet for 2016 er det lagt inn det reelle behovet samt inntekter som refusjon frå sokneråda for kateketteneste, statstilskot til trusopplæringa, avgifter for vigsel og gravferd, husleigeinntekt ved arrangement i kyrkjene, gravfesteavgift, renteinntekter og tenesteyting frå Stryn kommune. Budsjettet for 2016 er balansert med rammetilskot Kr 5.772.200 Netto kostnader for dei ulike ansvara Budsjettår 2016 Ansv. 11, kyrkjeverjekontor kr 1.258.170 Ansv. 21, administrasjon kr 198.020 Ansv. 21, kyrkjer kr 2.163.100 Ansv. 21, andre kyrkjelege formål kr 928.210 Ansv. 21, kyrkjegardar kr 1.163.200 Ansv. 25, prestekontor kr 61.500 1
Særlege tiltak som er lagt inn i budsjettet for 2016: Utvida stilling frå 20% til 60% stilling som kontorfullmektig på kyrkjeverjekontoret. Utskifting av plenklippar (raider) Forklaring til nokre av postane i driftsbudsjettet for 2016. Lønskostnader, kyrkjeverjekontoret. Kontorfullmektigstilling. Utviding av kontorfullmektig frå 20% til 60% stilling ved kyrkjeverjekontoret/kyrkjekontoret, med verknad f.o.m. 01.01.2016. Budsjettert fastlønn inkl. feriepengar pålyd såleis for 2016 kr. 230.600 for denne stillinga (lønnsgruppe 2, 16 års ansiennitet). I tillegg kjem pensjon, gruppeliv og arbeidsgjever avgift. Stillinga lysast ut januar 2016, forutsett godkjenning frå ved sakshandsaming 3.november 2015. Bakgrunn for utviding av stillinga: Kyrkjeverjekontoret har ein vanskeleg bemanningssituasjon med større arbeidsmengde enn tilgjengelege ressursar. Dette medfører etterslep av arbeidsoppgåver og unormalt lang responstid for sakshandsaming og publikumsoppfølging. Servicegraden vurderast på bakgrunn av dette til å vere lågare enn det publikum kan forvente. Behovet for auka kontorfunksjon er ikkje ein ny situasjon; behovet for auka kontorfunksjon har vore signalisert frå dåverande kyrkjeverje Svein Rønne og etterfølgjarar Borghild Skarelven og Lise Hetle, og nåverande kyrkjeverje Børre Lian til. Det har vore tarifforhandlingar ved mellomoppgjer i år. Med verknas frå 01.05.2015 skal alle arbeidstakarar med minimum 20 år lønsansiennitet ikkje ha lågare grunnløn enn kr 377.400 i heil stilling. For lønsbudsjett 2016 har ein lagt inn ein auking på 2,5%. Vedlikehald av bygningar Bemanningssituasjonen ved kyrkjekontoret har medført at planlagt, naudsynt vedlikehald av bygningar og kyrkjegardar for 2015 ikkje har blitt i verksett som planlagt i 2015. Såleis vil dette vedlikehaldet måtte utsetjast til 2016 2
Kjøp av maskiner Innkjøp av ny Husqvarna Raider med firehjulsdrive (R216-AWD), Innvik prestegjeld. Estimert pris kr. 54.000,-. Dagens Raidar i Innvik prestegjeld krev no enten reperasjon eller utskifting. Omfanget av behov for reparasjon/utskifting tilseier at det er meir kostnadseffektivt å investere i ny Raidar. Utskifting vil vere naudsynt innan vårsesongen 2016. Lønsutgifter til kyrkjegardane. P.g.a. langtidssjukmelding innehar vi ubemanna stilling som kyrkjegardsarbeidar i 86 % fast stilling, og av denne grunn har vi for 2016 budsjettert for vikar og ekstrahjelp med kr 210.000. Det blir då leigd inn ekstrahjelper i sommarsesongen. Kyrkjeverja sitt framlegg til vedtak: I det ein viser til saksutgreiinga er det behov for slike midlar i 2016 Rammetilskot for 2016 bereknas til Kr 5.772.200,-. Fellesrådet ber om auke i rammeoverføringa for 2016 på grunnlag av auka lønskostnader, auka lønn ved tarifforhandlingar og generell prisstigning (KPI 2,9% (2016). ) Vedtak: Kyrkjeverjas sitt framlegg samrøystes vedteke Sign. Utskrift sendt til: Stryn kommune ved rådmannen Sokneråda, medlemmane av fellesrådet Børre Lian -serk- 3
Kyrkjeverjas framlegg til prioriterte og ynskte tiltak for budsjettåret 2016 Kostnad: Budsjettår: 1. Utvendig måling av Olden (nye) kyrkje 300.000 2016 2. Utvendig måling av Olden gamle kyrkje 180.000 2016 3. Verneglas til blyvindauga Olden (nye) kyrkje 110.000 2016 4. Golvteppe i Oppstryn kyrkje 160.000 2016 5. HC-toalett Oppstryn kyrkje *(sjå kommentar) 251.694 (tilbod 2015) 2016 6. Utviding av Nordsida kyrkjegard 2.500.000 2016 Beløpa er delvis stipulert og delvis berekna etter førespurnad hos leverandør. Beløpa er rekna utan moms og ikkje justert for prisstigning frå tidligare år på grunn av toleransen i berekningsgrunnlaget. Kommentarar til prioriteringane for 2016: 1-2 Maling av Olden (nye) kyrkje og Olden (gamle) kyrkje. Olden nye og gamle kyrkje er så maleslitte at desse bør tas no. Det er avtalt synfaring med formannskapet den 2.desember 2015. Olden gamle og nye kyrkje må takas nå. Dei ligg midt i turistbelte! 3 Verneglas til blyvindauga Olden (nye) kyrkje Heilt frå 2008 har ein arbeida med å finne løysingar som vernar dei blyinnfatta glasa etter at det vart avdekka lekkasje som kan føre til råteskade på kyrkjebygget. Vindauga er i dag ikkje tette, fordi glasa lear seg i vinden, som igjen gjer at blyfalsane opnar seg. Riksantikvaren har uttalt seg og tilrår verneglas berre som ein førebels løysing. Verneglas vil gje ein fasadeendring. Riksantikvaren meiner det er fullt mogeleg å reparere blyfalsane på ein slik måte at dei vil tåle både regn og sterk vind. Riksantikvaren tilrår berre at det førebels monteras verneglas med lufteventil på dei vindauga som ikkje kan reparerast i fyrte omgang. Vi har i dag oppdage knust vindauge i rommet til venstre for sakristiet. Dette må takas snarast! Det er vanskeleg og kome med eit estimat på kor mykje det vil koste å ta dei vindauge som er mest skada. Svein Rønne (kyrkjeverje emeritus) har kome fram til ein kostnad på kr 110.000. Å utsette reperasjonane vil kunne gje store kostnadar i tida framover. 4
Olden (nye) kyrkje er bygd i 1934. Kyrkja er listeført som verneverdig. Olden (gamle) er ei krosskyrkje i tømmer, bygd i 1758. Kyrkja er listeført som verneverdig. 4 Golvteppe i Oppstryn kyrkje Golvteppe er over 50 år gamalt og har gått i oppløysing. Det lar seg ikkje støvsugast da teppet er smuldra opp. Oppstryn sokn er villig til å nytte noko av fondspengane sine til dette. 5 HC-toalett i Oppstryn kyrkje * Oppstryn kyrkje har toalett i kjellaren ned ein trapp under kyrkja. Det er ikkje toalett-tilbod for personar med rørslehemming, noko som er ekskluderande. Soknerådet er villig til å betale kr 75.000 sjølve, om kommunen gjer overskytande beløp på kr 176.000. Prosjektet er kalkulert til kr 251.694,-. 6 Utviding av Nordsida kyrkjegard Fyrste byggetrinn er sluttført. Andre byggetrinn er ikkje ferdigregulert frå kommunen. Av eit investeringsbudsjett på kr 2.900.000 er ca. kr 400.000 nytta til fyrste byggetrinn. Kyrkjeverjas framlegg til prioriterte tiltak for perioden 2016 2019 Drift og vedlikehald Kostnad: Budsjettår: 1. Utvendig måling av Olden (nye) kyrkje 300.000 2016 2. Utvendig måling av Olden gamle kyrkje 180.000 2016 3. Utvendig måling av Innvik og Nordsida kyrkje 400.000 2018 Investeringar 1. Verneglas til blyvindauga Olden (nye) kyrkje 110.000 2016 2. Golvteppe i Oppstryn kyrkje 160.000 2016 3. HC toalett Oppstryn kyrkje * 251.694 (tilbod 2015) 2016 4. Utskifting av lydanlegg i 6 kyrkjer 250.000 2017 5
5. Utviding av Nordsida kyrkjegard 2.500.000 2017 6. Lynvernanlegg Olden (nye) kyrkje 300.000 2018 7. Reiskapshus Olden (nye) kyrkje 450.000 2019 8. Universell tilkomst Utvik kyrkje 200.000 2018 9. Tak Innvik kyrkje 850.000 2019 10. Lynvernanlegg Utvik kyrkje 300.000 2019 11. Lynvernanlegg Randabygd kyrkje 300.000 2019 12. Nordsida kyrkje - Kombinert HC-toalett/reiskapshus 500.000 2019 13. Golvteppe Olden kyrkje 160.000 2019 14. Golvteppe i Nordsida kyrkje 400.000 2019 15. Asfaltering parkeringsplass v/ Oppstryn, 500.000 2019 Nordsida, Nedstryn og Olden kyrke 16. Brannslager/overrislingsanlegg i 7 kyrkjer 4.900.000 2019 Kommentarar til tiltaka: 1. Verneglas til blyvindauga Olden (nye) kyrkje Sjå prioritering 2016 2. Golvteppe i Oppstryn kyrkje Sjå prioritering 2016 3. HC toalett Oppstryn kyrkje Sjå prioritering 2016 4. Utskifting av lyd-anlegg i 6 kyrkjer I kyrkjene er det installert trådlause mikrofonanlegg. Desse anlegga går på frekvensar som i dag er ulovlege fordi Telenor har kjøpt rettane til dette frekvensbandet til si 4G utbygging for mobiltelefonar. Når dette 4G-nettet vert utbygga i Stryn, vil det oppstå forstyrringar for både kyrkja og telenettet. 5. Utviding av Nordsida kyrkjegard Sjå prioritering 2016 6. Lynvernanlegg Olden (nye) kyrkje Vi har lynvernanlegg i alle kyrkjene så nær som Olden, Utvik og Randabygd. Av desse må Olden kyrkje prioriterast først på grunn av beliggenheita og dei spesielle bardunane som gjer denne kyrkja serleg utsett. 6
7. Reiskapshus Olden (nye) kyrkje Under orkanen «Dagmar» vart det gamle reiskapshuset øydelagt. Det er behov for å setje opp eit større og betre bygg, til kostnader utover erstatningsbeløpet frå forsikringa. 8. Universell tilkomst Utvik kyrkje Det er ikkje fast rullestolrampe til denne kyrkja, og det må brukast lause skinner og mannskap for å få rullestolbrukaren inn i kyrkja. Dette er muleg, men både uverdig og ulovleg i høve til krava. 9. Tak Innvik kyrkje Taket er svært slitt. Takstein kan truleg behaldas, men treng ny underpapp, lekter og renner. 10. Lynvernanlegg Utvik kyrkje Kyrkja manglar dette. 11. Lynvernanlegg Randabygd kyrkje Kyrkja manglar dette. 12. HC-toalett og reiskapshus til Nordsida kyrkje I planen for utviding av gravplassen på Nordsida er det planlagd eit reiskapshus innafor kyrkjeporten og HC-toalett som påbygg på kyrkja anten ved toalettet ved sakristiet eller ved inngangen til kyrkja. 13. Golvteppe Olden kyrkje Golvteppe i midtgang stor slitasje. Svært mykje turistar innom gjennom heile sommaren. 14. Golvteppe i Nordsida kyrkje Gamal filt. Samlar mykje støv og skitt det vurderas fleire alternativ. 15. Asfaltering parkeringsplass v/ Oppstryn, Nordsida, Nedstryn og Olden kyrke 16. Brannslager/overrislingsanlegg i 7 kyrkjer Dette er ei stor kostnad, men vil gje stor reduksjon av forsikringspremie. KNIF (Knif Trygghet forsikring) gjer opptil 90% reduksjon i forsikringspremie. 7
Kyrkjeverja sitt framlegg til prioriterte tiltak for budsjettåret 2016: Prioritet 1. Utvendig måling av Olden (nye) kyrkje 300.000 2016 2. Utvendig måling av Olden gamle kyrkje 180.000 2016 3. Verneglas til blyvindauga Olden (nye) kyrkje 110.000 2016 4. Golvteppe i Oppstryn kyrkje 160.000 2016 5. HC-toalett Oppstryn kyrkje * 176.000 2016 6. Utviding av Nordsida kyrkjegard 2.500.000 2016 *(soknerådet dekker kr 75.000 sjølve, om kommunen gjer overskytande beløp på kr 176.000.) Vedtak: Kyrkjeverjas sitt framlegg samrøystes vedteke med korrigering av investeringsbeløp HC toalett Oppstryn kyrkje. Sign. Utskrift sendt til: Stryn kommune ved rådmannen Sokneråda, medlemmane i fellesrådet Børre Lian 8
Andre viktige oppgåver som fellesrådet ynskjer å få gjennomført Viktige oppgåver som fellesrådet ynskjer å få gjennomført: Tiltaka er ikkje i prioritert rekkefølgje. (Revisjonen må bestemme om det er drift eller investering) Hovuddriftsbygg i Nedstryn 2.500.000 Straumuttak golv, Olden (nye) kyrkje Steinmur rundt Olden gamle kyrkje Elektrisk ringing Nordsida kyrkje Ombygging av kor og alterparti i alle kyrkjene Oppstryn kyrkje, Utskifting ytterdører og fornying av inngangsparti. Innvik kyrkje, Ranværing toalett og utviding til personalrom Sign. Utskrift sendt til: Stryn kommune ved rådmannen Sokneråda, medlemmane i fellesrådet Børre Lian -sekr- 9