S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN SÆBØ 2 GNR./BNR. 1/24 VIK KOMMUNE Utsyn over planområdet på Sæbø. Mot N. Foto: Karoline Hareide Breivik
2 Kommune: Vik Gardsnamn: Sæbø Gnr/Bnr: 1/24 Tiltakshavar: Bjørn Tore Årevik Adresse: 6893 Vik i Sogn Namn på sak: Reguleringsplan Sæbø 2 Saksnummer: 15/4770 Prosjektnummer: Registrering utført: 31.08 01-09.2015 Rapport utført: 04.09, 11.09.2015 Ved: Ine Askevold Hansen og Karoline Hareide Breivik Ved: Ine Askevold Hansen BAKGRUNN FOR PLANEN Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Sæbø i Vik i perioden 31.08 01.09.2015. Bakgrunn for registreringa er Bjørn Tore Årevik sin plan om bustadsutbygging. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør 9 i lov om kulturminne. I alt vart det registrert eit automatisk freda kulturminne i form av ein nedgraving/fyllsjikt innanfor planområdet. Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting, der det primært vart leita etter aktivitetsstadar/busetnad/gravminne frå jarnalder. 5 dagsverk vart nytta i felt og 2,5 dagsverk er nytta på etterarbeid. Ingen C14 prøver er sendt inn til datering. OMRÅDET Området som vart undersøkt ligg på Sæbø i Vik sentrum, er på om lag 21 dekar og omfattar gbnr 1/24. Planområdet består av open dyrka mark. Marka er for det meste heilt flat, men går noko oppover i sør. Det er bustadar nord og aust for planområdet, ei gard i sør og butikkar i vest. Kjende kulturminne i nærområdet: Det er fleire kjede automatisk freda kulturminne i planområdet nærleik (sjå karta under). Det er fleire gravminner og gravfelt i Vik (Askeladden IS 45589, ID 45590, ID 45593 og ID 119978 frå eldre og yngre jarnalder. Like vest for planområdet vart det i 2012 registrert eit busetnads-aktivitetsområde med flatmarksgraver frå eldre jarnalder (ID 156957). Det ligg eit felt med skålgropar frå bronsealder-jarnalder (Askeladden ID 45591) SA for planområdet. Det er også gjort funn av to steinøkser frå yngre bronsealder (Askeladden ID 119967) og yngre steinalder (IS 119965) i planområdets nærleik..
3 Automatisk freda kulturminne i planområdet nærleik. Kart: Askeladden.ra.no/Ine Askevold Hansen Kart over Vik med alle dei automatisk freda kulturminne som er registrert her. Kart: Askeladden.ra.no.
4 Oversiktskart over Sogn og Fjordane med Vik markert på kartet. Kart: Fylkesatlas.no/Ine Askevold Hansen Oversiktskart over Vik med planområdet markert på kartet. Kart: Fylkesatlas.no/Ine Askevold Hansen
5 STRATEGI OG METODE DELTAKARAR OG TIDSROM Området vart undersøkt av arkeologane Ine Askevold Hansen og Karoline Hareide Breivik 31.08-01.09.2015. STRATEGI OG METODE Området som vart undersøkt består av open dyrka mark, det vart difor undersøkt ved maskinell sjakting. Det vil seie at ein ved hjelp av gravemaskin fjernar torv og matjord ned til kulturminne eller undergrunnen. Området som er opna blir deretter undersøkt av arkeologar. Sjaktene er vanlegvis om lag 3 meter breie, og lengda varierer ut frå området som skal undersøkast. Innanfor planområdet på Sæbø vart det opna 5 sjakter. Det vart registrert eit automatisk freda kulturminne i sjakta i form av eit fyllsjikt/nedgraving (S1) i sjakt 1. RESULTAT AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE Kart over planområdet med Lok. 1 og S1 merka med lilla. Kart: ArkMap/Karoline Hareide Breivik/Ine Askevold Hansen Lok. 1 (Askeladden ID 214050) ligg i V/SV del av planområdet, om lag 20 meter aust for handelssenteret. Strukturen som vart registrert på lokaliteten er avlang og rektangulær; ca. 140 cm Nord- Sør, x ca. 60 cm Aust-Vest. Strukturen har spreidde trekolførekomster, og nokon små samlingar med stein, særleg i vestre del av strukturen. Strukturen inneheldt ikkje spor etter bein. Den ligg om lag 45 cm under markoverflata, i eit lag med lys brun sandblanda silt.
6 Strukturen er tolka som ei nedgraving eller eit fyllsjikt. Det er eit vanleg førekommande kulturminne. Bilete av nedgravinga/fyllsjiktet, S1. Foto: Ine Askevold Hansen Kart over sørlige del av planområdet med Lok. 1 (Askeladden ID 214050). Kart: Askeladden.ra.no/Ine Askevold Hansen. KONKLUSJON I alt vart det registrert eit automatisk freda kulturminne i form av ei nedgraving/fyllsjikt innanfor planområdet. Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting, der det primært vart leita etter aktivitetsstadar, busetnad og gravminne frå jarnalder. FØRDE 11.09.2015 Ine Askevold Hansen Feltleiar
7 Vedlegg: Vedlegg 1. Liste over strukturar Vedlegg 2. Liste over sjakter Vedlegg 3. Fotoliste
8 VEDLEGG 1: STRUKTURLISTE Snr Sjakt Askeladden id Lok Type struktur Storleik Skildring Foto 1 2 214050 1 Nedgraving/fyllsjikt Ca. 140 cm x ca. 60 cm. Strukturen er rektangulær, avlang, med spreidde kolflekkar og noko stein. Strukturen skil seg klart frå undergrunnen i nord og sør, mens den er meir diffus i aust og vest. 16-19 VEDLEGG 2: LISTE OVER SJAKTENE Sjakt Gbnr. Storleik Undergrunn Masse over Strukturar /Funn Sjakta av 1 1/24 Ca. 137m x Matjord S1 Nedgraving IAH, 2 1/24 Ca. 129m x 3 1/24 Ca. 128m x 4A 1/24 Ca. 16m x 4B 1/24 Ca. 105m x 5 1/24 Ca. 31m x Matjord - IAH, Matjord - IAH, Matjord - IAH, Matjord - IAH, Matjord - IAH,
9 VEDLEGG 3: FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Oversikts planområde N 31.08.2015 2 Oversikts planområde A 31.08.2015 3 Oversikts planområde A/NA 31.08.2015 4 Oversikts planområde S/SA 31.08.2015 5 Illustrasjonsbilete, mykje steinar N/NA 31.08.2015 IAH 6 Sjakt 1 S/SA 31.08.2015 7 Sjakt 2 S/SA 31.08.2015 8 Sjakt 2 N/NV 31.08.2015 9 Sjakt 1 N/NV 31.08.2015 10 Sjakt 3 N/NV 31.08.2015 11 Sjakt 3 S/SV 31.08.2015 12 Sjakt 4A S/SV 01.09.2015 IAH 13 Sjakt 4B N/NA 01.09.2015 IAH 14 Sjakt 5 A/NA 01.09.2015 IAH 15 Sjakt 5 V/SV 01.09.2015 IAH 16 S1 nedgraving/fyllsjikt N 01.09.2015 IAH 17 S1 nedgraving/fyllsjikt A 01.09.2015 IAH 18 S1 nedgraving/fyllsjikt V 01.09.2015 IAH 19 S1 nedgraving/fyllsjikt S 01.09.2015 IAH 20 Sjakt 4B S/SV 01.09.2015 IAH
VEDLEGG 4: 10
11