Regional delplan for folkehelse 2014-2017



Like dokumenter
Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Kommunedelplan for oppvekst

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Kommunedelplan for oppvekst

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Helse i alt vi gjør Ny folkehelselov sett frå fylkesmannen

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Resept for eit sunnare FørdeF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

MELD.ST FOLKEHELSEMELDINGEN. Innspill fra Norsk psykologforening

Frivilligpolitisk plattform

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fleire gode leveår for alle Regional plan for folkehelse. Utkast til handlingsprogram

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Folkehelsesatsing for barn og unge. Marit Nordstrand Leiande helsesøster og folkehelsekoordinator Høyanger kommune

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Program OSTERØY HØGRE

Regionalplan for folkehelse

Kommunal plan for folkehelse. Skjåk kommune

Frivilligpolitisk plattform

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Kortversjon FMMR Strategiplan

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Samarbeid om førebyggjing

MOLDE KOMMUNE 10.juli, 2015 PLANPROGRAM BARNE- OG UNGDOMSPLAN

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Samhandlingskonferanse 17. januar 2011

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

1. Mål med samhandlingsreforma

Øystese barneskule April - 08

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

STRATEGIPLAN. kortversjon v

Folkehelseloven. Gun Kleve Folkehelsekoordinator Halden kommune

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Politisk program for Jølster KrF

Tertialrapport 2 tertial 2015

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SOGN driftig raus ekte

Regional planstrategi

Nord-Aurdal kommune Komite 2. Møteinnkalling

NYE VOLDA KOMMUNE Helse- og omsorg

Therese Thue Hvattum Marita Helene Halvari

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kvalitetsplan mot mobbing

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Kartlegging av rammevilkår

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

God Helse partnerskapet i Møre og Romsdal

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Transkript:

Regional delplan for folkehelse 2014-2017 Vedlegg 1 SAMANDRAG AV HØYRINGSINNSPEL OG VURDERINGAR AV DESSE Statens vegvesen (02.09.13) Peiker på at planen kan bidra til at Statens vegvesen sitt fokus på trafikktryggleik vert intensivert, samt at planen kan bidra til å vidareutvikle eit fundament for samarbeid og felles forståing. Tatt til vitande. Ungdomspanelet, UP 10-13, (06.09.13) Ønskjer fleire resultatmål som rettar seg mot psykisk helse og spør om det kanskje burde være eit eige satsingsområde i planen. Er spesielt opptekne av satsing på førebyggande arbeid for å betre ungdommars sjølvbilde, og meiner at det vil vere ein av dei større utfordringane i tida framover. Ungdomspanelet refererer til kroppshysteri og press om å være vellukka. Dette er eit relevant innspel. Det er likevel viktig å trekkje fram at planen inneheld ei rekkje resultatmål som også rettar seg mot psykisk helse og barn/unge. Styrking av helsestasjon- og skolehelseteneste vil vere med å fange opp barn og unge som slit med omsyn til psykisk helse, sunt kosthald, auka fysisk aktivitet, tiltak mot mobbing og handtering av elevar med rusproblem, førebygging av doping, og fullføring av vidaregåande skole er også viktig for den psykiske helsa. Fylkesrådmannen finn det ikkje naturleg med psykisk helse som eige satsingsområde, og vil halde fast på inndelinga i høyringsutkastet, men overskrifta om mobbing i kapittel 3 vert endra til psykisk helse og det vert innarbeidd eit nytt avsnitt i teksten. Resultatmålet som omhandlar mobbing vert omgjort til ei tydelegare satsing på psykisk helse: Offentlig og frivillig sektor skal gjennom systematisk arbeid for god psykisk helse arbeide for mobbefrie skolar og fritidsmiljø. Det vil bli innarbeidd ei setning i teksten i kapittel 3 om press knytt til kropp og kravet om å vere vellukka. Satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet er det mest omfattande satsingsområdet, også med omsyn til tal resultatmål. Kompetansesenter rus Midt-Norge (16.09.13) Peikar på ei tekstmessig endring for å klargjere skilnaden mellom Ungdata og handlingsplan i vidaregåande skole. Ønskjer å ha med rusmeldinga under relevante stortingsmeldingar. Teksta vil bli litt omarbeidd i tråd med tilrådingane frå Kompetansesenter rus-midt-norge. Meld. St. 30 (2011 2012) om Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk, vert nemd i opplistinga over relevante stortingsmeldingar. 1

Fylkesstyret i Actis, M&R, 25.09.13 Planutkastet kunne sagt meir om utviklinga i alkoholforbruket og nemner m.a. at høgt alkoholforbruk blant ungdom verkar negativt både på gjennomføringsprosenten i vidaregåande opplæring og på fråvær i arbeidslivet. Ønskjer ei sterkare understreking av kor viktig dei rusfrie møtestadene i lokalsamfunna er, og nemnar spesielt idrettsarenaer, festivalar og kulturarrangement. Peiker på at kva slags holdningar som blir vist i ruspolitikken, også får konsekvensar når det gjeld inkludering av innvandrarar. Er opptekne av at i tillegg til arbeidslivet er det viktig at også skuleverket, høgskolane og dei som har opplæringsansvar i lærebedrifter med vidare, er medvitne om kor viktig ruspolitikken er. I ei Regional delplan vil det ikkje vere høve til å gå inn i detaljar omkring utviklinga i alkoholforbruket for ulike grupper og kva for uheldige følgjer det kan medføre. Fylkeskommunen har igjennom eit samarbeid med fleire aktørar støtta opp om spørsmål om ungdom og alkoholvanar og samanhengen med fråfall i Ungdata (spørreundersøking til elevar i ungdomsskole og vidaregåande skole). Er også nemnd i planen. Ei presisering av viktigheita av rusfrie møtestader vil bli innarbeidd i kapitel 7 Inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar. Støttar innspelet om at kva slags holdningar som blir vist i ruspolitikken, også får konsekvensar når det gjeld inkludering av innvandrarar, og tek det med til arbeidet med handlingsprogram. I denne planen har vi valt å rette innsatsen mot arbeidslivet og dei vidaregåande skolane. Fylkesrådmannen støttar opp om at bevisstheit kring ruspolitikk i skoleverket, høgskulane og dei som har opplæringsansvar i lærebedriftene også er viktig. Lærebedriftene vil ein kunne nå gjennom satsing på arbeidslivet generelt. Kristiansund kommune, 27.09.13 Saknar målsettingar om innemiljø i skoler, barnehagar og bygg kor barn og unge oppheld seg. Meiner at planen ikkje fokuserer på støy, støv og førebyggande trafikktiltak. Meiner at foreldra si rolle i høve til haldningsskapande åtferd bør ha større fokus i planen. Innemiljø i skolar og barnehagar er forankra i forskrift. Vil vere gjenstand for tilsyn frå Fylkesmannen og er ikkje prioritert her. I planprosessen er det gjort fleire prioriteringar, og støy og støv er ikkje teke med. Fylkesrådmannen held fast ved prioriteringane. Planen har eit eige resultatmål om trafikktrygging under kapitel 6, tiltak kjem i handlingsprogrammet og ikkje i den Regionale delplana for folkehelse. Planen har ei satsing på kompetanse og kommunale tenester som støttar forelda i si rolle som foreldre. Slik sett vil ein indirekte støtte foreldra i si rolle som foreldre. 2

Styret i HLF Molde, 30.09.13 Peiker på at høyrsel er fråverande i planen og at støyskadar er eit problem knytt til både arbeid og fritid. HLF Molde etterlyser mellom anna at kommunane vert oppmoda om å setje inn effektive tiltak ved konsertar og arrangement og peiker på at samfunnet må leggjast betre til rette for å unngå at høyrselshemma vert sosialt isolert. Er kjend med at høyrselshemming som påverkar kvardagen rammer om lag femten prosent av befolkninga (Meld. St. 34, 2012-2013) og er eit folkehelseproblem. Vil under kapitel 7 Inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar, skrive om skadelege støynivå på konsertar og arrangement. Nytt resultatmål under satsingsområde 7: Auke kompetansen hos kommunane og frivillige organisasjonar om akustikk og førebygging av hørselsskadar i forbindelse med utvikling av anlegg for kultur- og fysisk aktivitet. Ålesund kommune, 30.09.13 Saknar at inneklima vert prioritert i planen. Meiner at forskrift om miljøretta helsevern og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar bør listes opp i planen. Stiller spørsmål om kvifor ikkje fysisk, kjemisk, biologisk miljøkvalitet er satsingsområde når dette er årsaken til 14 % av sjukdom i Norge. Peikar på at mange av kommunane ikkje har oversikt over eller tilsynsplan for kommunale verksemder med internkontrollplikt. Dei fyller heller ikkje sine plikter med omsyn til forskrift om internkontroll i helse- og sosialtenesta. Meiner at alkohol generelt sett burde settast i samanheng med ernæring i større grad. Sjå vurdering knytt til innspel frå Kristiansund kommune når det gjeld inneklima. I opplistinga til planen er det referert til lover og stortingsmeldingar, med unntak av TEK, har ein ikkje tatt med forskrifter. I planen er det gjort mange prioriteringar i denne perioden har ein vald å rette innsatsen mot det fysiske miljøet. Det er i planen ikkje lagt vekt på tilsyn og internkontroll, men eit førebyggjande/helsefremmande perspektiv. Vil vere bevisst samanhengen mellom alkohol og ernæring i handlingsprogrammet. Rauma kommune, 01.10.13 Peikar på utfordringar med å få gode helsefremmande/samfunnsretta mål samtidig som det førebyggande arbeidet i tenestene vert styrka. Stiller spørsmål om ikkje frisklivssentralane skal nemnast. Peikar på at ikkje alle resultatmåla er objektive, og stiller spørsmål ved om dei let seg måle. Ei tenking om førebygging, helsefremming og ei brei samfunnsmessig tilnærming ligg til grunn for 3

arbeidet med planen. Frisklivssentralar er ein viktig teneste som kunne ha vore nemnd og som er eit viktig tilbod for ulike aldersgrupper. Ein har i planen ikkje valt å gå i detaljar på type helsetenester som er viktige i eit førebyggingsperspektiv. Meld. St. 34, 2012-2013 har satsing på frisklivstilbud med inn under økt satsing på førebyggande arbeid i helse- og omsorgssektoren. Meiner at måla er gjort målbare så langt det let seg gjere, men er klar over at det må utviklast måleverktøy for resultatmåla. Skodje kommune, 01.10.13 Meiner at planen er eit godt utgangspunkt for det vidare folkehelsearbeidet i kommunen. Tatt til vitande. Fylkeseldrerådet, 02.10.13 Vil understreke at det blir lagt vekt på å få med tilbod og tiltak som høver også for dei eldste eldre og påpeikar at folkehelse for eldre omfattar fysisk aktivitet, sosial aktivitet og mental aktivitet. Meiner at dette er det tatt tilstrekkeleg omsyn til i plana, og at det ikkje er satt noko øvre grense med omsyn til alder i høve resultatmåla. Tiltak kjem i handlingsprogrammet. Volda kommune, 08.10.13 Saknar eit tydeleg hovudfokus, t.d. satsing på barn og unge, og meiner at planen er for lite tydeleg på sosial ulikskap, psykisk helse og tidleg intervensjon. Saknar ei setning i innleiinga om at det er ei auke i tal på innbyggarar med psykiske plager. Til satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet: - Førebyggande psykisk helsevern må vektleggast meir, eige resultatmål om psykisk helse for barn og unge. - Sosial ulikskap i helse og førebygging av dette frå tidleg barndom bør dekkjast betre. - Viktig at kommunane får økonomiske rammer til lågterskeltilbod førebyggande tenester. - Jordmor-heim er viktig som tidleg innsats. - Satsing på barnehage og skole i eit helsefremmande perspektiv. - Psykisk helse meir inn i skulen mentalhygiene som undervisningsfelt. - Tydelegare profil i høve rusførebygging i forhold til barn og unge. - Forpliktande samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen for å førebygge fråfall, auka satsing på virkemiddel i den vidaregåande skolen alternativt opplegg for gjennomføring. Til satsingsområde Inkludering og deltaking i frivillige organisasjonar: - Innarbeide i planen at lag og organisasjonar må ha fokus på inkludering av personar og grupper som no fell utanfor, bør kanskje vere krav for tilskot. - Lågterskeltilbod innan idrett til dei som ikkje kan konkurrere på høgt nivå. Dårleg økonomi bør ikkje hindre folk sin tilgang til aktivitetar. 4

Til satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø: - Legge til rette for gå/sykle til skolen/fritidsaktivitetar. Til satsingsområde Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid: - Fylkeskommunen bør vere ein pådrivar for kartleggingar (befolkingsundersøking/helsekartlegging). - Fylkeskommunen må rapportere på folkehelse. Planen har fokus på ulike livsfasar og viktige samfunnsområder som gjeld alle livsfasar. Planen er lagt tett opp til satsingsområda i Folkehelsemeldinga. Psykisk helse er kommentert tidlegare. Føre-var-prinsippet og helse i alt vi gjer og medverknad er prinsipp som ligg til grunn for planen. Psykiske lidingar er nemnd under kapittel 2. Bakgrunn. Til satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet: Når det gjeld psykisk helse, sjå vurderingar knytt til innspel frå Ungdomspanelet. Ei styrking av tenester som når alle/mange er med i planen og vil vere med på å jamne ut sosiale ulikheiter. Ved innretting av tiltak ved oppfølging av planen vil ein så langt som mogleg søke å nå sårbare grupper i befolkninga. Fleire av tiltaka vil styrke samfunnets evne til å førebygge sosiale ulikheiter. Bygge ut kapasiteten og betre kvaliteten i helsestasjons- og skolehelsetenesten er eit av satsingsområda i Folkehelsemeldingen og vert følgd i form av økonomiske rammer. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstenesten. Satsing på barnehage og skole er prioritert i planen med fleire resultatmål. Undervisningsfaga i skolen er ikkje omtalt i planen og må rettast til det statlege nivået. Sjå innspel til Nesset kommune. Når det gjeld rusførebygging så er det etablert eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og Kompetansesenter rus Midt-Norge (Korus), og mange program/tiltak ivaretek rusførebygging blant barn og unge. Arbeidet med fråfall er godt forankra i kvalitetsplan 2012-2016, der det mellom anna er eit mål om at; Den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal skal samhandle aktivt med lokalsamfunn og føresette, og leggje vekt på heilskap og samanheng i elevane si opplæring. Til satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø: Er ivareteke i planen gjennom auka satsing på gang- og sykkelvegar og fysisk aktivitet. Til satsingsområde Inkludering og deltaking i frivillige organisasjonar: Ei tydeliggjering av at lag og organisasjonar må ha fokus på inkludering av personar eller grupper som no fell utanfor vil bli innarbeidd i planen under kapitel 7. Har allereie eit mål om at alle skal nås i kapittel 7: Likeverdig satsing på topp og breidde, samt tilbod for alle aldersgrupper, bør forankrast betre i frivillige organisasjonar, samanlikna med situasjonen i 2013. Nokre av innspela omfattar tiltak, og vert ikkje kommentert her. Gjeld fleire satsingsområde. 5

Til satsingsområde Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid Når det gjeld befolkingsundersøkingar så er det ikkje eit krav om å gjennomføre slike i Forskrift om oversikt over folkehelsen. For gjennomføring av eventuelle undersøkingar er fylkeskommunane råda til å vente på malar frå Folkehelseinstituttet som tidlegast vil kome hausten 2014. Fylkeskommunen har folkehelse som eit gjennomgåande perspektiv og dette leggjast til grunn ved årsrapportering. Det er utvikla ei eiga Handbok for gjennomgåande perspektiv i fylkesplan 2013-2016. Molde kommune, 09.10.13 Vil ha eit sterkare fokus på kunnskapsgrunnlaget for folkehelsearbeidet og spesielt det som forskingsmiljøa trekkjer fram som gode og evidensbaserte tiltak. Ønskjer og å ha med høgkvalitetsbarehagar som eit tiltak for å førebygge psykiske helseproblemer. Det er eit fokus på kunnskapsgrunnlaget i kapitel 8, og difor vert ikkje dette ytterlegare kommentert. Planen har fokus på å styrke kompetansen hos tilsette i barnehagane. Oppfølging av Meld. St. 24 (2012-2013) Framtidens barnehage, vil og vere positivt for folkehelsearbeidet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 10.10.13 Peker på at den tverrfaglege og tverrsektorielle tilnærminga stiller store krav til å sjå koplingar og samanhengar på tvers, og at dette vil vere ei utfordring i høve til vidareføring gjennom konkrete tiltak og resultatmål. Til satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet: - Peiker på at det er viktig å sikre gode løysingar for dei skolane som er særleg utsett med tanke på talet elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring. - Helsetenesten i vidaregåande skole er eit fagområde som er ulikt organisert og med store skilnader i innsats frå vertskommunen. - Ønskjer å ta med tobakksførebygging i resultatmåla for å sikre tiltak på området og meiner at å arbeide for tobakksfri skuletid og fritidsmiljø vil vere naturleg. - Nemner og at det vil vere ei utfordring å tenkje heilskapleg og samordne innsatsen på tvers av fagområde og viser m.a. til Fylkesmannen si satsing Betre oppvekst. Til satsingsområde Samfunn som fremmar aktiv trygg og frisk alderdom: - Understreker behovet for vektlegging av helsefremjande aktivitet og førebyggande tiltak i alle livsfasar og at omsorgstenesta medverkar til at brukarane i størst mogleg grad ivaretar eiga helse og livsmestring. Har fleire døme på tiltak. - Meiner at det vil vere viktig å involvere eldre i lokalmiljøet i planlegging av trygge helsefremmande miljø og at universell utforming som strategi må inngå som eit gjennomgåande perspektiv. - Trekker fram Meld. St. 29 2012-2013 Morgendagens omsorg, og foreslår eit mogleg nytt resultatmål: 6

Gjennom råd, rettleiing og kompetansehevande tiltak auke kunnskapen om eigenmeistring, førebygging og kvardagsrehabilitering hos befolkninga. Til satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø: - Peiker på at universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgjevnadene vil vere viktig. -Kapitelet manglar omtale av utbyggingsmønster som drivkraft i helseutviklinga og seier ikkje noko om kvifor infrastrukturbehova er som dei er Til satsingsområde Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid: - Peikar på behovet for ei tettare kopling og samordning mellom helse og plan og at meir integrerte og behovsretta planlegging inneber tverrsektorielle og territorielle løysingar med større vekt på brukarretta og dialogbaserte planleggingsprosessar. Til gjennomføring av planen: - Ei viktig utfordring vert å vise korleis planlegging i praksis og på utvalde område kan knyte eksisterande kunnskap til handling for å fremme samhandling og samarbeid for ein samordna innsats for folkehelse i Møre og Romsdal. -I oppsummeringa skriv Fylkesmannen at;..vi ser behov for ei vidare presisering og klargjering av utvalde tema og utfordringar knytt opp mot dei aktuelle satsisingsområda i planen og at universell utforming her må inngå som eit gjennomgåande perspektiv. Innspel vert teke med i arbeidet med handlingsprogrammet. Fylkesmannen peikar her på sentrale tema i Meld. St. 34 (2012-2013). Til satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet: Er kjend med at det er ulikheiter mellom dei vidaregåande skolane når det gjeld gjennomføring og helsetenester, dette er noko som vil leggjast til grunn ved utforming av tiltak. Det vert innarbeidd eit nytt resultatmål om tobakksførebygging for å sikre tiltak på området og at å arbeide for både tobakksfri skuletid og fritidsmiljø vil vere naturleg. Det å tenkje heilskapleg og på tvers av fagområde er ei utfordring i folkehelsearbeidet. Ved å ha ei eigen Regional delplan for folkehelse håpar ein på eit felles løft i alle sektorar for folkehelsearbeidet i fylket. Til satsingsområde Samfunn som fremmar aktiv trygg og frisk alderdom: Døme på tiltak knytt til ivaretaking av eiga helse og livsmeistring knytt til satsingsområde er gode innspel til det vidare arbeidet med årlege handlingsprogram. Å involvere eldre i lokalmiljøet i planlegging av trygge helsefremmande miljø vil kunne inngå som eit element ved utforming av samarbeidsavtalar. Jf. resultatmålet i kapittel 5; I samarbeid mellom kommunar, frivillige organisasjonar og lokale eldreråd utforme samarbeidsavtalar om involvering av eldre som ressurs. Gjennom råd, rettleiing og kompetansehevande tiltak auke kunnskapen om eigenmeistring, førebygging og kvardagsrehabilitering hos befolkninga, er foreslått som eit nytt resultatmål. Ein har i denne fireårsperioden valt å rette innsatsen mot politikarar og fagpersonane, og målet er at auka kunnskap i tenestene på sikt vil føre til meir kunnskap i befolkninga. 7

Til satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø: Innspelet om universell utforming som strategi ved planlegging og utforming av omgjevnadene vil takast til følgje i samband med utforming av tiltak. I tillegg vil det første resultatmålet under satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø verte endra: Gjennom kurs og rettleiing styrke kompetansen hos kommunale planleggarar på samanhengen mellom folkehelse, universell utforming og kommunal planlegging. Fylkeskommunen har universell utforming som eit gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan. Ei nyleg utvikla Handbok for gjennomgåande perspektiv i fylkesplan 2013-2016 skal vere med på ei synleggjering og bevisstgjøring om dei gjennomgåande perspektiva. Det blir innarbeidd i teksten ein omtale av utbyggingsmønster som drivkraft i helseutviklinga. Til satsingsområde Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid: Støttar innspelet om ei tettare kopling og samordning mellom helse og plan og at meir integrerte og behovsretta planlegging inneber tverrsektorielle og territorielle løysingar med større vekt på brukarretta og dialogbaserte planleggingsprosessar. Den nyleg utvikla Handboka for gjennomgåande perspektiv, vil vere med på å sikre både medverknad og folkehelseperspektivet i planlegging. Det er også ein ambisjon om at handboka skal nyttast av kommunane og Fylkesmannen. Det er og eit eige resultatmål i planen som omfattar å styrke kompetanse hos kommunale planleggarar på samanhengen mellom folkehelse, universell utforming og planlegging. Til gjennomføring av planen: Dei utfordringane som Fylkesmannen her skisserer er eit av dei sentrale utviklingsområda i folkehelsearbeidet, og er også ei satsing frå sentrale helsemyndigheiter si side. Årlege handlingsprogram vil gjere arbeidet meir konkret. Universell utforming som perspektiv skal leggjast til grunn. Nesset kommune, 14.10.13 Har innspel vedrørande layout og bildebruk. Meiner at eit fireårsperspektiv blir kort med tanke på at planen skal leggjast til grunn for kommunane si planlegging. Stiller også spørsmål om korleis nokre av resultatmåla skal målast. Meiner setninga: Nærare 57 prosent av folketalsveksten i åra fram til 2023 er venta i aldersgruppa 50-79 år bør stå i kapittel 5. Til satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet: - Ønskjer meir konkrete resultatmål. - Foreslår eit nytt resultatmål: Systematisk rusførebyggande arbeid må gjerast synleg overfor alle aldersgrupper og på alle tenestenivå/områder. -Ønskjer ei presisering i resultatmålet om helsestasjons- og skolehelseteneste; av førebyggande arbeid frå 0-20 år. - Stiller spørsmål knytt til resultatmålet om auka fysisk aktivitet om kor denne timen skal vere, og korleis den skal målast. - Meiner at rusførebyggande tiltak retta mot born og unge må ha fokus, ikkje berre i vidaregåande skolar. 8

Til satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø: - Saknar ei presisering av at turløyper må ha universell utforming, samt at det vert vist til trafikksikkerheitsplanar. Til satsingsområde Inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar: - Spør om skal omgrepet skal nyttast i resultatmålet om frivilligplan. - Spør om det bør vere med noko om møteplassar under resultatmål. Fireårsperspektivet vert oppretthaldt. Planen inneheld både hovudmål og resultatmål. Hovudmåla har eit perspektiv på 8-12 år, medan resultatmåla har eit 4 års perspektiv og skal vere med på å bringe oss mot realisering av hovudmåla. Ein prøver å ha realiserbare resultatmål. Intensjonen er at Regional delplan for folkehelse skal førast vidare om fire år. Meiner at måla er gjort målbare så langt det let seg gjere, men er klar over at det må utviklast måleverktøy for nokre av resultatmåla. Bakgrunnskapitellet gjeld for alle kapitla, og ein ser ikkje behovet for å flytte tekst om folketalsveksten til satsingsområde. Til satsingsområde Samfunnsutvikling for ein god start i livet: Ønskjer ikkje eit nytt resultatmål, da ein i denne planperioden har valt å satse på vidaregåande skole, arbeidsliv og eldre. Dette i seg sjølv er omfattande. Ønskjer ikkje ei presisering av resultatmålet om helsestasjons- og skolehelseteneste. Ei avgrensing i alder kan vere uheldig med tanke på dei unge vaksne i dei vidaregåande skolane. Måling av fysisk aktivitet er ei utfordring, men fylkeskommunen har tidlegare gjennomført undersøkingar på dette. Er knytt til handlingsprogram for fysisk aktivitet. Til satsingsområde Trygt og helsefremmande fysisk miljø: Resultatmålet om turløyper her er turløyper i vidare forstand enn til dømes helseløyper, men det er ei gjennomgåande målsetting å leggje til rette for universell utforming. Fylkeskommunen er allereie opptekne av dette, jf. resultatmål under kultur i Fylkesplan 2013-2016. Trafikktryggingsplanar er ikkje nemnd, ein har i planen lagt vekt på heilskapleg planlegging og planlegging som verkty. Til satsingsområde Inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar: Meiner at skal er rette omgrepet og at bør er for lite forpliktande. Fleire av resultatmåla i planen vil vere med på å skape og oppretthalde ei rekkje møteplassar. 9