MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.09.2008 Kl: 16.30 18.15 Medlemar: Alle med unnatak av Britt G. Menes (V), som hadde forfall. Forfall: Britt G. Menes (V) Varamedlemar: Jarle Geithus (V) Frå adm. (evt. andre): Rådmann Vidar Roseth Dato for innkalling: 18.09.08 Merknader: Saker som vart handsama 51/08-52/08 Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Balestrand, ----------------------------------------------- ------------------------------------------------ Side 1 av 5
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI 52/08 08/1409 "REKLAME - JA TAKK!" VURDERING AV NY ORDNING FOR RESERVASJON MOT UADRESSERT REKLAME Side 2 av 5
Orienteringar og drøftingar: NAV i Balestrand Fylkesdirektør i NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, informerte om NAV-reforma og føremoner og utfordringar med den. Han kom og inn på status i etableringa av NAV-kontor i fylket og i Balestrand og svarte på spørsmål. Kontrollutvalet Ordføraren viste til møte med kontrollutvalet. Han minte om at kontrollutvalet arbeider på vegner av kommunestyret og at det er viktig å syte for ein god dialog mellom kommunestyret og kontrollutvalet. Søknad om konsesjon for Eriksdal/Lånefjord kraftverk Det vart informert om at det framleis ikkje er teke nokon avgjerd, men at denne no er nokså nært føreståande. Heimfall av kraftanlegg i Høyangervassdraga Notat om møte med Statkraft vart delt ut. Det vart informert om prosessen i høve til ny avtale f.o.m. 2011. Godt samspel mellom folkevalde og administrasjonen Ordføraren orienterte om samling i regi av KS Konsulent som ordførar og rådmann hadde delteke på. Han opplyste at KS-kontingenten dekkar tre oppfylgjingsdagar etter den fyrste folkevaldopplæringa. Eitt aktuelt tema kan då vere dei folkevalde og administrasjonen. Ordføraren ville ta initiativ til ein slik dag tidleg i 2009. Frivilligprisen 2008 Det vart informert om den nasjonale frivilligprisen for 2008, som skal gå til ein intiativrik person som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den einskilde og/eller samfunnet. Det vart bedt om at eventuelle framlegg til kandidatar med grunngjeving vert sendt ordføraren. TV-aksjonen 2008 Midlane frå TV-aksjonen i 2008 skal gå til prosjekt i Norge retta mot barn og unge som er ramma av vaksne sitt rusmisbruk. Ordføraren minte om at det trengst bøssebærarar, og oppmode om at dei som har høve til det melder seg. Side 3 av 5
51/08 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI Tilråding - formannskapet: 1. Balestrand kommune stiller, i samsvar med kommunelova 51 og forskrift om kommunale og fylkeskommunale garantier, kommunal garanti (simpel kausjon) for lån på kr 1,5 mill i samband med renovering av Nessane vassverk, slik dette er framstilt i søknad av 18.08.08 med vedlegg. 2. Det er ein føresetnad for garantien at långjevar sikrar lånet med pant i Nessane vassverk sine eigendelar og at dei øvrige vilkåra som går fram av brev av 10.09.08 frå Nessane vassverk er oppfylt. Handsaming: Brev av 10.09.08 frå Nessane Vassverk vart delt ut. Gunnvor Linde (Sp) la fram slikt framlegg til vedtak: Som tilrådinga frå rådmannen, men med slikt tillegg til pkt 2 i vedtaket: Det skal stillast som vilkår for garantierklæringa at kommunen får fortrinnsrett til å overta dei aktuelle rettigheiter og aktiva i Nessane vassverk. Det vart røysta over framlegget frå Linde, som vart samrøystes vedteke. Vedtak 1. Balestrand kommune stiller, i samsvar med kommunelova 51 og forskrift om kommunale og fylkeskommunale garantier, kommunal garanti (simpel kausjon) for lån på kr 1,5 mill i samband med renovering av Nessane vassverk, slik dette er framstilt i søknad av 18.08.08 med vedlegg. 2. Det er ein føresetnad for garantien at långjevar sikrar lånet med pant i Nessane vassverk sine eigendelar og at dei øvrige vilkåra som går fram av brev av 10.09.08 frå Nessane vassverk er oppfylt. Det skal stillast som vilkår for garantierklæringa at kommunen får fortrinnsrett til å overta dei aktuelle rettigheiter og aktiva i Nessane vassverk. Side 4 av 5
52/08 "REKLAME - JA TAKK!" VURDERING AV NY ORDNING FOR RESERVASJON MOT UADRESSERT REKLAME Tilråding - formannskapet: 1. Balestrand kommune vil be partia på Stortinget om at dei i samband med handsaming av regjeringa sitt framlegg til ny marknadsføringslov i haust, gjer framlegg om ei lovendring som medfører ei speilvending av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame. 2. Dersom ny marknadsføringslov ikkje vert endra av Stortinget, vil Balestrand kommune søke regjeringa om å få verte ein forsøkskommune for speilvending av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame. Handsaming: Det vart røysta over tilrådinga frå formannskapet. Vedtak 1. Balestrand kommune vil be partia på Stortinget om at dei i samband med handsaming av regjeringa sitt framlegg til ny marknadsføringslov i haust, gjer framlegg om ei lovendring som medfører ei speilvending av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame. 2. Dersom ny marknadsføringslov ikkje vert endra av Stortinget, vil Balestrand kommune søke regjeringa om å få verte ein forsøkskommune for speilvending av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame. Side 5 av 5