Database for studiar av rekruttering og kvalifisering til profesjonell yrkesutøving



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Kvalitetsplan mot mobbing

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Samansette tekster og Sjanger og stil

Forslag frå fylkesrådmannen

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Vurdering av allianse og alternativ

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Den nye seksjon for applikasjonar

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Aurland kommune Rådmannen

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

mmm...med SMAK på timeplanen

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Altas bosetningshistorie

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Forstudie Næringshage i Vinje

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Strategiplan for Apoteka Vest HF

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Plan for framlegginga

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

10/60-14/N-211//AMS

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Frå novelle til teikneserie

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

Database for studiar av rekruttering og kvalifisering til profesjonell yrkesutøving Bakgrunn Profesjonalisering er eit av dei mest karakteristiske kjenneteikna ved framveksten av det moderne samfunn. Samfunnet i dag er vanskeleg å forstå om vi ikkje har kunnskap om den rolle som profesjonar som t.d. legar, sjukepleiarar, ingeniørar, lærarar og sosionomar spelar. Mange av desse profesjonane får si utdanning ved høgskolane, og nesten dagleg er det i media oppslag eller debattinnlegg om desse profesjonane. At det er stor interesse knytt til desse er ikkje rart - folk flest støyter på dei frå fødestove til grav; dei står for sosialiseringa, omsorga og velferda til våre kjæraste i viktige og sårbare livsfasar dei fordeler milliardar av offentlege kroner årleg dei utviklar teknologi som skal sikre kvaliteten på lufta i våre kontor dei presenterer nyhende i aviser, radio og TV før vi skikkeleg har vakna om morgonen. Gjennom arbeidet sitt medverkar profesjonane til å identifisere og definere problem og til å peike på korleis dei kan løysast. Dei set normer og standardar på mange område, - ofte basert på implisitte førestellingar om kva som er normalt, sunt og godt. På denne måten påverkar dei ikkje berre livet til den enkelte, men òg sjølve meiningsdanninga i samfunnet. Kvalifiseringa til desse yrka skjer gjennom høgre utdanning. Studieplassar har vore eit knapt gode, og ei viktig drivkraft bak konkurransen om studieplass har vore ønsket om å kvalifisere seg til bestemte yrke og arbeidsoppgåver. Ungdom låner store summar for å studere og fellesskapet brukar store summar til drifta av høgskolane - alt ut frå tanken om at desse utdanningane er viktige for framtidig yrkesutøving. Samstundes finst lite systematisk kunnskap om samanhengen mellom rekrutteringa til desse yrka, utdanningssosialisering og yrkesutøving. StudData skal gje meir kunnskap om m.a.: kvifor unge menneske søkjer om studieplass ved t.d. lærar-, sjukepleiar- eller journalistutdanninga kor viktige utdanningane er for deira framtidige yrkesutøving kva det er ved utdanningane som særleg er viktig kor tilfredse dei er med utdanninga korleis yrkeskarrieren er til t.d. sosialarbeidarar, fysioterapeutar og førskolelærarar kvifor nokon vel å slutte i yrket, medan andre held fram StudData er ein database som skal gje grunnlag for panel- og forløpsstudiar. Det er ei større og langsiktig satsing som omfattar alle profesjonsutdanningane ved Høgskolen i Oslo, samt utvalde utdanningar ved fire andre høgskolar. StudData er ein database som kan danne knutepunkt i utviklinga av eit fagmiljø på tvers av profesjonsutdanningar og høgskolar.

Ny og betre kunnskap Kvalifiseringa til rolla som profesjonell yrkesutøvar er ein prosess som går over lang tid. Det handlar ikkje berre om sjølve profesjonsutdanninga, men òg om tidlegare sosialisering og livet som praktisk yrkesutøvar etter avslutta grunnutdanning. Denne kvalifikasjonsprosessen kviler på ulike førestellingar om kva som konstituerer "den gode" lærar, sjukepleiar, journalist, ingeniør og sosialarbeidar. Desse førestellingane, som ofte vil vere implisitte, finst i nasjonale lære- og fagplanar, hos dei som underviser, hos studentane og hos profesjonsutøvarane, men òg i meir generelle politiske dokument og i opinionen. Slike førestellingar vil vere knytt til ulike verdiar og normer, og vil òg seie noko om kva tillit og legitimitet ulike profesjonsgrupper har i samfunnet. StudData skal danne grunnlag for studiar og refleksjon om forståinga av profesjonalitet innan konteksten til ulike utdanningar og yrke. StudData kan òg gje grunnlag for å studere korleis synet på utdanning og yrke endrar seg gjennom kvalifiseringsprosessen frå fersk student til erfaren yrkesutøvar, og korleis individuelle ressursar og trekk samvarierer med faglege, kulturelle og sosiale rammevilkår. Motivasjon og rekruttering Motivasjonen for å søkje seg til høgre utdanning varierer. For nokre er det eit ønske om å få eit interessant yrke, for andre ei meir generell fagleg interesse medan andre igjen er utan klare motiv. For rekrutteringa til ein del yrke har personleg og sosialt engasjement tradisjonelt vorte sett på som viktige motiv - det er eit ønskje om å tene, hjelpe, undervise og vise omsorg for andre menneske. Kvaliteten på framtidig skole, velferds- og omsorgstenester vil vere avhengig av at unge menneske ønskjer å gå inn i denne type arbeid. StudData kan gje meir kunnskap om kva som motiverer unge menneske til å søkje denne type utdanningar. Kvifor ønskjer unge menneske i dag å bli lærarar, sosionomar og sjukepleiarar? Kva plass spelar det sosiale engasjementet, og spelar det ein ulik rolle som motivasjonsfaktor i rekrutteringa til ulike utdanningar/profesjonar? Fleire studiar har vist at den for-forståing studentane har av yrkesrolla legg føringar på utdanningsosialiseringa. Er dette eit meir allment trekk eller gjeld det berre spesifikke utdanningar? Motivasjon er ikkje berre viktig for rekrutteringa til yrka, men òg for sjølve læreprosessen i utdanningane. StudData kan òg gje innsikt i om profesjonsutdanningane gjev næring til eller medverkar til å underminere iver og personleg engasjement? Kva for trekk ved utdanningane er det i denne samanhengen som er særleg viktige? Kva forventningar og førestellingar har studentane om læreprosessen; ser dei på læring som "servering" der dei ulike "fagrettane" er klart definerte og porsjonerte, eller ser dei på læring som ein prosess der dei sjølve aktivt må ta del i å gje faga innhald og meining? StudData skal innehalde høgskolen sine faste granskingar av studentane sine erfaringar med lærings- og studiemiljøet (studiekvalitet). Utdanningskvalifisering Bare ved Høgskolen i Oslo er det meir enn 20 ulike profesjonsutdanningar. Desse har kvar si historie og ulikt fagleg innhald. Felles for dei er profesjonsorienteringa - dei er retta mot praktiske yrke, og profesjonssosialiseringa skjer gjennom eit samspel mellom teori- og praksislæring. Eit fellestrekk er at profesjonssosialiseringa over tid har vorte flytt frå arbeidsfeltet til spesifikke utdanningsinstistusjonar. Dette er sjølvsagt ikkje eit uproblematisk utviklingstrekk. Det har falle saman med ei akademisering av praktisk orienterte fag og yrke. Denne akademiseringa tematiserer m.a. tilhøvet mellom utdanning og arbeidsfelt. Fleire hevdar at utdanningsinstitusjonane over tid tenderer til "å leve" sine eigne liv. Interessa til dei som arbeider der vert gradvis dreidd frå yrkesfeltet til meir høgskoleinterne tilhøve.

Høgskolane kapslar seg inn, vert det hevda, og nyutdanna profesjonsutøvarar "kan" ikkje lenger det dei bør kunne, eller det dei kunne "før". Felles for dei fleste profesjonsutdanningane er at dei prøver å oppretthalde kontakten med arbeidsfeltet gjennom å ha ein praksiskomponent i utdanningane. Dette vert møteplassen mellom utdanninga og profesjonen, men denne komponenten er av ulikt omfang i ulike utdanningar, den er plassert på ulike stadium i utdanningsløpet og kontrollen over innhaldet i denne komponenten varierer. StudData skal bidra til kunnskap og refleksjon om forholdet mellom utdanningssosialisering og yrkesssosialisering. Korleis påverkar ulike undervisnings- og læringsopplegg profesjonskvalifiseringa? Kor viktig er utdanninga, og kva ved utdanninga vert opplevd som særleg viktig? Kva rolle spelar den praktiske læringa i høvet til den meir teoretiske? Korleis opplever nyutdanna profesjonsutøvarar møtet med yrkesfeltet? Yrkeskarriere og avgang frå yrket Kunnskap om mobiliteten på arbeidsmarknaden er interessant ut frå fleire synsvinklar. Det er viktig med betre kunnskap om grunnane til at ein del vel å jobbe deltid medan andre søkjer seg over på andre arbeidsfelt. Det kan òg gje kunnskap om grunnane til at det er mangel på arbeidskraft i fleire av yrka. Kunnskap om motivasjon kan òg vere viktig for å forstå kva som seinare gjev arbeid og yrkesrolle meining - og kva som gjer at nokon vel å slutte medan andre held fram i yrket. StudData kan gje meir kunnskap om kor attraktive ulike yrke vert opplevde å vere - og kvifor dei vert opplevde som attraktive. Databasen kan seie noko om opplevinga av trivsel, løns- og arbeidsvilkår. Den kan vidare seie noko om korleis folk prioriterer mellom lønsarbeid og andre aktivitetar, og om kva arbeidskraftreserve som finst innan ulike yrke, og kva som skal til for å aktiviserer denne. I kva grad kan manglande yrkesaktivitet og avgang frå yrket knytast til trekk ved arbeidsvilkåra og i kva grad har det samanheng med svak motivasjon - er t.d. dei som alt ved studiestart gjev uttrykk for svakare motivasjon for yrket overrepresenterte mellom dei som sluttar i yrket? StudData kan gje innsikt i danninga av profesjonsidentitet og førestellingane om relevante yrkesroller. Det er mykje som tyder på at koplinga mellom utdanning og oppfatninga av relevant arbeid er i ferd med å bli endra. Kan dette bidra til å forklare avgangen frå det arbeidsfeltet som profesjonsutdanningane tradisjonelt har vore retta mot? Tyder dette at profesjonsutdanningane i aukande grad vert oppfatta som allmenne grunnutdanningar? Er koplinga mellom utdanningstype og arbeidsfelt i ferd med å verta svekt? Vert det i aukande grad utvikla arbeidsmarknader som er felles for fleire yrkesgrupper? I kva grad fungerer profesjonsutdanningane som første trinn på vegen mot vidare utdanning - går i tilfelle orienteringa mot tradisjonelle universitetsdisiplinar eller mot master/hovudfag ved høgskolane? Felles database StudData skal motvirke tendensen i norsk samfunnsforsking til at kvart prosjekt skal gjennomføre si eiga datainnsamling. Ein felles database som fleire prosjekt gjer bruk av, vil for det første kunne medverke til at ein større del av tid og knappe forskingsressursar går til litteraturstudiar, analysearbeid og publisering. For det andre vil det gje eit større og meir utsagnskraftig datamateriale. For det tredje kan det stimulere til komparativ design og studiar. Og for det fjerde kan databasen fungere som eit materielt utgangspunkt i arbeidet med å utvikle fagmiljø-/nettverk både internt ved Høgskolen i Oslo, men òg på tvers av høgskolar.

Ein database - fleire prosjekt Med utgangspunkt i denne databasen er målet å utvikle prosjekt med ulike ambisjonsnivå: frå prosjekt som har ein mindre artikkel som mål til doktorgradsprosjekt. Nokre av prosjekta kan verte utført innan FoU-tida i årsverket, medan andre må søkje ekstern finansiering. Innhaldet i databasen vil i stor grad verte styrt av problemstillingane til desse spesifikke forskingsprosjekta. StudData skal medverke til å utvikle eit spanande fagmiljø ved Senter for profesjonsstudier, retta inn mot tilsette ved utdanningane, men med opne liner til tilsette ved andre høgskolar og forskingsmiljø. Alt i starten er 8-10 prosjekt ved ulike utdanningar ved HiO involverte, samt at det er innleidd samarbeid med tilsette ved andre høgskolar i Noreg - høgskolane i Sør-Trøndelag, Volda, Ålesund, Kunsthøgskolane i Bergen og Oslo og Arkitekthøgskolen i Oslo. Dette impliserer at StudData på den eine sida kjem til å innehalde studentdata frå ein del av utdanningane ved desse høgskolane, og på den andre sida at vi er i ferd med å utvikle forskarnettverk på tvers av høgskolar knytt til denne type data. Formålet er m.a. å utvikle komparative prosjekt som omfattar studentar ved same utdanning ved ulike høgskolar. Eit prosjekt - fleire typar data StudData kan òg kombinerast med studiar som gjer bruk av andre typar data. For det første kan databasen nyttast til å "lokalisere" eller "kvalifisere" interessante problemstillingar på eit stort materiale, som så i neste omgang kan resultere i meir inngåande studiar av mindre utval av studentar, baserte på andre metodiske tilnærmingar. Gjennom å forankre desse i ein omfattande database, vil det verte lettare å plassere meir mikro-orienterte studiar i eit større "landskap". For det andre kan det utviklast prosjekt der StudData vert kombinert med t.d. studiar av institusjonelle trekk ved utdanningane og/eller granskingar av "utdannarane" ved høgskolane. Slike studiar vil i seg sjølv vere viktige. Samstundes vil det å kombinere ulike datatypar kunne vere interessant - t.d. kan ein studere studentar med same type utdanning, men utdanna ved ulike høgskolar, der det òg finst kunnskap om utdanningane og "utdannarane". Slik kan ein gjennom StudData studere korleis ulik rekruttering og/eller ulike undervisnings- og utdanningsopplegg påverkar t.d. kompetanse, profesjonsidentitet og yrkesval. Tre panel - fire fasar StudData skal følgje individ frå dei byrjar på ei profesjonsutdanning til dei er godt etablerte på arbeidsmarknaden. Denne type panel- og forløpsdata gjev med andre ord kunnskap om livsløpet til den enkelte, men samstundes som endringar innan den enkelte yrkesgruppe vil vere interessant, vil det òg vere interessant å kunne jamføre yrkesgrupper. Det er tre grupper (panel) som skal følgjast: StudData 1- studentane som byrjar profesjonsutdanning hausten 2000. StudData 2- studentane som avsluttar utdanninga våren 2001. StudData 3- studentane som byrjar profesjonsutdanninga hausten 2004.

Ved å velje tre panel vil StudData raskt innehalde data både om "nye studentar" og om "nyutdanna kandidatar". Data skal samlast inn ved hjelp av spørjeskjema, som både inneheld spørsmål som er felles for alle studentar og spørsmål som er utdannings-/profesjonsspesifikke. Spørjeskjemaet vil verte sendt ut på fire ulike tidspunkt. Sjølv om dette impliserer at datainnsamlinga skjer med to til tre års mellomrom, vil spørjeskjemaet bli utforma slik at vi òg får informasjon om viktige hendingar i tida mellom desse tidspunkta. Fase 1: Starten av utdanninga: for å få kunnskap om rekrutteringa og motivasjonen for å starte på ulike profesjonsutdanningar. (Denne datainnsamlinga vil bare gjelde for panel 1 og 3.) Fase 2: Når utdanninga er i ferd med å bli avslutta: for å kunnskap om erfaringa med m.a. innhald og form i utdanninga, danninga av profesjonsidentitet, trivsel, samt tankar om framtidig arbeid. Fase 3: To til tre år etter avslutta utdanning: for å få kunnskap om nyutdanna sitt møte med arbeids- og yrkeslivet, refleksjonar om utdanninga, eigen kompetanse og aktuelle arbeidsoppgåver. Fase 4: Fem til seks år etter avslutta utdanning: for å få kunnskap om karrieremønster, avgang frå yrket, samarbeidsforhold, refleksjonar om utdanning og eigen kompetanse m.v. I fase 1-2 skal innsamlinga av data skje gjennom utdanningane. Dette vil bli gjort i samarbeid med studieleiar/kullansvarleg ved utdanningane. I fase 3 og 4 vil vi sende spørjeskjemaet til respondentane per post eller e-post. Oversikt over panel og fasar i StudData prosjektet Panel 1: StudData-1 Panel 2: StudData-2 Panel 3: StudData-3 Fase 1 Start utdanning Fase 2 Slutt utdanning Fase 3 3 år etter endt utdanning Fase 4 6 år etter endt utdanning H 2000 V 2003 V 2006 V 2009 V 2001 V 2004 V 2008 V 2005 V 2007 V 2010 V 2013 I alle fasar må vi rekne med eit visst fråfall: personar som ikkje vil delta og/eller personar som er gått over til andre utdanningar eller yrke. Studiar av avgang frå yrket vil òg krevje data om desse. Planen er difor å søke om å få kople til data frå ulike register i Statistisk sentralbyrå, som t.d. om kva for næring den enkelte arbeider i, eller om han eller ho evt. er gått tilbake til utdanningssystemet.

StudData - organisering og styring StudData er eit prosjekt som er initiert og administrert frå Senter for profesjonsstudier (SPS), Høgskolen i Oslo. Ved SPS har professor Arne Mastekaasa og professor Lars Inge Terum det faglege ansvaret for StudData. Opplegget for StudData er i samsvar med dei krav og reglar som Datatilsynet stiller, noko som m.a. tyder at alle svar vert handsama konfidensielt. Berre desse to har tilgang til listene som knyter namnet til respondenten til løpenummeret som vert påført skjemaet. Korkje andre forskarar eller administrasjonen ved høgskolen vil få tilgang til opplysningar som er personleg identifiserbare. StudData er finansiert av Noregs forskingsråd og Høgskolen i Oslo. Opplegget for StudData er fagleg ambisiøst og stiller SPS overfor store utfordringar både i arbeidet med å utforme spørjeskjemane og i innsamlinga av data. Det vil involvere mange personar og det vil verte mange rundar med datainnsamling - ikkje minst fordi lengda på studia varierer. Gjennomføringa av datainnsamlinga vert leia av koordinator Vigdis Berger. I samband med kvar datainnsamling vert spørjeskjemane til ved at interesserte forskarar ved høgskolane og universiteta, på grunnlag av eigne prosjektplanar, melder inn spørsmål som dei vil ha med. SPS set ned ei gruppe som koordinerer og leier arbeidet med å utforme spørjeskjemane. For tilgang og bruk av dataene i StudData er det utarbeidd nærare retningsliner. Februar 2005 Senter for profesjonsstudier