Skaldedikt som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn Av Klaus Johan Myrvoll



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Om namne Hålogaland.

G A M A L E N G K U L T U R

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Brødsbrytelsen - Nattverden

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR


Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

«Ny Giv» med gjetarhund

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Skriftstyrar: H a n s E i d n e s Utgjeve av Hålogaland Historielag. Hefte Årspengar 5 kr. 4. årgang. Håløygske ættesogur.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Brukarrettleiing. epolitiker

Fonetikk og fonologi Oppgåver

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

FANTASTISK FORTELJING

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Når sosiolingvistikken forlèt lingvistikken Kritiske merknader til ei doktoravhandling *

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Samansette tekster og Sjanger og stil

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Møte om nynorsk i vaksenopplæringa i Granvin

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Kva er økologisk matproduksjon?

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Forslag frå fylkesrådmannen

Vurdering av allianse og alternativ

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Jon Fosse. For seint. Libretto


Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Bilete og figurar i Word

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Transkript:

Skaldedikt som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn Av Klaus Johan Myrvoll Det er neppe ei yverdriving å segja at den norrøne metrikken sjeldan vert dregen inn i namnefaglege dryftingar av upphavet og voksteren åt namn, anten det no gjeld person- eller stadnamn. Som denne artikkelen vonleg vil syna, kunde det vore gjort litt oftare. Eg skal ikkje spekulera i grunnane til at metrikken fell utanum synsrandi åt namnegranskarane, men noko hev det sikkert å gjera med den ålmenne spesialiseringi innanfor fagi våre, der norrøn språk- og litteraturkunna ikkje lenger er noko sjølvsagt. Attåt kjem det at metrikken lenge hev havt ein uviss plass innanfor norrønfilologien. Eg skal difor stutt rekapitulera kva det er me talar um. Metrikk er musikalsk eller rytmisk regulering av språket i litterære verk. Det kann vera ymis regulering etter kva tradisjon og kva type litteratur ein hev med å gjera, men metrikken byggjer alltid på uppattaking av visse fonologisk definerte storleikar. Det tyder at me ved å avdekkja den grunnleggjande strukturen som vert uppatteken, kann slutta noko um språklege tilhøve som trykk og kvantitet. Til liks med onnor gamalgermansk dikting er den norrøne metrikken i fyrste rekkja aksentuerande. Det tyder at trykket er det språklege draget som stend øvst i det metriske hierarkiet. Talen vert vers gjenom ei jamn skifting millom tunge og lette stavingar etter serskilde reglar. At trykket er mest grunnleggjande, ser me òg av at allitterasjonen, stavrimet, er underordna trykket: Alle allittererande stavingar må bera trykk, men ikkje alle trykksterke stavingar må bera allitterasjon. Stavrimet er med andre ord ei framhevjing av trykket og ikkje umvendt. Ved å vera aksentuerande skil den norrøne diktingi seg frå andre metriske tradisjonar, som t.d. den græsk-romerske, som er kvantiterande, og den romanske, som er stavingsteljande. Likevel er det tydelegt at stavingskvantitet spelar ei viss underordna rolla i norrøn metrikk. Versi skal vera av ei viss lengd, men det er ikkje noko fast tal på stavingar. Det er serskilt tydelegt i skaldeversemåli og ikkje minst i det vanlegaste og strengast regulerte av deim, dróttkvætt. Der er det oftast seks stavingar i verset, men det kann vera so mange som ni. Det som ligg fast, er derimot talet på tunge stavingar, som alltid er tri i kvart vers. Det er fleire grunnar til det skiftande talet på lette stavingar. Éin er kvantiteten på dei tunge stavingane. Desse er som elles i språket oftast lange, men versemålet tillèt stutte tunge stavingar dersom dei vert kompenserte for anten ved ei umfram lett staving like etter den stutte (t.d. Eg lv 7 ˈfarit hefk ˈˈblóðgum ˈˈbrandi) eller ved at stavingi fyre den stutte tunge hev trykk, anten hovudtrykk (typen Rdr 8 til ˈˈfár-ˈhuga ˈˈfœra) eller sidetrykk (typisk ein saman-

106 Klaus Johan Myrvoll setjings- eller avleidingslekk, typen Hornkl 1,7 ˈˈsvart-ˌskyggð ˈbitu ˈˈseggi). 1 Den fyrste måten å kompensera på vert kalla uppløysing (etter ty. Auflösung), og denne jamstellingi av éi lang staving med éi stutt pluss éi lett i visse stodor fører til at me lyt rekna dróttkvætt-versemålet for posisjonsteljande og ikkje stavingsteljande (Skomedal 1991 s. 296). Ein posisjon er då ei meir abstrakt eining som kann fyllast med både éi og tvo stavingar etter serskilde reglar. Regelen um uppløysing gjeld òg i trykklett posisjon; her kompenserer då ikkje den umframe stavingi for noko som helst, men kann segjast å vera ei generalisering av tilhøvi i trykktung posisjon (når éi lang staving kan bytast ut med éi stutt pluss éi lett i tung posisjon, må det same kunna gjerast i lett posisjon). Med denne posisjonsteljingi vert det klårt at eit dróttkvætt-vers er uppbygt av seks posisjonar, tri tunge (kalla hevjingar, etter ty. Hebungen) og tri lette (kalla senkingar, etter ty. Senkungen). Vers som bryt med denne regelen, må reknast for umetriske, jf. denne utsegni hjå skaldediktforskaren Hans Kuhn (1983 s. 67): «Jeder Dróttkvætt-Vers hatte sechs Glieder. Dies war ein Gesetz, das bis gegen 1200 keine Ausnahme zuließ.» Innanfor desse seks posisjonane er trykkplasseringi relativt fri. Det kann likevel ikkje vera tri tunge etter einannan, og verset endar alltid med ein fast kadense, ein troké (tung lett). Det gjev desse fem mogelege strukturane, eller «typane», som Eduard Sievers (1893) kalla deim: 2 A ( ) ( ) (undertype A2k ) B ( ) ( ) C ( ) D E ( ) Versemålet gjer skilnad på stutt og lang staving (i t.d. =, her notert ), men ikkje på lang og yverlang (t.d. sót n. ~ sótt f.), som gjeng likt. Plasseringi i verset vil i visse typar (t.d. A2k) kunna avgjera um ei staving hev sidetrykk. Attåt kjem innrimet (hendingane), som kann avgjera både vokalkvalitet og -kvantitet. Eg skal i det som fylgjer gjeva nokre døme på koss metrikken kann nyttast til å påvisa ulike stig i voksteren av nokre personnamn. Det gjeld i alle tilfelli den umlagingi som upphavleg ditematiske (samansette) namn gjeng gjenom, der både fyre- og etterlekk kann verta fonologisk reduserte, i sume tilfelle so sterkt at dei tvo lekkane vert dregne i hop til éi staving (t.d. *Bǫðfrøðr > Bárðr). Heilt til slutt skal eg taka fyre meg eit tilfelle der rimtilhøve i skaldediktingi kann dragast inn i diskusjonen av etymologien åt eit stadnam, d.e. landsnamnet Noreg. 1 ˈ stend fyre trykkstaving utan allitterasjon, ˈˈ fyre trykkstaving med allitterasjon, ˌ fyre staving med sidetrykk. 2 = lang staving med hovudtrykk; = lang staving med sidetrykk; = stutt staving med hovudtrykk; = lang eller stutt staving med hovudtrykk; = lang eller uppløyst (stutt + lett) posisjon med hovudtrykk; = staving utan trykk (senking).

1. Rim Skaldemetrikk som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn 107 I dróttkvætt vert det etter kvart (seinast frå um lag år 1000) ein fast regel at dei ujamne versi (fyrste, tridje osb.) skal ha innrim med ulik vokal (kalla skothendingar på norrønt mål), medan dei jamne versi (andre, fjorde osb.) skal ha innrim med lik vokal (kalla aðalhendingar). Lik vokal tyder her at både kvalitet og kvantitet skal vera like. I Hallfrøðr vandræðaskálds Óláfsdrápa erfidrápa frå 1001 (etter tradisjonell datering) heiter det soleis i den tiande strofa (Skj. 1 A s. 161, B s. 152): Eigi látask ýtar enn, þeirs víðast nenna, fremra mann of finna folkreifum leifi Her rimar -át- med -ýt- i det fyrste verset, og -an(n) med -in(n)- i det tridje (skothendingar), medan enn rimar med -enn- i det andre verset, og -eif- med -eif- i det fjorde (aðalhendingar). I det siste verset fær me då gjenom rimet stadfest den eldre formi leifr av Óláfr (av urn. *AnulaiƀaR). 3 Då det er yverlevert ei rad skaldekvæde om kongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, finn me att denne formi i mange vers frå 1000-talet, her berre eit utval: 4 Hfr 3,17 (1001) benkneif fyr leifi Hókr 6 (ca. 1010) hugreifr með leifi Sigv 1,8 (1014 15) portgreifar leifi Þórm lv 19 (1030) gunnreifr með leifi Ótt 1,6 (ca. 1018) ǫrn reifir leifr 5 Jǫk lv 1 (1028) leifr Haka kleifar BjH 5 (ca. 1050) vígreifr fyr leifi At namnet hadde - i framljod, og ikkje Ó-, kann ein sjå av at det rimar med -ál- eller - l- i aðalhending. Lang á og rimar med kvarandre, òg fyre saman- 3 Det hev vore vanlegt å normalisera denne namneformi til Áleifr, med yngre (islendsk) Á- for (eig. nasal) -; det gjer òg utgjevaren av Skj., Finnur Jónsson. Ei slik form kann snaudt ha funnest, då samanfallet av lang og lang á må vera langt yngre (frå siste fjordungen av 1100-talet, sjå Benediktsson 1963) enn veikjingi av etterlekken til -láfr. Dessutan fall ikkje lang nasal saman med lang á i islendsk, men med lang ó, so produktet der skulde i alle høve verta *Óleifr. 4 Alle vers er, dersom anna ikkje er sagt, siterte etter Skj. B og i den rekkjefylgdi dei er prenta i der. Avstyttingane for skaldar og dikt er dei same som deim Finnur Jónsson nyttar i Lex.poet., og er uttydde i lista attarst. Dateringane, som må takast med ei klypa salt, er etter Skj. I staden for dei ymse skiljeteikni som Finnur Jónsson nyttar (komma, semikolon og parentesar), set eg millom lekkar som ikkje høyrer syntaktisk saman. 5 Dette verset er i versemålet haðarlag, som hev fem posisjonar mot seks i dróttkvætt. Reglane for rimet er likevel dei same, so verset kann nyttast her.

108 Klaus Johan Myrvoll fallet (sjå Benediktsson 1963 s. 16), men ikkje med ó (um vokalen er nasal eller ikkje, spelar ingi rolla). Det gjeld m.a. i desse versi: Eg lv 11 (900-t.) leifr þrimu stála Hfr 3,22 (1001) leif kominn stála Sigv 1,2 (1014 15) leifr né svik f lusk ÞSær 3 (ca. 1031) leifr þrimu stála Arn 2,14 (1046) leifs gervik slíkt at m lum 6 ÞjóðA 3,9 (ca. 1065) sonr leifs þér hála BjH 7 (ca. 1050) leifs í þeim m lum I nokre av desse versi kann det tenkjast at det løyner seg ei yngre form láfr, med veikjing av vokalen i andrelekken frå -ei- til -á- (Noreen 1923 54, 3 b). Men etter di formi leifr er funnen i skaldevers fram til midten av 1000-talet (sjå ovanfor), er det rimelegt å normalisera òg desse dømi med -ei-. Formi láfr, med veikjing av etterlekken, er funnen positivt fyrste gong i Sigvats Bersǫglisvísur frå um lag 1038, der rimet syner at vokalen i etterlekken er -á-. I femte strofa der heiter det: Sigv 11,5 (ca. 1038) láfar frið g fu Her rimar -áf- med - f- i samsvar med reglane. Handskrifti (Kringla i avskrifter frå 1700-talet), som ofte markerer lang vokal, hev her oláfar frið gáfo (Skj. 1 A s. 252), so det kann ikkje vera tvil um lengdi på vokalen i etterlekken -láfr. 7 Frå slutten av 1000-talet og fyrste helvti av 1100-talet er det yverlevert mindre skaldedikting enn frå både dei tidlegare og dei seinare periodane, so det er vandt å segja noko sikkert um kronologien lenger fram, men formene med -ei- i etterlekken syner seg i alle fall ikkje meir etter 1060-åri (Þjóðólfr Arnórssons vers ovanfor). Når det gjeld framljoden, nasal -, so gjekk den etter kvart yver til lang nasal Ó-, som sidan miste nasaliteten (for kronologien i desse endringane sjå Benediktsson 1959 s. 292 293, note 17). Alt i Steinn Herdísarsons hyllingsdikt til Olav kyrre, Óláfsdrápa frå um lag 1070, finn me døme på at namnet rimar med -ól-, d.e. i stevet «Óláfr borinn sólu» (evt. nasalitet er framleis irrelevant for rimet). I eit anna vers rimar det derimot med -ál-: Steinn 3,6/13/15 Steinn 3,10 Óláfr borinn sólu láfr konungr hála På dette tidspunktet må formi Óláfr ha vore dialektal i norrønt mål. Den islendske fyrste grammatikaren (ca. 1150) opererer enno med lang nasal (i 6 Dette verset er or Arnórs Magnúsdrápa, òg kalla Hrynhenda etter versemålet, som hev åtte posisjonar der dróttkvætt hev seks. Rimreglane er dei same som i dróttkvætt. 7 Hans Kuhn (1983 s. 112) kann soleis ikkje ha rett når han tenkjer seg at dativformi leifi heldt seg so lenge i bruk i skaldedikti av di den andre varianten, «Ólafi», ikkje høvde inn i versemålet. Det vilde láfi gjera, må vita. (Ei slik uttyding ser òg burt frå at nominativ-, akkusativ- og genitivformene òg er mykje nytta.)

Skaldemetrikk som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn 109 ordet r f. krå ) (Benediktsson (utg.) g) 1972 s. 128 ff.), og i alle fall på Island må både samanfallet av lang nasal og lang nasal ó og dinæst burtfallet av nasaliteten ha gjenge fyre seg på 1100-talet. Men i norsk eller delar av norsk kann både samanfallet av lang nasal og lang nasal ó og burtfallet av nasalvokalar vera mykje eldre. Her kann det dragast inn at den norske ą-runa (ᚮ), som frå gamalt hadde namnet ss ås, gud (< *ansur), skifte ljodverde frå ein låg nasalvokal (/ã/, /ǫ /) til /o/, fyrst funne på ein runestein frå Galteland på Agder frå ca. 1015 (N184): biąr = Bjór, sąti = sótti. Dette må koma av at runenamnet endra seg frå ss til óss (Seim 2004 s. 153). Med andre ord kann ei form som Óláfr ha funnest alt tidleg på 1000-talet i visse delar av Noreg, og skaldane hev kunna nytta denne formi ved sida av den islendske formi med nasal -. I alle høve hev dei i ein etter måten lang tidbolk kunna rima dette namnet både med /á (etter dei tradisjonelle reglane) og med det nye samanfallsproduktet (ó). I Einarr Skúlasons store kvæde Geisli, gjort og framført i samband med innvigjingi av domkyrkja i Nidaros i 1153, finn me flest døme på at namnet Óláfr rimar med -ól-, m.a. i stevet «Óláfr af gram sólar», men det finst òg eitt einskilt døme på rim med -ál- (i str. 54): ESk 6,1 ESk 6,18/21/24 etc. ESk 6,50 ESk 6,54 ESk 6,67 Óláfi brag sólar Óláfr af gram sólar Óláfr bragar tólum láf í gný stála Óláfs bragar stóli Rimet med -ál- er her «åbenbart en arkaisme» (Jónsson 1920 s. 292). Det same gjeld i diktet Rekstefja av Hallar-Steinn, sameleis frå andre helvti av 1100-talet, der me finn det same tilhøvet: Stevet («Óláfr und veg sólar») hev ó-rim, medan eitt einskilt vers hev /á-rim: Rst 2 Rst 4 Rst 8 Rst 10/13/16 etc. Óláfr skipa stóli Óláfr ok klauf stólum láfr of galt dála Óláfr und veg sólar For å uppsummera: I dei eldste skaldedikti fram til um lag 1050 er formi leifr nær sagt einrådande. Den yngre formi láfr, med veikjing av etterlekken frå -ei- til -á-, finst i fleirtalsformi láfar i eit vers av Sigvatr som vert tidfest til um lag 1038. Formi Óláfr, med samanfall av lang nasal og lang nasal (seinare oral) ó, syner seg fyrst i rim frå um lag 1070, og den nye formi er med fåe undantak gjenomførd i dikt frå andre helvti av 1100-talet. 2. Tal på posisjonar Sidan dróttkvætt er stavingsteljande, kann ein i mange tilfelle nytta versemålet til å påvisa eldre, ukontraherte former av ord. Dette er ikkje minst aktuelt for namn, der ein gjerne finn meir av slike reduksjonar og kontraksjonar enn i

110 Klaus Johan Myrvoll språket elles. 8 I mange tilfelle vil handskriftene ha dei yngre, kontraherte eller samandregne formene, men versemålet syner klårt at dei eldre formene hev vore nytta i den upphavlege komposisjonen. Nokre døme (handskriftlesemåten or Skj. A fyrst, so normalisert/restituert tekst): Eg lv 2 (ca. 923) baruðr hugar fari < Bárøðr hugar fári Eg lv 3 (ca. 923) aul þat er barðr of signdi < ǫl þats Bárøðr signði (?) Bárðardr (ca. 975) Baroðr of ristr B ro < Bárøðr of ristr b ru HolmgB lv 8 (ca. 970) þoroðr vinon óra < Þórrøðr vinun óra Vell 11 (ca. 986) lífc ld hárs drífo < lífkǫld H ars drífu Þórm 1,1 (ca. 1025) hugsniallr klængs falli < hugsnjallr Klœings falla ÞjóðA 3,21 (ca. 1065) niðrfall hálfs galla < niðrfall H alfs galla I dei fire fyrste dømi hev me tvo tvolekka namn som seinare hev vorte dregne i hop til éi staving, *Bǫðfrøðr >? B røðr > B rðr og *Þórfrøðr > Þórrøðr > Þórðr (de Vries 1962 s.v. Bárðr, Þórðr). I lv. 2 hjå Egill og i den anonyme Bárðardrápa hev me døme på millomstiget? B røðr (skrive baruðr, Baroðr ). Den yngste formi Bárðr er den handskrifti gjev i lv. 3; her reknar utgjevaren Finnur Jónsson med at strofa upphavleg hev havt den lengre formi, som i lv. 2, og at partikkelen of er sett til seinare for å fylla den posisjonen som vanta då B røðr vart til B rðr (Jónsson 1920 s. 294), men det kann like gjerne vera at denne strofa er dikta seinare («uekte») og då med den yngre formi Bárðr (som prosaen ikring strofa hev), jf. Males 2011 s. 130. I dei andre tilfelli ovanfor dreiar det seg um kontraksjon av vokalsamanstøyt (- a- > - -og-œi->-œ-). Eit interessant døme på reduksjon av ein namnelekk gjev namn på -ketill, der det finst yngre, samandregne former på -kel- (nom. -kell, akk. -kel, gen. -kels, dat. -keli). Hjå dei eldste skaldane finn me berre fulle former: Rdr 1 (ca. 850) Korm lv 35 (ca. 955 70) Korm lv 65 (ca. 955 70) Hfr 3,16 (1001) Vilið Hrafnketill heyra sótt Þórketils dóttur mildr Þórketill vildir sunds Þórketill undan På 1000-talet vert derimot dei samandregne formene med -kel- dei vanlege: ÞKolb 3,11 (1014) Ólhelg lv 2 (1010) Ólhelg lv 3 (1010) Sigv 1,7 (1014 15) Þórm lv 13 (ca. 1027 28) Ulfkell bláar skulfu Þorkels liðar dvelja Ulfkell þars spjǫr skulfu endr á Ulfkels landi þar namk Þórkel fjǫrvi 8 Det heng saman med den serskilde semantikken ved namn, der namnet ikkje «tyder» det same som det leksikalsk-semantiske innhaldet i namnet, men viser primært til personar og stader utanfor språket; det gjer då at reduksjonstendensar som elles i språket kann verta hindra eller seinka av sambandet med andre ord, t.d. med einskildordi ei samansetjing er samansett av, fær friare spelerom i namn enn i appellativ.

Skaldemetrikk som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn 111 Likevel finn me ikkje døme på dativ -keli; i diktet Rekstefja av Hallar-Steinn frå andre halvdel av 1100-talet heiter det t.d. framleis «hvatlyndum Þórkatli» (str. 29). Finnur Jónsson (1901 s. 19) konkluderer: «Af disse steder er det klart, at -ketil- kan smtrækkes til -kel- i nom.-acc.-gen. allerede ved år 1000, hvorimod -keli i dativ sikkert er langt yngre.» I Jómsvíkingardrápa frå byrjingi av 1200-talet finst det typisk nok døme på både stutte og lange former: Jóms 9 Jóms 14 Jóms 42 Þorkell liði snjǫllu hættr Þorketils dóttur fór Þorketill leira Her kann me rekna med at skalden hev valt former med -ketil- eller -kel- alt etter kva som fekk versemålet til å ganga upp. 3. Sidetrykk Dersom ein namnelekk kann fylla ein tung posisjon i versemålet eller stend soleis at han kompenserer for etterfylgjande stutt staving (type A2k), syner det at lekken må ha havt fonologisk sidetrykk. Det gjeld m.a. kongenamnet Magnús, noko desse versi syner: Sigv 9,2 (ca. 1036) Sigv 11,17 (ca. 1038) Sigv lv 30 (1035) ÞjóðA 1,12 (ca. 1045) Magnús konungr fagna Magnús konungr fagni Magnús konungr fagna Magnús kjalar vagna Alle desse versi er av type A2k ( ), med stutt tung staving i tridje posisjon. Med andre ord må namnet Magnús, av det latinske adjektivet magnus stor, ha fylgt det fonologiske mynsteret åt dei ditematiske namni i norrønt og soleis havt langstava etterlekk, d.e. lang vokal (jf. Jónsson 1894 s. 207: «Magnús ɔ: magnū s»). Det vert stadfest av rimet i nokre vers: Sigv 12,25 (ca. 1040) ÞjóðA lv 10 (1047) BjH 6 (ca. 1050) Kolli 2 (ca. 1140) Magnúss fǫður húsi Magnús í grǫf fúsir kappfúsum Magnúsi sóknfúss an Magnúsi I dei tvo siste versi er dessutan namnet plassert soleis at «etterlekken» -nús- fær metrisk hovudtrykk; versi er av Sievers type E og skal lesast. Eit dilikt tilfelle av tilmåting av eit framandt namn til den ditematiske strukturen er Dávíð(r), der både metrisk type (A2k) og rim i dette verset or Harmsól syner tydeleg at etterlekken hev sidetrykk og lang vokal: Has 48 (1100-t.) Dávíð konungr síðan I dette tilfellet er den latinske formi kvantitativt lik (Dāvīd), men det gjeld ikkje for Magnús, der kvantiteten er motsett i det latinske upphavet, māgnŭs. Noreen

112 Klaus Johan Myrvoll (1923 126, anm. 3) hev ikkje nokor uttyding til dette tilhøvet, men det må helst vera soleis at lengdi er avgjord av strukturen i dei ditematiske norrøne namni, som i regelen hadde langstava etterlekk, jamvel dei som var reduserte, som Óláfr og Þórlákr. At ein slik analogi kunde vera verksam, ser me òg av varianten Dáfiðr, -finnr etter Fiðr, Finnr (Noreen 1923 358, anm. 1), der ein hev teke stiget fullt ut og laga eit ditematisk, «heimlegt» namn av det. 4. Uppløysing Når tvo stavingar saman fyller éin posisjon i versemålet ved den ovringi som vert kalla uppløysing, må ein ganga ut frå at den andre stavingi er trykklett. Det er difor interessant å merkja seg at namnet Sigurðr, som gjeng attende på eit samansett *Sig-vǫrðr (de Vries 1962 s.v. Sigurðr), kann standa i ein slik posisjon i eit par skaldevers: ÞjóðA lv 15 (ca. 1055) ESk 6,8 (1153) Sigurðr eggjaði sleggju Sigurðr hygg at því snøggum I andre vers fyller namnet tvo posisjonar, der den fyrste hev trykk: Rdr 2 (ca. 850) Korm 1,2 (ca. 960) ÞKolb 1,1 (1007) ÞjóðA 3,29 (ca. 1065) ESk 4,1 (ca. 1150) ESk 5 (ca. 1150) Kolli 4 (ca. 1140) mǫgr Sigurðar Hǫgna hjarls Sigurði jarli brœðr Sigurðar œðri Sigorðar kom norðan eykr hjaldr Sigurðr skjaldar gagn Sigurðar magni dráp Sigurðar vápna Me ser at dei fleste versi er av type D, med tvo tunge posisjonar fremst i verset, og i eitt vers fylgjer namnet etter eit ord med sidetrykk, d.e. ESk 4,1 (type A2k). Det er truleg ikkje tilfellelegt. Ei form som Sig-urðr, med fonologisk stuttstava fyrelekk fyre etterlekk på vokal, var metrisk tvitydig. Hans Kuhn (1983 s. 54) gjeng ut frå at ord som vit-orð og ver-ǫld (og då òg Sig-urðr) talde metrisk likt med ord som vita og búa, som kunde fylla berre éin posisjon i versemålet (med uppløysing). Men dei yverleverte tekstene tyder heller på at fyrelekken i slike samansetjingar talde som lang, som når stavingi stod fyre ordgrensa (vit#), med andre ord at ord- og komposisjonsgrensa hadde same verknad på stavingi fyre; det meinte òg Sievers (1893 37, 3). Det kann likevel tenkjast at skaldane freista å lata vera å nytta slike former, og at dei, når dei nytta deim, plasserte deim i umgjevnader der dei like godt kunde tolkast som stutte som lange, d.e. i type D og type A2k. I båe typane kjem den tvitydige stavingi like etter ei onnor staving med trykk (hovud- eller sidetrykk), og i den posisjonen er stutt staving likeverdig med lang i germansk metrikk (jf. Sievers 1893 9, 2). Det einaste undantaket til dette er Þjóðólfr Arnórssons Sigorðar kom norðan, der lekken Sig- må vera lang og bera hovudtrykk.

Skaldemetrikk som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn 113 5. Craigies lov I fjorde posisjon i dróttkvætt kann det berre standa stavingar med anten lang vokal (bú) eller med stutt vokal + stutt konsonant (vit), men aldri stavingar med lang vokal + konsonant (búð) eller stutt vokal + lang konsonant (vitt). Dette vert kalla Craigies lov etter William A. Craigie som uppdaga restriksjonen (Craigie 1900). Eg kallar slike stavingar halvlange då dei tel som lange i versemålet når dei stend fyre ord- eller komposisjonsgrensa (som her), men som stutte når dei stend fyre vokal (búa, vita). Eit viktugt undantak til Craigies lov er sernamn; dei kann standa (byrja) i fjorde posisjon jamvel um dei hev langstava fyrelekk. Nokre døme: Haustl 1 (ca. 900) Eg lv 22 (934) Korm lv 63 (ca. 970) Háv lv 7 (1002 03) Gunnl lv 13 (1008) raddkleif at Þórleifi bǫðmildr ok Gunnhildar handfǫgr á Írlandi ímgjarna Þórbjarnar malmflaug of Gunnlaugi Me ser at namnet kann ha både lang vokal (t.d. Þór-) og lang konsonant (Gunn-). I båe desse tilfelli kunde ein tenkja seg at lengdi var avstytt (Þór- > Þor-, Gunn- > Gun-), noko som ikkje er uventa i namn, jf. nynorske former som Tolleiv (< Þórleifr) og Tosten < Þórsteinn) med vokal som svarar til norrøn stutt o. Ei slik uttyding av dette undantaket til Craigies lov kann ha noko for seg, men ho kann likevel ikkje gjera greida for at det òg finst namn med både tviljodar og konsonantsamband i fjorde posisjon, som ikkje so lett lèt seg stytta: Korm lv 9 (ca. 970) GSúrs lv 20 (ca. 975) Háv lv 6 (ca. 1002 03) Þórm 1,9 (ca. 1025) orð mart við Steingerði skjaldsteins frá Ingjaldi blóðísi Geirdísar hjǫrgaldrs með Rǫgnvaldi Det kann i alle høve ikkje vera tilfellelegt at det er namni skaldane gjer eit undantak for, og venteleg heng dette i hop med det tilstemnet me ser til at namn lettare vert reduserte enn andre ord (jf. fotnote 8); namni kunde soleis lettare «passera» som halvlange. Namnet Nór(v)egr / Nor(v)egr Alt som hev vore drege fram so langt, hev vore døme på kva skaldemetrikken kann segja um den reint ljodlege voksteren av namni. Heilt til slutt skal me sjå på eit namn der metrikken òg kann vera med og kasta ljos yver sjølve etymologien. Det gjeld landsnamnet Noreg, som i klassisk norrønt mål jamnast vert normalisert til Noregr, jf. t.d. IED. Likevel er det, som òg IED peikar på, soleis at namnet hev konsekvent lang ó i skaldespråket (Nóregr) der me kann sjå det av rimet. Det gjeld i desse versi frå 900- og 1000-talet:

114 Klaus Johan Myrvoll Gráf 6 (ca. 970) Vell 23 (ca. 986) Sigv 3,13 (1019) Sigv 11,15 (ca. 1038) Steinn 3,15 (ca. 1070) Nóregs konungr stóra Nóregr saman fóru Nóregs þinig fórum Nóregs ok gef stórum Nóregs konungr stórum Den vanlege etymologien til namnet er eit upphavlegt *Norð(r)-vegr landet mot nord, jf. Falk og Torp 1910, som segjer beint fram at «Norge [...] ist aus *norð-vegr entstanden», og ikkje nemner andre uttydingar. Etterlekken er i alle høve ordet vegr m. i tydingi land, eigenleg kant, ætt, og *Norð(r)-vegr skal vera laga som parallell til austrvegr (Gardarike o.fl.), vestrvegr (landi vestanfor Nordsjøen) og suðrvegar flt. (landi mot sud, Sud-Tyskland, Italia) (Hægstad 1908 s. 2). Til studnad for denne etymologien vert det framført at dei eldste formene av namnet i utlendske kjeldor syner halden ð. Det gjeld fremst i den gamalengelske fråsegni um ferdene åt nordmannen Ottar, der landet vert kalla Norðweg (attved norðmannaland). Handskrifti (kong Alfreds «Orosius») er frå slutten av 800-talet, men er diverre uheil, so den aktuelle staden er henta frå ei avskrift frå det 11. hundradåret (etter Hægstad 1908 s. 1). Dessutan finst latinske former, Northwegia og Nortwegia i ei fransk soga frå um lag 900, Norwegia i ei saksisk årbok frå midten av det 10. hundradåret, og hjå Adam av Bremen (ca. 1070, handskrift frå det 13. hå.) heiter det mest Norvegia, men òg Nordwegia, Nordveia, Norveia og Norguegia (alt etter Hægstad 1908). Den eldste norderlendske formi av namnet (um me ser burt frå skaldedikti) finn me på Jellingsteinen i Jylland frå ca. 980, der Harald Gormsson skryter av at han vann «all Danmark og Noreg». Der er skrivemåten nuruiak, d.e. Norwægh (akk.), utan ð (DR nr. 42). Denne og dei norrøne formene Nor(v)egr, Nóregr hev ein vilja tyda ut med at ð-en hev falle burt i stoda millom tvo konsonantar, og at rotvokalen so evt. hev vorte lengd ved vederlagslengjing (sjå t.d. Hægstad 1908 s. 3). Det er tvo problem med den uttydingi: (1) Det finst ingen parallell til det hevda ð-burtfallet i namn med Norð- til fyrelekk, og (2) det er ikkje regelen at det vert vederlagslengjing når konsonanten som fell burt, ikkje er i direkte kontakt med vokalen. Eit upphavlegt *Norðrvegr kann soleis vanskeleg leida til skaldediktsformi Nóregr. Ein truleg vokster av *Norðrvegr vilde vera fyrst burtfall av den andre r-en til *Norðvegr, eit burtfall som er ålment i samansetjingar (Falk og Torp 1910 s.v. nord), og so burtfall av ð-en til Norvegr, ei form som òg er funnen i norrøne handskrifter (Hægstad 1908 s. 2; Noreen 1923 235, 1 f), og endeleg burtfall av v-en til Noregr. I denne voksteren er det ikkje rom for skaldediktsformi Nóregr. Koss skal so den lange vokalen i Nóregr tydast ut? Eg meiner det er på tide å henta fram att ei onnor tolking av landsnamnet, fyrst framsett av studenten Niels H. Trønnes i 1847. Han hevda at Nor- i landsnamnet ikkje kunde vera norð-, for då skulde ein venta ein uttale med tjukk l i austnorske målføre, og han hadde heller ikkje funne nokor form *Norðvegr i norrøne skrifter. Trønnes sette difor landsnamnet i samband med det norske ordet nor n. «trang Fjord eller Indsø» (jf. Aasen 1873: «Nor (oo), n. (og m.), Sund, Strøm, smalt Vand-

Skaldemetrikk som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn 115 drag») og meinte at det eigenleg tyder «Strøget (vegr) med de trange Fjorde og Indsøer (nórar), Sund-Landet» (Trønnes 1847 s. 71). Hægstad (1908 s. 4) hev rett i at motlegget um at ein skulde venta austnorske former med tjukk l, «ikkje hadde stor vegt»; um ð-en hadde kvorve burt alt i gamalnorsk, kann me ikkje venta nynorske former med tjukk l. Men påpeikingi av at ei form *Norðvegr ikkje er funni i norrøne skrifter, er sann nok. Trønnes fær ein viss studnad i ordboki åt Cleasby og Vigfusson (Oxford 1869 74), der det heiter millom anna (IED s.v. Noregr): The etymology of the latter part = vegr is subject to no doubt, and the former part nór is prob. from norðr, qs. the north way; yet another derivation, from nór = a sea-loch, is possible, and is supported by the pronunciation and by the shape of the country, a strip of land between sea and mountains, with many winding fjords. I 1897 vart Trønnes etymologi framsett på nytt, men då med større tyngd med di det var den kjende svenske filologen Adolf Noreen som hevda honom. Noreen la vekt på at formi med ó var «den äldsta och ojämförligt vanligaste» (s. 22), og på at Jellingsteinen hev skrivemåten nuruiak. Noreen set Nór(v)egr i samband med den germanske stomnen *nōra- «sammanklämd» (m.a. i det nemnde nōr n.) og set namnet um med «regio a[n]gusta», d.e. det tronge eller smale landet, med andre ord ei litt onnor tyding enn den Trønnes rekna med. Formi Norðweg hjå Orosius skal vera sekundær: Visserligen träffas hos Orosius formen Norðweg, men denna beror väl liksom den hittills gällande förklaringen på en folketymologi, som väl till stor del föranledts af ordet Austrvegr. Omvändt har ordet norrønn (fht. nordrōni) nordisk, sedan det specialiserats till betydelsen norsk, genom anslutning till Nór(v)egr fått formen nórrǿnn [...], i något senare fno. nórenn [...], lånadt i fsv. nōren. (Noreen 1897 s. 23) For eigen del vil eg leggja til at ein kontaminasjon med den andre nemningi for landet hjå Orosius, norðmannaland, er truleg, og det same kann gjelda dei latinske formene på kontinentet. I den samanhengen er det interessant å merkja seg at Adam av Bremen hevdar at Norvegia er det «moderne» namnet på landet i staden for Nortmannia (Nordmannia, Normannia), som han òg brukar (Hægstad 1908 s. 2). Dersom det er ei slik kronologisk skifting millom namni, er det ikkje uventande at Norvegia kunde verta umlaga analogisk til Nort(h)- wegia osb. I uttydingi åt Noreen skal då varianten med stutt o, Norvegr, ha kome upp gjenom stytting av vokalen fyre konsonantgruppa, som i norr. Þorsteinn, gott, drot(t)ning o.fl. (Noreen 1923 127, 3). Motsett kunde v-en falla burt etter lang staving og gjeva Nóregr. Eit parallelt tilfelle av slike dublettar hev me ved Þóraldr attved Þorvaldr, båe av *Þórvaldr. Endeleg kunde dei tvo formene Nóregr og Norvegr verta blanda saman og gjeva den vanlege formi Noregr (alt etter Noreen 1923 235, 1 f). På denne måten fær Noreen ei uttyding til alle dei yverleverte formene: Norvegr og Nóregr er båe ulike reduksjonar av eit upphavlegt *Nórvegr (med anten stytting av vokalen eller burtfall av konsonanten v), ein reduksjon som

116 Klaus Johan Myrvoll kann koma av eit strukturelt press mot stavingstypen, jf. dei mange andre vokalstyttingane og konsonantburtfalli i samansetjingar av typen (C) C-C-, t.d. brullaup < brúðlaup (Noreen 1923 127, 4). Formi Noregr er so komen upp «durch kontamination» av Norvegr og Nóregr (Noreen 1923 235, 1 f). Frå eit ljodhistorisk synspunkt er dette ei rekkja produktive hypotesar, som dessutan hev parallellar, i motsetnad til dei mange ad hoc-hypotesane som sermerkjer den eldre uttydingi: 1) at ein ð i det heile skulde kunna falla burt i eit *Norðvegr, 2) at dette burtfallet skal ha gjeve både Norvegr og Nórvegr (i ulike målføre?), og 3) at båe desse formene so skal ha fenge v-burtfall til, i same fylgd, Noregr og Nóregr. Eg skal ikkje konkludera når det gjeld etymologien åt landsnamnet Noreg; til det krevst ikkje minst ei dryfting av det historiske og reale innhaldet i namnet som det ikkje er rom for her. Eg vonar likevel å ha fenge fram at upphavet åt namnet er alt anna enn upplagt, og at dei provi som skaldedikti gjev, må takast med i diskusjonen. Litteratur Benediktsson, Hreinn, 1959: The Vowel System of Icelandic: A Survey of Its History. I: Word. Journal of the Linguistic Circle of New York 15. S. 282 312. 1963: Phonemic Neutralization and Inaccurate Rhymes. I: Acta philologica Scandinavica 26. S. 1 18. Benediktsson, Hreinn (utg.), 1972: The First Grammatical Treatise. Introduction. Text. Notes. Translation. Vocabulary. Facsimiles. Reykjavík. (University of Iceland Publications in Linguistics 1.) Craigie, William A., 1900: On some Points in Skaldic Metre. I: Arkiv för nordisk filologi 16. S. 341 384. DR = Lis Jacobsen og Erik Moltke: Danmarks Runeindskrifter. København 1941 42. Falk, Hjalmar & Alf Torp, 1910 11: Norwegisches-dänisches etymologisches Wörterbuch. Heidelberg. Hægstad, Marius, 1908: Nokre ord um namnet paa landet vaart. I: Norvegia. Tidsskrift for det norske Folks Maal og Minder 2. S. 1 7. IED = Richard Cleasby & Gudbrand Vigfusson: An Icelandic English Dictionary. [1869] 74. Oxford. Jónsson, Finnur, 1894: Fremmede ords behandling i oldnordisk digtning. I: Festskrift til Vilhelm Thomsen fra disciple udgivet i andledning af hans femogtyveårige doktorjubilæum 23 marts 1869 23 marts 1894. København. S. 204 229. 1901: Det norsk-islandske skjaldesprog omtr. 800 1300. København. 1920: Norsk-islandske kultur- og sprogforhold i 9. og 10. årh. (Det Kgl. Danske Videnskabers Selskab. Historisk-filologiske Meddelelser 3: 2.) København. Kuhn, Hans, 1983: Das Dróttkvætt. Heidelberg. Lex.poet. = Lexicon poeticum antiquæ linguæ septentrionalis. Ordbog over det norskislandske skjaldesprog. Oprindelig forfattet af Sveinbjörn Egilsson. Forøget og påny udgivet for Det Kongelige Nordiske Oldskriftselskab ved Finnur Jónsson. 2. utg. 1913 1916. København. Males, Mikael, 2011: Egill och Kormákr tradering och nydiktning. Maal og Minne 1/2011. S 115 146. Noreen, Adolf, 1897. Svenska etymologier. Upsala. (Skrifter utgifna af K. Humanistiska Vetenskapssamfundet i Upsala. V. 3.)

Skaldemetrikk som kjelda til etymologi og ljodleg vokster av norske namn 117 1923: Altnordische grammatik 1. Altisländische und altnorwegische grammatik (laut- und flexionslehre) unter berücksichtigung des urnodischen. Vierte vollständig umgearbeitete auflage. Halle. Seim, Karin Fjellhammer, 2004: Runologi. I: Handbok i norrøn filologi. Red. av Odd Einar Haugen. Bergen. S. 119 174. Sievers, Eduard, 1893: Altgermanische metrik. Halle. (Sammlung kurzer Grammatiken germanischer Dialekte. Ergänzungsreihe 2.). Skj. A/B = Den norsk-islandske skjaldedigtning. Udgiven af Kommissionen for det Arnamagnæanske Legat ved Finnur Jónsson. 1 2. A. Tekst efter håndskrifterne. B. Rettet tekst. 1912 15. København Kristiania. Skomedal, Trygve, 1992: Strukturen i norrøn metrikk. Nokre tankar til etterprøving. I: Eyvindarbók. Festskrift til Eyvind Fjeld Halvorsen 4. mai 1992. Red. av Finn Hødnebø m.fl. Oslo. S. 291 301. Trønnes, Niels H[alvorsen], 1847: Udledelse af nogle Norske Sted- og Folkenavne. I: Norsk Tidsskrift for Videnskab og Litteratur 1. S. 65 84. Vries, Jan de, 1962: Altnordisches etymologisches wörterbuch. 2. aufl. Leiden. Aasen, Ivar, 1873: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Omarbeidet og forøget Udg. af en ældre «Ordbog over det norske Folkesprog». Christiania. Avstyttingar Arn = Arnórr Þórðarson BjH = Bjarni Hallbjarnarson gullbrárskáld Eg = Egill Skallagrímsson ESk = Einarr Skúlason Gráf = Gráfeldardrápa (Glúmr Geirason) GSúrs = Gísli Súrsson Gunnl = Gunnlaugr ormstunga Has = Harmsól (Gamli) Haustl = Haustlǫng (Þjóðólfr ór Hvini) Háv = Hávarðr ísfirðingr Hfr = Hallfrøðr Óttarsson vandræðaskáld Hókr = Haldórr ókristni HolmgB = Holmgǫngu-Bersi Hornkl = Þórbjǫrn hornklofi Jóms = Jómsvíkingadrápa (Bjarni byskup) Jǫk = Jǫkull Bárðarson Kolli = Kolli enn prúði Korm = Kormákr Ǫgmundarson lv = lausavísa Ólhelg = Óláfr helgi Ótt = Óttarr svarti Rdr = Ragnarsdrápa (Bragi) Rst = Rekstefja (Hallar-Steinn) Sigv = Sigvatr Þórðarson Steinn = Steinn Herdísarson ÞjóðA = Þjóðólfr Arnórsson ÞKolb = Þórðr Kolbeinsson Þórm = Þórmóðr Kolbrúnarskáld ÞSær = Þórðr Særeksson Vell = Vellekla (Einarr skálaglamm) Zusammenfassung Skaldenmetrik als Quelle zu Etymologie und Lautgeschichte norwegischer Namen Ziel des Artikels ist, zu zeigen, in welchem Maße die altnordische Metrik benutzt werden kann, um verschiedene Stadien in der historischen Entwicklung von Namen nachzuweisen. Das strengste der altnordischen Versmaße, das Dróttkvætt, stellt spezifische Anforderungen an Silbenlänge und Reim, wo-

118 Klaus Johan Myrvoll durch oft sowohl Quantität als auch Qualität der Vokale bestimmt werden können. Der Artikel befasst sich vor allem mit der Umbildung, die die ursprünglichen dithematischen (zusammengesetzten) Personennamen durchliefen, und bei der sowohl Vorder- wie Hinterglied des Namens phonologisch reduziert werden können. Schließlich werden auf Grundlage von skaldenmetrischer Evidenz zwei vorgeschlagene etymologische Erklärungen des Landnamens Nóregr (Norwegen) bewertet. Klaus Johan Myrvoll Universitetet i Oslo k.j.myrvoll@iln.uio.no