Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Tenesteutvalet 26.10.2009 022/09 MGAK Kvam formannskap 27.10.2009 051/09 MGAK Kvam heradsstyre 10.11.2009 096/09 MGAK Avgjerd av: Heradsstyret Saksh.: Eirik Haugsøen Oma skule - vurdert som Arkiv: N-132 Objekt: Arkivsaknr 08/1318 Samandrag: Kvam heradstyre har i samband med avvikling av grendeskulane gjeve administrasjonen i oppdrag å vurdera Oma skule for bruk som Dette er nå gjort ved at det er utarbeida eit skisseprosjekt i samråd med brukarar, administrasjon og arkitekt. Skisseprosjekt gjev plass for: * 18 barn i ein avdeling i 1. etg. * inngang og garderobe i underetasjen for 6 tilsette * Utleige i underetg. Kostnadstabell Kostnad kr/m2 BTA Areal m2 Sum Nybygg 19154,- 88 1.686.000 Ombygging 14366,- 305 4.382.000 Takoverbygg 7000,- 20 140.000 Utomhus 1.000.000 7.298.000 Det vert teke atterhald om ein del usikre moment på kostnadstabell Løysingane ein har kome fram til er basert på korleis ein best kan nytta eksisterande hus. Ei ombygging til barnehage krev inngang frå underetg. for evt. rullestolsbrukarar. Det krev heis til 1. etg. Personalgarderobe m.m. er lagt til underetg. I 1. etg. er kontor/personalrom og alle rom for barnehageborna lagt. Huset må ombyggjast mykje for å fylla dei nødvendige funksjonane som barnehagen krev. Nokre funksjonar let seg ikkje løysast utan at det vert gjort ein påbygging av huset. Det gjeld inngangsparti, grovgarderobe m.m. For å få til dette må det byggjast på 80 kvm. Det vert ledig lokale i underetasjen som ikkje kan nyttast til barnehagelokale, men t.d. til utleige til ulike føremål, samla 88 kvm. Vi kan pårekna ei inntekt ca. 50.000 i året. Det vil finansiera ca. 0,5 mill. av investeringa.
Eksisterande barnehage kostar heradet pr år kr. 112.500. Dette gjer grunnlag for ein investering med storleik ca 1 200 000-1 500 000 kroner ut frå vanlege økonomiske vurderingar. Denne summen dekkar ikkje investeringsbehovet til å byggja om Oma skule til Rådmannen meiner difor at Kvam heradstyre også må vurdera å byggja ut Strandebarm barnehage til å ta imot borna frå Oma Dette krev nybygg til borna, ca. 100 kvm leikeareal, medan personalromma ikkje treng utvidast. Samla investeringsbehov kan verta ca. 2,5 3 mill.kroner. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: imot borna som i dag har barnehageplass i Oma 27.10.2009 Kvam formannskap Tilleggsframlegg Marie Fraas Aksnes, Sp: Rådmannen skal alternativt legga fram kostnadskalkyle på å bygga ny barnehage på Oma. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke Marie Fraas Aksnes, Sp sitt framlegg til tillegg fekk 4 røyster og vart ikkje vedteke. Desse røysta for: Marie F. Aksnes. Sp Martin Vik, Sp Harald Kjosås, Krf Arild Berge, DU Desse røysta mot: Ordførar Astrid Farestveit Selsvold Nils Drage, Ap Even Øyri, Ap Oddvar Brakestad Saksordførar: Martin Vik, Sp FSK-051/09 Tilråding: imot borna som i dag har barnehageplass i Oma
26.10.2009 Tenesteutvalet Framlegg til vedtak frå Astrid Selsvold, Ap: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Samrøystes vedteke. TEN-022/09 Tilråding: imot borna som i dag har barnehageplass i Oma Saksordførar: Gunnar Skeie, Ap 10.11.2009 Kvam heradsstyre Framlegg til vedtak: Tilråding frå TEN Framlegg til vedtak: Tilråding frå FSK Framlegg til vedtak frå Sp v/ Marie F. Aksnes: Rådmannen sitt framlegg til vedtak med tillegg: Rådmannen skal alternativt legga fram kostnadskalkyle på å bygga ny barnehage på Oma. Tillegsgframlegg til vedtak frå Sv v/ Randi Storaas: Kvam heradstyre ber rådmannen vurdera vidare drift av barnehagen på Oma i samsvar med ynske frå bygda. Heradstyret ynskjer vita kostnadene med å byggja ny barnehage på Oma, samt kostnadene ved ombygging av Oma skule der ein berre nyttar den eine høgda, som skissert frå SU ved barnehagen. Framlegg til vedtak frå Lars R. Djupevåg, V: Tilråding frå FSK med tillegg: Vurdering av ulike alternativer til barnehage for Oma skal også vektleggja om det er mogeleg å redusera bemanningsnorma i tråd med Trygge Barnehagar si bemanningsnorm. D.v.s. at framtidige driftskostnader inkl. bemanning skal vurderast.
Sp trekker framlegget sitt Tillegsframlegg frå Sv v/ Randi Storaas: Framlegget fekk 17 røyster og vart vedteke Tilleggsframlegg frå V v/ Lars Djupevåg: Framlegget vart samrøystes vedteke Framlegg tilråding frå FSK og TEN: Framlegget vart samrøystes vedteke HST-096/09 Vedtak: imot borna som i dag har barnehageplass i Oma Kvam heradstyre ber rådmannen vurdera vidare drift av barnehagen på Oma i samsvar med ynske frå bygda. Heradstyret ynskjer vita kostnadene med å byggja ny barnehage på Oma, samt kostnadene ved ombygging av Oma skule der ein berre nyttar den eine høgda, som skissert frå SU ved barnehagen. Vurdering av ulike alternativer til barnehage for Oma skal også vektleggja om det er mogeleg å redusera bemanningsnorma i tråd med Trygge Barnehagar si bemanningsnorm. D.v.s. at framtidige driftskostnader inkl. bemanning skal vurderast. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 08/1318 5 280809 Kalkyle for skisseprosjekt for Oma barnehage Arkitektfirma Vaardal Lunde For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010838&dokid=316517&
Saksopplysningar: Kvam heradstyre har i samband med avvikling av grendaskulane gjeve administrasjonen i oppdrag å vurdera Oma skule for bruk som Dette er nå gjort ved at det er utarbeida eit skisseprosjekt i samråd med brukarar, administrasjon og arkitekt. Heradet sin barnehage held i dag til i ungdomshuset på Oma. Personalet har etter oppfordring frå administrasjonen gått gjennom: Sjekkliste for registrering av fysiske tilhøve i barnehagar og skular. Eksisterande barnehage manglar fleire vesentlege kvalitetar som ein forventar av ein moderne Skjema for sjekkliste til bruk ved HMS vernerundar. Stor trivsel, og elles mangelfulle kvalitetar med omsyn til bygningsmessige tilhøve Bygningen inneheld ikkje dei kvalitetane man forventar seg Det er utarbeidd ei løysing for bruk av Oma skule til Løysingane ein har kome fram til er basert på korleis ein best kan nytta eksisterande hus. Ei ombygging til barnehage krev inngang frå underetg. for evt. rullestolsbrukarar. Det krev heis til 1. etg. Personalgarderobe m.m. er lagt til underetg. I 1. etg. er kontor/personalrom og alle rom for barnehageborna lagt. Huset må ombyggjast mykje for å fylla dei nødvendige funksjonane som barnehagen krev. Nokre funksjonar let seg ikkje løysast utan at det vert gjort ein påbygging av huset. Det gjeld inngangsparti, grovgarderobe m.m. For å få til dette, konkluderer arkitekten med at det må det byggjast på 80 kvm. Kostnadstabell Kostnad kr/m2 BTA Areal m2 Sum Nybygg 19154,- 88 1.686.000 Ombygging 14366,- 305 4.382.000 Takoverbygg 7000,- 20 140.000 Utomhus 1.000.000 7.298.000 Eksisterande barnehage kostar heradet pr. år kr. 112.500. Dette gjer grunnlag for ein investering med storleik ca 1 200 000-1 500 000 ut frå vanlege økonomiske betraktningar. Denne summen vil ikkje strekkja til for å gå til ein godkjent barnehage på Oma skule. Vurdering: Drift av dagens barnehagar er endra i høve til tidlegare. Barna er yngre og det er behov for andre kvalitetar enn det var for nokre år sidan, m.a. soveplassar. Dette gjer at arealet som Oma barnehage nyttar i kjellaren på ungdomshuset i dag framstår som lite egna. Alternativ til ombygging på Oma skule, kan vera å leggja ned Oma barnehage og utbyggja Strandebarm barnehage til å ta imot ei ny barnehagegruppe. Då vil ein kunna nytta eksisterande personalrom, kontor m.m. i Strandebarm barnehage og nybygg-behovet vil vera avgrensa til lokale for barn, ca. 100 kvm nybygg, d.v.s. ca. 2,5 mill. kroner. Generelt sett einavdelingsbarnehage dyrare i drift enn der ein kan samarbeida på tvers av avdelingar og nytta personalet meir fleksibelt. Kvam herad slit med rekruttering av førskulelærarar, spesielt i ytre strøk, og vi bør vurdera om det er lettare å rekruttera fagpersonell til fleiravdelingsbarnehagar.