MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset/Jostedal Samfunnshus. Møtedato: 20.05.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 15.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Ivar Kvalen, Geir Arve Sandvik, Marita Aakre Tennø, Jon Ove Lomheim, Ernst Veum, Anette Stegegjerdet Norberg, Morten Johan Vigdal. Oddny Urnes, som deltakar i styringsgruppa, møtte i del av sak 56/15, utgreiing pleie og omsorg. Rådmann Jarle Skartun. Assisterande rådmann John Olaf Røhme og seniorrådgjevar RO Ingvar Rolstad deltok i del av sak 56/15, utgreiing pleie og omsorg. Jan Magne Svåi deltok i sak 52/15. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 48/15 15/1393 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 49/15 15/1308 Lustramarknaden 2015. Finansiering 50/15 15/1455 Årets bedrift 2015 - ikkje offentleg inntil overrekking på Lustramarknaden. 51/15 15/541 Kjøp av terrassetomter Beheim 2. Søknad om betalingsplan 52/15 14/2827 Brannsikringstiltak Solvorn Drift og vedlikehaldsansvar 53/15 15/1267 Val av kommunekomite for TV-aksjonen NRK 2015 1
54/15 14/1495 Friluftslivets år 2015. Luster kommune har ynskje om å vere friluftskommune 55/15 15/1236 Busetjing av flyktningar med bakgrunn i dagens flyktningkrise 56/15 15/1394 Referat- og drøftingssaker Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
48/15 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 29.04.15 vart godkjent. Underskrifter: Ernst Veum og Morten Vigdal. 49/15 Lustramarknaden 2015. Finansiering Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Lustramarknaden 2015 får eit tilskot stort kr 50.000. Tilskotet vert finansiert av post 32503.402.14703. 50/15 Årets bedrift 2015 - ikkje offentleg inntil overrekking på Lustramarknaden. Saka vart lagt fram utan tilråding frå rådmannen. Framlegg i møtet vart samrøystes vedteke. Vedtaket er ikkje offentleg før overrekking på Lustramarknaden. 51/15 Kjøp av terrassetomter Beheim 2. Søknad om betalingsplan Det låg føre slik tilråding frå rådmannen; Formannskapet finn ikkje å kunne inngå betalingsplan med Fuhr Bygg AS for kjøp tomtane T1 og T2 ved at kjøpesum for tomt blir fordelt og betalt pr bueining etter kvart som det vert inngått kontrakt på sal. Formannskapet drøfta saka og det vart sett fram slikt felles framlegg i møte; -Fuhr Bygg AS får tildelt ein av terassehustomtane, T1 eller T2. Det vert godkjent betalingsplan ved at kjøpesum for tomt blir fordelt og betalt pr bueining etter kvart som det vert inngått kontrakt på sal. -Ledig terassehustomt vert lyst ut med tilsvarande tilbod om betalingsplan for kjøpesum. -Rådmannen utarbeider framlegg til reviderte reglar for tildeling av kommunale tomtar. Saka vert lagt fram for kommunestyret.
-Fuhr Bygg AS får tildelt ein av terassehustomtane, T1 eller T2. Det vert godkjent betalingsplan ved at kjøpesum for tomt blir fordelt og betalt pr bueining etter kvart som det vert inngått kontrakt på sal. -Ledig terassehustomt vert lyst ut med tilsvarande tilbod om betalingsplan for kjøpesum. -Rådmannen utarbeider framlegg til reviderte reglar for tildeling av kommunale tomtar. 52/15 Brannsikringstiltak Solvorn Drift og vedlikehaldsansvar Ivar Kvalen og Ernst Veum gjekk frå som ugilde grunna nærståande sine/eigne interesser i eigedommar som er del av tiltaket. Varaordførar Geir Arve Sandvik leia møtet under handsaming av saka. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster kommune tek ansvaret for drift og vedlikehald for brannvarslingsstiltak i Solvorn. Eigendelen for huseigarane vert avgrensa til batterikostnadane inntil kr. 30.000 pr år. 53/15 Val av kommunekomite for TV-aksjonen NRK 2015 Formannskapet legg til grunn at det vert teke personleg kontakt med dei som vert oppnemnde med spørsmål om dei kan stille opp. Formannskapet drøfta saka og det vart sett fram felles framlegg i møte. Komunekomitè vert reoppnemnt med varaordførar som leiar. Ordførar har fullmakt til ev erstatningsval for medlemmar som ynskjer avløysing. Geir Arve Sandvik, leiar Anders Bolstad, Skjolden Gudleik Hovland, Luster Arne Bondevik, Høyheimsvik Hege Urnes, Indre Hafslo Hilde Lerum, Sørheim Svein Norberg, Jostedal John Havellen, Gaupne Jan Magne Søhoel, Luster Sparebank Mona Mossestad, Solvorn Thomas Urnes, Fortun Åshild Hilleren, Veitastrond Sigfrid Ahlin, Hafslo Asborg Leirdal Kjærvik, Gaupne
54/15 Friluftslivets år 2015. Luster kommune har ynskje om å vere friluftskommune Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster kommune vil støtte opp om Friluftslivets År 2015 og arbeide for måla om å gje friluftsliv auka merksemd og varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle deler av befolkninga. Kommunen vil: Støtte opp om lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets År. Legge vekt på omsynt til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid. Stimulere barnehagar og skular til å bruke naturen til leik og læring. Satse på stiar som aktivitetsanlegg. Bruke friluftsliv som eit positiv verkemiddel i folkehelsearbeid. Arrangere Ordføraren sin tur ein open tur med ordførar som turleiar. Stille opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommunen. 55/15 Busetjing av flyktningar med bakgrunn i dagens flyktningkrise Rådmannen synte til brev frå KS som var lagt på saka og supplerte tilrådinga med nytt pkt 2; 1. Med grunnlag i førespurnad i skriv av 23.4.2015 frå statsråd Solveig Horne tilrår formannskapet at Luster kan ta i mot 2 kvoteflyktningar frå Syria i 2015 og 5 i 2016 2. «Luster kommune vil understreke at ei styrking av dei statlege økonomiske ytingane til busetjing av flyktningar, vil betre kommunen sine moglegheiter for å busetje fleire.» Formannskapet drøfta saka og det vart sett fram slike framlegg til endring av pkt. 1 i møte; Marit Aakre Tennø sette fram slikt framlegg; 1. Med grunnlag i førespurnad i skriv av 23.4.2015 frå statsråd Solveig Horne vedtek formannskapet at Luster kan ta i mot 10 kvoteflyktningar frå Syria i 2015 og 5 i 2016. Framlegget fekk 5 røyster(mat, IK, JOL, ASN, MJV) og vert tilrådd. Ernst Veum sette fram slikt framlegg; 1. Med grunnlag i førespurnad i skriv av 23.4.2015 frå statsråd Solveig Horne vedtek formannskapet at Luster kan ta i mot 4 kvoteflyktningar frå Syria i 2015 og 5 i 2016 samsvarande med oppmodinga. Framlegget fekk 2 røyster. (EV, GAS.) Formannskapet slutta seg samrøystes til rådmannen sitt punkt 2. i tilrådinga. Formannskapet ber rådmann gjere nærare vurderingar på busetjing også utanfor Gaupne og Hafslo sentrum. Formannskapet si tilråding i saka vert oversendt departementet innan fristen 27.05 og saka vert lagt fram for kommunestyret 18.06.
1. Med grunnlag i førespurnad i skriv av 23.4.2015 frå statsråd Solveig Horne tilrår formannskapet at Luster kan ta i mot 10 kvoteflyktningar frå Syria i 2015 og 5 i 2016. 2. Luster kommune vil understreke at ei styrking av dei statlege økonomiske ytingane til busetjing av flyktningar, vil betre kommunen sine moglegheiter for å busetje fleire. 56/15 Referat- og drøftingssaker Eksternt: Vedlegg nr. 1: Samhandlingsnytt for mai.(15/107-5) referert. Vedlegg nr. 2: Kommunalplanstrategi i forhold til kommunereforma. (14/2345-18) referert. Vedlegg nr. 3: Fylkesmannen, revidert nasjonalbudsjett.-referert. Interkommunalt; Vedlegg nr. 4: Protokoll Sogn Regionråd, møte 06.05.15.-referert. Internt: Orientering i møtet: Ordførar: Generalforsamlingar (Luster energiverk, Alarmsentralen,..) Ordføraren refererte frå møta og svara på spørsmål. Møte m/nve, handsaming av 5 søknader om småkraftutbygging. Det vert lagt fram uttalesak på dei aktuelle utbyggingane til politisk handsaming i juni-15. Leiarsamtale med rådmannen, endring vilkår. Samtale er gjennomført og det er avtalt regulering av vilkår med 3,2%. Rådmann: Revidert statsbudsjett, konsekvensar for kommunesektoren. Rådmann orienterte, små utslag for Luster kommune; Skattesvikt vert kompensert med 0,8 mill. kroner og det er endringar i barnehagetilbodet m/graderte satsar og frå nytt barnehageår, gratis kjernetid for 4 og 5 åringar i familiar med inntekter under ei viss grense. Byggeprosjekta; HBU framdrift som planlagt. Torg v/pyramiden stopp grunna usemje mellom kommune og Pyramiden/ eldreråd/ pensjonistlag. Rådhuset mindre interesse for anbodet enn føresett, frist for innlevering er forlenga til først i juni. Bustadprosjektet Gaupne - framdrift som planlagt, arbeid er starta opp. Interkommunalt samarbeid skogbruk. Førebels tilråding om støtte til prosjektet frå Fylkesmannen/landbruksavdelinga tilseier at prosjektet vert sett på skinner.
Næringssaker, ev ikkje off.; Personal og administrative saker, ev ikkje off.: Bemanning leiarstillingar skule og barnehage. Rådmannen orienterte. Drøfting i møtet: Status og utfordringar i PLO dimensjonering av helse- og omsorgstrappa. Ingvar Rolstad frå RO la fram «si» vurdering av utfordringar innan pleie og omsorgstilbodet i åra som kjem for kommunane og Luster kommune spesielt. Det vart lagt fram dokumentasjon og tal frå Luster kommune samanstilt med samanliknbare kommunar. Det vert laga rapport på dette materialet med levering før sommarferien. Rådmannen vert bedd om å informere godt om arbeidet og prosessen også ute i tenestene. Utvida formannskap, som styringsgruppe, drøftar saka vidare over sommarferien. Open post Eventuelt/innspel i møte: Korleis vert arbeidet med kommunereforma vidareført, kva informasjon vert gitt til innbyggarane? Det er mål om å kalla inn arbeidsgruppa til møte før sommarferien der dette vert drøfta nærare. Arbeiderpartiet sine medlemmer bad om at det vert lagt fram sak om ny arbeidsmiljølov til politisk handsaming i juni. Ordføraren vil vurdere oppmodinga og melde tilbake med utgangspunkt i reglement for fremjing av slik sak. Dagsorden for møtedagen; 09.00-10.30 Status PLO, orientering RO. 10.30-10.45 Møte i valstyret. 10.45-11.00 Kaffi/mat. 11.00-13.00 Møte i formannskapet. 13.00- Avreise Jostedal. 13.30- Lunsj Jostedal Samfunnshus. 13.30-15.15 Mat og prat, orientering og omvising; «Status og utfordringar Jostedal oppvekstsenter» Det vart ikkje gjort vedtak i saka.