VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Nina Kvalen Arkivsak nr.: 2008/1514 Arkivkode: F31 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 01.09.08 UTTALE VEDK. ETABLERING AV ASYLMOTTAK PÅ OMRÅDE LEITELAND CAMPING I VOLDA KOMMUNE Administrasjonen si tilråding: 1. Volda kommune er ein internasjonal kommune som ønskjer å ta imot flyktningar og asylsøkjarar til mellombels eller permanent busetjing. Volda kommune ønskjer difor eit eventuelt statleg asylmottak velkomen til Volda. 2. Dersom LINK AS skal etablere asylmottak på område Leiteland Camping krev Volda kommune: a) at dei vert arbeidd for ei desentralisert lokalisering av dei resterande bueiningane slik det vert skissert i pkt. 2 i brev av 26.08.08 b) eit nært samarbeid med driftsoperatør om lokalisering av dei resterande bueiningane c) at det vert arbeidd for eit høgare tal mottaksplassar i desentraliserte bueiningar og tilsvarande reduserer talet plassar/bueiningar på område Leiteland Camping d) at naudsynte bruksløyve etter plan- og bygningslova og meldeplikt etter forskrift av 25.04.03 om miljøretta helsevern vert omsøkt og godkjend 3. Volda kommune ønskjer at det så tidleg som råd vert etablert god dialog, rutinar og samarbeid mellom driftsoperatør og involverte etatar/avdelingar i kommunen, samt med lag og organisasjonar, grendelag og nabolag. 4. Volda kommune føreset at staten dekkjer alle utgiftene vertskommunen har til etablering av asylmottak og tenesteyting til asylsøkjarar. Vedleggsliste: 1. Brev til Volda kommune av 26.08.08 frå LINK AS om etablering av mottak i Volda kommune (gjeld planar for etablering/drift).
2. Brev til Volda kommune av 26.08.08 frå LINK AS om etablering av mottak i Volda kommune (gjeld avklaring/bruk av området Leiteland Camping). 3. E-post til Volda kommune v/ordførar av 11.08.08 frå UDI v/regiondirektøren om Henvendelse om drift av asylmottak. 4. Brosjyra: Vertskommune for statlige mottak, UDI, juli 2008. Uprenta saksvedlegg: 1. Kommunestyresak 61/08 handsama i kommunestyremøte 25.04.08. Samandrag av saka: Tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg aukar kraftig. Prognosen for 2008 er oppjustert frå 10500 i april til 15 000 asylsøkjarar i august. I brev til Volda kommune av 26.08.08 informerer LINK AS om at dei vil leggje inn eit tilbod til Utlendingsdirektoratet (UDI) om etablering og drift av eit asylmottak på 120 plassar i Volda kommune. 100 av desse vil vere faste, medan 20 vil vere stykkprisplassar som UDI kan nytte ved behov. Frist for innsending av tilbod i konkurransen er 05.09.08. Avklaring i UDI vert truleg kort tid etter. Det vert vist til tilsvarande saksutgreiing i kommunestyresak 61/08 handsama i kommunestyremøtet den 25.04.08: Uttale vedk. etablering av asylmottak i Volda kommune. Her vart ulike moment knytt til etablering av asylmottak i Volda kommune utgreidd. Grunna kort frist til saksførebuing også denne gang, har ein valt å sjå på om der no er nye eller endra moment relatert til dei sentrale fokusområda som vart vurdert sist. Saksopplysningar: Prognosen auka til 15 000 asylsøkjarar i 2008 I veke 34 kom det 379 asylsøkjarar til landet. Dei fleste frå Irak, Eritrea og Somalia. Hittil i år har det kome totalt 7 617 asylsøkjarar. Tilsvarande tal for same periode i fjor var på 3 265. Den nye prognosen på 15 000 asylsøkjarar i 2008 utgjer 8 000 fleire enn i fjor og 4 500 fleire enn prognosen ein vart kjend med i april i år. Per veke 34 er det 75 asylmottak i Noreg med til saman 10 567 bebuarar. Mottaka har eit belegg på kring 95 prosent. Totalt 4 000 nye mottaksplassar har blitt oppretta i år. Ved sist utlysning forventa UDI å få 3 000 nye plassar, men det endelege resultatet vart på 1 720. UDI arbeidar difor aktivt for ein kraftig og rask oppbygging av mottakskapasiteten med sikte på å gi asylsøkjarane forsvarlege butilbod medan dei ventar på svar på asylsøknaden. Dette er ein utfordring både for UDI og kommune-noreg. UDI etterspør no 700 plassar i region Midt- Noreg med tilbodsfrist 05.09.08. Prosessen kring etablering av asylmottak Noreg har forplikta seg til å ta imot flyktningar som treng vern. Det følgjer av Flyktningkonvensjonen av 1951. Kven som får vern i Noreg er regulert i utlendingslova. Den slår også fast at asylsøkjarar skal få tilbod om innkvartering medan deira sak er til vurdering. UDI har ansvar for å tilpasse kapasiteten i mottak til behovet for plassar. Den høge tilstrøyminga tilseier behov for kraftig og rask oppbygging av mottakskapasiteten. Regelverket for offentlege innkjøp gjeld for mottaksetablering. UDI avgjer om det skal etablerast asylmottak og kven som skal drifte desse. Kommunane er ikkje part i saka, men har rett til å uttale seg. UDI treng såleis ingen politisk godkjenning for å etablere asylmottak så lenge naudsynte bruksløyve er til stades. Erfaringar viser at etablering av mottak ofte kjem brått på, særleg slik situasjonen er no med raskt aukande plassbehov. Kommunane ønskjer større medråderett og meir og tidlegare informasjon. Dette har UDI merka seg, og har dei siste månadane gått ut meir offensivt med
informasjon til kommunar og media. I juli vart det mellom anna sendt ut brev til alle landets ordførarar med informasjon om: Landsomfattende etablering av nye statlige mottak for asylsøkere. Den 11.08.08 fekk ordføraren telefon frå UDI v/regiondirektøren i Midt-Noreg der det vart informert om at Leiteland Camping AS arbeidde for mogleg drift av asylmottak. Seinare same dag vart dette dokumentert skriftleg frå UDI per e-post til Volda kommune. Ordføraren orienterte formannskapet den 18.08.08 om saka. Den 21.08.08 hadde ordførar og to frå administrasjonen i Volda kommune eit møte med LINK AS og Leiteland Camping AS. Førebelse planar for etablering og drift av asylmottaket vart lagt fram og diskutert. I ettertid har driftsoperatør LINK AS i brev til Volda kommune bede om avklaring på kva som må gjerast før bygningane/område Leiteland Camping kan nyttast til føremålet asylmottak. Brevet er no til handsaming hjå kommunalteknisk avdeling/planseksjonen i Volda kommune. Etablering av mottak kjem ofte også brått på for lokalbefolkninga. Nokre er skeptiske og bekymra for tryggleiken, og det vert etterlyst informasjon om konsekvensar ved etablering av asylmottak i nabolag. Andre er mindre skeptiske og meir opne for etablering av asylmottak og inkludering av asylsøkjarar i lokalmiljøet. Det er eit krav frå UDI at driftsoperatør for asylmottaka tilset det tal personar som er naudsynt for å løyse mottaket sine oppgåver og oppfølging av ein differensiert bebuarmasse. LINK AS peikar på at dei vil ha fem stillingar ved full drift av mottaket i Volda; mottaksleiar, bu- og administrasjonsansvarleg, informasjonsansvarleg, barnefagleg- og aktivitetsansvarleg og ein stilling til bustadoppfølging og bebuarkontakt. I møte 21.08.08 vart det presisert at LINK AS vil tilsetje personar som har pedagogisk og barnefagleg realkompetanse. UDI stiller krav til driftsoperatør om skriftlege rutinar for krisehandtering og melding til politiet ved kriminalitet og vald. Driftsoperatør skal foreta vurdering av risiko og ha planar og tiltak for å redusere eventuelle risikoforhold. Dei er også ansvarlege for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit på mottaket. UDI har forsterka avdelingar ved mottaka i Dale, Setermoen, Hobøl og Leira. Desse har døgnbemanning, og der er alltid to på jobb. Slike tilbod er for bebuarar med særskilde hjelpebehov, og då særleg personar med psykiske problem. Asylsøkjarar mellom 15-18 år som kjem åleine til Noreg får tilbod om å bu i eigne mottak og eigne avdelingar for einslege asylsøkjarar under 18 år. Mottaka skal leggje til rette for og følgje opp at dei ulike aldersgrupper har fritidstilbod som ivaretek deira ønskjer og behov. Det er med andre ord primært ikkje desse gruppene som mellombels skal bu i eit eventuelt asylmottak i Volda. Lokalisering: LINK AS vil leggje inn eit tilbod på etablering og drift av eit asylmottak på 120 plassar der 100 vil vere faste, medan 20 vil vere stykkprisplassar som UDI kan nytte ved behov. LINK AS har inngått intensjonsavtale med Leiteland Camping AS om leige av sju hytter, fire hyblar og kontor/mottaksadministrasjon i underetasjen på administrasjonsbygget. Slik bygningsmassen er i dag, har dei plass til kring 40 bebuarar. Huseigar vil søkje om å få vertikaldele hyttene slik at dei kan framstå som 14 bueiningar, alle med to soverom, kjøkken, stove og bad. Då vil Leiteland Camping få ein kapasitet på 70 plassar. Dei resterande vil driftsoperatør skaffe på ein av to måtar: 1. Etablering av fleire bueiningar på Leiteland 2. Leige/kjøp av desentraliserte bueiningar i kommunen I førre sak vart det i endeleg vedtak og under debatten i kommunestyret særleg påpeika den uheldige konsentrerte lokaliseringa av 125 mottaksplassar på eit lite avgrensa geografisk område i kommunen. 70 mottaksplassar på eit relativt lite avgrensa område på Leiteland Camping kan synast i meste laget. Det vert difor igjen vist til gode erfaringar andre stadar
med desentraliserte bueiningar rundt om i kommunen. Volda kommune ønskjer ein tidleg dialog med driftsoperatør om eit større tal desentraliserte bueiningar enn det Leiteland Camping AS no tek sikte på. Naudsynte bruksløyve etter plan- og bygningslova og meldeplikt etter forskrift av 25.04.03 om miljøretta helsevern må omsøkjast og godkjennast. Kapasitet i det kommunale tenesteapparatet Ein kan ikkje sjå at det har kome særlege nye moment når det gjeld kapasitet i det kommunale apparatet til å tilby naudsynte tenester til inntil 120 asylsøkjarar. Helseavdelinga har framleis eit stort press på sine tenester mellom anna knytt til nye studentar. Det vert frå avdelinga påpeika at psykiatrien treng ytterlegare ressursar. Bygningsmassen på sentrumsskulane er sprengde, men der kan vere kapasitet ved andre skular. Det er ikkje ledige barnehageplassar. Det er lang venteliste etter nyttår. Situasjonen er uendra i barnevernavdelinga. Ein må kunne anta at eit auka vertskommunetilskot langt på veg vil kunne kompensere behovet innan dei ovannemnde områda. Økonomiske konsekvensar: Vertskommunane får tilskot for å kompensere for meirutgifter eit asylmottak gir. I revidert nasjonalbudsjett for 2008 vart satsane dobla med verknad frå 01.07.08. Vertskommunetilskotet har ein ny grunnsats på kr. 392.000,- samt eit tillegg på kr. 4.200,- per mottaksplass. Eit mottak i Volda med 120 plassar vil utgjere kr. 896.000,- per år i vertskommunekompensasjon. Vertskommunekompensasjonen skal dekkje utgifter til helse, barnevern, tolkebruk og administrasjon. Der er eigne tilskot til grunnskule- og norskopplæring, men dei dekkjer ikkje alle kostnader til desse elevane. Sjølv om statstilskotet er dobla, vert ikkje alle utgiftene til vertskommunane dekt opp. Reknestykket varierer frå kommune til kommune. Korleis reknestykket vil sjå ut for Volda kommune, er for tidleg å seie noko om. Vurdering og konklusjon: Volda er ei internasjonal kommune og ein levande stad der folk få alle kantar i lange tider har blitt tatt i mot og fått slå seg ned og feste røter. Kommunen har busett meir enn 400 flyktningar sidan 1987, og er kjend for gode integrerings- og kvalifiseringstilbod for nykomne innvandrarar. Meir enn 130 utanlandske studentar frå 35 land går på Høgskulen i Volda. Lokalisering av eit asylmottak med inntil 120 plassar vil gi eit mellombels butilbod til asylsøkjarar medan dei ventar svar på sin søknad om vern i Noreg. Dei som får positivt svar skal busetjast i ein av landets kommunar. Nokre få vil truleg ønskje seg permanent busetjing i Volda, medan andre ønskjer busetjing andre stader i nærleik til familie, vener, utdanning eller arbeidsmarknad. Det er framleis stort arbeidspress i det kommunale tenesteapparatet i Volda, slik situasjonen er i dei fleste andre kommunar i landet. Vertskommunetilskotet, som vart dobla i revidert nasjonalbudsjett for 2008, må difor nyttast til å styrke dei kommunale avdelingane som vil ha mest arbeid kring ei eventuell etablering av asylmottak og tenestetilbod til asylsøkjarar. Det er forventa at andre offentlege etatar i kommunen også får styrka ressursar for å yte lovpålagde og tilfredsstillande tenester kring ei eventuell etablering av asylmottak og til asylsøkjarane. Det å vise positiv vilje til å busetje flyktningar og asylsøkjarar mellombels eller permanent er eit samfunnsansvar vi alle har som deltakarar i eit internasjonalt fellesskap. Dei lokalsamfunna som er opne og inkluderande vil etter alt å døme vere vinnarar på mange område som bedriftsetablering, rekruttering av arbeidskraft, attraktiv kommune å busetje seg i, tilbakeflytting av unge, tilstrøyming av studentar og turistar m.v. Eit større mangfald i
lokalbefolkninga ser ein også ofte gjenspegle seg i kulturtilbodet, noko som er med å skape synergieffektar også når det gjeld etablering av næringsliv. Med andre ord vil ei eventuell etablering av asylmottak i Volda truleg medverke til økonomiske og sosiokulturelle ringverknader i kommunen. Helse og miljøkonsekvensar: Ikkje vurdert utover det som kjem fram av saksutgreiinga. Beredskapsmessige konsekvensar: Ikkje vurdert utover det som kjem fram av saksutgreiinga. Jarle B Krumsvik adm. sjef Utskrift av endeleg vedtak: UDI Regionkontor Midt-Norge v/lars Steinar Hansen, Peter Egges Plass 2, 7005 Trondheim Kommunenes Sentralforbund v/nina Gran, Postboks 1378 Vika, 0114 Oslo LINK AS, Postboks 413, 3201 Sandefjord