GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA



Like dokumenter
GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Sigrunn Lundestad Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Arnfinn Brekke

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA MØTEBOK

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Arnar Kvernevik. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedl. møtte Frå Arnfinn Brekke Krf Ingen

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

NORDFJORDRÅDET HOVUDUTSKRIFT

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvardagsrehabilitering og Velferdsteknologi

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Mestring og deltaking heile livet

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Framtidige behov for hjelpemiddel

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

1. Mål med samhandlingsreforma

EID KOMMUNE Driftsutvalet HOVUDUTSKRIFT

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Selje kommune MØTEBOK

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Team Sunnmørsgruppa Trygt liv i eigen heim

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Granvin herad Sakspapir

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00. Gloppen kommune 17.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Sigrunn Lundestad Arnfinn Ommedal Hans Myklebust Kristin Sandal Arnfinn Brekke

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Kvam herad. Sakspapir

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval HOVUDUTSKRIFT

Orienteringssaka om velferdsteknologi vil bli behandla i lag med rådet for funksjonshemma.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Aurland kommune Rådmannen

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Folk skal få best mogleg hjelp nærast der dei bur Kommunane får overført stadig fleire oppgåver Tidleg innsats Førebygging

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Transkript:

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 02.06.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 008/14-010/14 Desse medlemmene møtte: Ivar Halland Lene Jordanger Majken Gøransson Rygg Ola Tarjei Kroken Parti Ap Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Maria Hauge Kirsten Kleppe Lyslo Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Ivar Halland Frå adm. møtte: Helse- og omsorgssjef Ragnhild S. Eimhjellen Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 9/14! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Ivar Halland SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 008/14 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 009/14 Referat- og orienteringssaker 010/14 Hovudlinjer for morgondagens omsorg i Gloppen Side 1

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Rådet for funksjonshemma 02.06.2014 008/14 Avgjerd av: Rådet for funksjonshemma Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 14/997-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møtebøka frå rådet sitt møte den 10. mars i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber rådsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. RÅDSLEIAREN SI TILRÅDING: 1. Rådet for funksjonshemma godkjenner møteboka frå sitt møte den 10. mars 2014 2. Rådet for funksjonshemma godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 2. juni 2014. 02.06.2014 RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA 008/14 VEDTAK: 1. Rådet for funksjonshemma godkjenner møteboka frå sitt møte den 10. mars 2014 2. Rådet for funksjonshemma godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 2. juni 2014. Vedtaket var samrøystes. Side 2

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Rådet for funksjonshemma 02.06.2014 009/14 Avgjerd av: Rådet for funksjonshemma Saksbehandlar: Ragnhild S. Eimhjellen Referat- og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 14/996 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 14/7393 I 19.05.2014 Helsedirektoratet Tilskot til etablering og drift av øyeblikkeleg hjelp - døgnopphold i kommunen - utbetaling 2014 Orienteringar: Om organisasjonane i rådet for funksjonshemma Siste møtet i rådet vart dette vedteke: Det vert sett opp orienteringssak på dei komande fyrste møta der medlemmane i rådet informerer litt om dei organisasjonane dei representerer. På komande møte 02.06.2014 orienterer Majken G. Rygg om Blindeforbundet sitt arbeid, Lene Jordanger om MS forbundet og Ivar Halland orienterer om Hørsellaget, HLF. Rådmannen ber om at dei det gjeld førebur seg til å gje ei orientering på møtet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 02.06.2014 RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Orientering frå Majken Gøransson Rygg, Blindeforbundet Starta i 1909, hovudkontor i Oslo. 12 000 medlemmer som er blinde, 180 000 som er svaksynte. Færre og færre medlemmar. Organisasjonen burde vore kalla synshemma sitt forbund fordi den er interesseorganisasjon for blinde og svaksynte. Viktige aktivitetar er opplæring, kurs, rettleiing til hjelpemiddel og rehabilitering. NAV betaler reise til kurs, den enkelte betaler opphald. Hovudmålet er at den blinde og svaksynte skal vere mest mogeleg sjølvhjelpt. Viktige årsaker til synstap er sjukdommar som grøn stær, macula degenerasjon, retinitis. Organisasjonen arbeider for standardisering internasjonalt for t.d. betalingsterminalar. Orientering frå Lene Jorsdanger, MS-forbundet Side 3

10 000 personar i Norge har MS, ca 5000 er medlem i forbundet. Har eitt fylkeslag i Sogn og Fjordane. MS-forbundet driv kursverksemd for at den einskilde som har fått sjukdommen skal få foståelse av korleis det er å ha MS. Held kurs for unge som har fått diagnosen, lettare å leve i uvissa med sjukdomdutviklinga når du kjenner andre unge i same situasjon. Sjukdommen artar seg svært ulikt frå person til person. I Norge er det høg risiko for å få sjukdommen. Det er i dag utvikla bra medisinar som kan stagnere sjukdommen. Fysisik aktivitet er viktig og tilrettelegging i arbeidslivet for å unngå tidleg uføretrygding. Fokus på unge. På å vere i arbeid og på forsking. Orientering frå Ivar Halland, HLF Landsomfattande organisasjon, 19 fylkeslag, eigne kommunelag i Vågsøy og Gloppen. 57 000 medlemmer, ca 15% av befolkninga har hørselproblem, i 2020 er prognosen at 1 mill personar har hørselhemming. Alder og støyskade er dei viktigaste årsakene til hørseltap. Organisasjonen er opptekne av førebygging og informasjonsarbeid, opplæring av likemenn for høyreapparat, tinnitus og meieres sjukdom og cocleaimplantat. Arbeider for å overvinne den høge terskelen for å bruke høyreapparat. Driv i den samanheng enkel hørseltesting på f.eks Sandanedagane. «Behalde jobben» kurs, rehabilitering. Driv interessepolitisk arbeid. --- Til neste møte i rådet 20. oktober 2014 vert Maria Hauge oppfordra om å orientere om NFU og 1. vararepresentant Elisabeth Ravnestad orienterer om Astma- og allergiforbundet. 009/14 VEDTAK: Orienteringane vart tekne til vitande. Vedtaket var samrøystes. Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 02.06.2014 018/14 Rådet for funksjonshemma 02.06.2014 010/14 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Pål Sandal Objekt: Arkiv: 056 Arkivsaknr.: 14/971-1 Hovudlinjer for morgondagens omsorg i Gloppen Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Denne saka er ei oppfølging av tidlegare orienteringssak 3/14 til helse- og omsorgsutvalet angåande framtidas omsorgsutfordringar og bruk av velferdsteknologi. Saksutgreiing: Generelt kan ein seie at ein arbeider med å utvikle tenestene innan helse og omsorg i Gloppen kommune i tråd med Stortingsmelding nr 29(2012-2013), Morgendagens omsorg. Bakgrunnen for meldinga er store endringar i den demografiske utviklinga, endringar i samfunnet generelt og ein ny generasjon eldre med andre interesser og ressursar enn i dag. Stortingsmeldinga set fokus på nye måtar å løyse omsorgsoppgåvene på og har tre hovudsiktemål: Få kunnskap om, leite fram, mobilisere og ta i bruk samfunnets samla omsorgsressursar på nye måtar. Utvikle nye omsorgsformer gjennom ny teknologi, ny kunnskap, nye faglege metodar og endringar av organisatoriske og fysiske rammer. Støtte og styrke kommunane sitt forsknings-, innovasjons- og utviklingsarbeid på omsorgsfeltet. Morgondagens omsorg er eit omgrep som vert nytta i Gloppen kommune for arbeid som er knytt til Stortingsmelding nr 29 og erstattar tidlegare nytta omgrep framtidas velferd. I Gloppen kommune er følgjande aktive tiltak definert under morgondagens omsorg: Kvardagsrehabilitering Frisklivssentral Fallførebyggande treningsgrupper Saman i kvardagen eit tiltak for kronikarar Tiltak som er under utarbeiding: Etablering av øyeblikkelig hjelp - døgntilbud i kommunen. Lokalisert til 1. etg Gloppen omsorgssenter Velferdsteknologi Side 5

Tiltak det er gjort politisk vedtak om å vurdere: Førebyggjande heimebesøk. Metoden legg vekt på å kome ut til innbyggjarane med rådgjeving og med det førebyggje på eit tidleg tidspunkt i alderdomen. Kvardagsrehabilitering, frisklivssentral og fallførebyggande treningsgrupper er tiltak som har vore aktive ein periode og kan vise til resultat som ein kan vurdere vidare aktivitet ut frå. I prosjektperioden er kvardagsrehabilitering om lag 50% finansiert gjennom eksterne tilskotsordningar. Det ligg og inne ein liten del ekstern finansiering i Frisklivssentralen. Øyeblikkelig hjelp er tildelt eksterne midlar og skal vere innført som tilbod i alle kommunar i løpet av 2016. Planarbeidet er gjennomført og praktisk innføring av tilbodet vert snarleg starta opp med mål om full drift frå desember 2014. Kommunen har fått tilskot frå og med 2014 og frå 2016 vert tilskotet lagt inn i dei statlege overføringane. Gloppen kommune er tildelt eksterne midlar for å utvikle eigen kompetanse på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Kr 400 000,- går til kvardagsrehabilitering og kr 160 000,- til det overordna kommunale arbeidet. Kommunen er ynskt som ein samarbeidspart i arbeidet med velferdsteknologi på fylkesnivå i lag med fleire andre aktørar på området. Dei viktigaste aktørane er kommunane Eid, Florø og Førde, Vestlandsforsking, utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester i Sogn og fjordane og NAV hjelpemiddelsentralen. Førebyggjande heimebesøk er ikkje starta i kommunen pr i dag. Tiltaka som er nemnde ovanfor er ikkje dei einaste aktuelle som følgje av Stortingsmelding nr 29, men er dei tiltaka Gloppen kommune har peika ut som mest aktuelle fram til no. Stortingsmeldinga oppmodar og kommunane til å utvikle nye innovative arbeidsmetodar og/eller former for omsorg. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Saka legg opp til ei behandling og godkjenning av hovudlinjene for vidare utviklingsarbeid innan morgondagens kommunale helse- og omsorgstenester. Saka legg til grunn at vidare utviklingsarbeid skal kunne gjennomførast med budsjetterte midlar og tildelte eksterne midlar. Nye tiltak innan velferdsteknologi og innføring av nye arbeidsmetodar, som førebyggjande heimebesøk, fører truleg til auka kostnader. Når vurderingane er klare vert dette lagt fram som eigne saker. Rådmannen si vurdering: Rådmannen legg til grunn i den vidare vurderinga at arbeidsmetodane kvardagsrehabilitering, frisklivssentralen, saman i kvardagen og fallførebyggjande treningsgrupper vert vidareført etter dei planane som er laga. Det vert og lagt til grunn at førebyggjande heimebesøk skal vere del av dei vidare prioriteringane. Øyeblikkeleg hjelp er eit tilbod som kommunen er pålagt å ha i 2016 og må takast med i det vidare arbeidet med morgondagens omsorg. Slik rådmannen ser det bør også velferdsteknologi og andre nye tiltak vurderast. Velferdsteknologi «Velferdsteknologi handler ikke om teknologi men om mennesker.» Kilde: Nils Peter Nissen Side 6

Det at teknologi i seg sjølv ikkje løyser utfordringane er og erfaringa til kommunens tilsette som har samla kunnskap om - og arbeidd med velferdsteknologi. Teknologi utgjer ofte berre 20% av løysinga og 80% vert lagt til menneska som skal nytte teknologien eller legge til rette for bruk. Velferdsteknologi kan likevel opne opp for nye måtar å løyse kvardagsproblema på. Det set folk i stand til å meistre eige liv og helse, og bidreg til at fleire kan bu lengre i eigen heim til tross for nedsett funksjonsevne. Velferdsteknologi kan bidra til å førebygge eller utsette tildeling av helse- og omsorgsteneste. Teknologi som skapar meir trygghet hos brukaren kan også avlaste pårørande for unødvendig uro. Dette er og hovudpunkta i definisjonen av velferdsteknologi som Stortingsmelding nr 29 nyttar: «Med velferdsteknologi menes først og fremst teknologisk assistanse som bidrar til økt trygghet, sikkerhet, sosial deltakelse, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrker den enkeltes evne til å klare seg selv i hverdagen til tross for sykdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsatt funksjonsevne. Velferdsteknologi kan også fungere som støtte til pårørende og ellers bidra til å forbedre tilgjengelighet, ressursutnyttelse og kvalitet på tjenestetilbudet. Velferdsteknologiske løsninger kan i mange tilfeller forebygge behov for tjenester eller innleggelse i institusjon.» Ei arbeidsgruppe beståande av tilsette i Gloppen kommune har undersøkt ein del av løysingane og erfaringane som andre kommunar har gjort seg innan velferdsteknologi. Arbeidsgruppa har medlemar frå heimetenestene, kvardagsrehabilitering og strategi og tenesteutvikling frå rådmannen sin stab. Deler av gruppa har blant anna hospitert i tre andre kommunar for å orientere seg og samle kunnskap. Arbeidsgruppa har erfart at velferdsteknologi rettar seg i all hovudsak mot tre område: fall, einsemd (tryggleik) og demens. Årsaka til dette er at eksisterande teknologi er best tilpassa - og gjev mest effekt innan desse tre områda. For å skaffe meir praktisk erfaring med teknologiske løysingar innan fall, einsemd og demens har kvardagsrehabilitering fått inn velferdsteknologi som ein del av prosjektet. Fokus har vore å undersøke og utarbeide ein oversikt over aktuelle velferdsteknologiske løysingar som kan vere aktuelt å prøve ut og ta i bruk i heimetenestene. Ei anna erfaring arbeidsgruppa har gjort er at det er viktig å kome tidleg inn med velferdsteknologi til brukarane. Det vert difor avgjerande å opplyse slik at innbyggarane vert interesserte og nysgjerrige på å ta i bruk teknologiske løysingar. Nytten av teknologien vert større til betre motivasjon og interesse ein har for å ta det i bruk. Det bør difor planleggast å arrangere ope møte for innbyggarane i kommunen med føremål om å opplyse og skape interesse. Det å kome tidleg inn med teknologi og få motiverte brukarar utfordra systemet slik det er i dag med vedtak heimla i folketrygda og løysingar levert av NAV hjelpemiddelsentralen. Når ein brukar får eit vedtak er ofte alderdomen og helsetilstanden komen så langt at det kan redusere nytte av teknologien. Prognosane viser og at det er urealistisk å legge opp til at kommunane skal betale for ulike løysingar før ein får heimla vedtak. Side 7

Innan temaet velferdsteknologi utviklar det seg eit skilje mellom kva som er tilgjengeleg for den einskilde og som ein kan skaffe seg sjølv, kva som kan tildelast gjennom Folketrygda og NAV hjelpemiddelsentralen og kva som skal vere eit kommunalt ansvar. Skiljet mellom samfunnsansvaret og det individuelle ansvaret vil vere eit av innovasjonsområda til kommunen i tida som kjem. Korleis får vi det til? Og kva vert kommunen si rolle i dette? Arbeidsgruppa kjenner til at lokale elektroleverandørar får spørsmål frå kundar om teknologiske løysingar som skal hjelpe dei å bu i eige hus så lenge så mogleg. Det er heller ikkje uvanleg at unge innbyggjarar som byggjer hus tenkjer på smarthusteknologi (teknologi for å gjere hus tryggare, enklare og meir miljøvennlege). Dette er signal om at innbyggjarane i større grad tenkjer på-, er interessert i- og villige til å betale for velferdsteknologiske løysingar. Rådmannen ser i denne samanheng det som mest tenleg at kommunen utviklar rolla som tilretteleggar. Kommunen er oppdatert på kva lokale leverandørar kan levere og har kunnskap og eventuelt erfaring på dette. Kommunen kan då fungere som ein uavhengig fagleg rådgjevar for innbyggjaren som sjølv avgjer kva han vil investere i og nytte. Ein lokal eller ekstern leverandør leverar produktet og eventuelt tek seg av vedlikehald. Dei kommunalt tilsette vil oppleve å bli utfordra av leverandørar som skal selje produkt i ei slik tilnærming, men gode retningslinjer kan motverke desse kreftene. Produktpåverknad er heller ikkje noko nytt dilemma for mange tilsette. For å auke motivasjonen for å ta i bruk teknologi kan det vere aktuelt å samarbeide om å innreie ei utstillingsleilegheit. Det same gjeld tilførsel av kompetanse på teknologien som inngår i leilegheita. Dette er framleis på eit tidleg tidspunkt i prosessen og administrasjonen treng avklaring i denne saka på om det er noko ein skal gå vidare med. Erfaringa frå kartleggingsarbeidet til arbeidsgruppa er at ei slik leilegheit er viktig for å skape interesse og kome i gang med teknologiske løysingar. Ei leilegheit vil vere nyttig for brukarar, pårørande og våre eigne fagfolk. For å få dette på plass til ein rimeleg kostnad og med god kompetanse vert det tilrådd at kommunen samarbeider med andre aktørar. Dei eksterne midlane på kr 160 000,- er tildelt kommunen primært med tanke på å utvikle ei utstillingsleilegheit. Kommunen kjenner til at det er eit ynskje om ei utstillingsleilegheit frå dei kommunane som er inne på tenking om velferdsteknologi i fylket. Det ligg slik sett godt til rette for eit samarbeid. Det må og seiast at tilsette i Gloppen kommune nyttar det som vert definert som velferdsteknologi i tenestene dag. Dei tilsette nyttar eller legg til rette for relativt avansert teknologi som er heimla i vedtak og skaffa i samarbeid med NAV hjelpemiddelsentralen. Denne saka legg opp til at kommunen skal ta eit steg vidare i bruken av teknologi og at kommunen skal vere ein rådgjevar og tilretteleggar for innbyggjarar som sjølv ynskjer å investere i velferdsteknologiske løysingar. Rådmannen vil igjen presisere at teknologi ikkje er ei løysing i seg sjølv, men eit av fleire verkemiddel for å få gode framtidsretta løysingar. Nye tiltak Side 8

Frivillige sin innsats leverer eit godt bidrag i dag. Å gjere frivillig arbeid har ein eigen verdi og det kan tyde på at det er fleire som ynskjer å bidra, men oppgåvene må klargjerast og dei må koordinerast. Frivillig innsats er slik sett ikkje noko nytt tiltak, men kommunen må vere pådrivar for organisering og koordinering i dialog med dei frivillige. Eldrerådet har tidlegare kome med oppmoding til kommunen om å sjå meir på korleis det frivillige arbeidet vert koordinert og leia totalt sett i kommunen. Det andre tiltaket som kan bidra positivt er aktiv deltaking i forskings-, innovasjons- og utviklingsarbeid. Det er etablert fleire slike utviklingsmiljø nasjonalt og i Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking står sentralt i mykje av arbeidet som skal bidra med ny kunnskap til omsorgssektoren i Sogn og Fjordane. Utviklingsarbeid er heller ikkje noko nytt tiltak i seg sjølv, men det er tenleg å gå meir aktivt inn i det som vert gjort eller teke initiativ til i fylket. Det vert difor i morgondagens omsorg lagt opp til å prioritere relevante prosjekt og ta ei meir aktiv rolle der vi engasjerer oss. Eksempel på dette kan vere å ta rolla som pilotkommune for ein av Vestlandsforsking sine prosjekt. Utbytte av å vere aktiv deltakar er at det vert teke utgangspunkt i vår kommune og våre lokale ramme og det vert direkte tenleg for kommunen. Det å få overlevert erfaringar frå andre kommunar er nyttig, men vil alltid ha utfordringar med seg fordi det er basert på ein annan kommune sine føresetnader. Ved å vere ein aktiv deltakar kan vi vere med på å legge premissa for arbeidet og måla vi skal nå. Avsluttande kommentarar Eit perspektiv som kommunen må ha med seg i arbeidet med morgondagens omsorg er at dei ulike aktivitetane/tenestene heng saman og vil influere på kvarandre. Det er difor viktig å sjå samanhengen og ikkje berre dei enkelte tenestene. Ei god systemforståing blant leiarane og koordinering på sektornivå vil vere to faktorar for å ivareta heilheita i helse- og omsorgsarbeidet. Målsettinga for tiltaka innan morgondagens omsorg er at Gloppen kommune framleis skal vere ein god kommune å bu i og der tenestene vert opplevd som gode. På same tid skal ein bidra til at innbyggarane i størst mogleg grad kan vere sjølvstendige og uavhengige menneske i eige liv. Hovudlinjene for morgondagens omsorg vert: 1. Førebyggjande tiltak og tidleg innsats etter «Gloppenmodellen»: a. kvardagsrehabilitering b. frisklivssentralen c. fallførebyggjande trening d. saman i kvardagen 2. Ansvar for eige liv a. Spørje den moderne eldre korleis han vil ha det i sin kvardag (kartlegging av behov) b. informasjon til innbyggjarane om kva dei kan forvente av kommunal omsorg i tida som kjem 3. Velferdsteknologi Side 9

a. primært til støtte i heimetenestene b. rådgjevar for innbyggjarar som vil skaffe velferdsteknologi c. utstillingsleiligheit i samarbeid med andre kommunar d. dialog med lokale leverandørar 4. Mobilisering og koordinering av frivillig innsats 5. Delta i forsknings-, innovasjons- og utviklingsarbeid innan omsorgsfeltet --- Rådmannen legg opp til behandling av saka i helse- og omsorgsutvalet i to omgangar. Før andre behandling må eldrerådet og rådet for funksjonshemma få høve til å uttale seg i saka. På grunn av endringar i møteplanen har vi ikkje fått til dette enno. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Helse- og omsorgsutvalet godkjenner hovudlinjene for morgondagens omsorg i Gloppen kommune. 02.06.2014 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Jan Arve Søvde (SD): Helse- og omsorgsutvalet meiner saka er mangelfullt utreda og at den vert sendt til administrasjonen for vidare utgreiing. Helse- og omsorgsutvalet ynskjer saka tilbake til behandling når meir heilskapleg saksutgreiing som inkluderer alle lovpålagde helseog omsorgstenester og korleis administrasjonen vil finansiere implementering av prosjekta i drifta, er klar. Framlegg frå Leidulf Gloppestad (Sp): I tillegg til rådmannen si tilråding: Helse- og omsorgsutvalet sender saka attende til administrasjonen for vidare utgreiing. Tankane og idéene bak tiltaket er viktige og riktige å følgje opp vidare. Utvalet bit seg merke i at det i saksutgreiinga vert signalisert ein auka kostnad på sektoren, og vil ha oversikt over desse før utvalet gjer endeleg vedtak i denne saka. Det vart røysta slik: 1. Alternativt mellom framlegget frå Jan Arve Søvde og rådmannen si tilråding: Framlegget frå Jan Arve Søvde: ei røyst Rådmannen si tilråding: tre røyster. 2. Rådmannen si tilråding, med tilleggsframlegget frå Leidulf Gloppestad: tre røyster (mot ei røyst). 018/14 VEDTAK: Side 10

1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner hovudlinjene for morgondagens omsorg i Gloppen kommune 2. Helse- og omsorgsutvalet sender saka attende til administrasjonen for vidare utgreiing. Tankane og idéene bak tiltaket er viktige og riktige å følgje opp vidare. Utvalet bit seg merke i at det i saksutgreiinga vert signalisert ein auka kostnad på sektoren, og vil ha oversikt over desse før utvalet gjer endeleg vedtak i denne saka. Vedtaket vart gjort mot ei røyst. 02.06.2014 RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA 010/14 VEDTAK: Råd for funksjonshemma støttar tilrådinga frå rådmannen. Vedtaket var samrøystes. Side 11