PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

Like dokumenter
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING BARNEHAGANE og BARNEHAGESEKTOREN. Klepp kommune. Barna vår framtid

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Barnehageplan for Vinje kommune

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Bø kommune. Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Velkomen til Mork barnehage

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Tiltaksplan

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Sandeid skule SFO Årsplan

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Øystese barneskule April - 08

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Informasjonshefte Tuv barnehage

10/60-14/N-211//AMS

Handlingsprogram og økonomiplan

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Bærekraftig utvikling

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Velkommen til foreldremøte

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Plan for overgangar. for barn og unge

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Plan for framlegginga

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Vurdering av allianse og alternativ

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kvalitetsplan mot mobbing

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Barnehagesaker. 1) Kompetansestrategien 2) Revisjon av Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver 3) Innmelde korttema

Årsplan 2013/2014 HYLESTAD BARNEHAGE

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Forslag frå fylkesrådmannen

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Du må tru det for å sjå det

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Transkript:

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering

Del 1: Grunnlaget Forord Denne planen er blitt til etter innspel frå barn, foreldre, tilsette, leiing og politikarar i Klepp. Planen har vore drøfta i styrargruppa, i det kommunale foreldreutvalet og med fagorganisasjonane. Planen er endeleg vedteken i hovudutvalet for skule og barnehage. Planen er laga for å få ein felles ståstad for alle barnehagane i Klepp. Han vil vera eit utgangspunkt for vidare prioritering, planlegging, gjennomføring og vurdering i den enkelte barnehagen. I tillegg vil planen synleggjera kva Kleppbarnehagen står for. Planen sitt hovudsiktemål er likevel at barn i barnehagane i Klepp skal få eit best mogleg tilbod. Kvalitetsplanen skal vera retningsgjevande for arbeidet med kvalitetsutvikling i organisasjonen. Kvalitet kan ha ulike fokus. Denne planen omfattar både inntakskvalitet, rammekvalitet, prosesskvalitet og resultatkvalitet. Planen skal også ligga til grunn for barnehageeigar si oppfølging av barnehagane. Dei private barnehagane i Klepp er ein viktig del av det totale barnehagetilbodet i kommunen. Kommunale og private aktørar står saman om å gje barn i Klepp eit best mogleg tilbod. Kvalitetsutvikling i barnehagesektoren i Klepp skal skje i balanse mellom forskingsresultat, politisk-administrativ styring både nasjonalt og lokalt og ikkje minst - kartlagde behov hos barn, foreldre og tilsette i barnehagane i Klepp. Derfor er det naudsynt å kombinera føringane i denne planen med barnehagebasert vurdering og utvikling. Utdanningsdirektoratet sin ståstadsanalyse og Udir si foreldreundersøking, barn sin medverknad og pedagogisk dokumentasjon må derfor også gje føringar for kvar einskild barnehage sine prioriteringar. Kommunen sin visjon Barna - Vår framtid Etaten sin visjon Meir læring for alle livskompetanse og danning leik undring, utforsking og magi Kommunen sin visjon forpliktar. Barn som går i barnehagen i Klepp i 2016-2019 skal vera aktive bidragsytarar i samfunn og arbeidsliv fram mot år 2100. Rammeplanen har eit breitt og heilskapleg syn på læring. Barnehagen si læring omfattar derfor både kognitive, motoriske, språklege, sosiale, etiske og estetiske område. Små barn lærar best gjennom leik. Formelle føringar Denne kvalitetsplanen byggjer på krav og målsettingar i Lov om barnehagar og på «Rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen». Andre sentrale dokument og statlege føringar er NOU 2010: 7 Meistring og mangfald NOU 2010:8 Med forskartrong og lærelyst NOU 2012:1 Til barns beste Stortingsmelding 24 ( 2012-2013) Framtidens barnehage Strategi for kompetanse og rekruttering (2014-2020) Det vil truleg koma ny rammeplan i løpet av perioden. Kleppbarnehagen skal stadig vera i endring og utvikling og i tråd med gjeldande føringar. 2 3

Verdiar Kvart barn skal oppleva seg som verdfull. Kvart barn skal gjennom gode relasjonar, leik, gode opplevingar og varierte læringssituasjonar utvikla positiv sjølvkjensle. DEL 2: Område for kvalitetsarbeid Menneskeverd ulike og unike likeverd meining, meistring og lukke Respekt godta ulikskap mangfald medverknad Omsorg bli sett anerkjenning inkludering 1. Barna i barnehagen i Klepp Barn i barnehagane i Klepp har (hausten 2015) peika på at det viktegaste i barnehagen for dei var Å ha mangfald i leik Oppleva medverknad Ha gode relasjonar og gode venner Oppleva omsorgsfulle og tilstadesverande vaksne Syn på barn Kvart einaste barn er unikt. Kvart einaste barn har krav på og skal oppleva meistring, respekt og likeverd. Barndommen har sin eigenverdi og er mykje meir enn ein fase på vegen og meir enn eit middel til å nå mål som kjem seinare i livet. Barn skal vera ein del av fellesskapet. Fellesskapet sitt ansvar er å løfta barn fram utan krenking og mobbing. Leik Leiken har ein framtredande plass i barna sine liv. I Kleppbarnehagen har leiken eigenverdi, og leik er viktig i barnekulturen. Barna skal bruka sin kompetanse og sitt engasjement til å uttrykkja seg gjennom leiken. Kleppbarnehagen legg til rette for at barna sine mange uttrykksformer får koma fram gjennom rike leikeerfaringar. Læring Barn lærer gjennom å få oppleva og erfara. Undring, utforsking og nysgjerrigheit er heilt sentralt i barn si læring. Læringsomgrepet i barnehagen er heilskapleg og vidt. Det omfattar både kunnskap, haldningar og ferdigheiter og både danning, omsorg, leik, læring, språk og ulike fagområde. Barn i barnehagane i Klepp skal derfor oppleva læring både kognitivt, sosialt, etisk, estetisk og fysisk-motorisk. Barna veks opp i ein digital verd. Personalet må ha digital kompetanse til å møta barn sin nysgjerrigheit og utforsking, og til å inkludera det digitale når det har ein pedagogisk og fagleg verdi. 4 5

Foreldre i Kleppbarnehagen Barnehagelova og rammeplanen føreset et tett og aktivt samarbeid mellom barnehagen og foreldra. Forsking viser at omsorgsfulle og grensesetjande vaksne (autoritative vaksne) lukkast best med oppsedinga. Barnehagane i Klepp vil byggja på dette synet på vaksenrolla i si rettleiing og samhandling med foreldra. Lite varme Autoritær relasjonsakse Forsømmende Mye kontroll Kontrollakse Lite kontroll Autoritativ Ettergivende Mye varme Rammer for barnehagen i Klepp Foreldre i Klepp skal oppleva opptaksreglar som er fleksible og tilpassa barna og familien sine behov. Kleppbarnehagen skal ha eit fysisk miljø som fremjar alle barn si utvikling, som har ein estetisk dimensjon og som bidreg til eit allsidig tilbod av aktivitetar. Utforminga av det fysiske miljøet skal støtta barna si læring. Barnehagebruksplanen, vedteken av Hovudutval for skule og barnehage 23.04.2015, slår fast at det skal vera ein styrar i kvar barnehage. Barnehagane skal ikkje vera større enn 8 10 avdelingar. Kommunestyret i Klepp har vedteke at innan 2020 skal 50 % av personalet i barnehagane ha barnehagelærarutdanning. Resten av personalet bør ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning. Det er eit mål å rekruttera fleire menn og fleire med migrasjonskompetanse. I planperioden skal det arbeidast for å utvida tida til pedagogisk planlegging, støtte og utvikling til beste for barna. Vaksendekking i barnehagane i Klepp har dei siste 20 åra vore 1 vaksen pr. 3 barn under 3 år og 1 vaksen pr. 6 barn over 3 år. Denne norma er viktig for å oppretthalda kvalitetsnivået. Lov om barnehagar 10 m. merknader seier at rettleiande norm for leikeareal inne er 4 m2 for barn over 3 år og 1/3 meir for barn under 3 år. Norma for leikeareal har i Klepp kommune vore 4 m 2 for barn over 3 år og 5,5 m 2 for barn under 3 år. Klepp kommune reknar og som eit minimum at leikearealet ute skal vera 6 gangar så stort som godkjent leikeareal inne. Desse minimumskrava for leikeareal blir også vidareførte. Personalet i barnehagen i Klepp Alle tilsette skal vera profesjonelle aktørar som gjer ein forskjell. Barna skal oppleva kvar vaksen som inkluderande, omsorgsfull og med god relasjonskompetanse. Kvar vaksen skal visa omsorg og ha blikk for barn, slik at kvart barn blir møtt med anerkjenning, respekt og omsorg. Den profesjonelle vaksne i Kleppbarnehagen skal vera varm og tydeleg, og dermed ha ein autoritativ vaksenstil. Dette er grunnpilaren for barn si oppleving av kvalitet. Kvalitet i barnehagen i Klepp skal ein kunna sjå i profesjonaliteten og praksisen til dei tilsette. 6 7

DEL 3: satsingsområda DEL 4: Implementering - Kleppbarnehagane som lærande organisasjonar Barn i Klepp skal oppleva rett innsats i rett tid. Dette skal gjelda uansett føresetnader og bakgrunn. Forsking har grundig dokumentert at grunnlaget for eit god liv blir lagt i barnehagealder. Barnehagane i Klepp har mange born med fleirspråkleg bakgrunn, og Kleppbarnehagen skal sørgja for at alle born blir inkluderte og får delta i fellesskapet. I barnehagealderen blir grunnlaget lagt for god helse og meistring, både fysisk og psykisk. Gutar og jenter skal ha likeverdige forhold i barnehagen. Det inneber at personalet er bevisste på mekanismar som forsterkar kjønnsrollene. Kleppbarnehagane nyttar Utdanningsdirektoratet sin ståstadsanalyse og foreldreundersøking for å finna eigne område for satsing. Vidare vert det halde barnesamtalar og drive pedagogisk dokumentasjon. For å realisera både dei felles satsingsområda og områda som blir avdekka gjennom barnehagen sine eigne analysar, må både personalet og organisasjonen læra og endra seg. Kvar barnehage må ha ein utviklingsplan ( årsplan) med plan for kompetanseutvikling. Barnehagebasert kvalitetsutvikling handlar om at organisasjonen sjølv avdekkjer kva område dei må ta tak i og utvikla. Implementering av statlege og kommunale føringar skal også støtta opp om barna og foreldra sine innspel og behov. Barnehagebasert kompetanseutvikling inneber at tilsette på ulike måtar skaffar seg kompetanse for å realisera kvalitet i tilbodet til barna. Leiarane sitt arbeid med kompetanse- og kvalitetsutvikling er avgjerande for tilbodet til barna. Implementeringa av intensjonar og tiltak i denne planen blir vurdert i samband med kvar årsrapport. Denne kvalitetplanen er vedteken av hovudutvalet for skule og barnehage i møte 21. januar 2016. Mangfald og inkludering Tett foreldresamarbeid Autoritative, omsorgsfulle vaksne Tidleg innsats Styrka tverrfagleg samarbeid Tilstrekkjeleg og kompetente og varierte tilsette Fleksible opptaksreglar Godt, trygt psykososialt miljø 8 9

10 www.klepp.kommune.no