EKSPORTUNDERSØKINGA 2014 Eksportverdien av dei norske kinofilmane frå 2012

Like dokumenter
EKSPORTUNDERSØKINGA Eksportverdien av norske kinofilmar 2011

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EKSPORTUNDERSØKELSEN 2015 Eksportverdien av de norske kinofilmene fra 2013

Eksportundersøkinga 2017 Eksportverdien av dei norske kinofilmane frå 2015

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Høringsfråsegn utredning av økonomi og pengestrømmer i norsk filmbransje

8. Museum og samlingar

11. Bøker og bokomsetning

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

EKSPORTUNDERSØKELSEN 2016 Eksportverdien av de norske kinofilmene fra 2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Forslag frå fylkesrådmannen

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

HORDALANDD. Utarbeidd av

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Samansette tekster og Sjanger og stil

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Lønnsundersøkinga for 2014

Vurdering av allianse og alternativ

Framtidige behov for hjelpemiddel

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kulturhistoriske registreringar

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

12. Færre besøk ved norske kinoar

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL FUZZ AS FOR

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Tilgangskontroll i arbeidslivet

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

NORSK FILMINSTITUTT. Norsk filminstitutt (NFI) er staten sitt forvaltningsorgan for filmpolitikk og rådgivar i filmpolitiske spørsmål.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

«Ny Giv» med gjetarhund

14. Radio og TV. Liv Taule

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brødsbrytelsen - Nattverden

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

nye bøker i 2004

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Budsjett Intern Service Helse Førde

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

MØTEBOK Tysnes kommune

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Transkript:

EKSPORTUNDERSØKINGA 2014 Eksportverdien av dei norske kinofilmane frå 2012 1

INNHALD Samandrag... 3 Om undersøkinga... 4 Bakgrunn... 4 Formål... 4 Omfang og metode... 4 Resultat... 7 Historisk utvikling... 8 2012-filmane på den norske marknaden... 8 Nærare om eksportoppgangen... 8 Bonusspor: eksport av barne-tv drama... 12 2

SAMANDRAG Undersøkinga omfattar 23 norske kinofilmar med premiere mellom 1. januar og 31. desember 2012. Av desse var det seks dokumentarfilmar og to barnefilmar. 16 av dei 23 filmane er selde til utlandet. Den samla verdien av den norske filmeksporten i 2012 er berekna til å vere 57 millionar kroner. Dette er den høgste berekna verdien nokon sinne. Av dette utgjer 23 millionar kroner (41 prosent) førehandssal i ulike former, mens etterhandssalet utgjorde 34 millionar kroner (59 prosent). Utanlandssalet i 2012 ligg 27 prosent høgare enn i 2011. o Veksten i utanlandssalet har vore på 682 prosent sidan 2002 (inflasjonsjustert). o Akkumulert vekstrate for utanlandssalet i perioden 2002 2012 er på 22,6 prosent. Det betyr at salet av norske filmar til utlandet i snitt har auka med i underkant av ein fjerdedel kvart år i perioden. Gjennomsnittleg eksportverdi for 2012-filmane var 2,5 millionar kroner per film. Dette er den høgaste snittverdien som er målt. Oppgangen er på 1,1 millionar kroner samanlikna med 2011 og 0,4 millionar kroner samanlikna med 2010. Fem av 2012-filmane oppnådde ein eksportverdi på over éin million kroner, og fire av desse hadde ein eksportverdi høgare enn fem millionar kroner. Marknaden for sal av film på den internasjonale marknaden er ustabil og prega av store svingingar. Publikumspotensialet til dei enkelte filmane har mykje å seie for den samla eksportverdien til norsk film det enkelte året. 3

OM UNDERSØKINGA BAKGRUNN Norsk filminstitutt (NFI) har sidan 2005 gjennomført undersøkingar av eksporten av norske kinofilmar. Den første undersøkinga omfattar åra 2002 til og med 2004. Sidan har undersøkingane vorte gjennomførte kvart år. Undersøkingane dannar dermed ein historisk serie frå og med kalenderåret 2002. Fram til og med 2007 utførte konsulentfirmaet PriceWaterhouseCoopers kartlegginga av norsk films eksportverdi. Frå 2008 har NFI sjølv stått for datainnsamlinga og analysane. Eksportundersøkinga 2012 er gjennomført i perioden september november 2014. FORMÅL Det er ei målsetting med auka eksport av norske audiovisuelle produksjonar. Målet har mellom anna vorte uttrykt i St.meld. nr. 22 (2006 2007) Veiviseren. For det norske filmløftet og i dei årlege budsjettproposisjonane frå Kulturdepartementet. Formålet med eksportundersøkingane er å følgje utviklinga i utanlandssalet av norsk kinofilm og undersøke om denne utviklinga samsvarer med dei filmpolitiske målsetjingane. OMFANG OG METODE Det var til saman 23 norske kinofilmar med premiere i kalenderåret 2012. For to av filmane har det ikkje vore mogleg å få tak i eksporttal frå produsent. Då det er rimeleg å anteke at det har vore lågt eller ikkje noko eksportsal frå desse filmane er dei likevel teke med i undersøkinga 1. Årets undersøking omfattar derfor alle dei 23 premierefilmane. Opplysningar om dei enkelte filmane er henta inn frå dei respektive produsentane. Vi har bedt produsenten gi oss følgjande opplysningar om dei enkelte filmane: Verdien av sal til utanlandske marknader, dvs. brutto kontraktbeløp (før frådrag av MG 2, salskommisjon og kostnader) for alle utnyttingsvindauge. Korleis salet fordeler seg på førehandssal og etterhandssal. Oversikt over kva for nokre rettar som er selde til dei ulike territoria. 1 Dei to filmane det gjeld er Skvis (Filimo film) og Wide Blue Yonder (Euromax Film Production). 2 MG (minimumsgaranti) er ein garanti salsagenten betaler produsenten når kontrakten blir inngått. Sidan minimumsgarantiar inneber ein risiko, blir dei i hovudsak brukte berre i tilfelle der salsagenten ønskjer å sikre seg ein antatt lukrativ film. 4

Tabell 1) Premierefilmar 2012 Produksjonsselskap 90 minutter 4 1/2 Fiksjon De andre Sperenza Film Flukt Fantefilm Fiksjon Fuck Up Viafilm Inn i mørket Wangsmo Film Into the White Zentropa International Norway Kompani Orheim Motlys Kon-Tiki Nordisk Film Production Liv & Ingmar NordicStories Med trekkspill til Operaen Dokufilm Mer eller mindre mann Ape og Bjørn Når boblene brister Eyeworks Dinamo Reisen til julestjernen Moskus Film Shakespeares skjulte sannhet Videomaker Skvis Filimo Film Som du ser meg Motlys Thale Yesbox Productions Til ungdommen Sant & Usant Tina & Bettina - The Movie Tappeluft Pictures Uskyld 4 1/2 Fiksjon Varg Veum -De døde har det godt Cinemiso Varg Veum -Kalde hjerter Cinemiso Wide Blue Yonder Euromax Film Productions Opplysningane er i hovudsak baserte på salsoppgåver som produsentane har fått frå salsagentane sine. Etter avtale med Norske film- og TV-produsenters forening held eksportundersøkinga for 2012 fast på konfidensialiteten knytt til sals- og inntektsforholda til dei enkelte produsentane. Eksportinntektene er derfor, som i dei tidlegare undersøkingane, berre rapporterte akkumulert, det vil seie som ein samla sum for alle filmane i undersøkinga, og ikkje spesifisert på den enkelte filmen. Formålet med undersøkinga er å vise eksportverdien til norsk filmproduksjon. Den akkumulerte salsverdien som blir oppgitt, er derfor kalkulert som eit bruttobeløp altså før kommisjon/mg til salsagentane er trekt frå. Verdiberekninga er såleis ikkje identisk med dei faktiske inntektene til produsentane frå sal til utlandet. Det kan finnast feilkjelder i det innsamla datamaterialet. I den grad det er tilfellet, er det mest sannsynleg underrapportering på bakgrunn av utelate/gløymd MG. Eksportundersøkinga er gjord to år etter at filmane hadde premiere. Filmane har dermed hatt tid til å nå ut til store delar av marknaden. Samtidig er det filmar som enno ikkje har nådd sitt fulle potensial. Undersøkinga gir derfor ikkje eit endeleg bilete av den samla eksportverdien til filmane. På bakgrunn av desse forholda blir det presisert at eksportundersøkingane berre gir eit overslag over verdien av salet av norsk film til utlandet. Undersøkingane gir seg ikkje ut for å vere 5

eksakte, men søkjer å presentere eit så godt bilete av situasjonen som mogleg. Metoden som ligg til grunn, gir eit moderat estimat. Det er med andre ord grunn til å tru at tala som kjem fram, er underrapporterte heller enn overrapporterte. Sal av rettar skjer som regel i euro (EUR) eller amerikanske dollar (USD), men òg i annan valuta. I undersøkinga er desse beløpa rekna om til norske kroner etter Noregs Banks gjennomsnittlege vekslingskurs for 2012. 6

Eksportverdi MNOK RESULTAT Den samla eksportverdien til filmanene frå 2012 er berekna til å vere 57 millionar kroner. Dette er ein oppgang på 27 prosent samanlikna med 2011, og det høgaste talet som er måla nokon sinne. Samanlikna med 2010, som var det førre toppåret for filmeksporten, er oppgangen på sju prosent. Sidan registreringa av utlandssalet starta i 2002 og til og med 2012 har den samla veksten vore på 682 prosent (inflasjonsjustert). Tabell 2) Eksportverdien av norske kinofilmar 2002 2012. Beløp i millionar kroner (MNOK) 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Etterhandssal 6,4 6,6 6,0 4,6 9,8 8,3 17,9 17,9 36,9 31,4 33,7 Førehandssal 1,0 1,5 7,1 11,3 10,1 13,4 12,5 4,6 16,4 13,6 23,3 Total eksport 7,4 8,1 13,1 15,9 19,9 21,7 30,4 22,5 53,3 45,0 57,0 Akkumulert vekstrate (CAGR) 3 for perioden 2002 til 2010 var den historisk høgaste vekstraten ein har målt for norsk filmeksport med 24,5 prosent. Om ein reknar akkumulert vekstrate frå 2002 til 2012 er denne på 22,6 prosent. Dette betyr at salet av norske filmar til utlandet i snitt har auka med i underkant av ein fjerdedel kvart år i perioden 2002 til 2012. Figur 1) Utviklinga i eksportverdi av norske kinofilmar 2002 2012. 60 50 40 30 20 10 0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Etterhåndssalg Forhåndssalg 3 CAGR-målinga spreier frem- og tilbakegang over heile perioden, slik at vekst (eller svekking) står fram som jamn og lineær. Ved at CAGR-raten eliminerer svingingar frå eitt år til eit anna, gir han eit bilete på tendensen og kor sterk han er gjennom heile perioden. Jo høgare rate, jo sterkare vekst/svekking gjennom perioden. 7

HISTORISK UTVIKLING Den historiske oversikta i figur 1 syner at det var ein jamn auke i utanlandssalet av norsk film frå 2002 til 2008. I 2009 viste salet ein nedgang. Dette hadde truleg samband med den internasjonale finanskrisa, som gjorde at filmkjøparane vart meir forsiktige. I 2010 snur dette, og ein ser ein auke i utanlandssalet av norske kinofilmar. Oppgangen i eksportverdi frå 2009 til 2010 var på 30,8 millionar kroner, tilsvarande 136,8 prosent. I 2010, det førre toppåret for norsk film, vart den filmpolitiske målsetjinga om ei dobling av norsk films eksportverdi frå 2005 til 2010 innfridd med ein margin på 21,3 millionar kroner 4. For 2011-filmane fekk filmeksporten ein ny nedgang. Denne nedgangen har truleg ikkje samband med makroøkonomiske omstende, men er eit resultat av dei aktuelle filmane dette året. Likevel er den samla eksportverdien til 2011-filmane den tredje høgaste som er målt, etter toppåra 2012 og 2010. 2012-FILMANE PÅ DEN NORSKE MARKNADEN I Noreg gjorde 2012 filmane det dårlegare på kino enn filmane frå åra før. Dei samla besøkstala på 2,1 millionar betalande publikummarar og den samla kinomarknadsandelen på 17,8 prosent var den lågaste sidan 2007. Samstundes, samanlikna med åra før 2007 (med unntak av 2003) var óg 2012 eit godt år for norsk kinofilm, og året braut difor ikkje den langsiktig stigande trenden for norsk kinofilm. Dette blir illustrert ved at årlege besøk på over to millionar publikummarar ikkje var oppnådd i nokon år på 1980- eller 1990- talet. Det er likevel interessant å merke seg at 2012-filmane hadde dei lågaste kinobesøkstala sidan 2007, samstundes som filmane har den høgaste eksportverdien målt nokon sinne. NÆRARE OM EKSPORTOPPGANGEN Når eksportverdien av norsk film går opp kan dette kome frå ein priseffekt eller ein volumeffekt. Ein auke i priseffekten kjem når utanlandske kjøparar er villig til å betale meir for norsk film. Volumeffekten vil sei at norsk film sel meir. Dette kan kome frå at fleire norske filmar vert produsert og selt, eller at det vert fleire sal på filmane som vert produsert. Sjølv om det ikkje lar seg gjere å skilje pris og volumeffektane frå kvarandre basert på informasjonen tilgjengeleg i denne undersøkinga er det mogleg å tenke seg at nokre av desse faktorane har mindre innverknad enn andre. Makroøkonomisk var åra 2012 og 2013 svake og prega av uvisse (spesielt på den europeiske marknaden) sjølv om det verste sjokket etter finanskrisa hadde lagt seg. Kombinert med dei nye digitale plattformane og generelt lågare betalingsvilje for audiovisuelle produkt er det grunn til å tru at norske produsentar og distributørar ikkje har hatt betre vilkår for å forhandle prisar for filmane sine på verdsmarknaden. Dette tyder på at det ikkje er høgare prisar og ein priseffekt grunna betre marknadsforhold som ligg bak oppgangen i eksportverdien 5. 4 Jf. St. meld. nr. 22 (2006-2007) Veiviseren. 5 Resonnementet føreset homogene produkt og difor ikkje prisauke med grunnlag i betre kvalitet på filmane. 8

Eksportverdi MNOK Antal filmar Med 23 norske kinopremierar var 2012 eit år på normalen med tanke på kor mange filmar som var lansert på den norske marknaden. Figur 2 viser at talet på norske kinofilmar har vore høgare enn 20 i alle åra etter 2006 med unntak av 2008. Toppåret for tal på lanserte filmar var i 2011. Dette året var det 32 norske filmar som hadde premiere på norske kinoar. Figur 2) Eksportverdi og samla tal på filmar, 2002-2012 60 50 40 35 30 25 30 20 15 20 10 10 5 0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 0 Total eksport Antal filmar I åra frå 2002 til 2007 var det ein utvikling der talet på filmar steig jamt (gul akse) samstundes som det totale eksportsalet steig. Det er lett å tenke seg at delar av oppgangen i eksportverdi her heng saman med den auka filmproduksjonen. I åra frå 2007 ser me at talet på filmar stig meir ujamt, samstundes som samanhengen med eksportverdien ikkje er like eintydig. Om me ser på eksportverdien i snitt per film, figur 3, ser ein òg her at snittverdien er jamt stigande i åra frå 2002. Det vil seie at eksportauken ikkje berre heng saman med auka kinofilmproduksjon. Etter 2007 er snittverdien meir ujamn, samstundes som trenden i snittverdi framleis er stigande. Det vert henta inn meir i eksportsal per film, og observasjonane syner her enda tydelegare at det ikkje er ein direkte volumeffekt frå talet på produserte filmar som er avgjerande for dei siste åras auke i eksportverdi. 9

Snitt per film Antal filmar Figur 3) Gjennomsnittleg eksportverdi per film og samla tal på filmar 3 2,5 2 1,5 1 0,5 0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt per film Antal filmar Ekspon. (Snitt per film) 35 30 25 20 15 10 5 0 Talet på norske premierefilmar er relativt lite og ein film som gjer det godt kan difor få avgjerande innverknad på den samla eksportverdien. Dette gjer resultata meir tilfeldig og mindre robuste. Mellom filmane frå 2011 var Hodejegerne, medan mellom 2012- filmane var Oscar-nominerte Kon-Tiki, med ein historie med sterk internasjonal appell. Utan desse filmane hadde dei samla eksporttala for dei to åra sett annleis ut. Av figur 4 kjem det fram at dei aller fleste filmane som hadde norsk kinopremiere anten ikkje vart selde til utlandet eller berre hadde sal på mellom null og ein million kroner. For 2012 filmane hadde 7 av dei 23 filmane ikkje sal, medan 11 filmar hadde sal mellom 0 og 1 million kroner. Berre ein av 2012-filmane hadde eksportverdi mellom ein og fem millionar kroner. Eit fåtal filmar kan avgjere mykje. Samstundes ser ein av figur 4 at verken 2010- eller 2008-årgangane hadde nokon «lokomotivfilmar» og likevel oppnådde høge samla eksportverdiar. For 2012-filmane kan ein óg gle seg over at delar av oppgangen er tufta på at tre av filmane hadde ein eksportverdi mellom fem og ti millionar kroner. 10

Antal filmar Figur 4) Tal på filmar etter salets storleik 14 12 10 8 6 4 2 0 2008 2009 2010 2011 2012 Ikkje selt Mellom 0 og 1 MNOK Mellom 1 og 2 MNOK Mellom 2 og 3 MNOK Mellom 3 og 4 MNOK Mellom 4 og 5 MNOK Mellom 5 og 10 MNOK Over 10 MNOK Dei særs gode eksportresultata dei siste åra kan difor ha fleire forklaringar. Til dømes kan ein tenke seg at prisen på dei norske filmane har gått opp grunna ei auke i salbar kvalitet på filmane. Ein slik kvalitetsauke kan óg gje eit auka salsvolum i form av fleire sal per film. Dei siste åra har ein merka ei auka interesse for Noreg og Skandinavia for alt frå samfunnsløysingar til kultur og design og óg film spesifikt. Dette ser vi blant anna ved at norsk film har fått stor merksemd internasjonalt dei seinare åra båe på festivalar og gjennom deltaking i samproduksjonar. Stadig fleire norske skodespelarar og regissørar er etterspurt i internasjonale filmproduksjonar. Saman med at norsk filmbransje kan hende har vorte flinkare til å selje, kan óg denne trenden ha gjeve fleire sal. 2012-filmane hadde som nemt dei lågaste kinobesøkstala sidan 2007 samstundes som filmane hadde den høgaste eksportverdien målt nokon sinne. Saman med sterk internasjonal interesse for Kon-Tiki kan faktorane som er nemnt her vere ein del av forklaringa. 11

BONUSSPOR: EKSPORT AV BARNE-TV DRAMA Dei siste åra har det vore eit aukande fokus på tv-drama. Tilskott frå NFI til tv-drama har auka frå 16,3 millionar kroner i 2009 til 47,5 millionar kroner i 2013 tilsvarande ein vekst på 190 prosent. Samstundes har statusen til sjangeren vakse hos kritikarar, publikum og filmskaparar og me har grunn til å tro at norsk tv-drama har vorte meir interessant for den internasjonale marknaden. NFI meiner difor det er naturleg å ikkje berre følgje utviklinga i eksportverdien til norske kinofilmar, men òg utviklinga i eksportverdien til norske tv-dramaproduksjonar. NFI har med dette som bakteppe i år hatt eit prøveprosjekt der eksporttal for norsk barne-tvdrama er vorte samla inn. På sikt vil det vere eit mål å samle inn eksportdata for all norsk dramaproduksjon. Barne-tv er velt i fyrste omgang for å teste ut innsamling og analyse av denne type data på eit meir avgrensa område. Metoden for innsamlinga er noko annleis enn for filmeksporten. Filmeksporten tek utgangspunkt i filmar lansert eit spesielt år og føljer desse to år fram i tid. For barne-tv drama tel ein all eksport innanfor eit år, uavhengig av når produksjonane hadde premiere. Dette gjer det vanskelegare å følgje særskilde produksjonar, men er meir i tråd med tradisjonell tidsseriestatistikk. Tabell 4) Barne-tv drama med sal i åra 2010-2012 Albert Åberg Brians trylletriks Elleville Elfrid Fomlesen GRRR Johnny og Johanna Jul i svingen Kaptein sabeltann Linus i Svingen Mikkel og Klara Mille og Martin Vaffelhjarte Produksjonsselskap Maipo Film AS Kool productions AS Innsamlinga syner at det i åra frå og med 2010 til og med 2012 er vorte eksportert 12 ulike barne-tv produksjonar. Totalt er den samla eksportverdien for desse produksjonane på 3,1 millionar norske kroner. Dette gjer ein snittverdi per produksjon på om lag 250 000 kronar. Av det samla salet er 2,4 millionar kroner forhandssal medan 700 000 kronar er etterhandssal. Til motsetnad frå filmeksporten er dermed størstedelen av eksportverdien for barne-tv drama forhandssal. 12

Figur 7) Eksport av barne-tv drama 2010-2012 Etterhandss al 700 000 23 % Forhandssal 2,4 millionar 77 % Av omsyn til konfidensialitet er det ikkje mogleg å bryte data ytterlegare ned, til dømes på årsnivå. Ein bør óg vere merksam på at det i arbeidet har vore naudsynt å lage estimat der deling mellom verdiar for samproduksjon og visningsrett ikkje er definert. Slike estimat gjer tala meir usikre. Innsamling av data frå film- og tv-bransjen er særs tid- og ressurskrevjande. NFI ser at det er etterspurnad etter tala og ynskjer å vidareutvikle arbeidet. Omfanget og kvaliteten på desse analysane vil avhenge av tala som vert rapportert inn frå produksjonsselskapa. 13