Rapport skjøtsel 2014 for Småge (Stongneset/Røssøya) kystlynghei, Aukra kommune, Møre og Romsdal fylke. Aukra brannvesen brenne lyng på Småge våren 2014
Innleiing FNF-organisasjonane har blant anna interesse av å drive skjøtsel i utsatte/trua naturtyper som kystlynghei. Hausten 2012 tok vi difor kontakt med beiterettshavar Mork Utegangar som har avtale på beitemarka på Stongneset og Røssøya på Småge i Aukra kommune. Då Mork Utegangar gjerne ville ha hjelp til skjøtselen, laga vi ein skjøtselsavtale for området. FNF gjekk ei runde blant sine organisasjonar og fann at det var teneleg at FNF Møre og Romsdal kunne stå som part i ein skjøtselsavtale med beiterettshavar på vegne av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og lokallaget av Naturvernforbundet i Molde. Ein avtale på 10 år med rettigheitshavar Mork Utegangar vart skreven 14.01.2013. På førehand hadde vi tinga Mons Kvamme for ei brenning vinter/vår 2013. FNF Møre og Romsdal søkte for sesongen 2014 om tilskot til tiltak for utvalde naturtypar (kap. 1420 post 82, underpost 2) og fekk løyvd kr 13 000 (kr 18 000 løyvd i 2013). Denne rapporten er eit forsøk på å orientere Fylkesmann, kommune og rettigheitshavarar om kva som er utført av skjøtsel i 2014, ei vurdering av resultatet og rekneskap for tiltaket. Skjøtselsavtale Stongneset og Røssøya
Områdeskildring Denne rapporten gjeld eit grunnstykkje på 1144 daa kalla Stongneset- Røssøya i Aukra kommune. Skjøtselen gjeld området som er beita av Mork Utegangar innanfor lokalitet BN00081805 Småge: Stongneset-Røssøya i Naturbasen (www.dirnat.no). Arealet er skildra i «Skjøtselsplan for Småge: Stongneset-Røssøya, kystlynghei, Aukra kommune, Møre og Romsdal fylke. Bioforsk rapport 2012». Kystlyngheiområdet rundt Småge er eit av tre område i fylket vårt som er utpeika som dei mest interessante med sikte på utvelging av naturtype kystlynghei (DN-rapport 2011 - Faggrunnlag for kystlynghei, Mons Kvamme). Dette arealet er ein del av eit større kystlynghei-areal på om lag 2000 da vest på Aukra omfatta av Småge/Smågeholmane/Røssøya. I dette arealet er det fleire husdyrhaldarar som driv aktiv skjøtsel av lyngheia i form av beiting og lyngbrenning. Kart markslag Aukra vest (frå Gislink/Skogoglandskap) raud strek gir skjøtselsarealet på 1144 da
Skjøtselen er styrt etter retningsliner frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal med utgangspunkt i skjøtselsplanen, for å ta vare på det biologiske mangfaldet som fins i kystlynglyngheia. Skjøtselen gjeld sviing av lyng og lage mosaikkar i landskapet med kystlynghei i ulike vekstfasar (jf. lyngheisyklusen), oppfølging av svidde brannflater for å hindre at problemartar (t.d. sitkagran,einstape, tistel o.l.) veks opp og elles tradisjonell hogst og krattrydding utan bruk av plantevernmiddel. Det meste av lyngmarka innanfor skjøtselarealet er prega av å innehalde gammal røsslyng som er lite skjøtta. Bortsett frå to småe areal brent i 2005 og 2010 er kystlyngheia ikkje skjøtta i den seinare tid. Delar av skjøtselarealet er under sterk attgroing av lauvskog (bjørk, osp, vier, selje). Areala tilgrensande er også prega av planta sitkagran felt. Innanfor sjølve lokaliteten er sitkagrana teke ut. I skjøtselarealet går det i skrivande stund om lag 50 stk sau (gammalnorsk) på beite. Dyretal er satt til maksimalt 100 vinterfora dyr av Mattilsynet medan dyretalet i praksis ikkje har vore over 80 dyr slik vi er opplyst. Skjøtsel 2013 Lyngbrenning Den 5 april arrangerte me lyngbrenningskurs i Aukra kommune der Mons Kvamme foreleste. Det vart invitert på ein brei front til brannvesenet, lokale frivillige organisasjonar, grøne frivillige organisasjonar, husdyrhaldarar, landbruksforvaltninga, SNO, Fylkesmann, Fylkeskommune, vertskommunen Aukra, nabokommunar og liknande. Plana var å brenne laurdag 6 april, men vervarslet gjorde at me tok brenninga også på fredagen den 5 (før teoridelen av kurset). Mons Kvamme leia også den praktiske øvinga ved brenning den 5 april i eit område nord for Smågevatnet. Opphaldsvêr, lite vind, fuktig jord og tele i bakken og tørr lyng skapte svært gode forhold for lyngbrenning. 10-12 mann med brannsmekker fordelte seg langs kantane og ved start- og stoppområdet for brenninga. I løpet av tre timar var det planlagte området på om lag 24 dekar avbrent. I stor grad slukka brannen av seg sjølv på dei planlagde stadane mot fjellknausar, stiar, våtparti eller andre naturlege branngater. Etter lyngbrennings-kurset gjennomførde brannvesen i samarbeid med Mork Utegangar, Naturvernforbundet og FNF brenningar i området nord og aust for Småge ferjekai den 12 april (8 da) og 13 april (7 da). Ved brenning nord om ferjekaia yst mot Stongneset brente brannvesenet først ei branngate for å sikre infrastrukturen rundt ferjeleie og kystverket sine
innstallasjonar. Totalt utgjer dei tre brente areala i 2013 (23,8+8,2+7,4=) 39,4 da. Hogst Før brenning den 13 april (yst ved Stongneset) blei det hogd noko mindre bjørk (under 2 m), rogn og selje. Desse blei hiva inn i brannfeltet under brenning. I det arealet som blei brent 5 april står det ein del skog hovudsakleg av bjørk, osp og selje. I mai blei det hogd noko bjørk i den mest austlege delen av brannfeltet. Desse trea blei lagt i kvisthaugar. Uttak av framande artar I brenneflatene for lyngbrenninga samt i brannflatene for sitkagran vil det nødvendigvis vere opent for etablering også av framande artar (svarteliste). Det er nok spesielt dei flatene som det tidlegare stod sitkagran på som er mest utsatt. Vegtistel er registrert på fleire av brannflatene og er tekne ut etter kvart som dei blir registrert. I november gjorde me også ein kartleggingstur av tistel i skjøtselsområdet. Samstundes spadde me ut noko vegtistel/myrtistel vestenden av Røssøyvågen/Søre Vågen. Prøveflater Undervegs har me sett behovet for å evaluere oss sjølv i det me gjer. I eit forsøk på å tilnærme oss vetenskap og etterprøvbare metodar med 0- områder og hypotesetesting, fann me det førmålsteneleg å lage nokre prøveflater. Me har til no laga to prøveflater nord om austendene av Smågevatnet plassert i brannfelt 2010 og brannfelt 5 april 2013. Desse prøveflatene er inngjerda med vanleg 90 cm sauegjerde og tillaga av felte bjørk og har eit areal på om lag (3x3=) 9 kvadratmeter. Tiltak i 2014 Lyngbrenning Me sette av 3 laurdagar for brenning våren 2014; 8 mars, 15 og 22 mars. Grunna for stor fuktigheit i marka grunna nedbør samt vind gjekk ikkje nokon av desse datoane. Elles var perioda jan-feb 2014 prega av langvarig tørke og vind med store lyngbrannar på heile Norskekysten.
Først laurdag 29 mars vart det forhold som gjor at det var høvelege forhold å brenne. Med brei deltaking frå Brannvesenet på Aukra v/gjeldberg, SNO og Naturvernforbundet brente me ei branngate nordover frå småbåthamna på Småge (sjå kart). Ideen var å lage ei branngate i retning nord-sør over heile halvøya slik at seinare brenningar vart lettare. Brenninga gjekk fint sjølv om me ikkje kom heilt nord mot sjøen. Samstundes var det såpass tørt at hadde me ikkje hatt røykdykkarar på staden, hadde kraftlina vore utsatt. Laurdagen etterpå, 5 april, prøvde me å fortsette brenninga nordover i den same brannflata som vart brent den 29 mars. Men det var for tørt i lyngen til at me med vårt mannskap (6 mann) turte dette. Me fann difor ei flate lenger nord (sjå kart) der me brente ned ei flate ned mot sjøen. Kart brannflater 2014 Framande artar På synfaring i marka fann me mykje buskfuru rundt Sporvehaugen som antakeleg er den største utfordringa for kystlyngheia knytt til framande artar som spreier seg. Fann også rynkerose og vegtistel på sydsida av Grønhaugen (i brenneflata 2013). Fann ein del nye skot av siktagran,
buskfuru og gran området Grønhaugen og austover inn i bukta mot gapahuken. Arbeide Timar 8.mars, synfaring 6 29.mars, brenning saman med brannvesenet 100 5.april, brenning 30 3.juni, GPS logging samt hogst i brannfl 5 Totalt 141 Dei løyvde midlane (kr 13 000) vart nytta til følgjande; Rekneskap Beløp Utstyr; gassbrennarar,gass,motorsagolje/bensin 484 Adm. /reiseutgift./arbeid/rapp. etc 12516 Totalt 13000 Vurdering av skjøtselstiltaka 2014 Når me skreiv denne skjøtselavtalen for 10 år med rettigheitshavarane var det ein føresetnad at ikkje tiltaket ikkje skulle kome i konflikt med verken grunneigarinteresser, naturverninteresser eller kommunale planar. Slik me tolkar sesongen har det også i 2014 vore ein felles plattform for dei skjøtselstiltaka som har vore gjennomført i året. Dette gjeld både i planlegging og i utføring ved at alle partar har vore invitert inn i planleggingsarbeidet og sjølve brenninga. Vinteren 2014 var usedvanleg tørr og med til dels mykje vind. Dette gjorde at det var ukontrollerte lyngbrannar på heile kysten. Så kom ei periode med nedbør, då me hadde planlagt brenning, då det var for vått. Difor vart brenninga først 29 mars og 5 april. Vinteren 2014 var det ikkje mogleg å få til tidlegare brenning. Jfr tradisjonar på Aukra brenn ein ikkje etter 6 april, dette då hekking av gås som ved ein normal vår kan starte rundt midten av april. Dei aktuelle brannflatene var ikkje reirplass for til dømes ravn og me såg difor brenning i perioden 29 mars og 5 april som forsvarleg i høve til vernet av hekkande fugl. Me fann ingen teikn på at tidleghekkande artar hadde starta hekking eller var i ferd med å etablere reirplass i dei aktuelle areala me planla å brenne.
Sjølve brenningane gjekk etter alle solemerkjer. Fleire av deltakarane har no etter kvart fått noko erfaring med brenning. Det at brannvesenet tok brenninga som ein øving (som dei gjorde i 2010 og 2013 også) gjorde at det vart brent større areal, at ein turte å brenne nærme veg/ferjeleie og at sikkerheita var betre ivareteken. Ved utlegging av brannslangar ut i terrenget som nødløysing, var sikkerheita på eit heilt anna beredsskapsnivå enn berre ved brannsmekkene. Samansetninga av rettigheitshavarar, frivillige organsiasjonar og brannvesenet verkar som ein teneleg løysing for brenning på Småge. Brannvesenet ser slike brenningar som gode øvingar på brannar i lyngområder/skogsområder og kan slik me forstår det, godt tenkje seg lyngbrenning som faste øvingar kvar vinter/vår på Småge. Arealet som samla vart brent i 2014 utgjorde to flater på 22,5 da og 6,3 da (totalt 28,8 da) jfr sporing med handholdt GPS (Garmin 62sc). Totalt 28,8 da brent i 2014 er litt under det som skjøtselsplana for arealet tilseier som gjev 37 da som årleg brenneareal. Me har gått ei runde med Mons Kvamme på dette temaet og slik me har forstått det, vil nok forslaget på 37 da (med 25 års syklus) vere eit snitt for vedlikehald av lyngheiene på Småge. Teke i betraktning at mykje av lyngen er svært gammal, er det ikkje tilrådelig å vente 25 år før deler av den blir brent. Difor bør det slik me har forstått det, brenne mykje større flater enn 37 da dei første åra. Kart brannflater i 2005, 2010, 2013 og 2014
For å evaluere våre skjøtseltiltak undervegs (og ikkje berre i etterpåklokskapens ljos) søkte me om SMIL-midlar i 2013 til evaluering. Dette fekk me innvilga og Landbruk Nordvest skreiv ein rapport til 1. april 2014 med følgjande samandrag (heile rapport er lagt ved); «Landbruk Nordvest SA v/maud Grøtta har høsten 2013 og vinteren 2014 foretatt observasjoner i kystlyngheia på Småge som oppfølging av den skjøtselen som er utført av Mork uteganger og Forum for natur og friluftsliv. Skjøtselsplanen for området er lagt til grunn for observasjonene og denne rapporten. Det er god spiring av røsslyng i brannflatene, men beitetrykket i brannflatene har vært for stort til å få til god reetablering av røsslyng. Beitetrykket totalt sett ser ikke ut til å være for stort. Uønskede planter er tatt hånd om på en tilfredsstillende måte, med unntak av at brent einer ikke er sagd ned. Andre tiltak nevnt i skjøtselsplana er gjennomført.» Slik me tolkar beitetrykket i skjøtselområdet ut frå eigne observasjonar samt vurderingane i rapporten til Landbruk Nordvest, er ikkje dette for stort og det tålest meir sau og større beitetrykk. Arealet som vart brent i 2005 har hatt lite tilvekst av ny røsslyng, noko me trur kan tilskrivast at dette var så lite areal (2,5 da) og at det var lite med einer og høg lyng som har gjort at arealet har vorte for hardt beitt. Når ein no i haust har sett over brannflatene våre brent i år (og i 2013) ser me at det er mykje oppslag av ny røsslyng. Dette trur me kan tilskrivast at det er relativt store brannflater og at den nyspirande lyngen er beskytta meir mot beiting då den ligg lite tilgjengeleg ned mellom brente einer og høy lyng. Slik me har forstått samspelet i kystlyngheia er det viktig med lyngbrenninga er at det følgast opp med tilstrekkelig beitetrykk. Ut frå det som står i skjøtselsplanen og det me meiner å registrere i skjøtselarealet, får me ein følelse om at det kanskje kunne ha vore fleire dyr på beite i skjøtselområdet. Dette er noko at av det me hadde tenkt å følgje opp ved evaulering undervegs i skjøtselsarbeidet. Når ein ser dette skjøtselarealet i høve til heile kystlyngheiarealet hadde det vore på sin plass også å koordinere skjøtselen også på dei andre delane av arealet, dvs på Smågeholmane, Lyngværet, Kvalvågområdet som utgjer den andre halvparten av arealet på rundt 2000 da som utgjer denne utvalde naturtypen. Me ser at dette koordineringsarbeidet er ein kommunal/statleg oppgåve, og me er gjerne med på ein diskusjon korleis ein sett skjøtselarealet Stongneset/Røssøya i ein slik større samanheng.
Store delar av skjøtselsområdet er også sikra som friluftsområde og har store friluftsinteresser. Me ser at spesielt turstiane der ute blir mykje nytta med og har status som STIKKUT-postar blant anna på Brendselen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har opparbeidd delar av turstien tidlegare og Aukra marsjklubb har merka stien. Me har foreslått å utvide stinettet der ute for å lette tilgjengelegheita. Gjerdekliv er noko som her må spesielt følgjast opp. Konklusjon Slik me vurderer resultatet av årets brenning, er dette tilfredsstillande i høve til anbefalt brenning av 37 da årleg. Men i høve til at lyngen er gamal der ute må ein brenne større flater dei førstkomande åra. Det betyr at me må brenne då det er meir gunstige forhold for brenning. Til dømes ved snøfall då ein har naturlege branngater eller ved at brannvesenet brenner eigna branngater. Likeins ser me at det må hoggast meir skog og framande artar må holdast i sjakk. Beitetrykket må haldast minimum på det nivået som er i dag. Samstundes ser vi at friluftsinteressene i skjøtselsområdet er stor og at det må leggast meir til rette for dette. FNF vil kome attende med ein konkret søknad om tilskot frå tilskotsordninga for utvalde naturtyper 2015 innan fristen 15. jan. 2015. Molde, 1 des. 2014 Ingbjørn Bredeli FNF Møre og Romsdal Vedlegg: Rapport om observasjoner i kystlyngheia på Småge og noen betraktninger om skjøtsel. Landbruk Nordvest v/maud Grøtta av 1 april 2014