Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune?
Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt å bu i Fjell, Sund og Øygarden. Vi er stolte over å vera folkevalde i desse kommunane, og vi vil halda fram arbeidet med å leggja til rette for gode og tilpassa tenester. Samfunnet er i sterk utvikling, og vi opplever auka krav om at kommunane skal levera attraktive tenester på ein effektiv måte. Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform, og regjeringa har varsla endring i oppgåvene for kommunane. Alle kommunane skal i løpet av første halvår 2016 ta stilling til om kommunen vil søkja samarbeid med andre kommunar eller halda fram som eigen kommune. På oppdrag frå kommunestyra, har styringsgrupper og forhandlingsutval i dei tre kommunane arbeidd med kommunereforma. Den 7. mars kunne felles forhandlingsutval på 13 medlemer frå dei tre kommunane skriva under ein intensjonsavtale for Nye Øygarden kommune. 2
... med gode og tilpassa tenester Dersom det endar opp med ei ny kommune i region vest, samansett av Fjell, Sund og Øygarden, vil den nye kommunen ha eit folketal på om lag 42 tusen ved etableringa i 2020. Vi ønskjer at du som innbyggjar skal engasjera deg i spørsmålet om korleis det framtidige kommunekartet skal sjå ut. Skal vi saman byggja ein ny kommune i regionen vår? Er dette den beste måten å stå rusta til å møta framtida som krev gode, men også effektive tenester? I denne brosjyren ønskjer vi å presentera hovudlinjene i intensjonsavtalen. Intensjonsavtalen kan du også finna på biblioteka og kundetorga i kommunane. Du kan også lesa heile intensjonsavtalen på nettsida www.varnyekommune.no Kommunestyra skal ta stilling til kommunereforma i juni. No ønskjer vi deg velkomen til å delta i ordskiftet. Marianne Sandahl Bjorøy Kari-Anne Landro Børge Haugetun ordførar i Fjell ordførar i Sund ordførar i Øygarden 3
innhald Ordførarane - Trygg framtid med gode og tilpassa tenester Innhald Kart - Vår nye kommune Vegen fram mot ein eventuell ny kommune Nye Øygarden kommune Fordelar og ulemper ved ny kommune Overordna mål og prinsipp Samfunnsutvikling og økonomi Kommunen som arbeidsgjevar Folkemøte 2 4 5 6 8 9 10 12 14 15 4
vår nye kommune MANGER MANGER RADØY RADØY ØYGARDEN OSTERØY OSTERØY ASKØY ASKØY FJELL BERGEN BERGEN SUND 5
vegen fram til ein eventuell ny kommune Etter at folkemøta og innbyggjarundersøkinga er gjennomførte, skal felles forhandlingsutval gje signal til rådmennene før dei i mai skal laga felles saksutgreiing før endeleg behandling i kommunestyra den 20. juni. Slik er vegen fram til ein eventuell ny kommune er ein realitet frå januar 2020: April 2016 6. - 21. april: Folkemøte i Fjell, Sund og Øygarden April 2016 22. april - 1. mai: Innbyggjarundersøking Mai 2016 - Rapport innbyggjarundersøking - Saksutgreiing Juni 2016 20. juni: Kommunestyra behandlar sak om kommunereforma 2016 6
Hausten 2016 Fylkesmannen teiknar sitt kommunekart 2017 - Våren: Stortingsbehandling - Val av fellesnemnd 2019 Kommuneval 2020 Oppstart ny kommune 2017 2018 2019 2020 7
HER KAN DU LESA utdrag... Nye Øygarden kommune Namnet på den nye kommunen skal vera Øygarden kommune. Kommunevåpenet til Sund skal vera kommunevåpenet til den nye kommunen. Straume skal vera kommunesenter, med kommunedelsenter på Rong og i Skogsvåg. Fordelar og ulemper ved ein ny kommune Det er både fordelar og ulemper ved å byggja ein ny kommune. Her er nokre moment du kan ta med i vurderinga når du skal gjera deg opp ei meining om dette. 8
... frå intensjonsavtalen Fordelar Større påverknadskraft. Sterk region og meir heilskapleg samfunnsutvikling. Betre heilskapleg arealplanlegging og næringsutvikling. Betre kvalitet og større mangfald i tenestetilbodet. Større fagmiljø og sterkare grad av spesialisering. Frigjer midlar til brukarretta tenester. Tilstrekkeleg avstand til brukarane for å sikra habilitet. Drifta vert meir effektiv og mindre sårbar. Ulemper Større geografiske avstandar innan kommunen. Større avstand mellom innbyggjarane og politikarane. Redusert lokalkunnskap. Auka sentralisering og meir byråkrati. Risiko for å mista lokale særpreg og eigenart. 9
Overordna mål og prinsipp Nye Øygarden kommune skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Kommunen skal byggja på nærtenesteprinsippet. Dette skal gje daglege tenester som er tilgjengelege for deg som innbyggjar lokalt og digitalt. Nye Øygarden kommune skal vera eit regionalt og nasjonalt fyrtårn i teknologi, energi og marine næringar. Her er andre viktige prinsipp for tenesteytinga: Tenestenivået skal vera på same nivå som i dag eller betre. Noverande struktur for skule og barnehage skal vidareførast. Den nye kommunen skal byggja på eksisterande struktur i helse og omsorg. Lengetenesta i kommunedelsentera skal vera på dagens nivå og noko utover normal arbeidstid. Biblioteka skal leggjast til kommunedelsentera. 10
IKT skal ha høg kvalitét. Det skal utviklast god fagkompetanse for å gje innbyggjarane tenester av høg kvalitét. Nokre NAV-tenester kan verta lagt til kommunedelsentera. Den nye kommunen skal ha god dialog med kyrkja for å sikra gode lokale tenester. Nye Øygarden kommune skal organiserast etter formannskapsmodellen med vekt på sterkt lokalt sjølvstyre. Kommunestyre 45 repr. Kontrollutval 7 repr. Formannskap 11 repr. Utval Oppvekst og kultur 9 repr. Utval Helse og omsorg 9 repr. Utval Nærings og samfunnsutvikling 9 repr. Utval Areal og plansaker 9 repr. 11
Samfunnsutvikling og økonomi Den nye kommunen skal vera ein framtidsretta, nyskapande og heilskapleg næringskommune med høg kompetanse. Det skal arbeidast for større sjølvråderett og at heile kommunen vert teken i bruk. Nye Øygarden kommune skal vidareføra gjeldande kommuneplanar til nye planar for den nye kommunen er vedtekne. 12
Sentrumsområdet på Straume og kommunedelsentera på Rong og Skogsvåg skal takast i bruk. Viktige samfunnsprosjekt som skal realiserast er Sotrasambandet og vegsambanda Kolltveit-Austefjorden og Kolltveit-Ågotnes. Den nye kommunen skal vidareføra desentralisert busetnad og levande bygder. Selskap og samarbeidstiltak skal utgreiast. Det skal arbeidast med å etablera ny vidaregåande skule (nytt bygg) kombinert med høgskule. Økonomien i den nye kommunen skal vera i balanse og føreseieleg. I den nye kommunen skal det vera eigedomsskatt på verk, bruk og næring. Konsekvensar ved eigedomsskatt skal utgreiast. Minst 10 prosent av eigedomsskatt på verk og bruk frå dagens Øygarden skal årleg setjast av til å utbetra/investera i veg i kvar av dei tre kommunane. Vedtekne investeringsprosjekt i gjeldande økonomiplan vert vidareførte. 13
Kommunen som arbeidsgjevar Å byggja ein ny kommune er teknisk sett ei verksemdsoverdraging, og dei tilsette er dermed sikra dei rettane som er fastsette i lov- og avtaleverk. Alle tilsette har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få redusert løna si. Nokre tilsette kan få nye oppgåver og ny arbeidsstad. Den nye kommunen skal avklara pensjonsordning/pensjonskasse. 14
Folkemøte I perioden 6. - 21. april vert det gjennomført to folkemøte i kvar kommune der politikarane vil vera på plass. Ordførarane vert med på alle folkemøta. Dag: Tid: Stad: 6. april 19.00-21.00 Tranevågen ungdomsskule, Fjell 7. april 19.00-21.00 Kulturhus, Fjell rådhus - Straume, Fjell 11. april 19.00-21.00 Strandahallen - Steinsland, Sund 19. april 19.00-21.00 Rong, Øygarden 20. april 19.00-21.00 Bygdahallen - Telavåg, Sund 21. april 19.00-21.00 Tjeldstø, Øygarden Velkomen til å delta i ordskiftet om framtida! 15
Copyright 2016 Fjell, Sund og Øygarden kommuner Trykk: Bodoni A/S Opplag: 15 000 Tekst: Vigleik Brekke Design: Monica Hovland Foto: Pål Bentdal, Geir Jensen, Nils Magne Kallestad, Vigleik Brekke, Kjell Andersland og Monica Hovland www.varnyekommune.no følg vår nye kommune på Facebook