Helge Sandøy: Romsdalsk språkhistorie. Frå runer til sms og vel så det. novus 2011. 343 sider. isbn 978-82-7099-612-4. Melde av Lars S.



Like dokumenter
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Samansette tekster og Sjanger og stil

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Vurdering av allianse og alternativ

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Vegvisar til vilbli.no

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Saksbehandling kva er no det?

Forslag frå fylkesrådmannen

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som bur i fosterheim år

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

«Ny Giv» med gjetarhund

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kva er økologisk matproduksjon?

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Kvalitetsplan mot mobbing

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Brødsbrytelsen - Nattverden

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Namning av vegar i Fræna Kommune

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Kulturhistoriske registreringar

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

nye bøker i 2004

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Eksempeloppgåve/ Eksempeloppgave 2009

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

mmm...med SMAK på timeplanen

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda


Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Læringsutbyte/resultat Kunnskap Dugleik Grunnkompetanse

11. Bøker og bokomsetning

Finansiering av søknaden

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Altas bosetningshistorie

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Valdres vidaregåande skule

Transkript:

arnold Dalen, Jan Ragnar Hagland, Stian Hårstad, Håkan Rydving og ola Stemshaug: Trøndersk språkhistorie. Språkforhold i ein region. Det Kongelige norske Videnskabers Selskabs Skrifter 2008, 3. Trondheim: Tapir 2008. 442 sider. isbn 978-82-519-2330-9 Helge Sandøy: Romsdalsk språkhistorie. Frå runer til sms og vel så det. novus 2011. 343 sider. isbn 978-82-7099-612-4 Melde av Lars S. Vikør Regional språkhistorie er eit nytt og (førebels?) sjeldsynt fenomen. Vanlegvis er disiplinen språkhistorie knytt til eit land, ein nasjon, eller eit språk(samfunn) som kan omfatte fleire land. når språkbøker er regionale, handlar det stort sett om synkrone framstillingar av dialektar eller sosiolingvistiske problemstillingar. Det Kongelige norske Videnskabers Selskab (DKnVS) i Trondheim, som på sett og vis grunnla norsk dialektforsking ved å gi ivar aasen arbeidsstipend til forskingsreisene hans på 1840-talet, har igjen spela pionerens rolle ved å finansiere ei regional språkhistorie for Trøndelag eller for trøndersk. Landskapet Trøndelag og dialektgruppa trøndersk overlappar ikkje kvarandre heilt, det kjem eg straks tilbake til. Prosjektet har munna ut i eit gedigent bokverk med fem forfattarar: dialektologveteranen arnold Dalen, norrønfilologen Jan Ragnar Hagland, den unge sosiolingvisten Stian Hårstad, samisk-eksperten Håkan Rydving, og namnegranskaren ola Stemshaug, alle frå nordiskmiljøet ved ntnu i Trondheim (unnateke Rydving, som arbeider på Universitetet i bergen). Med det skulle ekspertisen vere sikra i alle relevante disiplinar. Få år seinare har så romsdalingen Helge Sandøy ved Universitetet i bergen gitt ut ei like gedigen romsdalsk språkhistorie. Hans fagbakgrunn er primært dialektologi, men kompetansen hans strekkjer seg ut i ulike retningar, særleg sosiolingvistikk og språkhistorie. Han dekkjer altså også sjølve kjerneområdet for disiplinen regional språkhistorie, som vart presentert for første gong på eit seminar i DKnVS-regi i Trondheim i 2005 (Hagland 2006) der nettopp Sandøy var ein av dei som introduserte dette forskingsfeltet ved sida av Hagland og den svenske eksperten Lars-Erik Edlund. MaaL og MinnE 2 (2011): 143 149

Trass i denne faglege parallelliteten er dei to bøkene lagde opp og disponerte på heilt ulike måtar. Eg omtalar dei kvar for seg. Trøndersk språkhistorie Dette verket er delt i fire hovuddelar (etter ei kort generell innleiing og ei forklaring av lydskrifta). Del 1 er den lengste, nesten 250 sider; den handlar om trøndermåla frå vår tid tilbake til reformasjonen, med arnold Dalen som hovudforfattar. Han skriv om talespråket, dei fonologiske og morfologiske tilhøva. Kortare skriv Hagland om skriftspråkshistoria frå 1850 av, særleg skolemålet, som har vore mye av ei stridssak. Stemshaug får sytti sider om namn, og Dalen til slutt knapt 25 sider om ordtilfanget i trønderdialektane. Del 2, på ca. hundre sider, handlar om mellomalderen. Her er Hagland hovudforfat taren, mens Stemshaug får tretti sider om namn. Del 3 (40 sider) er Rydvings og handlar om sørsamisk: talespråksutvikling, namn og ordtilfang. Så får Hårstad til slutt del 4: 25 sider om samtida, der han både behandlar talemålsutviklinga, skriftmålsstoda og utviklinga av det moderne fleirspråklege samfunnet. Heile verket er skrive på nynorsk. Eg var inne på dette med begrepsavgrensinga. Dette er ei språkhistorie om både Trøndelag og trøndersk. Trøndersk omfattar også språket på nordmøre, som derfor er inkludert i framstillinga. Men i Trøndelag hører sørsamisk med like naturleg som trøndersk, og det er ei stor forteneste ved dette verket at også dette språket får ei så grundig behandling. Eit metodisk grep som med ein gong fell i auga, er baklengsrørsla i historia. Periode framstillingane startar ved eit kronologisk sluttpunkt og rykkjer så attende til eit startpunkt. Dette er felles for heile boka unnateke, av opplagde grunnar, Hårstads artikkel. Det kan vere ein god ting på denne måten å begynne med det landskapet lesaren kjenner best og så flytte seg gradvis utover mot det mindre kjende. Men likevel verkar det mest parodisk med kapitteltitlar som Perioden frå ca. 1850 til reformasjonen og Sider ved bruk av skriftspråk frå ca. 2000 til ca. 1850 og Tida frå reformasjonen til midten av 1200-talet. også i dette oppsettet kunne ein heller ha skrive Perioden frå reformasjonen til ca. 1850 osv. 144

Med så gjort går eg litt meir inn på hovuddelane av verket. Hovudtyngda ligg på Dalens utgreiing om talemålsutviklinga tilbake til 1500- talet. Han gir først eit synkront snitt i det som rundt 1950 kunne kallast etablerte trønderdialektar, trekk for trekk. Så går han tilbake til 1850, der aasen er hovudkjelda, og finn ikkje særleg mange endringar der. Men han gir særlege beskrivingar av bymåla, spesielt Trondheims målet. Så tek han ein sveip på tre hundre år. Da blir kjeldesituasjonen eit sentralt tema, og her er vi så heldige at vi har nokre gode kjelder til trøndermålet, ikkje minst Trondheimsmålet, for fire hundre år sidan. Den viktigaste kjelda for det gamle bymålet i Trondheim, er Hans olufsen nysted (1664 1740), som Dalen har arbeidd mye med. gjennom hans nedteik ningar kan vi danne oss eit godt bilete av ein bydialekt som langt på veg likna på bygde dia lektane i området slik dei framleis er i sine eldste lag, og Dalen gjer ein grundig gjennom gang etter først å ha sett på dialektformingsprosessen på Røros og i Kristiansund. bolken blir avslutta med ei jamføring av trøndersk og dei nærliggjande dialektgruppene austlandsk og nordnorsk, og framfor alt jamføringa med målet i Jemtland og Herjedalen er interessant; Dalen får fram korleis målføra i desse grenseområda har dregest mellom svensk og norsk. Det er ikkje mange kritiske merknader ein kan gjere til dette; dei måtte i tilfelle gå på emne som ikkje er med, og ikkje på det som står. Eitt sentralt trøndersk målføretrekk som ikkje blir nemnt, og som også er underbelyst eller knapt nok belyst i dialektlitteraturen i det heile, er bruken av bestemtheitssuffiks i substantiverte adjektiv og (adjektiviske) pronomen: den storin, di førstan, di anneran. Det kunne ha vore interessant å få gått opp dei språkhistoriske spora av dette fenomenet. Stemshaug skriv i namnekapitlet sitt i del 1 både om stadnamn og personnamn, og han legg det breitt opp: Moderne namnetypar som gatenamn, bynamn (og dei heftige stridane om somme av desse) får like stor plass som dei tradisjonelle gardsnamna, og under person namn skriv han både om ordinære fornamn og etternamn, om dobbeltnamn og om tilnamn. Dess utan behandlar han innbyggjarnamn og dyrenamn og andre namnetypar som båtnamn, avis namn, namn på lag og bedrifter. Vi får såleis ein brei namneprofil av eit moderne samfunn. Til slutt i del 1 skriv Dalen om ordtilfanget, som forsåvidt kunne ha vore plassert like etter dei lange bolkane om dialektstrukturen. Her får vi ei svært stoff- og eksempelrik framstilling av den mellomstillinga Trøndelag står i mellom to ordgeografiske hovudområde, eit sørleg og 145

eit nordleg, rikeleg illustrert med kart over utbreiinga av enkeltord for utvalde omgrep. også her får vi ei interessant, om enn stutt, belysning av sambandet austover til Jemtland og Herjedalen, og vi får presentert ein del eldre utanlandske, særleg franske, innslag i ordtilfanget, og dei tre keltiske (irske) lånorda vi kjenner til (kru, skjak og sorn) får særleg omtale (s. 247). Haglands kapittel om mellomalderen i del 2 er også rikt. Han tek utgangspunkt i diplom materialet frå bestemte tiår i kvart hundreår i seinmellomalderen, og gir eit portrett av skriftspråket i samtida ut frå det; tekstene han baserer seg på, blir gjengitt i tre versjonar: unor malisert, i normalisert norrøn språkform, og i ei moderne omsetjing. overskrifta på kapit telet er Tida frå reformasjonen til midten av 1200-talet, men han går lenger bakover og beskriv både handskrifthistoria før 1250 og også runehistoria tilbake til urnordisk tid. Men ein må kunne stille spørsmålet også ut frå denne framstillinga om det i det heile er grunn lag for å skrive ei trøndersk språkhistorie for denne perioden med dei skriftlege kjel dene som vi har frå den tida. Det gjeld særleg ordtilfanget, men òg formverket: Det kan verke som det er tilfeldig kva vi har belagt frå Trøndelag i forhold til det vi har frå resten av landet slik at det vi får, er ei historie om skriftkultur i Trøndelag, eller rett og slett ei van leg norsk språkhistorie med materiale frå Trøndelag, ikkje om trøndersk språk i perioden. Men den historia som blir fortald, er jo viktig nok i seg sjølv, som del av noregshistoria. namnekapitlet til Stemshaug blir kanskje meir konvensjonelt og mindre sprelsk enn det første bidraget hans når han går såpass langt tilbake i tid; da blir det naturleg nok meir vekt på tradisjonelle gardsnamn, topografiske namn og fornamn, som er det vi har best dokumentert i eldre tid. Den sørsamiske delen er informativ og oversiktleg, også for oss som manglar kompetanse på dette feltet. Den blir innleidd med ei kort innføring i sørsamisk dialektlære og får så liksom resten av boka form av ei generell språkhistorie bakover i tida, med særlege kapittel om namn (stadnamn og personnamn) og ordtilfang (tradisjonelle terminologiar (reinternar og snøtermar) og nyord (både innlånte og nylaga)). Hårstads sluttkapittel er altså ikkje stort, men likevel stoffrikt. Han gir ei oversikt over viktige drag i talemålet som no er utsette for endringsprosessar, og kjem òg inn på det litt betente spørsmålet om vi her har å gjere med regionalisering basert på Trondheimsmålet eller meir direkte 146

påverknad frå søraustlandsk, eller begge delar (der Trondheim også kan vere agent for oslo i ein tostegsproess). Han gir ei balansert drøfting og landar på ein for siktig både-og -konklusjon. i framtida ser han for seg ein langsam homogeniserings prosess i retning av eit fellestrøndersk, men tviler på at denne prosessen vil nå eit sluttpunkt, og opnar for at han kan avløysast eller forseinkast av ny dialektvitalisering. Meir eintydig (og positivt) ser han for seg framtida til sørsamisk, der han skildrar dei nyaste tendensane til vitalisering, både i politikken i stort og i den aukande bevisstgjeringa på grasrota. Romsdalsk språkhistorie Helge Sandøy har ein heilt annan disposisjon i Romsdalsk språkhistorie. Den er overordna kronologisk, og da i rett rekkjefølgje, frå runer til sms, som han seier i undertittelen på boka. alle delemna som språkhistoria omfattar, integrerer han så i periodekapitla, og det etter ein fast mal: Først den allmennhistoriske bakgrunnen, så kjeldene, deriblant stadnamn tilfanget (når det gjeld dei eldre periodane), så kjem sjølve kjernedelen: dei språklege detaljendringane trekk for trekk, og så går han utover til samfunnet att: språkkulturen med beskriving av den språksosiale infrastrukturen i samfunnet, ideologiske mønster, og personnamnbruk, som her blir behandla meir som ein type sosiale enn språklege data. Heilt sist i kvart periodekapittel kjem så temaet språkkontakt både romsdalingane imellom og med andre språkbrukarar innan- og utanlands. Framvoksteren av Molde og dei nye språk - mønstra som bysamfunnet utviklar, kjem inn som eit viktig emne på slutten. Framstillinga blir ramma inn av to korte startkapittel og eit enda kortare sluttkapittel. Først blir dialektbegrepet presentert, problematisert og drøfta, og så blir dei språkgeo grafiske mønstra i Romsdal skisserte; Sandøy reknar med fire underdialektar attåt Moldedialekten. Til slutt kjem eit kort oppsummeringskapittel der Sandøy eksperimenterer med å måle endringsfarten i språket, ved å setje opp ei tekst på eit rekonstruert gammal roms dalsk (1250), tradisjonell dialekt (1800) og moderne romsdalsk (2000). Ved å telje detaljendringane kjem han til at det frå 1250 til 1800 skjedde sju endringar gjennomsnittleg (i eksempelteksta) pr. hundreår, mens det frå 1800 til i dag berre har skjedd fire endringar 147

pr. hundreår. Såleis prøver han på pedagogisk vis å relativere førestillingane om dei lynraske språkendringane vi nolevande er vitne til. Periodeinndelinga til Sandøy er meir historisk enn språkleg basert, men resultatet ville vel blitt nokolunde det same uansett. Det er førhistorisk (eller heller førskriftleg ) tid ( Eldste spora ), mellomalderen ( Romsdalsken i støypeskeia ), dansketida 1500 1800 ( Den nye tida etter 1500 ), 1800-talet ( nasjonen skal byggast ) og 1900-talet ( Den mo derne tida ). boka har tekster på dialekt eller med dialektinnslag frå alle periodane der slike er overleverte, sjølv om mellomaldertekstene også hos han blir forsynt med både ein nor ma lisert versjon på gammalnorsk og ei omsetjing til nynorsk. Dei blir da utgangspunkt for framstillingane av språkendringar i det som følgjer innanfor kvart kapittel. Heilt sist i boka har Sandøy teke med ei oversikt over norvegia-teikn som er brukte i dialektattgje vinga. Sandøy har hatt fordelen av å beskrive eit ganske avgrensa, homogent og oversiktleg dia lektområde, som han kjenner intimt både gjennom eigen bakgrunn og oppvekst, som stø og konsekvent dialektbrukar sjølv gjennom heile livet, og som mangeårig forskar og spesia list på emnet. Dermed kan vi seie at neppe noka norsk eller ikkje-norsk dialekt kan ha fått eit så rikt og gedigent portrett som romsdalsk no har, og det er sjeldan det er blitt så godt de mon strert kor viktig det er å brette ut dialektar på brei front og i detalj i alle sine aspekt for den som ønskjer ei allsidig belysning også av det samfunnet dialekten blir brukt i og end rar seg i. Dei tre romsdalskommunane som saman med den relevante fylkeskom munen har gitt tilskot til boka, har fått att store verdiar for noko eg reknar med har vore ein billeg penge. Konklusjon Regional språkhistorie ser ut til å kunne bli ein fruktbar disiplin, slik begge desse bøkene ber bod om, så det er å håpe at ekspertar på dette feltet også i andre landsdelar blir inspirerte til liknande prosjekt. På sett og vis blir strukturen litt motsett den vi vanlegvis finn i den nasjonale norske språkhistoria, der hovudaksenten fell på den indre språkhistoria i eldre tid, den ytre (språkpolitiske) i nyare tid med dansketida som skilje. For den regionale språkhistoria ser det ut til at den eldre delen er mest ytre basert på eit avgrensa skriftleg kjeldetilfang som fører forska- 148

rane til dei overordna språksosiologiske og språkkulturelle aspekta, mens den yngre er mest indre, med vekt på endringane i sjølve språket, i og med at vi der har meir konkrete data om dette, og at dei språkpolitiske aspekta primært gjer seg gjeldande på nasjonalt plan og mindre på det lokale. Men dette er berre hovudtendensar; skolemålsproblematikken, til dømes, er jo lokal og nasjonal på same tid. Jamfører ein dei to bøkene ut over det eg alt har gjort, så kan ein peike på at Sandøy integrerer språkhistoria sterkare i allmennhistoria enn Trøndersk språkhistorie gjer. Det kan ha fleire grunnar: Det trønderske språkmangfaldet kan ha vanskeleggjort ei slik utviding av perspektivet, mens det har vore ei meir greiskoren sak i det meir avgrensa og homogene Romsdal. Det kan òg komme av at trøndersk allmennhistorie, som er ein viktig del av rikssoga, er meir kjend og betre beskriven frå før i lettilgjengelege, men grundige, bokverk enn den romsdalske. Litteratur Hagland, Jan Ragnar (red.) 2006: Regional språkhistorie. Rapport frå eit seminar i regi av det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 14. 15. oktober 2005. DKnVS Skrifter 2006, 1. Trondheim: Tapir. Lars S. Vikør Universitetet i oslo institutt for lingvistiske og nordiske studium Postboks 1102 blindern 0317 oslo l.s.vikor@iln.uio.no 149