PLAN FOR STUDENTREKRUTTERING 2016

Like dokumenter
REKRUTTERINGSPLAN FOR HØGSKULEN I VOLDA

Vurdering av allianse og alternativ

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Analyser og evalueringer

Utdanningsdagane. Rektor Jørgen Amdam HVO

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

14. Radio og TV. Liv Taule

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Samansette tekster og Sjanger og stil

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

3Vaksne i fagskoleutdanning

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Forslag frå fylkesrådmannen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Q1 Ditt kjønn: Studentundersøkelsen / 26. Answered: 1,124 Skipped: 0. Kvinne. Mann 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100% 79.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

13. Sendetida på TV aukar

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Til deg som bur i fosterheim år

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

8. Museum og samlingar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rekrutteringsplanen gjeld kommunikasjons- og sørvistiltak knytt til:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Rådgjevarkonferansen 2009

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Rapport om opptaket 2013

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Utdanningsdirektoratet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Kvalitetsplan mot mobbing

Ottar Bjørkedal Eid vgs

NY LÆRARUTDANNING. PROFILERING AV FAGPORTEFØLGJE, SAMARBEID OG AKTIVITETSKRAV.

KOMMENTARAR FRÅ PROSJEKTGRUPPA

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

1. Mål med samhandlingsreforma

REKRUTTERING 2014 RAPPORT GJENNOMFØRING AV TILTAK

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Transkript:

Kontor for samfunnskontakt PLAN FOR STUDENTREKRUTTERING 2016 Side 1 av 15

Innhald 1. Forankring... 3 1.1 Organisering av arbeidet... 3 2. Om... 3 2.1 Fagleg profil med nasjonalt tyngdepunkt... 3 2.2 Studiebygda Volda... 3 2.3 Studietilboda... 3 2.4 Forsking og utviklingsarbeid... 4 2.5 Etter- og vidareutdanning... 4 2.6 Internasjonalisering... 4 3. Analysar og evalueringar... 4 3.1 Oppsummering av opptaket 2015*... 4 3.2 Årsrapport... 7 3.3 Studiestartundersøkinga 2015... 7 3.4 Studentevaluering 2015 frå internasjonale studentar... 9 4. Sentrale målgrupper... 10 4.1 Heiltidsstudenten... 10 4.2 Nett- og deltidsstudenten... 10 4.3 Internasjonale studentar... 10 5. Kanalar og tiltak... 10 5.1. Frå papir til nett og sosiale medium... 10 5.2 Kampanjar... 14 5.4 Kostnadar... 14 Side 2 av 15

1. Forankring Utkastet til Plan for studentrekruttering 2016 er tufta på sin Plan for 2016. sin strategiplan (vedteken i styret 29. oktober 2014) Analysar og evalueringar hausten 2015 1.1 Organisering av arbeidet Rekrutteringsplanen er skriven av rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog, i samarbeid med Terese Balsnes, konsulent for etter- og vidareutdanning. Planen er drøfta i Rekrutteringsutvalet og med leiar ved Kontor for samfunnskontakt, Ola Teige. Kontor for samfunnskontakt har ansvaret for vidare planlegging, gjennomføring og budsjettering av rekrutteringsarbeidet. 2. Om 2.1 Fagleg profil med nasjonalt tyngdepunkt (HVO) er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal, og dei nasjonale satsingsområda er: Yrkesretta medieutdanning Nynorsk i utdanning, forsking og formidling Fleksible vidareutdanningstilbod I tillegg er den einaste i fylket som tilbyr lærarutdanning. Høgskulen har ei viktig regional rolle og skal mellom anna levere god arbeidskraft til næringslivet og kommunane i regionen. har om lag 4000 studentar og 350 tilsette. 2.2 Studiebygda Volda I Volda er det rimeleg å bu, gangavstand til det meste, og du er berre ein kort flytur frå dei store byane. Studiebygda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar. Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open-Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet. Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen X2, Animation Volda og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester. Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar ein mot havet, kan ein ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø. 2.3 Studietilboda tilbyr 18 bachelorprogram, fleire lærarutdanningsprogram, ei rekkje årsstudium og vidareutdanningar på heiltid, deltid og nett. I tillegg har høgskulen seks mastergrader. Høgskulen samarbeider også med Høgskolen i Molde om PhD-utdanning innanfor helse og sosialfag. Side 3 av 15

2.4 Forsking og utviklingsarbeid har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Dei strategiske satsingsområda for FoU er: Journalistikk Kulturmøte Profesjonsforsking Utdanningsforsking Velferdsforsking Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast. 2.5 Etter- og vidareutdanning ynskjer å vere ein aktiv og dialogsøkjande aktør innanfor dette viktige feltet. Som den største kompetanseleverandøren i regionen tilbyr HVO ei rekkje studietilbod som nettstudium, deltid og/eller desentralisert. er nasjonalt leiande på vidareutdanningar retta mot lærarar. 2.6 Internasjonalisering har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor- og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. tek kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda. 3. Analysar og evalueringar 3.1 Oppsummering av opptaket 2015* 3.1.1 Samordna Opptak I Samordna Opptak har vi hatt ein svak nedgang i tal førsteprioritetssøkarar på 3,8 % frå 2014 til 2015. Frå 2013 til 2014 hadde vi ein oppgang på 4,3 %. Den svake nedgangen i år skuldast i hovudsak at vi har lyst ut færre studieprogram enn i fjor. Vi har ein oppgang i søkarar totalt til Høgskulen på 4,8 % frå 2014 til 2015. For heile Samordna opptak-systemet var det ein auke på førsteprioritetssøkarar på 6,7 % frå 2014 til 2015. Vi ser altså at trass i ein oppgang nasjonalt, har HVO ein nedgang i tal førsteprioritetar. Det vil seie at vi taper kampen om førsteprioritetssøkarar til grunnutdanningane våre, noko som er urovekkande. Den største nedgangen har vore på Bachelor i journalistikk. Her gjekk søkartala ned med ca. 20 % frå 2014 til 2015. Dette er ein nasjonal trend, noko som også påverkar utdanninga ved HVO. Side 4 av 15

Også yrkesutdanningane (Grunnskulelærarutdanningane) hadde ein nedgang ved HVO. Totalt i Samordna opptak hadde Grunnskulelærarutdanningane ein oppgang på 9,7 %, medan Høgskulen i Volda har ein nedgang på 10,7 %. Fylkesvis har vi størst nedgang i tal førsteprioritetar frå Sogn og Fjordane. I vårt eige fylke er tal førsteprioritessøkarar omtrent likt med fjoråret. Elles held søkartala seg stabile i dei andre fylka, utan store endringar. Tabell 1: Førsteprioritetssøkarar til HVO fordelt på fylke 2013-2015 Fylke 2013 2014 2015 Møre og Romsdal 560 590 589 Sogn og Fjordane 122 165 136 Akershus 69 61 52 Oslo 65 64 59 Hordaland 58 66 72 Sør-Trøndelag 52 35 42 Buskerud 35 28 18 Rogaland 33 33 24 Oppland 30 37 28 Østfold 30 29 27 Hedmark 29 31 24 Vestfold 26 21 27 Nordland 18 24 22 Telemark 17 8 12 Vest-Agder 17 11 12 Troms 11 9 13 Nord-Trøndelag 10 14 17 Aust-Agder 8 10 9 Finnmark 5 3 5 Ukjent 1 8 12 Kjelde: Samordna opptak. Side 5 av 15

3.1.2 Lokalt opptak I det lokale opptaket, som omfattar vidareutdanningar, nettstudium, deltidsstudium, fordjupingsstudium, mastergrader og vidareutdanningar på masternivå, PPU og NUS, er det oppgang i tal søknadar. Diagram 1: Søkartal i lokale opptak 2014 og 2015 2500 2000 1500 1713 2006 1000 500 505 564 318 402 0 Lokalt Master PPU Søknader 2014 Søknader 2015 Kjelde: FS (Felles Studentsystem) og statistikk frå opptak. Tala er henta 16.9.14 og 14.9.15. Diagram 1 syner at vi har ein oppgang i tal søknadar til alle dei lokale opptaka. Merk at dette er tal søknadar. Tal søknadsalternativ er større (kvar søkjar kan ha fleire alternativ på søknadane sine). Porteføljen er omtrent som i fjor med nokre små justeringar med mellom anna Naturguideutdanning som eit nytt studium. Sidan vi hadde nedgang frå 2013 til 2014, var det svært positivt med ein auke for 2015. Størsteparten av auken ligg hos Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, og særskilt vidareutdanningane (nettstudium og samlingsbaserte studium) har gode søkartal. Fylkesvis rekrutterer vi mest frå vårt eige fylke, i tillegg til Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Nettstudia rekrutterer søkarar frå alle fylka. Vi ser oppgang i dei aller fleste fylka frå 2014 til 2015, også i Møre og Romsdal. Med tanke på alle dei fleksible studia våre, burde vi rekruttert betre nasjonalt enn det diagrammet syner. 3.1.3 Utfordringar Studieadministrasjonen meiner framleis at det er utfordringar knytt til nettsidene våre. Ein del av søkarane finn ikkje studietilboda våre, dei finn ikkje riktig tilbod og dei har problem med å finne lenka til Søknadsweb. Dette er utfordringar som har vore påpeikt gjennom fleire opptak. Innhaldet i studiekatalogen på nett er delvis uklart og ikkje alltid informativt. Dette må det gjerast noko med. Det er eit håp at det nye vev-prosjektet og den nye EmWeb vil vere med på å løyse desse utfordringane. Side 6 av 15

3.1.4 Oppsummert har totalt sett gjort eit godt opptak og vi har fleire studentar enn nokon gong. Vidareutdanningane og dei fleksible studia våre rekrutterer godt. Når det gjeld grunnutdanningane våre (bachelor, årsstudium og grunnskulelærarutdanning), bør ein sjå nærare på kva som skuldast at HVO ikkje er med i den nasjonale auken når det gjeld tal søkarar. Studieadministrasjonen meiner at vi har potensial til å markere oss sterkare i regionen med t.d. å halde orienteringsmøte på skular, kommunar osv. der vi informerer om studietilboda våre. Studieadministrasjonen meiner det er viktigare enn nokon gong at det er eit tett samarbeid med Kontor for samfunnskontakt om rekruttering av studentar. Dette arbeidet bør prioriterast, og ein må kunne sjå verdien av det analysematerialet Studieadministrasjonen har. * Frå Ragnhild Paulsen Hamre sin rapport. 3.2 Årsrapport 3.2.1 Vurdering av framtidsutsikter Framtidsutsiktene for er lovande. Talet på studentar har auka, og det har no stabilisert seg på eit høgt nivå. Det er ikkje eit generelt mål å auke talet studentar på campus. Men for å tilfredsstille behovet for lærarar i regionen og for å få meir berekraftig drift, er det ei prioritert oppgåve å auke opptaket på grunnskulelærarutdanningane, særleg på 1-7. Vi treng også å auke studenttalet på nokre av masterutdanningane. Samstundes er det eit prioritert mål å auke søkinga til mange av studia. Vi ynskjer større konkurranse om studieplassane for å sikre oss godt kvalifiserte og sterkt motiverte studentar. Det medfører betre gjennomstrøyming, meir inspirerande læringsmiljø og betre omdøme. 3.2.2 Sektormål/ambisjonsnivå for 2016 Talet på primærsøkjarar i samordna opptak: 1300 Talet på primærsøkjarar per studieplass: 1,5 Opptak til GLU: 100 3.3 Studiestartundersøkinga 2015 I år, som i fjor, vart det utarbeidd ei studiestartundersøking for heiltidsstudenten og ei for deltids- og nettstudenten. Heiltidsundersøkinga vart sendt ut til 868 respondentar, og fekk 430 svar. Undersøkinga for deltid og nett vart sendt ut til 1356 respondentar, og fekk 433 svar. 3.3.1 Heiltidsstudentane 70 % av respondentane er mellom 19-24 år. Den største delen av respondentane (51 %) kjem frå Møre og Romsdal. Etter Møre og Romsdal er det flest studentar frå Sogn og Fjordane (11 %) og Hordaland (7 %). Ålesund (19 %), Volda (19 %) og Ørsta (9 %) er dei kommunane som leverer flest av studentane Side 7 av 15

frå Møre og Romsdal. Blant respondentane er 68 % kvinner. 26 % kjem rett frå vidaregåande skule. Heile 40 % av heiltidsstudentane bestemte seg for eit eller fleire år sidan for å studere ved Høgskulen i Volda. 33 % bestemte seg før søknadsfristen 15. april. Viktigaste grunnane til å velje Dei viktigaste grunnane for at respondentane valde er rett studietilbod (93 %), fagleg og pedagogisk kvalitet (78 %) omdømmet til høgskulen (77 %), og studentmiljøet (76 %). 82 % av respondentane hadde Volda som førsteprioritet. Av dei resterande 18% hadde flest NTNU (12 %), Høgskolen i Bergen (12 %) og Høgskolen i Ålesund (10%) som førsteprioritet. 34 % hadde jobb som «hovudaktivitet» sist år. Viktigaste informasjonskanalar 93,3 % av respondentane svarar at det er nettsidene til høgskulen som har gitt dei mest kunnskap om høgskulen. Deretter kjem studentar, tidlegare studentar, familie og vener (81 %). Samordna opptak (51 %), sosiale medium (47 %), studiekatalogen (42 %) og Meir! (35 %) er også viktige kunnskapskjelder. Respondentane gjev delte tilbakemeldingar om nettsida, og mange saknar meir informasjon om tilboda ved høgskulen, samt lag og organisasjonar for studentar. 25 % av studentane frå Møre og Romsdal meiner dei har fått kunnskap om høgskulen gjennom studieorienteringar, 39 % av studentane frå Sogn og Fjordane meiner det same. Heile 35 % av studentane frå Akershus fekk kunnskap om høgskulen på utdanningsmessa i Lillestrøm. 30 % frå Sør-Trøndelag fekk kunnskap om høgskulen på messa i Trondheim. 20 % av studentane frå Hordaland fekk kunnskap i Bergen og 21% av studentane frå Oslo fekk kunnskap om høgskulen på utdanningsmessa i Oslo. 14 % av studentane frå Møre og Romsdal fekk kunnskap om høgskulen på utdanningsmessa i Ålesund. 20 % frå Møre og Romsdal og 26 % frå Sogn og Fjordane meiner dei har fått kunnskap om høgskulen på Utdanningsdagane. 10 % frå Møre og Romsdal meiner dei har fått kunnskap om høgskulen på Karrieredagane. Dei respondentane som har sett annonsar for, har sett desse i si lokale papiravis (12 %). Deretter kjem annonse på andre nettsider/tidsskrifter på nett (11 %), regional papiravis (11 %), og ferje, busshaldeplass eller liknande (10 %). Dersom ein samanliknar med fjoråret er det ein nedgang på 6% i respondentar som har sett annonsar i den lokale papiravisa. 62 % av studentane har ikkje sett annonsar for høgskulen. 3.2.2 Nett- og deltidsstudenten (master og anna vidareutdanning) Den største andelen av respondentane (31 %) er mellom 31-40 år. 32 % av respondentane kjem frå Møre og Romsdal. 9 % kjem frå Sogn og Fjordane, 9 % frå Hordaland, 8 % frå Rogaland og Oslo. 18 % av studentane som kjem frå Møre og Romsdal kjem frå Ålesund, 12 % frå Volda, 11 % frå Ørsta og 9 % frå Herøy. 23 % av respondentane frå Sogn og Fjordane kjem frå Eid, 21 % frå Stryn og 13 % frå Førde. 78 % av respondentane er kvinner. Viktigaste grunnane til å velje Dei viktigaste grunnane til at nett- og deltidsstudentane valde å studere ved, var Side 8 av 15

riktig studietilbod (97 %), organisering av studiet (94 %) og fagleg og pedagogisk kvalitet (62 %). 46 % av respondentane har studert her tidlegare. Viktigaste informasjonskanalar 93 % av respondentane svarar at nettsidene har gitt dei mest kunnskap om. Respondentane gjev også her delte tilbakemeldingar på informasjonen på nettsida. Mange saknar meir informasjon om studium (81 %) og forsking og faglege aktivitetar (28 %). 49 % svarar at studentar, tidlegare studentar, familie, vener og kollegaer har gitt dei mest kunnskap om høgskulen. Deretter kjem kollegaer (24 %) og tilsette på høgskulen (21 %). 17 % av dei som har sett annonsar for høgskulen har sett dei i si lokale papiravis. 60 % svarar at dei ikkje har sett annonsar frå. 3.3.3 Oppsummert Respondentane på studiestartundersøkinga er overordna godt nøgd med informasjon frå Høgskulen i Volda. Både heiltidsstudenten og nett- og deltidsstudenten oppgir at riktig studietilbod er hovudgrunnen til at dei valde å studere ved HVO. Nettsidene har gitt dei fleste god kunnskap om. Likevel saknar respondentane meir informasjon om kvart enkelt studium. Også studentar, tidlegare studentar, familie og vener, Samordna Opptak og sosiale medium er viktige kunnskapskjelder. Studiestartundersøkinga viser også at mange har fått kunnskap om høgskulen gjennom studieorienteringar, utdanningsdagar, karrieredagar og utdanningsmessene. Dei siste åra har HVO brukt mykje midlar på annonsering. Dessverre viser studiestartundersøkinga at det er ein nedgang i respondentar som legg merke til annonsar frå HVO. Over 60 % av respondentane har ikkje sett annonse frå. Det er difor viktig å tenkje over kva kanalar vi vel å marknadsføre oss i. Det er naturleg at vi går meir frå papir til annonsering på nett og sosiale medium. 3.4 Studentevaluering 2015 frå internasjonale studentar Kvart semester sender internasjonalt kontor ut undersøking til dei internasjonale studentane. Undersøkinga for våren 2015 viser at det er ulike grunnar til at studentane vel Volda, men mest vanleg er ei interesse for Norge/Norden (60 %), interesse for Norge/Skandinavia (55 %) og at Volda tilbyr mange interessante emne (50 %). I tillegg har ofte tidlegare studentar varmt anbefalt Volda etter å ha utveksla hit tidlegare. Av utvekslingsstudentar er Tyskland, Spania, Frankrike, Latvia, Litauen og Tsjekkia land som sender mange studentar. Gjennomsnittsalderen for Erasmus-studentane er 22 år. 52 % av studentane er veldig fornøgd med, og 37,5 % er fornøgd. Dei resterande 10 % synest det har vore OK. Heile 85 % ynskjer å anbefale til andre studentar. 80 % av studentane er fornøgd med studentlivet i Volda. Side 9 av 15

4. Sentrale målgrupper 4.1 Heiltidsstudenten I frå studiestartundersøkinga veit vi at over 70 av % heiltidsstudentane er 19-24 år, og at 68 % er kvinner. Over 50 % av respondentane er frå Møre og Romsdal. Etter Møre og Romsdal er det flest studentar frå Sogn og Fjordane (11 %) og Hordaland (7 %). Dette viser at vi har eit stort rekrutteringspotensial, både i eige fylke og elles i landet. 4.2 Nett- og deltidsstudenten I studiestartundersøkinga er 78 % av respondentane på nett- og deltidstudium kvinner. Hovudgruppa i dette segmentet er 31-40 år. Nesten halvparten har studert ved tidlegare. 32 % kjem frå Møre og Romsdal, noko som gjer at vi har eit stort nasjonalt rekrutteringspotensial. 4.3 Internasjonale studentar har lenge vore aktiv på internasjonaliseringsfeltet, og har opparbeida seg eit godt rykte i utlandet. Mange av dei internasjonale studentane kjem til Volda fordi dei har vorte anbefalt av tidlegare studentar. I følgje Internasjonalt kontor høyrer dei ofte at studentar har søkt seg til HVO fordi vi har mange tilbod om utveksling og praksis i utlandet. Dette har også Kontor for samfunnskontakt erfart på utdanningsmesser, studieorienteringar og andre møteplassar der ein er i kontakt med potensielle søkjarar. I tillegg har vi mange internasjonale studentar på campus som er aktive i studentmiljøet. Dette er noko søkjarar ser på som ein positiv faktor då dei har moglegheit til å knytte nettverk på tvers av landegrensene. 5. Kanalar og tiltak 5.1. Frå papir til nett og sosiale medium Studiestartundersøkinga viser at stadig færre legg merke til i lokale- og regionale aviser. Det er difor naudsynt å marknadsføre oss i andre kanalar. Vi ynskjer å vidarefører satsinga på å realisere god og rekrutterande informasjon i digitale medium. 5.1.1 HVO-veven Studiestartundersøkinga viser at nettsidene er den viktigaste informasjonskanalen for alle studentgruppene. Etter planen skal ein ny HVO-vev vere klar hausten 2016. Det er sett ei styringsgruppe med studiedirektør Gonnie Smit, IT-sjef Stig Flåskjer og rådgivar ved Kontor for samfunnskontakt, Per Arne Brandal. Arbeidsgruppa består av representantar frå Kontor for samfunnskontakt, Studieadministrasjonen, IT, Avdeling for kulturfag og Avdeling for mediefag. I tillegg er det oppnemnt ei referansegruppe med representantar frå alle avdelingane og fellestenestene, samt ei gruppe studentar. Desse skal først og fremst samle inn ulike erfaringar og meiningar om dagens løysing. «Microsite» ei midlertidig løysing Den nye HVO-veven blir ikkje klar for hausten 2016. Før denne tid skal vi gjennom ein ny søknadsperiode der potensielle studentar vil besøke veven for å skaffe seg informasjon om kva Side 10 av 15

studium vi tilbyr, studentorganisasjonar, Volda som studiestad osv. Som ei midlertidig løysing skal det bli utvikla ein «Microsite». Dette skal vere eit førebels webområde som erstattar www.hivolda.no i den viktigaste rekrutteringsperioden, og skal gi potensielle studentar informasjon om studietilbod og Volda som studiebygd(a). Tanken er at denne sida skal hente informasjon om studia rett frå studiekatalogen på nett (Emweb) og vere tilpassa alle plattformer. Vi vil bruke den allereie eksisterande URL-en: studiebygda.no. «Micrositen» skal vere enkelt oppbygd med få element og med reindyrking av målgruppa: den potensielle studenten. Studietilboda skal grupperast i kategoriar som målgruppa forstår. For å ikkje få for mange kategoriar, må ein slå saman tilbod og presentere dei i ein kategori. Framsida vil også innehalde menypunkt som Høgskolen i Telemark har på sin «microsite». Sjå altsomventer.no. 5.1.2 Sosiale medium har lenge vore aktiv på sosiale medium. I 2016 ynskjer vi å satse ytterlegare på synleggjering gjennom fleire kanalar. Facebook er den prioriterte kanalen grunna talet på brukarar, god sjanse for spreiing av det vi publiserer og høve til å sponse innlegga mot særskilte målgrupper. Vi har per dato over 7000 som følgjer på Facebook. Vi vil i 2016 auke innsatsen på Facebook og i større grad nytte oss av å sponse innlegg. Vi er også aktive på Instagram med 1100 følgjarar. På Twitter har vi over 2100 følgjarar. I tillegg oppretta vi i august brukar på Snapchat. Etter berre nokre månadar har vi i overkant av 700 følgjarar. I motsetnad til dei allereie godt integrerte kanalane, er Snapchat ein meir personleg kommunikasjonskanal. Dette gjer det mogleg for høgskulen å vise fram andre sider ved studiekvardagen til noverande studentar og potensielle søkjarar. For å få eit personleg preg er det studentar og tilsette som lagar historiene. Film Vi ynskjer å samarbeide med fagmiljøa for å utarbeide ulike rekrutterande filmar. Dette har også vore etterspurt av fleire avdelingar. Å få studentar til å lage filmklipp som vi kan legge ut på Youtube og dele på sosiale medium, trur vi vil skape meir merksemd kring dei ulike studia som høgskulen tilbyr. Musikk, animasjon, journalistikk, drama/teater, MID, idrett- og friluftsliv, naturguide med fleire har nok mykje som dei kan vise gjennom korte filmklipp. I tillegg er det starta eit arbeid med å produsere ein ny film som høgskulen kan nytte generelt i rekrutteringa. 5.1.3 Trykksaker Ettersom ny HVO-vev ikkje er ferdig før hausten 2016, ser vi framleis behov for trykt studieinformasjon til utdeling på utdanningsmesser, studieorienteringar, utdanningsdagar og karrieredagar. Studiekatalogen Studiekatalogen vert distribuert på utdanningsmesser, studieorienteringar, Karrieredagane, Utdanningsdagane og som direct mail i posten til avgangselevar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det blir også vurdert å sende studiekatalogen til rådgjevarar i alle dei vidaregåande skulane i landet. Rekrutteringsansvarleg deltok i september på Landskurs for rådgjeverar. Der kom det fram at rådgjevarar har stor påverknad på valet til elevane. I studiestartundersøkinga er det 9,8 % som seier at han/ho fekk informasjon om HVO frå rådgjevar på vidaregåande skule. Side 11 av 15

Meir! Vi produserer to utgåver av magasinet Meir i året. Vinter/vår-utgåva blir nytta på utdanningsmesser og studieorienteringar. Sommar/haust- utgåva blir sendt i posten til dei som får tilbod som studieplass i juli, til dei som blir avgangselevar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og blir også delt ut på Karrieredagane og Utdanningsdagane. Engelsk studiekatalog I samarbeid med Internasjonalt kontor produserer vi ein engelsk studiekatalog som blir sendt ut til dei som var utvekslingsstudentar førre år (og fungerer som ambassadørar når dei kjem heim), til partnaruniversitet og blir nytta på messer osv. Brosjyrar for MA, BA, yrkesutdanningar o. a. Alle avdelingar får tilbod om eigne trykksaker til sine yrkes- bachelor- og masterprogram. 5.1.3 Annonsering I følgje studiestartundersøkinga har flest respondentar sett annonsane våre i lokalaviser, deretter regionale aviser. Overraskande er det at 60 % av respondentane ikkje har lagt merke til annonse frå. I 2015 vart det utarbeidd annonsar for VG mobil som genererte god trafikk til våre nettsider. Problemet her er at vi ikkje har mobiltilpassa sider, noko som vil føre til at søkjaren ikkje går vidare. Ved å lage ein mobiltilpassa «Microsite» har vi moglegheit til å sluse dei interesserte direkte frå annonsa til «Micrositen». I 2016 vil vi også i større grad nytte Facebook annonsering og sponsa innlegg. På denne måten når vi ut til dei ønska målgruppene. Dei siste åra har vi ved hjelp av Google Analytics arbeidd med å skaffe oss betre oversikt over trafikken på hivolda.no. I særleg grad har vi brukt desse verktya til å måle kva trafikk annonsering på nett, mobil og nettbrett genererer. Slik kan vi sikte oss inn mot dei mest effektive kanalane. Vi ynskjer å ytterlegare nytte oss av Google Analytics. I tillegg vil Kontor for samfunnskontakt auke kompetansen om synleggjering og overvaking på digitale medium. For å målrette annonsane er det naturleg å samarbeide med studieadministrasjonen som sit på mykje informasjon om søkjaren. 5.1.2 Personlege møte Vi ynskjer å skape og vere med på arenaer for dialog mellom høgskulen, studentane våre og framtidige studentar. Vi ynskjer å vere i dialog med søkjarar på møteplassar som studieorienteringar i vidaregåande skular, på utdanningsmesser, på karriere- og utdanningsdagar. Vi ynskjer også turnear retta mot særskilte fagområde. Studentambassadørar Tidlegare har alle studentar hatt moglegheit til å søkje på «jobben» som studentambassadør for høgskulen. Erfaringar viser at vi har fått få søkjarar og kvaliteten på søkjaren har vore varierande. Rekrutteringsansvarleg kontakta i sommar alle fagmiljøa om å få forslag til studentar som passar i rolla som ambassadør. Responsen var veldig god, og 20 studentar har signert kontrakt om å vere studentambassadør. Side 12 av 15

Det er også tenkeleg at ein kan ha studentambassadørar frå nokre av masterstudia våre. Desse treng ikkje å reise rundt på messe, men vere ressurs dersom interesserte ynskjer å kontakte noverande studentar. Ein bør vurdere å ha ei eiga resursside på veven med oversikt over studentambassadørane. Karrieredagane I studiestartundersøkinga svarer 40 % av alle heiltidsstudentane at dei bestemte seg for å studere ved for eit eller fleire år sidan. Å kome i dialog med potensielle studentar tidleg er difor viktig. Målgruppa for Karrieredagane er 10-klassingar i ungdomsskulen på Søre Sunnmøre. Intensjonen er at elevane skal få informasjon og oppleve smakebitar av utdannings- og yrkesvegar i fylket. Arrangementet gjer det mogleg for vidaregåande skular, opplæringskontor, høgskular og arbeidsliv i privat og offentleg sektor å vise seg fram til 10-klassingane som skal velje vidaregåande opplæring. På Søre Sunnmøre leiar og koordinerer prosjektet på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Karrieredagane gjer det mogleg for å bygge tidlege relasjonar til potensielle søkjarar i regionen. I tillegg til Karrieredagane på Søre Sunnmøre deltek vi i Molde, Kristiansund, Surnadal og Ålesund. 10 % av dei som er frå Møre og Romsdal svarar i studiestartundersøkinga at dei har fått kunnskap om høgskulen på Karrieredagane. Utdanningsdagane Alle elevar i den vidaregåande skulen og folkehøgskular frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vert inviterte til Utdanningsdagane, som går over tre dagar. På førehand får kvar elev velje kva studium han/ho vil ha meir informasjon om. Tilbakemeldingar frå lærarar og elevar i 2014 og 2015 er svært positive. Gjennom arrangementet får vise fram studietilbodet og fagmiljøet, i tillegg til bygg og fasilitetar. I studiestartundersøkinga svarar 20 % av dei som er frå Møre og Romsdal og 26 % frå Sogn og Fjordane at dei har fått kunnskap om høgskulen på Utdanningsdagane. Student for ein dag Dei siste åra har interesserte elevar hatt moglegheita til å besøke høgskulen. Dette er lite annonsert, og noko vi bør synleggjere ytterlegare. har fleire moderne undervisningslokale som konsert- og dramasalen, journalistikkstudio, idrettshall med meir. Å gi potensielle søkjarar moglegheit til å besøke skulen på ein «vanleg dag» trur vi vil vere ein god måte å gi eit godt innblikk i korleis det er å vere student ved. Å bruke studentambassadørane som guidar vil vere naturleg. Her er det også mogleg at dei som er interessert i master, deltid og andre vidareutdanningar kan få moglegheit til å besøke høgskulen og snakke med noverande studentar og fagtilsette. Studieorienteringar på vidaregåande skular og folkehøgskular Vi reiser på turné i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til vidaregåande skular og folkehøgskular i regi av Utdanning i Bergen. Dette er eit viktig tiltak mot sentrale målgrupper. Vi brukar studentar som ambassadørar. 25 % av studentane frå Møre og Romsdal meiner dei har fått kunnskap om høgskulen gjennom studieorienteringar, 39 % av studentane frå Sogn og Fjordane meiner det same. Utdanningsmesser I januar/februar 2016 vil vi delta på utdanningsmesse i Trondheim, Bergen, Lillestrøm, Oslo, Ålesund og Stavanger. Over 60 000 vil vere innom desse messene. Nytt av i år er deltaking på utdanningsmessa Side 13 av 15

i Stavanger. Konkurransen om å tiltrekke seg nye søkjarar vert stadig tøffare, og vi meiner difor det er viktig at vi aukar innsatsen. Det er viktig å synleggjere oss, i staden for å krympe rekrutteringsområdet. Vi brukar studentar som ambassadørar, og har med ein tilsett frå Opptakskontoret på alle messene. Kontor for samfunnskontakt har starta arbeidet med ny stand som skal skilje oss frå dei andre utdanningsinstitusjonane. Saman med ulike trykksaker og tv, er panoramafoto frå Molladalen, rastebenk, tursekk og Kvikk-Lunsj viktige element. Seminar/workshop Det er ynskjeleg å ytterlegare reise rundt på skular å ha seminar/workshop for utvalde segment. Dette gjev interesserte elevar ein smakebit på kva dei kan vente som studentar ved høgskulen, og viser fram vår kompetanse. Vi har tidlegare hatt studentambassadørar på turné på folkehøgskular, og har fått god tilbakemelding på dette. Fleire av årets studentambassadørar har gått på Folkehøgskular, og det er eit ynskje å kunne sende desse tilbake til sin «gamle» skule for å fortelje om Volda. Har allereie fått positive svar frå fleire rektorar ved desse folkehøgskulane. 5.2 Kampanjar Jamfør strategien til høgskulen og opptakstala 2015 ser vi behov for å auke talet på førsteprioritetssøkjarar. I tillegg har vi eit stor rekrutteringspotensial for deltid- og nettstudia våre. 5.2.1 Overordna kampanje Det er ynskjeleg i 2016 å utarbeide overordna kampanjar der ein marknadsfører mangfaldet i tilbod ved. Ved hjelp av «Microsite», filmar, gode foto og ny stand er vi på god veg. I tillegg må vi leite fram dei gode historiene frå studentar, tilsette og alumnar. Desse sakene kan vi få på trykk i aviser, både på papir- og nett, samt dele på sosiale medium. Dersom det er konkrete målgrupper vi ynskjer å nå, kan ein sponse innlegg og utarbeide annonsar retta mot denne målgruppa. For å målrette annonsane ynskjer Kontor for samfunnskontakt å samarbeide med Studieadministrasjonen. I studiestartundersøkinga skriv fleire at dei saknar informasjon om lag- og organisasjonar, og studentlivet elles i Volda. Volda er ei lita bygd, og vi må ikkje undervurdere studiebygda som merkevare. Som ein del av kampanjen blir det difor viktig å synleggjere Volda som studiestad. I neste utgåve av magasinet Meir! har vi difor valt å bruke meir plass på å vise fram lag- og organisasjonar, aktive studentar, alumnar, samt andre moglegheiter ein har som student ved. I tillegg har vi valt å bruke studentar som skribentar og fotografar. Ettersom vi har medieutdanning er det ynskjeleg å bruke studentar i større grad til denne type arbeid. På denne måten får dei øve seg og vi får eit betre tilpassa stoff til målgruppene. Det er også naturleg at ein brukar internasjonalisering ved HVO som eit grep i rekruttering nasjonalt. Vedlagt er eit detaljert årshjul med viktige datoar. 5.4 Kostnadar Vedlagt er estimerte kostnadar på dei ulike tiltaka som er skissert til Plan for studentrekruttering 2016. Side 14 av 15

For første gang har vi prøvd å dele opp budsjettet i detaljerte postar. Det er difor vanskeleg å vite nøyaktig korleis den endelege fordelinga blir. Vi ser på dette som eit utgangspunkt og vil bruke dette som grunnlag for utarbeiding av budsjett for 2017. Side 15 av 15