Tone Edland, Tove B. B. Hoppestad (TBK). 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte.



Like dokumenter
Styret godkjenner innkalling og saksliste. Vedtak: Styret godkjenner protokoll frå styremøtet

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. mars 2010

Telefon. Som medlemmer møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Ann Kristin Teksle, Morten Rogn, Lars Vassend, Mathias Kleppen.

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Samnanger kommune Møteprotokoll

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

Selje kommune MØTEBOK

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:30 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Hvem gjør hva og Årshjulet i Telemark Bondelag

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 15. februar 2016

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 34/11 42/11

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve vgs, Ulefoss Telefon

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Dagfinn Wiik Medlem FRP

Organisasjonsbygging. Velkomne til Jakt- og Fiskesenteret på Flå 1. november Org.kontakt: Bjarne Huseklepp

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Det vart meldt inn ein ny sak til møtet, sak 17/11 Møteplan 2. halvår 2011 HELLAND BRANNSTASJON. BYGGEREKNESKAP VESTNES RESSURSSENTER.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

REFERAT 02/2004 MØTE I ARBEIDSMILJØUTVALET TYSDAG 20. APRIL 2004

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

IPT Telemark. Årsmelding Arbeidsutval. Valnemnd

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Stemnehandboka for NKSF

Vedtekter for Vestland SV

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Tysnes kommune Møteprotokoll

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve, Ulefoss Telefon

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Møteprotokoll. Utval: Fylkeseldrerådet i Hordaland Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3.etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 10:15-14:50

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 15:00

Transkript:

Telemark Bondelag Protokoll Vår dato Revisjon Vår referanse 2009-02-20 2009/00035/005 Utarbeidet av Arkiv: 022 Bergit Li / Amund Johnsrud Til Kopi til Styret m. 1. vara Protokoll styremøte Telemark Bondelag 24. februar 2009 Tid: Tysdag 24. januar 2009, kl.09.30. Stad: Landbrukets hus, Gvarv Desse møtte: Zakarias Wingereid (leiar), Kjell A. Sølverød, Olav S. Nordbø, Gunnar H. Li. Synne Vahl Rogn (1. vara) deltok fram til kl. 12, på møta med organisasjonane. Forfall: Tone Edland, Tove B. B. Hoppestad (TBK). 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte. Av dei organisasjonane som var inviterte, møtte følgjande: Kl.10.00 Norsvin Telemark Kl.10.40 Telemark Pelsdyralslag Kl.11.20 Telemark Birøktarlag / Honningsentralen Det vert skipa til eit eige møte med Nortura og Tine, 2 mars, kl 12.00 på Dag Bondeheim. Behandling av øvrige saker frå kl 12.00 Saker: Sak 01/09 Godkjenning av innkalling og sakliste. Styret godkjenner innkalling og saksliste. Sak 02/09 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Styret godkjenner protokoll frå styremøtet 23.01.2009. Sak 03/09 Referatsaker 1. Gjensidige. Samarbeidsutvalet.06/02. I Drammen. Regionalt samarbeidsforum for fylka Østfold, Vestfold, Buskerud, Telemark og Agderfylka. 1

Odd Røste og Per Asbjørn Andvik orienterte om nyheiter og nyorganisering av landbruksdelen i Gjensidige. Foredrag om finanskrisa og moglege konsekvensar av ho ved direktør i Storebrand. Zakarias og Amund møtte for TB 2. Telemark Birøktarlag. 100 års-jubileum. 07/02. Zakarias møtte for TB. 3. Grøntutvalet. Utvalsmøte 09/02. Referat frå møtet låg ved styrepapira. Årsmøte i utvalet vert tysdag 17. mars kl. 18.00 på Århus gård. Isak Rosenvold og Reidun Løite Myhra frå Innovasjon Telemark kjem på møtet og orienterer om IN sine ordningar og satsingsområde. 4. Fylkesbondelaga rundt Oslofjorden. Felles AU-møte 11/02. Rygge Zakarias, Kjell og Amund deltok for TB. Sakar ein drøfta var m.a.: Vassdirektivet Arealforvaltning/ fylkesdelplan på jordvern Om utanlandsk arbeidskraft, Slutt på overgangsreglane 5. Samarbeidsrådet Aust. Årssamling 12/02. Kambo Zakarias, Kjell og Amund deltok også her Noko tynn deltaking frå samvirke si side. Brita Skallerud Akershus Bl tok opp spørsmål om vidare form og innhald for rådet. M. a. framlegg om å lage ein temakonferanse for regionen til SR, der ein bed inn tillitsvalde frå samvirket saman med dei frå Bondelaget. Ei arbeidsgruppe i SR skal vurdere innspela på årsmøtet og kome med forslag. Elles foredrag av optimeringssjef i KFA, Karin Røhme, FKA, om kvalitet på korn/kraftfôr, samt foredrag av Christian A. Smedshaug, Norges Bondelag om Landbruk på dagsorden 2009. Trond Reierstad, Tine Øst attvald som leiar. Olav S. Nordbø, vald som ein av revisorane for 2010. 6. Korn- og frøutvalet. Utvalsmøte 23/02. Drøfta innspel til jordbruksforhandlingane. bestemte elles at fagmøtet om korn vert lagt til Søve vgs, 1. april. Endre A. Stakkerud, leiar i NBs kornutval kjem og innleiar, samt innlegg ved LR Austafjells Styret merka seg dei framlagde referatsakene. Sak 04/09 Orienteringssaker 1. Kvotejakta på gaupe Artikkel frå Fylkesmannen i Buskerud for status i jakta pr. 13/02 låg ved styrepapira. Felling av ein gaupeunge i Sauland, har ført til stans i jakta i jaktområde 2d. Det har skapt reaksjonar at funksjonærar i SNO ga klarsignal for jakt på familiegrupper, og tolka regelverket feil her, slik at jakta vart stoppa da denne gaupeungen var skote. Saka er kommentert m.a. av Lars Bjaadal som 2

leiar av den regionale rovviltnemnda. Vidare oppdateringar vert lagt ut på heimesidene til Fylkesmannen i Buskerud og/eller Telemark. Pr 24.02 er det att 9 dyr på kvota 2. Utsett møte med Geoparken Telemark/Vestfold. 02/03 Møtet som skulle vore tidleg i januar, er utsett til 2. mars. Zakarias og Amund deltar for TB. Tove for Landbruksselskapet og Simon Thorsdal for AT. Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget i Vestfold er også invitert med. 3. Årsmøte i Telemark Nei til EU. 04/03 Møtet er på Bø hotell, startar kl 17.30, Innkalling låg ved sakspapira. Zakarias møter for TB. Amund er leiar for valnemnda til Telemark NTEU i år, og førebur vala saman med Jon Ingebretsen og Wenja Rui. 4. Valnemndsarbeidet i NB På møtet var det ei orientering/oppdatering omkring arbeidet til valnemnda i Norges Bondelag. 5. Oppseiing frå Mari Bergen Mari sa opp stillinga si i desember, og var etter avtale med arbeidsgivar, i arbeid ut januar i år. Den framtidige bruken av lønsmidlane knytt opp til den stillingsheimelen Mari var tilsett i, vert framover vurdert i tråd med den orienteringa som vart gitt om saka på førre styremøte (Sjå orienteringssak 5 på styremøtet den 23. januar). Styret merkar seg dei framlagde orienteringssakene. Sak 05/09: Årsmøte Telemark Bondelag 2009 1. Program/saker, ansvarsfordeling Opplegg for debatten på fredagskvelden. Dei to bøndene som skal innleie her vert Tove Tangvald Ryd, Bamble og Ellen Nordstoga, Vinje. Tove om trong for investeringsmidlar, eigne erfaringar frå forsøk på utbygging til eggproduksjon, Ellen om situasjonen for landbruket i vestfylket, spesielt mjølkeproduksjonen Zakarias ønskjer velkomen til møtte, innleiar og presenterer Ove Mellingen, som ordstyrar vidare Deretter innlegg frå Tove og Ellen. utfordringar frå desse to til panelet. Kort pause, deretter spørsmål, kommentarar frå salen. Avslutning kl. 20 30 20 45. Zakarias ønskjer velkomen til middag for årsmøteutsendingar og gjester rett etter møtet. Spør nokon om å takke for maten. Zakarias og Amund gjer førespurnader om kort underhaldningsinnslag under middagen 3

Laurdag: Konstituering av møtet: Opprop: Årsmelding: Rekneskap: Arbeidsplan: Budsjett: Ordstyrar (Kjell) Kjell eller Amund Amund Bergit Tone Amund Orientering frå NB v/clara Hveem Framfor jordbruksforhandlingane Ny marknadsordning Prinsipp-program Utdeling av Bondevett-prisen, skjer ca kl. 11.00, på vegner av Norges Bondelag. Zakarias og Clara fordeler seg i mellom ansvaret for dette. OBS: På sakslista manglar sak om godkjenning av avtale om Bygdevis. Denne skal formelt opp i årsmøtet for godkjenning. På revidert sakliste må denne saken førast opp med eige saksnr. Avtala må leggast ut på møtet. Ordstyrar tar opp dette ved konstitueringa av møtet, og bed om aksept for at saka kan behandlast slik. Gåve til innleiarar/føredraghaldarar: TBKs bok Høgtider i året og livet Styret merkar seg ansvars- og oppgåvedeling på årsmøtet. 2. Tema for fråsegn Styret drøfta tema for fråsegn på årsmøtet, evt, om det er aktuelt å ha fleire. Ein samla seg om å skrive ut eit framlegg som omhandlar føremålet og nytta av marknadsregulering, både for samfunnet og bonden. Fråsegna bør rette seg ut over landbruksnæringa og ikkje vere til intern bruk. Styret ser det som viktig at ein gjennom årsmøtet kan vere med å styrkje kunnskap og bevisstheit om kvifor ein treng å regulere marknad og produksjon i jordbruket. Også freiste å setje opp som kontrast til den manglande reguleringa som har medverka til finanskrisa. Zakarias og Amund skriv ut endeleg framlegg til fråsegn for årsmøtet, på bakgrunn av drøftinga i styret. Sak 13/09: Jordbruksforhandlingane 2009. Møte med organisasjonane Desse møtte: Norsvin v/styreleiar Knut Haugland Telemark Pelsdyralslag v/styreleiar Arne Olav Sønderland og styremedlem Ove Fosse Honningcentralen / Telemark Birøktarlag v/fylkeskontakt for Honningcentralen Peter Rieber-Mohn 4

Notat frå samtalane med dei tre organisasjonane vert skrive i eige dokument som vedlegg til styrets vidare arbeid fråsegn til jordbruksforhandlingane, saman med skriftlege innspel frå dei Innspela frå dei ulike organisasjonane vert med som grunnlag for styret i arbeidet med å lage fråsegn framfor årets jordbruksforhandlingar. Sak 14/09: Framlegg til endring i marknadsordningane for kjøt og egg Rapporten frå arbeidsgruppa som førebur saka var lagt ut på nettet, m.a. på www.bondelaget.no Notat frå Norges Bondelag om saka var lagt ved sakspapira, samt notat med referat frå bondekafeen med Anders Huus 10/2. På representantskapsmøtet i NB 25/2 vil det bli lagt opp til å behandle og tilrå val av modell for framtidig marknadsregulering på kjøt/egg. Fleirtalet i arbeidsgruppa tilrår denne modellen (Kjøtindustrien Landsforeining gjer det med atterhald om ei trinnvis innfasing av modellen. Handelens og Servicenæringas Hovudorganisasjon ønskjer primært Kyllinggrepet ) Styret i NB vil truleg også tilrå den volumbaserte modellen framfor møtet i representantskapet. Vidare debatt vil mykje handle om korleis denne modellen skal fasast inn. Dvs. gjere den gjeldande for alle aktuelle produksjonar med ein gong, frå 1. juli 2009, eller bare ta inn enkelte produksjonar på det tidspunktet, og vente med å innføre for resten til seinare. Problemstillingar som vert sentrale her, er m.a. Korleis påverkar innfasing av ny modell innhaldet i og autoriteten til forhandlingsinstituttet, og til forhandlingspartane? Kor stor er faren for at ein risikerar å få kyllinggrepet på fleire produksjonar, ved forsinka innfasing av den volumbaserte modellen? Dvs. misse heile moglegheiten for marknadsregulering på fleire produksjonar? Det er nå avklara at forhandlingspartane kan bruke noko meir tid på å konkludere på innfasing. Landbruksdepartementet kan skrive ut nødvendige forskrifter uavhengig av om det er endeleg bestemt korleis innfasinga skal skje. Endeleg avgjerd vert difor ein del av dei ordinære jordbruksforhandlingane i mai, med påfølgjande stortingsbehandling. For NB sin del vil det seie at ein vil vente med å behandle standpunkt til innfasinga til representantskapsmøtet 26-27. mars. Fylkeslaga kan difor rekkje å kome med sine synspunkt på dette i dei ordinære høyringsfråsegnene sine til jordbruksforhandlingane. Styret drøfta saka både som eige punkt og i samtalane med dei tre organisasjonane som var med og drøfta jordbruksforhandlingane. Innanfor dei rammevilkåra som er sett m.a. av WTO, verkar den volumbasert modellen, utan målpris, til å vere den som best sikrar ei vidareføring av viktige verkemidlar innanfor marknads- og produksjonsregulering. 5

Styret starta også på drøftinga omkring innfasing av modellen, og det kom fram ulike syn på kva som er best mtp. å sikre ein varig og stabil ordning, og unngå at fleire produksjonar skal falle ut av reguleringsordningane, slik det har skjedd med kylling. Full innfasing av alle aktuelle produksjonar 1. juli 2009: Ein sikkerheit mot at enkeltproduksjonar (gris) kan takast ut av marknadsreguleringa på eit seinare tidspunkt. Meir utsett for et slikt grep hvis den står att i målprissystemet. Meir robust mot skiftande politiske regime hvis overgangen skjer nå. Solidaritet mellom produksjonane Full overgang gir større rom i gul boks Stegvis innfasing Målprissystemet er eit betre system, med meir prisstabilitet enn det nye systemet, ikkje grunn til å framskynde overgang til eit nytt system som gir mindre stabilitet og større svingingar Dei som blir att i det gamle systemet, vert ikkje aleine, men står der saman med korn og mjølk. Har vi god nok oversikt til å leggje alt over nå? Finst det ukjente faktorar vi må ta høgde for? Betre å prøve ut det nye systemet stegvis og over tid. Nytt system utan målpris svekkar jordbruksforhandlingane, og overlet meir ansvar til marknadsaktørane. Meir sårbart forhandlingsinstitutt når desse i stor grad bare vil dreie seg om budsjettmidlar Kva skjer i nytt system hvis Norturas marknadsandel av førstehandsomsetnaden vert redusert? Det er tilstrekkeleg rom i gul boks nå, sjølv om bare enkelte produksjonar vert lagt om. Styret støtter ei endring i marknadsordningane for kjøt og egg basert på ein modell der målprisen vert avvikla og marknadsregulering skjer på grunnlag av volumindikatorar. Fylkesleiar merkar seg debatten i styret om denne saka framfor det ekstraordinære representantskapsmøtet i NB 25. februar. Når det gjeld synspunkt på innfasing av den nye modellen, vil styret ta opp dette som ein del av si fråsegn til Jordbruksforhandlingane 2009. Sak 15/09: Landbruk på dagsorden 09. 1. Kontakt med fylkespartias utsendingar framfor landsmøta Som ein del av NBs satsing Landbruk på dagsorden 09 vert det oppmoda om at fylkeslaga tar kontakt med partia sine utsendingar til landsmøta denne våren. Det vert utarbeidd eit Landbrukspolitisk punktprogram i prosjektet. Dette kan fylkeslaga bruke og overlevere til dei lokale utsendingane i sitt fylke, men oppmoding om at dei tar opp landbrukspolitiske saker på landsmøtet, både generelt og i programdebattane. Punktprogrammet vil vere klart i medio mars: 6

Her er oversyn over dei ulike landsmøta: SV AP SP KrF V H Frp 19.-22. 23.-26. 30.april 24.-26.april mars i mars i 3.mai Trondheim Bergen Ålesund Kristiansand 18.- 21. april i Oslo 8. 10. 23-24.mai mai Oslo Gardermoen Fylkesstyret og kontoret bør kontakte dei forskjellige fylkespartia, og få ei oversikt over kven som deltar på dei ulike møta. Nokon bør gjennomgå desse namna og plukke ut dei som vi bør ta vidare kontakt med framfor landsmøta. Målet må vere å få desse til å ta opp landbrukspolitiske tema på landsmøta, og spesielt i programdebattane. Vi kan vurdere dei ulike programforslaga og kome med innspel på punkt som anten kan støttast opp om frå Bondelaget si side, og punkt der vi bør foreslå alternative formuleringar. Viktig å prøve å få til ein dialog med enkelte av landsmøtedelegatene om dette, slik at dei er førebudde før dei drar til møta. Det varsla landbrukspolitiske punktprogrammet frå NB kan brukast som grunnlag for å gi partia innspel til landbrukspolitiske saker. Til neste styremøte vil styremedlemmane og tilsette på kontoret fordele ansvar for å kontakte fylkespartia, mtp å få ei oversikt over delegatane til landsmøta. Dei ansvarlege for kvart parti, gjer seg vidare kjent med forslaga til valprogram og vurderer innspel til desse og evt. andre saker som skal opp på landsmøta. 2. Tiltak framfor stortingsvalet Stortingsvalet er søndag 13. (Dyrsku søndagen!) og måndag 14. september. TB må bestemme seg for kva tiltak/arrangement vi bør satse på å gjennomføre i løpet av valkampen for å få fokus på landbrukspolitiske saker. Her er det nødvendig å førebu både form og innhald slik at vi lykkast best mogleg med å nå ut og fram med bodskapen vår. Styret hadde ei innleiande diskusjon på kva for tiltak/møte ein ser for seg å gjennomføre. Det mest aktuelle ser ut til å vere: Gardsbesøk, på ein eller fleire gardar. Vurderer rundtur med buss til fleire gardar, evt. også landbruksbedrifter. Kan vere aktuelt å gjennomføre fleire slike éindags-opplegg, dele opp, slik at ein ikkje har alle stortingskandidatane på same turen. Aktuelt å besøke både gardsbruk, foredlingsanlegg samt Dyrsku -plassen. TB kan vurdere samarbeid om opplegget med andre organisasjonar. Arbeidsutvalet førebur TB sine arrangement i valkampen framfor stortingsvalet i september. Dei kan evt. supplere med andre frå styret AU merkar seg den førebels drøftinga styret, og kjem tilbake til styret med meir konkrete planar til møtet i april. 7

Sak 16/09: Representantskapsmøte i NB 26-27/03. Innkomne saker Frist for å melde inn saker til representantskapsmøtet i Norges Bondelag, er sett til 5. mars. Styret kan vurdere om det er saker som er aktuelle å melde inn frå oss. Representantskapet er organisasjonens høgaste organ mellom årsmøta, og skal vere rådgivande for styret i deira arbeid. Det som er naturleg å ta opp her, er saker/spørsmål der ein ønskjer å formulere synspunkt som skal vere retningsgivande for Bondelaget i det vidare arbeidet. Telemark Bondelag har ikkje eigne saker å fremje til punktet Innkomne saker på NBs representantskapsmøte 26-27. mars Ymse 1. Telefonmøte med Fylkesmannens kontaktgruppe 26/02. Zakarias og Amund deltar for TB. Skal tilrå handlingsplan for bruk av BUmidlane i 2009, og fordeling av BU-potten mellom Fylkesmannen og Innovasjon Norge. 2. EUs vassdirektiv. Høyring på forvaltningsplanar Høyringsfrist er 15. juli. TB bør ha kontakt med dei lokallaga som vert omfatta av saka, i denne omgang Gjerpen (Børsesjø) og Tokke/Vinje. Østfold Bondelag har skrive brev til NB og bed om at NB sentralt sett av ressursar til å hjelpe til med saksbehandling i desse sakene. Svært omfattande høyringar 3. Forslag til nytt prinsipp-program for NB Forslaget til nytt program er sendt frå NB til lokallaga til høying. TB har sett frist for tilbakemelding frå laga til 31. mars. Fylkesstyret vil behandle saka på styremøtet i april. Orientering om saka på fylkesårsmøtet. Møtet heva kl. 15.30 Ved protokollen Amund Johnsrud 8