Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam



Like dokumenter
HORDALANDD. Utarbeidd av

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Arbeidsliv

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Vestlandet ein stor matprodusent

Framtidige behov for hjelpemiddel

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Om Fylkesprognoser.no

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Avdeling for regional planlegging

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Forslag frå fylkesrådmannen

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kva er økologisk matproduksjon?

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Vurdering av allianse og alternativ

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Saksbehandling kva er no det?

Forbrukerrådets husleiekontrakt

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Høring - finansiering av private barnehager

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

nye bøker i 2004

Transkript:

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam Reduksjonar i verksemda ved Bjølvefossen i 2001

Agnes Mowinckelsgt. 5, Postboks 7900 5020 Bergen Bergen, JUNI 2001 Rapport

Rapporten er utgjeven av Avdeling for regional utvikling, Plan- og miljøseksjonen. Rapporten er utarbeidd av Ronny Strand. Takk til Kvam herad/ Bjølvefossen for grunnlagsinformasjon og Arne Stokka, SINTEF for vegleiing og kommentarar. Trykk: Hordaland fylkeskommune, hustrykkeriet.

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam Innleiing: Analysen er utført på førespurnad frå Kvam herad i samband med utarbeiding av kommuneplan og vurdering av folketalsutviklinga i kommunen. Analysen er tilgjengeleg på internett (pdf) på http://www.hordaland-f.kommune.no/ru/statistikk/ ( Artiklar og analysar ). INNHALD: side: 1 Problemstilling... 2 2 Samandrag... 2 3 Historisk utvikling og nosituasjon... 2 3.1 Befolkning... 2 3.2 Sysselsetting/ næringsstruktur... 2 4 Moglege konsekvensar av reduksjonane ved Bjølvefossen... 4 5 Føresetnader for analysen... 4 6 Konsekvensar... 5 6.1 Sysselsetting... 6 6.2 Befolkning... 6 6.3 Begrensningar i analysen... 7 7 Konklusjon... 8 8 Vedlegg... 8 8.1 Folketalsframskriving Hfk2001... 8 8.2 Folketalsframskriving Hfk2001ny... 9 8.3 Differanse Hfk2001ny og Hfk 2001... 9 9 Kjelder m.v....10

1 Problemstilling Bjølvefossen i Ålvik planlegger å redusere verksemda i 2001. Talet på tilsette skal reduserast med 87 gjennom året. Avgangen skjer dels ved oppseiingar, dels ved overgang til AFP og andre trygdeordningar. Verksemda planlegger også å redusere produksjonen; ein reknar med ein nedgang i omsetninga på nærare 20 % frå 31.12. 2000 til 31.12. 2001. I denne situasjonen er det ønskjeleg å vite meir om kva ringverknader dette vil kunne få på annan sysselsetting i Kvam og nabokommunane, og korleis folketalsutviklinga kan bli påverka. 2 Samandrag Berekningane viser at reduksjonane ved Bjølvefossen vil kunne føre til tap av 10-12 arbeidsplassar i andre næringar i Kvam og Granvin, hovudsakeleg i private tenesteytande næringar. Reduksjonane i 2001 vil kunne føre til ein folketalsnedgang på ca 50 i eit 5- årsperspektiv. Dei yrkesaktive aldersgruppene 20-66 år kan kome til å bli redusert med vel 30, medan talet på barn og ungdom 0-19 år vil kunne vere redusert med knapt 20 ved utgangen av 2005. 3 Historisk utvikling og nosituasjon 3.1 Befolkning I 2000 hadde Kvam herad eit lite fødselsunderskot og eit lite innflyttingsoverskot, som til saman ga ein auke i folketalet på 7 personar. Kommunen hadde 1. januar 2001 8 599 innbyggjarar, noko som er ein nedgang på nesten 200 sidan 1990. Ein høgare andel av innbyggjarane i Kvam er over over 67 år enn i fylket som heilskap, men kommunen har også ein høgare andel innbyggjarar i fleire av dei yngre aldersgruppene. 3.2 Sysselsetting/ næringsstruktur Kvam har rimeleg bra arbeidsplassdekning (arbeidsplassar i kommunen i høve til arbeidstakarar busett i kommunen) og har dei siste åra hatt låg arbeidsløyse. Ved utgangen av mai 2001 var arbeidsløysa i Kvam på 1,9 % inkl. tiltak, medan tilsvarande tal for fylket var 3,2 %. 2

1999 Kvam Jordbruk, skogbruk og fiske 515 Industri, bergverk og oljeutv. 785 Bygg og anlegg, kraftfors. 201 Handel, transport, hotell, rest. 714 Bank, priv. tenesteyting 499 Offentleg tenesteyting 934 ArbeidspI. i alt 3 648 Jordbruk, skogbruk og fiske 14,1 Industri, bergverk og oljeutv. 21,5 Bygg og anlegg, kraftfors. 5,5 Handel, transport, hotell, rest. 19,6 Bank, priv. tenesteyting 13,7 Offentleg tenesteyting 25,6 ArbeidspI. i alt 100,0 Arbeidstakarar 3 696 Arbeidspl. i % av arbeidst. 98,7 Tabellen viser talet på arbeidsplassar i Kvam etter næringsgruppe. Kommunen har etter måten mange arbeidsplassar i industrinæringane, der gruppa Produksjon av jern og ferrolegeringar står for meir enn ein tredel. 293 av dei 785 industriarbeidsplassane i Kvam er i Produksjon av jern og ferrolegeringar, der langt dei fleste arbeidsplassane finst på Bjølvefossen i Ålvik. 120 100 Indeks 1989=100 80 60 40 20 Prod. av jern og ferrolegeringar Sysselsetting i alt 0 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 Figuren over viser at medan det totale talet på arbeidsplassar i Kvam har halde seg nokså stabilt på nittitalet, har sysselsettinga i Produksjon av jern og ferrolegeringar gått ned, med ein viss auke igjen mot slutten av tiåret. 3

4 Moglege konsekvensar av reduksjonane ved Bjølvefossen Ved hjelp av modellsystemet PANDA (Plan- og analysesystem for næringsliv, demografi, og arbeidsmarked) er det gjort berekningar for kva verknader ein slik reduksjon i arbeidsstokken og produksjon som Bjølvefossen planlegger i 2001 kan kome til å ha for sysselsettinga i andre næringar i kommunen, og for folketalsutviklinga. Frå om lag 250 tilsette ved inngangen til 2001 planlegger selskapet å redusere talet på tilsette med 87 gjennom året. Verksemda planlegger også å redusere produksjonen; ein reknar med ein nedgang i omsetninga på nærare 20 % frå 31.12. 2000 til 31.12. 2001. Det kan tenkast fleire typar konsekvensar av slike reduksjonar i aktiviteten: Direkte: Dei som misser arbeidet ved verksemda flyttar ut for å arbeide i andre kommunar. Dette vil gi direkte konsekvensar for folketalet i kommunen, pluss konsekvensar i form av redusert etterspørsel etter varer og tenester frå det lokale næringslivet, og reduserte skatteinntekter til kommunen. Indirekte: Dei som misser arbeidet ved verksemda - vert buande i kommunen, men pendlar til jobb i andre kommunar. - vert buande i kommune, går over på avtalefesta pensjon, uføretrygd eller arbeidsløyse trygd. - vert buande i kommunen og går over i ny jobb i heimkommunen. - I den grad verksemda kjøper varer og tenester lokalt kan ein reduksjon av produksjonen i seg sjølv føre til redusert etterspørsel etter varer og tenester frå næringslivet, gjennom bortfall av lokale underleveransar. Alle desse tilpasningsmåtane kan, i større eller mindre grad, gi negative ringverknader for lokalsamfunnet i form av redusert etterspørsel etter varer og tenester frå næringslivet og reduserte skatteinntekter til kommunen, og gjere arbeidsmarknaden i kommunen dårlegare. Berekningane i denne analysen tek sikte på å fange opp alle desse ulike typane av konsekvensar. 5 Føresetnader for analysen Dei tilsette ved Bjølvefossen fordeler seg slik geografisk (etter bustadadresse): Ålvik 161 Kvam elles 65 Granvin 12 Andre kommunar 10 I alt 248 Kvam og Granvin kommunar nyttast som analyseregion, sidan 96 % av dei tilsette er busett i desse to kommunane. 4

Det er i analysen føresett at også 96 % av dei 87 som sluttar ved Bjølvefossen i 2001, kjem frå Kvam eller Granvin. Ei verksemd som Bjølvefossen hentar berre ein liten del av underleveransane til produksjonen frå lokalt næringsliv, noko som avgrensar ringverknadene ved ein reduksjon i produksjonen. I analysen er det nytta gjennomsnittstal frå PANDA for underleveransar til næringa Produksjon av jern og ferrolegeringar, som viser at berre vel 5 % av underleveransane til slik produksjon kan ventast å kome frå lokalsamfunnet, når dette definerast som Kvam og Granvin kommunar. Dei største lokale underleveransane vil vere innanfor nokre typar privat tenesteyting, særleg transport. Reduksjonane i verksemda vil også omfatte ein del timar/ årsverk innkjøpte tenester, samstundes som outsorcing av tenester til eksterne leverandørar i eller utanfor regionen inngår i verksemda sine innsparingsplanar. Det vert føresett at desse tiltaka oppveg kvarandre når det gjeld samfunnmessige konsekvensar, og dei er derfor ikkje tekne med i analysen. Ei sentral problemstilling er kor stor del av dei som misser arbeidet som følgje av reduksjonane ved verksemda (både dei som var tilsett i den verksemda som opprinneleg reduserte og dei som misser arbeidet pga ringverknader andre stader i regionen), som flyttar ut av kommunen for å skaffe seg ny jobb. Arbeidsmarknaden er i dag god i store deler av fylket, ikkje minst i Kvam som lenge har hatt låg arbeidsløyse. Venteleg vil det for ein del av dei overtallige vere mogleg å skaffe seg ein ny jobb i regionen. Informasjon frå verksemda viser at ein del av dei som misser arbeidet kjem til å gå over på ulike trygde/ pensjonsordningar. I analysen er det føresett at dei som vert overtallige ved Bjølvefossen, eller som følgje av ringverknader andre stader i regionen, tilpassar seg slik på arbeidsmarknaden: 50 % vert arbeidsledige, trygda, førtidspensjonert eller går over i ein dårlegare betalt jobb i regionen. 30 % pendlar ut av regionen til jobbar andre stader. 20 % flyttar ut. Til berekning av korleis sysselsetting/ produksjon i dei ulike næringane (sektorane) generelt kan kome til å utvikle seg i framtida nyttar PANDA- modellen vekstrater basert på Regjeringa sitt langtidsprogram 1994 1997. 6 Konsekvensar Ringverknadene (konsekvensane) vert rekna ut på regionnivå, og gjeld såleis i prinsippet like mykje for Granvin som for Kvam. Utrekningane viser likevel minimale utslag for Granvin, i storleiken 1-2 tapte arbeidsplassar og 1-2 færre innbyggjarar som følgje av reduksjonane ved Bjølvefossen. Det vert i det følgjande berre gjengjeve tal for Kvam. Konsekvensane vil verte omtalt i eit 5-års perspektiv, altså per utgangen av 2005. I nokre figurar og tabellar vil det likevel verte gjengjeve tal t.o.m. 2010. Det er rekna at reduksjonane finn stad gjennom året 2001. 5

6.1 Sysselsetting 2000 2001 2002 2003 2004 2005 1 Primærnæringane 0 0 0 0 0 0 2 Prod av jern, ferro 0-1 -1-1 0 0 3 Annan industri 0-1 -1-1 -1-2 4 Bygg og anlegg, kraftfors. 0-2 -2-1 -1-2 5 Handel, transport, m.v. 0-4 -5-4 -4-4 6 Bank, privat tenesteyting 0-3 -4-3 -3-3 7 Offentleg tenesteyting 0 0 0 0 0 0 Sum sektorar 0-11 -11-12 -11-11 Aktivitetar 0-84 -84-84 -84-84 Total sysselsetting 0-95 -95-96 -95-95 Tabellen viser berekna sysselsettingsendringar etter næring, som følgje av reduksjonane ved Bjølvefossen (sektor 2) i 2001. Aktivitetar er den sysselsettingsreduksjonen som er lagt inn som direkte bortfall av arbeidsplassar, ut frå tal som den aktuelle verksemda sjølv har oppgjeve. Sum sektorar er ringverknader på sysselsettinga i næringslivet elles som følge av dette. Ringverknadene for andre deler av næringslivet må i det heile seiast å vere små. Ringverknadene vert størst i dei tenesteytande sektorane. Det er føresett at sysselsettinga i primærnæringane og offentleg sektor er bestemt av tilhøve utanfor regionen, og desse sektorane er haldne utanfor berekningane. 6.2 Befolkning Analysen viser at i eit 5- årsperspektiv vil reduksjonane i sysselsetting og produksjon ved Bjølvefossen kunne føre til ein reduksjon i folketalet i Kvam på om lag 50. 8 650 8 600 Innbyggjarar 8 550 8 500 8 450 Hfk2001 Hfk2001ny 8 400 1995 1997 '1999 2001 2003 2005 2007 2009 Figuren over viser forskjellen mellom Hordaland fylkeskommune si folketalsframskriving Hfk2001 der det ikkje var rekna inn nokon særskilte sysselsettingreduksjonar, og ein korrigert 6

versjon av den same framskrivinga, der reduksjonane i Ålvik og sannsynlege konsekvensar av desse er rekna inn. 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Sysselsetting 0-96 -97-97 -96-97 -96-96 -96-96 -96 Arbeidsstyrke 15-74 0 0-20 -21-24 -25-27 -28-30 -32-34 Tot.nettoflytting 0-35 -3-3 -3-2 -3-3 -3-2 -2 Totalbefolkning 0-35 -39-43 -47-51 -55-58 -61-65 -68 0-5 åringar 0-6 -7-8 -8-8 -9-9 -9-8 -9 6-12 åringer 0-3 -3-5 -6-7 -8-9 -10-11 -11 13-15 åringer 0-1 -1-1 -1-1 -2-2 -2-3 -3 16-19 åringar 0-1 -2-2 -1-2 -1-2 -2-3 -3 20-29 åringar 0-11 -11-10 -9-9 -9-8 -8-8 -8 30-39 åringar 0-8 -9-11 -13-14 -15-15 -16-17 -17 40-49 åringar 0-2 -3-4 -4-5 -6-7 -8-9 -10 50-69 åringar 0-2 -1-2 -2-3 -2-3 -3-4 -4 60-69 åringar 0-2 -1-2 -2-2 -2-2 -3-2 -3 70-79 åringar 0 0 0 0 0-1 -1-1 -1-1 -1 80-89 åringar 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 90 og eldre 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 Medan sysselsettingsverknadene i all hovudsak finn stad det første året og ikkje utviklar seg vidare, viser tabellen over at verknadene på folketalet kan ventast å auke år for år dersom situasjonen elles i kommunen held seg uendra. Reduksjonane ved Bjølvefossen vil kunne innebere eit befolkningstap på 35 det første året, aukande til 51 i 2005 og 68 i 2010 (akkumulerte befolkningstap t.o.m. det aktuelle året). Dei første åra vil det vere i aldersgruppa 20-29 år befolkningstapet er størst, seinare vert tapet større for aldersgruppa 30-39 år. Sidan dei personane som normalt flyttar ut av kommunen som følgje av dårlegare arbeidsmarknad er dei aldersgruppene som i størst grad har mindreårige barn, fører det i tillegg til eit tap av personar i dei yngste aldersgruppene. I dei eldste aldersgruppene vil ikkje denne typen endringar på arbeidsmarknaden ha innverknad på innbyggjartalet. Hovudårsaka til befolkningstapet er auka netto utflytting. Utflyttinga er særleg stor i det året sysselsettingsreduksjonane oppstår. Dette fører så til at den svake nettoinnflyttinga Kvam har hatt dei siste åra vert snudd til ei svak nettoutflytting. 6.3 Begrensningar i analysen Ein analyse som dette baserer seg på alt anna like, altså at det ikkje samstundes skjer noko anna som har betydning for det som vert analysert. Til lenger fram i tid og frå den opprinnelege hendinga som skal analyserast ein kjem, til meir teoretiske vert tala. Tidsseriane fram mot 2010 må derfor ikkje sjåast på som eksakte framskrivingar av utviklinga, men meir som illustrasjonar på samspelet mellom folketal, sysselsetting, flytting, alderssamansetjing m.v I denne analysen er den arbeidsmarknadstilpasninga (sjå 5) som finn stad som følgje av sysselsettingsreduksjonane i Ålvik heilt avgjerande for konsekvensane for folketalet. Med den gode arbeidsmarknaden ein har i Hordaland og ikkje minst i Kvam, og med stor grad av 7

overgang til AFP og ulike trygdeordningar mellom dei som vert overtallige, er det mogleg at dei beskrivne konsekvensane snarare er pessimistiske enn optimistiske. 7 Konklusjon I eit 5- årsperspektiv ser det ut til at dei planlagde sysselsettingsreduksjonane i Ålvik vil kunne føre til eit befolkningstap i Kvam på om lag 50 personar. Det vil også kunne føre til eit visst tap av arbeidsplassar andre stader i kommunen, hovudsakeleg i tenesteytande næringar. Sysselsettingsreduksjonane vil kunne bidra til at den tendensen til nettoinnflytting ein har sett i kommunen dei siste åra vert snudd til nettoutflytting. Om konsekvensane er moderate for Kvam kommune som heilskap, vil dei vere nokså merkbare for industristaden Ålvik. Dersom dei som vert overtallige ved Bjølvefossen fordeler seg geografisk på same måten som den totale arbeidsstokken, vil mellom 50 og 60 av dei vere busette i Ålvik. Det vil ha stor betydning for ein industristad som i utgangspunktet har knapt 650 innbyggjarar (krinsane Ålvik austre, Ålvik sentrum, Ålvik vestre og Ytre Ålvik), og berre om lag 40 arbeidsplassar i andre næringar enn Produksjon av jern, ferrolegeringar. 8 Vedlegg 8.1 Folketalsframskriving Hfk2001 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Totalbefolkning 8 592 8 612 8 620 8 618 8 622 8 616 8 617 8 609 8 608 8 604 8 604 0-5 åringar 643 646 638 639 629 630 626 621 616 613 609 6-12 åringer 883 881 889 880 858 852 841 823 822 816 815 13-15 åringer 361 354 358 362 389 390 392 382 382 378 359 16-19 åringar 468 476 476 471 473 464 473 500 496 506 516 20-29 åringar 1 062 1 078 1 035 1 029 995 993 973 967 958 947 944 30-39 åringar 1 062 1 053 1 075 1 086 1 117 1 121 1 107 1 106 1 095 1 085 1 062 40-49 åringar 1 112 1 102 1 114 1 103 1 103 1 096 1 125 1 111 1 122 1 114 1 141 50-69 åringar 1 003 1 037 1 063 1 066 1 067 1 070 1 060 1 064 1 061 1 086 1 079 60-69 åringar 696 688 681 719 749 786 826 856 889 899 931 70-79 åringar 727 724 705 671 646 620 613 602 594 589 589 80-89 åringar 468 473 476 482 478 478 461 457 450 443 434 90 og eldre 107 100 110 110 118 116 120 120 123 128 125 Tabellen gjengjev folketalsframskrivinga Hfk2001, publisert i Fylkesstatistikk Hordaland 2001. 1. jan. kvart år. 8

8.2 Folketalsframskriving Hfk2001ny 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Totalbefolkning 8 592 8 612 8 585 8 579 8 579 8 569 8 566 8 555 8 550 8 543 8 540 0-5 åringar 643 646 632 632 622 622 618 613 608 604 600 6-12 åringar 883 881 886 876 853 847 834 815 813 807 805 13-15 åringar 361 354 357 361 388 388 391 380 380 376 357 16-19 åringar 468 476 475 470 472 462 471 499 494 504 513 20-29 åringar 1 062 1 078 1 024 1 018 985 984 964 958 950 939 936 30-39 åringar 1 062 1 053 1 068 1 077 1 106 1 108 1 093 1 091 1 079 1 069 1 046 40-49 åringar 1 112 1 102 1 112 1 100 1 100 1 092 1 120 1 106 1 116 1 106 1 132 50-69 åringar 1 003 1 037 1 061 1 064 1 065 1 068 1 058 1 062 1 058 1 083 1 076 60-69 åringar 696 688 679 718 747 784 824 854 886 897 928 70-79 åringar 727 724 705 670 646 619 612 601 593 588 588 80-89 åringar 468 473 476 482 478 478 461 457 450 443 434 90 og eldre 107 100 110 110 118 116 120 120 123 128 125 Tabellen viser Hfk2001 korrigert for berekna befolkningstap som følgje av reduksjonane i verksemda ved Bjølvefossen. F.o.m 2002 viser den korrigerte framskrivinga Hfk2001ny lågare befolkningstal enn Hfk2001. 1. jan. kvart år. 8.3 Differanse Hfk2001ny og Hfk 2001 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Totalbefolkning 0 0-35 -39-43 -47-51 -54-58 -61-64 0-5 åringar 0 0-6 -7-7 -8-8 -8-8 -9-9 6-12 åringar 0 0-3 -4-5 -5-7 -8-9 -9-10 13-15 åringar 0 0-1 -1-1 -2-1 -2-2 -2-2 16-19 åringar 0 0-1 -1-1 -2-2 -1-2 -2-3 20-29 åringar 0 0-11 -11-10 -9-9 -9-8 -8-8 30-39 åringar 0 0-7 -9-11 -13-14 -15-16 -16-16 40-49 åringar 0 0-2 -3-3 -4-5 -5-6 -8-9 50-69 åringar 0 0-2 -2-2 -2-2 -2-3 -3-3 60-69 åringar 0 0-2 -1-2 -2-2 -2-3 -2-3 70-79 åringar 0 0 0-1 0-1 -1-1 -1-1 -1 80-89 åringar 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 90 og eldre 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 Tabellen viser differansen mellom Hfk2001 og Hfk2001ny. 1. jan. kvart år. 9

9 Kjelder m.v. PANDA (Plan- og analysesystem for næringsliv, demografi og arbeidsmarked) http://www.norgit.no/panda. Fylkesstatistikk Hordaland. Statistisk sentralbyrå; www.ssb.no. SINTEF: Veileder i bruk av PANDA ved konsekvensanalyse Bruk av PANDA i arbeidet med regionale utviklingsprogram. Kvam herad. Bjølvefossen. 10

Agnes Mowinckelsgt. 5, 5020 BERGEN - Telefon 55 23 90 00