RETTLEIAR UTEROM OG TRAFIKKAREAL til bruk ved planlegging og oppgradering Vedteken i Klepp kommunestyre 18.06.07 Vedteken i Time komunestyre 19.06.07 Utgave 16.08.2007
Innleiing Klepp og Time er utnemnde til pilotkommunar i regjeringa si satsing på universell utforming. Eitt av satsingsområda til dei to kommunane er offentlege uterom og vegane til og mellom desse. Dei skal vere brukbare og tilgjengelege for personar med ulike ferdigheitar. Rettleiaren er meint å gje råd, og visa eksempel på gode løysingar. Mål for arbeidet med rettleiaren: I Klepp og Time kommunar kan alle delta Offentlege uterom Offentlege uterom skal ikkje ha fysiske barrierar som diskriminerer. Romma skal vera lette å ta seg fram til og i, og innby til leik, fysisk aktivitet og sosial kontakt. Gangareal og møtestader bør ha maks stigning 1:15, og leggjast slik at ein tek vare på naturlege terrengvariasjonar og -kvalitetar. Gangareal skal ha fast og sklisikkert dekke. Uterom skal vera godt opplyste og utforma slik at det er lett å orientera seg for alle. Det skal ikkje vere framspring som er til hinder eller fare for ferdsla. Offentleg veg På, langs eller frå veg skal det ikkje vere hinder som gjer det vanskeleg å ta seg fram for mjuke trafikantar. Det skal vera liten høgdeskilnad mellom kantstein og asfalt i avkjørsel og kryssingspunkt, maks 2 cm. Hump som fartsdempande tiltak bør ikkje nyttast på veg fortau/gang- og sykkelveg med stigning over 5 %, dersom den reduserer framkomst for rullestol. Langs vegen skal det vera tilstrekkeleg avstand til gjerde, mur og planting. Det skal ikkje vera framspring langs vegen, og avslutting på gjerde, mur mv må sikrast. Langs vegen skal det vera godt lys, og optiske- og fysiske element som gjev god leiing. Langs vegen skal det ikkje vera permanente støyande innrettingar. Det bør vera tilstrekkeleg parkeringsareal for å hindra at bilar står langs vegen. Faste vegdekke skal ha jamn overflate, og i regnver skal dei ha god friksjon for mjuke trafikantar. Vegvedlikehaldet skal prioritera lapping av hol i dekket i fortau/gang- og sykkelvegar og i vegar uten fortau/gang- og sykkelvegar, og på vinteren skal ein prioritera brøyting/strøing av fortau og gang- og sykkelvegar. 2
1. Torg og offentlege plassar Torg og offentlege plassar er viktige møtestader. Det skal vera ein eller fleire markerte inngangar, og uteromma skal vera skjerma mot kjøreveg. Det interne vegnettet skal ha eit tilstrekkeleg jamnt underlag og vera lett å orientera seg etter. Supplering med fysiske leieliner der det manglar naturlege leieliner. Godt lys for å gje tryggleik og sosial kontroll. Dekket i gangsonene skal vera jamt og hardt, og gje god friksjon eigna for rullestol. Bruk av ulike typar belegging og mønster i dekket skal ikkje avgrensa framkost for rullestol. 2. Benker Ein benk er både eit sosialt samlingspunkt, ein kvilestad og eit estetisk element. Plassering og talet på benker må tilpassast behovet. Benker bør vera av eit materiale som gjer at dei kan stå ute og brukast heile året. Det skal vera lett å setja seg og reisa seg opp i frå benken. Benken skal ha ryggstøtte og armlene. Sitjeplata skal helst vera plan. Sitjehøgd skal vera 45-50 cm. Sitjeplata skal vera 35-45 cm djup. Armlene bør vera plassert ca 20 cm over sitjeplata, førast ut ca 10 cm utanfor sitjeplate og ha ei avrunda avslutning. Armlenet skal gje godt grep. Helling på ryggstøtte mellom 5-10. Jamt og fast underlag skal gjere det lett å rulle inn til benken med rullestol. Underlaget framfor benken skal ikkje ha større helling enn ca. 2%. Benken bør helst stå fast. 3
3. Uteservering På plassar med uteservering bør det takast omsyn ved plassering av bord og stolar, slik at ein ikkje treng ommøblera når det kjem gjester med barnevogn, rullestol osv. Uteservering skal vera avgrensa på ein slik måte at personar med nedsett syn ikkje snåvar i bord og stolar. Rundt uteserveringa bør det vera 90 cm høgt gjerde, med tverrstag plassert ca 15 cm over bakkenivå for svaksynte. Møbleringa skal vera ordna slik at ein person i rullestol kan koma til. Rundt uteserveringa skal / bør det vera min 1,5 m fri gangbane til disposisjon for gåande. 4. Søppelstativ Aktivitetar som gir avfall som papir, beger og papptallerknar må ha tilstrekkeleg med søppelkorger. Også i naturleg avstand frå slike aktivitetar må det vere søppelkorger. Desse må vere godt synleg og ha ei god utforming. Dessutan ei naturleg og fornuftig plassering. Innkasthøgd ca 80 cm over bakken Plassering helst i møbleringssonar. Søppelstativa skal ikkje vera til hinder for rullestoltrafikken. 5. Trapper Trapper bør ein unngå i offentlege eller felles private utemiljø. Dersom det er trapp bør den supplerast med rampe. Om terrengforholda gjer det vanskeleg å få rett stigning, er det likevel betre med ein noko bratt rampe med godt underlag og godt rekkverk, enn ei trapp.
Trapp bør ha varmekablar. Trapper bør ikkje ha mindre enn 3 trinn, og maks 8 pr trappeavsats. Lengre trapper skal delast med kvileplan, min breidde 1,3 m. Trappetrinn skal ha same utforming i heile trappa. Inntrinn min 30 cm og opptrinn maks 16 cm. Framkant av alle trinn skal kontrastmarkerast med 4-5 cm band i full breidde. Trapper som er høgare enn 0,5 m bør ha rekkverk montert på sida med handrekke i to høgder. Breie trapper bør ha midtrekkverk. Rekkverket skal vere ergonomisk utforma med god kontrast til bakgrunnen. 6. Planter Ved planting på og langs offentlege plassar og trafikkareal, bør ein unngå allergiframkallande, giftige eller sterkt duftande planteslag. Enkeltståande tre og plantingar som ikkje er allergivenlege kan vurderast der det ikkje er lagt til rette for opphald. For å hindre at røter skader vegdekket og er til hinder for rullestol og barnevogn bør ein vurdera bruk av plantekassar for treslag som ikkje har djuptstikkande røter. Allergivenlege planter går fram av vedlagde liste. Tre som i tillegg til å vere allergivenlege også er stadeigne er til dømes rogn, einer og furu. Val av tre- og planteslag, og plassering av desse, må vera slik at dei ikkje legg beslag på fortausareal eller er til hinder for ferdsla. Planting skal ikkje danna mørke krokar eller område som skapar utrygge forhold. 7. Fri gangbane Langs forretningar og utsal er det mange interesser som kjempar for ein plass. Dette gjeld skilting, gatelys, parkometer, handlevogner, plass til barnevogner og hundar, reklame osv. Det må difor avsetjast ei definert stripe til gangbane som skal vere fri for slike hinder. Tilpasningssone Min 1,5 m gangbane Gatemøbelsone 5
På fortau bør det væra min 1,5 m fri gangbane mellom møbleringssona mot gata og tilpasningssona mot husveggen. Det skal ikkje plasserast reklameplakatar eller andre hindringar i gangbanesona. Markiser skal ha ei fri høgde på 2,5 m over bakken, jf politivedtekta. Leieline i gangbane skal ha taktil overflate, og ha god kontrasteffekt til det øvrige belegget. 8. Fotgjengerovergangar Der forholda ligg til rette skal viktige og naturlege fotgjengarovergangar langs vegen markerast. Med fotgjengarovergang er meint eit fysisk tilrettelagt kryssingspunkt for fotgjengarar, dvs både gangfelt og kryssingspunkt utan skilting og oppmerking. Kryssingspunktet skal ha tilfredsstillande sikt, friksjon, lystilhøve (rett lys og utan fare for blending), fartsnivå langs kjørevegen og vere fysisk markert på ein måte som skil seg klårt ut frå kjørebanen. Fotgjengarovergangar i kryss skal utformast etter vedlagt prinsippskisse. Lokal tilpassing. Fotgjengarovergangar bør vere utstyrde med gatelys på kvar side av overgangen. Ved bruk av leieliner skal vegkant markerast med varselindikator. Gangbana i eit opphøgd kryssingspunkt skal vere plan og ha tilstrekkeleg breidde for kryssande trafikk. 9. Parkeringsplass for rørslehemma På grunn av plasstilhøva langs vegen er det vanskeleg å etablera breiare (over 2,5 m) biloppstillingsplassar for rørslehemma. Ved å gjere nokre av desse plassane lengre, kombinert med god tilkomst til fortau, kan ein leggja til rette for bil med heis bak. På offentlege parkeringsanlegg bør 5 % av plassane vera for rørslehemma. Parkeringsplassar for rørslehemma som ikkje ligg langs vegen, bør ha ei breidde mellom 3,8 og 4,5 m og lengde mellom 5,0 og 6,0 m. Fallet på parkeringsplassen bør vera mindre enn 1:65. Kantstein mot tilstøytande fortau i tilknyting til parkeringsplass skal vera nedsenka. 6
Parkeringsplassar som er reserverte for rørslehemma kan målast med eigen farge. Både på bakken og på eige skilt skal plassen vera markert med symbol (piktogram). 10. Leieliner Bruk av leieliner gjer det enklare å lesa og forstå gatebiletet, og å kunne orientera seg mellom aktuelle målpunkt for alle. Ofte er det behov for å supplera og forsterke dei naturlege linene i miljøet, som vegkant, asfalt mot gras, kantstein, gjerde, vegg, hekk, rabattar, mur o.a. Leieliner i fotgjengarareal skal leggjast av materiale med taktil overflate som er godt kjenneleg for føtene og med kvit stokk, og ha ein god optisk kontrast. Det skal etablerast indikatorar som gjev informasjon om retninga på lina, og som varslar kryssing av vegbane, start på trappetrinn o.a. Det skal etablerast indikator som gjer ein merksam på retningsval og funksjonar som busstopp, inngangsparti o.a. Leieliner skal vurderast ved nyetablering eller arbeid på gågater, hovudtrasear for gåande, viktige målpunkt og servicefunksjonar, torg og opne plassar, terminalar og haldeplassar. 11. Busshaldeplass Alle moderne bussar kan seinkast, anten framme eller med heile sida. For at ein skal kunne trille rett inn i bussen, må høgda på kantstein vera tilpassa. Dessutan må innkjøring vera tilpassa slik at det ikkje vert ei glipe mellom bussen og kantsteinen. Både haldeplassen og leskura må ha nødvendig breidde for å gi plass til barnevogn og rullestol. Høgda på kantsteinar og innkjøring til busslommar må gi trygg inn- og utstiging. Det må vera god sikt inn mot leskur for sjåføren, og ut for ventande passasjerar. Leieline skal markera kor døra på bussen er. Det skal vera godt lys og tilstrekkeleg storleik på rutetabellar og oppslag. Plassering av rutetabell og oppslag bør vera ca 1,2 m over bakken. 7
Utforming av gangfelt og fortau 1. Overgang frå kantsteinshøgde 12 cm i veg til 8 cm i kryss kan gjerast på to måtar: a) Krysset vert opphøgd 4 cm med rampe som startar ca 1 m før gangfelt. b) Fortau vert senka ca 4 cm før gangfelt inn mot krysset. 2. Start rampe ca 1,0 m frå ytterkant kantstein ned mot nedseinka kantstein som har høgde 2,0 cm. 3. Oppmerking av gangfelt vinkelrett på retninga til varselindikatoren. 4. Varselindikator med knoppar langs nedsenka kantstein. Djupn 60 cm ( 30 x 30 cm heller i 2 rekker ) Topp heller må leggjast i flukt med topp omkringliggande belegg. 5. Små gatestein må leggjast i bue. Djupna må justerast etter breidda på fortauet. 7 6. Belegg på fortau. Jamtt materiale slik som asfalt, skifer, beleggingsstein. 7. Nivå i kryss er opphøgd 4 cm i forhold til veg, jf. punkt 1. 4 Kantsteinshøyde 8cm 5 6 3 2 1a Kantsteinhøyde 12cm 1b Standard utforming av kryss med gangfelt
Planteliste (vedlegg til rettleiar) Liste over gode allergitre Treslag Kommentar Rogn Rogn og asal er allergivenlege tre. Alm Alm produserer mykje pollen, men problem i forhold til allergi er uvanleg. Alm er allergivenleg. Lønn Lønn vert tilrådd i eit allergivenleg miljø. Hestekastanje Pollenallergi frå hestekastanje er ikkje eit problem i Noreg. Frø og frukter frå planten er giftige. Ask Totalt sett vert hestekastanje rekna som eit greitt allergitre. Askepollen er ikkje veldig allergiframkallande. Ca. 10% av bjørkeallergikarar og enda færre grasallergikarar reagerer på askepollen. Blomstring føregår ein kort periode i mai. Pollenmengdene frå ask i lufta er då ubetydelege utanom heilt nær treet. Ask anbefalast planta i allergivenlege miljø. Einer Lerk Furu Gran Lind Frukttrær Rosehagtorn Tuja Kirsebær Barlind Bambus Sypress Pollenallergi mot einer er ikkje kjent. Lerk kan anbefalast i eit allergivenleg miljø. Furupollenallergi grunna arter innan furuslekta er svært sjeldan i Noreg. Allergivenleg plante. Granpollenallergi er sjeldan,vert rekna som ein allergivenleg plante. Det er ikkje nemd allergiske plager av naturleg spreiing av pollen i Noreg. Epletrær, plommetre er allergivenlege plantar. Giftig Liste over halvgode allergitre Treslag Kommentar Osp Bjørkeallergikarar kan få moderate reaksjonar frå ospepollen. Reknast ikkje som veldig viktig i samband med pollenallergi. Hegg Osp er særbu, slik at hotre gir ingen pollen i det heile. Pollen frå hegg gir ikkje allergi. Den intense dufta av blomstrande hegg kan imidlertid bli litt mykje for astmatikarar og personar med duftoverfølsemd. Frøa i dei svarte fruktene er giftige, som heile resten av planten. Bør ikkje plantast veldig nært torg, bustadhus osb. Ok som innslag i
Syrin Poppel planting langs veg Ingen pollenproblem, men sterk duft Poppel kan by på problem for bjørkeallergikarar. Det finns sterile hybridar med lite eller ingen pollen. Planten er særbu, slik at hotre ikkje fører til pollenproblematikk. Liste over tre som er kjende for å føra til allergiproblem Treslag Kommentar Bjørk Or Nøysam plante brukt til leplanting Hassel Selje/pil/vier Eik Bøk Selje, pil og vier høyrer til planteslekta Salix. Pollen frå denne slekta kan gje reaksjonar hjå bjørkeallergikarar. Plantar i denne slakta er særbu med eigne hann/hoplantar. Bøk klippt som formell hekk avgir ingen pollen Allergivenlege prydbusker Aralia, asalspirea, beinved, blåbusk, buskbom, fagerbusk, fotinia, gullbusk, gyvelginst, hagtorn, hortensia, ildkvede, ildtorn, japanpieris, jasmin, kattebusk, klokkebusk, klokketrollyng, kornvallbusk, kornell, kranstopp, kristtorn, krossved, leddved, magnolia, mahonia, mispel, mure, parykkbusk, perikum, perlebusk, rips, rognspirea, rosebær, sibirertebusk, skimmia, skjersmin, soleiebusk, sommerfuglbusk, stjernetopp, svartsurbær, syrin, sølvbusk, tindved, alle rosesorter. Allergivenlege klatreplanter: Bergflette/eføy, humle, kaprifol/vivendel, klatreslirekne, klematis, rødkattebusk, pipeholurt, villvin. Allergivenlege stauder og steinbedplanter: Adonis, akeleie, alunrot, anemone/symre, askrot, astilbe, ballblom, basunblomst, bergblomst, bergfrue, bergknapp, bergkung, bispelue, bladlilje/hosta, blåklokke, blåkoll, brennende kjærlighet, bronseblad, duehode, erteblomst, fiol, floks, fjellflokk, fjørekoll/strandnellik, forglemmegei, forglemmegeisøster, fredløs, frøstjerne, gillenia, gravmyrt, gudeblom, hageblåpute, hestemynte/etasjeblomst, hjertebergblom, hortensia, humleblomst, hundetann, isop, jonsokblomst, jonsokkoll, julerose, jødeblomst, kattehale, kattemynte, kattost, knapp, kongelys, kubjelle, lammeøre, lavendel, leddblomst, lerkespore, lewisia, liljekonvall, lungeurt, lupin, lykkekløver, løytnantshjerte, marikåpe, marisko, munkehette, mure, nattlys, nellik, nøkkerose, nøkleblom, aurikkel, ormedrue, peon, prakthjelm, putelilje, rabarbra, ranunkler, soleie, reinrose, revebjelle, ridderspore, rosenrot, rosetysbast, rørblomst, salvie, sildre, skabiosa, skogskjegg, skumblomst, slirekne, småhjerte, solrose, sporeblomst, steindodre, steinmuregull, steppelilje, stjerneskjerm, storhjelm, stormhatt, storkenebb, svinerot, symrekubjelle, sølvarve, søte, såpeurt, takløk, timian, treblad, triteleia, tjæreblom, torskemunn, tvetann, tvillingblomst, tøffelblomst, valmuer, valmuesøster, vandrer, valurt, veronika, vindel, vippe, vortemelk, vårkjærminne.