HANDLINGSPLAN MOT MOBBING



Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

1. AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Handlingsplan mot mobbing

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Kvalitetsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for elevane sitt psykososiale skulemiljø Kolltveit, juni 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for overgangar. for barn og unge

Øystese barneskule April - 08

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

Zero Rom skoles handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

Nyplass skole handlingsplan mot mobbing

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD KYLSTAD SKOLE

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. SAND SKOLE august 2015

Forord

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Handlingsplan mot mobbing - Gol vidaregåande skule

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TELLNES SKULE TSK

Forord Skulen sin visjon: Tellnes skule er ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og lærerikt fellesskap. Her på skulen kan vi ikkje godta at nokon skal bli plaga av andre. Dette tyder ikkje at alle skal vera like gode vener alltid. Vi skal ikkje ha ein konfliktfri skule. Det er mykje å læra gjennom konfliktar og handtering av desse. Vi treng å lære å leve med konfliktar og å løysa dei på gode måtar. Mobbing er noko anna enn konflikt. Mobbing er overgrep. Mobbing vert kjenneteikna ved at ein eller fleire blir plaga over tid. Dette kan gjenta seg i periodar. Det er også slik at styrkeforholdet er skeivt: Dei eller den som plagar, er sterkare enn den som blir plaga. Av og til er det ikkje fysisk styrke som gjer utslaget, men at den som er plaga, kjenner seg underlegen. Det er den subjektive kjensla til mobbeoffer av å bli mobba som vert lagt til grunn for handtering av mobbesak etter denne planen. Samkvem mellom oss på skulen skal alltid vere prega av gjensidig tillit og respekt. Dette er viktig i arbeidet mot mobbing. I 2005 la kommunen føringar for at skulane i Fjell skulle innføre eit autorisert program mot mobbing. Dagens Handlingsplan mot mobbing byggjer på tidlegare planar frå 1999 og 2005. Planen er også forankra i Opplæringslova 9a, med særleg vekt på punkta 1, 3 og 4. 9a har eit vidare perspektiv enn berre mobbing. Denne planen er såleis ein del av arbeidet med denne paragrafen i Opplæringslova. På skulen hos oss har vi ingen toleranse for mobbing! Det betyr ikkje at mobbing ikkje fins. Skulen handterer alle saker som vert meldt, slik denne planen skisserer. Skulen sin innsats for å førebyggje og redusere mobbing er eit kontinuerleg og integrert arbeid som føregår dagleg. Vi er avhengig av det tette og gode samarbeidet vi har med foreldre på alle nivå. Nulltoleranse for krenkande handlingar generelt, og mobbing spesielt, er eit hovudprinsipp. rektor januar 2015 Handlingsplan mot mobbing 2

Innhald Side Mobbing, definisjon og mål for arbeid mot mobbing 1 Innhald i planen: 1. Førebygging 1 Relasjon lærar/assistent elev Relasjon lærar/assistent - klasse/gruppe Relasjon elev elev Relasjon tilsett føresette Skulestart Klasse/gruppestart: Skule og SFO Overgangar mellom barnehage-skule og barne-ungdomsskule Sikring av arenaer som skuleplass, gym.avdeling, SFO 2. Avdekking 6 Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Vakt og tilsynsordningar Kommunikasjon lærar elev foreldre Ved mistanke om mobbing 3. Problemløysing 9 Prosedyre når mobbing er meldt eller avdekka Samarbeid med andre instansar ved mobbing Arbeid i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Arbeid i etterkant av ei mobbesak organisasjonsarbeid 4. Kontinuitet 11 Ansvarskjede Faste tiltak i eit årshjul Årleg gjennomgang og revisjon av planen Handlingsplan mot mobbing 3

SKULEN SITT ARBEID MOT MOBBING Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skulen Opplæringslova 9a-1: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Definisjon: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltperson(ar) eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, SAFs program mot mobbing. Lærerveiledning, 2003). Nokre vanlege kjenneteikn hos elev som vert mobba: Psykosomatiske plager (vondt i hovudet, magen mest vanleg), søvnvanskar, skulevegring, dårleg appetitt. Dersom eleven har symptom/kjenneteikn på at han/ho vert mobba, må føresette ta kontakt med skulen straks. Skulen sitt arbeid mot mobbing vert skildra i denne planen. Planen er bygt opp omkring fire tema: Førebygging Avdekking av mobbing Problemløysing av mobbesaker Kontinuitet i arbeidet 1. FØREBYGGING Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skule-/arbeidsmiljø (Opplæringslova 9a-4) 1.1 Relasjon lærar/assistent - elev Lærar/assistent er ein tydelig og støttande vaksen som eleven kan ha tillit til. Mål: Klasse-/gruppeleiar er grensesetjar, bryr seg, viser omsorg, er tilgjengeleg og har tid til eleven (TSK). Handlingsplan mot mobbing 4

Tiltak skulen set i verk for å hjelpe til med at lærarar/assistentar si relasjonsbygging til einskildelevar held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: Dette kan skje gjennom at vi presenterer personalet på fellessamling i august har klasseleiing etter prinsippa i TSK (sjå utdjuping i pkt 1.2) har systematiske elevsamtalar elevane skriv logg-bok har rom for eigne samtale for elevar som treng det i skulekvardagen helsar på elevane ser kvar elev kvar dag driv aktivt elevrådsarbeid gjennomfører sosiale arrangement som idrettsdag, fotballturneringar, aktivitetsdag, fellessamlingar, kantine, turar og utflukter legg vekt på miljøbyggande aktivitetar i friminutt 1.2 Relasjon lærar/assistent - klasse/gruppe Mål: Lærar/assistent utøver tydeleg, støttande leiing på ein slik måte at klassen/gruppa opplevast som ein trygg stad for alle elevane (etter prinsippa i TSK). Tiltak: Vi har klåre grenser med støtte for positiv åtferd, prosedyrar og rutinar og har kjente strategiar for problem- og konfliktløysing. Bruk av Ditt val skal vera med å ansvarleggjere eleven. Nye tilsette får opplæring i TSK. 1.3 Relasjon elev - elev Mål: Elevane i klassen/gruppa tar vare på kvarandre og er opptekne av at alle har det trygt. Tiltak (lista gir berre døme): fadderordningar fellesaktivitetar klassens time halvtimen ansvar for ulike oppgåver aldersblanda grupper elevrådsarbeid hemmeleg venn (tiltak best eigna for 1.-4.klasse) Tiltak skulen set i verk for å hjelpe til med at lærarar/assistentar stimulerer til positive relasjonar mellom elevane, held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: å sørgje for at elevane har tilgjengeleg leikeutstyr til bruk i friminutta: ballar, hoppetau, spader og spann og liknande. å sørgje for at leikeutstyr, ballmål, ballkorger, sklie osv. vert vedlikehaldne setje av tid til fri leik ute og inne kjøpe spel til klassane/utlån ved behov gripa inn i leiken når dette er nødvendig gode vaktrutinar i friminutt Handlingsplan mot mobbing 5

1.4 Relasjon tilsett føresette Mål: Relasjonen mellom lærar/assistent og den enkelte elev sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Av dette følgjer: Å ha lav terskel for å ta kontakt. Tiltak (kontinuerleg): leggje til rette for eit godt informasjonsnivå, t.d. kontaktbok (1.-4. kl.) invitere foreldra med på ulike arrangement oppmode og støtte føresette i å ta initiativ til miljøbyggande tiltak (sosialkveld, vennegrupper, turar, spelkveldar, bakekveldar m.v.) 1.5 Skulestart Mål: Skulestarten skal være forutsigbar og trygg og gi alle elevar ei positiv oppleving. Tiltak: Skulen arrangerer førskuledag har fadderordning har felles start i gymsalen 1. skuledag om hausten gjer elevane kjent med bygningar, tilsette, skuleområde innfører skulerutinane alt frå starten i 1. klasse 1.6 Klasse-/gruppestart: Skule og SFO Mål: Lærar/assistent møter klassen/gruppa på ein måte som signaliserer trygg leiing, ivaretaking som basis for gjensidig tillit. Tiltak: faste enkle, felles klasserutinar innarbeidd grenser etter prinsippa i TSK tydeleggjort alle elevar er kjende med ordensreglane ved skulen/i SFO (inkl. konsekvensar ved brot på dei) den vaksne er ein tydeleg, støttande klasse-/gruppeleiar 1.7 Overgang mellom barnehage-barneskule og skuleslag (barneskule-ungdomsskule) Mål: Elevar og foreldre opplever overgang mellom barnehage og barneskule og mellom barneskule og ungdomsskule som føreseieleg og trygt. Det betyr at behovet til eleven skal takast i vare så langt som mulig ved overgangar. Elevane skal vere førebudde på kva som skjer i overgangen. Tellnes skule følgjer Kommune sine overgangsplanar: «Overgangen mellom barnehage og skule/barneskule og ungdomsskule eit årshjul for planlegging og samarbeid». Mål: Skape tryggleik for alle elevar og foreldre/føresette. Sikre at viktig informasjon blir ført vidare frå barnehagen til barneskulen/barneskuleungdomsskule. Få eit best mogleg utgangspunkt for ei tilpassa opplæring. Handlingsplan mot mobbing 6

1.7 Sikring av arenaer som skuleplass, korridorar, gym. og toalett-avdeling og SFO Mål: Alle arenaer på skulen skal kjennast trygge for alle elevar. Tiltak: god inspeksjonsordning i friminutta: lage «vaktinstruks» der det kjem fram kva område den einskilde har ansvar for ute ordning med bakvakter når oppsett vakt er borte vaksne er synleg for elevane (bruk av vest ute) kartlegging av det fysiske miljøet ute og inne og setje inn ekstra tilsyn der det kan førekome mobbing vikarar vert informert 2. AVDEKKING AV MOBBING Mål: Mobbing som føregår i og ved skulen, blir avdekka Skulen har prosedyrar for jamleg å avdekke eventuell mobbing av og mellom elevar. I tillegg til prosedyrane set skulen og opp kva for ansvar ulike aktørar har i denne samanhengen. Aktuelle aktørar er: Leiing, lærarar, assistentar (ev. andre tilsette), medelevar. 2.1 Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Prosedyre ved årlige undersøkingar, vår og haust: Vår: Eiga spørjeundersøking og elektronisk undersøking (Zero) frå Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning vert gjennomført skiftesvis kvart anna år. Eiga undersøkjing (partalsår): Spørjeskjema ligg i Handboka til skulen og lagra i mappa Vurdering på skulen sitt fellesområde. Zero-undersøkinga (oddetalsår): 3. 7. klasse gjer denne elektronisk. Haust: Elevundersøkinga (Utdanningsdirektoratet) for 5.-7.klasse. Ansvar i samband med gjennomføring og oppfølgjing av dei årlige undersøkingane: Rektor og kontaktlærarane finn tidspunkt og legg til rette for gjennomføring av undersøkinga. Kontaktlærar har ansvar for gjennomføring i si klasse. Rektor legg til rette og planlegg gjennomgangen av resultatet for lærarplenum, som konkluderer med eventuelle tiltak. Tiltaka må vere felles ansvar og springe ut frå felles haldning. Rektor presenter resultat av undersøkingane i foreldrefora og på heimesida til skulen. 2.2 Vakt- og tilsynsordningar Sjekkpunkt for vakt- og tilsynsordningar: Vi følgjer ei oppsett vaktliste for alle friminutt. Ansvar: Rektor Elevane skal vite kor det er vakt og vaktområde. Ansvar: Kontaktlærar Alle som har vakt, har på vestar som gjer dei synlege i uteområde. Handlingsplan mot mobbing 7

Elevane må gå til vakt når dei treng kontakt med ein vaksen som melder frå til kontaktlærar Vakt/vaksenperson informerer kontaktlærar og leiing ved mistanke om mobbing, jfr. Sjekkliste («Handboka»). 2.3 Kommunikasjon lærar elev føresette Mobbing er tema på foreldremøte og på alle faste utviklingsamtalar med elevar og føresette. Det blir gjennomført minst 2 elevsamtalar, 2 utviklingsamtalar, 2 klasseforeldremøte og evt. felles foreldremøte kvart skuleår. Ansvarleg: Kontaktlærar/rektor (timelærarar er med på felles foreldremøte). Mobbing som tema blir tatt opp på informasjonsmøte med 1. klasseforeldre i samband med førskuledag om våren, og med nye foreldre. 1., evt. 2. klasse deltek i Zippys vener. Ansvarleg: Rektor Kommunen sitt ordensreglement, skulen sine trivselsreglar og TSK-reglane blir tatt opp i klassen ved starten på kvart skuleår Ansvarleg: Kontaktlærar Ei årleg Zero-samling for alle elevane i september/oktober Ansvarleg: Alle klassane har eit innslag Årleg revisjon av denne planen involverer heile skulesamfunnet, inkl. aktuelle råd og utval (Elevråd, FAU, SMU). Rektor reviderer planen. 2.4 Ved mistanke om mobbing 1. Melding om mobbesak via eige skjema, vedlegg til denne planen er tilgjengeleg på heimesida til skulen. (Kan brukast av alle aktørar: Rektor, lærarar, assistentar, ev. andre tilsette, elevar/føresette). 2. Informasjonsinnhenting gjennom observasjon kontaktlærar er ansvarleg til vanleg. Involvering av heile personalet info på personalmøte. Ansvar: Kontaktlærar og rektor Vurdering om vaksenressurs må omdisponerast for kortare eller lengre tid Ansvar: Rektor i samråd med involvert(e) lærar(ar). 3. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med offer. Ytterlegare konkretisering: Kontaktlærar/lærar/rektor klargjer for eleven at ho/han veit kva som truleg skjer og at skulen ikkje kan akseptere dette Føresette blir kontakta Ansvarleg: Kontaktlærar og rektor 4. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med mobbar(ar) Kontaktlærar/lærar/rektor klargjer for eleven at ho/han veit kva som skjer og at skulen ikkje kan akseptere dette Føresette blir kontakta Ansvarleg: Kontaktlærar og rektor I situasjonar der foreldre ikkje ynskjer å ta til på evt. tiltaksplan, skal skulen ha skriftleg dokumentasjon på dette. Handlingsplan mot mobbing 8

3. PROBLEMLØYSING I MOBBESAKER Mål: Skulen tar ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette blir gjort på måtar som i neste omgang førebyggjer mobbing. Skulen sin fellesstrategi skal sikre at alle som tek opp ein mobbesak veit at ho blir handtert etter retningslinjer som ligg i denne planen. Rektor fattar evt. enkeltvedtak (etter Forvaltningslova) jf 9a i Opplæringslova. I sin yttarste konsekvens kan vedtaket omfatte flytting av mobbar til annan skule. Skuleeigar må då fatte enkeltvedtaket. 3.1 Prosedyrar når mobbing er meldt eller avdekka Prosedyrar ved ei mobbesak: Rektor er ansvarleg, tek del i prosessen med å løyse ei sak og skal til ei kvar tid vere orientert om situasjonen og om tiltak som blir sette i verk. Kontaktlærar er ansvarleg for oppfølgjing av tiltak i eit enkeltvedtak. Alle tiltak skal dokumenterast med vurdering av kva som verkar etter kvart. Alle saker startar med det utfylte skjemaet, Melding av mobbesak (Handboka). 3.1.1. Undersøkingar for å sikre faktainformasjon Sjekkliste for handtering av mobbesak vert nytta (Handboka) Kontaktlærar organiserer kollektiv innsamling av informasjon og fakta omkring mobbinga hos personale på skulen (lærarar, assistentar, SFO). Den/Dei som arbeider med problemet, avgjer kven som skal kontaktast i samråd med rektor. Føresette får informasjon om sitt barn. Føresette kan ha med seg talsperson i samtale med skulen. Ansvarleg: Kontaktlærar og rektor Saka kan få to utfall: Dersom mobbing er konstatert eller dersom foreldre krev tiltak, fattar rektor enkeltvedtak etter Forvaltingslova. (Mal for vedtak: Udir.no - Mobbing) Om det ikkje er konstatert mobbing, vert saka avslutta, også med enkeltvedtak. Dokumentasjon vert lagt i relevante personmapper. 3.1.2 Vidare prosedyre i ei mobbesak (vil gå fram av enkeltvedtaket): Føresette vert kontakta på telefon straks etter samtalar med elevar. Ansvarleg: Kontaktlærar. I møte med føresette skal alltid/bør rektor vere med. Første samtalar med offer etter prosedyre skildra i dokumentet «Problemløysing av mobbesaker» («Handboka») Ansvarleg: Kontaktlærar. Første samtalar med plagar(ar)/mobbar(ar). (STOPP-samtale). Avtale vert gjort om ny samtale. Sjå «Handboka», Probleml. av mobbesaker. Ansvarleg: Kontaktlærar og rektor. Oppfølgingssamtalar med offer Ansvarleg: Kontaktlærar Handlingsplan mot mobbing 9

Oppfølgingssamtalar med plagar(ar)/ mobbar(ar) Ansvarleg: Kontaktlærar Oppsummeringssamtalar mellom kontaktlærar og rektor, informasjon og avtale om vidare saksgang undervegs og til slutt. Desse samtalane skal ikkje nødvendigvis gjennomførast i rekkefølgja over, men må tilpassast det i enkelte tilfellet. Alle samtalane skal gjennomførast. 3.2 Samarbeid med føresette og aktuelle samarbeidspartar: PPT, BUP, barnevern, fastlege, skulehelseteneste (barnehage) Dersom kontakt med føresette ikkje fører fram, er det aktuelt å kontakte PPT og eller barnevern Ansvar for å etablere kontakt med eksterne instansar: Rektor 3.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Etter at ein mobbesak er løyst, eller at det er tatt affære for å endre situasjonen, vil det vere nødvendig å jobbe strategisk med tanke på dei ulike partane: Mobbeofferet, mobbarane og tilskodarane/medelevane. Målet med dette arbeidet er å førebyggje slik at dei ulike aktørane veit kva dei skal gjere om dei kjem i slike rollar/situasjonar seinare. Prosedyrar for jobbing i etterkant med enkeltelevar og klasse/gruppe: Oppfølging med jamlege samtalar Haldningsskapande arbeid i klassen (aktivitetar som skapar samkjensle, t.d. turar, fellesprosjekt i fag, m.v.) Ansvar for arbeidet: Kontaktlærar. I nokre tilfelle kan det vera naturleg at rektor er med. 3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak organisasjonsarbeid Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekke veikskapar i systemet som bør endrast for å verke førebyggjande. Det er difor viktig at kvar mobbesak vert avslutta med ei evaluering der rektor og involverte lærarar drøftar kva ein i organisasjonen kan lære av den aktuelle saka med tanke på å førebyggja mobbing. Tiltak: 1 Gjennomgang av saka med tanke på kva den viser av organisering og rutinar som ikkje fungerer godt nok (rektor og involverte lærarar). Dette skal nedfellast i denne planen. Skriftleggjering Ansvarleg: Rektor 2 Informasjon til andre tilsette basert på det som kjem fram i gjennomgangen, punkt 1. Personalmøte Ansvarleg: Rektor, SFO-leiar 3 Føresette kan levere ein avsluttande, skriftleg rapport om korleis dei har opplevd saka. Ei slik tilbakemelding vil vere verdfull for skulen i vidare arbeid med mobbesaker og for å gjere denne planen betre. Ansvarleg: Rektor Handlingsplan mot mobbing 10

4. SMU (Skulemiljøutvalet) får informasjon om saker gjennom året på generelt grunnlag på eit vårmøte for å kunne bidra til å betre skulemiljøet og førebyggje mobbing, og for å vere med i prosessen med å vidareutvikle denne planen. Ansvarleg: Rektor 5 Oppheving av enkeltvedtak etter Forvaltningslova, jf 9a i Opplæringslova. Når grunnlaget for vedtaket er falle bort, er vedtaket oppheva. Unnatak er vedtak om flytting til annan skule. Føresette får informasjon om dette. Unnatak er her også vedtak om flytting til annan skule. Ansvarleg: Rektor 4. KONTINUITET Mål: Skulen sitt arbeid med å førebyggje, avdekke og stoppe mobbing føregår kontinuerleg. Handlingsprogrammet for ZERO vert gjennomgått/revidert årleg med alle tilsette. FAU og SMU blir også invitert til å kome med innspel før revisjon vert bestemt av rektor. 4.1 Ansvarskjede Problem vert løyst meldt på lågast mogleg nivå. Lærar/assistent veit når saker skal meldast vidare og veit kven dei kan vende seg til, dersom problem ikkje kan løysast på deira nivå. Kontaktlærar eller rektor sørgjer for at meldar fyller ut skjema om mobbing. (Det vil altså vere som ei trapp, der problema søkjast løyst lågast mogleg, men der ein går lenger opp i trappa når nødvendig). (Sjå kap. 2) 4.2 Faste tiltak i eit årshjul For å sikre kontinuitet i tiltak for å førebyggje og avdekke mobbing vert faste tiltak på skulen sett inn i ein kalender over skuleåret: Årshjul Månad Aktivitet Ansvarleg August: gjennomgang av tiltaksplan rektor ordens-/trivsels- og TSK-reglar tekne opp i klassane kontaktlærarar fellessamling i gym.salen zero-fokus rektor fadderordning 6. og 7. kl. September: felles foreldremøte rektor kontaktlærar- og klassekontaktmøte rektor klasseforeldremøte kontaktlærarar utviklingssamtale, 1.klasse kontaktlærarar Sept/oktober: zerosamling alle klassar oppstart Zippys venner, 1. og eller 2.kl kontaktlærarar Handlingsplan mot mobbing 11

elevsamtalar kontaktlærarar November: utviklingssamtalar, 2.-7.kl. kontaktlærarar elevundersøkinga, 5.-7.kl kontaktlærarar Desember: fellesaktivitetar/julegraut (aldersblanda) team juleverkstad team Januar: Febr/mars: ski-/ake-/skøytedag 1.-7. kl. sunn veke (siste veka før påske) 1.-7. kl. April: elevsamtalar kontaktlærar trivselsundersøking kontaktlærarar evaluering /tiltak av trivselsundersøkinga leiarteam utviklingssamtalar, 1.-7.kl kontaktlærar Mai: fadderordning (mai/juni) 6. klasse (førskuledag) turnering elevrådskontakt/ elevråd Juni: aktivitets-/idrettsdag kontakt-/timelærarar /rektor sommarfest elevråd sommaravslutning kontakt-/timelærarar i samarb. m/fau 4.3 Ansvarleg for gjennomgang og revisjon av planen For å gjere planen til eit aktivt verktøy for personalet vil det vere nødvendig med ein årleg gjennomgang for å vurdere om planen fungerer tilfredsstillande eller om det er nødvendig med revisjon. Frist for revidert plan: Oktober/november, i samband med gjennomgang av rutinar, reglar osv. Planen vert lagt fram for SMU ved større endringar. Ansvarleg: Rektor Handlingsplan mot mobbing 12