Fjell kommune. Høyringsutkast Kommunedelplan for idrett- og fysisk aktivitet 2011-2018. Alle i aktivitet



Like dokumenter
Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Fjell kommune. Vedteken i kommunestyret Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Alle i aktivitet

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

REGIONALE IDRETTSANLEGG

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Frivilligpolitisk plattform

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Strategiplan for Apoteka Vest HF

- Offentleg planarbeid

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kommunedelplan for oppvekst

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Kommunedelplan for Idrett og fysisk aktivitet

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Forslag frå fylkesrådmannen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Sandeid skule SFO Årsplan

Framtidige behov for hjelpemiddel

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Friluftslivets år 2015

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Idrett og fysisk aktivitet

Hovedrullering av Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Planprogram

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Aurland kommune Rådmannen

Kommunedelplan for oppvekst

Frivilligpolitisk plattform

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Forslag til planprogram

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

«Nordhordland kommune»

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Kvam herad. Sakspapir

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Strategiplan

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp

KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET Fusa kommune

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Politisk program for Jølster KrF

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Transkript:

Fjell kommune Høyringsutkast Kommunedelplan for idrett- og fysisk aktivitet 2011-2018 Alle i aktivitet

Føreord 2 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 er det femte plandokumentet innan planområdet, og er ein revisjon av Kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2005-2008. Den nye kommunedelplanen har fått nytt namn og utvida planperiode. Visjonen for planen er: ALLE I AKTIVITET! Denne visjonen er gjenspegla i namnet på planen, og er eit klart svar på det nasjonale og regionale fokuset på folkehelsa vår. Folkehelsearbeidet er eit tverrfagleg prosjekt som inkluderar både kosthald, psykisk helse, fysisk aktivitet osv. Sjølve arbeidet må gjennomførast i samfunnet, ikkje i helsevesenet. Denne planen tek til orde for tilrettelegging for at folk kan vera fysisk aktiv, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn. Det er lagt særleg vekt på tilrettelegging for eit aktivt friluftsliv, da dette vert rekna som eit lågterskeltilbod som alle kan ta del i. Kommunen har planar om å byggja ein fleirbrukshall på Straume til om lag kr. 160-175 mill tidleg i plan perioden. Dette prosjektet vil vera økonomisk krev jande, og vil avgrensa kommunen sitt høve til øko nomisk bidrag i andre prosjekt. Med eit langt pers pektiv på planlegginga vonar styringsgruppa at partane likevel skal få naudsynt målretting og grunnlag for vidare utvikling av både idrettsliv og friluftsliv i kommunen. Den frivillige innsatsen vert viktig for å realisera planen, og planen tek til orde for å leggja forholda til rette for slik innsats. Planen har hatt ei politisk styringsgruppe (komité for drift), og Anita Garlid Johannessen (FrP) som saksordførar. Utforming av planteksten har i stor grad blitt gjennomført av ei breitt samansett arbeidsgruppe. Her har fagavdelingar i kommunen vore representert saman med representantar frå Fjell Idrettsråd, Bergen og Omland Friluftsråd, Barnas representant, Ungdommens kommunestyre, Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Fjell eldreråd og saksordføraren. Målet har vore å gje planen den same breidda som arbeidsgruppa. Styringsgruppa ønskjer å framheva vektlegginga av medverknad gjennom heile planarbeidet; det har vore ein svært open prosess som har gitt både idretts- og friluftslivsaktørane og folk flest fleire høve til å påverka planen sitt innhald. Presentasjonar og referat frå møtar i arbeidsgruppa har blitt lagt ut på kommunen si nettside etter kvart, og det har blitt arrangert to opne møte, eit på dagtid og eit på kveldstid. Folkemøtet, som vart arrangert i april, hadde særleg fokus på uformell dialog for å få flest mogleg innspel. Sjølv om styrings gruppa skulle ønskje det kom fleire på folkemøtet, er vi særs nøgd med representasjonen frå dei ulike partane; frå skuleelvar til pensjonistar, frå idrettsråd og idrettslag til friluftsråd og turlag. Det er styringsgruppa si von at kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 vert eit godt styrings verkty for utvikling på planfeltet for både politikarar, administrasjon, idretts- og friluftslivsaktørar, til det beste for fjellfolket. For styringsgruppa Anita Garlid Johannessen (saksordførar)

Innhald 3 2 Føreord 3 Innhald 4 Samandrag 5 Innleiing Bakgrunn Planen som styringsverktøy Planprosessen 7 Status frå førre plan Målsetjingar i førre plan Kor langt ein har komen Langsiktige behov Uprioritert liste fram til 2010 Statleg politikk for idrett og fysisk aktivitet 9 Nasjonale, regionale og lokale føringar for planfeltet Regionale føringar Kommunale føringar og strategiar Folketal og samansetjing i Fjell kommune Aktivitetstrendar på nasjonalt nivå 12 Utviklingstrekk Aktivitetstrendar i Fjell Eliteidrett i Fjell Folkehelsearbeid 24 Fjell Idrettsråd som koordinerande aktør for idretten Funksjonsskildring for Fjell Idrettsråd og Fjell kommune Utfordringar knytt til frivillig arbeid innan friluftsliv Tilrettelegging for frivillig arbeid 27 Frivillige og friluftsliv i Fjell kommune Rammer for idrett og fysisk aktivitet i Fjell kommune 29 Idrettsanlegg og nærmiljøanlegg Kommunen sine økonomiske ytingar til idretten Nærmiljøanlegg Drift og vedlikehald av anlegg Kommunen sin framtidige rolle ved bygging av idretts- og nærmiljøanlegg Våre naturgitte moglegheiter og kva vi har gjort til nå Strandsone og allemannsretten Utmark 34 Tilrettelegging for fysisk aktivitet i strandsone og utmark Utfordringar og satsingsområde Strategisk grep for satsinga på friluftsliv i Fjell kommune 38 Handlingsprogam 2011-2018 51 Vedlegg 15 Folkehelsearbeid og universell utforming Universell utforming Satsing på folkehelsearbeid og universell utforming i Fjell Idrett og idrettsanlegg i regionen 19 Eit regionalt perspektiv på tilrettelegging for fysisk aktivitet Friluftsliv i regionen Modellar for oppgåve- og ansvarsdeling 21 Organisasjonsmodell knytt til idrettsanlegg Utvikling og innføring av Fjellmodellen Ny fleirbrukshall og utfordringar kring MVA-reglement Generelt om idrettsråd Fjell Idrettsråd (FIR)

Samandrag 4 Planen startar med å stadfesta føremåla for planen, organiseringa og gjennomføringa av planarbeidet. Det vert også gjort opp status for tiltaka som vart prioritert i førre plan (kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2005-2008). Fjell har ei ung befolkning, men framskrivinga syner at talet på eldre vil auka. Det vert viktig å halda folk friske, gje dei høve til å vera fysisk aktive, anten innan organisert idrett eller på eiga hand. Ambisjonen for planen er å svara på dei statlege, regionale og lokale føringane for dette plan feltet. Føringar knytt til idrett og friluftsliv er sjølvsagt sentralt, men det er òg lagt særleg vekt på folkehelse og universell utforming. Fysisk aktivitet har ein positiv effekt på folkehelsa, og det er gode argument for å ha eit fokus på å få dei inaktive i aktivitet. Friluftsliv vert rekna som eit lågterskeltilbod som gjev alle høve til å driva fysisk aktivitet, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosiale tilhøve. Det vert difor lagt særleg vekt på tilrettelegging for aktivt friluftsliv i planperioden. Det interkommunale samarbeidet knytt til Regionrådet Vest bør nyttast også på planfeltet idrett og friluftsliv. Det er mykje å henta på koordinering av anleggsutviklinga på tvers av kommunegrensene. Idrettsråda i regionen har innleia dialog kring behova for anlegg i framtida. Det er føremålsteneleg å utvikla ein heil skapleg anleggsstruktur der anleggstilboda i kom munane utfyller kvarandre, og skapar ein region med god anleggsvariasjon. Også knytt til tilrettelegging for eit aktivt friluftsliv er det teken initiativ til samarbeid, m.a. i høve søknad om tilskot knytt til nasjonal merking og gradering av turstiar. idrettsanlegga vert drøfta, funksjonsskildring for Fjell Idrettsråd vert lagt fram, og det vert teken til orde for å utvikla ein frivilligheitspolitikk og styrkja Fjell frivilligsentral som koordinerande aktør for frivillig innsats knytt til friluftslivet. Idretts- og nærmiljøanlegg har ein sentral plass i tilrette legginga av idrett og fysisk aktivitet. Dei to anleggstypane skil seg frå kvarandre ved at idrettsanlegg er større, kostnadskrevjande anlegg knytt til organisert idrett, medan nærmiljøanlegg er mindre kostnadskrevjande, ålment tilgjengelege og knytt til eigenorganisert aktivitet. Byggjeaktiviteten har vore stor dei siste 10-15 åra, og ein ser no trong for å auka innsatsen på vedlikehald og rehabilitering av anlegg. Med bygging av fleirbrukshall på Straume, har ballidrettane gode tilhøve, medan aktivitetar i vekst, t.d. turn og klatring har trong for meir tilpassa anlegg. Planen tek elles til orde for fleire aktivitets- og aldersnøytrale nærmiljøanlegg, plassert ved skular, bustadfelt og idrettsanlegg Denne planen legg særleg vekt på tilrettelegging for fysisk aktivitet i strandsone og utmark (friluftsliv). Knytt til folkehelsearbeidet vert friluftsliv vurdert som eit lågterskeltilbod, eigna for å få inaktive i aktivitet, og for å utjamna sosiale helseskilnadar. Naturen i Fjell gjev gode føremon for å vera aktiv, både på land og til sjøs. Vakker strandsone og eit godt utvikla nett av turstiar, bør bli gjort endå meir tilgjengeleg gjennom fysisk tilrettelegging og god informasjon. Innsats frå idrettslag og frivillige aktørar (grendalag, velforeiningar, turlag osv.), vil vera avgjerande for realiseringa av tiltaksplanen til planen. For å sikra eit godt samarbeid mellom kommunen og frivillige aktørar, både innan idretten og friluftslivet, tek planen initiativ til å gjera rolle- og ansvarslinene tydlegare i høve idrettsanlegga og idrettslaga, Fjell Idrettsråd og andre frivillige aktørar. Organisasjonsmodell for

Innleiing 5 B akgrunn Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011 2018 er ein revisjon av kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2005 2008. Dette er det femte plandokumentet innan planområdet. Planlegginga på feltet er noko på etterskot i høve behova. Gjennom denne kommunedelplanen får Fjell kommune eit oppdatert planverkty som speglar dagens situasjon og framtidige behov og ønskje. Planen er tematisk og har status som kommunedelplan innanfor samfunnsplanlegginga etter plan- og bygningslova, men utan heimel til areal disponeringar. I den grad det er naudsynt vil ein i dette plan arbeidet kunna gje tilrådingar om arealdisponeringar til kommune planen sin arealdel. Staten krev at kommunane har utarbeida ein eigen plan for å kunna søkja statlege spelemidlar. Styresmaktene har i denne saman heng også innført minstekrav til innhald i planen (V-0798B). Planen som styringsverkty Kommunedelplanen skal vera eit overordna politisk styringsdokument der samfunnsmessige behov vert avdekkja, og der ein set mål og vedtek løysingar for området på kort og lang sikt. Kommunedelplanen er òg eit utgangspunkt for rådmannen sitt administrative arbeid og forvalting av oppgåver innan områda idrett og fysisk aktivitet. Såleis vil planen vera styrande for samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Planen skal m.a. sikra: sterk kommunal styring av anleggsutbygginga klar politisk prioritering på planfeltet riktige mål og vegval tydelege rolle- og ansvarsliner i høve idrettslaga, Fjell Idrettsråd, og andre frivillige lag og organisasjonar grunnlag for å kunna søkja spelemidlar til friluftsføremål, idrettsanlegg osv. P lanprosessen Arbeidet med denne planen starta opp i august 2010 med utarbeiding av planprogram som gjorde greie for føringar, tematisk omfang av planen, organisering og arbeidsopplegg. Kommunen varsla samstundes planoppstart. Planprogrammet vart utarbeida av administrasjonen og handsama i kommune styret 28. oktober 2010. Planprogrammet var så på høyring i seks veker f.o.m. 1. november 2010. Organisering av planarbeidet I planprogrammet vart det drøfta to moglege organiseringar av planarbeidet. Kommunestyret vedtok å nytta komité for drift som styringsgruppe, og å etablera ei arbeidsgruppe med elleve representantar frå m.a. kommuneadministrasjonen, idrett og friluftsliv. Tabellen til høgre viser korleis planarbeidet har vore organisert. Arbeidsgruppa for planen har vore stor og breitt saman sett, med mange ulike interesser representerte. Sjølv om dette har gjort arbeidet krevjande, har ein von om at planen har fanga opp alle dei ulike interessene, og slik får brei legitimitet hjå dei som skal nytta planen for å utvikla både idretten og friluftslivet i kommunen. Planarbeidet Planarbeidet har vore prega av ein tett og hektisk planprosess med ei stor og engasjert arbeidsgruppe. Sjølve planarbeidet tok til i januar 2011. Det første møtet i arbeids gruppa fann stad 11. januar. Arbeids gruppa har hatt totalt 6 møte, samt eit ope samarbeidsmøte på dagtid og eit folkemøte på kveldstid. Arbeidsgruppa har hatt ansvaret for å gjennomføra naudsynte utgreiingar og arbeida fram innhaldet i planen. På temamøta har arbeidsgruppa m.a. gjennom ført enkel behovsanalyse og på den måten lagt premissane for planteksten. Ein har nytta både gruppearbeid og plenumsdebattar som arbeidsmetode. Ved fleire høve er det henta inn ekstern kompetanse, mellom anna frå Hordaland fylkeskommune Tabell: Organisering av planarbeidet Styringsgruppe Saksordførar Planeigar Sekretariat Arbeidsgruppa Komité for drift Anita Garlid Johannessen Servicetorgsjefen Plan- og utbyggingssjefen v/samfunnsplan 1 representant for Servicetorgsjefen (Lasse Bolstad) 1 representant for Kultursjefen (Lennart Fjell) 1 representant for Helsesjefen (Terje Handal) 1 representant for Eigedomssjefen (Atle Justad) 1 representant for barna v/margun Landro 2 representantar for Idrettsrådet (Kristine Lundekvam og Oddleiv Humlestøl) 1 representant for Bergen og Omland friluftsråd (Åge Landro) 1 representant for Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne (Gunnar Angeltveit) 1 representant for Fjell eldreråd (Ole Konrad Ekerhovd) 1 representant for Ungdommens kommunestyret (Gro Elise Fardal)

6 og Hordaland Idrettskrets. Det er også blitt haldt møte kring særskilte tema med dei berørte partane, t.d. Fjell Idrettsråd om funksjonsskildring og organisasjonsmodell for idrettsanlegga. Saksordførar har delteke på møta i arbeidsgruppa og har hatt ansvar for å halda styringsgruppa orientert om framdrifta i planarbeidet. Omsynet til medverknad frå partar har stått sentralt i arbeidet, og sekretariatet har teke imot innspel gjennom heile planprosessen. Midt i utarbeidinga av tiltaksplanen for planen vart det invitert til ope folkemøte (april 2011). Her vart utkast til plan og tiltaksplan presentert, før tre kvarter minglepause gav dei frammøtte høve til uformell prat med representantar frå arbeidsgruppa, og utfylling av eit skjema for innspel. Føremålet var å få så mange innspel som mogleg, for så å vurdera og eventuelt innarbeida dei i planen før den vart sendt på høyring.

Status frå førre plan 7 Målsetjingar i førre plan Kommunedelplan Idrett og friluftsliv 2005-2008 hadde eit tydeleg fokus på idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Visjonen for førre plan var: Fjell kommune skal leggja forholda til rettes slik at flest mogleg av innbyggjarane, særleg barn og unge, skal kunna driva idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Fire mål vart definerte med tilhøyrande tiltak: Mål 1: Byggja idrettsanlegg etter behov til rett tid på rett stad Mål 2: Betra barn og unge sine føresetnader for å driva med leik og fysisk aktivitet i skulen og nærmiljøa Mål 3: Styrkja tilrettelegginga for at heile befolkninga skal kunna driva eit enkelt friluftsliv Mål 4: Fokusera på driftsrammene til idrettslaga Kor langt ein har komen Store delar av tiltaksplanen i førre plan er gjennomført. Nokre punkt knytt til storhall og fleirbrukshall på Litlesotra er lagt inn i planane for vidare utvikling av Straume Idrettspark. Vidare er nokre tiltak knytt til frivillige organisasjonar ikkje gjennomført. Kommunen sitt arbeid med turstiar og badeanlegg er godt i gang, men det er framleis oppgåver som må følgjast opp, t.d. behov for etablering av parkeringsplassar i nærleiken av visse rekreasjonsområde. Mål 1: Byggja idrettsanlegg etter behov til rett tid på rett stad Sjå tabell til høgre. Tiltaka klubbhus for Sotra Sportsdykkarklubb og ridehall /stall på Møvika er ikkje gjennomført, men blir vurdert på nytt i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018. Mål 2: Betra barn og unge sine føresetnader for å driva med leik og fysisk aktivitet i skulen og nærmiljøa Førre plan la vekt på m.a. samordning av tiltaksplan for nærmiljøanlegg med behova for utvikling av uteområda i Skulebruksplanen 2000-2003. Planen hadde ei liste med fire spesifiserte og tolv uspesifiserte nærmiljøanlegg knytt til skule og bustadområde. Planen tok ikkje stode til lokalisering av nærmiljøanlegga, då dette er ei årleg politisk oppgåve i samband med fordeling av kommunale løyvingar og handsaming av spelemidlar. Om lag 10 nærmiljøanlegg vart etablert i førre planperiode, der mange av desse var knytt til skular. I dag er det 98 registrerte nærmiljøanlegg i Fjell (www.idrettsanlegg.no). Mål 3: Styrkja tilrettelegginga for at heile befolkninga skal kunna driva eit enkelt friluftsliv Planen la opp til merking og skilting av 3-4 tur løyper, sikring av ei rekkje badeplassar, samt øyremerke tilskot til vøling av eigedomen på Hissøyna. Både kommunen og Bergen og Omland Friluftsråd har lagt ned mykje arbeid knytt til tiltaka, og fleire område er framleis under arbeid. Frå kommunen si side er det særleg lagt ned mykje arbeid knytt til Nordsjøløypa, m.a. for å få på plass avtalar med grunneigarane, og rydding og merking av løypa. Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) har gjennom dei siste åra rehabilitert huset og eigedomen på Hissøyna. Prosjektet er ressurskrevjande og har vore BOF sitt prioriterte innsatsområde i planperioden. Når kystledhuset står ferdig rehabilitert, ønskjer BOF å vidare utvikla Hissøyna til ein læringsarena for barn og unge innan kystkultur, naturvern og fysisk aktivitet. Tabell: Handlingsprogram 2004-2008 Ordinære anlegg Status Bildøyhallen, rehabilitering (Fjell kommune) Ferdig Idrettshus / klubbhus (Båtlaget RAN) Ferdig Kunstgrasbane, Ågotnes (Fjell kommune) Ferdig Liten idrettshall, Knappskog (Fjell kommune) Ferdig Lysanlegg KI (IL Øygard) Ferdig Lysanlegg KII ( IL Øygard) Ferdig Terapibasseng (Fjell kommune) Ferdig Kunstgrasbane, Skålvika (Fjell kom/il Nest-Sotra) Ferdig Stall, Møvika (Sotra trav og hestesportlag) Ikkje gjennomført Liten kunstgrasbane, Skålvika (Fjell kom/il Nest-Sotra) Ferdig Idrettshus / klubbhus (Sotra dykklubb) Ikkje gjennomført Bowlinganlegg, Møvika (Fjell-ly) Ferdig Ridehall, Møvika (Sotra trav og hestesportlag) Kunstgrasbane, Foldnes (Foldnes IL) Gått ut Ikkje gjennomført

8 I planperioden er det gjennomført kartlegging av turløyper, samt utbetra våtstrekningar. Det er også produsert eit felles turkart for dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden, som er til sals i rådhuset og i butikkar i området. Mål 4: Fokusera på driftsrammene til idrettslaga Førre plan tok til orde for å følgja opp dei nye vedtekne kommunale tilskottsordningane til ålment kultur- og fritidsarbeid, noko som er innarbeida i dagens praksis. Ein har også følgt opp planen med omsyn til å stilla kommunale idrettsanlegg til disposisjon for lokale idrettslag til ordinært lagarbeid. Langsiktige behov Uprioritert liste fram til 2010 Punkta om storhall og fleirbrukshall på Litlesotra er lagt inn i planarbeidet kring utvikling av Straume Idrettspark. Kommunestyret vedtok 26.08.2010 å realisera fleirbrukshallen i Straume Idrettspark snarast. Fjell kommune er byggherre og eigar av tomt og hall, og hovudansvarleg for finansieringa. Sotra Sportsklubb vert ein viktig samarbeidspartnar for realiseringa av hallen. Sportsklubben overfører tomta vederlagsfritt til kommunen og tek også del i finansieringa elles. Tabell: Langsiktige behov - uprioritert liste fram til 2020 Anlegg Storhall, Litlesotra Kunstgrasbane, Bildøyna Ridesti, Møvika Lysanlegg grasbane, KIII IL Øygard Klubbhus, Ågotnes Status Planarbeid pågår Ikkje gjennomført Ikkje gjennomført Ikkje gjennomført Ikkje gjennomført 18 hol golfanlegg, privat anlegg Byggetrinn 1: 9-holsbane er ferdig Symjeanlegg Garderobeanlegg, Skålvika Fleirbrukshall, Litlesotra / Brattholmen Politisk vedtak: ikkje aktuelt Ikkje gjennomført Planarbeid pågår

Nasjonale, regionale og lokale føringar for planfeltet 9 Statleg politikk for idrett og fysisk aktivitet Grunngjevinga for statleg medverknad og støtteordningar til idrett og fysisk aktivitet er knytt til eigen- og nytteverdien av idrett og fysisk aktivitet. Nytteverdien er særskild knytt til førebyggjande helsearbeid. Det finst ei rekkje statlege dokument som peikar på viktigheita av idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, og som er retningsgjevande for det kommunale arbeid og prioriteringar på området. På idrettsfeltet er idrett og fysisk aktivitet for alle utheva som den overordna visjonen for statleg idrettspolitikk. Staten si oppgåve er først og fremst å sørgja for best mogleg rammevilkår for den medlemsbaserte idretten, men også å leggja til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet og trening. I St.meld. nr. 14 (1999-2000), Idrettslivet i endring gjev departementet uttrykk for at det ikkje berre er organisert idrett som har rett til offentleg støtte. Alle skal få moglegheit til å driva idrett og fysisk aktivitet tilpassa den lokale aktivitetsprofilen, men barn og unge er primære målgrupper. Gjeldande friluftslivspolitikk legg til grunn at friluftsliv er eit velferdsgode som skal sikrast og fordelast jamt i befolkninga. I St.meld.nr. 39 (2000-2001), Friluftsliv ein veg til høgare livskvalitet vert det sett fokus på friluftslivet si evne til å skapa god livskvalitet, auka trivsel, betre folkehelse og ei berekraftig utvikling. Dei viktigaste nasjonale måla er å sikra allemannsretten, å sikra naturområde, å utvikla saman hengande grøntområde, samt oppretthalda gode aktivitetstilbod til barn og unge. I høve folkehelseperspektivet i denne planen får St.meld.nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid tyding for planarbeidet, då den skildrar satsing på førebygging som ein viktig del av ei ny framtidig kommunerolle. Med samhandlings reforma foreslår regjeringa ei auka satsing på førebyggjande helse arbeid i kommunane, og å tildela kommunane midlar til oppfølging av reforma. I 2011 vert reforma for alvor sett i gong med regjeringa sitt framlegg til Nasjonal helse- og omsorgsplan, Lov om kommunale helse- og omsorgstenestar og Lov om folkehelse. Også Plan- og bygningslova tek i vare eit folkehelseomsyn og bidreg til å forankra folkehelsearbeid i plan- og styringsdokument. All planlegging etter denne lova skal fremja befolkninga si helse og motverka sosiale helseforskjellar. Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009, Sammen for fysisk aktivitet, framhevar viktigheita av fysisk aktivitet for befolkninga si helse og trivsel. Planen ser på fysisk aktivitet i eit større perspektiv enn før. Auka fysisk aktivitet og betre folkehelse skal bli nådd gjennom ein samla strategi som omfattar tiltak på fleire samfunnsområde, m.a. i barnehage, skule, arbeids plass, transport, nærmiljø og fritid. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova har som føremål å fremja likestilling og likeverd. Ein skal sikra alle, uavhengig av funksjonsevne, like moglegheiter og rettar til samfunnsdeltaking, og hindra diskriminering på bakgrunn av nedsett funksjonsevne. Plikta til universell utforming av offentlege bygg og anlegg er heimla i 9 Plikt til generell tilrettelegging (universell utforming). I St.meld. nr. 39 (2006-2007), Frivillighet for alle, vert det sett fokus på omfanget og tydinga av det frivillige arbeidet innan den organiserte idretten. Frivilligheitsmeldinga understrekar at frivillig sektor yt uvurderlege bidrag til samfunnet gjennom teneste produksjon og omfattande frivillig innsats. Den viktigaste verdien i frivillig sektor ligg i organisasjonane sine bidrag til den enkelte sin livskvalitet, gjennom medverknad til gode oppvekstmiljø, møtestader, inkludering, opplæring, meinings danning og demokrati bygging. Heile 58 % av befolkninga deltek i frivillig innsats, og 80 % er medlem i ein eller fleire organisasjonar.

10 Regionale føringar Hordaland fylkeskommune har ei sentral rolle som regional utviklar og har det regional politiske ansvaret for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Kommune delplanen for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018, står i samanheng med aktivitets- og anleggs politikken som vert skissert i fylkesdelplanen. Gjeldande fylkesdelplan er Fylkesdelplan 2008-2012, Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, Aktiv kvar dag. Denne er retningsgjevande for arbeidet med fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv fram mot 2013. Hovudmålet er at flest mogleg skal kunna vera aktiv kvar dag, nært der dei bur. Prioriterte satsingsområde i perioden er: Partnarskap for folkehelse Tilrettelegging for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Anlegg for idrett og friluftsliv Folkehelse er eit satsingsområde som er høgt prioritert både nasjonalt og på fylkesnivå. Handlingsprogram for folkehelse 2010 2011 tek til orde for at folkehelseperspektivet må inn i alle relevante kommunale planar. Tiltaksplanen skisserer fire prioriterte arbeidsoppgåver: Styrking og vidareutvikling av partnarskap for folke helse i Hordaland Samordning og utvikling av folkehelsearbeidet i eiga tenesteyting Utføra kunnskapsoppsummering om hordalendingane sin helsetilstand og faktorar som har innverknad på den Utvikling av plan for folkehelsearbeidet i Hordaland Hordaland fylkeskommune la planprogram for ny regional plan for folkehelse ut på høyring våren 2011. Den overordna målsetnaden i Fylkesdelplan 2006 2009, Deltaking for alle - universell utforming, er at alle skal kunna delta i samfunnet på like vilkår. Planen legg fram fleire strategiar for å nå målet, m.a. ved at: Alle nye offentlege bygg, anlegg og opp arbeidde uteområde i Hordaland skal vera universelt utforma frå og med 2009 Eksisterande offentlege bygg, anlegg og opparbeidde uteområde i Hordaland skal ha universell utforming frå og med 2019 All infrastruktur for samferdsle i Hordaland skal ha universell utforming Det skal vera universelt utforma turløyper i kvar region/destinasjon Kommunale føringar og strategiar Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er samordna med eksisterande plandokument og politiske vedtak i Fjell kommune. I tiltredingserklæringa for koalisjonen mellom FrP, H, KrF i Fjell for kommunestyreperioden 2007-2011, tek partia til orde for at kommunen sine naturgjevne føresetnadar for kystkultur og friluftsliv skal utnyttast og vidareutviklast. Friluftsområda i Fjell skal få betre tilgang ved å byggja ut fleire turstiar. Så langt det er praktisk/økonomisk mogleg skal desse tiltaka ha universell utforming. Eigna badeplassar, båtvikar, turområde og friområde ved sjøen og på fjell partia i kommunen skal løysast inn og leggjast til rette. Tiltaka i Handlingsprogram 2011-2014 for Fjell kommune speglar gjeldande planar i kommunen, der i blant førre plan for idrett og friluftsliv. I høve områda idrett og friluftsliv vert det lagt opp til å styrkja folke helsearbeidet gjennom å planleggja tiltak og inngå partnarskapsavtale med Hordaland fylkes kommune. Det skal også bli lagt til rette for auka bruk av eksisterande turløyper i tråd med helse-

11 faglege tilrådingar, gjennom å oppdatera turkart og tur skildringar på kommunen si heimeside, og vidareutvikla skilting og informasjon i eksisterande turløyper. Kommuneplanen sin arealdel 2007-2018 er kommunen sitt fremste arealpolitiske styrings verkty, og legg rammene for den langsiktige utviklinga av kommunen. Dette set overordna rammer for den fysiske og framtidige lokaliseringa av m.a. anlegg, løypetrasear og friluftsområde. Kommunedelplan for Straume 2005-2018 vil vera styrande for utviklinga på Straume, og eit kommunalt verktøy for framtidig satsing og forvalting. Planen avklarar framtidig arealbruk i området. Det vert sikra betre tilgjenge for alle brukar grupper ved at planen legg opp til eit nettverk av gang- og sykkelvegar (Straume mila) gjennom heile planområdet, med god kontakt med sjøen, friområda, leikeareal og sentrum. Planen slår fast at bygg og løypetrasear skal vere universelt utforma. Energi-, miljø- og klimaplan 2009-2012 legg føringar for korleis ein skal ta hand om eit heilskapleg miljøperspektiv i anleggs utbygging. Det vert også lagt opp til ei satsing på samanhengande gang- og sykkelvegar, og betre tilrettelegging av parkeringsplassar og turvegar. Sentrale strategiar i Helse, sosial og omsorgsplan 2008-2011 er å styrkja folkehelsearbeidet og helseførebygginga blant vaksne og eldre. Kommunen skal delta i regionale folkehelseprosjekt, og auka fokuset på rehabilitering og habilitering. Dei økonomiske rammetilhøva i kommunen legg klare føringar for kommunen si rolle i utviklinga av idrett og friluftsliv i planperioden. Kommunen har planar om å byggja ein fleirbrukshall på Straume tidleg i plan perioden, og dette er ei stor investering. Hovud prinsippet vert difor at utbygging og kostnadskrevjande tilrettelegging i stor grad må bli finansiert av private og/eller eksterne aktørar. Ei sentral målsetjing i Kommunedelplan for kultur 2007-2010, Mellom by og hav, er å leggja til rette for opplevingar og aktivitetar knytt til kyst kulturen og naturen. Dette kan til dømes vera tilrette legging for ekstremsport, og å etablera ei effektiv og godt marknadsført opplevingsbussrute. Ein tenkjer seg ei direkte rute frå Bergen til naturaktivitetar i regionen. I planen vert det lagt vekt på det store potensialet for utviding av naturbaserte aktivitetstilbod. Strategisk næringsplan for Fjell 2004-2007 framhevar tilbod innan aktivitetar, kultur og kjelder til oppleving som ein stadig viktigare føresetnad for ei positiv utvikling i næringslivet, og som eit direkte innsatsområde for å skapa ny næringsverksemd.

Utviklingstrekk 12 Folketal og samansetjing i Fjell kommune Fjell kommune er i kontinuerleg vekst og utvikling. Ved byrjinga av 2011 budde det 22 220 menneske i Fjell kommune. Folkeveksten i 2010 var på 397 nye innbyggjarar. Medan 1339 personar flytta og innvandra til kommunen, flytta og utvandra 1149 personar. I 2010 vart det født 307 barn, medan 96 personar døydde. Om ein ser på bustadutviklinga i kommunen kan ein venta seg størst vekst i befolkninga på Litlesotra og Ågotnes. På lengre sikt kan også Bildøy forventa stor vekst. Det er også verdt å merka seg veksten i bygdene Skålevik, Ulveset, Kolltveit og Bjorøy. Målet for bustadutviklinga, særleg på Straume og Bildøy, er å skapa auka variasjon i bygningsmassen. Ein kan dermed venta seg ein større variasjon i alderssamansetting også. Tilrettelegging for fysisk aktivitet må difor vera retta mot ulike aldersgrupper. Fjell kommune har ei ung befolkning, med 4403 barn mellom 0-12 år, og 2643 ungdomar mellom 13-19 år. Framskrivingar av befolkningsstrukturen viser at auka i talet på barn og unge vil flata ut, medan aldersgruppa 67 år og over, vil auka med ca. 77% innan 2020 (kjelde: www.ssb.no). Inaktivitet er definert av Helsedirektoratet som ein av dei største trugslane mot folkehelsa. Ambisjonen er å leggja til rette for at alle, uansett alder, skal ha moglegheit til å driva fysisk aktivitet. Aktivitetstrendar på nasjonalt nivå Ein rapport frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet viser at berre 20% av vaksne tilfredsstiller dei norske anbefalingane for fysisk aktivitet, som er minimum 30 minuttar med dagleg moderat aktivitet. Undersøkinga viser vidare at 76% av fysisk inaktive vaksne ønskjer å koma i gang med regelmessig fysisk aktivitet. Utfordringa er å leggja til rette for at desse kjem i gang med trenings- eller mosjonsaktivitetar. Når det kjem til barn og unge viser undersøkinga at 91% og 54 % av høvesvis 9 og 15-årige gutar og 75 % og 50 % av høvesvis 9 og 15-årige jenter, tilfredsstiller dei norske anbefalingane for fysisk aktivitet; minst 60 minuttar kvar dag med moderat nivå. Gutane er 15 % meir aktive enn jentene, og 9-åringer er 43 % meir aktive enn 15-åringane. Berre halvparten av norske 15-åringar tilfredsstiller anbefalingane. Det er ingen kjent biologisk årsak som kan forklara dei store kjønns- og aldersforskjellane i fysisk aktivitetsnivå blant barn og unge. Korleis vi stimulerer og tilrettelegg for fysisk aktivitet kan sannsynlegvis forklara ein del av forskjellane. Samanliknbare studium viser at nordmenn er meir med i organisert fysisk aktivitet, men generelt mindre aktive enn befolkninga i andre europeiske land. Likevel er tendensen at talet på inaktive vert redusert, medan talet på dei som er moderat aktiv stig. I løpet av perioden 1985-2009 har befolkninga auka sin fysiske aktivitet i fritida. Vidare viser data frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet at det er fleire i den yngste aldersgruppa, under 25 år, som tilfredsstiller helsekravet til fysisk aktivitet, medan i dei eldre aldersgruppene frå 25 år og oppover er små forskjellar. Tidligare var det færre kvinner som tilfredsstilte helsekravet til fysisk aktivitet, men i 2009 var det ikkje forskjellar knytt til kjønn. Forskjellar knytt til bustad er heller ikkje av betydning. Det er omtrent same tal som tilfredsstiller helsekravet anten ein bur i by, tettstad eller land. Ein ser klare forskjellar knytt til sosial klasse når det gjeld dei som tilfredsstiller eit helse krav til fysisk aktivitet, der særskilt den øvste sosiale klassen trenar mest. Når det kjem til kva typar aktivitet folk driv med viser figur 3 at friluftsaktivitetar er klart mest utbreitt. Heile 74,6 % av befolkninga driv med friluftsaktivitetar minimum ein gong i månaden. Fotball er i ein særstilling både i media og når det gjeld oppslutnad blant barn og unge, men for befolkninga i sin heilskap er fotball ein relativt beskjeden aktivitet. Folkemengde i Fjell kommune 1. januar 2011 Utvikling i aktivitetsnivå over tid Kva type aktivitet folk driv med

13 I forhold til kjønn dominerer menn i dei fleste aktivitetane. Særskilt gjeld dette fotball, løpstrening og vektløfting/kroppsbygging. Kvinner har derimot langt større andel av aktive i gymnastikk og dans. Dei aller fleste aktivitetar har søkkande oppslutning med aukande alder. Det er nokre få unntak der oppslutninga stig med aukande alder. Dette gjeld dei store friluftslivsaktivitetane fotturar i skog/ mark, skiturar i skog og fjell, og fotturar på fjell og vidde. Også dans og gymnastikk har stigande oppslutnad med aukande alder. Det har skjedd ei endring i treningsmønsteret til den norske befolkninga når det kjem til kva treningstilbod dei nyttar. I rapporten frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet, er tilboda delt inn i tre kategoriar; idrettslag (som også inkluderar bedriftsidrettslag), privat treningstilbod og eigenorganisert trening. Det er desidert flest som driv eigenorganisert fysisk aktivitet, og auka i perioden frå 1989 til 2009 har vore markant. I 1989 hadde ein av fem idrettslag som sin vanligaste treningssamanheng, medan ein av seks var fysisk aktiv i privat tilbod. I 2009 var biletet snudd; ein av fem hadde privat tilbod som vanligaste treningssamanheng, medan ein av seks nytta idrettslag. Aktivitetstrendar i Fjell Det er mykje som tydar på at fjellfolket følgjer dei nasjonale trendane. Også her er treningssenter svært populært, og dette er ei veksande trend blant både ungdom og vaksne. Sprek og Blid opna treningssenter på Straume i 2004. Senteret hadde då rundt 900 medlemmer, og har opplevd ei jamn auke i medlemstalet (kjelde: Sprek og blid, Straume). I dag har Sprek og Blid sine senter på Straume og Ågotnes i underkant av 5000 medlemmer frå heile Sotra/Øygarden. I januar 2011 trena kvart medlem i snitt 1 gang per veke. Alders grensa på Sprek og Blid er 13 år. Når det kjem til bedriftsidrett viser tal frå idrettsregistreringa til Hordaland bedriftsidrettskrets at det var 7 registerte lag i Fjell kommune i 2009, med 2150 medlemmer. Dette inkluderer alle tilsette der dei har bedriftsidrettslag. Dei 7 laga har også registrert aktivitetar og aktive medlem som viser 418 aktive kvinner og 173 aktive menn. I følgje Hordaland Idrettskrets si idrettsregistrering 2010 har Fjell Idrettsråd (FIR) 35 aktive medlemslag. Av desse har 25 lag og klubbar registrert sin medlemsbase, og har til saman 7015 medlemmer (ikkje alle er aktive utøvarar). Tabellen til høgre viser alders- og kjønnsfordelinga blant medlemmene i FIR. Det er barn i aldersgruppa 6-12 år som er mest aktive i idrettslag, og ein ser eit markant fråfall i ungdomsgruppa 13-19 år, og eit endå større fråfall i kategorien unge vaksne frå 20-25 år. Ut i frå tal frå medlemsbasen ser vi at dei tradisjonelle ballidrettane fotball og handball er svært populære blant alle aldersgrupper og begge kjønn. Andre idrettar som utmerkar seg med høge medlemstal er turn, golf og segling. Fjell har naturgitte føresetnadar for å driva eit aktivt friluftsliv, kanskje særleg aktivitetar som klatring og padling. Begge desse aktivitetane er i veks med både regionale og nasjonale utøvarar. Klatremiljøa i og kring Fjell har etablert mellom 700-800 klatreruter i regionen. I høve padling vert det stadig utvikla nye padleløypar og kart, der i blant Nordsjøåra, som er eit interkommunalt samarbeid for merking og gradering av padleløyper. Uoffisielle medlemstall FIR 2010 Alder Jenter Gutar Totalt 0-5 136 77 213 6-12 1156 1338 2494 13-19 720 943 1663 20-25 163 241 404 26-684 1557 2241 Totalt 2859 4156 7015 Kjelde: Hordaland Idrettskrets

14 Eliteidrett i Fjell Norges idrettsforbund, idrettskrinsane, idrettsråda og kommunane har eit særleg ansvar for å leggja til rette for det ein gjerne kallar breidde idretten. Dei einskilde særforbunda har ansvar for den prestasjons orienterte delen av idretten og tilhøyrande konkurranse verksemd. Særforbunda og Olympiatoppen har ansvar for å leggja forholda til rette for ei planmessig satsing mot det høgste nasjonale og internasjonale nivå. Eit godt utvikla og inkluderande aktivitetstilbod (breiddeidrett), er ein føresetnad for utvikling av toppidrettsutøvarar, og det er knytt til breidda at kommunen i fyrste omgong kan bidra. Det er likevel viktig at kommunen er ein medspelar for toppidretten i kommunen og ikkje ei motspelar. Toppidretts utøvarar er gode rollemodellar og motivatorar for barn og unge som driv idrett, og kan slik vera ei motverkande kraft når utøvarar vurderar å slutta. Utanfor kommunegrensa er toppidrettsutøvarar gode ambassadørar og omdømebyggjarar for kommunen. Idretten i Fjell har mange utøvarar i toppsjiktet knytt til ulike idrettar, både individuelle og lagbaserte idrettar. Erfaringa viser at det kan vera utfordrande å møta behova til utøvarar på elitenivå, og dei må gjerne ut av kommunen for å utvikla seg vidare. Ei utfordring for eliteidretten er dei fysiske tilhøva knytt til både tilgjengeleg treningsareal og treningstid, passande anleggstype og konkurransearenaer. Krava til konkurranse arenaen vert ofte høgare dess høgare prestasjonsnivå ein har. For lagidretten er det også ei utfordring å etablera eit heilt lag på elitenivå. For å utvikla eliteutøvarar treng idrettslaga gode trenarar som får gode treningstilhøve, og idrettslag som vil satsa for å behalda og utvikla idrettsutøvarar og spelarar. Det er klart at kommunen ikkje har anlegg for alle typar idrettar på elitenivå, men fleire anlegg kan nyttast eller oppgraderast ved høve. Både friidrettsbana og fotballbana på Ågotnes er oppgradert dei seinare år, m.a. for å stetta krava til fotballkampar for 2. divisjon. Anlegga til Ran seilforening og Sartor sportskyttarklubb er også godt eigna for konkurransar på høgt nivå. I Straume Idrettspark er det etablert kunst grasbane med lys og tribune. Kommunen har også planar om å byggja ein stor fleirbrukshall i Straume Idrettspark, som vil vera ein høveleg konkurranse arena for mange ulike idrettar. Utover eit bidrag til trenings- og konkurranse arenaer har kommunen avgrensa høve til å planleggja for idrettslag på elitenivå. Knytt til individuelle utøvarar på elitenivå har kommunen elitestipend (kr.30 000) og idrettsstipend (kr. 20 000). I tillegg samarbeider kommunen og Vest Næringsråd om ei ordning kalla idrettsambassadør, der ein utøvar på toppidrettsnivå får økonomisk støtte til vidare utvikling. Ordførar Eli Berland og Henriette Brekke Idrettsambassadør Henriette Brekke Hausten 2011 underteikna symjaren Henriette Brekke (22) idrettsambassadøravtalen med Fjell kommune. Ho skreiv også under ein eigen samarbeidsavtale om at ho vert lokal MOT-ambassadør i Fjell. Ordninga er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd og Fjell kommune. Gjennom avtalen får idrettsambassadøren kr. 100 000,- årleg fram mot OL i London 2012. Til gjengjeld lyt utøvaren delta på ulike arrangement i regi av Fjell kommune og Vest Næringsråd, inntil 8 timar årleg. Det neste store målet for Henriette Brekke er OL i London i 2012. Ho er ein del av Olympiatoppen si satsing med namnet Kvinneløftet fram mot OL. Henriette er frå Sekkingstad og tilhøyrer Vestkant svømmerne. Ho har vore på seniorlandslaget frå ho var 15 år (2004), og har allereie ei lang merittliste å syna til; meir enn 100 NMmedaljar, mellom desse 15 individuelle NM-gull som senior. Ho har også fleire topp-10-plasseringar i EM og ein 36. plass i VM. Favorittdistansane hennar er 50 og 100 meter fri, 50 meter butter fly og 50 meter bryst. Siste året har vore ein opptur, og den beste prestasjonen var då ho vann NM i 100 meter fri på tida 56,42. Henriette seier at som toppidrettsutøvar må ein vera fokusert på eigne mål og prestasjonar. Likevel meiner ho at ho vert betre nettopp av å tenkja på andre enn seg sjølv. - Det er viktig for meg å bidra til å motivera yngre utøvarar til å nå sine eigne mål og gå sine eigne vegar. Eg ønskjer også å hindra eit aukande fråfall frå idrett og andre aktivitetar, seier Henriette Brekke. Kjelde: utdrag frå artikkel skreve av Vigleik Brekke på www. fjell.kommune.no

Folkehelsearbeid og universell utforming 15 Nordmenn lev lengre, men svekka helse kombinert med høgare levealder vil føra til ei stor auke i helsekostnadene. Eit viktig grep for å halda folk friske, uansett alder og funksjonsnivå, er å leggja til rette for at dei kan vera fysisk aktive. Dette har verdi både for den einskilde innbyggjar så vel som samfunnsøkonomien. F olkehelsearbeid Folkehelsearbeid vert definert som samfunnet sin totale innsats for å oppretthalda, betra og fremja folkehelsa. I dette ligg nødvendigheit av å styrkja verdiar som gjev det enkelte individ og grupper moglegheit for ansvar, deltaking, solidaritet, meistring og kontroll over eige liv og situasjon. (NOU 1998:18). Folkehelsearbeidet skal fremja fysisk, psykisk og sosial helse og velvere, og er dermed eit tverrfagleg arbeidsområde som femnar om t.d. ernæring, fysisk aktivitet, tannhelse, psykisk helse, osv. Folkehelsearbeidet har heile befolkninga som målgruppe, både barn og unge, vaksne og eldre. Hovudføremålet er å leggja til rette for at innbyggjarane får fleire år med god helse. Det er også sentralt å arbeida for at det vert færre helseskilnader mellom ulike samfunnslag, etniske grupper og kjønn. Som nemnt i kapittel 3, er samhandlingsreforma og lov om folkehelsearbeid blant dei nasjonale føringane for denne planen. I St.meld. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar, vert det gjort greie for dei systematiske helseforskjellane ein finn knytt til materielle, psykososiale og adferdsrelaterte risikofaktorar. Ein finn m.a. ulikskap i helseadferd (t.d. kosthald og røyking) som heng saman med sosiale bakgrunnsvariablar som inntekt og utdanningsnivå, og som resulterar i ulikskap i helse. I den tidlegare omtalte rapporten frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet, vert det peika på at folk med høg utdanning og høg inntekt er overrepresentert i gruppa som er fysisk aktive. Det er såleis viktig at samfunnet legg til rette for lågterskelaktivitetar som gjev fleire høve til å vera fysisk aktive, t.d. gjennom friluftsliv og eigen organisert trening. Effekten av fysisk aktivitet på folkehelsa Fysisk aktivitet er ei kjelde til avkopling, sosialt samvær, kjensle av å meistra, og glede over å vera i god fysisk form. Fysisk aktivitet har innverknad på humøret, betrar søvnkvaliteten, gjev energi, reduserer stress, og betrar forholdet til eigen kropp. Samla gjer fysisk aktivitet oss meir rusta til å meistra kvardagens krav og utfordringar. Tidlegare fekk vi langt på veg dekka kroppen sin trong for fysisk aktivitet gjennom dei daglege aktivitetane i heim, skule og arbeid. Rapporten frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet, slår fast at berre kvar fjerde av oss er aktiv nok. Mange mosjonerar meir enn før, men for befolkninga totalt sett har ikkje dette kompensert for bortfallet av fysisk aktivitet knytt til dei mange gjeremål i dagleglivet. Difor trengs det meir effektive førebyggingstiltak. Regelmessig moderat fysisk aktivitet kan gje ein betydeleg helsegevinst for dei aller fleste. Dei som i utgangspunktet har lågast aktivitetsnivå og er i dårlegast fysisk form, har den største helsegevinsten av ein gitt auke i aktivitetsnivået. Dette tyder at den største helsegevinsten kjem ved å få dei inaktive til å vera litt aktive. For å få dette til må ein gjera det enkelt å vera fysisk aktiv. Det er viktig å leggja til rette for at barn og unge kan etablera gode aktivitetsvanar, men det er også viktig å leggja til rette for at vaksne og eldre kan få høve til å oppretthalda eller auka sin fysiske aktivitet. Rapporten frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet konkluderar med at spelemidlar og andre stat lege verke midlar for å fremja fysisk aktivitet ikkje er effektive nok, og i liten grad bidrar til å redusera sosiale helseforskjellar. Tilrettelegging for friluftsliv kan bli sett på som eit av dei viktigaste lågterskeltilboda som fremjar fysisk aktivitet; det er ein aktivitet som er rimeleg å driva med, som kan gjennomførast aleine eller i lag

16 med andre, som kan tilpassast fysisk form og alder. Folkehelsearbeidet er difor eit viktig satsingsområde for eit stort spekter av aktørar knytt til friluftsliv, t.d. Direktoratet for naturforvaltning, Den Norske Turistforeining, dei regionale friluftsråda, osv. På regionalt nivå har Hordaland fylkeskommune tilskotsordningar til lokalt folkehelsearbeid og friluftsliv, og dei set årleg av spelemidlar til søknadar knytt til friluftsliv. Universell utforming Universell utforming dreier seg om utforming og tilrettelegging av fysiske forhold for å fremja like høve til samfunnsdeltaking. Universell utforming føreset at hovudløysinga skal stetta flest mogleg brukarbehov. Dette er med å skapa eit samfunn som er inkluderande på ein likestilt og verdig måte, og som tek i vare eit mangfald av menneskje med ulike ferdigheiter og føre setnader. Funksjonsevne er relatert til syn, hørsel, rørsleevne, evna til å forstå, og nedsett toleranse for forureining og allergiframkallande stoffar. Funksjonshemming er ikkje ein eigenskap hjå individet, men noko som oppstår når det blir eit gap mellom individet sine føre setnader og omgjevnaden sine krav til funksjon. Prinsippet om universell utforming tek utgangspunkt i å prøva å finna en hovudløysning som flest mogleg kan nytta. Det er mange omsyn å ta, og det vil alltid vera nokon som likevel vil ha trong for spesielle løysingar. Universell utforming er eit nasjonalt satsingsområde, og er forankra i både Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og Plan- og bygningslova. I høve søknad om spelemidlar til idretts- og nærmiljøanlegg vert det lagt sterke føringar for universell utforming knytt til idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. For å sikra omsynet til universell utforming har Kulturdepartementet laga ein rettleiar for universell utforming av idretts- og nærmiljøanlegg. Vidare arbeidar Standard Norge med å laga standardar for universell utforming av uteområde (turvegar, nærmiljøanlegg o.l.). Framlegg til prns 11005 Universell utforming av opparbeida uteområde krav og anbefalingar ligg ute på høyring våren 2011. Universell utforming er eit sektorovergripande tema, og må difor leggja føringar for ulike plan område, deriblant idrett og fysisk aktivitet. Prinsippet om universell utforming er sentralt i arbeidet med å sikra omgjevnader som er med på å fremja fysisk aktivitet i befolkninga. Alle skal ha moglegheit til å vera fysisk aktive, uavhengig av alder og funksjonsevne, sosioøkonomisk status, etnisk bakgrunn eller kulturelle forhold. Naturområde må kunna bli nådd på ein enkel måte, utan å måtta forsera fysiske hindringar. Direktoratet for naturforvalting arbeider for å realisera det nasjonale målet om at alle skal ha høve til å driva friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen. Her er kartlegging, tilrettelegging og informasjon sentralt for å leggja grunnlaget for aktivitet og deltaking for alle. Satsing på folkehelsearbeid og universell utforming i Fjell Fjell kommune har lenge hatt ei av dei yngste befolkningane i landet med 29% under 18 år (2009). Framskrivingar av befolkningsstrukturen viser at auka i talet på barn og unge vil flata ut, medan aldersgruppa 67 år og over, vil auke med ca. 77% innan 2020 (kjelde: www.ssb.no ). Frå å vera ein kommune med svært unge innbyggjarar, vil ein i planperioden få ei endring av alders samansetjinga hjå innbyggjarane. Med folkehelse og universell utforming som bakgrunn, er kommunen sin ambisjonen å leggja til rette for at alle, uansett alder og funksjonsevne, skal kunna vera fysisk aktive. Tilrettelegging for friluftsliv Tilrettelegging for friluftsliv vert som nemnt sett på som eit av dei viktigaste lågterskeltilboda for å fremja

17 fysisk aktivitet. Folk kan vera fysisk aktive i naturen når dei vil, heilt gratis. Noko tilrettelegging kan vera naudsynt. Det skal ofte enkle, og lite kostnads krevjande tiltak til, for å gjera det litt enklare for store delar av befolkninga å nytta naturen til rekreasjon og fysisk aktivitet. Det er altså svært mykje folkehelse å henta på å leggja til rette for fysisk aktivitet i både strandsone og utmark i kommunen. Fjell kommune har lagt ned mykje arbeid knytt til fleire turstiar i kommunen t.d. Nordsjøløypa og Fjell festning. Ved fleire av turvegane har kommunen starta arbeidet med å leggja til rette for universell utforming, t.d. Fjell festning og Straumemila. Det er også etablert p- plassar ved nokre av turvegane, og erfaringa viser at desse turvegane og parkerings plassane er svært mykje brukt av innbyggjarane. Det er ei rekkje utfordringar i høve tilrettelegging og infrastruktur knytt til rekreasjonsområda, m.a. toalett- og parkeringstilhøva. Vidare er det ei utfordring å sikra areal til rekreasjon og friluftsliv i strandsona og pressområde som Straume, Ågotnes og Litlesotra, der aktiviteten kring bustad- og næringsutvikling er særleg stor. I komande planperiode vil Fjell kommune leggja vekt på at det skal vera lett å vera fysisk aktiv for alle grupper, gjennom ei særleg satsing på tilrettelegging for friluftsliv. Det vert også teke til orde for ei samling av ulike små og store aktivitetsanlegg,. Eit døme er turløypa ved Straume Idrettspark, der foreldre/føresette som leverer barn til trening i hallen, kan nytta turløypa medan dei ventar på barna. Gjennom heile planen er infrastruktur eit gjentakande tema. Utfordringar knytt til parkeringstilhøve for sykkel og bil i samband med friluftsområda, vart også peika på i førre plan, og må få meir fokus i komande planperiode. Det er stor semje om kor viktig universell utforming er, samstundes som erkjenninga av at ikkje alle kan koma seg til Liatårnet er viktig. I planperioden ønskjer kommunen å jobba for at eit utval turvegar, samt nye nærmiljøanlegg, skal imøtekoma krava til universell utforming sett av Standard Norge. Dette er turvegar og anlegg som kommunen bør eiga. I andre høve må ambisjons nivået reduserast til ulik grad av tilrettelegging. Det viktigaste grepet vil i slike høve vera å gje informasjon om kvar det er universell utforming, og kva type tilrettelegging ein finn elles. For å sikra ei målretta satsing på tilrettelegging og korrekt informasjon bør turområde og anlegg bli kartlagt og registrert i høve grad av tilgjengelegheit. Fleire aktørar, t.d. Statens kartverk og Direktoratet for naturforvalting, tilbyr gode verktøy for kartlegging. Trong for informasjon og koordinering Gjennom tiltaksplanen vil denne planen leggja fram mange tiltak knytt til tilrettelegging for fysisk aktivitet, særleg i strandsone og utmark (friluftsliv). Mange aktørar vil vera involvert for å gjennomføra tiltaka, t.d. kommunen, BOF og lokale frivillige lag og organisasjonar. Det vert i den samanheng peikt på behovet for koordinerande aktørar på friluftslivsområdet, og at ein folkehelsekoordinator kan ha ein nyttig funksjon i den samanheng. Det er viktig å vera klar over at hovudvekta av Folkehelsearbeidet må finna stad i samfunnet, gjennom frivillige lag og organisasjonar, gjennom kommunale planar som t.d. for trafikksikring og idrett, gjennom NAV og det offentlege helsevesen osb. Utbytet kommunen kan få av ein koordinator med eit tverrfagleg arbeidsfelt, vil vera stort. Godt kunnskapsgrunnlag for riktig og målretta verkemiddelbruk er avgjerande, og krev kartlegging av helsetilstand og helseutfordringar (kommunehelseprofil) i Fjell kommune. Mange faktorar som påverkar folkehelsa går på tvers av kommunegrensene. Gjennom Regionrådet Vest har kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden samarbeid kring eit bredt spekter av fagfelt, deriblant folkehelse. Det vert m.a. planlagt å starta opp felles Frisklivssentral som på ulike vis, t.d. lågterskeltilbod om fysisk aktivitet, skal førebyggja inaktivitet og

skapa livsstilsendringar hjå befolkninga. Dei andre kom munane i Regionrådet Vest har oppretta folkehelsekoordinatorstillingar, og det vil klart vera ein styrkje for Fjell kommune å gjera det same. Folkehelsekoordinatorar frå fire kommunar vil ha god høve til å kartleggja helseutfordringar og fremja folkehelsetiltak som kan gå på tvers av dei fire kommunane, og omfatta eit stort spekter av fagområde, deriblant idrett og fysisk aktivitet. 18

Eit regionalt perspektiv på tilrettelegging for fysisk aktivitet 19 Regionrådet Vest er eit rådgjevande og koordinerande organ for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Regionrådet skal fremja forpliktande samarbeid mellom kommunane og vidareutvikling av regionen. Gjennom regionrådet er det initiert og etablert interkommunalt samarbeid knytt til eit bredt spekter av kommunale tenesteområde t.d. helse, kart og byggjesak, barnevern og kultur. Det er mykje som tydar på at det kan vera føremålsteneleg å utforska moglegheitene for interkommunalt samarbeid også knytt til tilrettelegging for fysisk aktivitet. Idrett og idrettsanlegg i regionen Tal over idrettsanlegg, idrettslag og medlemmar i dei fire kommunane (sjå tabell), viser at det er stor idrettsleg aktivitet i regionen. Idrettsråda i dei fire kommunane har totalt 95 medlemslag og 17 083 medlemmar. I kommunane finn ein også eit stort tal ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. Tabell: tal idrettsanlegg, idrettslag og medlemmar i regionen I regionen har ein allereie ein fleirbrukshall i Askøy kommune og tre i Fjell kommune. I tillegg har Fjell kommune vedteke å byggja fleirbrukshall på Straume, med planlagt byggjestart hausten 2011. Øygarden kommune heldt på å greia ut om dei skal byggja ein fleirbrukshall. Det er viktig å byggja idrettsanlegg som svarar på behova i kommunane. Samstundes skal ein hugsa at det å byggja idrettsanlegg er kostbart. Ein kan ikkje ha fleirbrukshallar, turnkasser og symjeanlegg på alle nes. Og nokre gongar er det kortare over kommunegrensa enn til eit tilsvarande anlegg i eigen kommune. Eit regionalt perspektiv på utbygging og bruk av anlegg kan gje regionen høve til å utvikla ein større anleggsvariasjon der behova til ulike idrettar kan bli møtt. Det kan også gje høve til å leggja til rette for nye idrettar i regionen. For å fremja auka regionalt samarbeid opnar spelemiddelreglementet for løyving av særskilt tilskot ved større interkommunale idrettsanlegg. Kommunale anlegg Nærmiljø-anlegg Fylkesanlegg Sum anlegg Tal idrettslag Tal medlemmar Fjell 78 97 175 35 7015 Sund 29 13 42 10 1347 Øygarden 9 76 85 8 970 Askøy 86 76 5 167 42 7751 Sum 202 262 5 469 95 17083 Kjelde: Idrettsanlegg.no (anlegg) og Hordaland Idrettskrets (idrettslag/medlemmar) Tabell: moglege regionale anlegg Type anlegg Ishall Fotballhall Klatrevegg Skytehall Turnkasse Symjehall Hestesportanlegg Lokalisering Askøy Askøy Fjell Fjell Fjell Sund Sund Kjelde: Referat frå møte på Askøy med idrettsråda i Askøy, Fjell og Sund. Øygarden var ikkje representert. I Fjell kommunen har ein både segleanlegg (Ran seilforening) og skytehall (Sartor sportsskyttarlag) som vert nytta utover kommunen sine grenser, men som ikkje har status som fylkesanlegg. Dersom kommunen og idrettslaget ønskjer å ha status som fylkesanlegg, må dei i fellesskap søkja Hordaland fylkeskommune om dette. Det er i den samanheng viktig å veta at Askøy har eit anlegg for segling, og både Voss og Os kommunar har skyteanlegg med status som fylkesanlegg. Skal dei nemnde anlegga i Fjell kommune få ein slik status må ein i søknaden visa at anlegga har andre, supplerande funksjonar som er nyttig for regionen. Våren 2011 starta idrettsråda i Askøy, Fjell Sund og Øygarden ein diskusjon kring regionalt samarbeid knytt til m.a. bygging av idrettsanlegg. Idrettsråda har i fellesskap laga ei liste med moglege regionale anlegg og lokalisering av desse, sjå tabell til høgre. Idrettsråda har til hensikt å arbeida vidare med lista i høve behov, investeringsutgifter, drift osv. Fjell Idrettsråd har også drøfta moglegheita for ei interkommunal innkjøps- og utleigeordning for utstyr. Dette kan fungera bra innan nokre idrettar, og bør bli drøfta vidare.

20 I drøftinga av regionale perspektiv på idrettsanlegg har både Fjell Idrettsråd og Ungdommens kommunestyre i Fjell peika på utfordringar knytt til kollektiv tilbodet i regionen. Idrettar som t.d. fotball og handball har ofte treningslokale i nærområdet, men dei fleste utøvarar er avhengig av eit velfungerande kollektiv tilbod eller å bli kjørt til og frå trening. Bussav gangane på kveldstid er sjeldne på mange ruter, og passar dårleg i høve trenings tider. Bussbyte og venting ved Straume terminal, er også ei utfordring for mange barn og unge. Friluftsliv i regionen Også knytt til tilrettelegging for fysisk aktivitet i strandsone og utmark vil det vera føremålsteneleg å sjå på eit interkommunalt samarbeid. For dei som driv friluftsliv, anten på land eller sjø, er kommunegrenser ikkje så viktig. Derimot ønskjer ein å oppleva ei heilskap i høve tilrettelegginga; god informasjon og godt merka stiar, som ikkje tek slutt ved kommunegrensa. Ein ser m.a. at både turlag, klatre- og kajakklubbar har sine aktivitetar i alle kommunane i regionen. Øygarden er under planlegging, og der bør tema som rasteplassar, toalett, parkeringsplassar for sykkel og bil, fiskeplassar, badeplassar, universelt utforma turløyper, båtplassar, kajakkoppdrag, klatreløyper, kulturminne, teltplassar, overnattingsmoglegheiter, utsiktspunkt, skilting og liknande bli koordinert i eit regionalt perspektiv. Det kan vera føremålstenleg å utarbeida eit felles regionalt informasjonsskilt med kart ved inngangsporten til regionen, og elles sam kjøra heile den regionale informasjonssatsinga tett med satsinga til reiselivsselskapet Kysteventyret. Dei initiativa som er teken i høve regionalt perspektiv på tilrettelegging for fysisk aktivitet, både knytt til idrettsanlegg og friluftsliv, bør følgjast opp og oppmuntrast. Ei interkommunal utgreiing/ behovsanalyse knytt til t.d. kva fysisk aktivitet innbyggjarane i regionen driv med, eller ønskjer å driva med, og kva tilrettelegging (idrett og friluftsliv) det er behov for i regionen, kan vera føremålsteneleg. Ei slik utgreiing og vidare samarbeid bør bli drøfta i Regionrådet Vest. I dag finn ein fleire aktivitetar, friluftsområde, og behov på tvers av kommunegrenser. Ved koordinering av tiltak som krev store ressursar, men som har få deltakarar per kommune, vil det vera hensiktsmessig å sam arbeida. Kommunen bør ta mål av seg til å satsa på ein del større pilotprosjekt på tvers av kommunegrensene, og i tett samspel med rette institusjonar, organisasjonar og styresmakter. Det er allereie teke fleire initiativ på dette feltet, m.a. i samband med fylkeskommunale tilskot knytt til nasjonal standard for merking. Her har kommunane Fjell, Sund og Øygarden gått saman om søknadar knytt til merking av padleløyper og Nordsjøløypa. I denne samanheng vert det, våren 2011, arrangert felles søkjarseminar i regi av IKKUS for kommunane Fjell, Sund og Øygarden, der lag og organisasjonar sam arbeider for å få gode, heilskaplege søknadar. Dette er eit ledd i ei større satsing på informasjon om friluftsliv og aktivitetar i regionen. Eit nytt regionalt turkart for Sotra og