MØTEINNKALLING Tysnes kommune



Like dokumenter
MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

MØTEBOK Tysnes kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Protokoll Tysnes kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Aurland kommune Rådmannen

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Forslag frå fylkesrådmannen

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Granvin herad Sakspapir

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet - Arbeidsmøte Møtestad: Møterom, Midsund sjukeheim Dato:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

1. Mål med samhandlingsreforma

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Saksnr Utval Møtedato

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

2. Kommunestyret vedtek følgjande prinsipp for drifta i Volda kommune:

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Transkript:

Utval : OPPVEKST/OMSORG Møtestad : Rådhuset Møtedato : 19.03.2013 Tid : 09:00-00:00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 8/13 12/438 DRIFTSTILSKOT FYSIOTERAPI PS 9/13 12/405 BUSTADPOLITISK HANDLINGSPLAN 2013-2016 PS 10/13 13/287 OPPLÆRINGSPLAN 2013 PS 11/13 13/278 LEIGESATSAR VED LÅN AV SKULEHUS OG ANLEGG PS 12/13 13/292 IKT-PLAN PS 13/13 13/300 BARNEHAGEOPPTAK 2013

MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013 Arkivsak : Arkivkode: 12/438 042 - Sakshandsamar: Hildur Heie Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013 PS 8/13 DRIFTSTILSKOT FYSIOTERAPI Vedlegg: 1. ASA 4313 for perioden 2013 2014 (sjå vedlagde lenke) http://www.ks.no/tema/arbeidsgiver/lonns-ogarbeidsvilkar/fysioterapiavtalene/ SAKSUTGREIING: 2. Informasjon om vidare saksgong, av 27.12.12, referat møte fysioterapitenesta 04.01.13. 3. Uttale frå fysioterapeut Ingunn Langlo, driftstilskot fysioterapi, av 05.03.2013. 4. Vedlegg oppjustering av driftsavtale for Ingunn Langlo, av 14.11.12. 5. Uttale frå fysioterapeut Åshild Matre, av 10.03.13. 6. Merknad referat møte 04.01.13 frå fysioterapeut Åshild Matre, av 06.01.13. 7. Uttale frå fysioterapeut Anne Opdal, av 11.03.13. Det har kome inn uttalar frå fysioterapeutane Ingunn Langlo, Åshild Matre og Anne Opdal, dei moment som kjem fram i uttalene er i hovudssak allereie teke med i saksutgreiinga. Uttalane følgjer saka til utvalet. Bakgrunn Det er kommunen som etter helse- og omsorgstenestelova 3-1 har det overordna ansvaret for kommunale helse- og omsorgstenester, under dette ansvar for den kommunale fysioterapitenesta. Kommunen vedtek sjølv omfanget som skal utøvast i eigen regi og kor stor del som skal vera næringsverksemd med driftsstønad. I samband med at det vart tilsett ny kommunefysioterapeut vart driftstilskot på 50 % ledig frå og med oktober 2012. I samband med budsjettarbeid for 2013 vart det vurdert om det var grunnlag for å vidareføra driftstilskot i same omfang. Konklusjonen etter handsaming av budsjett vart at me såg det som tenleg å vidareføra det totale ressursomfanget i tenesta. Tysnes kommune valte å ikkje lyse ut det 50 % ledige driftstilskotet for å ha litt tid på seg til å vurdere i høve fysioterapitenesta vidare. Kor trykker skoen mest, i den kommunale tenesteytinga, i den private el. ville ressursen blir trekt inn i samband med budsjetthandsaming for 2013, det siste skjedde ikkje. På slutten av året 2012 fekk ein også oppseiing i 50 % stilling med fastlønstilskot f.o.m. 01.01.13.

Då fekk ein også fleire vinklingar å sjå dette i lys av. Kommunen ser det som naturleg at ein ser desse to ledige heimlane vurdert i ein samanheng når ein går gjennom organisering av det samla tenestetilbodet i kommunen. Det vart halde eit drøftingsmøte med alle fysioterapeutane 04.01.13. Det var då skissert ei slik sakgsgong : - Alle fysioterapeutar skal få saka til uttale før denne vert lagt fram for politisk handsaming. - Saka vert lagt fram for politisk handsaming 19. mars d.å. - I saka skal følgjande moment vurderast: o Skal tilhøve mellom kommunal og privat fysioterapi justerast? o Skal driftstilskot eventuelt lysast som i dag eller skal eksisterande heimlar justerast? Fysioterapiressursar, driftsheimlar, stillingar: Ved oppstart fysioterapi med driftstilskot i Tysnes kommune vart det oppretta 1,5 årsverk, knytt til institutt i Uggdal. Ein lang periode arbeidde 3 fysioterapeutar der. I samband med planar om etablering av eit helsesenter på Galanten tildelte kommunen 20 % driftstilskot til Geir Austvik. Driftstilskotet var seinare etablert ved eigen praksis i Våge. I 2009 vart 20 % driftstilskot ved Instituttet i Uggdal flytta og Ingunn Langlo etablerte ein ny praksis i Våge. I 2010 var det gjort ei avtalemessig justering på to driftstilskot som vart oppjustert frå 20 % til 30 %. Det skal merkjast at alle driftstilskot i Tysnes er knytt til person, ingen av driftstilskota er bunde til instittutt, kommunen skal likevel godkjenne flytting av driftstilskot. I Tysnes kommune er det pr. i dag oppretta slike driftsheimlar med driftstilskot frå kommunen. Kvar av desse tre har etablert eigen praksis med kvart sitt institutt. - 80 % driftstilskot Uggdal - 30 % driftstilskot Våge - 30 % driftstilskot Våge - 50 % ledig driftstilskot f.o.m. 01.10.12.- har vore utøvd i Uggdal Tilsette fysioterapeutar med fastlønstilskot i kommunen: - 100 % f.o.m. 01.09.12-50 % ledig fastlønstilskot f.o.m. 01.01.13 Det grunnleggjande spørsmålet i denne saka er om tilhøve mellom privat og offentleg tenesteyting skal justerast, i den samanheng er det nokre grunnleggjande kriterium å vurdera etter: Økonomi, oppgåver, avtaleverk, utvikling. Alternative modellar: I drøftingsmøte i januar vart det drøfta tre ulike modellar for framtidig fordeling av fysioterapiressursar: 1. 50 % fastlønstilskot vert overført til privat driftstilskot, slik at der vert 100 % til saman. 2. 50 % driftstilskot vert trekt inn og nytta til å styrkja kommunal stilling, slik at der vert 100 % til saman. 3. 50 % fastlønstilskot og 50 % driftstilskot vert vidareført etter dagens ordning.

I tillegg til desse grunnmodellane har me også ulike mellomvariantar i mente, det kan til dømes vera aktuelt å trekkja inn noko ressursar for å styrkja den kommunale stillinga og la noko ressursar verta nytta til å auka opp små driftsheimlar i privat praksis. Økonomi Tysnes kommune har etter tilhøva slik dei vert skildra i Kostra ei godt utbygd fysioterapiteneste. Driftstilskot kostar kommunen kr 375 600 pr. årsverk. Ved fastløna stillingar vert det gjeve fastlønstilskot frå Helfo på kr. 173 280 per årsverk. Fastlønstilskot vert søkt etter kvar halve år og har såleis ein viss administrativ kostnad. I sum er det om lag same kostnad for Tysnes kommune om me etablerer ei stilling sjølv med fastlønstilskot eller om det vert nytta driftstilskot. Eit synspunkt har vore at dei privatpraktiserande fysioterapeutar er mest effektive. Dette kan nok henge saman med at det er meir effektivt å behandle behandlar pasientar på institutt enn å reise heim til den enkelte, eller til den einskilde skule eller barnehage. Det kan i mange tilfelle vera god samfunnsøkonomi i at fysioterapeuten reiser ut til den einskilde skule, barnehage eller heim for å treffa brukaren framfor at brukaren skal ta seg til ein institutt. Etter vårt syn er det ikkje noko klårt grunnlag for å hevda at det er store skilnader i effektivitet mellom offentleg og privat fysioterapi. Oppgåver Kommunen har som tidlegare nemnt ansvar for den samla fysioterapitenesta i kommunen, under dette ligg både førebyggjande og behandlande arbeid i og utanfor institusjon, habilitering og rehabilitering. Nokre av desse oppgåvene vert utøvd på institutt og nokre vert utøvd på helsestasjon, skule, barnehage, sjukeheim eller i private heimar. I dag har det vel vore slik at dei kommunalt tilsette fysioterapeutane har hatt oppfølging av brukarar som av ulike grunnar ikkje kan ta seg til eit institutt, medan den private fysioterapitenesta i hovudssak har teke brukarar som er føre til å koma seg til instituttet. I tillegg har det meste av plan- og koordineringsarbeid vore lagt til den kommunale tenesta. Økonomi i ein privat praksis er sett saman av to komponentar: 1) Driftstilskot og 2) inntekter etter takstforskrift. Kommunen kan etter nærare retningsliner stilla krav om at inntil 20 % av avtalt tid i driftsheimel skal kunna nyttast til å dekke kommunen sine behov. Ut frå inntektsgrunnlaget i privat fysioterapi er sett saman av takst og driftstilskot er det ein føresetnad at dei kommunale oppgåvene vert dekt av takstforskrifta. Per i dag kan det meste av dei kommunale oppgåvene løysast av fysioterapeutar på driftstilskot, eit vesentleg unntak er arbeid på sjukeheim som i dag ikkje er heimla i takstforskrifta. Det har ved særskilte høve nytta fysioterapeutar med driftstilskot til å gjera arbeid på sjukeheim, det har då vore basert på at kommunen betaler for å dekka tapet til privatpraktiserande fysioterapeut. Dersom me skal endra dagens forhold mellom tenester ytt på fastløn og tenester ytt gjennom driftstilskot vil det vera turvande at private fysioterapeutar må ta ein vesentleg større del av den oppsøkjande verksemda, og ein større del av ansvaret for oppgåver av administrativ karakter slik som m.a. koordinering av individuell plan. I samtaler har me fått forståing for at det kan vera interesse for dette. Det er likevel å merkje seg at ei løysing der ein større del av fysioterapitenesta vert lagt ut til privat verksemd inneber at me reduserer styringsrommet til kommunen. Kommunen har ein viss instruksjonsrett over 20 % av den avsette tida til ein fysioterapeut med driftstilskot, for ein tilsett fysioterapeut har me 100 % styring innan rammene av arbeidsgjevar sin styringsrett. I ei tid der me står føre store endringar i organisering av helsevesenet gjennom samhandlingsreforma kan det vera uklokt å redusera styringsrommet vesentleg. Me er også kjent med at NFF sentralt har stilt spørsmål ved om kommunen kan styra 20 % av oppgåvene til privat fysioterapeut på ein permanent basis eller om dette berre kan gjerast som ei mellombels løysing. Personalmessige og avtalemessige tilhøve

Det har i lang tid vore eit fokus på at kommunal sektor må gjera noko for å auka opp stillingsheimlar. I dag har me ei 100 % stilling som kommunefysioterapeut og ei 50 % stilling. Det kan vera vanskeleg å få kvalifisert personell til å søkja seg inn til ein 50 % stilling og det kan vera vanskeleg å få personell til å stå i stillinga over tid. Dette taler isolert sett for at me anten bør trekkja inn ressursar eller setja ressursane ut. Det har vist seg vanskeleg å rekruttere i små stillingsheimlar som t.d. 50 % stilling, det same har også vore om ein har hatt 100 % stilling kommunefysioterapistilling. Det er vel knapt nokon stillingar i kommunen der me har hatt større gjennomtrekk i dei seinare åra, det kan vera ulike årsaker til dette. Ein grunn kan vel vere at ein blir åleine i små fagmiljø, dersom me set ut den 50 % stillinga me i dag har vert det i realiteten ikkje noko fagmiljø i kommunefysioterapitenesta. Me har også sett at me ikkje har lukkast med å få personar med tilknyting til Tysnes til å fylla stillingane, slik blir ei kommunefysioterapistilling i Tysnes for berre eit springbrett for relativt nyutdanna kandidatar som er under veg til noko anna. Me er veldig glad for at me no har fått rekruttert inn ein kommunefysioterapeut med forankring i Tysnes og har von om eit langvaring tilsetjingstilhøve. Rekruttering til slike stillingar kan også vera litt tilfeldig i den forstand at me av og til har interessante lokale søkjarar, og andre tider ikkje har det. Mangel på stabilitet fører oss også fort inn i ein vond sirkel der vakansar fører til store etterslep som seinare aukar belastninga for den som tar til i stilling. Me er i dag kjent med at me truleg vil kunna ha lokale søkjarar dersom me vel å lysa ei 50 % stilling. Tilsvarande med at me har ein deltidsproblematikk i høve til tilsette har me også ein uheldig problematikk i høve tildelte driftstilskot. I avtaleverket er det klart at tildeling av praksis skal vera i eit slikt omfang at det svarer til det reelle behovet, i tillegg skal det etter nytt avtaleverk ikkje lysast driftsheimlar under 40 %. To av dei heimlane me har i dag er så små at me ikkje kunne lyst dei ut om dei vart ledige. Me ser også at det kan stillast spørsmålsteikn ved om dei tildelte heimlane samsvarer med tenestebehovet. KS har ei slik presisering i høve til storleik på driftsheimlar: Det er og har alltid vært meningen at driftstilskuddet skal samsvare med fysioterapeutens reelle praksisomfang. Dette er imidlertid ingen uttrykkelig rettighet etter avtaleverket, og dagens situasjon med mange deltidshjemler må ses i en totalsammenheng. Så vel kommunersom fysioterapeuter har tatt initiativ til oppsplitting av avtalehjemler der begrunnelsen fordette ikke har vært etter systemets intensjoner. Det er kommunen som definerer behovet for og vedtar dimensjoneringen av fysioterapitjenesten i sin kommune. Dersom kommunen oppretter eller viderefører en deltidshjemmel kan ikke fysioterapeuten avkreves mer fysioterapitjeneste enn tilsvarendeantall timer. En hjemmel på 40 prosent tilsvarer et fysioterapitilbud på om lag 14 timer per uke. Frå 1. januar 2012 tredde det i kraft ei ny forskrift for å auka små driftsheimlar i fysioterapitenesta, KS kommenterer forskrifta slik: Fra 1. januar 2012 gjelder en ny forskrift om oppjustering av driftsavtalehjemler for fysioterapeuter. Kommunene kan oppjustere deltidshjemler etter en intern utlysning. Hovedintensjonen med forskriften er at det skal bli mer samsvar mellom hjemmelens størrelse og praksisomfanget. Det ideelle er selvfølgelig at dette skjer ved «friske midler». Dette kan imidlertid ivaretas på flere måter. KS har følgende forståelse av forskriften: Når en kommune ønsker å bruke mer penger til fysioterapi kan midlene lyses ut internt, selv om beløpet er mindre enn tilsvarende en hjemmel på 40 prosent.

Når en fysioterapeut sier opp sin hjemmel har kommunen mulighet til å innløse hjemmelen etter ASA 4313 punkt 12. Etter at hjemmelen er innløst, kan kommunen bruke midlene til å oppjustere eksisterende deltidshjemler i kommunen ved intern utlysning. Kommuner med behov for geografisk fordeling av fysioterapitjenesten kan velge å utvide hjemmel på ett institutt framfor andre institutter i kommunen. Kommuner kan avgrense den interne utlysningen til fysioterapeuter med små deltidshjemler (for eksempel under 40 prosent). Kommunale prioriteringer (to siste kulepunkt) anbefaler vi forankret i et politisk vedtak. Isolert sett vil kommunen truleg få mest fysioterapi for pengane ved å vidareføra 50 % driftstilskot som i dag. Me kan då vera relativt trygg på at me vil få ein praksis som faktisk svarar til meir enn den brøken me betaler for. Me kan likevel ikkje sjå at dette vil vera i tråd med gjeldande avtaleverk eller i tråd med kommunen sitt etiske reglement. Til dette kan me også stilla eit grunnleggjande spørsmål om kva som styrer helsetenesta me yt, er det tilbod eller etterspurnad som generer vekst? Innbyggjarane vert ikkje eldre eller sjukare, men i heile samfunnet ser me likevel ei stor auke i helsetenestene. Lokalisering og flytting Per i dag har det driftstilskotet som no er ledig vorte utøvd ved Tysnes Fysikalske Institutt i Uggdal, etter ASA 4313 er hovudregel at avtaleheimel skal lysast ved same institutt. I den samanheng må det likevel peikast på at avtaleheimelen ikkje er tildelt instituttet, men utøvande fysioterapeut. Ein slik praksis kan flyttast med kommunen sitt samtykke, det heiter vidare at kommunen ikkje bør nekta flytting så framt ei slik flytting ikkje fører til openberre konsekvensar for kommunen sin geografiske fordeling av fysioterapeuter. TFI har på mange vis hatt ei avhengigheit av utleige til fleire fysioterapeutar for å få forsvarleg drift av lokala. Me kan likevel ikkje sjå at det vil vera eit avgjerande argument i spørsmål om fordeling av ledig avtaleheimel, me ønskjer likevel at momentet skal vera reist før den politiske handsaminga av saka. Utfordringar og vurdering av utviklingstrekk Samhandlingsreforma stiller krav til kommunal tenesteyting i høve fleire områder også innanfor det samla fysioterapitilbodet i kommunen. Frå og med 2016 skal kommunen ta ansvar for øyeblikkeleg hjelp, ein ser behov for å styrke kompetanse, auke bemanning på fleire fagområde. Me har per i dag ikkje full oversikt over dei utfordringar som vil følgja av samhandlingsreforma både i samband med førebygging og med behandling. Me føler at tidspunktet ikkje er rett for å justera ned den delen av tenesta som er underlagt styring gjennom arbeidsgjevar sin styringsrett. Sett i lys av samhandlingsreforma og dei utfordringar kommunen står framfor, strekk det ikkje til med ei 100 % stilling i kommunen. Ein treng minimum behalde den 50 % stillinga ein har hatt i tillegg, og i høve rekruttering skulle ein gjerne ha auka stillinga opp til 80 el. 100 %. På same måte ser ein at små driftsheimlar som fysioterapeutane med driftstilskot har ikkje samsvarar med praksisomfanget, særleg dei med små driftsheimlar på 30 %. Nye driftsheimlar kan i dag ikkje opprettast mindre enn 40 %. Det er difor også ønskjeleg å få auka opp dei små driftsheimlane noko. Me ser også at det er behov for å styrkja samarbeidet mellom den kommunale og den private fysioterapitenesta i kommunen og vil rå til at det vert oppretta ein samarbeidsutval etter ASA 4313 punkt 5. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:

Rådmannen går for alternativ 3: 50 % fastlønstilskot og 50 % driftstilskot vert vidareført etter dagens ordning. 50 % driftstilskot vert nytta til å auke opp små driftsheimlar i privatpraksis i samsvar med forskrift for oppjustering av driftsavtale for fysioterapeutar. Det vert oppretta ei samarbeidsutval mellom kommunen sin administrasjon, fastløna fysioterapeutar og sjølvstendig næringsdrivande etter ASA 4313 punkt 5. HANDSAMING I OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013: Framlegg til vedtak frå Nils Helland, på vegne av Frp: Tysnes kommune ønskjer å vidareføre driftstilskot på 50 % med utlysing. Ved avrøysting vart det slikt resultat: Framlegg til vedtak frå Nils Helland, på vegne av Frp: 1 røyst (NH). Innstilling frå rådmannen: 6 røyster: (LE, SBS, MLF, JED, VFT, LBKR). VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013: Rådmannen går for alternativ 3: 50 % fastlønstilskot og 50 % driftstilskot vert vidareført etter dagens ordning. 50 % driftstilskot vert nytta til å auke opp små driftsheimlar i privatpraksis i samsvar med forskrift for oppjustering av driftsavtale for fysioterapeutar. Det vert oppretta ei samarbeidsutval mellom kommunen sin administrasjon, fastløna fysioterapeutar og sjølvstendig næringsdrivande etter ASA 4313 punkt 5.

MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013 Arkivsak : Arkivkode: 12/405 310 - Sakshandsamar: Hildur Heie Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013 PS 9/13 BUSTADPOLITISK HANDLINGSPLAN 2013-2016 Vedlegg: 1. Bustadpolitisk handlingsplan 2013 2016 Tysnes kommune. SAKSUTGREIING: 10.10.2006 gjorde Tysnes kommunestyre vedtak om at det skulle utarbeidas ein bustadpolitisk handlingsplan i Tysnes kommune. Tysnes kommune fekk kr 50.000 i tilskot frå Husbanken til å lage ein bustadpolitisk handlingsplan i kommunen. Kommunen har vidare fått eit tilskot frå staten på kr 550 000 tilsvarande 1 årsverk i 2012 for m.a. å utarbeide ein bustadpolitisk handlingsplan. Prosjektgruppa har hatt slik samansetjing: Aslaug Singelstad, leiande helsesøster Ingvild A. Hustad, leiar barnevern Birgitta M. Kuik, Nav, sosial Helga I. Aslaksen, konsulent Elin Meland, psykisk helsearbeidar Steinar Dalland, personalrådgjevar/ass. rådmann Ivar Erstad, teknisk sjef Rigmor Sjo Fotland, prosjektleiar/burettleiar Olav Andersen, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Prosjektstyrar helse- og sosialsjef Einar Aslaksen, frå september 2012 kst. helse- og sosialsjef Hildur Heie. I vedlagde handlingsplan er det i pkt. 9. utarbeidd ein handlingsplan med 11 prioriterte tiltak framover. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:

Utval oppvekst/omsorg sender framlegg til bustadpolitisk handlingsplan 2013 2016 for Tysnes kommune til vidare uttale/høyring til følgjande høyringsorgan: Andersland Bygg A/S Tysnes Bustad A/S Fronta A/S Stord bustad byggelag A/L Tysnes Sparebank Eldrerådet i Tysnes kommune Kommunalt råd for funksjonshemma Ungdomsrådet i Tysnes Norsk forbund for utviklingshemma, avd. Tysnes Hålandsneset Grendalag Onarheim Bygdalag Tveit Bygdalag Øykjaskåro Vel Vågsmarka Vel Lunde Bygdalag Husbanken Høyringsfrist: 1. mai 2013 HANDSAMING I OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013: Innleiingsvis vert det spurt kvifor det står U Ofp 24 grunna dokumentet sitt innhald, samtidig er planen sendt ope ut og ligg på nett. Rigmor Sjo Fotland innleia om planarbeidet som er gjort, og ein gjennomgang av planen. Det vert bedt om at det vert gjort korrigeringar i planen, før den vert sendt ut på høyring og lagt ut på Tysnes kommune si heimeside. VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013: Utval oppvekst/omsorg sender framlegg til bustadpolitisk handlingsplan 2013 2016 for Tysnes kommune til vidare uttale/høyring, med unnatak av kap. 4 i planen: Kartlegging av vanskeligstilte på bustadmarknaden med omsyn til personvernet, til følgjande høyringsorgan: Andersland Bygg A/S Tysnes Bustad A/S Fronta A/S Stord bustad byggelag A/L Tysnes Sparebank Eldrerådet i Tysnes kommune Kommunalt råd for funksjonshemma Ungdomsrådet i Tysnes Norsk forbund for utviklingshemma, avd. Tysnes

Hålandsneset Grendalag Onarheim Bygdalag Tveit Bygdalag Øykjaskåro Vel Vågsmarka Vel Lunde Bygdalag Husbanken Høyringsfrist: 1. mai 2013

MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013 Arkivsak : Arkivkode: 13/287 045 - Sakshandsamar: Hildur Heie Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013 PS 10/13 OPPLÆRINGSPLAN 2013 SAKSUTGREIING: Barnevern Implementering av Kvello metoden i undersøkingsarbeidet. Fokus på foreldrestøttande tiltak som aukar foreldrekompetansen før kompenserande tiltak Fokus på og opplæring innan kunnskapsbaserte metodar innan endringsarbeid i familie. COS, PMTO, Marthe Meo Fokus på rettstryggleik, vidareutvikling av den juridiske kompetanse i barneverntenesta Fokus på problemstillingar knytt til born som lir under foreldrekonflikt Aktiv bruk av tiltaksplaner til kunnskapsbaserte metodar. Vurdering av risiko og berekning av skadeomfang opp mot omsorgssvikt Til den ovannemnde nyttar me eigentid i høve Kvello. Kurs frå Acos om korleis nyttiggjere seg kvellomalane i dataverktyet. Kurs frå Bufetat og Fylkesmannen vert prioritert når dei omhandlar tema. Tysnes barnevernteneste vil forsøke å få i stand kurs/fagdag for alle i kommunen som jobbar med born og unge, event andre barneverntenester. Aktuelt tema «Barn i klem mellom foreldrekonflikter». Vidare nyttar me ekstern rettleiar (KAO`S), både til å sikre fagleghet i sakshandsaminga, men også til generell auka fagkompetanse. I takt med utskifting av personale/opplæring av nye medarbeidarar, er det viktig å ha fokus på opplæring av dataverkty, og det vil til det føremål bli prioritert Acos kurs/opplæring.

Barnevernleiar deltek i barnevernleiarfora for å sikre at me held rett fokus, sikre fagleghet og få til tenester som er tilsvarande som andre kommunar. Det er oppretta tiltaksfora for tiltaksarbeidarar i Sunnhordlandskommunane. Dette vil verta prioritert av tiltaksarbeidar når/dersom denne kjem på plass. Kommunemøter med Bufetat, samarbeid om barn, tiltak og økonomi. Ergoterapi Fagleg oppdatering innan desse områda: Bustadtilrettelegging oppdatering m.a. i Plan- og bygningslova. Kunnskapsbasert ergoterapi Fagkurs på Hjelpemiddelsentralen - Vurdera kurs i høve til oppdateringsbehov/ tilgjengelege kurs (desse kursa plar vera gratis) Vidare opplæring i CosDoc journalsystem, m.a. i Hjelpemiddelmodulen også for å få optimal tverrfagleg effekt av systemet Kognitiv kartlegging / demens Arbeidsplassvurdering (evt. dersom fleire oppdrag i BHT), kursavgift min. kr 3500,- Tysnes sjukeheim Allereie planlagte og pågåande opplæringstiltak: Eldreomsorgen ABC - 15 deltakarar MEDCED - 15 deltakarar Fagopplæring med kvalifisering av ufaglært tilsette, med tanke på fagbrev som helsefagarbeidar. Etisk kompetanseheving - prosjekt vert avslutta 2013 Lærling i helsefagarbeid over 2 år 1 TAF-elev frå hausten 2012 Opplæringstiltak som er prioriterte dersom midlar til kurs/ opplæring innafor generelle geriatriske tema som : Demens Psykiatri Miljøarbeid Dokumentasjon/pleieplan Tvang/samtykke Hjerte /kar Apopleksi Omsorg ved livets slutt Smertebehandling Grunnleggjande førstehjelp

Reinhaldsmetodar Kost/diettar Open omsorg Fagopplæring med kvalifisering av ufaglært tilsette, med tanke på fagbrev som helsefagarbeidar. Lærling i helsefagarbeid over 2 år. Eldreomsorgens ABC, i regi av Aldring & Helse. Grunnkurs/oppfriskning legemiddelhandsaming, for hjelpepleiar/ omsorgsarbeidar/helsefagarbeidarar, nettbasert. Leiar i open omsorg, vidareutdanning i kommunehelsetenesta, start haust 2012. Pris pr. semester: kr. 11 500,-. Bekreftelsesgebyr: kr. 3 000,- Pris totalt: kr. 49 000,- Diverse kurs i fagtema: demens, psykiatri, hjerte/kar, apopleksi, omsorg v/ livets slutt, smertebehandling, miljøarbeid. Kurs m/ tema: grunnleggjande førstehjelp. ca kr 5 000,- Tenester psykisk utviklingshemma Kurs innafor lovverket, Lov om helse og omsorgstenester kapittel 9; Rettssikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming. Kurs frå Habiliteringstenesta: miljøarbeid, brukarmedverknad, sjølvbestemming, utagerande adferd, «teambuilding». Kurs om aldring hos utviklingshemma. Fagopplæring med kvalifisering av ufaglært tilsette, med tanke på fagbrev som helsefagarbeidar. Desentralisert sjukepleiar- vernepleiarutdanning. Psykisk helseteneste Kurs i tema som har med rus/psykiatri, m.a kurs/oppdatering/internundervisning i bruk av ulike kartleggingsverktøy, særs viktig i samarbeidet med Stord DPS/YSS - teamet Schizofrenidagane i Stavanger Fagseminar. Alle i psykisk helse gjennomførte kurset «Førstehjelp ved sjølvmord» VIVAT, i 2012. Kurs i motiverende samtale, trinn 1 og trinn 2. Kurs i Helsepedagogikk opplæring av pasient- og pårørende med mål om auka meistring. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Kurs og opplæringstiltak i opplæringsplan for helse- og sosialetaten 2013 vert å prioritere så langt midlar ved statstilskot og midlar til kurs og opplæring i vedteke budsjett for Tysnes kommune 2013 strekk til. HANDSAMING I OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013:

VEDTAK I OPPVEKST/OMSORG 19.03.2013: Kurs og opplæringstiltak i opplæringsplan for helse- og sosialetaten 2013 vert å prioritere så langt midlar ved statstilskot og midlar til kurs og opplæring i vedteke budsjett for Tysnes kommune 2013 strekk til.