Utprøving av bildetelefonar i arbeid med opplæring av elevar med spesielle behov



Like dokumenter
Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

OPPLÆRINGA BARNEHAGANE GRUNNSKOLEN

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

«Ny Giv» med gjetarhund

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forslag frå fylkesrådmannen

Ottar Bjørkedal Eid vgs

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Bustadområde i sentrum. Vurdering

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Den nye seksjon for applikasjonar

Velkomen til Mork barnehage

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Inntak på særskilt grunnlag

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Vinje kommune. Sluttrapport

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

Handlingsprogram og økonomiplan

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Team Sunnmørsgruppa Trygt liv i eigen heim

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Valdres vidaregåande skule

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Plan for overgangar. for barn og unge

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

Plan for Liabygda SFO

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Sogn lokalmedisinske senter

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BARN I MIDT-NOREG. Ein del av studien. psykisk helse i barnehagen. Folkehelsekonferansen, Oslo 15. oktober 2014 Bodil Brautaset Fagkonsulent barnehage

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Aurland kommune Rådmannen

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Retten til spesialundervisning

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Øystese barneskule April - 08

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Overgang Oppfølging Telling. Anne Gerd Strand

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Tiltaksplan

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Transkript:

(Artikkelen har vært publisert i fagbladet EKSAKT 2/97) FRESKO-prosjektet Utprøving av bildetelefonar i arbeid med opplæring av elevar med spesielle behov Tekst: Herlaug Hjelmbrekke førstekonsulent ved Ekne kompetansesenter FRESKO står for Fjernrettleiingsprosjektet for dei regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Prosjektet starta opp etter eit initiativ frå Styret for dei regionale statlege kompetansesentra og bygde på ei rekke tidlegare prosjekt der det er nytta tovegs lyd- og bildekommunikasjon i arbeid med opplæring av menneske med spesielle behov. Prosjektet starta hausten 1994 og avsluttast sommaren 1997. Den operative fasen varte ut 1996. Deltakarar / utstyr Deltakarar Prosjektdeltakarane i FRESKO-prosjektet var menneske med funksjonshemmingar, som på grunn av funksjonshemminga si vart meldt eit regionalt kompetansesenter, og alle dei fagfolka som til einkvar tid var innafor det faglege nettverket rundt den enkelte brukaren. Prosjektet har totalt omfatta 52 brukarar i alderen 3-42 år. Meldt hovudvanske ligg hovudsakleg på samansette lærevanskar. Brukarane var hovudsakleg frå Sør- og Midt-Norge, med ein brukar i Finmark. Omlag 16 % fordelte seg likt på barnehage og i vidaregåande skole, 11 % var i ungdomsskole og resten var i dei seks første klassane i grunnskolen. Prosjektet hadde to brukarar knytte til vaksenopplæringa. Prosjektet har satt ut 38 stk utstyr av ulik type. Utstyret vart satt ut på kompetansesentra og der kor brukaren får opplæring, t.d. i skolen eller i barnehagen. FRESKO-prosjektet vart leia av ein sentral prosjektleiar og ei prosjektgruppe som besto av ein regional prosjektleiar frå kvart regionalt kompetansesenter (seks i alt). I Midt-Norge hadde vi til saman sju elevar knytte til prosjektet. Elevane kom frå Sunndal kommune i Møre og Romsdal, frå Snillfjord kommune i Sør-Trøndelag og Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Ved utvelging av elevsaker vart det tatt omsyn til geografisk spreiing, spreiing i funksjonsnivå og mulegheiter for å få ISDN-tilknytting til kommunen. Her gjekk vi inn med ekstra styrke og kjempa hardt for å få med Snillfjord, noe vi lykkast med på tampen av oppstartsfasen. Samarbeidspartnarar Telenor, Tandberg og AT&T har levert utstyret vi har prøvd ut i prosjektet Telenor har dessutan gitt alle

deltakarane i prosjektet ei enkel opplæring i bruk av lyd og bildekommuniksjonsmediet. Sist, men ikkje minst, har vi ved Ekne, på godt og vondt, samarbeidd med Telenor når det gjeld utallege tekniske vanskar. Desse problema vart retta opp i løpet av prosjektperioden. Seks medisinske institusjonar med eigen skoleavdeling vart også invitert til å delta i prosjektet. Dette var Berg gård, Frambu, Statens senter for epilepsi, Sunnaas sjukehus, Voksentoppen institutt for astma og allergi og Geilomo barnesjukehus. I tillegg har nasjonal kompetanseeining for MBD, ADHD med meire også deltatt i prosjektet. Utstyr Ved Ekne kompetansesenter har vi prøvd ut 3 typar bildetelefonar: Sunndalsøra: 1 AT&T pc. Dette er ein pc med kamera, lyd og bildekort. Snillfjord: 1 Tandberg Vision. Den mest vanlege bildetelefonen, enkel å bruke, med skjerm og tastatur. Stjørdal: 1 Tandberg Grand Vision. Ein større bildetelefon som er godt egna til møter med fleire personar. Også kalla «rullerundt-kabinett». Ekne kompetansesenter: 1 AT&T pc, 1 Tandberg Grand Vision og 1 dokumentkamera. Vi har brukt mykje tilleggsutstyr i tilknytting til bildetelefonen; datamaskinar, ekstra TV-monitor, videokamera og videomaskin. Ved Ekne kjøpte vi i løpet av prosjektperioden inn 1 «miksar» (for å kunne nytte bildetelefon til samtale/analyse mellom deltakarane medan vi såg på same video-opptak) og ein ny overhead til å omforme bildet til stort lerret. Ved senteret er det også investert i redigeringsutstyr, noe vi indirekte har hatt god nytte av i prosjektet. Utstyret vart utplassert i kommunane etter ei fagleg vurdering av funksjonsvanskane til elevane: * AT& T pc i Sunndal fordi eleven derifrå var tilmeldt kompetansesenteret med behov for utprøving av pedagogisk programvare. * Tandberg Vision i Snillfjord meinte vi ville fungere bra til oppfølgings/rettleiingsmøtar og * Tandberg Grand Vision plasserte vi på Stjørdal ettersom det der var fleire elevar med multi-funksjonshemming og behov for rettleiing både i kommunikasjon og motorisk trening. Vi såg også mange mulegheiter i at fleire kunne delta i samtalane samtidig. Mål og måloppnåing Mål Føremålet med prosjektet var å undersøke om bruk av tovegs lyd- og bildekommunikasjon er ein velegna metode og ein god reiskap for å gi brukarane eit kvalitativt betre opplæringstilbod i lokalmiljøet. Dei fire hovudmåla var: 1. Eleven får betra opplæringstilbudet i lokalmiljøet. 2. Kommunen/skolen får auka tilgang på fagleg ekspertise. 3. Kompetansesentra utviklar auka spesialpedagogisk kompetanse i fjernrettleiing, rådgjeving og konsultasjon. 4. Kompetansesentra medverkar til auka spesialpedagogisk kompetanse med andre kompetansesenter, høgskolar og fagmiljø.

Måloppnåing Utgangspunktet for vurderinga av måloppnåing er innsamla logg, samtalar med deltakarane ute, eigne erfaringar og rapportar frå fagkonsulentar på senteret. Eleven får bedra opplæringstilbodet i lokalmiljøet Moment som er trekt fram av deltakarane: Bruk av bildetelefonen har bedra opplæringstilbudet fordi: bruk av bildetelefonen har gitt oss mulegheit til å få ei breiare kontaktflate og hyppigare kontakt samarbeidspartnarane imellom. I tillegg til dei tradisjonelle samarbeidskanalane som fysiske møte, telefonisk kontakt og korrespondanse, har ein hatt ein mulegheit til å møtast direkte i undervisingssituasjonen og/eller til fagleg drøfting, både på kort varsel eller som eit meir planlagt møte. det er lettvint å få til møte, og auka frekvens på kontakten aukar mulegheitene for å legge til rette for eit bedra opplæringstilbod for eleven. Mot slutten av prosjektet vart dette målet nådd, men det tok lang tid å etablere eit fagleg samarbeid som førte til eit betre opplæringstilbod for eleven. Dette fungerer imidlertid svært bra no, og har ført til god utvikling hos eleven. bildetelefonen i seg sjølv har motivert elevane til auka fagleg innsats. elevane har vist glede og interesse for å bruke bildetelefonen, og ofte tatt initiativ til å bruke den. Kommunen får auka tilgang på fagleg ekspertise Moment frå deltakarane: For kommunar med små fagmiljø er bildetelefonen eit middel til lettare å knytte seg til fagmiljøet på kompetansesenteret eller andre stader, noe som gir ein fagleg støtte til lærarar/ppt i den enkelte kommune. Ein overvinn geografiske avstandar, lettvint å få til møte fagpersonane imellom. Kommunen har fått tilgang på fagleg ekspertise frå dei statlege, regionale kompetansesentra, men også frå andre faginstansar som BUA, Frambu, Berg gård, Statens senter for epilepsi med fleire. For små utkantkommunar har bruk av bildetelefonen gitt ein merkbar auking i tilgang på fagleg ekspertise, og med bildetelefonen på skolen slepp ein å bruke så mykje tid på å planlegge slik kontakt og møtene blir hyppigare. Avstandane er ikkje lenger det hinderet dei var. Fleire trekker fram dei økonomiske fordelane ved at ein sparer reiseutgifter til faglege samarbeidsmøte. Mulegheiter for å delta på kurs og foredrag via bildetelefon. Kompetansesenteret utviklar auka kompetanse i fjernrettleiing, rådgjeving og konsultasjon Alle fagkonsulentane ved senteret (og deltakarane i kommunane) fekk tilbod om opplæring i bruk av bildetelefon i fjernrettleiingssamanheng. Det same tilbudet har nytilsette ved senteret fått. Ein har fått prøve ut mediet til både rettleiing, rådgjeving og konsultasjon. Dette har ofte vore organisert som ein kombinasjon der konsulenten ved kompetansesenteret via bildetelefon har deltatt i undervisingsituasjon med lærar og elev. Etterpå har fagkonsulenten og lærar/ppt hatt møte aleine og drøfta situasjonen seg i mellom. Dette har fungert svært bra, det som ofte har satt grenser for utbyttet er den tekniske kvaliteten på sendingane. På grunn av dei tekniske vanskane vi har hatt ved Ekne, har vi i lange periodar hatt dårleg kvalitet på lyd og bilde.

Etterkvart har ein hausta erfaringar både på det praktisk-pedagogiske og det tekniske planet. Alle tekniske vanskar har også gitt nyttig erfaring og lærdom som har auka kompetansen vår. Generelt kan det seiast at det ser ut til at den kompetansen ein utviklar varierer frå person til person, alle utviklar sin pedagogikk / kompetanse når det gjeld å bruke tovegs lyd og bildekommunikasjon. Noen (spesielt kvinner) uttrykte i starten at dei hadde stor respekt og mange barrierar når det gjeld denne typen teknologi. I utgangspunktet kunne ein kanskje tru at dei ikkje ville auke kompetansen så mykje som dei med meir teknisk innsikt og godt utvikla ferdigheiter innan moderne teknologi. Vår erfaring er imidlertid at kompetansen aukar vel så mykje hos dei som på førehand uttrykker at dei ikkje meistrar det tekniske. Dei kan i tillegg også vere dei flittigaste brukarane av mediet. Framfor alt er det ei nyttig erfaring at det er mange ulike måtar å bruke dette mediet på i ein fagleg samanheng, at måten varierar frå person til person, og at den eine måten kan vere like bra som den andre. Bildetelefonen er for det meste brukt til konsultasjon der fagkonsulent ved senteret og lærarar ved skolen og PPT har hatt faglege møte over bildetelefon. Kompetansesentra medverkar til auka spesialpedagogisk kompetanse med andre kompetansesenter, høgskolar og fagmiljø Det har vore eit fagleg samarbeid med andre kompetansesentra i fleire av sakene. Ved enkelte høve er bildetelefonen brukt direkte mellom medisinske institusjonar og kommunen. I ei elevsak har Ekne og Frambu samarbeidd om eit kurs for alle nærpersonane til eleven i kommunen, og her er bildetelefonen brukt i oppfølgingsarbeidet med rettleiing på mellom anna orofacial massasje og spisetrening samt faglege drøftingar elles. Her er bildetelefonen brukt i direkte møte mellom Frambu og Ekne. Også ved gjennomføring av familieopphald er bildetelefonen brukt i møte mellom Ekne og Frambu. Frambu har gitt rettleiing både ved planlegging og gjennomføring av opphaldet, og evalueringsmøtet vart gjennomført på bildetelefon. Telenor arrangerte ein fleirpartskonferanse for instansar som nyttar bildetelefon i arbeidet i Nord-Trøndelag. Med på konferansen var BUPP, Ekne, trygdeetaten og fleire skolar. Dette var ein fin måte å få kjennskap til bruksmåte men også få nyttig informasjon frå liknande prosjekt. Når det gjeld dette målet er den indirekte effekten kanskje den som gir best måloppnåing. Via FRESKO-prosjektet har vi fått god kontakt med og kjennskap til kvarandre, både kompetansesentra og skolane på dei medisinske institusjonane. Dette har i fleire saker gjort det lettare å to kontakt og betra samarbeidet om elevane. Ved Ekne har vi også lånt ut bildetelefonen til andre fagmiljø, som barnevern og BUPP. Utfordringar vidare Faglege Forankre dei praktisk-pedagogiske erfaringane frå FRESKO-prosjektet og bygge vidare på dette. Gjennom nye erfaringar utvikle fjernrettleiingskompetanse. Utnytte mulegheitene for etablering av, drift av og støtte til faglege nettverk ved hjelp av bildetelefon. Auke motivasjon og kunnskap om å bruke bildetelefon. Finne nye faglege innfallsvinklar til direkte bruk i undervisinga av eleven. Ved bruk av bildetelefon legge tilrette for gode samarbeidsrutinar i den enkelte elevsaken. Teknologiske Finne tekniske løysingar/ekstrautstyr som kan auke den faglege nytteverdien. Også i framtida prøve å motivere til bruk av bildetelefonen trass i eventuelle tekniske problem.

Organisatoriske Bruk av bildetelefon må inn i kompetansesenteret/ppt sine arbeidsrutinar og plandokument. Lage rutinar for erfaringsregistrering. Sikre at utstyret er tilgjengeleg til ei kvar tid. Utvikle opplegg for opplæring og brukarstøtte. Ved Ekne kompetansesenter er vi i gang med eit nytt prosjekt der bruk av tele/ datakommunikasjon i tenesteyting og samarbeid skal sikre at erfaringane frå FRESKO-prosjektet blir forankra i det vidare arbeidet. Det har vore ei spennande og utfordrande oppgåve å prøve ut eit nytt medium i eit samarbeid med mange og ulike system og aktørar. Alle deltakarane i prosjektet har stått for eit driv og mangfald som har gjort dette til ein svært dynamisk prosess. Ikkje minst har elevane sjølv vist at ny teknologi kan gi nye innfallsvinklar i opplæringssituasjonen. Erfaringane frå prosjektperioden er mange og mangfaldige. Mulegheitene for å utnytte dette ligg åpen for oss i det vidare samarbeidet for å betre opplæringstilbodet til den enkelte eleven. Her ligg også dei største utfordringane; å bygge på det elevane har nytte av og som aukar graden av meistring.