Vi vil innleiingsvis kommentere desse tre prioriterte områda for så å kommentere områda frå høyringsbrevet spesielt.

Like dokumenter
HØYRINGSUTTALE - NOU 2008:18 FAGOPPLÆRING FOR FRAMTIDA (KARLSENUTVALET)

TELEMARK FYLKESKOMMUNE Administrasjonen. Det kongelige kunnskapsdepartementet Vår ref. 08/ HØRING FAGOPPLÆRING FOR FRAMTIDA

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Endring til pkt. 3 siste avsnitt i høringsuttalelsen vedr. studiespesialiserende påbygning etter oppnådd fag- eller svennebrev:

Karlsenutvalget - høringsuttatelse fra faglig råd for service og samferdsel

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Rådgjevarkonferansen november

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Fagopplæring for framtida - NOU 18/08 - innstilling frå Karlsenutvalet, høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylke

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Vurdering i Prosjekt til fordjuping

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Tenk framtid Bli lærebedrift

Fleksibel opplæring innan fag- og yrkesopplæringa

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Auka gjennomføring i yrkesfaga. Strategiar på kort og lang sikt, ei heilskapleg tilnærming.

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

HØRING - NOU 2008:18 FAGOPPLÆRING FOR FRAMTIDA

Auka gjennomføring og fleire ut i lære tilrådingar inn mot Vestland 2020

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Utkast til handlingsprogram for fagopplæringsnemnda

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

NOU 2014 : 14 FAGSKOLEN - ET ATTRAKTIVT UTDANNINGSVALG

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Fra Karlsenutvalget til Stortingsmelding 44 Veien videre. Utdanningsforbundet 17. oktober 2011

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Rapport for Fylkeskommunens hovedmålsetting for tiltaket ( ): Overordna målsettingar: Skule og næringsliv t ek felles samfunnsansvar

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Kommunedelplan for oppvekst

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Elev- og lærlingombod i HFK

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Retten til spesialundervisning

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

«Alternative vegar til fagbrev.

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Rådmannsutvalet Førde

Spørsmålsrunde

Kvalitet er målet med alt

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

INTERNASJONAL STRATEGI

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

Rettleiing i forkant av FNT

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2014/15

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

Transkript:

NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida Høyringsfråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar mange av forslaga i NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida. Innstillinga peikar på viktige utfordringar, og mange av dei tiltaka som er føreslegne kan bidra til forbetringar på viktige område. Innstillinga manglar likevel eit heilskapsperspektiv som ser tiltaka i samanheng og som vurderer konsekvensane av dei ulike tiltaka godt nok. Manglande berekning av økonomiske og administrative konsekvensar er eit svakt punkt i innstillinga. Støtte til forslag i innstillinga som kjem fram i høyringsfråsegna vår vert gjeve under føresetnad av at dei økonomiske konsekvensane vert utgreidde og finansierte. Det er først når ein ser kostnadene med dei ulike tiltaka, og kva økonomiske ressursar som er tilgjengelege til styrking av fag- og yrkesopplæringa samla sett, ein kan gjere reelle prioriteringar av tiltak. I oppfølginga av NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida er det nødvendig å tydeleggjere kva ein ønskjer med vidaregåande opplæring. Klare prioriteringar er viktig, det vil verte vanskeleg å handtere alle tiltak samtidig, same kor gode dei måtte vere. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at i oppfølginga av innstillinga må følgjande tiltak prioriterast: Betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa Betre gjennomføring i fag- og yrkesopplæringa Betre mogelegheit til å byggje vidare på fag- og sveinebrev Vi vil innleiingsvis kommentere desse tre prioriterte områda for så å kommentere områda frå høyringsbrevet spesielt. Å utarbeide nasjonale kvalitetsindikatorar på sentrale område vil vere eit viktig skritt på vegen mot å definere kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Det er sjølvsagt umogeleg å måle alle aspekt ved kvalitet, men det utelukkar ikkje at ein kan definere aspekt som kan målast. Vi deler utvalet si oppfatning av at betre samarbeid mellom skule og bedrift, yrkesretting, lærarane og instruktørane sin kompetanse, elev- og lærlingvurdering og læringsmiljø er viktige satsingsområde for å betre kvaliteten. Vi vil i tillegg nemne formidling og auka fleksibilitet som viktige faktorar for å betre kvaliteten. For å få betre gjennomføring, må både skule og bedrift ta utgangspunkt i at dei er ein del av eit heilskapleg opplæringsløp. Bedriftene bestemmer sjølve kven dei vil tilsetje som lærlingar, og dei må vere med og ta samfunnsansvar i form av fullføringsansvar for opplæringsløpet.det er heilt nødvendig å ha samarbeidsarenaer og å ha gode samarbeidsavtalar mellom skule og bedrift. Vi meiner vidare at auka fleksibilitet er eit kjernepunkt for å betre gjennomføringa. Det er i dag rom for differensiering både når det gjeld tempo, nivå og organisering. Desse mogelegheitene burde nyttast i større grad.

Fleksibiliteten kan gjelde vegen som fører fram til fag- eller sveinebrev. Lærlingen må kunne stoppe undervegs, og det må takast høgde for at ulike livssituasjonar og ulike føresetnader kan gjere at nokre treng lengre tid eller siktar mot kompetanse på lågare nivå enn fag- /sveinebrev. Vi vil særleg trekkje fram auka bruk av kryssløp for å betre fleksibiliteten. Det bør vere opp til lokal skuleeigar å definere mogelegheitene for kryssløp. I tillegg bør det vere større grad av fleksibilitet i sjølve læringsarbeidet, til dømes gjennom veksling mellom skule og bedrift som læringsarena, og gjennom at rekkefølgja på fag kan stokkast om når det vert vurdert som nødvendig eller ønskjeleg. Fag- og sveinebrev er i seg sjølv ein anerkjend kompetanse. Det vil likevel vere behov for betre mogelegheiter til å byggje vidare på denne kompetansen for å sikre at fagutdanning er ein attraktiv karriereveg for dei som kan tenkje seg høgare utdanning. Høgskulane kan i dag ta inn studentar på bakgrunn av realkompetansevurdering, men ein ser at i praksis opnar og lukkar høgskulane seg etter tilgangen på andre studentar. Dette er ein praksis som skapar ein lite forutsigbar situasjon som ikkje kan halde fram. Vi meiner det er viktig å få på plass y-vegen innan alle utdanningsprogram. Det bør også satsast meir på fagskuletilbod, der det må tenkjast nytt både når det gjeld tilbodsstruktur og rekruttering. Når det gjeld dei konkrete områda som departementet ber om innspel på, har Sogn og Fjordane fylkeskommune følgjande kommentarar: 1)Betre gjennomføring i vidaregåande opplæring Mange av punkta lista opp i høyringsbrevet går på alt eksisterande mogelegheiter som kunne ha vore nytta i større grad enn i dag. Forsøk med bruk av insentiv i fylkeskommunen for å auke gjennomføringa Vi støttar ikkje forslaget. Fylkeskommunen har mogelegheit til å gjere dette gjennom dei resurstildelingsmodellar ein har i dag, dersom ein ønskjer det. Det er liten grunn til å tru at mangel på økonomiske insentiv er nokon vesentleg årsak til manglande gjennomføring. Yrkesretting I Reform 94 blei lagt ned mykje arbeid med læreplanane for å sikre at dei kunne yrkesrettast. Det er ikkje lagt like stor vekt på dette i LK06, og vi støtter ein gjennomgang av læreplanmåla for å sikre at dei er eigna for yrkesretting. Det må setjast søkelys på yrkesretting i kompetanseutvikling knytt til Kunnskapsløftet, og ein må peike på mogelegheiter som ligg i samarbeid om opplæringa i programfag og fellesfag. Auka yrkesretting vil truleg få konsekvensar for sentral eksamen i fellesfaga, og det er viktig at eksamensform vert vurdert samtidig. Dersom det vert forskriftsfesta at ein del av den sentrale eksamen skal ta utgangspunkt i lokalt fastlagd og yrkesretta lærestoff, vil det vere unødvendig å forskriftsfeste yrkesretting.

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar også forslaget om å utarbeide rettleiingsmateriell, men vi er usikre på kva som ligg i forpliktande bruk av dette. Plikt til å tilby plassar til alle som søker helse- og sosialfag Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar ikkje forslaget. Det må vere opp til fylkeskommunen å dimensjonere opplæringstilbodet i vidaregåande opplæring. Problemet er snarare mangel på søkjarar enn mangel på plassar. Justering av lærlingtilskotet Sogn og Fjordane fylkeskommune ser positivt på å auka lærlingetilskotet m.a. for å motivere bedrifter til å ta inn fleire lærlingar. Vi gå sterkt i mot å differensiere tilskotet etter ulike lærefag og ulike kategoriar av lærlingar. Det vil føre til større byråkrati og meir arbeid. Vi vil heller rå til å forenkle tilskotsordninga slik at det vert ein tilskotsats, uavhengig av alder, men basert på tal månader det skal gjevast opplæring. For å betre gjennomføringa kan ein vurdere om deler av tilskotet skal knytast til fullført opplæring. Alle elevar som ikkje får læreplass får rett til to års yrkesfagleg opplæring Dette framlegget vil truleg gjere kandidatane langt betre rusta til å greie fag-/sveineprøve, dersom opplæringstilbodet vert organisert praksisnært. Ei slik ordning kan bli kostbar for fylkeskommunen og vil også kunne by på kapasitetsproblem om den får eit visst omfang. Ein ser også ein fare for at ordninga kan bli ein konkurrent lærlingordninga, dersom bedriftene skule i staden for å ta dei inn som lærlingar. Framlegget må utgreiast betre, og eventuelle uheldige konsekvensar av ei slik ordning må vurderast. Dobling av rådgjevarressursen Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det er viktig å auke rådgjevarressursen. Kor stor auken skal vere, må sjåast i samanheng med framlegget om å tilby lærlingar tilgang til rådgjevarteneste. Det er viktig å sikre ein reell auke. Det er svært positivt å gje lærlingar tilgang på yrkes- og sosialpedagogisk rådgjevingsteneste. Sør-Vest- samarbeidet meiner at det bør etablerast ein arbeidslivskontaktressurs på kvar vidaregåande skule, slik ein alt har gjort i Sogn og Fjordane, og som ein har gode erfaringar med. Arbeidslivskontakten koordinerer skulen sitt samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv, mellom anna samarbeid om prosjekt til fordjuping, utplassering, partnarskapsavtalar m.m. Oppretting av nasjonalt senter for karriererettleiing Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at dette tiltaket ikkje bør prioriterast. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner vidare at det er fleire tiltak som kan betre gjennomføringa, og som ikkje er nemnde i høyringsbrevet. Fleire av desse punkta er nemnde i rapporten, men vi meiner det er viktig å kople dei meir direkte til gjennomføringsaspektet: Betre samarbeid mellom skule og bedrift, mellom anna ved å skape gode og regelmessige møtepunkt

Vurdere formidlingssystemet. Formidlinga bør vere avslutta før sommarferien. Når formidlinga, slik situasjonen er i dag, trekkjer ut til langt ut over hausten er det ikkje overraskande at fråfallet i overgangen vert stort. Læreplassane bør opprettast på våren, slik at lærlingane kan tilsetjast før sommaren og byrje i lære om hausten. Skulane må bruke prosjekt til fordjuping aktivt. Der dei får dette faget til å fungere, syner det seg at det har positiv effekt på formidlinga. Nasjonale kvalitetsindikatorar og verkty for oppfølging. Fylkeskommunen må få betre kunnskap om tilstanden i fagopplæringa, må kunne bli målt på kvalitetsindikatorane, og må kunne samanlikne seg med andre fylke. 2) Utbygging av fagskuleutdanning som karriereveg for fagarbeidarar Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget om auka satsing på fagskuleutdanninga, og at mest mogeleg av denne utdanninga vert offentleg finansiert. Det vil i satsinga på fagskuleutdanninga vere nødvendig å vurdere om det er andre område enn dei tradisjonelle tekniske og maritime som har behov for utbygging. Helsedirektoratet har utarbeidd læreplanar som no er godkjende som fagskuletilbod. Dette er ein modell som kan vidareutviklast. Vi vil særleg nemne barne- og ungdomsarbeidarfaget som eit område med behov for fagskuletilbod. Fagskuletilbodet bør utviklast slik at det både tek vare på den faglege tilnærminga og samstundes sikrar at ein gjennom dette 2-årige studiet får opplæring i fellesfag som sikrar generell studiekompetanse. 3) Tiltak for betre overgang frå fag- og yrkesopplæring til fagskuleutdanning og høgare utdanning Utbygging av y-vegen til fleire fagområde Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det er svært viktig å byggje ut y-vegen til fleire fagområde. Helst bør det vere ein mogelegheit innan alle yrkesfaglege utdanningsprogram. Setje ned aldersgrensa for realkompetansevurdering for opptak til høgare utdanning Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar dette forslaget. Dette kan vere eit alternativ til y- vegen. Det er opp til dei høgare utdanningsinstitusjonane å gjere realkompetansevurderinga, og sidan den vert gjort på grunnlag av kompetanse, ser ein det ikkje nødvendig med aldersgrense på 25 år. Alle som har fullført vidaregåande opplæring er generelt studieførebudde, uavhengig av utdanningsprogram Sogn og Fjordane fylkeskommune, som dei andre fylka i Sør-Vest-samarbeidet, støttar ikkje framlegget. Dersom alle som har fullført vidaregåande opplæring er studieførebudde, ser ein ikkje trongen for y-vegen eller tilrettelegging av studieførebuing igjennom fagskuletilbodet. Rett til kurs i fellesfag etter oppnådd fagbrev

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget. 4) Tiltak for å få fleire vaksne med yrkeskompetanse Motivasjonsordningar Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar utvikling av ein nasjonal strategi for oppfølging av vaksne med lovfesta rett til opplæring. Å utforme ordningar der tillitsvalde i bedrifter har ansvar for motivering og tilrettelegging av opplæring for dei tilsette kan vere fornuftig. I mange bedrifter har fagforeiningane alt ei slik rolle. Mykje av det organisatoriske arbeidet for å sikre informasjon og rettleiing til vaksne kan løysast gjennom arbeidet som vert gjort med karriererettleiing i fylkeskommunane. Utfordringa ligg først og fremst i at det må vere samsvar mellom motivering og opplæringstilbod som vert gjevne. Ordningar for finansiering av livsopphald for vaksne Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar ein gjennomgang av stønadsordningane for vaksne. Også mange med ungdomsrett må vere innstilte på å ta opp studielån for å gjennomføre vidaregåande opplæring, men det kan vere gode grunnar for å auke stipenddelen for vaksne med forsørgjaransvar. Finansiering av livsopphald for vaksne lærlingar må sjåast i denne samanhengen. Vanleg lærlingløn vil for vaksne med forsørgjaransvar ikkje strekkje til. Nasjonale prinsipp for realkompetansevurdering Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget. 5) Tiltak for å betre kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa Utvalet sin prioriteringar av innsatsområde og vidareutvikling av eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem Det vil vere svært viktig å innføre nasjonale kvalitetsindikatorar i fag- og yrkesopplæringa. Kvalitetsvurderingssystemet må innrettast på ein måte som forbetrar gjennomføringa. Dei fem satsingsområda: samarbeid mellom skule og bedrift, yrkesretting, lærarane og instruktørane sin kompetanse, elev- og lærlingvurdering og læringsmiljø er alle viktig satsingsområde for å betre kvaliteten. Formidling og auka fleksibilitet burde kanskje vore med i tillegg. For å betre samarbeidet mellom skule og bedrift bør det innførast forpliktande retningsliner for korleis samarbeidet skal føregå. Prosjekt til fordjuping er eit viktig verkemiddel, og mykje løyser seg i høve formidlingsprosessen om dette faget fungerer godt. Eit meir radikalt forslag kan vere å la dei vidaregåande skulane overta ansvaret for formidlinga. Auka bruk av tilsyn som grunnlag for kvalitetssikring av fag- og yrkesopplæringa

Det må utviklast ein modell for tilsyn som er formålstenleg. Det er behov for ein generell gjennomgang av tilsynsordninga. Styrking av kompetanse i fag- og yrkesopplæring hjå Fylkesmannen Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner dette ikkje bør prioriterast. 6) Lærarar og instruktørar i fag- og yrkesopplæringa Det er vanskeleg å sjå for seg korleis dei skisserte framlegga skal betre rekrutteringa av yrkesfaglærarar. Mange fylkeskommunar slit alt no med å rekruttere lærarar. Det er truleg ikkje meir akademiske tilbod som skal til for å rekruttere dyktige fagarbeidarar inn i skulen. Oppretting av bachelor- og masterstudiar for yrkesfaglærarar i alle utdanningsprogram Det kan vere positivt at det vert utvikla denne type tilbod, men det kan bli utfordrande å rekruttere studentar. Tilboda må i alle høve utarbeidast i nært samarbeid med fylkeskommunane, og må sjåast i samanheng med forvaltningsreforma og utbygginga av fagskuletilboda. Tydeleg ansar for fylkeskommunen for å tilby etterutdanning og lærarane si plikt til å delta Vi meiner at dette alt er godt ivareteke gjennom Opplæringslova 10-8. Krava til rettleiingskompetanse hjå instruktørane vert styrka Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget Stipendordningar og lønskompensasjonsordningar Utdanningsfinansiering er staten sitt ansvar. Andre og meir spesielle kompetansehevingstiltak må avtalast gjennom tarifforhandlingar. Hospiteringsordningar mellom skule og bedrift Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget. Forslaget må sjåast i samanheng med framlegga om betre samarbeid mellom skule og arbeidsliv. 7) Meir forsking og dokumentasjon på fag- og yrkesopplæringa Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget om å auke forskingsinnsatsen og å etablere eitt eller fleire forskingssenter for forsking på fag- og yrkesopplæringa. 8) Meir internasjonalisering Styrke den norske deltakinga i internasjonale undersøkingar og internasjonalt samarbeid

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget. Etablering av tilskotsordningar for hospitering i utlandet for elevar og lærlingar, lærarar og instruktørar Dei eksisterande tilskotsordningane for hospitering er for byråkratiske. Det bør arbeidast for å forenkle prosessen for deltaking, då formalitetskrava til søknadene er alt for kompliserte. Vi støttar framlegget om å etablere tilskotsordningar for hospitering i utlandet både for elevar, lærlingar, lærarar og instruktørar. Hospiteringa bør ikkje avgrensast til EU. Det må takast høgde for at låne - og stipendordningar kan nyttast i samband med hospitering.