Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 02/2004 MØTE I ARBEIDSMILJØUTVALET TYSDAG 20. APRIL 2004 Tid: Kl 13.00 14.25 Stad: Møterom 220, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Ingvar Elgesem Gonnie Smit Løseth Bjørn Krøvel Signe Valsø Kjellfrid Osdal, NTL Anne Humberset, 2fo (varamedlem) Hovudverneombod Rune Mo Frå HMS-Consult Ørsta Volda A/S møtte: Bedriftssjukepleiar Odd-Jonny Telseth Forfall: Møteleiar: Referent: Heidrun Torbjørnson, 2fo Bente Afset, Norsk forskerforbund (melde forfall 20.april) Roy Asle Andreassen, Utdanningsforbundet (melde forfall 20. april) Signe Valsø Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument vart sende ut i brev 14. april 2004. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Desse saksdokumenta vart lagde fram i møtet: Vedlegg til orienteringssak 08/2004: Presentasjon av Arbeidslivslovutvalet si innstilling, jf. NOU 2004:5 Orienteringssak 12/2004: Kvartalsvis oversyn over sjukefråværet ved Høgskulen I Volda, pr. kvartal 01/2004 Artikkel i tidsskriftet Helsenytt for alle : Folkeskikk og uskikk på jobben. Side 1 av 6
Saksbehandling: AMU-S 09/2004 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 01/2004, 2. MARS 2004 AMU-leiar hadde nokre kommentarar i høve saker som vart behandla i førre møte. Sak 04/2004 Signe Valsø refererte vedtaket i saka og opplyste at direktøren orienterte om kostnadsoverslaget frå Dalsfjord Bygg AS i det administrative leiarmøtet 13. april. Det vart ikkje teke stilling til korleis utgiftene skal dekkjast. AMU-leiar var også i kontakt med Leif Roar Strand 19. april. Ifølgje driftsansvarleg har Drift ikkje midlar til å dekkje kostnadene ved lyddempingstiltak i miljørommet på årets budsjett. Sal 07/2004 AMU-leiar refererte punkt 2 i vedtaket, og vedgjekk at ho ikkje har hatt tid til å kalle inn det utvida arbeidsutvalet for å starte prosessen med handlingsplan. Samrøystes vedtak: Referatet frå møte 01/2004, 2. mars 2004, blir godkjend. AMU-S 10/2004 GODKJENNING AV SAKLISTE TIL MØTE 20. APRIL 2004 Desse sakene vart melde under YMSE: Anne Humberset: Ingvar Elgesem: Signe Valsø: Sykle til jobben -aksjonen Avtale med Trening Volda AS om reduserte prisar til HVO-tilsette Utbetring av lydforholda i miljørommet og planar om å gjere lysopninga mellom ITavdelinga og studieadministrasjonen om til kontor Denne saklista vart godkjend: AMU-S 09/2004 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 01/2004, 2. MARS 2004 AMU-S 10/2004 GODKJENNING AV SAKLISTE TIL MØTE 20. APRIL 2004 AMU-S 11/2004 AMU-S 12/2004 AMU-S 13/2004 VERNERUNDAR VED AVDELING FOR LÆRARUTDANNING STATUTTAR FOR HMS-PRISEN VED HØGSKULEN I VOLDA SKISSE TIL DRØFTING YMSE Side 2 av 6
AMU-S 11/2004 VERNERUNDAR VED AVDELING FOR LÆRARUTDANNING Arbeidsmiljøutvalet er i e-post 1. april 2004 gjort kjent med at det er gjennomført vernerundar ved Avdeling for lærarutdannning både i 2002 og 2003. Rapporten frå vernerunden 28. november 2002 er, ved ei rein utegløyming, ikkje blitt sendt til AMU. Bjørn Krøvel opplyste at ein del oppfølgingstiltak etter vernerundar er blitt hengjande att, men langt dei fleste problemområda/mangelpunkta er utbetra. Fleire av mangelpunkta blir utbetra ved hjelp av investeringsmidlar (tidlegare post 45-midlar). Dei store HMS-utfordringane ved ALU er knytt til Henrik Kaarstad-huset frå 1922. Denne bygninga manglar m.a. solavskjerming og skikkeleg ventilasjon. Rapporten frå vernerunden som vart gjennomført ved årsskiftet 2003/2004, blir sendt AMU så snart som råd. Samrøystes vedtak: Arbeidsmiljøutvalet tek informasjon om og rapport frå vernerundar ved Avdeling for lærarutdanning til vitande. AMU-S 12/2004 STATUTTAR FOR HMS-PRISEN VED HØGSKULEN I VOLDA SKISSE TIL DRØFTING Sekretæren for arbeidsmiljøutvalet hadde laga ei skisse til statuttar for HMS-prisen, som for første gong vart delt ut under HMS-dagen 18. november 2003. Fleire av AMU-medlemmene såg positivt på at det er oppretta ein slik pris ved Høgskulen i Volda, og vonar at dette kan verke stimulerande for HMS-arbeidet framover. Det var også semje om at kriteria for tildeling av HMS-prisen ikkje må vere for stramme. Intensjonen er å bruke prisen til å auke kvaliteten og dermed også kvantiteten - på det arbeidet som blir utført. Ingvar Elgesem hadde to endringsforslag under punkt 1: Setninga før prikkpunkta bør lyde slik: Prisen kan delast ut til ei avdeling, utdanning, seksjon/institutt, miljø, gruppe eller enkeltperson som. I første prikkpunkt under punkt 1 bør ordet klar strykast. Prikkpunktet får dermed slik ordlyd: arbeider aktivt med å fremje ein HMS-profil ved HVO Etter at AMU har behandla utkastet, blir det sendt ut på høyring før sommarferien. Gonnie Smit Løseth foreslo at høyringsfristen blir sett til 10. september 2004. Side 3 av 6
Arbeidsutvalet for AMU vil diskutere dato for årets HMS-dag, slik at denne kan fastsetjast på neste AMUmøte. Samrøystes vedtak: Arbeidsmiljøutvalet sluttar seg til det forslaget til statuttar som er lagt fram, med dei merknadene som kom fram i møtet. AMU-S 13/2004 YMSE 1 Sykle til jobben - aksjonen 2004 Anne Humberset tok opp saka. Høgskulen i Volda har fått invitasjon til å vere med på årets aksjon, som startar 3. mai og varer ut heile september. AMU meinte det vil vere positivt om HVO blir med på aksjonen, men det viser seg nødvendig å ha nokre eldsjeler som kan motivere tilsette til å delta. Registrering av deltakarar kan skje over Sykle til jobben si internettside. Konklusjon: AMU-leiar bad Anne Humberset undersøkje litt meir om kva aksjonen går ut på. 2 Avtale med Trening Volda AS Ingvar Elgesem tok opp saka. Han har registrert ønskje frå tilsette om at Høgskulen i Volda inngår avtale med Trening Volda AS, slik at ein får forhandla fram ein rabatt på treningskort. Fleire understreka at det er viktig å få ein best mogleg avtale. Ein er kjend med at det for andre bedrifter i Volda-området er fastsett rabatt etter kor mange som melder seg inn. Høgskuledirektøren har vore positiv til alternativet om redusert pris på treningskort til tilsette. Elgesem meinte at avtalen bør vere på plass til 1. august 2004. Konklusjon: Hovudverneombodet blir bede om å arbeide vidare med saka med sikte på å ha ein ferdig forhandla avtale med Trening Volda AS på plass innan 1. august 2004. Eit forslag blir lagt fram i neste AMU-møte. Side 4 av 6
2 Lyddemping i Miljørommet Signe Valsø tok opp saka. Det ligg føre kostnadsoverslag frå Dalsfjord Bygg AS i brev 2. april 2004, jf. orienteringssak 11/2004. Fleire av AMU-medlemmene var kjend med at det ligg føre planar om omgjering av lysopninga ( kaffikroken ) mellom IT-avdelinga og studieadministrasjonen i 3. etasje i Berte Kanutte-huset til kontor. Dei berørte arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivar har drøfta saka, og er samde om ombyggingsplanane. Det må klargjerast kvar arbeidsmiljøutvalet kjem inn i prosessen når det gjeld byggjesaker, og AMU si rolle må definerast. Frå AMU si side er det også ønskjeleg å få vite meir om framdrifta i planane for lysopninga. Desse planane aksentuerer behovet for ei snarleg avgjerd om budsjettdekning for utgiftene i samband med lyddempingstiltak i miljørommet. Det er også nødvendig å få etablert ei praktisk kaffiordning i miljørommet. AMU er kjend med at Drift v/leif Roar Strand har innhenta informasjon om varmdrikksautomat. Denne skal kunne koplast til ein betalingsautomat. Det skal vere mogleg å kople den tilsette sitt bankkort til adgangskortet. Konklusjon: AMU-leiar undersøkjer kva som ligg i planane om omgjering av lysopninga i 3. etasje i Berte Kanutte-huset til kontorformål sett i høve til behovet for lyddempingstiltak i miljørommet. ORIENTERING FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA Odd-Jonny Telseth orienterte. HMS-Consult Ørsta Volda AS planlegg å endre kontortida i lettbygget f.o.m. tysdag 27. april. Ny kontortid blir kl 09.00-12.00. HMS-Consult arrangerer nytt grunnkurs i arbeidsmiljø i tida 26., 27. og 28. april + 3. mai. Telseth oppmoda aktuelle tilsette til å melde seg på kurset. Det vart elles opplyst at rapporten i samband med gjennomføring av helsekontakter ved Avdeling for lærarutdanning snart er ferdig til utsending. ORIENTERINGSSAKER Nummereringa i dei oppsette orienteringssakene var feil. Denne lista er den korrekte: 08/2004 NOU 2004:5 Innstilling fra Arbeidslivslovutvalget Høring. Høyringsbrev frå Arbeidsog administrasjonsdepartementet 23. februar 2004 Side 5 av 6
Presentasjon av Arbeidslivslovutvalet si innstilling, datert 20. februar 2004 Jf. NOU 2004:5 09/2004 Særutskrift av styrevedtak i sak 10/2004: Organisering ved Høgskulen i Volda prosjektskisse. Brev 15. mars 2004 10/2004 HMS-/vernerundar ved Høgskulen i Volda 2004. Brev til kontorsjefane, økonomisjefen og verneomboda 25. mars 2004 11/2004 Lyddemping av rom 256. Miljøromet. Berte Kanutte. Brev frå Dalsfjord Bygg AS 2. april 2004 Jf. AMU-S 04/2004 12/2004 Kvartalsvis oversyn over sjukefråværet ved Høgskulen i Volda, pr. kvartal 01/2004 Arbeidsmiljøutvalet tok dei oppførde og framlagde orienteringssakene til vitande. NESTE MØTE: Tysdag 1. juni 2004 kl 13.00 Høgskulen i Volda, 29. april 2004 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 6 av 6