Vest Fylkesmannen i Vestland Statens hus, Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Dykkar ref.: Vår ref.: 2016/82-6 Arkiv nr.: Saksbehandlar: Turid Susort Jansen Dato: 1.03.2019 Uttale med motsegn til kommunedelplan for akvakultur 2019-2027 - Fusa kommune - Hordaland fylke Syner til brev av 14.2.2019 vedkomne høyring og offentleg ettersyn av KDP for akvakultur. Kystverket har registrert farleier (hovud- og bileier) langs heile norskekysten. Farleiene inngår som eit viktig ledd i transportsystemet, og er viktige for å ivareta og for å betre tryggleiken, framkoma og effektiviteten for sjøtransporten. Kommunen si arealplanlegging skal sikre tilstrekkelig areal til trygg segling og manøvrering for sjøtrafikken. I arealplanlegginga må ein vere merksam på at akvakultur ekskluderer andre føremål som eksempelsvi farlei og ferdsle. Kommunen har ikkje planlagt nye områder for akvakultur, men kommunen har lagt inn areal for utviding av eksisterande lokalitetar. Kystverket er sektormynde i samband med klarering av akvakulturlokalitetar. Vi vil likevel rå til å ikkje planlegga VA-områder som kjem i konflikt med farlei og ferdsle. 1. Merknader til føresegner og plankart. Bruk og vern av sjø og vassdrag, fleirbruksområde V. Føresegn 6.1 og 6.2: Fleirbruksføremålet inneheld ferdsle. Føremålet bør innehalde både farlei og ferdsle. I føresegn 6.1 er det er tatt med oppføring av navigasjonsinstallasjonar. Det kan verta behov for både nye navigasjonsinstallasjonar, og fornying og vedlikehald av eksisterande navigasjonsinstallasjonar, samt fjerning av gamle navigasjonsinstallasjonar. Innspel til endring av føresegnene 6.1 og 6.2: Føresegna gjeld fleirbruksområder og bør innehalde både ferdsel og farlei. Det er tillate med etablering og vedlikehald av navigasjonsinstallasjonar jf. plan- og bygningslova 1-8, fjerde ledd og 11-11 nr.4. 6.3 Ferdsel på sjø (VFE). Føremålet er ankringsområde. I Bjørnafjorden er det to ankringsområder «Vinnesflaket» og «Strandavikflaket». Desse vert nytta som venteområde og oppankring for skip, og er viktig for tryggleiken til sjøs. Vi gjer merksam på at ankring har eige formål «ankringsområde» med kode 6110. Region Kystverket Vest Sentral postadresse: Kystverket Postboks 102 602 ÅLESUND Telefon: +47 07847 Internett: E-post: www.kystverket.no post@kystverket.no For besøksadresse se www.kystverket.no Bankgiro: 7694 0 06766 Org.nr.: NO 874 783 242 Vi ser om at brev, sakskorrespondanse og e-post vert adressert til Kystverket, ikkje til avdeling eller enkeltperson
6.4 Farled (VF) Kommunen brukar arealføremålet VF «Farled» som syner hamneområda i sjø. Linjesymbol (1161) syner farleiene. I ny veileiar til kart- og planforskrifta inneheld formålet «Farleier» både hovud- og bilei (6210), hamneområde i sjø (6220) og småbåthamn (6230). Innspel til endring av føresegne 6.3 og 6.4: Tiltak og aktivitet som kan vere til hinder for farlei og ferdsle er ikkje tillate. Vi oppmodar til bruk av nye formål og kodar. Småbåthamn (VS) og Fiskerihamner Generell merknad: Ved planlegging av småbåthamner må ein ta omsyn til nyttetrafikken. Småbåthamn i kombinasjon med hamner med nyttetrafikk kan vera uheldig. Småbåthamna og fritidsbåtane kan verta påført skade frå større fartøy på grunn av manøvrering og propellvatn. Småbåthamnene ligg i kommunen sitt sjøområde, og det er kommunen som har mynde etter dagens hamne- og farvasslov 27. Vi har ikkje andre merknader til småbåthamnene i Fusa kommune. Kombinerte arealføremål VKA1-2. 6.1 Småbåthamn og fiskerihamn Fusa kommune har to fiskerihamner Vinnes fiskerihamn (VKA1) og Baldersheim fiskerihamn (VKA2). Begge fiskerihamnene er nå under avhending/salg. Kombinert arealføremål VKA3-7: Akvakultur fiske og ferdsel. Innspel til VKA3 i Samnangerfjorden: Eventuell lokalitet i sjø må ikkje koma i konflikt med farleia «2214- Samnangerfjorden». Akvakultur (VA) Planlagde VA-områder er arealavgrensingar i overflata kor anlegga inkludert fôrflåtar og andre installasjonar, som er knyta til lokaliteten, skal plasserast innanfor. Skravert område rundt VA er faresone (H190) som inkluderer fortøyingsarealet. Det bør takast med i føresegnene at fortøyingslinene må liggja djupare enn 20 meter om dei går inn i kvit sektor. Der kommunen planlegg akvakultur kan det vera aktuelt å syna arealføremålet «farlei/ferdsle» både som stripla farlei-linjer og for nokre områder det faktiske naudsynte arealet til sjøtrafikken. Innspel til føresegn 7.1 Fortøyingslinene må liggja djupare enn 20 meter om dei går inn i kvit sektor Innspel til plankart: Alle arealføremål VA «Akvakultur» ligg inne som nåverande. Her bør ein differensiere mellom nåverande og framtidige.
2. Akvakulturlokalitetane versus sjøtrafikken Ådlandsfjorden og Eikelandsfjorden: Farlei og godkjente akvakulturlokalitetar: Planlagt områder for akvakultur: I Ådlandsfjorden har ikkje Kystverket registrert farlei, men då det er hamneverksemd i indre del av fjorden, må ein sikre trygg seilas forbi VA2. I Eikelandsfjorden går farleia (bileia) «2213-Eikelandsfjorden». VA lokaliteten 10324 Gjerdesvikflua: utvida VA-område kjem inn i kvit sektor for Venjaneset fyrlykt, og går inn i linjesymbolet til farleia (stripla blå linje i kart ovanfor). Planlagt utviding vil krevje omskjerming av fyrlykt. Området må trekkast inn mot SØ slik at VA-området ikkje går over linjesymbolet til farleia. VA6 lokalitet 1308 Fusavika: utvida VA-område kjem inn i kvit sektor for Venjaneset fyrlykt, og planlagt utviding vil krevje omskjerming av fyrlykt. Nedanfor er statistikk henta frå «Kystdatahuset». I denne statestikken er det registrert fartøy med automatisk identifikasjonssystem (AIS). Set vi ei passeringslinje ved Holsundøy til Gjerdevik er det registrert 294 fartøy som har passert i tidsrommet 1.1-31.12.2017. Det er lasteskip i lengdegruppa 0-70 som har flest passeringar, og lengste fartøy i dette tidsrommet var på 111 meter. Ein stor del av sjøtrafikken er knyta til akvakulturverksemda i fjorden, men det og er ein del fartøy med anna last som seglar inn Eikelandsfjorden.
Med ein justering av områda VA og V6 finn Kystverket ikkje noko stor konflikt med planlagde utvidingar av akvakulturområda i Eikelandsfjorden. Vi vil likevel gjera Fusa kommune merksam på at Eikelandsfjorden er planlagt som ein moglige lokalisering for montering av framtidig flytebru over Bjørnafjorden. Vi ber kommunen ha direkte dialog med Statens vegvesen om utvikling i saka. Fusafjorden, Sævareidfjorden og Bjørnafjorden. Farlei og godkjente akvakulturlokalitetar: Planlagde VA-områder: I Fusafjorden går farleia «2216-Fusafjorden». VA7 lokalitet 34117 Skåtholmen: eksisterande lokalitet ligg allereie ut i kvit sektor for Venjaneset lykt. Her er fjorden brei og oversikteleg, men ein kan ikkje vente å få utvide lokaliteten og VA7 lengre ut i fjorden mot vest. I Sævareidfjorden går farleia «2210-Sævareidfjord». Her kjem alle dei utvida VA-områda lengre ut i fjorden, og heilt inntil midtlinja til farleia. VA8 lokalitet 2403 Håvikvågen: planlagt utviding går delvis inn i kvit sektor for Malkenes lykt. VA-området må strekkjast ut av kvit sektor. VA9 lokalitet 12047 Mjånes: planlagt utviding går inn i linjesymbolet til farleia. Området må trekkast inn mot SØ slik at VA-området ikkje går over linjesymbolet til farleia VA10 lokalitet 31117 Skubbo: eksisterande lokalitet ligg ut mot kvit sektor for Malkenes lykt. Planlagt utviding av VA10 mot vest, ligg i direkte konflikt med lykta. Utvidinga vil ikkje verta godkjent etter hamne- og farvasslova.
Fartøy som skal inn til Sævareid må nærmast segle «sikk-sakk» inn fjorden. Statistikk frå Kystdatahuset over sjøtrafikken i 2017, viser at det seglar lastefartøy rundt 100 meter inn Sævareidfjorden. Sjøtrafikken i Sævareidfjorden er dominert av fartøy knyta til akvakulturverksemda, men desse treng også tilstrekkelig areal til trygg segling og manøvrering. VA8, VA9 og VA10 trekkjast inn mot land for å sikre trygg framkomme for sjøtrafikken Kystverket har fylgjande motsegn til KDP for akvakultur: VA må endrast slik at området ikkje går inn i kvit sektor av Venjaneset fyrlykt. VA6 må endrast slik at området ikkje går inn i kvit sektor av Venjaneset fyrlykt. VA7 må justerast, slik at området ikkje kjem lenger mot vest enn eksisterande plassering. VA8 må endrast slik at området ikkje går inn i kvit sektor av Malkenes fyrlykt. VA9 må endrast slik at området ikkje går over linjesymbolet til farleia. VA10 må endrast slik at området ikkje går inn i kvit sektor av Malkenes fyrlykt. Med helsing Turid Susort Jansen seniorrådgiver Dokumentet er elektronisk godkjent Eksterne kopimottakere: Fusa kommune Postboks 24 649 EIKELANDSOSEN