MØTE I ARBEIDSGRUPPA FOR TILTAKSANALYSAR FOR ØVRE DEL AV SIRA OG KVINA.



Like dokumenter
Tiltak i Sira Kvina vannområde.

Vannområdet Sira Kvina. Tiltaksanalyse

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Kulturhistoriske registreringar

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Utval Utvalssak Møtedato Hovudutval for teknikk og miljø 39/ Kommunestyret 25/

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Rapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Flaum i eit framtidig klima - korleis kan vi tilpasse oss?

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: Møtestad: Tingsalen Møtedato: Tid: 15:00. Tittel

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Granvin herad Sakspapir

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Vannområdet Sira Kvina. Tiltaksanalyse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet Arkiv: K1-033, K2 - K54

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Finansiering av søknaden

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Den nye seksjon for applikasjonar

Høyringsfråsegn: Småkraft AS Søknad om løyve til bygging av Fossevika småkraftverk i Askvoll kommune.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Saksbehandling kva er no det?

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Nei til Statkraft sine utbyggingsplanar for vestsideelvane og Vigdøla

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Transkript:

MØTE I ARBEIDSGRUPPA FOR TILTAKSANALYSAR FOR ØVRE DEL AV SIRA OG KVINA. Kommunestyresalen, Sirdal rådhus. Onsdag 23. oktober. Kl. 19.00 Til: Sven Sandvik Sirdal kommune. Kjell Carm NVE Helge Tonstad Sirdal kommunestyre Hildegunn Lid Wiborg Sira-Kvina kraftselskap Per Øyvind Grimsby Sira-Kvina kraftselskap Kristian Eiken Olsen Statsskog Tor Sigve Vik Grendekontakt Sinnes Paul Petter Lindeland Grendekontakt Lindeland Jostein Bjordal Grendekontakt Lunde Lars Berg Holtan Vest-Agder Fylkeskommune Atle Torvik Kristiansen Fylkesmannen i Vest-Agder Thomas Nygård Øvre Sirdal elve- og fiskarlag Ivar Skregelid Hydrolog Rolf Nilsen Hobbyfiskar Johannes Hompland Grendekontakt Geir Hovland Statsskog Åge Haugen Grendekontakt Tor Arne Liland Grendekontakt Gunn Siri Ousdal Grendekontakt Olav Josdal Grendekontakt Arnt Åge Skreå Grenderepresentant Vedlegg: Fagrapportar vedr. minstevassføring i Lilandsåna, Rosstølstjørn Skardsvatnsbekk, Skjerevassåna, Skreåna, Smogåna og Stølsdalsbekk. SINTEF-rapport vedr. kostnad ved minstevassføring. Prioritering av vannkraftkonsesjonar. DN og MD Samandrag:

1. prioritet: Minstevassføring i Skreåna, Ousdalsåna, i bekk mellom Indre og Ytre Rostølstjørn, i Lilandsåna, Ljosdalsåna og Sira. Opparbeiding av fiskeplassar. 2. prioritet: Foring av fisk: Utskyting av måker: Ubestemt prioritet, Reguleringshøgder og reguleringsfrekvens: Vannstandsvariasjonane i Svartevatn og Valevatn / Gravvatn. Tiltak der ein avventar innstilling til etter nyttår: Planar for opprensking i sedimentavsetjingar og tilgroing i og rundt elvelaupa. Tiltak som er tekne ut av prioriteringslista: Minstevassføring i Skjerevassåna: Minstevassføring i Smogåna: Stølsdalsbekken frå Storetjødn til Lunde. Innleiing: Tiltaksanalyse-arbeidet er i ferd med å gå inn i sin sluttfase. Dette blir det tredje og muligens siste møtet i tiltaksanalysegruppa for øvre del av Sira. Ein ser i dette møtet føre seg at det vert etablert ei prioritert liste med tiltak for dette området. Neste steg i vannforskriftsarbeidet vil bli at denne lista og listene frå dei andre tiltaksanalysegruppene i vannområdet, vert sydd saman i eit utkast til tiltaksprogram. Programmet skal på høyring i opne møte, i kommunestyra og i styringsgruppa og skal sendast Vest Agder Fylkeskommune som vannregionmyndighet. Frist for innsendinga er i utgangspunktet utgangen av 2013. Det har imidlertid vorte gjeve innspel frå Agder Energi og Sira Kvina kraftselskap vedrørande at denne fristen vert for knapp. Bakgrunnen for dette er m.a. rapportar som framleis er under utarbeiding når det gjeld laks, ål, sediment og tilgroing. Dette har vorte formidla vidare til Vest-Agder fylkeskommune som har gjeve ein utvida frist til 15.02.2014 for slike sakar som det er vanskeleg å koma i mål med innan opprinneleg frist. Overordna utkast til forvaltingsprogram og tiltaksprogram vil deretter verta utarbeidd på Fylkeskommunalt nivå, og vil verta sendt ut på høyring innan 1. juli 2014. Om prioritering: Ein skal i utgangspunktet freista å prioritera dei ulike tiltaka i høve til kostnadseffektivitet. Med andre ord skal det prioriterast på ein slik måte at ein potensielt kan få mest mogeleg goder igjen for eit gjeve antal investerte kroner.

I praksis er dette eit vanskeleg kriterium å bruka, både fordi kostnadar med dei ulike tiltaka er problematiske å setja tal på, og fordi det er svært vanskeleg å setja ein bestemt verdi på ny tilstand etter at eit tiltak er iverksett. T.d. kan det synast klart at eit opprenska og fritt elvelaup er betre enn eit som er gjengrodd og tilmudra, men å fastsetja i kroner og øre, kva opprenskinga er verdt for samfunnet, kan synast umogeleg. På same måte kan det vera vanskeleg å seia noko om verdien av at det renn vatn i ei elv i høve til at elva er tørrlagt. Uansett er dette vurderingar ein skal ha i bakhovudet i prioriteringsfasen. Dei fleste av tiltaka som er aktuelle innan øvre del av Sira heng saman med reguleringa av vatn og elvar i dette området. Når det gjeld kravet om minstevassføring i ei rad av bekkar og side-elvar til Sira, har SINTEF i Trondheim i februar i år lagt fram rapporten Revisjon av konsesjonsvillkår kostnader ved minstevannsføringsslipp i Sira. SINTEF har der sett på kostnadar ved å innføra krav til minstevannsføring basert på alminneleg lågvannsføring på 11 delstrekningar. (Rapporten fylgjer vedlagt). Allminneleg sommarvannsføring er i desse berekningane svært nær 10 % av middelvannsføring gjennom året. Konklusjonen i rapporten er: Forventet netto årlig inntekt for Sira-Kvina-systemet med innføring av nye minstevannføringskrav som spesifisert i Tabell 4 blir beregnet til 3261 MNOK. Ved bruk av dagens krav blir forventet netto årlig inntekt 3306 MNOK. Det betyr en årlig reduksjon i netto årlig inntekt på 45 MNOK. Prosentmessig forventa reduksjon av årlige inntekter er altså relativt beskjeden sjølv om det skulle verta lagt krav til minstevassføring i alle dei 11 delstrekningane som er tekne med i rapporten. Ca 1,36 %. For enkelte delstrekningane har det blitt lagt fram rapportar som konkluderar med at minstevassføring ikkje er eit veleigna verkemiddel. Nemnast i så måte kan Skjerevassåna og Stølsdalsbekken frå Midtstølsvatn. Fagrapportar for andre delstrekningar konkluderar med at minstevassføring bør innførast. (Publiserte fagrapportar fylgjer vedlagt). Eit av innspela som har kome i løpet av prosessen er at det bør lagast fiskeplassar langs elva som også vert tilrettelagt for handicappa. Arbeidsgruppe for friluftslivstiltak arbeider m.a. med dette. Innstilling til prioritering av tiltak: 1. prioritet: Minstevassføring:

Skreåna: I tørkesomrar ligg elva tørr. I slike periodar daudar fisken og elva fungerar ikkje som gjerde for husdyr. Det føreligg planar for utbygging av ytre Skredåvatn for å skaffa Skreåna minstevassføring. Sterkt ønske frå fastbuande ut etter dalen om å få på plass vassføring i elva. Elva er også plaga av isgang når det kjem flaumperiodar om vintrane. Skreåna prioriterast høgt av følgande grunnar: -Tørrlagt i tørre somrar. Fleire av sidebekkane som tidlegare kom inn til Skreåna frå nord er lagt i røyr og overførte til Gravatn. -Det ligg fleire grender utover langs Skreåna. -Elva kjem ut i Sira relativt høgt oppe i dalen. Å etablera ei minstevassføring her vil også medføra minstevassføring for ein større del av Sira nedstraums. -Etablering av minstevassføring kan gjennomførast utan tap av konsesjonskraft og dermed til ein relativt låg kostnad. Dette med bakgrunn i planar for etablering av dam i utlaupet av Ytre Skreåvatn, og at dette vatnet deretter vert brukt utelukkande for dette føremålet. Altså at reguleringshøgden brukest til å samla vatn i vårflaumen, og at ein slepp dette vatnet utover sommaren i dei periodar det er mest påkravd. Ei slik regulering vil også kunna ha potensiale med å redusera problemet med flaum og isgang i utsette periodar om vinteren. I nevnte SINTEF-rapport er det teke utgangspunkt i ei minstevassføring på min 103 l pr sek. i vinterhalvåret og min. 149 liter pr sek. i sommarhalvåret. Minstevassføringa bør sannsynlegvis dreiast ytterlegare i retning av større slepp i sommarhalvåret og mindre i vinterhalvåret. I følgedokumentet (1989) til konsesjonen til regulering av Ytre Skreåvatn heiter det at med ei regulering på ca 5 meter vil det etablerast eit magasin på ca 2,5 millionar kubikkmeter, som kan benyttes til å slippe minstevannsføring med 300 l/s i ca 3 mnd. Kostnad: Her vil ikkje konsesjonsvatn gå tapt. Kostnadane vil i fyrste rad koma i samband med bygging av veg og dam. Ousdalselva: Elva frå Ousdalsvatn til Ousdal er tørrlagt. Sira Kvina kraftselskap har foreteke noko opprensking i elvelaupet. Strekningen som her i fyrste rad er berørt, er relativt kort. Om lag 1 km. Minstevassføring i Ousdalselva vil i tørre periodar også i stor grad koma Sira til gode. I SINTEF-rapporten vert det teke utgangspkt i minstevassføring på 126 / 175 liter pr sek vinter / sommar. Bekk mellom Indre og Ytre Rostølstjørn. Tilgroingsproblem. Det vert i fagrapporten frå Terrateknikk tilrådd begrensa vannslepp frå Indre til Ytre Rostølstjørn. Dette for å reetablera friskvannsforekomstar av ståande vann i bekkelaupet. SINTEF sin rapport tek utgangspkt i minstevassføring på 24 / 33 liter pr sek vinter / sommar. Lilandsåna: Elva er svært redusert over ein strekning på om lag 8 km (nedstraums av bekkeinntak sørvest av Sandvatn). Sira Kvina kraftselskap gjennomførte oppgravingsarbeid

av sediment for nokre år sidan. Ny tilmudring igjen etter den tid. SINTEF sin rapport tek utgangspkt i minstevassføring på 104 / 146 liter pr sek vinter / sommar. Ljosdalsåna: Lite tilførsle av vatn nedanfor Atlakstøl. Går tørr relativt ofte. Var i si tid ei god fiske-elv. Tilgroingsproblem i både Indra og Heimre Skjørbutjørn. Ljosdalsåna er ikkje med i SINTEF sin rapport, men eit slepp bør vera av same storleiksorden som for Lilandsåna. Altså om lag 150 liter pr sek om sommaren. Sira: Når det gjeld minstevassføring i Sira, er det frå Sira Kvina kraftselskap fastsett eit manøvreringsreglement som i tørre periodar skal garantera ei minstevassføring på SINTEF sin rapport tek utgangspkt i minstevassføring på 1692 / 2403 liter pr sek vinter / sommar. Herav vil omtrenteleg 20 % dekkast av minstevassføring frå Ousdalsåna og Skreåna Andre tiltak: Fiskeplassar: Anlegging av offentlege fiskeplassar ved Sinnesvatnet, på Lindeland og på Tonstad. Dette er å rekna som eit brukarmål etter vannforskriften. Arbeidet må førast vidare av Arbeidsgruppe for friluftslivstiltak. Det vil vera viktig å avklara løyve med grunneigerar og å vurdera såkalla universell utforming. Altså at også handicappa personar skal få tilgang til fiskeplassane. 2. prioritet: Foring av fisk: Eit spesifikt innspel som har kome fram i tiltaksanalyse-prosessen går på oppforing av fisk. Bakgrunnen for forslaget er at aurebestanden i Sira stort sett består av svært talrik og svært liten fisk. Bakgrunnen er sannsynlegvis gode gytemulighetar, lite problem med sur nedbør og begrensa mengde mat. Som eit forsøksprosjekt kunne det difor vore svært interessant å fora fisken i eit bestemt vatn. Dette kunne evt. føra til stor fisk i dette vatnet, og dermed for større interesse for fisking. Utskyting av måker: Det kan synast som om hyppighet av parasittar på fisk er aukande. Rolf Nilsen har i sommar foreteke prøvefiske fleire stader i Øvre Sirdal. Parasittar blir frosne ned og skal sendast veterinærinstituttet for artsbestemming. Tor Atle Mo ved seksjon for parasittologi ved veterinærinstituttet seier at dersom det skulle visa seg at parasittane er av artar som har måker som hovudvert / sluttvert, vil ein kunna få ei betring i parasitt-situasjonen på sikt ved å fjerna måkene. I så fall vil ein søka DN om løyve til å freista å redusera måkebestanden i området til eit minimum. Ubestemt prioritet; Reguleringshøgder og reguleringsfrekvens: Vannstandsvariasjonane i magasina er i dag større og hyppigare enn tidligare. Vannspeglet går både raskare og oftare opp og ned enn det som var forespeilt under opprinneleg

konsesjonshandsaminga. Det har i den samanheng vorte påpeikt at dagens reguleringsregime har endra seg så mykje i høve til opprinneleg konsesjon av 1963, at det ikkje lenger er opplagt at dagens køyring er i tråd med gjeldande konsesjon. NVE og Miljødirektoratet har sluttført arbeidet med å prioritera revisjon av regulerte vassdrag i Norge ut frå målsetjinga om å oppnå størst mogeleg miljøgevinst med minst mogeleg krafttap. Sira-Kvina utbygginga er i denne samanheng blitt prioritert. Tiltak som har blitt tilrådd i øvre del av Sira er magasin-restriksjonar i Valevatn / Gravatn og Svartevassmagasinet. Bakgrunnen er at desse magasina grensar til Setesdal-Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde og at store reguleringshøgder påverkar landskapsopplevinga ved låge vannstandar. Tap av kraft ved desse tiltaka er anslått til mindre enn 5 % av samla produksjon. Men ein antek også at betydelege miljøforbetringar kan oppnås med vesentleg mindre kraft-tap. Det er liten tvil om at tiltak som reduserar nedkøyringa av magasina vil vera gunstige for miljøet både i og rundt magasina. Dei utvaska reguleringssonene som stundom ligg nakne kan vera svært skjemmande, særlig i sommarhalvåret. Det bør likevel vurderast om dei kostnadane slike magasinrestriksjonar vil medføra, kunne vore nytta til andre tiltak som potensielt kunne gjeve større miljøgevinstar. Stikkord i så måte kunne vore opprensking, laksetrapp, fiskeplassar eller andre ting. Eg stiller dette spørsmålet opent til debatt på møtet. Tiltak der ein avventar innstilling til etter nyttår: Sira-Kvina kraftselskap har for tida under utarbeiding planar når det gjeld opprensking i sedimentavsetjingar og tilgroing i og rundt elvelaupa. Ein vil difor avventa prioritering av slike tiltak til desse planane vert sende m.a. tiltaksanalysegruppene på høyring. Ein ser difor føre seg at prioritering av desse tiltaka vil kunna ferdigstillast til fristen 15. februar 2014. Førebels vil ein oppmoda Sira Kvina til å leggja seg på eit langsiktig, løp der det vert prioritert at arbeidet på den enkelte elvestrekning / terskelbasseng vert gjennomført i stor og grundig skala, framfor at ein satsar på å få utført arbeidet på mange elvestrekningar på kort tid. Tiltak som er tekne ut av prioriteringslista: Minstevassføring i Skjerevassåna: Tørrlagt nedanfor Austre Skjerevatn. Det tørre bekkeleiet er skjemmande og synleg frå vegen. Terrateknikk har i sin fagrapport ikkje funne grunnlag for å anbefala vannslepp-regime. Derimot anbefalar Terrateknikk at det utarbeidast plan for elveforming av delar av Skjerevassåna, og at åna, ned mot Brokke Suleskardvegen, byggest om frå grovsteina elvelaup til smalare og meir finstrukturert bekkeløp der liten vannføring framstår som naturleg.

To forhold som talar mot Terrateknikk si tilråding om elveforming er: 1. Spora etter det tidlegare større vassdraget som rann her er skapte av moder natur sjølv. Fordi om elva no er fjerna, er det ikkje gitt at det har ein eigenverdi å fjerna spora som elva her har påført landskapet. 2. Lav og vegetasjon gror svært seint såpass høgt i fjellet som her. Eit nytt inngrep med større maskinar i dette elvelaupet vil bli synleg i lang tid framover. Dei fordelar ein vil få av eit slikt tiltak vert sett på som såpass små i høve til ulemper og kostnadar, at tiltaket ikkje vert prioritert. Minstevassføring i Smogåna: Renn frå Store Smogevatn til Egeland. Tørrlagt i øvre del. Får tilførsel frå sidebekkar lenger nede. Fagrapporten frå Terrateknikk konkluderar med at overføringen av Smogevatn har begrensede negative virkninger på Smogåna. Nedre del av Smogåna får tilført vann frå eit relativt stort restfelt. Når det gjeld øvre del av Smogåna, tilrår Terrateknikk å etablera eit minimum av minstevannsføringsslepp. Ein vurderar likevel fordelane av eit slikt slepp som så minimale, at ein ikkje i denne runde prioriterar minstevassføring her. Stølsdalsbekken frå Storetjødn til Lunde. Tørrlagt i øvre del. Tilførsel av vatn frå sidebekk lenger nede. Svært bratt bekkelaup. Terrateknikk sin fagrapport konkluderar med at vannslepp i denne bekken vil ha begrensa verdi. Det vert ikkje anbefalt at minstevassføring innførest for denne bekken. Tore Kvæven, prosjektleiar Sira-Kvina vannområde. Mob: 48 23 94 22.