Tiltak i Sira Kvina vannområde.
|
|
|
- Gøran Børresen
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Tiltak i Sira Kvina vannområde. Innleiing: Etter 1 i vannforskriften skal det utarbeidast og vedtakast regionale forvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram med sikte på å oppfylla miljømåla i forskriften, og sørga for at det framskaffast nødvendig kunnskapsgrunnlag for dette arbeidet. Forvaltningsplanen med tiltaksprogram skal vedtakast i 2015 og måla for vannkvalitet skal være nådd innan Agder vannregion er ein av 11 vannregionar i Norge. Sira Kvina vannområde er eitt av 7 vannområde i denne regionen. Grovt sett er fylgjande kommunar omfatta av Sira Kvina vannområde: Sirdal, Kvinesdal, Flekkefjord og størsteparten av Lund. Første del av vannforskrifts-arbeidet var karakterisering og klassifisering. Ein skulle då fastetja tilstanden til elvane, innsjøane og kystområda i vann-området. I etterkant av dette arbeidet har det blitt oppretta tiltaksanalyse-grupper som har vurdert ulike tiltak for dei vannforekomstar som står i risiko for ikkje å nå vannforskriftas mål om god tilstand innan Av dei seks oppretta gruppene har fire hatt geografisk inndeling: -Øvre del av Sira. -Kvina. -Nedre del av Sira og Feda- og Finså-vassdraget. -Kystvannsforekomstar. Mens to har hatt tematiske ansvarsområde: -Landbruk. -Spreidde avlaup. Tiltaksanalyseperioden er no i avslutningsfasen. Tiltaka som er foreslått frå dei forskjellige gruppene vil i løpet av perioden des feb verta oversendt Vest-Agder fylkeskommune som vannregionmyndighet. Dei siste rapportane ein har venta på i samband med tiltaksanalyse-prosessen har vore rapport vedr. ål og laks i Sira-vassdraget og vedrørande opprensking av sediment og tilgroing i Siravassdraget. --- Overordna utkast til forvaltingsprogram og tiltaksprogram vil deretter verta utarbeidd på Fylkeskommunalt nivå, og vil verta sendt ut på høyring innan 1. juli Om prioriteringa: Tiltaka skal i utgangspunktet prioriterast i høve til kostnadseffektivitet. Altså på ein slik måte at ein potensielt får mest mogeleg goder igjen for eit gjeve antal investerte kroner.
2 Hovudparten av tiltaka som er prioriterte i Sira Kvina vannområde heng saman med reguleringa av vatn og elvar i dette området. Tiltaka: Øvre del av Sira: Tiltak som har fått 1. prioritet og som ei samla tiltaksanalyse-gruppe stiller seg bak: Etablering av minstevassføring i Skreåna. Ved byggjing av dam og regulering av Ytre Skredåvatn vil dette tiltaket kunna gjennomførast utan at konsesjonsvatn vert nytta. Vatnslepp her er hovudsakleg tenkt gjennomført i sommarhalvåret. Vil også koma hovudløpet i Sira til nytte. Opparbeiding av fiskeplassar i Sira. Brukarmål. Ein ser føre seg opparbeiding av 3 fiskeplassar. T.d. på Sinnes, Lindeland og Tonstad. Minst ein av desse av ein slik standard at han kan nyttast av handicappa personar. Biotopforbetrande tiltak i Sira. Sira-Kvina kraftselskap utarbeidar ein plan for biotopforbetrande tiltak. Tiltak som har 1. prioritet, men der det er dissens i gruppa. Representantane for Sira Kvina kraftselskap stiller seg ikkje bak desse tiltaka: Minstevassføring i Ousdalsåna. Minstevassføring i bekk mellom Indre og Ytre Rostølstjørn. Minstevassføring i Lilandsåna. Minstevassføring i Ljosdalsåna. Minstevassføring i hovudløpet til Sira. Magasinrestriksjonar i Valevatn / Gravatn. Vedrørande storleik på minstevassføring: I dei tilfella der fagrapportane frå Terrateknikk har tilrådingar når det gjeld vannmengdar, ser ein det som ønskeleg å fylgja desse tilrådingane. I dei tilfella der det ikkje føreligg slike tilrådingar, kan alminneleg lågvannsføring vera eit utgangspunkt. Men det er ikkje konkludert på dette punkt ennå. Vedrørande magasinrestriksjonar i Valevatn / Gravatn: Ein har førebels ikkje spesifisert nærare kva magasinrestriksjonane bør omfatta. Signalet frå gruppa er at den køyringa ein har sett av magasinet i inneverande år, med svært låge magasin-nivå, ikkje er tilrådeleg. Dette går på utsjånaden til magasinet og at tilkomst blir avskoren for grunneigerar, sankelag og andre.
3 Tiltak med 2. prioritet: Prøveprosjekt med foring av fisk i eit vatn i Sira. Prøveprosjekt med utskyting av måker i nordlege delar av vannområdet. For begge desse tiltaka må det gjennomførast ei konsekvensutgreiing og ein søknadsprosess før dei evt. kan gjennomførast. Bakgrunnen for tiltaket med foring av fisk er å sjå om ein på den måten kan oppnå fin fiskestorleik og dermed auka interesse for å fiska. Bakgrunnen for tiltaket med utskyting av måker er å reversera spreiinga av parasittar i fiskebestandane. Tiltak der ein avventar innstilling til etter nyttår: Planar for opprensking i sedimentavsetjingar og tilgroing i og rundt elvelaupa. Ein ser føre seg at dette er tiltak som bør prioriterast, men ein avventar prioritering til Sira Kvina kraftselskap legg fram sine planar for desse tiltaka. Planane vil bli lagt fram innan årsskiftet. Tiltak som ikkje er prioriterte: Minstevassføring i Skjerevassåna. Minstevassføring i Smogåna. Minstevassføring i Stølsdalsbekken frå Storetjødn til Lunde. Reguleringsrestriksjonar i Svartevatnsmagasinet. Reguleringsrestriksjonar i Kvifjorden. Kvina: Førebels prioritert liste: (Det vil vera møte i Fagråd for fisk i Kvina, som er tiltaksanalysegruppe for Kvina, den 10. des Det kan på det møtet koma endringar i nedanforståande liste over prioriterte tiltak.) 1. Oppjustering av minstevassføringa i Kvina. Minstevassføringa fastsetjest til alminneleg minstevassføring: 8,1 m3 pr sek. målt ved Rafoss. Kostnadar dekkast av Sira Kvina Kraftselskap. 2. Biotopforbetrande tiltak i Kvina. 5 millionar kroner fordelt over ein 5-års periode. Kostnadar dekkast av Sira Kvina kraftselskap. 2. Opprydding av Knabesanden i Kvina. Kostnad på 20 millionar kroner dekkast av staten ved Miljødirektoratet og av Sira Kvina kraftselskap 4. Vidareføring eller evt. oppjustering av Krypsivprosjektet i Kvina.
4 Kostnadar på kr pr år dekkast gjennom ei vidareføring av eksisterande ordning med Krypsivprosjektet på Sørlandet. Tiltak som ikkje er prioriterte: -Magasinrestriksjonar i Kvifjorden i sommarhalvåret. Fagrådet for fisk i Kvina ser at NVE og Miljødirektoratet har foreslått dette tiltaket, men fagrådet meiner at ein vil oppnå større miljøforbetringar i høve til eit kost / nytte- perspektiv med å prioritera dei andre tiltaka som er foreslått. Kystvannsforekomstar: Arbeidet med tiltaksanalysar for kystvannsforekomstane er utført av Terje Åmot i prosjektet Rene Listerfjorder. Det er styringsgruppa for dette prosjektet som har vore tiltaksanalysegruppe. Tiltaka som vil verta spelte inn i tiltaksplanen er: Regulering av vannføringa gjennom Åna Sira kraftstasjon. Fysiske tiltak for å føra laks og ål opp til Lundevann. Tiltak for å hindra at laks og ål går inn i turbinane. Rutinemessig oppfølging via overvåkingsprogram av Hidrasundet, Stolsfjorden, Lafjord, Grisefjorden, Logakanalen og Indre og Ytre Fedafjorden. Miljøundersøking / risikovurdering av Rasvågen og vannforekomstar rundt Simek as. Mudring og tildekking av forureina sediment i Tjørsvågbukta, overvåking av vannkvalitet. Opprydding i forureina sjøsediment i Grisefjorden og Logakanalen og Indre Fedafjorden. Reduksjon i utslepp av miljøgifter frå Eramet i Indre Fedafjorden. Dersom Kvinesdal kommune ønskjer å prioritera enkelte tiltak framfor andre / omrokera på listene eller dersom dei meiner at enkelte tiltak bør takast ut av desse listene og andre setjast inn, kan det gjerast vedtak om dette. Tiltaksanalysegruppene vil ikkje bindast av slike vedtak, men dei politiske innspela vil verta lagte med når tiltaksplanen sendest Vest-Agder fylkeskommune for endeleg prioritering Nedre del av Sira og Feda- og Finså-vassdraga: Førebels uprioritert liste av tiltak (prioritering av tiltaka vil verta gjennomført i møte ): Agder Energi engasjerar Terrateknikk for utarbeiding av fagrapportar vedrørande behov for minstevassføring i Hemså og Finså. Rapportane utarbeidest etter same mal som Terrateknikk sine ferdige rapportar for t.d. Skjerevassåna og Lilandsåna. I
5 utgangspunktet ser ein føre seg at tiltaksanalyse-gruppa vil slutta seg til dei tilrådingar Terrateknikk kjem til i desse fagrapportane. Agder Energi utarbeider og igangsett ein rullerande plan for rydding av elvelaupa mellom Furevatnet, Nespervatnet, Bjørnestadvatnet og Sirdalsvatn. Sira Kvina kraftselskap og Agder energi utarbeider ein plan for biotopforbetrande tiltak i Sira, Finså og Feda. Sira Kvina kraftselskap kontaktar dei relevante fagmiljø for å få klarlagt følgjande spørsmål: -Finst det framleis røye i Lundevatn? -Er nedgangen i røye-bestanden forårsaka av reguleringa av Lundevannet? -I så fall: Kva for tiltak bør gjennomførast for å re-etablera røyestammen i Lundevannet? I fylgjande saker vil ein konklusjon verta utsett til etter neste møte: -Miljøtilpassa driftsvannføring i Åna Sira kraftstasjon. -Minstevassføring i Sira frå utløp av Lundevatnet til sjøen. -Evt. tiltak vedr. laks / ål. I fylgjande saker er tiltaka å rekna som utførte og dei vert dermed tekne bort frå prioriteringslista: -Tiltaka i Øksendalsåna er i overvegande grad gjennomført i tråd med tiltaksplanen som vart utarbeidd i etterkant av fagrapporten frå Terrateknikk. -Minstevassføring mellom Høylandsbotn og Høylandsfoss kraftstasjon er ivareteke i samsvar med ny konsesjon for dette elve-avsnittet. Fylgjande punkt vart fråfalne og vil ikkje verta tekne med på prioritert liste: -Restriksjonar på magasinkøyringa i Bjørnestadvannet. Tore Kvæven, prosjektleiar Sira Kvina vannområde. Tlf: E-post: [email protected]
Vannområdet Sira Kvina. Tiltaksanalyse
Vannområdet Sira Kvina Tiltaksanalyse Versjon 06.02.2014 Utarbeidd av prosjektleiar for Sira Kvina vannområde Tore Kvæven Innhald 1. Innleiing 1.1 Bakgrunn og målsetjingar 1.2 Beskriving av vannområdet
MØTE I ARBEIDSGRUPPA FOR TILTAKSANALYSAR FOR ØVRE DEL AV SIRA OG KVINA.
MØTE I ARBEIDSGRUPPA FOR TILTAKSANALYSAR FOR ØVRE DEL AV SIRA OG KVINA. Kommunestyresalen, Sirdal rådhus. Onsdag 23. oktober. Kl. 19.00 Til: Sven Sandvik Sirdal kommune. Kjell Carm NVE Helge Tonstad Sirdal
Vannområdet Sira Kvina. Tiltaksanalyse
Vannområdet Sira Kvina Tiltaksanalyse Versjon 15.02.2014 Utarbeidd av prosjektleiar for Sira Kvina vannområde Tore Kvæven Førord. Sidan isen drog seg attende for 10 000 år sidan, har elvene og bekkane
Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Reginal vassforvaltningsplan og tiltaksprogram Seminar Miljømål og tiltak i regulerte vassdrag 18. november 2014 Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune Kunnskapsbasert forvaltning Økosystembasert
Melding om vedtak K-sak 14/92
Sirdal kommune Sirdal kommune Vannregion Agder Vest-Agder fylkeskommune Melding om vedtak K-sak 14/92 (sendt per e-post til [email protected]) DERES REF: VÅR REF: SAKSBEHANDLER: ARKIVKODE: DATO: 14973/2014-2010/741
Regional plan for vassforvaltning. Vassforskrifta og organisering av arbeidet
Regional plan for vassforvaltning Vassforskrifta og organisering av arbeidet Innhald Mål med arbeidet etter vassforskrifta Planprosessen Regional plan for vassforvaltning Tiltaksprogram Organisering Målet
Mange bekker små gjør en stor Å!
Mange bekker små gjør en stor Å! Fra helhetlig tenkning til helhetlig handling i 2016-2021? Kristin Uleberg Vest-Agder fylkeskommune Prosjektleder for vannregion Agder 1.(formål) fastsettelse av Formålet
HANDLINGSPROGRAM 2016 2018
Framlegg til HANDLINGSPROGRAM 2016 2018 Regional plan for vassforvalting i vassregion Hordaland (2016-2021) 24.09.2015 1 Forslag til Handlingsprogram for vassregion Hordaland 2016-2018 sendast på høyring
Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i
Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Miljømål for vassførekomstar Det overordna
FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.
samband ved eventuell
Prioriteringar i arbeidet Arbeidet med vassforvaltinga skal vere basert på kunnskap. Miljøtilstand i vassførekomstane er vurdert på bakgrunn av konkret målingar der det finns. I dei fleste tilfella manglar
Riksrevisjonens undersøkelse av Klima- og miljødepartementets arbeid med å sikre et godt vannmiljø og bærekraftig bruk av vannressursene
Riksrevisjonens undersøkelse av Klima- og miljødepartementets arbeid med å sikre et godt vannmiljø og bærekraftig bruk av vannressursene Nasjonal vannmiljøkonferanse, torsdag 3. november 2016 Målet med
Sektorenes tiltak Klifs innspill til tiltaksanalyser
Sektorenes tiltak Klifs innspill til tiltaksanalyser Seminar om tiltaksanalyser og tiltaksmodulen Trondheim, 10.og11.april 2013 Anne Kathrine Arnesen og Hilde B. Keilen Klif Utarbeidelse av forvaltningsplaner
Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn
Prosjektplan Framlegg Vassområde Ytre Sogn 1. Bakgrunn Føreskrift om rammer for vassforvaltning (vassforskrifta) trådde i kraft 1.1.2007, som ei oppfølging av EUs rammedirektiv for vann (vassdirektivet).
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 12/787-21317/14 Saksbeh.: Arkivkode: Saksnr.: Utval Møtedato 70/14 Formannskap/ plan og økonomi 28.08.2014 60/14 Kommunestyret 18.09.2014 Magnhild Gjengedal PLAN
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorat Vassdragskonsesjonar Verkemiddel - miljøtiltak Siss-May Edvardsen NVE Region Vest NVE sine ansvarsområde - vassmiljø Ivareta miljøomsyn gjennom konsesjons- og revisjonshandsaming
Sak Organisering, vidareføring av prosjekt og prosjektleiarstilling
Sak 1 2015 Organisering, vidareføring av prosjekt og prosjektleiarstilling Bakgrunn Gjeldande prosjektplan for Ytre Sogn vassområde skildrar bakgrunn for prosjektet, mål, organisering, arbeidsoppgåver,
Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 153/14 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ole Martin Dahle K2 - M10 08/320 Saksnr Utval Type Dato 153/14 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS 04.12.2014 HØYRING AV REGIONAL PLAN OG REGIONALT
Risiko miljøtilstand 2021?
Miljøtilstand med vekt på karakterisering/risko Iht 15 og Vedl II, III - Forskrift om rammer for vannforvaltning Miljøtilstand (2010) Karakterisering Økonomisk analyse Risiko miljøtilstand 2021? Jo H.
Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN Lom fjellstyre SAKSBEHANDLAR: KARI SVEEN ARKIVKODE: 2014/2381 - DATO: 10.04.2014 JOTUNHEIMEN NASJONALPARK - DISPENSASJON - UTPLASSERING AV BÅT OG OPPBEVARINGSKASSE
LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING
SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Arbeidet med vannforskriften i Nordland
Arbeidet med vannforskriften i Nordland Lars Ekker, rådgiver Seksjon for plan og miljø 22.11.2011 07.12.2011 1 Innhold Vannforskriften og den nye vannforvaltningen Utfordringer i Nordland Organisering,
Rene Listerfjorder. Rene Listerfjorder presentasjon av miljøundersøkelse i Fedafjorden
Rene Listerfjorder et samarbeidsprosjekt om kartlegging og opprensking av forurenset sjøgrunn Rene Listerfjorder presentasjon av miljøundersøkelse i Fedafjorden 1. Innledning. Eramet Norway Kvinesdal AS,
Bustadområde i sentrum. Vurdering
Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar
Kristiansandsfjorden Erfaringer fra Fjordgruppa. Dagsseminar Vanndirektivet Fylkesmannen i Vest-Agder Solvår Reiten
Kristiansandsfjorden Erfaringer fra Fjordgruppa Dagsseminar Vanndirektivet 30.9.2010 Fylkesmannen i Vest-Agder Solvår Reiten Innhold i presentasjonen Hva er en tiltaksplan for opprydding av forurenset
Ullensvang herad Sakspapir
Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Sakshands. Heradsstyret 13.10.2008 100/08 JORO Formannskapet 13.10.2008 134/08 JORO Eldrerådet 21.01.2010 005/10 JORO
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Dokumentasjon av karakteriseringsvurderingane. Kjell Hegna Fylkesmannen i Hordaland
Dokumentasjon av karakteriseringsvurderingane Kjell Hegna Fylkesmannen i Hordaland Kort sagt: Alle data inn i Vannmiljø (jfr. karakteriseringsveileder) Også veldig viktig å dokumentere ved å vise til fagrapportar
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde
Føretak for framtida Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde Kvifor dette møtet? Orientere om arbeidet vi har starta med utviklingsplanar Ein utviklingsplan for verksemda Skal omfatte både somatikk og
VANNFORVALTNINGSPLANER OG VANNKRAFT I AGDER HVA GJØR NVE? Eilif Brodtkorb NVE
VANNFORVALTNINGSPLANER OG VANNKRAFT I AGDER HVA GJØR NVE? Eilif Brodtkorb NVE Agenda Godkjente forvaltningsplaner og vannkraft Eksempelsaker (revisjon, innkalling) Omtale av miljømål i revisjonene Veien
Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden
Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden Sveinung Klyve, miljøvernrådgjevar i Vaksdal Sveinung Klyve, prosjektleiar prosjektleiar Voss-Osterfjorden vassområde Vatn livet til alt Formålet med direktivet (som
Vassdragsreguleringer i Nordfjella og vilkårsrevisjoner
Vassdragsreguleringer i Nordfjella og vilkårsrevisjoner Nordfjellarådet, Geilo 16.08.2016 Siri Wølneberg Bøthun Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd Rein på vårbeite i Gudmedalen Foto: Harald Skjerdal
Fylkesmannen i Oppland. EU s rammedirektiv for vann
EU s rammedirektiv for vann Direktivet omfatter Innlandsvann (innsjøer, dammer, elver, bekker) Brakkvann Kystvann Grunnvann Vanndirektivet - mer enn et vannkvalitetsdirektiv Mange ulike typer belastninger
Tiltaksanalyse Første planfase Stryn Erfaring og behov framover. Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: Merete Farstad Foto:
Tiltaksanalyse Første planfase Stryn Erfaring og behov framover Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: Merete Farstad Foto: Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune Klif 11. september 2012
Hovden del2 reguleringsplan frå 1997
Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Kvifor Utgangspunktet var behovet for revisjon av Hovden del 2 (1997) Målsetting for planarbeidet. Føremålet med planen er å disponere areal og ressursar på Hovden
Vannregion - revisjonsobjekt - vassdrag. Agder 203 Otravassdraget (Brokke), Byglandsfj Agder 204 Hovatn i Otravassdraget 5 5
Vannregion - revisjonsobjekt - vassdrag diff. Verdi/påv Vannregion Rev.ID Vassdrag/ revisjonsobjekt Vassdragsnummer Vassdragsdel Samlet VPS_gr VP_Fisk/fiske Agder 203 Otravassdraget (Brokke), Byglandsfj.
Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr
Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr Ny lokal forskrift for VA-gebyr vart vedteken i Luster kommunestyre den 23.10.2008 sak 81/08. Forskrifta medfører, som det framkom av saksutgreiinga
Forvaltningsplan for Nordåsvatnet -ein modell for alle vassdraga i fylket. Kjell Hegna VRM vassregion Vestlandet/ Fylkesmannen i Hordaland
Forvaltningsplan for Nordåsvatnet -ein modell for alle vassdraga i fylket Kjell Hegna VRM vassregion Vestlandet/ Fylkesmannen i Hordaland Utkast til FK frå VRM/VRU: 1. september 2009 Vedtak FK: 13. oktober
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Natur 17.03.2005 046/05 IVK Komite Natur 25.08.2005 098/05 OIV Kommunestyre 06.09.2005 049/05 OIV Sakshandsamar: Odd Inge Vestbø Arkiv: Reg-086
MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1
OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I
Norges vassdragsog energidirektorat
Norges vassdragsog energidirektorat NVEs arbeid med tiltaksanalyser Pernille Dorthea Bruun Tilsyns- og beredskapsavdelingen God økologisk tilstand (GØT) eller Godt økologisk potensial (GØP) Hva har vi:
Framlegg til Handlingsprogram
Høyringsutgåve Framlegg til Handlingsprogram 2016-2018 Regional plan for vassforvaltning i Sogn og Fjordane vassregion (2016-2021) Høyringsperiode: 1. september 15. oktober 2015 www.vannportalen.no/sognogfjordane
19.11.2014 Dialogkonferanse Nye ferjeanbod
Dialogkonferanse strategiske vegval nye ferjeanbod 7. november 2014 Målsetting med dagen Skyss ønskjer ein god og open dialog med næringen for å kunne utarbeide best moglege konkurransegrunnlag og kontraktar
VIERMYR OG AUSTDØLA KRAFTVERK. Austdølvatnet sett mot nord BROSJYRE FOR ORIENTERING OM VIERMYR- OG AUSTDØLA KRAFTVERK
VIERMYR OG AUSTDØLA KRAFTVERK Austdølvatnet sett mot nord BROSJYRE FOR ORIENTERING OM VIERMYR- OG AUSTDØLA KRAFTVERK November 2010 INNLEIING Statkraft er eit statseigd kraftselskap som er Noregs største
Kapittel 5 Temaer og aktiviteter i planprosessen
Kapittel 5 Temaer og aktiviteter i planprosessen Arbeidet som skal gjennomføres i perioden 2010 2015 kan grovt deles inn i fem prosesser: 1. Gjennomføring og rullering av forvaltningsplan og tiltaksprogram
Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.
Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland
Saksbehandling kva er no det?
Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket
Helhetlig forvaltning av vassdrag og kystvann. Line Fjellvær, Direktoratet for naturforvaltning
Helhetlig forvaltning av vassdrag og kystvann Line Fjellvær, Direktoratet for naturforvaltning Foto: Jo H. Halleraker Foto: Vegdirektoratet Foto: Magnus Voje Foto: Direktoratet for naturforvaltning Foto:
FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 201112362-44 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2012 21.06.2012 FAGSKOLETILBOD PÅ STORD -
SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL
Kort innføring i planprosessen og høringsdokumentene. Høringskonferanse, 3. oktober 2014 V/ Vegard Næss, vannregion Rogaland / Rogaland fylkeskommune
Kort innføring i planprosessen og høringsdokumentene Høringskonferanse, 3. oktober 2014 V/ Vegard Næss, vannregion Rogaland / Rogaland fylkeskommune Vannregion Rogaland - Grensene følger omtrent fylkesgrensene
Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet
Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 25.05.10 Kl.: 12.00 18.30 Stad: Formannskapssalen Saknr.: 08/10 22/10 MØTELEIAR Amram Hadida (Ap) DESSE MØTTE Odd Martin Myhre (FrP) Ola Malvin Lomheim
Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)
Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune) Bergen 10 11 april 2013 Moment Status/bakgrunnen for at denne saka kom opp Gjeldande lovverk på området
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Kraftverk eksisterande, planar og potensial Biologisk mangfald Sårbart høgfjell Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
NVE sin uttale til Regional plan for vassregion Sogn og Fjordane 2016-2021
Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår dato: 25.02.2015 Vår ref.: 201006396-64 Arkiv: 322 Dykkar dato: 25.09.2014 Dykkar ref.: 14/5815-5 Sakshandsamar: Siss-May Edvardsen 1 NVE sin
