Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005



Like dokumenter
Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking

Sar (Satureja hortensis), prøvedyrking

Kryddertimian (Thymus vulgaris), prøvedyrking

TEMA Nr. 9 - September 2009

Kryddersalvie (Salvia officinalis), prøvedyrking

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Lærarrettleiing 1. Kornartane

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Rapport prosjekt «høy til hest»

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Kva er økologisk matproduksjon?

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Storåna, Sandnes kommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

Sporing og merking. Merking

Den nye seksjon for applikasjonar

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Kom skal vi klippe sauen

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Fiberduk og hullplast påvirker avling, kvalitet og overvintring av sitronmelisse

Vurdering av allianse og alternativ

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

FISKESUPPE FRÅ KALVÅG 2 PORSJONAR

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

8. Museum og samlingar

Transkript:

Vol.1 Nr. 26. 2006 www.bioforsk.no Figur 1. Sort : `Sweet Salad`. Foto: G. Børtnes Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005 Gunhild Børtnes og Ruth Mordal, Bioforsk Øst Kise E-post:gunhild.bortnes@bioforsk.no Basilikum er ein varmekrevjande vekst som under norske tilhøve bør plantast på svart plast og dekkast med fiberduk eller klar plast i heile eller delar av vekstsesongen. På verdsbasis er dette ein svært viktig krydderart og det finst difor mange sortar og variantar tilgjengeleg. Bruken vil først og fremst vera avgjerande for valg av sort. Innleiing Basilikum har vore ein av dei mest populære, og mest brukte krydder-urtene i det moderne kjøkken. Pesto, ein saus der basilikum er ein viktig komponent, vart til dømes svært populær på slutten av nittitalet. Basilikum høyrer til leppeblomst-familien, og dei ulike basilikumartane stammar frå Asia og Afrika. Det finst ei heil rekkje avartar og former av Ocimum basilicum. Mellom anna finst det mange lukt og smaksvariantar, for eksempel sitron, kanel,og kamfer. Basilikum er ein varmekrevjande plante som toler lite trekk, og blir difor ofte dyrka i veksthus. Ved dyrking på friland bør ein nytta svart plast som jorddekke, og dekka med fiberduk eller plast for å verna plantene. Blad og unge stilkar vert nytta i salatar, og som krydder i mange rettar. Særleg er basilikum brukt i rettar saman med tomat. Elles kan nevnast pesto og basilikumeddik der basilikum er ein viktig del. Basilikum har elles lange medisinske tradisjonar mellom anna som roande og lækjande middel.

Først og fremst er dette ein urt som eignar seg best til bruk som fersk vare, anten i potter eller kutta og pakka i plastbrett/boksar. Men ein del blir selt som tørka urter, mellom anna gjennom Norsk Økourt På grunn av stor interesse for denne arten har vi teke inn ein del sortar til prøving på Bioforsk Øst Kise Hedmark. Denne artikkelen er ei vidareføring av Grønn kunnskap e nr. 127 om prøvedyrking i åra 2001 til 2004 som vart publisert i 2004. Det er her med resultat frå 2005 der det vart prøvd sju sortar som vart testa ved Torill Prøven sitt prøvekjøkken. Det vart lagt vekt på korleis sortane eigna seg til bruk i pesto og olje. I 2004 og 2005 vart det berre hausta ferskt materiale til testing på prøvekjøkken for bruk som pesto og som smaktilsettar i rapsolje. Anna bruk vart også vurdert. Testane vart utført ved Torill Prøven sitt prøvekjøkken på Lesja. Gjennomføring I 2001 tok vi inn åtte sortar til prøving, i 2002 ni, og i 2003 fire sortar. I 2004 og 2005 vart sju sortar prøvde. Nokre av sortane var med fleire år, slik at til saman 21 sortar/frøparti vart prøvde, tabell 1. Fiberduken låg på til om lag 10.-15. juli alt etter værtilhøva dei ulike år. Det vart hausta ein gong 10 veker etter planting i 2001. I 2002 vart det hausta to gonger, 8 og 12 veker etter planting. I 2003 vart det hausta ein gong 9 veker etter planting. Tørrstoffavling vart registrert dei tre første åra. I 2002 vart tørka materiale testa for farge, lukt og smak. Tørketemperatur var 35 til 40 C. Figur 2. Basilikum på Bioforsk Øst Kise 2001. Sort `Rød Rubin`, LOG. Foto: G. Børtnes Tabell 1. Oversyn over sortar i basilikum som har vore prøvd ved Bioforsk Øst Kise, Hedmark, frå 2001 til 2004. Sort og opphav År 2001 2002 2003 2004 2005 `Genoveser`, LOG `Genoveser`,økl. Leüthens 2005 `Sweet Salad`, Richters `Fino Verde`, Johnny`s `Rød Rubin `LOG `Purple Delight`Richters `Mrs Burns Lemon`, Johnny`s `Lime`Johnny`s `Spicy Globe`, Richters `Nufar`,Richters `Sweet Dani`, Richters `Mammoth`, Richters `Lettuce Leaved Basil`, Leüthens `Kanelbasilikum`,Runåberg `Kanelbasilikum`,Lindbloms 2005 Storblada, B/ D Rødblada B/ D `Sitronbasilikum` B/ D `Thai Horapha`, Lindbloms 2005 `Ararat`økl. Lindblomst frø 2005 `Petra`, økl., Lindblomst frø Frøfirma: Bingenheim/Demeter i Tyskland Vol.1 Nr.26. 2006 2

Resultat Tørrstoffavling 2001-2003 Resultata for tørrstoffavling vart registrert som bruttoavling, d.v.s.tørka, men ureinsa vare. Om lag 30 til 40 % går bort når stilken blir tatt vekk. Sorten `Fino Verde`ga høgast tørrstoffavling i 2001 og 2002. Deretter kom `Sweet Salad`og `Genoveser`. Både i 2001 og 2002 kom dei raude sortane `Rød Rubin ` og`purple Delight` dårlegast ut for tørrstoffavling. Sorten`Nufar`som var med i 2002 hadde høg avling. Dette er ein Genovesertype som skal vera resistent mot fusariumrote. I 2003 ga `Kanelbasilikum`høgast avling. Tabell 2. Tørrstoffavling i kg per dekar av basilikum prøvd ved Bioforsk Øst Kise, Hedmark frå 2001 til 2003. Sort og opphav År 2001 2002 2003 `Genoveser`, LOG 274 181 `Sweet Salad`, Richters 277 196 `Fino Verde`, Johnny`s 285 208 `Rød Rubin `LOG 150 112 `Purple Delight`Richters 148 `Mrs Burns Lemon`, Johnny`s 229 163 `Lime`Johnny`s 163 `Spicy Globe`, Richters 168 `Nufar`,Richters 205 `Sweet Dani`, Richters 157 `Mammoth`, Richters 131 `Lettuce Leaved Basil`, Leüthens 172 `Kanelbasilikum`,Runåberg 142 Storblada, B/ D 125 Rødblada B/ D 72 `Sitronbasilikum` B/ D 110 Frøfirma: Bingenheim/Demeter i Tyskland God tørkeprosess er viktig for å ta vare på dei eteriske oljane som gir lukt og smak. Galambosi i Finland oppgir at tørketemperaturen skal væra 40 C., medan Whitten i Australia oppgir tørketemperatur opp til 35 C. Norske produsentar har oppnådd god kvalitet med tørking i området mellom 25 til 40 C, og meinar at lufttilgong og avfukting i lageret har stor innverknad på kvaliteten av det ferdig tørka materiale. `131 Lettuce Leaved Basil` vart vurdet som lite aktuell på grunn av svak basilikumsmak og lukt. Konklusjonen for `Sitronbasilikum` i 2004 var at den truleg var hausta noko for seint. Den eignar seg elles til fisk eller i rettar der det er naturleg å bruka sitron. Resultat 2004. Ferskt materiale testa i prøvekjøkken. Dei sju sortane som vart prøvd i 2004 vart vurdert for farge, lukt og smak. Dessutan vart kvalitet og haustetidspunkt vurdert. Det vart også gjort vurdering av kva sorten kan eigna seg best til. Til slutt vart sortane vurdert for bruk i pesto og olje. Sortane `Storblada`(B/D) og `Genoveser` kom svært godt ut i prøvingane for farge, lukt og smak og som ingrediens i olje og pesto. Sorten `Sweet Salad` hadde ein svært spennade smak, og sorten bør prøvast vidare. Den raudblada sorten eigna seg best til salatar. Sorten `Fino Verde` var ein grei sort til ulik bruk, men på grunn av smaken var den ikkje eigna til bruk i olje. Sorten Figur 3. Sort: `Sweet Salad`, Richters. Foto G. Børtnes Vol.1 Nr.26. 2006 3

Tabell 3. Vurdering av sju sortar basilikum dyrka på Kise 2004. Vurdering frå 0 til 6, der 6 er best. Eigenskapar som vart vurderte: Farge, lukt, smak, og kor eigna sorten er til pesto og olje. Ferskt materiale. Sort Farge Lukt Smak Pesto Olje Merknader Storblada, B/ D 5 5 5-6 5-6 5-6 Den beste av alle Rødblada B/ D 5-6 5 4 4 4-5 Passar svært godt til salatar `Sitronbasilikum` B/ D 3 4 4-5 5 2-3 Truleg hausta for seint. `Genoveser`, LOG 5 5-6 5-5 Som Storblada, B/ D `Lettuce Leaved Basil`, Leüthens 4 4-3 3 4 4 Lite aktuell sort `Fino Verde`, Johnny`s 5 5 4 4 4 Ein grei sort, men passar ikkje til olje (pga.smaken). `Sweet Salad`, Richter 5 5 5 5 5 Ein spennande smak som absolutt bør vera med i vidare vurderingar. Frøfirma: Bingenheim/Demeter i Tyskland Tabell 4. Vurdering av sju sortar basilikum dyrka på Kise 2005. Vurdering frå 0 til 6, der 6 er best. Eigenskapar som vart vurderte: Farge, lukt, smak, og kor eigna sorten er til pesto. Ferskt materiale. Sort Farge Lukt Smak Merknader `Genoveser`,økl. Leüthens 2005 5-6 5 5 Svært god basilikumsmak, eigna til alle typar mat. God til tørking. `Sitronbasilikum` B/ D 2003 5-6 6 4-5 Passar til all mat der kombinasjonen sitron/basilikum passar. Særleg til fisk og fjørkre. Kan tørkast. `Sweet Salad`, Richters 5-6 4 3 Smaken er for stram. `Kanelbasilikum`,økl., Lindbloms 2005 4-6 4-5 4-5 Til asiatisk mat og salatar. Meir usikkert om den er god til tørking. `Thai Horapha`, Lindbloms 2005 5-6 4-5 4-5 Til asiatisk mat, men også norsk mat som sauekjøttt. Tørking kan prøves. `Ararat`økl. Lindbloms frø 2005 5-6 4 2-3 Kun til salat. Eignar seg ikkje til tørking. `Petra`, økl., Lindbloms frø 5-6 5-6 4 Kjempefin til tomatsalat i blanding med grøn basilikum. Svært god smak, passar nok best som fersk, men kan tørkast. Frøfirma: Bingenheim/Demeter i Tyskland Sortane `Genoveser`, `Sitronbasilikum`, `Thai Horapha`og `Petra`vart tilrådd for bruk i pesto. Sortane `Genoveser`og `Petra`er dei sortane som dei fleste vil forbinda med pestosmak. Sjå elles tabell 5. Tabell 5.Basilikum brukt i pesto. Vurdering av sju sortar basilikum dyrka på Kise 2005. Vurdering frå 0 til 6, der 6 er best. Eigenskapar som vart vurderte: Farge, lukt, smak. Ferskt materiale av basilikum. Sort Farge Lukt Smak Merknader `Genoveser`,økl. Leüthens 2005 4-5 5 5 Fin, men kunne vore meir grøn. `Sitronbasilikum` B/ D 2003 4 3 5 Gul farge, lukten er ikkje så god. `Sweet Salad`, Richters 4 5 4-5 Helt grei. Lukta svært god. `Kanelbasilikum`,økl.,Lindbloms 2005 4 3-4 4 Helt grei. `Thai Horapha`, Lindbloms 2005 5-6 4-5 5 Grøn og fin, luktar og smakar pesto. `Ararat`økl. Lindbloms frø 2005 4 2 3 Smaken er god, men svak. `Petra`, økl., Lindbloms frø 5 4-5 5 Svært god med fin kraftig grønaktig farge. Materialet var godt og alle oljane var brukbare. For å få perfekt olje foreslo prøvekjøkkenet å blanda sorten `Genoveser`og `Thai Horapha` eller desse to saman med sortnen `Sitronbasilikum`. Oljen fekk ein god smak av basilikum og frisk sitron. Det syntes som prøven med `Sitronbasilikum` vart lettare bederva enn dei andre prøvane då det utvikla seg noko mugg under prosessen. Sorten `Petra ` var svært god til pesto. Vol.1 Nr.26. 2006 4

Tabell 6.Basilikum brukt i olje. Vurdering av sju sortar basilikum dyrka på Kise 2005. Vurdering av sortane brukt i norsk kaldpressa frå Askim. Vurdering frå 0 til 6, der 6 er best. Eigenskapar som vart vurderte: Farge, lukt, smak. Ferskt materiale av basilikum. Oljen stod i 14 dagar før vurdering vart gitt. Sort Farge Lukt Smak Merknader `Genoveser`,økl. Leüthens 2005 4-5 5 5 Fin, men kunne vore meir grøn. `Sitronbasilikum` B/ D 2003 4 3 5 Gul farge, lukten er ikkje så god. `Sweet Salad`, Richters 4 5 4-5 Helt grei. Lukta svært god. `Kanelbasilikum`,økl., Lindbloms 2005 4 3-4 4 Heilt grei. `Thai Horapha`, Lindbloms 2005 5-6 4-5 5 Grøn og fin, luktar og smakar pesto. `Ararat`økl. Lindbloms frø 2005 4 2 3 Smaken er god, men svak. `Petra`, økl., Lindbloms frø 5 4-5 5 Svært god med fin kraftig grønaktig farge. Figur 5. Basilikum på Bioforsk Øst Kise september 2004. Sort: `Fino Verde`, Johnny`s. Foto: G. Børtnes. Figur 6. Basilikum på Bioforsk Øst Kise 2001. Sort: `Spicy Globe`, Richters. Foto: G. Børtnes. Figur 4. Basilikum på Bioforsk Øst Kise september 2002, tre veker etter hausting. Sort: `Genoveser`, LOG. Foto: G. Børtnes Diskusjon Basilikum er varmekrevjande og blir til vanleg dyrka i veksthus. Dyrking på friland er avhengig av dekking med plast eller fiberduk i det meste av vekstsesongen. Bruk av svart plast som vist på figurane 4, 5 og 6 vil gi høgare jordtemperatur forutan at den gir lettare ugrasreinhald. I våre forsøk har vi nytta gjødsling som svarar til ca. 10 kg nitrogen per dekar. Truleg vil ein få auka avling og kvalitet ved å auka gjødslinga noko, Vol.1 Nr.26. 2006 5

særleg for dei bladrike sortane. Sifola et. Al (2006) fekk auka avling og auka konsentrasjon av eterisk olje i blada ved å auka gjødslinga opp til 30 kg per dekar under Italienske tilhøve. For urter er det for basilikum vi finn det store utvalget av sortar. Vi har prøvd ut nokre sortar som vi meiner kan vera aktuelle for norske tilhøve. Fleire sortar av basilikum eignar seg elles godt til dyrking i potter/krukker, til dømes sorten `Spicy Globe`. Omtale av sortar `Genoveser`,LOG er ein storblada sort med stort bruksområde. Sjå figur 4 og tabell 3. Treng lang tørketid og får lett brune flekker. God og sterk lukt og smak. `Mammoth`,Richters er ein sort med svært store blad. Lett å tørka. Blomstrar ei veke seinare enn `Genoveser`. `Rød Rubin`, LOG. Sorten har store blad med nær raud-bronseaktig farge, figur 2. `Purple Delight`, Richters. God raud farge, og med middels store blad. Krafigare og meir opprett vekst enn `Rød Rubin`. `Sweet Salad`,Richters. Sorten har middels store blad. Den er lett å tørka utan at det blir brune flekker i blada. Svært mykje brukt til tørka basilikum i utlandet. Har god lukt av basilikum med ingefær og myntesmak. Sjå figur 1 og 3 og tabell 3. `Fino Verde`, Johnny`s. Sorten har små blad på middels store opprettveksande planter. Har nydeleg, litt sitronaktig lukt saman med god basilikumlukt. Har god basilikumsmak. Blomstrar 2-3 veker etter `Genoveser`. Eignar seg til hausting av små blad over lengre periode. Sjå figur 5 og tabell 3. `Lime `,Johnny`s. Liknar på sitronbasilikum, men har noko mørkare små blad, figur 7. `Sweet Dani`, Richters. God sitronbasilikum. `Mrs Burns Lemon`,Johnny`s. Sorten har middels store blad og lys grønn farge. Kraftig sitronsmak og lukt. `Nufar`, Richters. Sorten er ein `Genoveser`type og skal vera den første fusariumresistente basilikumsorten. `Spicy Globe`,Richters. Liten kompakt sort med blad på 1 cm. Blomstrar seint og eignar seg godt til planting i potter, fig. 5.. `Lettuce Leaved Basil`, Leüthens. Lysegrønn farge med lukt av lakris/basilikum og litt svak lukt av basilikum. Litt krusa og fint bladmateriale, sjå tabell 3. God til salat. `Kanelbasilikum`, Runåberg. Sorten har små blad. Svært smakfull med kanelsmak og lukt. Også kjent som `Meikansk basilikum`. Populær i urtete og potpourri, figur 8.. -Storblada basilikum frå Bingenheim/Demeter liknar på `Genoveser`. Kom best ut i prøvingane av ferskt materiale i 2004. Sjå tabell 3. -Rødblada basilikum frå Bingenheim/Demeter. Ikkje så godt eigna til tørking. Fin til salatar. Sjå tabell 3. `Sitronbasilikum`frå Bingenheim/Demeter. Lys grønn farge. Sterk sitronsmak av blada, eigar seg til bruk i samband med fiskerettar. Sjå elles tabell 3. Thaibasilikum `Horapha` frå Lindbloms frø i Sveige. Kraftige planter med eggrunde blad. Bladstilken er noko raudleg. Fargen er grøn og fin og sorten smakar og luktar pesto. Sjå tabellane 4 til 6. `Ararat` Ein svært kraftigveksande sort som kan bli 120-150 cm høg. Blada er raudgrøne med sterk aroma. Smaken er god, men svak. Sjå tabellane 4 til 6. `Petra` er ein raud basilikum som er ein stamme av sorten `Rubin` som gir nokre fleire grøne eller tofarga planter enn denne. Har opprett vekst. Smaken vart vurdert som svært god og sorten eignar seg godt i pesto og olje der den gir ein krafig grønaktig farge.. Sjå tabellane 4 til 6. Figur 7. Basilikum, sort: `Lime`Johnny`s. Foto: G. Børtnes Vol.1 Nr.26. 2006 6

Konklusjon Basilikum er ein varmekrevjande vekst som under norske tilhøve bør plantast på svart plast og dekkast med fiberduk eller klar plast i heile eller delar av vekstsesongen. På verdsbasis er dette ein svært viktig krydderart og det finst difor mange sortar og variantar tilgjengeleg. Bruken vil først og fremst vera avgjerande for valg av sort. Den storblada sorten `Genoveser` har kome godt ut også i våre prøvingar og er kanskje den mest brukte sorten. Denne kan kjøpast som økologisk godkjent frø frå fleire frøfirma frå 2004. `Sweet Salad` kom også godt ut i våre prøvingar med omsyn til avling og bruk, med unntak av noko stram smak i 2005. Denne sorten er lett å tørka og kan difor vera ein aktuell sort. Viss ein vil ha ein raud sort er sorten `Petra` fin i salatar og vart vurdert til å gi ein svært god smak og fin grønaktig farge til pesto og olje. Kjelder Børtnes G. og R. Mordal 2004. Grønn kunnskap e. Vol. 8 Nr. 127. 6 s. ISBN 82-479-05124 Galambosi, B. 1994. Økologisk urtedyrking i Norden. 120 s. ISBN 82-90598-16-5 Sifola, M. I., & G, Barbieri. 2006. Growth, yield and essential oil content of thre cultivars of basil grown under different levels of nitrogen in the field. Scientia Horticulturae 108 (408-413). Slågedal, I. 2001. Basilikum på friland. Økologisk Landbruk. Nr 4. Sørensen, L. og K. Henriksen. 1992. Betydning af udsædemængde, plasticdækning og høstetidspunkt for udbytte og kvalitet i basilikum (Ocimum basilicum). Beretning nr. 2263. Landbruksministeriet Statens Planteavlsforsøg. Waldfridson, M. 1998. Vindu med basilikum. Om urter og urtekrydret mat med oppskrifter. Gyldendal. 127 s. ISBN 82-05-22783-7 Whitten, G. 1999. Herbal harvest. Commercial Organic Production of Quality Dried Herbs. 2.ed. Blooming Books. Australia.556 s. ISBN 1 876473 045 Fagredaktør denne utgaven: Forskningsleder Steinar Dragland Ansvarlig redaktør: Forskningsdirektør Nils Vagstad, Bioforsk ISBN 82-17-00003-4 ISBN 978-82-17-00003-7 www.bioforsk.no Bioforsk: Trygg matproduksjon, rent miljø og økt verdiskapning basert på langsiktig ressursforvaltning Lokalisert over hele Norge Organisert i sju sentra 500 medarbeidere Omsetning 320 mill. kr Figur 8. Sort : `Kanelbasilikum`, Runåberg. Dyrka på Kise 2003. Foto: G. Børtnes. Bioforsk, Fr. A. Dahlsvei 20, 1432 ÅS Tlf. 64 94 70 00 Faks. 64 94 70 10 post@bioforsk.no Vol.1 Nr.26. 2006 7