Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Forslag til vedtak 1. Styret sluttar seg til at det i føretaksmøta med helseføretaka i mai blir gitt tilbakemelding på årleg melding for 2011 i tråd med tilrådinga i saka. 1
Oppsummering Helse Vest har gjort ein gjennomgang av dei årlege meldingane frå dei fire sjukehusføretaka med tanke på kva som bør bli omtala ved behandling av årleg melding i føretaksmøta. Hovudinntrykket er at helseføretaka har oppnådd mykje i 2011 og at resultata/måloppnåinga er god. Samstundes er fleire av meldingane prega av korte tilbakemeldingar der det kan vere vanskeleg for Helse Vest RHF å sjå kva tiltak som er sett i verk og ut i frå dette vurdere om målet er nådd. Helse Vest vil i 2012 gjere eit arbeid med omsyn til å presisere ovanfor helseføretaka kva forventningar som blir lagt til utarbeiding av årleg melding for 2012. Det blir i saka også peikt på nokre punkt det kan vere aktuelt å omtale i føretaksmøtet ved behandling av årleg melding for 2011. Fakta Helseføretaka skal kvart år utarbeide ei årleg melding til Helse Vest RHF. Meldinga skal inngå som underlag for Helse Vest RHF si årlege melding til Helse- og omsorgsdepartementet, og det skal rapporterast på alle krav i styringsdokumentet. Meldinga er eit ledd i eit samanhengande plan- og styringssystem mellom Helse Vest RHF og helseføretaka og skal i tråd med 13 i vedtektene til helseføretaka innehalde: - Styret sitt plandokument - Styret sin rapport for det føregåande året Årleg melding blir lagt fram for føretaksmøtet i mai saman med årsrekneskap og årsmelding. Helse Vest har tidlegare år ikkje gitt formelle kommentarar til dei årlege meldingane, og i føretaksmøta har dei årlege meldingane blitt tatt til etterretning utan andre kommentarar. Dette heng saman med at dei årlege meldingane i første rekke er blitt brukt som grunnlagsdokument for vår eigen årlege melding. Det har vore ønskjeleg å endre noko på denne praksisen. I dei seinare år har Helse- og omsorgsdepartementet i føretaksmøtet med Helse Vest praktisert ein meir aktiv handtering av årleg melding, og føretaksmøtet er blitt nytta til å gi tilbakemelding på måloppnåinga. Gode grunner taler for at Helse Vest legg opp til ein tilsvarande praksis ovan Dette vil kunne bidra til å sikre auka fokus på utvalde styringskrav/mål. Kommentarar Helse Vest har gjort ein gjennomgang av dei årlege meldingane frå dei fire sjukehusføretaka med tanke på kva som burde bli omtala i føretaksmøtet og/eller bli følgd opp på anna måte. Hovudinntrykket er at helseføretaka har oppnådd mykje i 2011 og at resultata/måloppnåinga er god. Samstundes er fleire av meldingane prega av svært korte tilbakemeldingar der det kan vere vanskeleg for Helse Vest RHF å sjå kva tiltak som er sett i verk og ut i frå dette vurdere om målet er nådd. Det er likevel ikkje riktig å laste helseføretaka for dette fordi Helse Vest på si side ikkje har vore tydelege på å formidle våre forventningar til dei årlege meldingane. Helse Vest vil fram mot hausten gjere eit arbeid med omsyn til å presisere ovanfor helseføretaka kva forventningar som blir lagt til utarbeiding av årleg melding for 2012. Det vil vere naturleg å be helseføretaka om å vere tydelege i tilbakerapporteringa også på område der dei framleis har utfordringar og ikkje er kome heilt i mål. På bakgrunn av dette vil Helse Vest i denne omgang legge opp til at det i føretaksmøta i mai 2012 blir kort peika på nokre få hovudpunkt. Det er utarbeidd følgjande utkast til tekst: Tilbakemelding til Helse Bergen HF Helse Bergen har levert ei årleg melding som tyder på at mykje er oppnådd gjennom året. For 2
ventetider og korridorpasientar. Helse Vest er særs tilfreds med at Helse Bergen har oppnådd betre resultat enn budsjettert samt levert stødig på resultatet dei siste åra. Dette gir eit godt fundament for vidareutvikling av verksemda og grunnlag for å handtere dei store investeringsprosjekta. For Helse Bergen HF vil Helse Vest RHF særleg trekke frem følgjande område: Ablasjonsbehandling: Helse Bergen har lagt ned ein stor innsats for å byggje opp kapasiteten og for å få ned ventetidene på dette området for heile regionen. Ventetider og fristbrot: Det er arbeida godt med å få redusert ventetider og fristbrot. Dette har gitt gode resultat og ei klar positiv utvikling i 2011. Rusomsorga: Tilbakemelding til Helse Stavanger HF Helse Stavanger har levert ei årleg melding som viser at mykje er oppnådd gjennom året. For ventetider og korridorpasientar. Helse Stavanger nådde ikkje heilt resultatkravet i 2011, men klarte likevel å oppnå eit positivt resultat. Helse Vest er tilfreds med den positive økonomiske utviklinga føretaket har vist i 2011. Den omstillinga føretaket har vært igjennom vil gje eit godt grunnlag å byggje vidare på inn i 2012 og åra framover. For Helse Stavanger HF vil Helse Vest RHF særleg trekke frem følgjande område: Rusomsorga: Kapasitetsauke ved tiltak som Veksthuset, som er eit døme på eit godt lokalt behandlingstilbod. Mange gode behandlingsførebuande tiltak og samhandlingstiltak med kommunane. Fokus på god samfunnsintegrasjon og bustadsituasjon. I den årlege meldinga frå helseføretaket er det i hovudsak gjeve svært gode tilbakemeldingar på kva tiltak som er sett i gong for å oppfylle dei ulike krava i styringsdokumentet. Dersom kravet ikkje er oppfylt har føretaket i hovudsak ei grunngjeving for dette og gjer greie for kva som vil bli gjort framover. Det er slik lett for Helse Vest RHF å forstå kva status er for det enkelte krav og i hovudsak korleis helseføretaket eventuelt vil handtere dette framover. Det har vore ei positiv utvikling når det gjeld fristbrotsituasjonen, spesielt sidan august 2011, sjølv om det framleis er fristbrot. Dette gjeld spesielt innan områder som urologi og medisinsk/kirurgisk gastro. I august var det ca. 27 % fristbrot for behandla pasientar i Helse Stavanger. Tilsvarande tal er 13 % ved utgongen av mars 2012. Helse Vest RHF vil understreke behovet for at helseføretaket held trykk på arbeidet med å fjerne alle fristbrot. 3
Tilbakemelding til Helse Fonna HF Helse Fonna har levert ei årleg melding som viser at mykje er oppnådd gjennom året. For ventetider og korridorpasientar. Helse Fonna nådde ikkje opp mot resultatkravet i 2011. Samtidig har føretaket vist tidlegare år at dei er i stand til å nå sitt budsjett. Det er derfor viktig at føretaket no jobbar vidare med å omstille verksemda slik at dei igjen klarer å nå dei fastsette resultatkrava for der i gjennom å skape seg eit grunnlag for vidareutvikling av verksemda. For Helse Fonna HF vil Helse Vest RHF særleg trekke frem følgjande område: Spesialisthelsetenesta til eldre o Arbeidet med å betre kvaliteten på tenestene når det gjeld spesialisthelsetenestetilbodet til eldre. Det blir rapportert om mange gode tiltak for å betre kvaliteten, både i helseføretaket og i samarbeid med kommunane. Rusomsorga o Bevisstgjering av felles utfordringar saman med kommunane gjennom «Brukar-Plan» kartlegginga. o Kapasitetsauke ved eiga avrusingsavdeling ved Haugesund sentralsjukehus. o Overtakinga av pasientar i LAR, der ansvaret for pasientane blei overtatt på ein god måte. o God innsats i oppfølginga av pasientar som hadde eit tilbod ved private ideelle institusjonar der avtalen med Helse Vest gjekk ut i 2011. Det blei tatt ansvar i prosessen for å sikre at desse pasientane fekk eit vidare tilbod. Helse Vest RHF er klar over at dette var ei krevjande utfordring Helse Fonna har i den årlege meldinga i hovudsak gjeve gode tilbakemeldingar på kva tiltak som er sett i gong for å oppfylle dei ulike krava i styringsdokumentet. Dette gjer det mogleg for Helse Vest RHF å vurdere status for kravet. Når det gjeld ventetider innanfor BUP, tyder tala dei siste 5 månadene på at det går i rett retning. Ventetidene ved utgongen av mars 2012 var på 87 dagar (gjennomsnittlege ventetid for behandla pasientar). Måla er likevel ikkje nådd, og Helse Vest RHF vil det understreke behovet for at Helse Fonna held trykk på å redusere ventetidene ytterlegare. Tilbakemelding til Helse Førde HF Helse Førde har levert ei årleg melding som viser at mykje er oppnådd gjennom året. For føretaksgruppa er 2011 vårt beste år prega av stor auke i pasientbehandlinga, positivt økonomisk resultat og samla sett solid positiv utvikling med omsyn til sentrale styringsmål innanfor fristbrot, ventetider og korridorpasientar. Helse Førde nådde ikkje heilt resultatkravet for 2011, men viser samtidig at det ikkje er mykje om å gjere. Til trass for dei utfordringane helseføretaket står overfor viser dei at verksemda er rimleg kontrollert og at dei ikkje er langt unna å nå det fastsette resultatkravet. Helse Vest er tilfreds med det arbeidet føretaket har gjort og vil samtidig poengtere viktigheten av at føretaket held trykk på vedtekne omstillingstiltak for å sikre eit godt grunnlag vidareutvikling av verksemda. For Helse Førde HF vil Helse Vest RHF særleg trekke frem følgjande område: Ventetider og fristbrot: Det er arbeida godt med å få redusert ventetider og fristbrot. Dette har gitt gode resultat og ei klar positiv utvikling i 2011. 4
Rusomsorga: 5