Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato U 45/14 Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato U 64/16 Fylkesutvalet Fylkestinget

Behandling i Fylkesutvalet Tove-Lise Torve (AP) fremma på vegner av seg sjølv og Jon Aasen (AP), Per Vidar Kjølmoen (AP), Eva Vinje

INVESTERINGSPROSJEKT

Behandling i Fylkesutvalet Toril Melheim Strand (AP) fremma følgjande forslag på vegner av AP, Sml, SP, SV. Uavh, V:

Fylkesutvalet Fylkestinget

Møteinnkalling. Side1. Utval: Fylkesutvalet Møtestad: 700 Fylkeshuset Molde Dato: Tid: 09:15

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Økonomiplan med budsjett for 2013

Årsrekneskap og årsrapport 2014

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Pål Farstad (V):

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for samferdselsutbygging Møtestad: NB! Møterom L etg. Ålesund rådhus Dato:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Økonomiplan med budsjett 2013 (tillegg etter behandling i hovudutvala)

Økonomiplan

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Varslingsanlegg med lysregulering for Grandefonna på fv. 63

Møteprotokoll. Møtestad: 700, Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:15 Protokoll nr: 14/2017

Undervegs i behandlinga av saka fekk Bjarne Kvalsvik (Sml) permisjon og Inger Johanne Tafjord (Sml) tok plass som vara.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding - Møre og Romsdal fylkeskommune 2012

Rapportering rekneskapsåret 2015

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Steffen Falkevik Medlem V Syver Hanken Medlem H

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for samferdselsutbygging Møtestad: Rom 700 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

Rekneskapsrapport pr. juni 2016.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Møteprotokoll. Kultur- og folkehelseutvalet Møtestad: 102, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 13:00 Protokoll nr: 7/15

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Rekneskapsrapport pr. 1. kvartal Arkiv: 210 Arkivsaksnr.: 2012/1339 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen

Statusrapport pr. 31. juli 2013 Aktivitet Økonomi - Kvalitet

«Fylkestinget vedtek at ein i budsjett og handlingsprogram punkt for skal nytte kommunelova sin adgang til minimumsavdrag på lån.

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2018

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding - Møre og Romsdal fylkeskommune 2013

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Rapportering rekneskapsåret 2012

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Administrerende direktørs rapport

Fylkesrådmannens framlegg til ØP

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Ny Ålesundstruktur. Utbygging av de vidaregåande skolane mot 2025

Tertialrapport 2 tertial 2015

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Rekneskapsrapport pr. oktober 2015.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Rekneskapsrapport pr. oktober 2016.

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fagdagar økonomi/lønn 15. og 16. november 2011

Godkjenning av to prosjektrekneskap

Statusrapport. Januar 2017

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008

Investeringsplan for fylkeskommunale bygninger

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Finansrapport 2. tertial 2017

Økonomiplan med budsjett for Fylkesrådmannen sitt framlegg, presentert 5. november 2010

Forvaltningsrevisjonsrapport FR 4/2017: Ressursstyring av lærarar og bruken av overtid i Fagskolen

Verksemdsrapport psykisk helsevern

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Stephen Oommen Tlf Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet Fylkesutvalet

Finansiering av oppgradering etter tunnelsikkerheitsforskrifta

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2016

Økonomiplan. Vedteke av fylkestinget 12. desember 2017 sak T-63/17

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: Fylkeshuset, Molde, møterom 111 Dato: Tid: 10:30

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2015

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

HANDLINGSPROGRAM OG PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR FYLKESVEGANE

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 03.04.2018 43643/2018 Gro Kosberg Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 05.06.2018 Fylkestinget 19.06.2018 Økonomirapportering per 1. tertial 2018 Bakgrunn Det blir utarbeidd ein økonomirapport til fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune per 1. og 2. tertial kvart budsjettår. Rapporten viser status per rapporteringstidspunkt, samt prognose for året. Vurdering 1. ALLE RAMMEOMRÅDER Generelt: Side 1 i vedlagte talrapport viser total driftsrapport (skjema 1A), side 2 viser utviklinga for dei ulike fylkestingsrammer (skjema 1B) og side 3 viser utviklinga i investeringsrekneskapen (skjema 2B). Samla viser driftsrapport per 1. tertial 2018 (skjema 1A) ein prognose på eit mindreforbruk på om lag 8,5 mill. kroner i 2018. Samla viser investeringsrapport per 1. tertial 2018 (skjema 2B) ein prognose på eit mindreforbruk på om lag 234 mill. kroner i 2018. Møre og Romsdal fylkeskommune ligg an til ein prognose på eit negativt netto driftsresultat (inkl. resultat av evalueringa for 2017) på om lag 32 mill. kroner i 2018. Det er per. 1 tertial 2018 budsjettert med eit negativt netto driftsresultat for 2018 på 40,6 mill. kroner. Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter ser ut til å bli negativt med 0,6 prosent. Det er knytt stor usikkerhet til anslaget. I samband med denne rapporteringa vart det oppdaga at einingane ikkje har fått kompensasjon for det sentrale lønsoppgjeret i 2017, i rammene for 2018. Det vart ved en feil berre gitt kompensasjon for det lokale lønsoppgjeret. Dette utgjer om lag 21,6 mill. kroner samla for alle rammene for 2018. Av dette gjeld om lag 20 mill. kroner ramme D05 Vidaregåande opplæring, prognosetala for ramme D05 føreset ein tilsvarande styrking av ramma. Vi foreslår å redusere reserveposten med 21,6 mill. kroner og auke dei ulike fylkestingsrammene med heilårsverknad av faktisk resultat av sentralt lønsoppgjer i 2017 tilsvarande.

Sentral styring/fellesutgifter: Omfattar følgjande fylkestingsrammer: - Ramme D01 fellesutgifter og utgifter til fordeling - Ramme D02 politisk verksemd - Ramme D03 stabsfunksjonar - Ramme D04 reservepost Fylkestingsramme D01 fellesutgifter og utgifter til fordeling Ramma vart styrka med 10,997 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Ramma viser ein prognose for året i balanse. Fylkestingsramme D02 politisk verksemd Ramma vart styrka med 1,5 mill. kroner i samband med evaluering av 2017- rekneskapen. Ramma viser ein prognose for året i balanse. Fylkestingsramme D03 stabsfunksjonar Ramma vart styrka med 9,895 mill. kroner i samband med evalueringa av 2017-rekneskapen. Ramma viser ein prognose for året i balanse. Fylkestingsramme D04 reservepost På reserveposten står det 85,509 mill. kroner. Av dette står 2 mill. kroner på den generelle reserveposten til fylkesutvalet sin disposisjon. Dei resterande 83,509 mill. kroner er sett av på lønnsreserveposten. I tillegg til reguleringspremie til KLP skal posten dekkje konsekvensane av lokalt lønsoppgjer per 1. mai 2018. Det er i budsjettet føresett at lønnsoppgjeret skal gi ein årslønnsvekst på 3 prosent frå 2017 til 2018. I revidert nasjonalbudsjett 2018 vart lønnsvekstanslaget justert ned frå 3 prosent til 2,8 prosent. Dette gjeld for heile kommunesektoren. Det er difor grunn til å tru at vi ved årets slutt vil ha ei innsparing på lønnsreserveposten. Vi kjenner førebels ikkje til dei konkrete konsekvensane av lønsoppgjeret 2018 eller utgiftene til reguleringspremien. Per dags dato har vi ikkje tilstrekkeleg grunnlag til å melde avvik frå budsjettet. Utdanning: Fylkestingsramme D05 Vidaregåande opplæring Fylkestingsramme D05-Vidaregåande opplæring viser ein prognose på eit samla meirforbruk på om lag 3,7 mill. kroner i 2018. Forventa avvik 2018 Fylkestingsramme D05 (i 1000 kroner) Sum skolerammene 4 761 Sum skolene sin andel av andre rammer -4 493 Sum utgifter vidaregåande skoler 268 Sum fylkesutdanningssjefen sin andel av andre rammer 3 500 Sum D05 vidaregåande opplæring 3 768

Fylkestingsramme D05 Vidaregåande opplæring er delt inn i fleire utvalsrammer. Alle dei vidaregåande skolane har si eiga ramme som dei er ansvarlege for. I tillegg til dette er det oppretta fleire andre sentrale rammer. Skolane vert og tildelt midlar frå desse rammene og skolane fører også utgifter på nokre av desse rammene. Desse rammene er: Ramme 34 Felleskostnader vg. skoler 35 Fagopplæring 36 Ressurssentra 37 Spesialundervisning 38 PP - tenesta 39 Oppfølgingstenesta 40 Vaksenopplæring i skole 41 Utdanningsavdelinga 42 Eksamenssekretariatet 44 Gjesteelevar 45 Undervisning v/helse- og sosialinst. 46 Internat og kostordning 47 Kompetanseheving av personal 48 Ymse opplæringstenester Når ein skal vurdere økonomien for ein einskild skole, er det naudsynt å sjå alle rammene som den einskilde skolen disponerer i samanheng. Når rekneskapen for året er gjort opp er det skolens meir- eller mindreforbruk for alle rammene skolen disponerer som vert vurdert. Tabellen nedanfor viser dei vidaregåande skolane sine prognosar for dei ulike utvalsrammene dei disponerer.

Som tabellen viser venter ein altså at dei vidaregåande skolane for utvalsrammene samla sett vil få eit mindreforbruk på om lag 300 000 kroner i 2018. Fleire av skolane har for høg aktivitet i høve til tildelte rammer i budsjettet for 2018, og må difor justerer aktivitetsnivået. Dei største avvika blir kommentert nedanfor. Borgund vgs ventar eit meirforbruk på om lag 7,8 mill. kroner. For rekneskapsåret 2017 hadde skolen eit mindreforbruk på 1,431 mill. kroner. Skolen arbeider med innsparingstiltak og justering av aktivitetsnivå frå hausten av. Fagerlia vgs ventar eit meirforbruk på om lag 1 mill. kroner. For rekneskapsåret 2017 hadde skolen eit mindreforbruk 519 000 kroner. Det venta meirforbruket skuldast at aktiviteten for skoleåret er for høg i høve budsjettet. Fræna vgs ventar eit meirforbruk på om lag 600 000 kroner. Rekneskapen for 2017 viste eit meirforbruk på 1,206 mill. kroner, som vert dekt inn over tre år. Det venta meirforbruket skuldast at aktiviteten for skoleåret er for høg i høve budsjettet. Skolen har og ein del overtid på grunn av høgt sjukefråvær. Haram vgs ventar eit meirforbruk på om lag 1,9 mill. kroner. Rekneskapen for 2017 viste eit meirforbruk på 495 000 kroner, som vert dekt inn i 2018. Skolen har kvart år store variasjonar i klassetala og det venta meirforbruket i 2018 skuldast i hovudsak for høgt driftsnivå innan den ordinære skoledrifta. Skolen har også noko over- og undertid som kjem av forskjell i kompetanse og fagtilbod. Med undertid meinast den tid av lærarårsverket som er berekna til undervisning, men som skolane ikkje klarar å nytte seg av.

Spjelkavik vgs ventar eit meirforbruk på omlag 500 000 kroner. For rekneskapsåret 2017 hadde skolen eit mindreforbruk på 735 000 kroner. Skolen har til no hatt permisjonar og sjukemeldingar som har utløyst økt bruk av overtid. Skolen planlegg å bruke færre lærartimer for hausten 2018. Utdanningssjefen følger desse skolane nøye. Rapportering pr. utvalsramme: Nedanfor vert det rapportert per utvalsramme. (1 000 kroner) Innarbeidd frå UR Utvalsrammer Akkumulert hittil i år 2018 evaluering Budsjett Drift Avvik Årsbudsjett Prognose Avvik 2017 5 Atlanten vg. skole 19 490 19 251 239 53 958 52 804 1 154 1 335 7 Borgund vg. skole 38 176 42 741-4 565 105 033 109 708-4 675 1 431 8 Fagerlia vg. skole 28 641 35 586-6 946 83 234 84 200-966 519 9 Fannefjord vg. skole 4 337 4 685-348 12 199 12 037 162 247 10 Fræna vg. skole 16 864 16 643 221 47 968 48 558-590 -402 11 Gjermundnes vg. skole 9 572 9 243 329 27 885 26 642 1 243 1 853 12 Haram vg. skole 12 138 13 682-1 543 34 676 36 450-1 774-495 13 Herøy vg. skole 15 123 14 617 506 43 237 42 619 618 5 146 14 Kristiansund vg. skole 36 082 40 166-4 084 101 451 99 815 1 636-350 15 Molde vg. skole 28 482 27 517 965 80 066 78 968 1 098 1 659 18 Rauma vg. skole 9 521 8 947 574 26 594 26 272 322 4 906 19 Romsdal vg. skole 34 138 36 232-2 094 93 418 93 450-32 533 20 Spjelkavik vg. skole 14 937 15 434-497 41 781 41 474 307 735 21 Stranda vg. skole 8 420 8 724-304 23 609 23 283 326 432 22 Sunndal vg. skole 12 757 13 254-497 34 984 34 482 502 2 678 23 Surnadal vg. skole 11 753 12 235-481 32 758 32 316 442 932 24 Sykkylven vg. skole 11 319 11 677-359 32 526 32 090 436 2 488 25 Tingvoll vg. skole 5 326 5 725-398 14 932 14 672 260 246 26 Ulstein vg. skole 20 565 19 874 690 58 409 56 611 1 798 3 237 27 UPA - skolen 1 966 2 051-85 5 625 5 659-34 140 28 Volda vg. skole 18 430 19 351-921 50 906 50 292 614 165 30 Ørsta vg. skole 15 541 19 763-4 222 40 907 40 245 662-422 32 Ålesund vg. skole 28 059 32 155-4 096 80 866 79 614 1 252 1 533 Sum skolerammer 401 637 429 553-27 916 1 127 022 1 122 261 4 761 28 546 34 Felleskostnader vgs 18 887 10 258 8 629 57 822 57 822-15 179 35 Fagopplæring 11 856 2 755 9 101 184 043 183 143 900-36 Ressurssentra -1 2 521-2 522 0 300-300 - 37 Spesialundervisning -1 57 716-57 717 189 381 193 524-4 143-38 PP - tenesta 0-419 419 19 680 19 680 - - 39 Oppfølgingstenesta -1 5 304-5 305 11 895 11 895 - - 40 Vaksenopplæring i skole 138 189-51 13 490 13 490 - - 41 Utdanningsavdelinga 17 900 16 379 1 521 49 807 46 307 3 500 3 500 42 Eksamenssekretariatet 3 413-2 641 6 054 3 710 3 710 - - 44 Gjesteelever 0 65-65 6 970 6 970 - - 45 Undervisning v/helse - sosial 0 2-2 17 110 17 110 - - 46 Internat og kostordning 546 2 702-2 156 0 950-950 - 47 Kompetanseheving personal 3 070 1 118 1 952 9 230 9 230 - - 48 Ymse opplæringstenester 182-1 162 1 344 86 86 - - Fylkestingsramme D05 457 626 524 340-66 714 1 690 246 1 686 478 3 768 47 225

Skolerammene Som tabellen viser ventar ein at skolane samla får eit mindreforbruk på om lag 4,8 mill. kroner på skolerammene i 2018. Budsjettramme 35 Fagopplæring Ramma viser ein prognose på eit mindreforbruk på 900 000 kroner. Det er Romsdal vgs som ventar dette mindreforbruket under føresetnad av at talet på VG3 elevar i skole blir det same for hausten 2018. Budsjettramme 36 Ressurssentra Ramma viser ein prognose på eit netto meirforbruk på 300 000 kroner, det er Romsdal vgs som ventar dette mindreforbruket. Budsjettramme 37 Spesialundervisning Ramma viser ein prognose på eit netto meirforbruk på om lag 4,1 mill. kroner, fordelt på Borgund vgs, Haram vgs og Spjelkavik vgs. Det største meirforbruket gjeld Borgund vgs på 3,1 mill. kroner. Budsjettramme 41 Utdanningsavdelinga Ramma viser ein prognose på eit mindreforbruk på 3,5 mill. kroner. I samband med resultatvurdering av 2017-rekneskapen vart det overført 3,5 mill. kroner til ombygging av lokala til utdanningsavdelinga. Det ser ikkje ut som om denne ombygginga vil kunne starte opp før i 2019. Andre rammer For andre rammer er det ikkje venta vesentlege meir- eller mindreforbruk. Fylkestingsramme D06 Fagskolane i Møre og Romsdal Fagskolen i Kristiansund ventar eit meirforbruk på om lag 2,6 mill. kroner i 2018. Fagskolen i Ålesund og fagskolestyret ventar å gå i balanse. Tabellen nedanfor viser korleis det økonomiske resultatet har vore for fagskolane dei seks siste åra. Då fylkeskommunen sitt budsjett for 2008 vart vedteke, vart det samstundes vedteke at drifta ved fagskolane skulle tilpassast dei statlege rammeoverføringane. I budsjettåret 2014 vart fagskolane tilført om lag 6,9 mill. kroner ut over dei statlege midlane. I budsjettet for 2018 er dette auka til om lag 13,3 mill. kroner.

Fylkesrådmannen har ved fleire høve peika på at dei statlege overføringane ikkje er tilstrekkelege til å få balanse i drifta av fagskolane med den struktur og kapasitet ein har i dag. Det er starta opp ein OU-prosess for fagskolane. I dette arbeidet skal ein foreta ein brei gjennomgang av fagskoledrifta og mellom anna sjå på korleis ein kan tilpasse drifta av fagskolane til dei økonomiske rammene. Tannhelsetenester: Ramma viser ein prognose for året i balanse. Kulturtenester: Rammeområdet vart styrka med 530 000 kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Ramma viser ein prognose for året i balanse. Regional- og næringsutvikling: Rammeområdet vart styrka med 13,283 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Rammeområdet viser ein prognose for året på eit mindreforbruk på om lag 1,3 mill. kroner, dette gjeld ramma for forsking og utvikling. Det er regional- og næringsutvalet som disponerer desse midlane. Samferdselstenester: Rammeområdet vart styrka med 9,289 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Fylkestingsramma for samferdselstenester viser ein prognose på eit meirforbruk på om lag 2 mill. kroner i 2018. Ramme 63 Samferdselsavdelinga Ramma viser ein prognose for året på eit meirforbruk på 1,2 mill. kroner. Meirforbruket skuldast mellom anna høgare utgifter til reiseaktivitet og kurs som følgje av fleire nye tilsettingar. Ramme 64 Lokale bilruter Ramma viser ein prognose for året i balanse. Inntektene per 1. tertial 2018 utgjer 52,314 mill. kroner mot 48,799 mill. kroner for same periode i fjor, ein auke på 7,2 prosent. Talet på reisande er auka med 1,8 prosent per same periode. Ramme 65 Fylkesvegferjedrifta Ramma viser ein prognose for året i balanse. Utviklinga av kostnadsindeksen for ferje har stor påverknad på kostnaden til ferje, Indeksen auka med 6,5 prosent frå utgangen av 2016 til utgangen av 2017. Indeksen for 1. kvartal 2018 blir først offentleggjort 27. juni 2018. Inntektene per 1. tertial i bruttosambanda utgjer 44,437 mill. kroner mot 38,7 mill. kroner i same periode i fjor, det er ein auke på 14,8 prosent. Ramme 66 Båtruter Ramma viser ein prognose for året i balanse. Inntektene per 1. tertial 2018 utgjer 10 mill. kroner mot 9,5 mill. kroner for same periode i fjor, ein auke på 5,1 prosent. Talet på reisande er auka med 6,2 prosent per same periode.

Ramme 67 Diverse skoleskyss Ramma viser ein prognose for året i balanse. Ramme 68 TT-ordninga Ramma viser ein prognose for året i balanse. Ramme 69 Div. Samferdselsformål Ramma viser ein prognose for året i balanse. Ramme 70 Fylkesvegar Ramma viser ein prognose for året på eit meirforbruk på om lag 780 000 kroner. Meirforbruket er knytt til utskifting av landgang på Hamnsund hurtigbåtkai pga. rustskade. Sentrale kontrollorgan: Rammeområdet vart styrka med 2,892 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Ramma viser ein prognose for året i balanse. Investeringar: Sentrale styringsorg./fellesutg. Prosjekt «6013 IT-samordna kommunikasjon» viser ein prognose for året i balanse. Prosjekt «6011 IT-infrastruktur» viser ein prognose på eit meirforbruk på 1,079 mill. kroner medan prosjekt «6016 IT-nettverk» viser ein prognose på eit mindreforbruk på 1,079 mill. kroner. Budsjettløyvinga til prosjekt «6016 IT-nettverk» skulle ha vore splitta og fordelt på prosjekta 6011 og 6016 i samband med budsjettering for 2018. Vi foreslår difor no å auke løyvinga til prosjekt «6011 IT-infrastruktur» med 1,079 mill. kroner i 2018 og å redusere løyvinga til prosjekt «6016 IT-nettverk» tilsvarande. Vidaregåande opplæring Investeringsprosjekta innan vidaregåande opplæring viser totalt ein prognose for året på eit mindreforbruk på 101,354 mill. kroner. Prosjekt «K104 Romsdal vgs» viser ein prognose på eit mindreforbruk på om lag 13,4 mill. kroner i 2018. Prosjektet er planlagt avslutta i slutten av 2018, med framlegging av byggerekneskap våren 2019. Prognosen er førebels noko usikker, vi vil difor eventuelt komme tilbake til omdisponering av mindreforbruket i økonomirapporteringssak per 2. tertial 2018. Prosjekt «K753 Kristiansund vgs - erstatningslokaler bygg 09» viser ein prognose på eit mindreforbruk på 1 mill. kroner i 2018. Prosjektet er planlagt avslutta i løpet av 2018. I sak T-63/17 Økonomiplan 2018-2021 med budsjett for 2018, pkt. 14 vart det gjort følgjande vedtak: «Økonomiplan 2018-2021 med budsjett for 2018 skal til ny behandling i fylkestinget i løpet av 1. halvår 2018. Framlegget til revidert økonomiplan 2018-2021 med budsjett for 2018 skal innehalde ein konsekvensanalyse av ein auke i ferjetakstane, samt redusert investeringsbudsjett.»

Som følgje av vedtak i sak T-63/17 er det satt førebels stopp på fleire av dei nye prosjekta innan vidaregåande opplæring, dette gjeld: «K1701 Sørsidebygget i Ålesund», «K1801 Fræna vgs - rehabilitering/utskiftning», «K1802 Ørsta vgs, K1803 Ålesund (Sørsida) BT2», «K1804 Gjermundnes vgs (Byggetrinn 1)», «K751 Borgund vgs», «K752 Fræna vgs - Bygg marinefag». Prognosane som er oppgitt for desse prosjekta, føresett positivt vedtak gjeldande desse investeringsprosjekta i Fylkestinget i juni. Tannhelse Prosjekt «6A30 Nye/opprusting av klinikkar» viser ein prognose for året på eit mindreforbruk på 500 000 kroner. Prosjekt «6A31 Tannhelse utstyr» viser ein prognose for året på eit mindreforbruk på 1,635 mill. Mindreforbruka skuldast seinare framdrift enn føresett i budsjettet. Prognosen er førebels noe usikker. Samferdsel Prosjekt «6702-Ruteinformasjon investering», prosjekt «6704-Elektronisk billetteringsutstyr», prosjekt «6707-Sanntidsinformasjon», prosjekt «6010-Business intelligence/datavarehus», prosjekt «6712 Framtidas billetteringssystem» og prosjekt «6713 Pasientreiser HMR» viser alle ein prognose for året i balanse. Investeringsramma for prosjekt «6B35 Fylkesvegar» vart redusert med 1,935 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Budsjettramma for 2018 utgjer no 664,765 mill. kroner. Prognosen for 2018 viser eit venta meirforbruk på om lag 21,9 mill. kroner. Dette kan i hovudsak forklarast ved mindre- og meirforbruk på diverse prosjekt. Dei største avvika er: Mindreforbruk på om lag 17,5 mill. kroner på «Mindre utbetringar, ferjekaier». Mindreforbruket skuldast i hovudsak lågare kostnader til Mordalsvågen ferjekai pga. effektiv utføring av arbeid, samt gode løysingar og lågare kostnader til Hellesylt ferjekai pga. mindre omfang på fylling. Meirforbruk på om lag 45,2 mill. kroner på «Mindre utbetringar, tunnelar». Meirforbruket skuldast Fannefjordtunnelen og uoppgjort sak. Entreprenøren sitt krav til sluttoppgjer for arbeidet med rehabilitering av tunnelen vart belasta i rekneskapen i 2016. Møre og Romsdal fylkeskommune og entreprenør er usamde om kva sluttoppgjeret skal vere, og det er framleis uklart kva den endelege kostnaden blir. Meirforbruk på om lag 15,4 mill. kroner på «Mindre utbetringar, andre investeringar». Meirforbruket skuldast periodiseringsavvik på utbetringsprosjekta i Skarabakken og i Kjørsvikbugen. Meirforbruk i 2018 på 5,1 mill. kroner gjeldande Skarabakken, er føresett finansiert gjennom restløyving til prosjektet i 2019. Det er ikkje lagt inn budsjettløyving til Kjørsvikbugen bst.2, som etter planen skal startast opp i år. Det er mest sannsynleg behov for auka budsjettløyving på 7,1 mill. kroner i 2018 som følgje av vedtatt forskoteringsprosjekt jf. T-49/17. Mindreforbruk på om lag 21 mill. kroner på «Sykkelvegar». Mindreforbruket skuldast seinare oppstart enn venta på Vindøla-Røv, Tunheim og Kleive-Nesbøen.

Meirforbruk på om lag 5 mill. kroner på «Kollektivtiltak og universell utforming». Delar av meirforbruket vart overført frå 2017 og skuldast høgare kostnad til Valderøy hurtigbåtkai enn budsjettert. I tillegg kjem høgare kostnad til etablering av haldeplassar på Linge. Samferdselsutvalet har gjort vedtak om å omdisponere 3 mill. kroner frå gang- og sykkelvegar i 2018, jf. SA-22/18, og resten av meirforbruket er tenkt finansiert gjennom neste års løyving. Det er tidleg på året, så prognosen er førebels noe usikker. Vi vil eventuelt kome tilbake til behov for å justere ramma i økonomirapporteringssak per 2. tertial 2018 gjennom omdisponering frå andre prosjekt. I saka om strategi og rammer for arbeide med økonomiplan 2019-2022, foreslår vi å redusere prosjekt «6B35 Fylkesvegar» med 48,4 mill. kroner som følgje av forsinka framdrift på enkelte prosjekt, det blir foreslått å auke ramma i 2019 tilsvarande. Investeringsramma for prosjekt «6B36 Fylkesvegar rassikring» vart auka med 3,1 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Prognosen for 2018 viser eit mindreforbruk på om lag 2 mill. kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune fekk overført 200 mill. kroner til skredsikring frå Statens Vegvesen den 04.05.18. Vi viser til vedtak i sak U-129/17: «Møre og Romsdal fylkeskommune sine prioriteringar for skredsikring på fylkesvegnettet 2018-2023: 200 mill. kroner av dei statlege midlane blir satt av til å dekke delar av underskottet på det allereie gjennomførte skredsikringsprosjektet Røyr Hellesylt på fv 60. Resterande midlar blir satt av til skredsikring av Korsmyra - Indreeide på fv. 63. Dette er det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet i Møre og Romsdal, jf. T- 25/17. Reguleringsplan er godkjent, byggeplanlegging er i gang og det er gjennomført kostnadsoverslag i samsvar med anslagsmetoden. Prosjektet skal startast opp i 2018 og fullfinansierast av statlege skredsikringsmidlar før andre prosjekt blir prioritert frå denne potten. Dersom fylkeskommunen må forskottere ein del av finansieringa, må dette refunderast frå den statlege rassikringspotten før andre prosjekt blir starta opp.» Møre og Romsdal fylkeskommune har finansiert om lag 276 mill. kroner (ekskl. mva) av prosjektet Røyr-Hellesylt, sjølv om skredsikringsprosjekt er føresett finanisert frå staten. Denne finansieringa har skjedd gjennom opptak av lån. Vi foreslår difor i saka om strategi og rammer for arbeide med økonomiplan 2019-2022 å redusere låneopptak og bruk av lån i 2018 med 200 mill. kroner, og auke finansiering på posten refusjon frå staten tilsvarande.

Investeringsramma for prosjekt «6B39 Fylkesvegar Nordøyvegen» vart auka med 28,939 mill. kroner i samband med evaluering av 2017-rekneskapen. Prognosen viser eit mindreforbruk på 150 mill. kroner i 2018, men er førebels noe usikker. Det venta mindreforbruket skuldast periodisering, totalprognosen for prosjektet er uendra. Vi vil eventuelt komme tilbake til reduksjon i løyvinga til prosjekt 6B39 i 2018, i økonomirapporteringssak per 2. tertial 2018. Fagskolane Investeringsramma til «Fagskolane utstyr» viser ein prognose for året i balanse. 2. FELLESINNTEKTER/FINANSIERING/FOND Prognosen viser totalt ein prognose i balanse. I økonomiplan 2018-2021 for Møre og Romsdal fylkeskommune er skatteinntektene for 2018 budsjettert i tråd med anslaget i nasjonalbudsjettet for 2018. I økonomiplan 2018-2021 la vi til grunn ein vekst i skatteinntektene på 2,9 prosent i forhold til rekneskap 2017. Utviklinga i skatteinntektene for dei fire første månadene i år viser ein vekst på 3,85 prosent for Møre og Romsdal fylkeskommune. I revidert budsjett vart skatteanslaget satt ned til 2,3 prosent pga. lågare lønsvekst, truleg vil derfor veksten for Møre og Romsdal fylkeskommune bli lågare resten av året, enn hittil i år. Det er knytt usikkerheit til utviklinga i skatteinntektene og skatteutjamninga for hausten 2018, vi setter derfor prognose lik budsjett. I revidert nasjonalbudsjett 2018 vart anslaget på pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunesektoren for 2018 halde uendra på 2,6 prosent. Dette på tross av at anslaget for lønsveksten vart satt ned frå 3 til 2,8 prosent. Årsaka er høgare prisvekst på varer og tenester, i hovudsak auka energipriser. Finans: Netto finans viser ein prognose på ei meirinntekt 8,1 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at inneståande saldo på bankkonto har vore høgare enn føresett i budsjettet. Når det gjeld nærare detaljer knytt til finansinntekter og finansutgifter viser vi til finansrapport, sjå vedlegg 4. Grunna frist for innlevering av saker til fylkesutvalet er det ikkje mogleg å få rapportert tala for finansområdet per 30. april 2018. Dei rapporterte tala gjeld difor per 31. mars 2018.

3. OPPSUMMERING Samla viser driftsrapport per 1. tertial 2018 (skjema 1A) ein prognose på eit mindreforbruk på om lag 8,5 mill. kroner i 2018. Det er då innarbeidd ei samla styrking av dei ulike rammene med 94,793 mill. kroner som resultat av evalueringa av 2017-rekneskapen. Samla viser investeringsrapport per 1. tertial 2018 (skjema 2B) ein prognose på eit mindreforbruk på om lag 234 mill. kroner i 2018. Kritiske suksessfaktorar: Skatteinngang: I økonomiplan 2018-2021 for Møre og Romsdal fylkeskommune er skatteinntektene for 2018 budsjettert i tråd med anslaget i nasjonalbudsjettet for 2018. I økonomiplan 2018-2021 la vi til grunn ein vekst i skatteinntektene på 2,9 prosent i forhold til rekneskap 2017. Utviklinga i skatteinntektene for dei fire første månadene i år viser ein vekst på 3,85 prosent for Møre og Romsdal fylkeskommune. I revidert budsjett vart skatteanslaget satt ned til 2,3 prosent pga. lågare lønsvekst, truleg vil derfor veksten for Møre og Romsdal fylkeskommune bli lågare resten av året, enn hittil i år. Prisvekst: I RNB som vart lagt fram 15. mai 2018, vart lønnsvekstanslaget justert ned frå 3 prosent til 2,8 prosent. Den samla deflatoren (løn/vareinnsats) vart ikkje endra, Årsaka er høgare prisvekst på varer og tenester, i hovudsak auka energipriser. Lønsoppgjer: I RNB som vart lagt fram 15. mai 2018, vart lønnsvekstanslaget justert ned frå 3 prosent til 2,8 prosent. Det er difor grunn til å tru at vi ved årets slutt vil ha ei innsparing på lønnsreserveposten. Vi kjenner førebels ikkje dei konkrete konsekvensane av lønsoppgjeret pr. 1. mai 2018. Rentenivå: Grunnlaget for berekning av flytande renter er no høgare på utgifts- enn på inntektssida. Dette betyr at ein eventuell renteauking vil få negative konsekvensar på finans i høve til budsjett. Markedet priser inn at renta vil auke mot slutten året. Reguleringspremie KLP: Vi kjenner førebels ikkje til eller utgiftene til reguleringspremien i 2018. Per dags dato har vi ikkje tilstrekkeleg grunnlag til å melde avvik frå budsjettet. Premieavvik: Vi har ikkje førebels grunnlag nok til å tru noko konkret om storleiken på årets premieavvik. Balanse i drift: Erfaringane tilseier at dei ulike etatane rapporterer konservativt gjennom året i den forstand at positive avvik som hovudregel ikkje blir synleggjort i noko særleg grad før på slutten av året. Mesteparten av det mindreforbruket som vart overført som ei styrking av budsjettrammene for 2018 i samband med evalueringssaka, er planlagt brukt til ulike formål i løpet av driftsåret.

Avkastning kapitalfond: Oljeprisen styrer mykje av kursnivået i aksjemarknaden. I samråd med våre plasseringsrådgjevarar blir det løypande vurdert alternativ til dagens plasseringar. Forslag til vedtak: 1. Fylkestinget tek økonomirapporten til orientering. 2. Fylkestinget ber fylkesrådmannen følgje opp dei einingar som ventar meirforbruk, spesielt nøye. 3. Fylkestinget vedtek følgjande endringar i driftsbudsjettet for 2018: (i heile tusen) Tiltak: Auka utgift/red. inntekt Red. utgift/auka inntekt Reduksjon reservepost ramme D04 lønsoppgjer 21 636 Auke ramme D03 Fellesutg og utg. til fordeling 280 Auke ramme D05 Vidaregåande opplæring 19 502 Auke ramme D06 Fagskolane i Møre og Romsdal 538 Auke ramme D09 Tannhelsetenester 984 Auke ramme D10 Kulturtenester 184 Auke ramme D11 Regional og næringsutvikling 36 Auke ramme D12 Samferdseltenester 112 Netto endring utgift/finansiering 21 636 21 636 4. Fylkestinget vedtek følgjande endringar i investeringsbudsjettet for 2018: (i heile tusen) Tiltak: Auka utgift/red. inntekt Red. utgift/auka inntekt Auke Prosjekt 6011 IT infrastruktur 1 079 Reduksjon Prosjekt 6016 IT nettverk 1 079 Netto endring utgift/finansiering 1 079 1 079 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Gunn Randi Seime ass. fylkesrådmann Vedlegg 1 Vedlegg 1,2 og 3 - skjema 1A, 1B og 2B 2 Vedlegg 4 Finansrapport per 1. tertial 2018 (tal per 31.03.18)