LÆRDAL Årsmelding 2002



Like dokumenter
Årsmelding for Lærdal golfklubb sine nettsider. Besøksstatistikk for 2005:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

«Ny Giv» med gjetarhund

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Sak 3 Val av dirigent, referent og 2 representantar til å underteikna protokollen

Sak 3 Val av dirigent, referent og 2 representantar til å underteikna protokollen

Rekneskap/Budsjett Revisjonen:

Sak 3 Val av dirigent, referent og 2 representantar til å underteikna protokollen

Nordfjord Golfklubb. Styret i Nordfjord Golfklubb si årsmelding for sesongen 2008

Årsmelding for O-gruppa 2015

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsmøte i Lærdal Golfklubb den 11. februar 2009 REFERAT Stad: Lærdal kulturhus, kinosalen. Kl Heidersteikn:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brødsbrytelsen - Nattverden

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Godkjenning av rekneskap for 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Nordfjord Golfklubb Årsmelding for sesongen 2005.

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

LÆRDAL Årsmelding 2004

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Stemnehandboka for NKSF

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Regelverk Innhald:

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Forslag frå fylkesrådmannen

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Årsmelding 2015 Sogndal Turlag

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Årsmelding frå styret i Volda Golfklubb for perioden 1.1 til

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Årsmøte i Lærdal Golfklubb Onsdag 15. februar 2017

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

INVITASJON til Etne Cup 2007

NCC avd. Sogn og Fjordane

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Årsmøtet Haugesund Golfklubb

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Strategidokument Varhaug Misjonshus

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

8. Museum og samlingar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Samansette tekster og Sjanger og stil

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Transkript:

LÆRDAL Årsmelding 2002

1. Samansetning av styret Einar Hagen, leiar Elbjørg Tønjum, nestleiar (aktivitetskomiteen) Helge Tønjum, styremedlem (økonomi) Morten Asperheim styremedlem (GK/hcp, turnering, web) Per Åke Evjestad styremedlem (sekretær) Ingebrigt Wangensteen Gjerde, varamedlem Gullborg Asperheim, varamedlem 2. Møte og andre aktivitetar Styret har hatt 5 møte og handsama 18 saker. Dei fleste sakene styret har handsama har omhandla den daglige drifta av golfklubben og vore av aktivitetskarakter. Arbeidsutvalet har hatt 3 møte. På desse møta har det vorte arbeidd med saker som skal handsamast på styremøta. Arbeidsutvalet arrangerte tur for styret til Randsfjorden Golfklubb på haustparten. Målet med turen var å reise og sjå korleis andre golfbaner blir drive. Turen var også ei påskjønning for det arbeidet styret i golfklubben gjer. Randsfjorden har ei flott 9-hols golfbane med flotte fasilitetar for overnatting og servering. I løpet av helga på Randsfjorden blei det også gjennomført eit møte med daglig leiar av Randsfjorden GK. Einar Hagen og Helge Tønjum representerte Lærdal Golfklubb NGF s Golfting den 10. november 2002 i Kristiansand. Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 1 av 10

3. Saker 2002 var eit år der mykje skjedde i golfklubben. Dei fleste sakene som styret har handsama har vore relatert til alle aktivitetane klubben har gjennomført i 2002. Dei ulike aktivitetane som komiteane har jobba med står omhandla under kvar sine punkt i kapittel 6. Den viktigaste saka som styret handsama i fjor var avtalen med Rikheim Golfbane. Fyrst og fremst gjekk styret inn for å få til ein avtale om å leige området til golfbana hjå Jan Fredrik Ruhmor. Ruhmor ville ikkje leige ut området, så styret prøvde å få forlenga perioden for samarbeidsavtalen frå 1 til 2 år. Styret ville også ha med ein detaljert vedlikehaldsplan i avtalen, for å sikre bra kvalitet på bana heile sesongen i gjennom. Desse to punkta fekk styret heller ikkje gjennomslag for i avtalen. Difor er avtalen identisk med avtalen klubben hadde med Rikheim Golfbane i 2002. Styret har også handsama saka kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2003-2006, Lærdal kommune. Styret fekk igjennom dei ynskja som vart retta til Lærdal kommune. Dette gjer at Lærdal Golfklubb har søknadsrett på tippemidlar i 2004 på 9-hols golfbane og vatningsanlegg. Leiinga i golfklubben har freista å arrangere ein studietur for dei ansvarlege på Rikheim Golfbane i 2002. Dette for å lære litt om korleis vedlikehaldet på ei golfbane blir gjennomført. Dessverre har ikkje dette lukkast, grunna at Rikheim Golfbane ikkje har kunne avsett tid til dette. Klubben har kjøpt telt frå Ramsøyni MC i Årdal. I tillegg at dette kan brukast ved ulike arrangement i klubben, kan teltet også leigast ut. Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 2 av 10

4. Medlemstal Samla medlemstal pr. 31.desember 2002 306 Menn 0-5 0 Menn 6-12 11 Menn 13-19 33 Menn 20-25 22 Menn 26-193 Kvinner 0-5 0 Kvinner 6-12 2 Kvinner 13-19 3 Kvinner 20-25 1 Kvinner 26-28 Støttemedlemar 13 Medlemstalet har auka frå 183 til 306. Dette er ein auke på 67 %, og klubben nådde målsetjinga frå i fjor på 280 medlemar. Grunnen til medlemsauken er stor kursaktivitet, og strengare krav til spel på bana på Rikheim. For å spela på golfbana i 2002 måtte ein ha teke Grønt Kort teorikurs, og ha medlemskap i ein golfklubb. Dette førte med seg at fleire melde seg inn i løpet av året. Det blei innført eit fjernmedlemskap i sesongen 2002, og ved årsskiftet hadde me 50 fjernmedlemar. Det er gledeleg å sjå at mange av fjernmedlemane har tilknyting til regionen, og mange av desse brukar bana om sommaren når dei er heime på ferie. Juniorandelen var i 2002 15 %, og også her nådde klubben målet dei sette seg før sesongen. 5. Oppgåver i året som kjem Styret i Lærdal Golfklubb har følgjande mål: Målet er å ha 400 medlemar i løpet av sesongen 2003 Hovudaktiviteten for laget vil i 2003 vera utdanning av nye spelarar. Målet er å ha 75 på Grønt Kort teorikurs, og at 40 tek Grønt Kort i løpet av sesongen. Styret vil arbeide med å få fleire med på å utvikle lagsarbeidet i klubben. Andelen juniorspelarar skal vera 15% av den totale medlemsmassen. 1/3 skal vera jenter. Utvikle eit treningsanlegg for golf i Årdal kommune. Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 3 av 10

6. Aktivitet i gruppene 6.1. Aktivitetskomiteen Klubbkveldar: Me flytta klubbkveldane frå måndag til fredag i år, for at dei juniorane som er vekependlarar skulle få moglegheit til å vera med. Elles var opplegget som i 2001. Johan Malmsten, pro i Hemsedal, hadde instruksjon annakvar fredag. Fyrst 1,5 time for juniorar, og deretter 1,5 time for seniorar. Oppslutninga har vore bra for seniorane, men den kunne ha vore betre for juniorane. Første klubbkveld var 13. mai, og siste klubbkveld 4. oktober vart avslutta med uhøgtideleg Texas Scramble turnering. Marknader: Klubben har delteke på 3 marknader: Fjord til Fjell dagane i Årdal 8. juni, Lærdalsmarknaden 15. juni og Aurlandsmarknaden 13. juli. Juniorgruppa: I golfklubben har det i år vorte registrert 48 juniormedlemar. Juniorgruppa starta opp aktiviteten i mai med treningar, men oppslutnaden på treningane hare vore variabel. I juli blei det arrangert juniortur til Hemsedal, der 9 juniorar deltok, og turen gjekk over 2 dagar. Fyrste dagen var det trening og spel på bana, dagen etter var det turnering. Turneringa var delt inn i 2 klassar, og i år vann me begge klassar. Jorunn Teigen vann Grønt Kort klassen, og Geir Cato Volle vann hcp-klassen. Årdal Stålindustri Juniorcup vart arrangert for fyrste gong i år. Turneringa var delt inn i klassar etter alder og ikkje hcp/gk-klasse som er vanleg. Turneringa vart avslutta med pizza og brus etter ein lang golfdag med strålande vær og motiverte juniorar. Anna: 22. juni møttest om lag 30 golfspelarar til jonsokgolf. Fyrst var det turnering, Texas Scramble med to spelarar på kvart lag, og etterpå blei det grilling og premieutdeling. 29. desember hadde klubben romjulsgolf med 27 deltagarar. Det blei spelt 12 hol foursome i sur vind, og sesongen blei avslutta med gløgg, premiar til alle, og fyrverkeri. Klubben har også hatt sal av kaffi, brus og vaflar nokre helgedagar når Rikheim gard ikkje kunne gjera dette sjølve. Komiteen har i 2002 vore: Elbjørg Tønjum, leiar Per Åke Evjestad Morten Asperheim Stig Eri Mikalsen Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 4 av 10

6.2. Grønt Kort og Handicapkomite Kursaktiviteten har halde fram på eit høgt nivå sidan i fjor, og det er halde 8 teorikurs samt arrangert 4 praktiske kurs saman med Johan Malmsten. 104 har vore med på teorikursa, og me har hatt deltakarar stort sett frå Årdal, Lærdal, Kaupanger og Sogndal. 4 av kursa er halde i Lærdal, 2 i Årdal, og to i Kaupanger/Sogndal. Samarbeidet med Johan Malmsten har vore bra, og på dei 4 praktiske kursa han arrangerte deltok ca.25. Johan Malmsten kjem også til å være pro en til Lærdal Golfklubb i sesongen 2003. Sjølv om me forventar mindre kursaktivitet neste år er GK/hcp-komiten framleis på jakt etter fleire som vil være med å halde teorikurs. Dei kursa som blei halde på Rikheim i fjor blei gjennomført med fyrste dagen ute i felten. Komiteen sit att med inntrykket at dette har vore vellukka. Denne sesongen har også Bjarne Fredheim vore med å halde teorikurs, og Einar Hagen og Olav Ørbeck Mo har vore med som sensorar for praktisk oppspel. Me måtte også leige inn hjelp frå Hemsedal til å halde teorikurs då aktiviteten var størst. Innføringa av Blått Kort fungerte greitt, og dette saman med krav om medlemskap for å få spele på Rikheim har lagt ein dempar på dei heller lovlause tilstandane me hadde i fjor. I bladet Norsk Golf og i andre golfforum blir det stadig peika på kor lett det er å få det grøne kortet, og kor uvitande og respektlause nye golfutøvarar er. Både nye og gamle spelarar i klubben vår treng nok ein oppstrammar når det gjeld etikette og regelkunnskap. Golf er ein kulturarv, og alle som ferdast på golfbana bør tileigne seg kunnskapar om spelet som går utover det minimumet dei lærde på teorikurset. Berre med god etikette og regelkunnskapar kan ein sikre at spelet blir like moro for alle. Fakta 2002 Deltakarar teorikurs 104 8 kurs Deltakarar praktiske kurs 25 4 kurs Spelarar med GK 137 Spelarar med hcp 55 Komiteen har i 2002 vore: Morten Asperheim, leiar Per Åke Evjestad Ingebrigt Wangensteen Gjerde Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 5 av 10

6.3. Banekomiteen Banekomiteen starta sesongen med ein flott dugnad 20. april. Dei frammøtte jobba for det meste med å få greenane i stand til sesongen. Heile 6 tonn dresse-sand gjekk med, og før dette vart greenane raka og lufta med holpipeluftar. I sesongen 2002 har også vedlikehaldet på Rikheim Golfbane vore noko variabelt. Rikheim Golfbane har i sesongen 2002 ikkje gjort nokon investeringar på golfbana. Fakta 2002: Talet på rundar totalt 2610 (+ 16%) Fritt spel rundar 1700 (+ 17%) Greenfee rundar 910 (+14%) (av dette 370 gjesterundar) (- 17%) Banerekord: 67 slag, Morten Asperheim (klubbmeisterskap 25.aug) Ingen innrapporterte hole in one Komiteen har i 2002 vore: Vidar Øygard, leiar Stian Fagerlund Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 6 av 10

6.4. Turneringskomiteen Turneringskomiteen var i 2003 med å arrangere 7 turneringar samt golfkarusellen. Sesongen blei starta med presidentens pokal den 9.juni (20 deltakarar), og den 29.juni gjekk parturnering Sognefjorden masters av stabelen (24 deltakarar). Mellom desse turneringane blei det også avhelde ein svært vellukka, men ikkje så alvorleg, jonsokgolf. Høgdepunktet i golfsesongen, klubbmeisterskapet, blei avvikla i strålande vær den 25. august, med speleforhold akkurat som i US open (superraske greenar og lang rough). Alle klassevinnarane forsvarte titlane sine frå sesongen 2002, så det er på tide at folk skjerpar seg, og gjer dei litt konkurranse. 36 deltok på klubbmeisterskapet. Den 1. september inviterte golfklubben og Årdal Stålindustri til juniorturnering, og denne blei spelt på poeng, og med klasseinndeling etter alder. Turneringa blei ein suksess. Den prestisjetunge Rikheim Cup blei i år rått parti, og sjølv om laga var utvida til 12 spelarar, og 24 matchar var lærdølene overlegne. Nytt av året var Riksveg 52 Cup, som blir spela mot Hemsedal GK, også denne som matchplay. Turneringa i år let me gå over i gløymeboka resultatmessig, men dei som var med hadde ein fin dag i Grøndalen. Turneringa kom litt brått på, så mange av fyrstevala til lagkapteinen kunne ikkje stille opp. Neste år skal me førebu oss betre, og hemsedølene har lova at dei vil kome til Rikheim for å spele neste års RV 52 Cup. Det blei starta opp med golfkarusell dette året, og oppslutnaden har vore variabel. Hovudpoenget med golfkarusellen har vore å få fleire folk med å spele konkurranse etter reglane. Fakta 2002 Klubbmeisterskap Herrar (22 delt) Damer (1 delt) Gutar junior (7 delt) 1. Morten Asperheim (67) 1. Elbjørg Tønjum (96) 1. Knut Egil Blaaflat (75) 2. Per Gisle Dvergedal (77) 2. Øystein Bøe (82) 3. Rolf Fjølstad (80) 3. Geir Cato Volle (83) Herrar senior (3 delt) Damer senior (1 delt) Jenter junior (2 delt) 1. Ingebrigt W Gjerde (82) 1. Margit E. Hagen (98) 1. Jorunn Teigen (91) 2. Einar Hagen (84) 2. Ragnhild Forslund (117) 3. Kristian Øvstetun (104) Rikheim Cup Lærdal Årdal 17 ½ matchar 6 ½ matchar Komiteen har i 2002 vore: Morten Asperheim, leiar Per Åke Evjestad Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 7 av 10

6.5. Webredaksjonen Golfklubben har i år fått opp permanente heimesider på internett med eige domene, www.legk.no. Aktiviteten på sidene har vore stor, og redaksjonen har fokusert på innhaldet på sidene framfor fancy grafikk. Alt som rører seg i klubben finst på websidene: nyhende, fotogalleri, innmelding, terminlister, resultat, kurspåmelding, diskusjonssider, runderegistrering m/statistikk, bruktmarknad, baneguide og medlemsstatistikk. Redaksjonen har også jobba med løysingar på websidene for å lette det daglege arbeidet til sekretæren i klubben, når det gjeld handsaming og fakturering av nye medlemer. I juli fekk webredaksjonen klarsignal til innkjøp av digitalkamera, og dette har vore flittig brukt. Ca 100 bilete ligg i dag på websidene, men nærmare 400 bilete finst i arkivet for 2002 sesongen. Fakta 2002 Statistikk Hits (sideoppslag) Visits (besøk) Totalt (apr-des) 349282 12375 Dagleg snitt 1120 50 Beste dagsnotering 6595, 26.aug 117, 29. aug Redaksjonen har i 2002 vore: Morten Asperheim, webansvarleg Per Åke Evjestad Bjarne Fredheim Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 8 av 10

7. Økonomi Nøkkeltal for 2002: RESULTATREKNESKAP UTGIFTER 2 002 2 001 INNTEKTER 2 002 2 001 Rikheim Golfbane 109 553 85 710 Medlemskontingent 254 140 143 700 Administrasjon 72 609 55 759 Rikheim Golfbane - 4 340 Reklame/ Sponsor 40 798 4 650 Reklame /Sponsor 124 500 18 000 Norges Golfforbund 78 584 45 429 Norges Golfforbund 4 673 - Diverse 100 665 223 481 Diverse 58 910 230 390 Avskrivingar telt 3 125 - Driftsoverskot 2002 36 889 Underskot 2001. 18 599 Sum 442 223 415 029 Sum 442 223 415 029 BALANSE PR 31.12. AKTIVA 2 002 2 001 GJELD OG EIGENKAP. 2 002 2 001 Kasse og bank 30 929 52 633 Forskottsinnbet. inntekter - 46 000 Investeringar i anleggsm. 12 500 - Anna gjeld - 3 218 Avskrivingar 2002 3 125 9 375 Eigenkapital 40 304 3 415 Sum 40 304 52 633 40 304 52 633 Lærdal Golfklubb har økonomisk hatt eit godt år. Resultatet for 2002 er på kr 36.889,-. Sett med bakgrunn at me i år for fyrste gong har hatt direkte lønsutgifter til sekretær, er styret godt nøgd med resultatet. Gledeleg var det at me oppnådde målsetjinga for talet på medlemar i året som gjekk. Medlemskontingenten er den viktigaste inntektskjelda til klubben. Tilbodet om fjernmedlemsskap slo bra til. Dette var viktig, fordi klubben sit igjen med mest netto på denne typen medlemsskap. Sponsorinntektene var som forventa. På utgiftsida er det andelen av medlemskontingent til Rikheim Golfbane som er den største. Dette er avtalefesta utgifter, på same måten som utgiftene til Norges Golfforbund. Desse vil variera i takt med medlemstalet i klubben. Klubben har ein bra økonomi med bakgrunn i det aktivitetsnivået som klubben har pr. i dag. I og med at me også neste år vil ha same avtaleforhold til Rikheim Golfbane, så ser ikkje styret at det vil verta så store endringar for økonomien til klubben i 2003. Kasserar og ansvarleg for økonomi har i 2002 vore: Helge Tønjum Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 9 av 10

Lærdal, den 6. januar 2002 For Styret i Lærdal Golfklubb Einar Hagen Elbjørg Tønjum Morten Asperheim Leiar Nestleiar Styremedlem... Per Åke Evjestad Helge Tønjum Gullborg Asperheim Styremedlem Styremedlem Vara. Ingebrigt Wangensteen Gjerde Vara Årsmelding 2002 Lærdal Golfklubb side 10 av 10