Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Like dokumenter
Status og utvikling på feltet. Anders Fremming Anderssen

2 Familiestrukturer og samlivsformer, høytider, merkedager og livsfasesermonier. 5 Barn og foreldrerollen. 8 Demokrati og verdier

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Til deg som bur i fosterheim år

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Refleksjon og skriving

Elevundersøkinga 2016

OK, seier Hilde og låser.

11 Eg i arbeidslivet


Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Ungdomsundersøking Meland april 2013

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Mitt SULA. Rune Liavåg Molde Multietnisk turmiljø i Sula

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Dette skal vi læra i dag - Sette opp budsjett - Sparing - Korleis spare pengar på mat og andre utgifter

Ungdata-undersøkinga i Volda 2013

6-åringar på skuleveg

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2014

Eksamen våren Fag: MAT1001 Matematikk 1P-Y. Eksamensdato: 7. mai Kunnskapsløftet. Vidaregåande trinn 1. Yrkesfag.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Barnerettane i SKULEN

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

Den personlege økonomien din

Idrettslag og ideelle organisasjonar plikter som arbeidsgivar

2 Familiestrukturer og samlivsformer, høytider, merkedager og livsfasesermonier. 5 Barns rettigheter og foreldrerollen. 8 Demokrati og verdier

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013

tapte årsverk i 2011

Info til barn og unge

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Alt innenfor tverrkulturell kompetanse og flerspråklighet Det usynlige i det nye samfunnet- uskrevne regler med vekt på det pedagogiske

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Familiemønstre og samlivsformer, livsfaseseremonier. Barns rettigheter og foreldrerollen. Demokrati og verdier

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Informasjon. For at Nav Gloppen skal kunne behandle søknaden din, er det viktig at du legg ved nødvendig dokumentasjon.

Vintervèr i Eksingedalen

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Utfordringsdokument 2015

Terminprøve i matematikk for 10. trinnet

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ditt liv, ditt val! Innleiing

Eksamen S1 hausten 2014

Velkomen til Røde Kors!

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Røykjer du? Prosent. Aldri + før. < 1 gong i veka. Kvar veke men ikkje kvar dag Dagleg. KoRus vest Bergen,, 2017


Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

Om å høyre meir enn dei fleste

Innovativ anskaffing av tryggleiksskapande teknologi og responssentertenester.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

Du må tru det for å sjå det

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Q1 Din alder 1 / 27 DIN ERFARING MED BOKN LEGEKONTOR. Besvart: 89 Hoppet over: 2 31,46% 28. under 29 år 41,57% år 26,97% 24.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Faktor REKNEARK OG GRAFTEIKNAR ØVINGSOPPGÅVER FOR. Nynorsk. Fleire oppgåver finst i Faktor Fordjupingshefte og Faktor Eksamensførebuande hefte.

Ungdata 2017 i Møre og Romsdal: Ekstraspørsmålspakke om oppleving av trivsel og tryggleik i organiserte fritidsaktivitetar rapport

Transkript:

1 Kvardagslege tema og sosial omgang 2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar og høgtider 3 Likestilling og vern mot diskriminering 4 Helse, med særleg vekt på seksuell helse og rusmiddelbruk 5 Barns rettar og foreldrerolla 6 Vald i nære relasjonar 7 Seksuell trakassering og valdtekt 8 Demokrati og verdiar 9 Truslar mot demokratiet

Deltaking i arbeidslivet Dugnad Forholdet til tid Fritid Kva rolle har frivilligheita? Høflegheitsnormer Naboskap og lokalmiljø Nordmenns forhold til natur og friluftsliv Personleg økonomi Samhandling mellom kjønna og mellom leiarar og medarbeidarar Trafikksikkerheit Uskrivne reglar i sosial omgang samtaleemne

Deltaking i arbeidslivet

Deltaking i arbeidslivet Noreg er ein velferdsstat 1

Deltaking i arbeidslivet Velferdsstaten er skattefinansiert 2 Plikt til å forsørge seg sjølv Alle, både personar og bedrifter, bidrar ved å betale skatt. Korleis blir skatten berekna? Skatteinntekter til stat og kommune Renter og aksjeutbytte 2 % Andre inntekter 13 % Anna 3 % Renter/utbytte 3 % Meirverdiavgift 21 % Gebyr 13 % Arbeidsgivar- og trygdeavgift 25 % Statens inntekter 1242 mrd. kr. Petroleum 19 % Overføringar frå staten 41 % Kommunens inntekter 343 mrd. kr. Skatt 20 % Skatt 40 %

Deltaking i arbeidslivet Skatt finansierer velferdsgode Skatt finansierer tenester som kjem alle i samfunnet til gode. Eksempel på velferdsgode: helsetenester, for eksempel legebehandling og behandling på offentlege sjukehus ytingar frå Nav, for eksempel sjukepengar, dagpengar ved arbeidsløyse, barnetrygd og alderspensjon utdanning, for eksempel gratis utdanning for barn og ungdom, gratis utdanning ved offentlege universitet og høgskolar og subsidierte barnehageplassar 3

Deltaking i arbeidslivet Kva er «svart arbeid»? «Svart arbeid» er arbeid som ikkje er registrert hos skattemyndigheitene, og som det verken blir betalt arbeidsgivaravgift eller inntektsskatt av. «Svart arbeid» er ulovleg. Den som jobbar svart, mistar rettar som andre arbeidstakarar har, for eksempel rett til lønn under sjukdom, rett til dagpengar ved arbeidsløyse og opptening av pensjonspoeng. 5

Deltaking i arbeidslivet Kva er «svart arbeid»? Case: Sara og dei to barna hennar kom til Noreg som overføringsflyktningar i fjor. Sara får tilbod om å jobbe svart som reinhaldar. Sara vil tene mykje pengar fort og tenker derfor at det lønner seg å takke ja til tilbodet. Kva meiner du? 6

Deltaking i arbeidslivet Konsekvensar for samfunnet av svart arbeid mindre pengar til for eksempel helsetenester, trygdeytingar og utdanning høgare skattar og avgifter (MVA, særavgifter og skatt på arbeidsinntekt) urettferdige konkurransevilkår for bedrifter som følger lova 7

Deltaking i arbeidslivet Høg sysselsetting ein føresetnad for velferdsstaten Samanlikna med andre land er ein stor del av befolkninga i Noreg i arbeid. Kvinner deltar i stor grad i arbeidslivet. Det er samla sett låg arbeidsløyse. Det er forventa at kvinner deltar i arbeidslivet på lik linje med menn. Sysselsatte 68,0% av personar i alt (15-74 år) 2 651 000 3 896 000 Personar i alt (15-74 år) Arbeidslause (4,4% av arbeidsstyrken) 121 000 Utanfor arbeidsstyrken 1 124 000 8

Deltaking i arbeidslivet Høg sysselsetting ein føresetnad for velferdsstaten Diskusjon: I løpet av dei siste 40 åra har kvinners deltaking i arbeidslivet auka frå cirka 45 prosent til 70 prosent. Kva har det hatt å seie for familiane og samfunnet generelt og for kvinner spesielt? 9

Deltaking i arbeidslivet Kven passar barna når foreldra jobbar? Frå 1970-talet har det vore ført ein bevisst likestillingspolitikk som har bidratt til at fleire kvinner deltar i arbeidslivet. Familiepolitiske reformer dei siste 10 15 åra: full barnehagedekning makspris for barnehageplass utvida foreldrepermisjon fedrekvote (fødselspermisjon for far) 10

Deltaking i arbeidslivet Kven passar barna, forts. Barnehageplass gjer det mogleg for foreldra å delta i arbeidslivet. Barnehagen er eit pedagogisk tilbod. Skolefritidsordning (SFO) / Aktivitetsskole (AKS) er eit tilbod til skolebarn på 1. 4. trinn. 11

Deltaking i arbeidslivet Likeverdige omsorgspersonar Case: Mor: Far: Mor: Far: Eg har eit seint møte på jobben i dag. Kan du hente Selma i barnehagen? Eg har ein del ting eg må gjere ferdig på jobben før eg går heim, så eg trur ikkje eg rekk det. Eg må gå på det møtet. Kan du ikkje ta med deg arbeidet heim og gjere det ferdig her heime? Vi må også ha noko til middag. Kan du stikke innom butikken på heimvegen? OK, eg hentar Selma og lagar middag. Diskusjon: Snakk om situasjonen over. Kva for problemstillingar ser vi her? 12

Dugnad

Dugnad Dugnad 1 «Dugnad» er eit norsk ord som viser til frivillig, ulønt arbeid, utført i fellesskap med andre. Det er forventa at ein deltar på dugnad, særleg i lokalmiljøet. Typisk norsk?

Dugnad Dugnad i lokalmiljøet 2 Diskusjon: Kva tenker du på når du høyrer det norske ordet «dugnad»?

Dugnad Forventning om deltaking Case: Adrian og Bora er foreldre til to barn på åtte og ti år. Begge barna er aktive i det lokale idrettslaget. No er det vår og tid for den årlege dugnaden. Det skal ryddast ein ny fotballbane, og alle blir bedt om å delta på dugnaden og ta med kaffi og kake. Adrian og Bora diskuterer. Adrian: Bora: Adrian: Dugnad på lørdag? Eg som hadde gledd meg til å slappe av, sjå litt på tv og berre ta det med ro. Eg også. Men vi må vel nesten gå? Kva trur du dei andre foreldra seier om vi ikkje kjem? Det kan jo bli hyggeleg også. Klart vi må gå. Kanskje du kan bake ei kake? 3 Diskusjon: Liknar dette på ein situasjon du kjenner frå før? Synest du Adrian og Bora bør kunne velje om dei vil delta eller ikkje?

Dugnad Dugnad på nasjonalt nivå Ein dugnad på nasjonalt nivå blir halden for å vinne oppslutning frå innbyggarane om eit samfunnsnyttig formål, for eksempel ein innsamlingsaksjon. 4

Forholdet til tid

Forholdet til tid Klokka styrer 1 Nordmenn har stort sett eit bevisst forhold til tid. Mange familiar bruker ein kalender for å organisere kvardagen. Det er forskjell på å komme presis til timeavtalar og til meir uformelle avtalar.

Forholdet til tid Formelle og uformelle avtalar 2 Diskusjon: Korleis tolkar du tidspunkta i beskjedane over? Kva for nokon av desse avtalane bør du komme heilt presis til?

Forholdet til tid 3 Case: Amir har søkt jobb i ein barnehage og skal på jobbintervju kl. 11.00. No er klokka 10.35, og Amir står på busshaldeplassen og lurer på kva buss han skal ta for å komme seg til barnehagen. Han er også usikker på kor langt det er dit. Han begynner å bli litt stressa. Diskusjon: Burde Amir ha gjort noko annleis? Kva kan konsekvensane av å komme for seint til jobbintervjuet bli?

Forholdet til tid Tidsfristar Tidsfristar som er absolutte: forfall av rekningar søknadsfristar klagefristar svarfristar i offentlege brev 4 Diskusjon: Kva for tidsfristar er absolutte i heimlandet ditt?

Fritid

Fritid Fritid er ein viktig verdi 1 Det er vanleg å skilje mellom jobb og fritid og mellom kvardag og helg.

Fritid Organiserte fritidsaktivitetar 2 Mange barn og vaksne deltar i organiserte aktivitetar i fritida. Eksempel på organiserte aktivitetar: idrett, for eksempel fotball, handball og ski musikkorps kor speidaren Organiserte aktivitetar er også sosiale møteplassar, både for vaksne og for barn.

Fritid Case: Ola: Abel: Hei! Er det du som er pappaen til Amir? Han er så flink med ballen, og han har blitt fort kjend med dei andre gutane på laget. Hyggeleg å helse på deg. Hyggeleg å helse på deg også. Kven er du pappaen til? 3 Diskusjon: Er dette ein kjend situasjon for deg? Kva trur du skal til for at Ola og Abel kan bli betre kjende og kanskje også møtast utanom fotballtreninga?

Fritid Forventa bidrag I organiserte aktivitetar for barn som er baserte på frivilligheit, er det forventa at foreldra bidrar med å utføre arbeidsoppgåver. Det kan vere ei forventning om frivillig innsats også i aktivitetar for vaksne. 4

Kva rolle frivilligheita har

Kva rolle frivilligheita har Kva rolle har frivilligheita? 1 Frivillige organisasjonar bidrar på mange samfunnsområde. Frivillige organisasjonar er avhengige av frivillig arbeid frå medlemmene. Frivillige organisasjonar kan arbeide både lokalt, nasjonalt og på internasjonalt nivå. Dei fleste frivillige organisasjonar får økonomisk støtte frå staten og/eller kommunen. Diskusjon: Kjenner du til nokon av desse organisasjonane? Kjenner du til andre frivillige organisasjonar?

Kva rolle frivilligheita har 2 Case: Ahmed har nettopp busett seg i ein kommune. Han bur aleine og har begynt på norskkurs. Der har han blitt kjend med fleire, men alle er nye i Noreg, akkurat som han. Ahmed vil gjerne få nokre norske venner, både for å trene på språket og for å bli fortare kjend med Noreg. Men korleis skal han bli kjend med folk? Ingen pratar saman på bussen eller på gata, i butikken betaler ein berre for varene sine og går, og på kaféen er det berre dei som kjenner kvarandre frå før, som snakkar saman. Diskusjon: Kva kan Ahmed gjere for å bli kjend med nordmenn?

Høflegheitsnormer

Høflegheitsnormer Omgrepet «høflegheit» 1 Omgrepet «høflegheit» viser til sosiale normer som seier noko om «skikk og bruk» i eit samfunn. Dei sosiale normene blir oppfatta som allmenne, men er i stadig endring og vil variere innanfor eit samfunn. Kva som blir oppfatta som høfleg, vil variere frå land til land, frå kultur til kultur og mellom generasjonar. Diskusjon: Korleis er du van med å helse på kjende og ukjende?

Høflegheitsnormer Helsemåtar 2 Helsemåtane varierer, avhengig av alder, kjønn og samanheng. Utviklinga har gått frå meir formelle til meir uformelle helsemåtar. Blikkontakt er vanleg. Diskusjon: Korleis er du van med å helse på kjende og ukjende? Kva måtar å helse på har du sett i Noreg?

Høflegheitsnormer 3 Case: Fatima skal på jobbintervju. Ho møter sjefen for første gong. Han rekker fram handa og presenterer seg. Fatima blir veldig i tvil. Ho er ikkje van med å handhelse på menn. «Kva skal eg gjere no?» tenker ho. Diskusjon: Forstår du kvifor Fatima nøler? Kva slags inntrykk kan sjefen få dersom Fatima ikkje svarer på handhelsinga?

Høflegheitsnormer Uskrivne reglar når du går på besøk Det er regionale og lokale forskjellar på kva for uskrivne reglar som gjeld. Besøk blir ofte avtalte på førehand. 4 Diskusjon: Korleis viser du høflegheit når du går på besøk?

Høflegheitsnormer Køkultur 5 Diskusjon: Kva oppfattar du som høfleg eller uhøfleg når du står i kø?

Høflegheitsnormer Uskrivne reglar ved bruk av kollektivtransport på- og avstiging sitteplassar å snakke høgt, særleg i mobiltelefon 6 Diskusjon: Har du opplevd å bli irritert av andres mobilbruk på bussen?

Naboskap og lokalmiljø

Naboskap og lokalmiljø Kontakt mellom naboar 1 Diskusjon: Snakk om bileta. Kva trur du kan bidra til meir eller mindre sosial omgang mellom naboar?

Naboskap og lokalmiljø Ulike buformer 2 Rettar og plikter overfor naboar er avhengig av eigeform. sameige, burettslag og einebustad

Naboskap og lokalmiljø Husordensreglar Det er vanleg med husordensreglar i burettslag og sameige. Husordensreglane gjeld for alle, uavhengig av om ein eig eller leiger. 3

Naboskap og lokalmiljø Eksempel på husordensreglar 4 Diskusjon: Kva for husordensreglar kjenner du til frå før? Kva for brot på reglar trur du kan skape irritasjon mellom naboar?

Naboskap og lokalmiljø Marie skal ha fest Case: Marie har nettopp flytta inn i 5. etasje i ein bygard. Ho har mange venner, og ho gler seg til å vise dei leilegheita si. Ho inviterer til fest laurdag kveld. «Dersom alle kjem, blir vi nesten 25 personar», tenker ho. «Kva slags mat skal eg lage?» 5 Diskusjon: Kva bør Marie tenke på i tillegg?

Naboskap og lokalmiljø Kjeldesortering Å kjeldesortere betyr å sortere avfallet i ulike avfallskategoriar, for eksempel papir, glas og elektriske artiklar. Kva blir kjeldesortert, og kvifor gjer vi det? Papir, glas, metall, plast og matavfall kjeldesorterer vi for at delar av det skal kunne brukast på nytt. Klede og hageavfall kjeldesorterer vi for at det skal kunne gjenbrukast. Flasker og boksar har ei panteordning, slik at dei kan brukast om igjen i staden for å bli kasta ute i naturen. Kjemikaliar som måling og lakk, batteri, elektriske artiklar og lyspærer kjeldesorterer vi som miljøskadeleg og farleg avfall. Bilar som ikkje er i køyrbar stand, får vi ein vrakpant for når vi leverer dei til eit bilopphoggeri. 6

Naboskap og lokalmiljø 7 Diskusjon: Korleis blir avfallet på asylmottaket kjeldesortert?

Nordmenns forhold til natur og friluftsliv

Nordmenns forhold til natur og friluftsliv Naturen er for alle 1 Naturopplevingar er viktig for mange nordmenn. Alle kan ferdast fritt i skog og mark. Vi kallar det allemannsretten. Alle har eit ansvar for å ta vare på naturen.

Nordmenns forhold til natur og friluftsliv Å gå på tur 2 «Å gå på tur» blir ofte omtalt som «typisk norsk». Naturen blir brukt heile året, i all slags vêr.

Nordmenns forhold til natur og friluftsliv Noreg ein skinasjon 3

Nordmenns forhold til natur og friluftsliv Deltaking i friluftsaktivitetar Vore på kortare spasertur Kvinner 4 Vore på kortare fottur i skogen eller på fjellet Menn Vore på lengre fottur i skogen eller på fjellet Vore på fisketur Vore på kortare skitur i skogen eller på fjellet Vore på bær- eller sopptur Vore på lengre skitur i skogen eller på fjellet Stått alpint, snowboard eller telemark Vore på jakttur 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100

Personleg økonomi

Personleg økonomi Råderett over eigne pengar 1 I eit ekteskap/sambuarskap kan både kvinner og menn bestemme sjølve korleis dei vil bruke sine eigne pengar. Ektefellar/sambuarar har felles forsørgarplikt for barna i familien. Ektefellar har forsørgarplikt for kvarandre.

Personleg økonomi 2 Case: Maryana og Hassan er gifte. Begge jobbar. Maryana er assistent på ein skole, og Hassan er taxisjåfør. Dei har to barn på barnetrinnet. Maryana synest det er slitsamt å jobbe, og vil gjerne vere heime og passe barn og hus. Hassan seier at dei ikkje har råd til berre å leve på hans inntekt. «Vi treng to lønningar kvar månad for å betale for hus, straum, mat og alt det andre vi treng», seier han. Maryana tenker på søstera si, som bur i heimlandet. Ho treng ikkje å jobbe utanfor heimen. Diskusjon: Diskuter situasjonen til Maryana og Hassan. Kven av dei tenker du har hovudansvaret for å forsørge familien?

Personleg økonomi Bankkonto Alle som kan vise gyldig legitimasjon, har rett til å opprette ein bankkonto. Banken gjer ei individuell vurdering basert på dokumentasjon av identitet. Det er ulike typar bankkontoar, for eksempel brukskonto og sparekonto. Ein bankkonto er personleg. 3

Personleg økonomi Bankkort I Noreg er det svært vanleg å betale med kort. Det er to typar kort, debetkort og kredittkort. 4

Personleg økonomi Debetkort (vanleg bankkort) Debetkort er knytte til lønns- og brukskontoen. Pengane blir trekte direkte frå kontoen når ein betaler med debetkort i butikk eller på nett, og ved uttak i minibank. Det må derfor vere dekning på kontoen når ein bruker kortet. Norske debetkort er knytte til betalingssystemet BankAxept. 5

Personleg økonomi Kredittkort Kredittkort er ein type kort der beløpet som blir trekt frå kontoen, er eit lån frå banken. Ramma for kreditten er avhengig av betalingsevna til kunden. Det er vanleg med rentefri betalingsutsetting i for eksempel 30 dagar frå vara er kjøpt, til banken krev inn pengane. Kredittkortgjeld kan betalast i ratar. Dersom ein ikkje betaler heile beløpet når gjelda forfell, påløper det høge renter på det beløpet ein skuldar. 6

Personleg økonomi Case: Petter: Kari: Petter: Kari: Petter: Uff, rekningar, rekningar, rekningar! Eg skjøner ikkje korleis vi skal greie å betale alt saman! Ja, det er mykje no. Men du har jo akkurat kjøpt deg nye ski og skistøvlar, og det var jo ganske dyrt. Ja, men eg trong jo nytt utstyr. Det eg hadde, var så gammalt. Og eg liker jo kvalitet. Ja da, men du visste at vi hadde mange rekningar denne månaden. Det er vel viktigare å betale rekningane enn å sjå fin ut i skiløypa, og du er jo ikkje akkurat så mykje ute på skitur heller. Du har rett, men eg blei så freista og brukte kredittkortet. Kva gjer vi no??? 7 Diskusjon: Diskuter situasjonen til Petter og Kari. Kva kan dei gjere for ikkje å komme opp i ein tilsvarande situasjon ein annan gong?

Personleg økonomi Eksempel på budsjett INNTEKTER: UTGIFTER: Lønn Petter: 22 500 Husleige: 9 500 Lønn Kari: 24 000 Straum: 2 500 Barnetrygd: 1 940 Månadskort: 2 000 Bil, bensin: 1 500 Barnehage: 2 500 SFO: 1 000 Mat: 6 000 Telefon og internett: 2 000 Klede: 2 000 Uventa utgifter 3 000 Sparing: 5 000 8 TOTALT 48 440 37 500 Diskusjon: Har du sett opp eit budsjett før? Diskuter fordelar ved å sette opp budsjett.

Samhandling mellom kjønn og mellom leiarar og medarbeidarar

Samhandling mellom kjønn og mellom leiarar og medarbeidarar Kvinner og menn likeverdige partar både i privatlivet og i arbeidslivet 1 Kvinner og menn, både gifte og ugifte, omgåst som venner og kollegaer i dagleglivet. Norske jenter og kvinner er oppdratt til å forvente at dei har fridom på lik linje med gutar og menn.

Samhandling mellom kjønn og mellom leiarar og medarbeidarar 2 Diskusjon: Har du gjort deg nokon tankar omkring omgangsformene mellom jenter og gutar og mellom kvinner og menn i Noreg?

Samhandling mellom kjønn og mellom leiarar og medarbeidarar Samhandling mellom leiarar og medarbeidarar Relasjonen mellom leiarar og medarbeidarar kan ofte verke uformell. Leiaren har likevel myndigheit og er overordna. 3 Diskusjon: Korleis ønsker du at ein leiar skal vere?

Trafikksikkerheit

Trafikksikkerheit Å køyre bil i Noreg 1 For å køyre bil i Noreg må ein ha gyldig førarkort. Førarkort frå enkelte land utanfor EU/EØS kan bytast inn i eit norsk førarkort, men dei aller fleste må ta førarkortet på nytt.

Trafikksikkerheit Å køyre bil i Noreg, forts. 2 Det er forbode å køyre bil i ruspåverka tilstand. Rusmiddel er alkohol visse legemiddel narkotiske stoff Bilføraren har ansvar for at bilen er i forsvarleg og forskriftsmessig stand.

Trafikksikkerheit Bruk av bilbelte Det er påbode å bruke bilbelte under køyring. Passasjerar har sjølve ansvar for å ta på seg bilbeltet. Det gjeld òg for passasjerar i taxi og buss. Bilføraren har ansvar for sikring av passasjerar under 15 år. 3

Trafikksikkerheit Sikring av barn i bil Det er påbode å sikre barn med godkjent barnesete i bil til barna er minst 135 cm eller veg 36 kg. Det er anbefalt at små barn sit i eit bakovervendt barnesete så lenge som mogleg, helst til dei er fire år. 4 Diskusjon: Kva vil skje dersom føraren bråbremsar? Kva meiner du er nødvendig for at barn skal vere godt nok sikra i bil?

Trafikksikkerheit Ulike brot på vegtrafikklova 5

Trafikksikkerheit Å vise omsyn i trafikken Bilførarar har særlege plikter overfor mjuke trafikantar, både fotgjengarar og syklistar. Ein skal vere ekstra merksam overfor barn i trafikken. 6 Fotgjengarar og syklistar har også ansvar for å vise omsyn i trafikken. bruk av refleks påbod om lys og refleks på sykkelen

Uskrivne reglar i sosial omgang samtaleemne

Uskrivne reglar i sosial omgang samtaleemne Samtaleemne 1 Nordmenn snakkar ofte om relativt nøytrale emne før dei kjenner kvarandre godt. Synet på kva samtaleemne som blir rekna som nøytrale, vil mellom anna variere med individ, kjønn og alder. Diskusjon: Kva er eit nøytralt samtaleemne for deg? Kven diskuterer du politikk eller religion med?