Årsplan 2007 2008
ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi småvardar. I barnehagesenteret symboliserer småvardane barnehagedagane og dei 7 fagområda barna skal hente røynsle frå. Omsorg, leik og læring er støttesteinar for å halda vardane oppe. Barn, foreldre og personalet vardar vegen saman. Vi legg «stein på stein» og dermed vert småvardar større og nye dukkar opp. Den store varden er der barna skal stå ved endt barnehageliv, med røynsle og basiskompetanse som fylgjer barna ut i skuleverda. Rammeplanen sine 7 fagområde : Kommunikasjon, språk og tekst - Kropp, rørsle og helse - Kunst, kultur og kreativitet - Natur, miljø og teknikk - Etikk, religion og filosofi - Nærmiljø og samfunn - Tal, rom og form Korleis vi konkret arbeider med fagområda, viser att i avdelingane sine årsplanar.
MÅLSETJING : Sosiale, sjølvstendige og livsglade barn og vaksne Korleis vi arbeider for å fylgja opp krav til innhald jf. Lov om barnehagar : Omsorg, oppdraging, leik og læring Barnehagen er ein lærande organisasjon. Omsorg, oppdraging, leik og læring ligg i botnen av alt vi gjer. Omsorg handlar om samspel mellom menneske. Barn har rett til omsorg, og skal møtast med omsorg. I barnehagen skjer det både formell og uformell læring. Den formelle læringa er knytt til planlagde og vaksenstyrte situasjonar. Den uformelle læringa er meir knytt til kvardagsaktivitetar i leik, oppdraging og anna samhandling. Leiken har ein sentral plass i barna sin barnehagekvardag. Vaksne skal leggja til rette for, og verna om barna sin leik. Oppdraging tyder at vaksne skal overføra verdiar, normer, tankar, uttrykks- og handlingsmåtar. Vi skal leggja tilrette for utvikling av positive verdiar og handlingar. Vi har ansvar for at alle barn, uavhengig av funksjonsnivå, alder, kjønn og familiebakgrunn, får oppleva at dei sjølve og alle i gruppa er viktige personar for fellesskapen. Det er foreldra som har ansvar for barneoppsedinga. Barnehagen representerer eit kompletterande miljø i høve til heimen. Det daglege samarbeidet mellom heim og barnehage må byggja på gjensidig openhet og tillit. Dokumentasjon og vurdering Dokumentasjon er eit middel for å få fram ulike oppfatningar og å opna for ein kritisk reflekterande praksis. Eit etisk perspektiv ligg til grunn for all dokumentasjon. Vi skal ha respekt for barnet. Barns læring og personalets arbeid skal synleggjerast. Dette er vårt grunnlag for refleksjonar om barnehagens verdiar og oppgåver, og barnehagen som arena for leik, læring og utvikling. Vi ynskjer å vera ein open barnehage. Dokumentasjonen skal også gje foreldre, lokalmiljø og andre informasjon om kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Systemtisk vurderingsarbeid er naudsynt for fornying og utvikling av verksemda. Barnegruppa og einskildbarnets trivsel og utvikling skal vurderast fortløpande. Barn skal få seia si meining og koma med sine synspunkt og røynsler. Samspel mellom barna, mellom barn og vaksne og mellom dei tilsette skal også vurderast på ein planlagt, systematisk og open måte. Personalet er rollemodellar. Refleksjonar over eigne verdiar og handlingar skal inngå i drøftingane våre. Vi skal systematisk vurdera om eigen praksis og barnehagekulturen bidreg til å fremja verdiane som skal liggja til grunn for barnehageverksemda.
INNSATSOMRÅDE 2007-2008 1. Brukarar - BARN Innsatsområde : Barns medverknad Barn har medverknad i eigen barnehagedag utifrå alder og Barn skal ha rett til å seia meininga si i alt som vedkjem dei Dagleg refleksjon funksjonsnivå Tilsette skal lytta, observera og ta omsyn til barns uttrykk Ta barn med i vurderingsarbeidet Veiledning og diskusjon blant tilsette Innsatsområde : Barns veremåte Barn har toleranse og respekt for menneske, natur og miljø Tilsette skal leggja tilhøva til rette for utvikling av positive verdiar og Alle barn er ein del av eit fellesskap handlingar Tilsette skal observera og veileda barn Det einskilde barnet og barnet som del av gruppa Tilsette sine verdiar og handlingar 2. Brukarar - FORELDRE Innsatsområde : Gjensidig openhet og tillit Foreldre vert møtt med respekt og Tilsette legg vekt på å skapa tryggleik Brukarundersøking anerkjenning og tillit Drøfting i Foreldrearbeidsutval Ope samarbeid mellom heim og Tilsette arbeider for felles forståing av (FAU) og Samarbeidsutval (SU) barnehage føremål, verdigrunnlag og oppgåver Røynsleutveksling Informasjonsutveksling
3. TILSETTE Innsatsområde : Haldningar og veremåte Tilsette er gode rollemodellar Delegering / ansvarleggjering Kompetanseheving Endringsvilje og -kompetanse Veiledning / oppfølging av tilsette Tilsette syner stolthet over arbeidsplassen Kompetanseheving og utvikling Arbeid med vår pedagogiske plattform 4. OVERGANG BARNEHAGE SKULE Skulekameratar. Eige opplegg Samarbeid mellom barnehage og skule : drøfting av innhald og føremål. Initiativ : barnehage Overleveringssamtale mellom barnehage - skule i mai / juni Invitera 1.klassingar på besøk september / oktober 5. TRADISJONAR - Rosendal barnehagesenter Songsamlingar på Rosendalstunet. Kvar månad Eventyrstund. Kvar veke Felles songstund i barnehagesenteret. Kvar månad Luciafeiring 13.desember Morgonstemning kl.7 i kyrkja før jul. Familiefrukost etterpå Skulekameratkor: morgonstemning 17.mai musikkfestival Sommarfest på kvart hus Veiledning Oppfølging av kompetanseplanar Medarbeidarsamtalar Tema på møte og planleggingsdagar Grunnlagsdokument for årsplan Lov om barnehagar m/ forskrifter Verksemdsplan for Rosendal barnehagesenter Kompetanseplan for Rosendal barnehagesenter Årsplanen er handsama av samarbeidsutvalet 14.05.2007