Korsn korsn har nordnorsk?



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Vegvisar til vilbli.no

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

14. Radio og TV. Liv Taule

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Saksbehandling kva er no det?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

«Ny Giv» med gjetarhund

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

8. Museum og samlingar

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Begrepsundervisning. bidrag 0l å utjamne sosiale forskjellar når det gjeld borna si læring.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vurdering av allianse og alternativ

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eksempeloppgåve/ Eksempeloppgave 2009

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Forslag frå fylkesrådmannen

Namning av vegar i Fræna Kommune

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR


Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Den nye seksjon for applikasjonar

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

«Jæ kke intrissert, ass» drammensdialekt som utgangspunkt for opplæring i nynorsk

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Til deg som bur i fosterheim år

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Valdres vidaregåande skule

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

13. Sendetida på TV aukar

Kvalitetsplan mot mobbing

Det europeiske rammeverket og læreplanen for fremmendspråk

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

mmm...med SMAK på timeplanen

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Brukarrettleiing E-post lesar

Kva er økologisk matproduksjon?

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Transkript:

Korsn korsn har nordnorsk? Om bruken av korleis saman med substantiv i norske dialektar Øystein A. Vangsnes I norske dialektar er det ganske vanleg å høyra uttrykk som åssen bil og kordan vei og liknande. Ved systematisk kartleggjing kan vi fastslå at det er geografiske skilnader på denne bruken av standardspråket sitt korleis/hvordan/åssen, og i denne artkkelen skal vi sjå at nordnorske dialektar er i fremste rekkje i utviklinga av dette fenomenet. Imai 2011 var det fleire innlegg på lesarsidene til Bladet Nordlys om ordet kossen/korsn, altså bokmålets hvordan/åssen og nynorskens korleis. Temaet var bruken av dette ordet saman med substantiv slik som i følgjande eksempel frå eit opptak av ei eldre kvinne frå Mefjordvær: Men kossen bil har du? De vil æ vette! substantiv, men snarare til måten ei verbalhandling vert utført på slik som i dette dømet, ytra av ei anna eldre kvinne frå Mefjordvær: Å så skriv han om [ ] akkoratt kossjn han opplevde de. Nokre av innsendarane reagerer på at slik bruk av ordet hjå nyheitsopplesarar på NRK Troms og meiner ein heller skal seia t.d. ka slags bil. Dei meiner altså at korsn ikkje skal brukast som eit adjektiv, men berre som eit adverb, der det ikkje relaterer seg til noko Nye grammatiske målmerke har blitt identifisert innanfor prosjektet Nordisk dialektsyntaks. Her frå eit prosjektmøte ved Universitetet i Tromsø. 32 Foto: Ørjan Bertelsen.

Ein tredje måte å bruka ordet på, og som ein finn i all norsk, kan seiast å vera ein mellomting mellom dei to nemnde ovanfor, nærmare bestemt når ein spør etter eigenskapar ved noko eller nokon. I opptaket med den første eldre kvinna frå Mefjordvær stiller ho også følgjande spørsmål: Kossen e han no når han e blidd gammel? Her står kossen som predikativ til han. Desse tre bruksområda skal vi nedanfor referera til som «adnominal korleis» (fordi det står til eit nomen, dvs. substantiv), «adverbiell korleis» (fordi det blir brukt som måtesadverb) og «predikativ korleis» (fordi det blir brukt som predikativ). I mai 2011 var det fleire lesarinnlegg i Bladet Nordlys som tok føre seg ordet korsn/kossen. Faksimiler: Bladet Nordlys. 33

Delar av ordskiftet i avisa har gått på om ein kan tillata seg å bruka dialekt, og meir bestemt grammatiske trekk frå ein dialekt, på radio og TV, men ein annan del av ordskiftet handlar rett og slett om Nordisk dialektsyntaks Nordisk dialektsyntaks er eit omfattande fellesnordisk samarbeid om utforskinga av grammatisk variasjon i det nordiske språkområdet. 10 forskargruppar fordelt på alle dei fem nordiske landa samt Færøyane har delteke i nettverket som har vore leia frå Universitetet i Tromsø. Datainnsamlinga i prosjektet har vore av hovudsakleg to typar. Dels har ein gjort opptak med dialekttalarar på ulike stade og dels har ein samla inn vurderingar av ei liste med setningseksempel frå dei same talarane. I regelen har ein på kvar vitja stad konsultert fire informantar: ein yngre mann, ei yngre kvinne, ein eldre mann og ei eldre kvinne. Setningseksempla er konstruerte for å kasta lys over om ulike setningskonstruksjonar er i tråd med språkkjensla til dialektbrukarane. Informantane har vurdert kvar testsetning på ein skala frå 1 (dårleg) til 5 (god). Listene med testsetningar har vore regionalt tilpassa og dei har også variert i lengde frå ca. 140 i Noreg til over 250 i Danmark. I Noreg har prosjektet besøkt over 100 forskjellige stader, og i Nord-Noreg er data samla inn frå følgjande plassar: Kirkenes, Vardø, Tana, Kjøllefjord, Hammerfest, slik bruk av korsn er korrekt nordnorsk dialekt i det heile. Kautokeino, Kvænangen, Kåfjord, Karlsøy, Tromsø, Kirkesdalen (Målselv), Senja (fleire stader), Lavangen, Kvæfjord, Myre, Stamsund, Narvik, Ballangen, Steigen, Bodø, Beiarn, Mo i Rana, Herøy, Hattfjelldal og Sømna. Oppbyggjing av forskingsinfrastruktur har stått sentralt, og det har komme to digitale forskingsressursar ut av prosjektet, Nordisk dialektkorpus og Nordisk syntaksdatabase. I Nordisk dialektkorpus er alle opptaka samla. Dei mange intervjua og samtalane er blitt transkriberte og automatisk analyserte og for mange dialektar eksisterer det både ein uttalenær transkripsjon og ei omsetjing ord for ord til standard bokmål. Teksten er kopla mot lyd og video og det er utvikla eit avansert søkegrensesnitt som gjer det muleg å søka på både ord, grammatiske kategoriar og sekvensar av dette samt på mykje annan ikkje-språkleg informasjon. I Nordisk syntaksdatabase er resultata frå alle listene med testsetningar samla slik at ein enkelt og effektivt kan henta ut vurderingane til informantane for kvar einskild setningskonstruksjon. I både Nordisk dialektkorpus og Nordisk syntaksdatabase er det dynamiske kartfunksjonar som gjer det muleg å få opp kart som viser utbreiinga av det ein har søkt etter. Innanfor den norske delen av det nordiske prosjektet Nordisk dialektsyntaks har vi dei siste åra systematisk kartlagt nettopp dette spørsmålet om variantar av hvordan/åssen/korleis kan brukast saman med substantiv eller ikkje i norske dialektar. I denne artikkelen skal vi sjå nærmare på resultata som har komme ut av denne kartleggjinga, og då med særleg vekt på nordnorsk. Spørjeskjemaresultat Adnominal korleis vart testa med setningane Korleis bil har du? og Korleis bil er din? Saman med om lag 140 andre setningar inngjekk desse i eit spørjeskjema som vart forelagt heimelsfolk over heile Noreg til vurdering. Testsetningane var spelt inn på førehand med regionalt tilpassa uttale og ordval slik at versjonen brukt i til dømes Tromsø var Korsn bil har du? og Korsn bil e din?, mens på Mo i Rana fekk dei høyra setningane som Kelessn bil har du? og Kelessn bil e din? Det er ein viktig tydingsmessig skilnad mellom dei to setningane. Medan Korleis bil har du? helst etterspør ein type bil, etterspør Korleis bil er din? ein bestemt bil, dvs. eit eksemplar, i den aktuelle situasjonen. Såleis vil det på standard bokmål vera mest naturleg å bruka Hva slags bil har du? for den første setninga og Hvilken bil er din? for den andre. I prosjektet undersøkte vi dermed altså ikkje berre om det er muleg å bruka korleis saman med substantiv, men også om dette var muleg både for å spørja etter TYPE og EKSEMPLAR. Og som vi 34

straks skal sjå, er det interessante regionale forskjellar på dette punktet. Resultata frå spørjeskjemaundersøkinga er sidan blitt lagt inn i ein database der ein kan søka systematisk i materialet og der ein også kan laga kart som viser utbreiinga av positive, negative og middels resultat. Kart 1 viser resultata for TYPE-setninga Korleis bil har du?. Dei kvite markørane viser til ein gjennomsnittsskår på 4 5, dei svarte markørane ein gjennomsnittsskår på 1 2 og dei grå viser ein gjennomsnittsskår på ca. 3. Dette kartet viser at TYPE-spørsmålet blir godteke i heile Nord-Noreg og mange stader i Trøndelag, på Austlandet og nokre stader i Rogaland og at ho blir avvist på store delar av Vestlandet samt i Hallingdal. Kartet viser samtidig at det manglar resultat frå Agder, vestlege og nordlege delar av Austlandet, samt frå Nordvestlandet. Hovudinntrykket er likevel klart: Kart 1 og 2: Kartet til venstre viser gjennomsnittsskåren for setninga Korleis bil har du? i Nordisk syntaksdatabase og kartet til høgre gjennomsnittsskåren for setninga Korleis bil har du?. Kvit markør = høg ska r; svart markør = la g ska r; gra markør = middels ska r. 35

Adnominal korleis med TYPE-lesing blir godteke i Nord-Noreg, i Trøndelag og i sentrale austlandsstrøk, men avvist på store delar av Vestlandet. Kart 2 viser resultata for EKSEMPLARspørsmålet Korleis bil er din?. Som vi ser, blir denne godteken på færre stader enn TYPE-spørsmålet. For det første blir EKSEMPLAR-spørsmålet i svært liten grad godteken på dei undersøkte stadane sør for Trøndelag. Vidare finn vi både i Trøndelag og i Nord-Noreg fleire grå markørar enn i kart 1, noko som altså seier oss at setninga får ein middels skår fleire stader enn kva tilfellet var for TYPE-setninga. Den einaste staden i Nord-Noreg der TYPEsetninga blir heilt avvist, er Hattfjelldal, og elles ser vi at begge setningene får ein middels skår i Sømna (det sørlegaste målepunktet i Nordland). Eit viktig poeng her er at det ikkje er nokon stad der vi finn det motsette mønsteret, dvs. at informantar godtek EKSEMPLARsetninga men ikkje TYPE-setninga. I kart 3 og 4 er det skilt mellom resultata for høvesvis unge og gamle informantar for EKSEMPLAR-setninga Korleis bil er din, og då ser vi ein tydeleg skilnad: På mange av stadane godtek dei yngre informantane setninga medan dei eldre ikkje gjer det. Dette tilseier at vi har ei utvikling i bruken av adnominal korleis i nordnorsk: Desse aldersrelaterte skilnadane kan tyda på at eldre informantar (i nokon grad) berre tillet korsn med substantiv når uttrykket er TYPEspørjande medan yngre informantar godtek det med både TYPE- og EKSEMPLAR-lesing. Med andre ord: Vi ser ei pågåande endring frå det systemet ein har t.d. på Austlandet til ein meir friare adnominal bruk. Vi skal komma tilbake til ein nærmare diskusjon av denne utviklinga nedanfor. I karta ovanfor ser vi at det også er markørar i Sverige og at det er tydelege skilnader mellom kart 1 og kart 2. Ordet som vart brukt i det svenske spørjeskjemaet, er hurdan, altså Hurdan bil har du? og Hurdan bil är din? Det er forholdsvis velkjent at dette ordet vert brukt adnominalt på svensk, sjølv om det av mange nok blir rekna som ganske arkaisk. Karta viser ganske tydeleg at det først og fremst berre er den første av desse, TYPE-spørsmålet som blir godteke, og då spesielt i Sør-Sverige. EKSEMPLARspørsmålet blir godteke på svært få stader. Såleis liknar det (sør-)svenske systemet for adnominal hurdan det vi finn for adnominal korleis på Austlandet. Når vi no har sett på spørjeskjemaresultata frå ScanDiaSyn, kan vi gå vidare og sjå på ein annan type data frå det same prosjektet, nemleg førekomstar av adnominal korleis i opptak av intervju og samtale. Resultat frå talemålsopptak På dei same stadane som det vart henta inn vurderingar av setningane i (4) og (5) og resten av spørjeskjemaet, vart det også gjort opptak med heimelsfolka, både korte intervju med dei einskilde og opptak av samtalar der to og to informantar sat i lag og snakka fritt. Kart 3 og 4: Aldersskilnadar i bedømminga av setninga Korleis bil er din? i Nordisk syntaksdatabase for Nord-Noreg. Kartet til venstre viser resultata for yngre informantar, kartet til høgre for eldre informantar. (Kvit markør = høg skår; svart markør = låg skår; grå markør = middels skår). 36

Desse opptaka er blitt lagt inn i ein avansert, søkbar database som vi har gitt namnet Nordisk dialektkorpus. I Nordisk dialektkorpus har eg funne 132 sikre førekomstar på adnominal korleis, mellom anna dei følgjande, eitt frå kvart av dei nordnorske fylka. kossjn skole ska du gå? (Beiarn, ung mann) kossjn hårfarrge har hann? (Medby på Senja, ung kvinne) har du nå fåssjlag te kossjn leka vi kann ha? (Kirkenes, ung kvinne) I tabell 1 er dei 132 førekomstane av adnominal korleis sorterte etter regionane Nord-Noreg, Trøndelag, Vestlandet, Agder og Austlandet, etter variablane kjønn og aldersgruppe og etter om dei etterspør TYPE eller EKSEMPLAR. Som kriterium for å skilja mellom TYPE og EKSEMPLAR har eg brukt om det i den aktuelle konteksten har vore naturleg å omsetja til bokmål med hva slags (TYPE) eller hvilken (EKSEMPLAR). men vi ser faktisk at det også er tilfellet for alle landsdelane. I prinsippet kan det skuldast at det finst meir opptak med yngre informantar og/eller at dei i opptaka i større grad stiller spørsmål til kvarandre enn kva tilfellet er med dei eldre det er ikkje blitt undersøkt nærmare. Om vi ser på totaltala først, er det for det andre eit delvis samsvar med spørjeskjemaundersøkinga i geografisk fordeling: Det er ein forholdsvis jamn førekomst av både TYPE og EKSEMPLAReksempel i Nord-Noreg og Trøndelag, og vi ser også at det er ein ganske tydeleg overvekt av TYPE-spørsmål frå Austlandet. Tala for Vestlandet og Agder samstemmer ikkje heilt med spørjeskjemaundersøkinga, i alle fall ikkje ved første augekast. For Agder og Nordvestlandet manglar det spørjeskjemaresultat, så i desse områda har vi mangelfullt samanlikningsgrunnlag. Men det viser seg at heile 12 av døma frå Vestlandet er frå Sokndal som ligg heilt sør i Rogaland, og talemålet her har mange trekk til felles med nabodialektane i Vest-Agder. Halvparten av Sokndal-døma igjen er Foto: Øystein A. Vangsnes. Tala vi har her, understøttar dei resultata vi har fått i spørjeskjemaundersøkinga. For det første er det ein tydeleg skilnad mellom yngre og eldre informantar ved at langt dei fleste døma er ytra av yngre informantar 112 mot 20. Dette er veldig klart for Nord-Noreg, Utsikt frå Medby på Senja der forskarar frå prosjektet Nordisk dialektsyntaks gjorde undersøkingar i oktober 2006. 37

EKSEMPLAR-etterspørjande. Pussig nok har alle dei fire informantane frå Sokndal avvist testsetningane i (4) og (6), og det kan såleis vera noko som har verka forstyrrande i testsituasjonen akkurat der. To av dei gjenverande vestnorske døma begge TYPE-refererande er frå Bud ytst i Romsdal, altså nær det trøndske målområdet, medan dei to siste er frå Luster og Fusa. Det at det er så få vestnorske døme samstemmer såleis med hovudinntrykket frå spørjeskjemaundersøkinga, nemleg at adnominal korleis er lite brukt der. Dersom vi vidare slår saman Sokndal med Agder har vi eit samanhengande område heilt sør i landet som med god grunn bør undersøkast nærmare tala tilseier at vi her har eit område som liknar på det trøndske og nordnorske ved at adnominal korleis blir brukt med både TYPE og EKSEMPLAR-lesing. Diskusjonen går 17. september 2011 skreiv Reidar Nielsen frå Kvalsund noko oppgitt følgjande i eit lesarbrev i Bladet Nordlys om språket i NRK sine lokalsendingar i nord: 38 Øvst: Tabell 1: Fordeling av adnominal korleis i Nordisk dialektsyntaks i ulike delar av landet. Nedst: Øystein A. Vangsnes (t.v.) intervjuar ein informant om spørjeord, i dette tilfellet i Älvdalen i Sverige. Foto: Henrik Rosenkvist.

Lokalt er flere av reporterne blitt alvorlig angrepet av «kossen-syken». De dialektiske spørreordene «ka slags», «kor» og «kas», er redusert til et eneste «kossen». På ein måte understøttar det vi har sett ovanfor, Nielsens observasjon. Vi har sett i materialet frå prosjektet Nordisk dialektsyntaks at korleis/hvordan har ein vidare bruk blant yngre enn blant eldre i Nord-Noreg er det ein god del eldre informantar som ikkje godtek setninga Korsn bil e din? medan dei alle fleste yngre informantane meiner slik seiemåte er i tråd med deira språkkjensle. austnorske mønsteret som eit første steg: Korleis blir brukt saman med substantiv, men berre med TYPE-lesing. I grammatisk forstand vil dette seia at korleis blir brukt som eit adjektiv, og dette mønsteret er det då vi har også blant mange eldre nordlendingar. Det neste steget i utviklinga blir så det trøndske og nordnorske hovudmønsteret med både TYPE og EKSEMPLAR-lesing. EKSEMPLAR-lesinga tilsvarar grammatisk sett at korleis blir brukt som det vi kallar determinativ. Vi kan setja dette opp slik: Vestnorsk Austnorsk Nordnorsk [-TYPE, -EKSEMPLAR] [+TYPE, -EKSEMPLAR] [+TYPE, +EKSEMPLAR] Den totale avvisinga av å bruka korsn/kossen og liknande former saman med substantiv som kjem fram både hjå Nielsen og i nokre av dei tidlegare avisinnlegga, er det derimot lite grunnlag for å støtta: Slik bruk er ein heilt naturleg del av talemålet i heile landsdelen. Men vi har altså påvist ei sannsynleg pågåande språkutvikling her: Frå at adnominal korleis berre blir brukt med TYPE-lesing, blir konstruksjonen også brukt med EKSEMPLAR-lesing. Ei pågåande utvikling Denne utviklinga kan vi sjå i eit vidare perspektiv dersom vi tek utgangspunkt i det geografiske hovudmønsteret for heile landet sett under eitt. Viss Vestlandet representerer utgangspunktet, det vil seia ein type dialekt der ein ikkje brukar korleis adnominalt i det heile, men berre som sjølvstendig ledd på setningsnivå, kan vi sjå på det 39

Det finst måtar å forstå denne utviklinga teoretisk. Utan å gå i detalj er hovudtanken er at vi har å gjera med ein grammatikaliseringsprosess: Overgangen frå adjektiv til determinativ gjer ordet «meir» grammatisk ved at det får ein spesifiserande funksjon. Grammatikken til spørjeord er ein særs dynamisk del av språket, kan det sjå ut som, og ulike språk delar opp dette feltet på ulike måtar. Ta til dømes ordet kor. Det spør i utgangspunktet etter stad, men det blir også brukt i spørsmål om grad som i Kor gammal er du?. For eit svensk øyre kan det høyrast rart ut, for svensk skiljer på dette punktet mellom var for stad (Var bor du?) og hur for grad (Hur gammal är du?). Men i sin tur brukar dei hur der vi har adverbiell korleis/hvordan, slik som t.d. i Hur mår du?. «Totalrekneskapen» i norsk og svensk for dette vesle utsnittet av grammatikken blir såleis det same to ord for tre funksjonar i begge språk, men med ulik oppdeling. Og samanhengen orda opptrer i, gjer den tilsikta tydinga eintydig nok. Det same er tilfellet når korleis/hvordan blir brukt saman med substantiv: Samanhengen gjer at tydinga framgår klart. Det er såleis ingen grunn til å slå ned på denne bruken verken når den blir brukt til å spørja etter TYPE eller etter EKSEMPLAR. For dei som sjølve ikkje brukar korleis/hvordan på denne måten blir utfordringa snarare å akseptera at andre har eit litt anna grammatisk system enn ein sjølv, og slik trening i språkleg toleranse kan vera nyttig for nokon kvar. Litteratur: Johannessen, Janne B. og Øystein A. Vangsnes. 2011: Nye nordiske isoglossar: Dialektforsking ved bruk av Nordic Syntactic Judgments Database (NSJD). Svenska Landsmål och svenskt folkliv, 2011: 69 78. Vangsnes, Øystein A. 2008a: Decomposing manner how in colloquial Scandinavian. Studia Linguistica 62:1, 119 141. Vangsnes, Øystein A. 2008b: Omkring adnominalt åssen/hvordan i Oslo-målet. I J. Johannessen og K. Hagen (red.): Språk i Oslo. Ny forskning omkring talespråk. Novus forlag, Oslo, 50 62. Vangsnes, Øystein A. og Janne B. Johannessen. 2011: Reconciling corpus and questionnaire data in microcomparative syntax: A case study from Scandinavian. F. Gregersen et al. (red.) Language Variation - European Perspectives III. John Benjamins, Amsterdam, 135 148. Nettstader: Heimesida for prosjektet Nordisk dialektsyntaks http://uit.no/scandiasyn Heimesida for Nordisk dialektkorpus og Nordisk syntaksdatabase http://www.tekstlab.uio.no/nota/scandia syn/ Forfatteren: Øystein A. Vangsnes er forskar ved CASTL Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics og har det siste tiåret leia eit omfattande nordisk samarbeid omkring utforskinga av grammatisk variasjon i det nordiske språkområdet, formalisert gjennom prosjekta Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) og Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS). Innanfor dette samarbeidet har han gjort feltarbeid på ulike stader i alle dei tre nordnorske fylka og mange andre stader i Norden. Hans eiga forsking fokuserer mellom anna på grammatikken til spørjeord og spørjesetningar. Vangsnes er elles ein aktiv formidlar, og skriv mellom anna om språk og språkvitskap på bloggen til nettstaden forskning.no. E-post: oystein.vangsnes@uit.no 40