Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015
INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø... 4 Elevane sitt psykososiale skulemiljø... 5 Skulemiljøutval og brukarmedverknad... 7 Førebyggjande arbeid... 8 Rutineskildring... 9 INNLEIING Mål for det psykososiale skulemiljøet: Alle elever skal oppleve et godt og inkluderande læringsmiljø som fremmer deira helse, trivsel og læring. Kap.9a i opplæringslova vert ofte kalla elevane si arbeidsmiljølov. Lova seier at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Lova gjev elevane ei rett til eit positivt og godt skule- og læringsmiljø. Saman med paragraf 11-1a gjev den også elevane og foreldra rett til medbestemming og rett til å klage når skulen ikkje arbeidar tilfredsstillande med skulemiljøet. Retten gjeld både det fysiske og psykososiale miljøet. I dette ligg det at skulemiljøet skal bidra til ei positiv utvikling av elevane si helse, trivsel og læring: - Eit skulemiljø som fremjar helse er eit skulemiljø som ikkje gjev elevane skader, sjukdomar eller helseplagar - Eit skulemiljø som fremjar trivsel er eit skulemiljø der alle trivst og gjer sitt til at elevane opplevar skulen som ein meiningsfull stad å vera - Eit skulemiljø som fremjar læring er eit skulemiljø som gjev elevane gode tilhøve for læring Dersom elevane meiner at rettane deira ikkje er sikra, kan dei sjølve eller foreldra deira be skulen retta opp moglege brot på lova. Føremålet med denne rutineskildringa er å gje dei tilsette på Alversund skule tydelege retningsliner for arbeidet med elevane sitt skulemiljø. Gjennom tydelege krav, god informasjon og aktiv deltaking på alle nivå skal ein saman syta for at elevane sine rettar vert oppfylte.
LOVGRUNNLAG OPPLÆRINGSLOVA Opplæringslova kapittel 9a Elvane sitt skulemiljø presiserar at kvar enkelt elev har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø. Dersom elevane meiner at rettane deira ikkje er sikra, kan dei sjølve eller foreldra deira be skulen retta opp moglege brot på lova. http://www.lovdata.no/all/tl-19980717-061-011.html Opplæringslova 11-1a om Skulemiljøutval inneheld føresegner om at alle skular skal ha eit skulemiljøutval. Skulemiljøutvalet skal medverka til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra blir aktivt med i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. http://www.lovdata.no/all/tl-19980717-061-013.html#11-1a FORVALTNINGSLOVA Føremålet med forvaltningslova er å gje den enkelte større rettstryggleik i møtet med den offentlege forvaltninga. Lova inneheld reglar for sakshandsaming og mellom anna pålegg ho skulen å informera om rutinane for enkeltvedtak, og at det er høve til å klage på slike enkeltvedtak. http://www.lovdata.no/all/hl-19670210-000.html KOMMUNEHELSETENESTELOVA Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule formulerer konkrete krav til det fysiske og psykososiale miljøet i skulen. Desse føresegnene og kapittel 9a utfyller kvarandre og må derfor vurderast i samanheng. http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19951201-0928.html INFORMASJON På Utdanningsdirektoratet sine sider ligg to presentasjonar, ein for representantar i skulemiljøutval og ein som kan nyttast til å informera foreldre/føresette og elevar om skulemiljøutvalet http://www.udir.no/laringsmiljo/skolemiljoutvalg/presentasjoner/
ELEVANE SITT FYSISKE SKULEMILJØ OPPLÆRINGSLOVA 9A-2 DET FYSISKE MILJØET Skulane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Om ein eller fleire elevar eller foreldra deira, meiner at skulen har eit fysisk skulemiljø som gjev dei ubehag, kan dei sjølve be skulen om tiltak for å betra tilhøva. Ei slik oppmoding bør vere skriftleg. I brevet skal dei peika på det som ser ut til å vera i vegen med det fysiske skulemiljøet, og gjerne koma med framlegg til kva som bør gjerast. Skulen skal handsama oppmodinga etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom den som ber om tiltak ikkje er nøgd med tiltaket, har han eller ho rett til å klage. Lokale mål for skulebygg og uteareal i Lindås (Kommunedelplan for skule 2010-2020) - Skulebygg og uteareal må stetta lovpålagte tekniske krav, krav om tryggleik og krav om eit godt inneklima (internkontroll) - Skulebygg og uteareal må utgjere eit heilskapleg læringsmiljø Kommunen har i kommunedelplan for skule (2010-2020:29) skildra prinsipp som skal leggast til grunn for utforming av skuleanlegg i kommunen. Med utgangspunkt i prinsippa skildrar planen også føringar for ombygging, tilbygging og påbygging av skuleanlegga, samsvar mellom bygg og pedagogikk, utforming av bygningsmassen og utforming av skulen sitt uteområde (ibid., s.30-38). Det førast årleg ekstern kontroll av alle apparata som er montert i skulen sitt uteområdet. Skulen skal sjølv føre jamleg intern kontroll av dei same apparata. Tilsette som oppdagar avvik i høve til 9A-2, skal straks melde frå til skuleleiinga.
ELEVANE SITT PSYKOSOSIALE SKULEMILJØ OPPLÆRINGSLOVA 9A-3 DET PSYKOSOSIALE MILJØET Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Det psykososiale miljøet i skulen handlar om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre. Det er ikkje lett å lage detaljerte reglar og forventningar til all åtferd. Lindås kommune har vedteke eit nytt felles ordensreglement som skal vere til hjelp for skulane og bidra til å stetta elevane sine rettar etter kap.9a i opplæringslova (PS 122/10). ORDENSREGLEMENT Føremål: Grunnskulen i Lindås skal ha eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulane skal vere prega av eit positivt og utviklande samarbeid mellom alle brukarar; elevar, foreldre og tilsette. Det skal vere ein tydeleg samanheng mellom arbeidet med skulen sitt læringsmiljø, ordensreglementet og den enkelte elev si sosiale utvikling. I tillegg til felles ordensreglement for alle skulane i Lindås, har Alversund skule utarbeidd sine lokale reglar for trivsel, orden og åtferd. Skulen sitt samarbeidsutval gjer endeleg vedtak om skulen sitt eige ordensreglement. Alversund har i tillegg utarbeidd ei internhandbok for oppfølging av ordensreglane. Dersom ein eller fleire elevar kjenner seg sjikanerte av krenkjande ord eller handlingar utan at skulen grip inn og stoppar krenkingane, kan dei sjølve eller foreldra vende seg skriftleg til skulen. Brevet bør peika på kva eleven kjenner seg krenkt av. Skulen må gjere eit enkeltvedtak når det kjem eit slikt brev. Dersom det ikkje blir gjort, eller dersom dei som sende det, ikkje er fornøgde med vedtaket, kan dei klaga på vedtaket. Ordensreglement for Alversund skule; sjå vedlegg
HANDLINGSPLIKTA Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle og gripe inn Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Regelen slår fast at alle som er tilsette ved skulen, har ei handlingsplikt som inneber - plikt til i å gjere undersøkingar, - plikt til å varsle rektor og - plikt til å gripe inn når det er naudsynt og mogleg. Handlingsplikta gjeld for alle som er tilsette ved skulen ved at dei har eit tilsetjingsforhold/ein arbeidsavtale med skuleeigar. I tillegg til undervisningspersonalet på skulen kan dette til dømes vere vaktmeister, assistentar, kontor- og reingjeringspersonale. For å sikre at intensjonane bak handlingsplikta blir følgd opp i det daglege arbeidet, har Alversund skule utarbeidd ei handlingsplakat for tilsette. Handlingsplakaten tar utgangspunkt i Systematisk tilsyn og veiledning som er eit opplegg utarbeidd av Atferdssenteret i Stavanger. Dei tre hovudkomponentane på Handlingsplakaten er: Bevegelse og scanning Positiv involvering og oppmuntring Handtere problemåtferd og varsling Det er og utarbeidd eit eiga hefte for tilsette, som gjer ei meir utdjupande forklaring på punkta i Handlingsplakaten. Handlingsplakaten skal vere lett tilgjengeleg for nytilsette og vikarar, og blir gjennomgått ved skulestart kvart år. Skuleleiinga har ansvar for å gjennomføre internkontroll i høve til handlingsplikta (J.f. årshjul/rutineskilding) Handlingsplakaten, sjå vedlegg
SKULEMILJØUTVAL OG BRUKARMEDVERKNAD OPPLÆRINGSLOVA 11-1A: Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Alle skular skal ha eit skulemiljøutval. Representantane skal ha opplæring, ta del i planlegging og gjennomføring av skulen sitt systematiske arbeid for å sikra elevane sitt arbeidsmiljø. Samarbeidsutvalet kan ta funksjonen som skulemiljøutval, men da må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei blir i fleirtal. På Alversund skule har SU funksjon som skulemiljøutval etter gjeldande reglar. Det første møtet i skuleåret haldast tidleg i oktober. Då har alle råd hatt tid til å velje sine representantar. På det første møtet går ein gjennom kva arbeidsoppgåver skulemiljøutvalet skal ha, og korleis ein kan utføre oppgåvene. Elevrådsrepresentantane skal kvart år ha eit eiga møte med rektor i forkant av første møte i SMU. Elevrådsrepresentantane får her ein eiga opplæring i opplæringslova og deira rolle i SMU. Materiell som blir nytta i dette møtet er mellom anna heftet frå Udir Elevane sitt skulemiljø, og brev frå Udir til elevrådsrepresentantar og elevrepresentantar i skulemiljøutval Skolemiljø på alvor.
FØREBYGGJANDE ARBEID - for eit systematisk arbeid med eit godt skulemiljø. 9a-4. Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. Jamlege tiltak - Klassemøte kvar månad der klassemiljø, skulemiljø og mobbing er tema - Elevrådsmøte kvar månad - Zippy, kvar veke på 1. trinn. - Fadderorning for elevar på 1. og 6. trinn. - Felles sosiale mål for skulen. Nytt mål kvar månad. Tilpassa klassetrinn. - Fellesarrangement på trinn, stortrinn og for heile skulen. Eige årshjul kvart skuleår. Alle tilsette skal arbeide for eit godt skulemiljø heile året. Tema blir jamleg tatt i ulike møtefora: - Fellesmøte pedagogisk personale, kvar veke. Leiinga deltek - Trinnmøte kvar veke. - Stor-team (1.-4. og 5.-7.trinn) annan kvar veke. Leiinga deltek. - Personalmøte SFO kvar veke. Leiinga kan delta. SFO-leiar deltek fast. I tillegg arrangerer skulen fleire arrangement på trinn-, stortrinn- og skulenivå. Fellesarrangementa er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet ved skulen. Det blir satt både sosiale og faglege mål for fellesarrangementa. Årshjul for fellesarrangement, sjå vedlegg
RUTINESKILDRING Rutine Eventuell tidfesting Ansvar Kapittel 9a i opplæringslova Gjennomgang av Kapittel 9a i opplæringslova og forebyggjande tiltak for alle tilsette også SFO August- ved skulestart (SFO-leiar) Ordensreglar Gjennomgang av ordensreglar samt Internhandbok for oppfølging av ordensreglane August- ved skulestart (SFO-leiar) Handlingsplan mot mobbing Gjennomgang av Handlingsplan mot mobbing. August- ved skulestart (SFO-leiar) Inspeksjonsplan Gjennomgang av inspeksjonsplan med pedagogisk personale og assistentar, - handlingsplakaten - rutinar ved fråvær August- ved skulestart Teamleiar Gjennomgang med føresette: - rett til enkeltvedtak j.f kapittel 9a for føresette på alle klassetrinn. - ordensreglement - rutinar for arbeid med elevane sitt psyksosiale miljø i klassen September Mars Kvart halvår- foreldremøte (Alle føresette skal ha informasjon, også dei som ikkje deltar på foreldremøte) Kontaktlærar Kontinuerlig arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og antimobbearbeid A) På storteam: - Førebyggjande tiltak og oppfølging av saker som vedkjem storteamet Kvar månad Teamleiar
B) På trinnteam med assistentar - Førebyggjande tiltak og oppfølging av saker som vedkjem trinnet Kvar månad Kontaktlærarar (Trinnteam-leiar) C) I kvar klasse Førebyggjande tiltak for og oppfølging av - Ordensreglar - Trivselsreglar - Klassemøte August- ved skulestart Følgje opp kvar månad gjennom heile året Kontaktlærar saman med elevane D) På individnivå - Samtalar med elevane - Utviklingssamtalar med føresette Gjennom heile året Kontaktlærar Kontinuerlig arbeid i samsvar med handlingsplikten ved krenkjande åtferd: Handlingsplikt Handlingsplakat - Friminutt er tema på kvart storteam. Gjennom heile året Alle tilsette Oppfølging Handlingsplan mot mobbing Oppfølging av Handlingsplan mot mobbing. - på skulenivå - på storteamnivå - på klassenivå - på individnivå - Kvart halvår - Kvar månad - Kvart klassemøte - Min. kvart halvår - Skuleleiing - Teamleiar - Kontaktlærar - Kontaktlærar Oppfølging av ordensreglar - på skulenivå - på storteamnivå - på klassenivå - på individnivå - Kvart halvår - Kvar månad - Kvart klassemøte - Min. kvart halvår - Skuleleiing - Teamleiar - Kontaktlærar - Kontaktlærar
Oppfølging av klage jfr. 9a-1- fatte enkeltvedtak Gjennom heile året Oppfølging av det kontinuerlige arbeidet med elevane sitt psykosoiale miljø og antimobbearbeid i alle ledd i organisasjonen Gjennom heile året Skuleleiing Internkontroll/Eksternkontroll Internkontroll Digital undersøking blant tilsette. - Handlingsplikta/handlingsplakaten - Klassemøte og felles sosiale mål - Ordensreglar og klassereglar - Info. til føresette om klagerett på enkeltvedtak Oktober og mars Ekstern Leikeplasskontroll Oktober Skuleleiing Skuleeigar Trivselsundersøking (1.-5.trinn) November og/eller mars Skuleleiing Internkontroll. Vernerunde. Forskrift om miljøretta helsevern November, vernerunde. og verneombod Internkontroll uteområdet Kvar månad Skuleleiing Elevundersøkinga (6.-7.trinn) November Inspektør Organ Skulemiljøutval (SMU) Minst 2 møter pr. halvår. Første møte tidleg i oktober Samarbeidsutval (SU) - uttalerett i saker som gjeld skulemiljøet. - Godkjenne ordensreglar. Minst 2 møter pr. halvår. Første møte tidleg i oktober SMU-leiar Elevråd - antimobbearbeid - skulemiljøet - Møte kvar månad - Kvart halvår - Kvart møte Kontaktlærar for elevråd Elevrådsleiar
Vedlegg: Mal enkeltvedtak Vedlegg 1 Handlingsplan mot mobbing Vedlegg 2 Ordensreglar for Alversund skule Vedlegg 3 - Internhandbok for oppfølging av ordensreglane Vedlegg 4 Årshjul fellesaktivitetar. Vedlegg 5 Årsplan for felles sosiale mål på skulen. Vedlegg 6 Handlingsplakaten Vedlegg 7 Kilder ressursar: Rundskriv Udir -2-2010 Retten til eit godt pyskososialt miljø etter opplæringslova kap.9a: http://www.udir.no/regelverk/rundskriv/20101/udir-2-2010---retten-til-et-godt-psykososialt-miljoetter-opplaringsloven-kapittel-9a/ Rettleiar til opplæringslova kap.9a: http://www.udir.no/laringsmiljo/laringsmiljo/veileder-til-opplaringsloven-kapittel-9a--elevenesskolemiljo/ Forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler: http://www.lovdata.no/for/sf/ho/xo-19951201-0928.html Materiell for heilskapleg arbeid med læringsmiljøet: http://www.udir.no/upload/laringsmiljo/materiell/bedre_laringsmiljo_materiell.pdf