Leikanger folkebibliotek. nytt lokale



Like dokumenter
Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SULA KOMMUNE Formannskapet

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: C61 Arkivsaksnr.: 15/

Tertialrapport 2 tertial 2015

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Les for livet - del 2 (Ref # )

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forslag frå fylkesrådmannen

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

MÅLET MED LESEÅRET 2010

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Kvalitetsplan mot mobbing

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Budsjett Økonomiplan

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

PROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem organisasjon

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Bustadområde i sentrum. Vurdering

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Sandeid skule SFO Årsplan

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Høring - finansiering av private barnehager

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Valdres vidaregåande skule

10/60-14/N-211//AMS

Forstudie Næringshage i Vinje

«Ny Giv» med gjetarhund

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Finansiering av søknaden

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

MØTEBOK Tysnes kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Samhandlingskonferansen Steinar Drægni Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter Frivilligsentralen i Årdal

Transkript:

Leikanger folkebibliotek nytt lokale Gunnar Steine, Ervin Beheim og Anne Brit Lauvsnes gjennomførde synfaring den 10.06.2015 kl 09.00 11.00. Synfaringa er bakgrunn for denne rapporten. 1) Bakgrunn: Leikanger kommune har sagt opp leigeavtalen med Saften AS med verknad frå 01.08.2015. Det er gjort ein avtale om at kommunen held fram med å leige ut året 2015. Hovudgrunnen til oppseiinga den 01.02.2015 var at lokale ikkje har blitt utbetra trass i lovnadar over fleire år. Leigearealet i Saften er 147 m2 bibliotek, og 37 m2 lagerrom. Husleiga har vore kr 360 000 i året. I ettertid har kommunen gjennomført innsparingstiltak, der biblioteketbudsjettet vart kutta med kr 250 000,- Kuttet må takast frå husleigebudsjettet, og derfor er det naudsynt å finne eit billegare, gjerne kommunalt eigd lokale frå 01.01.2016. Synfaringa vart gjort på skulane med rektor til stades og i Sorenskrivargarden. I tillegg sjekka ein ut to lokale som ikkje er kommunalt eigde, eit i bankbygget og eit i Saften. Det er viktig at eit folkebibliotek ligg sentralt og er enkelt å bruke for innbyggarane. Dette er presisert både av innbyggarar i Leikanger og fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane. Samtidig er det viktig med eit lokale som gjer rom for krav frå lov om folkebibliotek. Denne seier med anna: Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Lokalet til Leikanger folkebibliotek ligg i dag sentralt, men det er dårleg eigna til å vere ein arena for offentleg samtale og debatt, grunna liten plass.

Folkebiblioteklova seier òg at alle kommunar skal ha ei fagutdanna biblioteksjef, noko Leikanger ikkje har pr.dags dato. Me er pålagt å lyse ut stilling no, og dersom me har ein tanke om å prioritere og utvikle biblioteket, kan det hende me får gode søkarar. Dersom me ikkje får tilsett ein fagutdanna, må ein inngå ein avtale med nabokommunar for å sikre bibliotekfagleg kompetanse. Med tanke på kommunereforma kan det vere naturleg å ha eit auka samarbeid med nabokommunane. Like viktig i denne prosessen er å sikre eit bibliotek i bygda som ikkje er for kostnadskrevjande med tanke på husleige, slik at me får behalde eit bibliotek som eit godt og lett tilgjengeleg lågterskel-tilbod for alle i nærmiljøet. Synfaring/aktuelle lokale: a) Skulane: Å ha folkebibliotek på ein av skulane kan vere ein ressurs for skulen, og folkebiblioteket vil få auka besøkstal av den yngre garde. Men ingen av skulane ligg særleg sentralt, og ein vil miste dei besøkande som berre stikk innom på veg til butikk eller trening. Dersom folkebiblioteket skal ligge utanfor sentrum må ein ha god plass til bøker, datamaskinar og anna utstyr, eit rikt utstyrt og triveleg møblert lokale, og høve til å gjennomføre arrangement og debattar. På denne måten kan ein få folk til planlegge besøk på biblioteket, og erstatte «stikk innomfunksjonen» ein har ved å ligge sentralt. Leikanger ungdomsskule: Folkebiblioteket har vore plassert på ungdomsskulen (fram til 1990?), men vart så flytta til sentrum. Ungdomsskulen med elevtalet i dag har lite plass til overs. Skulebiblioteket vert nytta som delingsrom i dei timane klassane har behov for å vere i mindre grupper, og det er for lite til å ha eit folkebibliotek i. Dersom symjebassenget ikkje skal nyttast til basseng, er det eit stort rom med potensiale for fint folkebibliotek. Det er likevel så store utbetringar som må gjerast i dette rommet (golv, tak, vegger og vindauge må skiftast ut) at det vil vere like kostnadskrevjande som å bygge noko nytt. Leikanger barneskule: Barneskulen har idrettsanlegget rett utfor døra, og neste år vil det bli sett opp ein klatrepark i området. Dette gjer at folk oppheld seg i området i sommarhalvåret, og folk kan nytte biblioteket i samband med dei andre tilboda der.

Leikanger barneskule nyttar i dag alle romma dei har, men det blir kutt i klassetal og dermed frigitt litt areal dei neste åra. Samtidig kjem det nye tiltak rundt elevar med særskilde behov som krev fleire rom og betre plass og tek noko av dette arealet. Rektor ved barneskulen er i utgangspunktet positiv til å ha folkebibliotek der. Dersom ein hadde lagt det ved sidan av mediateket, kunne ein ha nytta dette rommet ved særskilde arrangement. Det er eit relativt stort rom vegg i vegg med mediateket og skulebiblioteket som i dag er delt i to med skyvedør. Her kunne ein nytta halve rommet til folkebibliotek, saman med skulebiblioteket og mediateket. Utfordringa er at skulebiblioteket vert nytta som datarom, og frå tidlegare erfaringar kan ein ikkje ha datautstyret til skulen ståande i same rom som skal nyttast av andre (det må ikkje gjerast endringar, då det må vere klart til neste dag, og i eit offentleg rom kan ein ikkje garantere dette). I tillegg er det innreia til eit rom for ein elev med særskilde behov rett bak, så det vil ikkje vere gjennomgang mellom dei romma. Ergo sit ein med eit rom på 50m2, som er for lite til folkebibliotek. Andre stader er ikkje aktuelt. Konklusjon: Det er ingen gode, ledige lokale på skulane, då alt vert nytta til undervisning, og skulebiblioteka har så vidt plass nok til å dekke eigne behov. Dersom ein skal ha folkebiblioteket på ein av skulane, må ein bygge noko nytt, noko ein heller då bør vurdere å gjere meir sentralt. b) Sorenskrivargarden: Sorenskrivargarden er gamal og ærverdig, og kunne gitt biblioteket «eit historisk sus». Det hadde vore flott at eit av dei gamle historiske bygga til administrasjonen i Leikanger hadde vore ope for folk. Bygget har svært mange små rom, og det kunne vore eit bibliotek med høve til å lage eit rom til kvart behov, «barnerom», «lokalhistorie» etc. Hovudutfordringa med Sorenskrivargarden er å få bygget universelt utforma. 1.etg har rullestolrampe og handicaptoalett, men ein kjem ikkje inn med elektrisk rullestol slik det er no. I tillegg er mange av dørene smale, og det er ulik høgde i dei ulike romma. Det å gjerast omfattande inngrep dersom ein skal få heile etasjen tilrettelagt for rullestolbrukerar. 1 etasje har elles alle fasilitetar som trengst, kjøkken, toalett, brannsikring etc. 2.etg har mange smale dører, ulik høgde i så og seie alle små rom, og bæreveggar og opprinneleg konstruksjon av bygget gjer det umogleg å gjere det universelt utforma. Dei som er tilsett på biblioteket i dag har heller ikkje helse til å bære mykje opp og ned trappene.

Dersom ein hadde fått sett inn heis, kunne ein sannsynlegvis ha fått delar av 2.etasje universelt uforma. Utearealet har stort potensial til å bli triveleg. Det må byggast ein ny tilkomstveg for rullestolbrukerar dersom ein skal nytte det til bibliotek. Det må med andre ord påreknast mykje arbeid i og rundt bygget dersom Sorenskrivargarden skal nyttast til bibliotek. Sorenskrivargarden stod tom etter at Nybø barnehage flytta ut. Askedalen barnehage leigde lokalet ein månad i vår, og deretter flytta ungdomsbasen inn i 1.etasje. Flyktningetenesta har nytta 2.etasje til undervisning og 1.etg til eit ope arrangement, og er særs positive til å ha undervisning og fleire arrangement i bygget. Ettersom kommunen skal ta i mot særs mange flyktningar, trengst det eit lokale til å gjennomføre aktivitetskravet som kommunen er pålagt ved busetting av flyktningar. I tillegg vil det kome aktivitetskrav til dei som får økonomisk sosialhjelp av kommunen frå 01.01.2016. Kva det betyr i praksis er enda ikkje klart, men det vil vere sannsynleg at ein treng ein stad til aktivitetar. Ungdomsbasen må vere i eit universelt utforma lokale, og har funne seg til rette i delar av 1.etasje. Flyktningtenesta kan halde til i 2.etasje. Konklusjon: Sorenskrivargarden er eit flott bygg som kan huse eit bibliotek dersom ein investerer i det med målet universell utforming. Standarden på bygget må i tillegg hevast generelt sett, med måling og ein del nye møbler. Dette kan bli ei god økonomisk løysing på sikt, men det må påreknast ein del utgifter i starten. Det er to spørsmål ein bør stille seg før ein evt.nyttar Sorenskrivargarden til bibliotek. Det første er om ein vil flytte biblioteket ut i frå sentrum. Det andre er kva ein skal gjere med dei andre tilboda som er der. Ungdomsbasen har funne seg godt til rette, og har plass til bordtennisbord, hockey-bord og anna utstyr som held ungdom i aktivitet. Dette vil det ikkje vere plass til dersom dei skal dele lokalet med biblioteket, og då vil ein anten gje eit dårlegare tilbod til ungdom, eller prøve og finne eit anna lokale til dei. Med ungdomsbasen, flyktningtenesta og teneste for funksjonshemma i same bygg, har ein høve til å få til eit godt samarbeid på tvers av einingane. Dette vil ein miste dersom biblioteket flyttar inn, anten fordi tilbodet (særleg ungdomstilbodet) ikkje blir like godt, eller fordi dei andre einingane flyttar ut (teneste for funksjonshemma). c) Bankbygget

Lokalet vegg i vegg med banken, midt i bygget, står tomt, og har gjort det lenge. Dette har ikkje vore så tydeleg før, men det tomme lokalet viser godt etter at bankplassen vart restaurert. Dette lokalet er til leige, utleigar er Sparebanken Sogn og Fjordane (Førde). Lokalet er stort nok til å dekke biblioteket sitt behov. Det er delt inn i eit stort rom og 5-6 kontor. Eit av romma har potensiale til å vere kjøkkenkrok og bøttekott. Det er ganske omfattande utbetringar som må gjerast (tak, golv, veggar), og derfor blir det berre leigt ut til interessentar som vil vere der over lang tid. Lokalet manglar toalett til besøkande, toalett for dei tilsette har ein i etasjen under. Lokalet er litt mørkt (lågt under taket), men plasseringa er flott. Å ha biblioteket plassert der vil vere eit siste løft for bankplassen, og føre til at fleire oppheld seg der. Konklusjon: Lokalet kan fint gjerast om til eit bibliotek, og plasseringa er ideell. Det ligg sentralt og bli eit siste løft for utbetringa av bankplassen. Det beste hadde vore om kommunen sjølv eig biblioteklokalet (med tanke på drift på sikt), men dersom ein får ein rimeleg og langsiktig leigekontrakt, kan dette bli eit godt bibliotektilbod. d) Saften, 3 etg (utfor hallen) I 3.etasje i Saften (utfor hallen) er det eit stort rom som enno ikkje er bygd ut. Det er om lag 350 m2 og kan byggast til å vere 2 etasjar. Det har to veggar som er utadgåande (kan ha vindauge), og har eit stort potensiale anten for kontorplassar eller til å gjere noko særskilt ut av det (både med tanke på utsikt og kor sentralt det er). Heisen er bygd for å gå opp til øvste etasje, så det vil vere lett og gjere begge etasjane universelt utforma i tilfelle det blir bygd ein etasje til. Lokalet er altfor stort til at biblioteket treng det åleine (særleg dersom ein vel og bygge to etasjar). Kulturscena i Leikangerhallen har vist at bruken av scena i kommunen er mykje oftare i bruk enn planen var. Rigginga i hallen slit både på golvet og på personalet. Ved eit evt.kjøp av dette rommet, vil kommunen eige heile etasjen sjølv. Saften vil bli ein møtestad for meir enn berre idrettsarrangement og treningar. I staden for å betale husleige, kan ein betale ned på lån. Det vert gjeve tilskot til kulturbygg gjennom spelemiddel-ordninga. Der kan ein få dekka 1/3 av utgiftene, og kulturbygg som samlar ulike kulturaktivitetar vil vere prioriterte. I tillegg kan ein legge til rette for at andre kommunale einingar kan ha kontor der i framtida, kommunestyret kan ha møte der (i universelt utforma lokale), og evt ein frivilligsentral og utstyrssentralen

der. Frivillige lag og organisasjonar vil òg kunne nytte lokalet ved behov dersom ein legg opp til det, og kanskje kunne musikklivet i Leikanger fått seg eit løft. Bibliotek som møtestad og debattarena handlar ikkje berre om å gjere biblioteket aktuelt, men gje folk eit godt liv ut frå satsinga på folkehelse. Sidan einsemd er ein av dei mest aukande utfordringane i samfunnet vårt, bør biblioteket nyttast som arena for å imøtekomme dette. Dette kan gjerast gjennom arrangement som eldrecafè, bokbad, barne-arrangement, leksehjelp, så vel som å arbeide for at folk skal oppleve at det er triveleg å stikke innom generelt i opningstidene. No når Leikanger kommune satsar på busetting av mange flyktningar, bør ein nytte biblioteket som ein lærings- og integreringsarena for denne gruppa (dette blir etterspurt av flyktningtenesta). Me veit òg at det vert ei veksande gruppe med eldre i kommunen vår, og dersom ein klarer å få biblioteket til å bli ein møteplass for denne gruppa, vil ein kanskje kunne nytte deira ressursar til å utvikle tilbod for andre. Mange bibliotek i Noreg i dag har filmkveldar, konsertar, teater, etc. Sidan me har eit samarbeid med nabokommunar og fylkesbiblioteket, ville det vore mogleg å hatt slike arrangement i Leikanger utan for mykje ekstra-arbeid. Eit kultursenter i bygda vil ein kunne ha stor nytte av, sjølv om det evt.skulle bli kommunesamanslåing. Konklusjon: Dette er eit lokale med stort potensiale, og biblioteket vil då bli ein del av ei større kultursatsing i kommunen. Ein kulturscene ved sida av eit bibliotek vil gje store høve til å løfte kultursatsinga i kommunen, og biblioteket kan bli ein debatt-arena og møteplass som det er meint å vere. Det vil bli mykje enklare for skulane, driftsleiar og frivillige å organisere kulturarrangement i kommunen vår. Samtidig vil golvet i hallen bli mindre slitt, og idrettslaga vil ikkje måtte avlyse treningane sine grunna arrangement i hallen. Dette vil bli ei stor investering, både for å kjøpe lokalet og å setje det i stand. Men ein vil ikkje ha leigeutgifter på det, og kommunen kan få dekka 1/3 av utgiftene i spelemidlar (max stønad er kr 1 500 000).