D/S Børøysund. Innreiing av lugarar og salong i forskipet m.m. Alf Storaas



Like dokumenter
D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

D/S Stord 1 Månadsrapport oktober - desember 2010

Galeas Svanhild. Boring av hol for propellgjennomføringar. Mikkel Rust

M/S Atløy. Rapport etter innredningen av 2. plass salong og lugarer for maskinist, kokk og folk

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

M/S GRANVIN. Rapport etter utbetring av dekk, våren Gunnar Furre. Hardanger Fartøyvernsenter Mai 2003 Rapport nr. 3/03

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

Dekklegging D/S Børøysund

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kulturhistoriske registreringar

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Fullriggeren JARRAMAS

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

«Ny Giv» med gjetarhund

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Brødsbrytelsen - Nattverden

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

M/S Stangfjord. Rapport etter fotodokumentasjon Gunnar Furre. HFS rapport nr Hardanger Fartøyvernsenter

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Arbeidsvekebok. Museet, Ny-Ålesund Tore Storm Jortveit

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Sandeid skule SFO Årsplan

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

D/S Oster. Innreiing av forskip og s.b. side hovuddekk Av Gunnar Furre. HFS rapport nr Hardanger Fartøyvernsenter

mmm...med SMAK på timeplanen

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Aurland kommune Rådmannen

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Notat om historie og kulturlandskap

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Samansette tekster og Sjanger og stil

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Forslag frå fylkesrådmannen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

D/S Hansteen. Dekk- og innreiingsarbeid Gunnar Furre. HFS Rapport nr Hardanger Fartøyvernsenter

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Vurdering av allianse og alternativ

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

M/B Fyk. Styrehus. HFS rapport nr Hardanger Fartøyvernsenter. Karsten Mæhl

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Brukarrettleiing E-post lesar

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Finansiering av søknaden

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Transkript:

D/S Børøysund Innreiing av lugarar og salong i forskipet m.m. Alf Storaas Rapport no. 8. 2001 Hardanger Fartøyvernsenter November 2001

Tittel: D/S Børøysund. Undertittel: Innreiing av lugarar og salong i forskipet m.m. Forfattar: Alf Storaas Utgjevar: Hardanger Fartøyvernsenter Utgjevingsår: 2001 Alle foto: Hardanger Fartøyvernsenter Skisser: Dag Thorstensen m. fl. Teknisk assistanse: Gunnar Furre 2

Innhald Innhald...3 1. Samandrag...4 1.1 Div. data M/S Børøysund...4 2. Førebuingar...5 3.0 Tilstand ved arbeidsstart...5 4.0 Kva går oppdraget ut på...5 5.0 Antikvariske retningsliner...5 6.0 Utførte arbeidsoppgåver...6 6.1 Skutesidene...6 6.2 Lyskassar...6 6.3 Rupanel skuteside (garnering)...7 6.4 Faspanel skuteside...7 6.5 Endeskotta...8 6.6 Bjelkelag i 3. plass salong...8 6.7 Dørk i 3. plass salong...9 6.8 Utskifting av dekksfelt på styrbord (hovuddekk)...9 6.9 Skott mannskapslugar...11 6.10 Himlingar, nedforing av bjelkar og listing...12 6.11 Benker 3. plass...12 6.12 Montering av skap, køyer, kommodar m.m...14 6.13 Dørar...17 6.14 Trappegangar...17 6.15 Postskap...19 6.16 Maling...20 7.0 Oppsummering/Vurdering...20 8.0 Dei som har vore med på arbeidet frå HFS...20 9.0 Produktoversyn/leverandørar...20 10.0 Hardanger fartøyvernsenter...21 11.0 Vedlegg:...21 3

1. Samandrag I samråd med Riksantikvaren har Norsk Veteranskibsklub bestemt seg for å arbeida systematisk mot å tilbakeføra Børøysund til 1935-utgåva. Dette tidspunktet er valt som eit kompromiss mellom fleire omsyn. Ønsket var å føra fartøyet så langt til bake i tid som mogeleg, men på same tid også sikra eit påliteleg dokumentasjonsmateriale. Tilbakeføringa av forskipet som det er tale om i denne omgangen omfattar både stål og trearbeid. Denne rapporten omhandlar trearbeidet som Hardanger Fartøyvernsenter utførte vinter/vår 2001. Naudsynt stålarbeid var då avslutta, likeeins var det gjennomført eit dokumentasjonsprosjekt som la grunnlaget for det trearbeidet som skulle gjerast. Arbeidet omfatta oppbygging av fem lugarar på hovuddekksnivå: styrmannslugar, båtmannslugar, fyrbøtarlugar, matroslugar og restauratørlugar. I tillegg kom oppbygging av 3. plass salong med tilhøyrande nedgangskappe. Når det gjaldt salongen og dei fleste av lugarane så eksisterte den gamle innreiinga. Denne blei sett i stand og supplert med manglande delar før den blei montert på ny. Vidare blei det bygt eit nytt postskap og eit felt av hovuddekket på styrbord side blei skifta ut. Arbeidet blei utført medan Børøysund låg på den faste plassen sin ved Festningskaien i Oslo. Me som stod for jobben budde om bord i dei månadane arbeidet pågjekk. Listverk og dørar m.m. vart prefabrikert ved verftet i Hardanger elles vart arbeidet utført om bord eller i verkstaden som vart oppretta i havneskur 29. 1.1 Div. data M/S Børøysund Byggestad: Trondheim Byggeår: 1908 Lengde: 108` 8 Breidde: 18` 3 Djupgang: 12` Tonnasje: 180 brt Hovudmaskin: Trippel expansion, 210 IHK Fart for maskin: 9 knop Tidlegare namn: Odin, Skjergar, Hyma Eigarar: Norsk Veteranskibsklub 4

2. Førebuingar Det er ikkje så ofte båtbyggjarane ved Hardanger fartøyvernsenteret får oppdrag ute i verda, men denne gongen altså i Oslo på D/S Børøysund som har fast plass ved Festningskaien. At oppdraget blei utført utanfor fartøyvernsenteret innebar at førebuingane måtte gjerast ekstra grundig. Alle detalj-teikningar forutan mykje anna dokumentasjon måtte vera på plass i god tid før oppstart. Dokumentasjonen vart utført av Dag Thorstensen som hadde kombinert spora om bord med opplysningar frå dei som i si tid hadde arbeidet sitt på Børøysund. Materialar vart tinga lokalt her i Hardanger. I denne samanhengen var det viktig at me fekk rette profilen på listverk, panel etc. og dessutan nok av dei ulike kvalitetane, dette ettersom supplering etter arbeidsstart lett ville forsinka arbeidet. Materialane vart tinga og sende til skur 29 der dei kunne lagrast, ein del maskiner vart også sende i same transporten. Me som skulle reisa måtte også førebu oss godt, ikkje minst måtte me avklara kor mange me skulle vera? Me enda opp med to fagarbeidarar og ein lærling. Skulle me vera fleire folk var me redde for at me ville koma til å gå litt oppå kvarandre med lågare effektiviteten som resultat. Skur 29 skulle vera lager og verkstad for oss i arbeidsperioden. Me reiste over fjellet den 7 januar 2001 og vart tekne i mot av Dag Thorstensen med frue som viste oss rundt og deretter innlosjerte på første klasse og i posthuset. Sidan me gjekk me i gang med å lokalisera butikk, bank og andre tilbod i nærområdet. Me vart særs godt mottekne; spandert middag på ute, ja alt var berre heilt flott, men no klødde me i fingrane etter å koma i gong. 3.0 Tilstand ved arbeidsstart Salong og lugarar i framskipet var reve ned i samband med reperasjon og skifting av stålplater i området. Skutesidene var altså reine for treverk, sandblåste og behandla. Dårlege plater var skifta ut og lampeskap var under oppbygging men ikkje ferdig. Alt stålarbeid skulle vera gjort til me kom, men dugnadsgjengen var ikkje komne heilt i mål. Dette førte til at me vart gåande litt oppå kvarandre, men det gjekk fint utan altfor store gnissingar og forsinking i framdrifta. Ein del av hovuddekket på styrbord side var rive og det var laga nye strekkplater og rennestein. I dette området var alt treverk fjerna, men nokre gamle spor fanst i den delen av hovuddekket som stod att. 4.0 Kva går oppdraget ut på Styrmannslugar, båtmannslugar, fyrbøtarlugar, matroslugar og restauratørlugar skal byggjast opp att så nær 1935-utgåva som mogleg. Det same gjeld 3. plass salong med tilhøyrande nedgang. Mykje av salong- og lugar innreiinga kan vera frå den perioden fartøyet skal representera. Delane er tekne vare på og skal tilbake på plass, med dei tilpassingar og utbetringar som må til. I tillegg til dette omfatta oppdraget bygging av postskap. Vidare skulle eit felt av hovuddekket på styrbord side leggjast på ny. Til sist skulle det leggjast innvendig kledning i nedgangen frå stormdekk ned til hovuddekk. (Skisse nr. 1 og 2) 5.0 Antikvariske retningsliner Her var kravet at me skulle bruka materialar så nær det opphavlege som mogleg, dette både med omsyn til dimensjonar, kvalitet og utsjånad. Også malingsarbeidet skulle halda ein tidstypisk standard. Vidare skulle me søkja å ta vare på mest mogeleg av den gamle innreiinga. Delar som var dårlege skulle setjast i stand utan å missa sitt opphavlege preg. Der delar mangla 5

eller ikkje let seg reparera skulle det lagast kopiar som låg så langt opp til originalen som råd var. Dette gjaldt t.d. dørene der det skulle lagast nye med utgangspunkt i ei eksisterande dør. For dørkane i lugarane innebar antikvariske omsyn at plankane skulle festast som før og deretter drivast og bekast. 6.0 Utførte arbeidsoppgåver 6.1 Skutesidene Spikarslaga i skutesidene er formskorne av 38 x 250mm ruplank furu. Desse vart retta av med ei rei slik at dei følgde forma til skutesida. Dei følgjer kanten av spantet frå oppunder dekk til dørk. Noko arbeid med avretting vart det, men mindre enn me hadde rekna med. Dette ettersom spanta hadde få bulkar og var jamne og fine. Spikeslaga er festa til spanta med franske skruer. Frå starten av har dei nok vore kilte mellom spanta, men ved seinare ombygging er det bora hol i spanta og spikerslaga er skrudde fast. Dette vart det ikkje endra på no. Figur 1: Spikerslag babord hoveddekk 6.2 Lyskassar Lyskassane vart tilpassa, skrudde saman og kilt fast mellom spanta. Kvar einskild kasse måtte tilpassast fasongen på skroget der den skulle stå, dette innebar mykje ekstraarbeid i forhold til om det hadde vore tale om serieproduksjon. Lyskassane ligg på ei linje der over- og underkant følgjer springet i båten medan dei vertikale sidene følgjer skotta, altså er dei i lodd. Ventilkassane har ein flens som underpanel og faspanel går inn på og vert festa til. (Skisse nr. 3) Figur 2: Snitt av skuteside ved lysventil Figur 3: Innkassing ventil 6

6.3 Rupanel skuteside (garnering) Mot skutesida vart det slått opp rupanel - 16 x 120mm med not og fjør. Panelen vart dobbelspikra med 2 ¼ spiker. Garneringa har ein spalte mot rennesteinen og likeeins oppe, slik at luft kan passera (Skisse nr. 4). Skutesidene vart slått opp før endeskotta kom på plass. Figur 4: Ventilkassar underpanel, hovuddekk Figur 5: Underpanel skuteside 6.4 Faspanel skuteside Faspanelen hadde dimensjonen 15 x 78mm. Denne blei slått opp liggjande etter at det var lagt eit lag forhudningspapp mellom panel og garnering, ei løysing som nok også har vore nytta tidlegare. Den dominerande linja i skutesida vert ventilane og møtet mellom skutesida og himlinga. For å sikra at linjene fekk rette løpet byrja me å panela i underkant av ventilane, slik det også var gjort andre stader om bord. Me panela altså frå ventil og ned og frå ventil og opp. Spaltene som blei ståande att oppe og nede er sers viktige for luftgjennomgangen. Då me skulle panela i 3. plass salong tok me utgangspunkt i den linja som overkanten av benken dannar, dette er den mest dominerande linja i dette rommet. Figur 6: Faspanel, babord hoveddekk Figur 7: Faspanel, 3. plass 7

6.5 Endeskotta Framgangsmåten her var den same som for skutesida, men her er faspanelen ståande, slik som i dei andre skotta. Figur 8: Akterskott 3. plass Figur 9: Akterskott 3. plass 6.6 Bjelkelag i 3. plass salong Høgda på bjelkelaget vart sett til litt over stålbjelkane som låg der. Det kan hende dette var ein tomme for lågt, dette fekk me indikasjonar på då trappa vart montert, men nokre sikre referansar på dette punktet har me ikkje. Det viste seg at benkene passa heilt. At jamvel 8

tversgåande listverk passa, tilseier at me trefte bra med høgda. Å tilpassa bjelkelaget var tidkrevjande då dette ligg mot ein ujamn betongkant. Bjelkane er laga av 3 x 5 furu. I aktre del av salongen ligg den nyinstallerte vasstanken. Her ligg bjelkane an mot tanken med ei høgd som varierer litt, men stort sett ligg på på rundt 2. Utsparingar for mannhol, vasstank og inspeksjonsluke vart laga. Figur 10: Bjelkar, 3. plass 6.7 Dørk i 3. plass salong Dørken er laga av 45 x 95mm glattkant furu. Den er spikra med to spiker i kvar plank for kvart festepunkt. Dørken har ikkje not og fjør og er lagt kant i kant. Den er ikkje driven eller beka, men pussa, smurd og gjort klar for belegg. Figur 11: Dørk, 3. plass Figur 12: Festing av dørk 6.8 Utskifting av dekksfelt på styrbord (hovuddekk) Etter at dårleg treverk var fjerna blei ny skandekksplanke laga, her kunne det ikkje feilast ettersom det var langt etter ny plank. Planken kom på plass og hakka i den vart merka etter kvart som dekksplankane vart tilpassa. Bak toalettet var dekksplankane kappa og tillaga med ein flens, dette i samband med sveising i dette området (sjå skisse 4). Då heile dekket var på plass vart det drive med to trådar og deretter beka, skrapt og smurt. Mot alt stål er det smurt med blymønje. Resten av dekket vart rabatta og drive med ein ny tråd, og deretter beka, skrapt og smurt. Det var gode forhold for å gjera dette no før skotta kom opp, og driving det trong dekket. 9

Figur 13: Før nytt dekk, hoveddekk Figur 14: Før nytt dekk, hovuddekk Figur 15: Nytt dekk, hoveddekk Figur 16: Skraping av hovuddekk Figur 17: Bolting gjennom lask 10

6.9 Skott mannskapslugar Merker etter gamle skott og gamal innreiing i dørken var viktige spor i arbeidet med å rekonstruera lugarane, men ikkje alle spora skreiv seg frå den relevante perioden. Når det gjaldt styrmannslugar, båtmannslugar og fyrbøtarlugar stemte spora overeins med det vi veit om forholda i 1935. Når der derimot gjaldt stuert og matroslugar måtte Dag Thorstensen basera dokumentasjonen sin på andre kjelder. (Når det gjeld valt løysing sjå skisse 6 og7) I åra etter 1947 var framskipet kledd med huntonitt, og løysingane frå denne epoken gav ikkje sikre haldepunkt i forhold til tilbakeføring. Korleis skotta skulle byggjast opp vart eit emne for diskusjon. Spørsmålet var om det hadde vore trønderpanel eller faspanel med rammeverk, vidare om det hadde vore ramme både mot dørk og himling. Det vart valt ei løysinga med svill mot dørk, trønderpanel og spikerslag mot dekk. Basis for denne avgjerda var at ein fann ein tilsvarande framgangsmåte i akterskipet (skisse 13), dessutan at det er funne restar av trønderpanel i forskipet. Det som kunne brukast av ramma (svillen) mot dørken er brukt, resten er laga nytt nytt. Figur 18: Sviller, skott til lugar Etter at ramma var lagt ut blei dørplasseringa fastsett, spikerslaga mot dekk plasserte og skotta kom på plass det eine etter det andre. Sjølv om det vart mindre arbeidsrom etter kvart, var det først og fremst tilfredstillande å sjå at ting tok form. Rammene er bolta fast gjennom dørken, og mellom ramme og dørk ligg det tjæra ullfilt. Dørkarmane vart sette på plass etter kvart då dei har eit spor som går inn i trønderpanelen. Då alle karmane var på plass lagde me malar til dørane og sende desse til fartøyvernsenteret slik at arbeidet med å laga desse kunne koma i gang. Likeeins var det ein del skapdørar og deler til skap som blei gjort ferdige i Norheimsund. Figur 19: Botnsvill mot korridor Figur 20: Dørkarm i skott til lugar 11

6.10 Himlingar, nedforing av bjelkar og listing Himlinga er nedfora frå dekket med 30 x 38mm lister som faspanelen er festa til. Himlinga er broten ved kvart skott. Bjelkane er nedfora og innlista som vist på skisse og bilete. Alle nedforingane for bjelkane er formskorne, og festa til himlinga med skruer. For boltar som ein må koma til er det laga utsparing eller ein kan skru ned ein del av himlinga. Lista mot skutesida ligg ligg ca. 1,5 cm ut frå sida slik at luftsirkulasjonen er sikra. (Skisse nr. 8) Figur 21: Panel skuteside, himling 3. plass Figur 22: Ferdig himling og skott 3. plass 6.11 Benker 3. plass Ein del av understellet til benkene eksisterte men kunne ikkje brukast då tilstanden var for dårleg. Alle benkene og ryggene fanst, det same gjaldt stokken (reima) desse er festa til og dessutan listverket. Det som no skulle skje var sers spennande, ville dei gamle delane som går frå skott til skott passa. Mikkel, som vart sett på oppgåva, laga først nytt benke-understell Desse har ein svak bue slik som skutesida, men er rette i kvar benkepute sin lengd. Nede mot dørken vart det laga hol for å sikra luftsirkualsjon. Reima som ryggstøa er festa til hadde same bogen mot skutesida som understella. Då benkene kom på plass og ryggstø og lister vart monterte, viste det seg at alt passa heilt utan tilpassing. Listverk vart pussa ned og smurt på nytt. Spikerslag for krokane til ryggstøa vart sette på plass, denne patenten gjer at ryggstøa kan hengast opp til køyer. Figur 23: Prinsippskisse, benker 12

Figur 24: Ekstra spikerslag for festing av krok for ryggstø Figur 25: Montering av understell, benker Figur 26: Benk, 3. plass 13

6.12 Montering av skap, køyer, kommodar m.m. Etter at lugarane var malte (eige punkt), byrja arbeidet med å montera innreiinga. - STYRMANNSLUGAR: Den gamle benken vart teken ned frå lageret og prøvd før den blei sendt til omstopping, den passa fint. Ramme m.m. vart laga medan gamalt listverk, kommode og vaskeskap blei pussa opp. Innlisting av benkerygg vart montert, likeeins kommode, skap, vaskeskap og dør. Dei gamle merka i dørken gav god oversikt over kvar ting hadde stått før. Figur 27: Skott og dørkarm, styrmannslugar Figur 28: Vaskeservant, styrmannslugar - BÅTMANNSLUGAR: Framgangsmåten var den same her som i styrmannslugaren. Også her fanst den gamle innreiinga: vaskeservant og to skap, samt benk som vart sendt til omstopping. Figur 29: Ramme benk og kommode, styrmannslugar 14

- FYRBØTARLUGAR: Denne lugaren har også den gamle innreiinga. Det som er nytt er skapdørane, desse er nye i alle lugarane (sjå skisse 9). Elles er inventaret følgjande: to køyer, bord, to skap og vaskeservant. Også i denne lugaren kunne me basera oss på gamle merker i dørk når det gjaldt plassering. Figur 30: Køyer fyrbøtarlugar Figur 31: Skap og servant fyrbøtarlugar - STUERTLUGAR: Denne lugaren har også den gamle innreiinga: skap, servant og benk, men her mangla ein kommode som stod plassert mot akterskottet. Benken vart omstoppa. - MATROSLUGAR: I denne lugaren er alt nytt bortsett frå servanten. Her var det litt diskusjon om sengene på babord side, me enda her opp med same løysinga som på styrbord side. Skuffene er dei gamle, men tilpassa mot skuteside. Skuffene er dei gamle i alle lugarane. Figur 32: Knekken på underkøye, matroslugar 15

Figur 33: Køyer matroslugar, b.b. side Figur 34: Køyer matroslugar s.b. side - 3 PLASS SALONG: Også her er det den gamle innreiinga som er komen tilbake på plass: benker, bord og servant. På dørken er det lagt linoleums belegg. Dette er delt på midten langskips, skøyten er dekka med ei messinglist. Belegget ligg inn mot benkene og her dekka av ei list. Belegget ligg laust, det er messinglista midtskips og dørklistene som held det på plass. Det er no laga ei luftelyre midt i rommet, på den staden der pipeløpet til omnen kom ned tidlegare. Målet er at dette tiltaket skal gje meir luft til salongen. Figur 35: 3. plass salong, mot nedgang Figur 36: 3. plass salong, forover 16

Det er ikkje klart kva tidsperiode innreiinga i salongen og lugarane stammar frå. Noko kan skriva seg frå tida før 1935, medan noko sikkert kom inn i samband med ombygginga dette året. Ein har uansett valt å bruke så mykje som råd av den innreiinga som har stått om bord. Tanken har vore at sjølv om ikkje all utrustning og innreiing kan tidfestast eksakt, så representerer desse delane i alle fall ein epoke i fartøyet si historie. Dørvridarar og diverse småting til lugarane som speglar, lampar krokar etc. var ikkje funne fram medan me var i Oslo. Dette er gjenstandar som Børøsund-folket nok får plass og som vil vera med å framheva det tidstypiske preget. 6.13 Dørar Lugardørene er laga nye. Unnataket er døra til maskinistlugaren som har vore mal for dei nye dørane. Når det gjeld dør ned til 3.plass salong så er det også den gamle som er komen på plass att (sjå skisse 10 og 11). Figur 37: Mikkel monterer ventilklaff 6.14 Trappegangar Ny nedgangskappe har medført at trappa ned til hovuddekk er forskyvd litt mot styrbord ca. 1 i toppen. Frå hovuddekket og mot trappa er det to lag faspanel med spikerslag mellom. Dei tilgjengelege spora tilsa at det hadde vore slik, men om desse skriv seg frå 1935 eller eit seinare tidspunkt veit me ikkje. Som nemnt er døra ned til 3. plass den gamle, det same gjeld karmen. 17

Dør og karm vart montert på ny og passa fint. Når det gjeld trappegangen ned til 3.plass, har me basert oss på erfaring og valt ei løysing med ståande panel på spikerslag, og der endane på panelen ligg mot trappevangen. Figur 38: Korridor ved mannskapslugar Figur 39: Trapp ned til 3. plass Stålkappa oppe på stormdekket er laga ny, identisk med den gamle. Kappa er kledd med tre og her var det slik at kledningen på babord side var i bra stand medan kledningen på styrbord side måtte skiftast. Kledningen på babord side kan vera den opphavlege, og den var utgangspunkt for den nye på styrbord side. Også himlinga vart laga ny. Det vart gjort ein malingsanalyse med utgangspunkt i dei gamle delane for å finna tilbake til den rette fargetonen. Luftelyra som kjem opp her må til blikkenslagar og justerast litt før montering (Sjå elles skisse 12). Når det gjeld gangen elles så håpar me å vera komne så nær 1935 -årgangen som mogleg. Det er her montert ei brei list opp mot dekk då det ikkje er himling her. Figur 40: Skott styrmannslugar Figur 41: Nedgangskappe, babord side 18

6.15 Postskap Når det gjeld postskapet så er det Mikkel som har vore i sving. Her har me hatt hjelp av gamle merker, bilete, innsamla opplysningar, samt skisser. Han gjekk fram på den måten at han brukte malar og laga så delane. Han tappa så skapet saman side for side og smatt så til sist sidene på plass, litt av eit puslespel! Me håpar at me er komne så nært det gamle skapet som mogeleg. Figur 42: Tapping postskap, babord side topp Figur 43: Postskap b.b. side og akterskott Figur 44: Postskap s.b. side 19

6.16 Maling Det er brukt linoljemaling på all panel og alle dørar. Trappene har Drygolin oljemaling Dørkane er smurde med Oxan gulvolje Møblane er smurde med Benar maritim olje. Alle kvister er smurde med kvistlakk før grunning. Lugarane er grunna med fortynna linoljemaling og har tre dekkstrøk. I siste strøket er det blanda inn 10% oxanolje. Gamal innreiing er grunna med fortynna olje og har 4 dekkstrøk. Køyene i matroslugaren er smurt med linoljemaling, det same er dørene og gangen. Postskapet er også malt med linoljemaling. Alle samanføyingar er smurt med blymønje, likeeins falsar og mot dekk. Det er ikkje brukt rull til malinga, berre kost då dette gjev rette strukturen. Mikkel var over fjellet att i byrjinga av mai for å mala korridor og nedgang. Fargen var ikkje klar før. Det viste seg dessutan at fargen ikkje var den rette, årsaka til dette kjenner me ikkje. 7.0 Oppsummering/Vurdering Me starta arbeidet den 7. januar og avslutta i byrjinga av april. Som nemnt vart det utført noko malararbeid etter dette tidspunktet. På alle vesentlege punkt har arbeidet gått etter planen, dette skuldast ikkje minst at det var gjort godt dokumentasjonsarbeid på førehand. Nokre spørsmål dukka sjølvsagt opp undervegs men desse let seg løysa på plassen i samråd med dei ansvarlege i laget. Når det gjaldt oppbygging av lugarar og salong var det gjeve eit pristilbod på førehand, medan arbeidet med innreiing, dørar og postskap føregjekk på timebasis. Samarbeidet med Dag Thorstensen har fungert strålande. Likeeins kontakten med Magne Hansen, og med Hans som har kome med posten og elles ein god del god informasjon. At representantar frå Riksantikvaren har vore nedom fleire gonger har me opplevd som svært hyggeleg. Samarbeidet med dugnadsgjengen har også vore godt. Interessa som medlemene viser varmar hjertene våre. Då me forlot Børøysund i første del av april kribla nok dugnadsgjengen etter å koma i gong med vårpussen. Ser me bort frå det faglege så er det vel torskemiddagen me vart inviterte på som toppar opphaldet. Det å bu, eta og arbeida på Børøysund har vore ei oppleving som me vil tenkja tilbake på med glede. Takk for oppdraget. 8.0 Dei som har vore med på arbeidet frå HFS - Jørn Bohlmann lærling - Mikkel Rust båtbyggjar - Alf Storaas båtbyggjar \ prosjektleiar - Maks Johannesen prod. dørar etc. - Geir Madsen økonomi \ dagleg leiar - -Morten Hesthammer støttespelar\ verftsformann 9.0 Produktoversyn/leverandørar MALING: -Vari linoljemaling kvit med ein dråpe blått. nr. NCS 0502-B 20

Brukt i lugarane og 3.plas -Gjøko linolemaling teak nr. 047 teak. Jotun Standard Skipskortet brukt i køyer matroslugar og benker 3.plass, vaskeservant matrosl. og 3.plas og rammer (sviller) for skotta -Drygolin oljemaling teak nr. 047 teak. Jotun Standard Skipskortet brukt i trappene -Benar maritim på lister og innreiing -Oxan gulvolje på dørk -Gjøko linoljemaling nr NCS S 3560-Y40R gang og kappe TREVARE: -I. Netland Trevarefabrikk 56 35 Hatlestrand: Div. furumaterial -Hardanger Fartøyvernsenter: Dørar FARGEANALYSAR: -NIKU V. Jon Brænne DOKUMENTASJON, SKISSER: -Dag Thorstensen 10.0 Hardanger fartøyvernsenter Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er eit av tre fartøyvernsentra med offisiell status som nasjonalt kompetansesenter innan fartøyvern. Fartøyvernsentra er utfyllande til verksemda innan det frivillige fartøyvernet og vanlege kommersielle verft. Dei har som særskild ansvar å samle inn og føre vidare kunnskap om restaurering, bygging og vedlikehald av verneverdige fartøy. I tillegg til å utføra dokumentasjonsoppdrag og større restaureringsoppdrag på verneverdige fartøy, driv senteret med formidling og informasjonsarbeid. Interesserte kan vende seg til: Hardanger Fartøyvernsenter Postboks 53 5601 Norheimsund Tlf: 56 55 22 77 Faks: 56 55 22 68 info.fartoyvern.no www.fartoyvern.no Publikasjonar: HFS gir ut faglege rapportar, hefte, bøker, årsmelding og det faglege magasinet Fartøyvern. Oppdatert oversikt over publikasjonar kan ein få ved å vende seg til adressa over. 11.0 Vedlegg: -Skisser 1-13 -Fargeundersøkelse v. forsker/malerikonseravtor Jon Brænne 21

Skisse nr. 1 22

Skisse nr. 2 23

Skisse nr. 3 24

Skisse nr. 4 25

Skisse nr. 5 Valgt løsning ved rep. sted toalett. Før gikk dekket helt frem til skottet. 26

Skisse nr. 6 27

Skisse nr. 7 Nedrevet kledning fra forskipet, himling, høyst sannsynlig det samme på skilleskott. Trønderpanel Mai 2000 Dag Th. 28

Skisse nr. 8 29

Skisse nr. 9 30

Skisse nr. 10 31

Skisse nr. 11 32

Skisse nr. 12 33

Skisse nr. 13 Skisse frå skott i akterskipet. Brukt som referanse i samband med oppbygging av skott i lugarane forut. 34