ÅRSRAPPORT FOR LANDBRUKET I NOTODDEN 2004 Notodden kommune, virksomhet for landbruk, areal og byggesak Notodden er ein av dei større landbrukskommunane i fylket. Årsrapporten skal gi eit innblikk i omfanget av næringsaktiviteten og dei mange oppgåvene kommunen har innafor landbrukssektoren. Blant resultata viser rapporten at landbruksforvaltninga gjennom sitt arbeid er med å tilføre 13,5 mill kr i ulike tilskot til miljø- og næringsverksemd i kommunen. UTVIKLINGSTREKK 2004 var eit historisk år for den lokale landbruksforvaltninga. Landbrukspolitikken har tradisjonelt vore sterkt statleg styrt. For fyrste gong hadde kommunen sjølv hand om ein del av dei juridiske og økonomiske verkemidlane. Dette gjeld vedtak etter jord- og konsesjonsloven, samt fordeling av dei økonomiske fagmidlane i landbruket. På denne bakgrunn fatta kommunestyret i Notodden 1. april 2004 for fyrste gong vedtak om strategiar og retningslinjer for bruk av statlege tilskotsmidlar til landbruket, totalt 1,59 mill kr for Notodden i 2004. Nyordninga førte til vesentleg større arbeidsmengde for den kommunale landbruksforvaltninga, men største delen av midlane blei bruka opp, og dei bidrog vesentleg til ein omfattande auke av aktiviteten i skogbruket i kommunen. Dei har også gitt oss høve til å iverksette utviklingsprosjekt innan skogbruk og kulturlandskap. Rammevilkåra for landbruksnæringa er i stadig endring. Kravet om billigare mat og andre råvarer som næringa produserer, er stort. Samtidig aukar krava til kvalitetssikring i forhold til miljø og dyrehelse. Med vår bruksstruktur og nordlege klima, er det vanskeleg å oppretthalde ein lønsam produksjon. Inntektene til næringsutøvarane blir redusert, samtidig som dei aktive brukarane også blir stadig eldre. Det er vanskeleg å mobilisere den optimisme som er nødvendig, for å skape ny vekst i landbruksnæringa. Ved generasjonsskifte er det eit fåtal som vel å oppretthalde den tradisjonelle produksjonen. Prosjekt Kompetansetiltak landbruk Med bakgrunn i satsingsområda i Landbruksplanen for Notodden 2002-2006, vart det i august 2003 starta opp eit kompetanseutviklingsprosjekt med prosjektleiar i 50% stilling. Notodden utvikling A/S, Innovasjon Norge og kommunen finansierer prosjektet (meir info på www.notodden.kommune.no). I 2004 er det gjennomført ulike tiltak for kompetanseheving. Aktivitetane spenner vidt, frå informasjon om biffring, studietur i økologisk landbruk, kurs i jaktsal, informasjonsmøte om minikraftverk, kursstøtte til deltaking på bioenergiseminar, grøn omsorg med meir. Bondens torg vart arrangert for fyrste gong 21. august, med svært godt resultat. 14 produsentar selde produkta sine frå boder på torget. I tillegg til landbruksprodukt, var det husflid og handverk. Prosjektleiar hadde lagt ned mykje arbeid på førehand, slik at det var enkelt for produsentane å delta. Det var god stemning på torget, kjøring med hest og kjerre, og levande dyr, i tillegg til ulike landbruks- og husflidsprodukt. Forretningsstanden i sentrum var svært godt nøgde med arrangementet og etterlyser meir av denne type aktivitet, for å få liv i sentrum. Notodden i sentrum vil gjerne vera medarrangør for nye torgdagar. I alt er det gjennomført 15 20 små og større aktivitetar dette året. Prosjektet blir vidareført i 2005, i avslutningsfasen med prosjektleiar i 20% stilling. Grøn omsorg Dette er eitt av satsingsområda i landbruksplanen. I Grøn omsorg brukar bonden gardens ressursar og seg sjølv for å gi spesialtilpassa omsorgs-, aktivitets- eller opplæringstiltak til ulike brukargrupper. Notodden har vore ein av 4 pilotkommunar i eit Grøn omsorg-prosjekt som Fylkesmannen har gjennomført i perioden 2002-2005. Landbruksavdelinga i kommunen har vore koordinator mellom enkeltbøndar og nøkkelpersonar i kommunen elles. I 2003 vart det starta 2 tiltak i Notodden. Resultata frå prosjektet er svært gode. Tilboda er verdifulle for brukarane og det blir rapportert om auka livskvalitet og mestring på nye område. Ved årsskifte er det 1,5 årsverk innan grøn omsorg på 2 bruk. Som pilotkommune i Fylkesmannens prosjekt, har vi fått refundert omlag 50% av kostnadane med våre tiltak, totalt kr 287.000. Kostnadar pr brukar har i prosjektperioden vore 580 780 kr pr dag. 1
Samanliknar ein med institusjonsplass til ca kr 3000 pr døgn, ser vi at vi får stor samfunnsøkonomisk gevinst av gode grøn omsorg tilbod. Utgifter pr brukar går dessutan ned, dersom kapasiteten utnyttast fullt ut. Noko ein ikkje har hatt i prøveperioden. Gardbrukarane er sjølvstendig næringsdrivande og har hatt ein timepris på kr 250 (sosiale utgifter inkludert). Hovudutfordringa for kommunen i sluttfasen av prosjektet, har vore å finne økonomisk dekning for vidare satsing. JORDBRUK 2004 var ein god vekstsesong, med nedbør stort sett i rett tid. Det har vore nødvendig med noko vatning til eng og korn. Det var relativt store kornavlingar, noko problematisk innhausting pga vanskelege tilhøve og med det sein innhausting. Avlingsskade i år vart meldt på solbær, jordbær og eple, pga frost i bløminga, og haglskade på eple, i alt 7 søknader. Desse vart ferdig handsama i 2004. Alle 7 fekk innvilga sine søknader, med utbetaling før nyttår. Produksjonstilskot Endringar av reglane om produksjonstilskot i 2002 førte til at bruk som har omsetning under kr 30.000 i året ikkje lenger får tilskot. I 2004 blei derfor talet på søkjarar redusert med 4, medan jordbruksareal med tilskot auka litt. Dette tyder på at areala ikkje går ut av produksjon, men blir leigd bort. Eit positivt trekk er at dyretalet, med unntak av høns, auka litt i 2004. Det vart behandla 234 søknader om produksjonstilskot i 2004. 77 av søknadene gjeld tilskot til dyrehald / økologisk landbruk, desse må søke 2 gonger i året. Talet på søknader er forholdsvis stabilt frå år til år. Sjølv om talet på søknader er stabilt, er dette ei svært arbeidskrevjande ordning for kommunen. Hovudårsaka til dette er at regelverket vert endra kvart år, som følgje av endringane i jordbruksavtala. Det var 60 søknader om tilskot til avløysing ved ferie og fritid, og 61 søknader om tilskot til endra jordarbeiding i 2003. Bygdeutviklingsfondet (BU) Innovasjon Norge handsama 6 søknader frå landbruket i Notodden i 2004. 3 saker gjeld tradisjonelt landbruk, 1 gjeld tilleggsnæring på landbrukseigedom, 2 gjeld regionale prosjekt. Det vart løyvd kr 432.000 i tilskot, med kostnadsoverslag på 1,6 mill kr. Smil- midlar ( spesielle miljøtiltak i jordbruket) Verneverdige bygningar: Det er løyvd kr 44.200 i tilskot til 1 søkjar. Det er ferdig godkjent 3 saker. Det er mottatt 7 søknader om tilskot til rydding av gammal kulturmark, for å opne opp i kulturlandskapet og til bruk som beite for dyr, løyvd tilskot kr 165.000. Det er gitt løyving til miljøretta omlegging i kornområda til 2 bruk. Midlar til områdetiltak er framleis prioritert i Notodden kommune. Formålet er å oppretthalde eller betre miljøkvalitetane i kulturlandskap og vassdrag. I 2004 vart det løyvd midlar til Områdetiltak i Lifjell, kr 70.000. Bu- og driveplikt Ein føresetnad for å overta ein landbrukseigedom er at eigaren bur og driv eigedomen i minst 5 år. Det er landbruksforvaltninga som fører oppsyn med at bu- og driveplikta vert følgd opp. Med bakgrunn i at det er få eigarskifte (jfr tabell side 4) i kommunen er det også få som søkjer fritak frå buog driveplikta. Ved årsskifte var det 7 eigedomar som har fått innvilga mellombels fritak frå buplikta på eigedommen eller som har slike søknader til handsaming. VILTFORVALTNING Elgjakta i 2004 ga den lågaste fellinga sidan 1992. 260 felte elg gav ein fellingsprosent på 75. Kjønns- og alderfordelinga av felte dyr er stort sett bra, men vi kunne ynskje oss eit noko høgare uttak av kalv. I tråd med målsetjingane for kommunen har elgstamma vorte redusert siste åra, men førebels så viser ikkje resultata noko auke i vektene. Det er grunn til å tru at vi ikkje har hatt ei reduksjonsavskyting i år, men bare har greidd å halde stamma på eit stabilt nivå. Dette har vore målsetjinga til kommunen og vil forhåpentlegvis føre til at tilgangen på kvalitetsbeite tar seg opp. Enkelte område i Notodden har nå forholdsvis lite elg, men den relativt store bestanden i storvaldet Lisleherad øst, er med på å dra gjennomsnittet for heile kommunen opp. Det er samla inn tenner frå alle elg i kommunen som er eldre enn kalv. Resultata vil bli presentert i ein rapport frå Faun Naturforvaltning i mars 2005. 2
SKOGBRUK 2004 var eit godt år for skogbruket i kommunen. Tømmerprisane har auka på dei fleste sortiment og avsetningstilhøva er gode. Sammen med målretta bruk av dei økonomiske virkemidlane som kommunen har fått ansvar for, har dette gitt en monaleg aktivitetsauke innan tynning og ungskogpleie. Tømmerhogst Hogst av tømmer for ordinært sal auka i 2004 med 21 % til 87 000 m3. Av dette er ca 8500 m3 tynning. Vi har ikkje god statistikk på omfanget tidlegare år, men det er svært mange år sidan det vart tynna over 1000-2000 m3 i året. Med eit uttak på 4-5 m3/da utgjer dette eit areal på snaue 2000 da. Dette er svært positivt med tanke på produksjon av kvalitetstømmer i framtida. Dessutan har aktiviteten medverka positivt til ei opning av skoglandskapet rundt om i kommunen. Planting og stell av ungskog Totalt var det 98 skogeigarar som investerte kr 1,34 mill kr i skogkultur siste år. Dette er ein auke på 70 % samanlikna med 2003. Med bakgrunn i at dei økonomiske fagmidla i landbruket blei overført til kommunal forvaltning, vart tilskot til markberedning og ungskogpleie gjeninnført med ein tilskotssats på 30 %. Gledeleg er det derfor at arealet med utført ungskogpleie viser ein auke på heile 127 %. Dette er oppsiktsvekkjande bra og viser at målretta arbeid gir resultat. Plantetalet viste også ein fin auke med 40 % til 113 000 planter. Sett i høve til hogstkvantumet og den beskjedne aktiviteten innan markberedning, er det likevel ikkje godt nok. Sidan nærare halvdelen av hogstkvantumet er gran, burde talet på planter vore auka med minimum 50 % for å gi tilfredsstillande tetthet i dei framtidige ungskogfelta. Vegbygging Aktiviteten innan vegbygging gjenspeilar at vi har hatt stor aktivitet dei siste åra. Det blei totalt ferdigstilt skogsvegar for 1,3 mill. kr i 2004. Det er ein vesentleg nedgang i høve til 2003. Dei ferdigstilte anlegga fekk kr 407.000 (34 %) i tilskot. Etterspørselen etter nye vegtilskot var noko mindre enn før, men alle som søkte om tilskot fekk innvilga sin søknad. Totalt kom det inn 7 søknader om tilskot siste år. Det vart løyvd kr 695 000 av dei lokale tilskotsmidlane til desse prosjekta. Skogskader/Miljø Kommunen har på oppdrag for Landbruksdepartementet også i år undersøkt helsetilstanden på våre 5 skogovervakingsfelt. Det er ikkje registrert svekka sunnhet i desse felta dei siste åra. Det er heller ikkje rapportert om andre skogskader eller stormfellingar siste år. Det var ein mindre skogbrann i Gransherad. KONTROLLTILTAK Som ledd i arbeidet med forvaltning av tilskotsordningane i landbruket, utfører avdelinga ei rad kontrollar av gjennomførte tiltak. Desse kontrollene er pålagt av staten. Kontroll av produksjonstilskot: 11 bruk er kontrollert. Det vart ikkje oppdaga avvik i høve til søknadane. Kontroll av endra jordarbeiding: Det blei kontrollert 4 bruk, her blei det ikkje oppdaga avvik. Kontroll av BU- og andre tilskuddsordningar: Det er gjennomført synfaring av ulike typer tiltak i planleggingsfasen, og kontroll ved ferdiggodkjenning. Kontroll av nye skogsvegar: Alle nye skogsvegar som har fått tilskott blir kontrollert, også i anleggsperioden. Dessutan blir enkelte andre byggesøknader kontrollerte etter tilfeldig utval. Eit anlegg er stoppa på grunn av at gjennomføring ikkje er i samsvar med vilkåra for byggeløyvet. Kontroll av hogstfelt: 10 hogstfelt frå 2003 er kontrollert. Resultata viste jamnt over tilfredsstillande foryngelse og miljøtilpassing på felta. Trass i miljøsertifisering er det eit problem at kjøreskader etter hogst ikkje blir tilfredstillande utbetra. Kontroll av skogkulturtiltak: 10 % av eigedomane som har utført tiltak er kontrollert. Dei fleste felta vart godkjent. På eitt felt blei det pålagt suppleringsplanting. 3
Nøkkeltal for landbruket i Notodden 2004 Skogbrukstiltak 2003 2004 Avverking (m3) 72.000 87.000 Bruttoverdi (kr/m3) 300 300 Nye skogsbilvegar (km) 6,8 0,2 Ombygging av skogsbilvegar (km) 9,3 3,7 Traktorvegar (varige vegar) (km) 5,7 1,0 Nyplanting (stk) 81.000 113.000 Ungskogpleie (da) 1.440 3.270 Markberedning (da) 852 183 Skogavgiftsfondet (kr) Skogeigaranes samla avsetningar til fond 2.993.082 2.962.418 Skogeigaranes uttak til investeringar 3.196.183 2.560.784 Dyretal (31.07) Mjølkeku 157 164 Ungdyr / Slaktedyr 531 601 Ammeku 109 121 Purker 38 39 Høner 17.614 15723 Sau (1 år eller eldre) 1.608 1605 Areal (da) Korn / oljevekstar 8.949 9010 Poteter 129 98 Eng / grønnfòr / beite 9.231 9.583 Utbetalt tilskot (kr) Produksjonstilskot 10.721.690 10.842.681 Avløysartilskot 914.413 1.041.137 Endra jordarbeiding 399.180 409.730 Bygdeutviklingsfondet 347.000 227.500 Kulturlandskapstiltak 207.100 193.025 Miljøretta omlegging i kornområde - 21.700 Andre jordbrukstilskot ( områdetiltak) - 15.000 Skogkultur 0 222.393 Vegbygging 1.477.093 426.655 Andre skogbrukstilskot 43.000 70.000 SUM TILSKOT 11.862.774 13.469.821 Viltforvaltning Tildelt elg 480 398 Felt elg 350 290 Viltfondet (tilskot løyvd) 100.000 173.700 Saker etter landbrukslovgjevinga Jordlova: Deling 9 8 Omdisponering 1 2 Andre saker 0 3 Konsesjon: Landbrukseigedomar 4 4 Andre eigedomar 3 0 Konsesjonsfrie erverv 4 11 Omsette landbrukseigedomar 8 15 Fritak for buplikt 1 4 Skoglova: Bygging av skogsvegar 16 Andre saker 4 4
5