Ny yrkesfagleg struktur- forslag til plassering av tilbod

Like dokumenter
Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Skolebruksplanen , høringsbrev

Høringsbrev for skolebruksplanen 2019/2020

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Skolebruksplanen , høringsbrev

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Saksnr Utval Møtedato UD 41/17 Utdanningsutvalet YN-13/17 Yrkesopplæringsnemnda

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2015

Ledig 2014/2015. Klassar 2015/2016

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58345/2013/A40 Jane Anita Aspen,

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H

Medlem medlem. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Medlem SP Gunn Berit Gjerde Medlem V

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2015/ Kim Atle Kvalvåg

2. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, skoleåret Søkjarar med ungdomsrett

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli 2019, per programområde. Lista vert ikkje oppdatert. Ta kontakt med den aktuelle skulen frå 12. august.

Avdelingsledere satte av tid til felles diskusjon i egen avdeling. Samlet innspill fra ansatte. Ansatte kunne også sende innspill via tillitsvalgte

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

1. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, skoleåret 2012/ Søkjarar med ungdomsrett

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

1. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal - skoleåret 2015/2016 Søkjarar med ungdomsrett

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

ADMINISTRATIVT VEDTAK Vedtaksdato Sak nr. Delegert myndighet A 07

Bergeland videregående skole Nivå Programområde navn 2018 Helse og oppvekstfag 27,9. Dalane videregående skole Nivå Programområde navn 2018

Ny Ålesundstruktur. Utbygging av de vidaregåande skolane mot 2025

1. ønske (Primærsøkjarar) til vgs i Møre og Romsdal 2015/ Ungdomsrett

Resultat 1. inntak pr 9. juli 2013

Statistikk i et utdanningsperspektiv - Rådgivingskonferansen Torbjørn Digernes Jakobsen rådgivar, statistikk

1. ønske (primærsøkjarar) til vgs i Møre og Romsdal 2014/ Alle søkjarar

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule

MULIGE LØSNINGER VED INNFØRING AV NY YRKESFAGLIG TILBUDSSTRUKTUR I TROMS

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Søkerstatistikk. Antall primærsøkere

Forskrift om inntak til videregående skoler og formidling til læreplass for Akershus fylkeskommune. Jf. forskrift til opplæringslova 6-2

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Totalt klassar 2012/2013. Totalt elevplassar 2012/2013. Ledige elevpl. 2012/2013

Tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Delrapport 5 Modell 5

Delrapport 7 Modell 7

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Vgs-tilbodet i Nordfjord

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Startpakke for Service og samferdsel

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Felles programfag på Vg2 i yrkesfaglige utdanningsprogram Tabell 17a Felles programfag på Vg2 bygg- og anleggsteknikk Anleggsteknikk Byggteknikk

Resultat førsteinntak 7. juli 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Godt nytt år og velkommen til rådgiversamling

Karaktergrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Vågsøy kommune Rådmann

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Polarsirkelen videregående skole

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kontrollutvalet - melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og statlege tilsynsrapportar

Struktursaken. Historikk. FT160/2016 Endringer i tilbudsstrukturen for videregående opplæring skoleåret

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Mette Belden Medlem UAVH Steffen Falkevik Medlem V Geir Inge Lien Medlem SP

Klassetilbodet for vidaregåande justert: Færre elevplassar alle med rett får plass

Søker kan endre søknad til og med 15. april og noen søknader kommer inn for seint. Derfor kan søkertallene endres noe utover våren.

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Merå. Kapasitet m kap. Vg1, Vg2, Vg3, Vg sum sum Endring 2 -

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Pål Farstad Medlem V Åge Austheim Medlem FRP Ina Beate Giske Medlem FRP

Oslo kommune Byrådsavdeling for oppvekst og kunnskap

Vår ref.: Lillehammer, 21. november 2013 Deres ref.:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Vedlegg 1: Klasser og elever skoleåret 2016/2017 per

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2019 131110/2018 Geir Løkhaug Saksnr Utval Møtedato UD 4/19 Utdanningsutvalet 07.02.2019 Yrkesopplæringsnemnda 19.03.2019 Ny yrkesfagleg struktur- forslag til plassering av tilbod Bakgrunn Våren 2018 vedtok regjeringa ny struktur for yrkesfaga. Den skal gjelde frå hausten 2020. Den nye strukturen vil medføre endringar i alle utdanningsprogramma. Endringane er mindre omfattande i nokre utdanningsprogram og her vil endringane kunne ivaretakast gjennom det ordinære skolebruksplanarbeidet. Det gjeld Elektrofaget, Helse og oppvekstfaget, Naturbruk og i all hovudsak Teknikk og industriell produksjon (TIP). Desse utdanningsprogramma er difor ikkje behandla i denne saka, med eitt unntak for TIP. Endringane er større i utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk og Restaurant og matfag. Endringane med delinga av utdanningsprogramma Design og handverk og Service og samferdsel er og omfattande. Fylkesutdanningssjefen sette hausten 2018 ned ei arbeidsgruppe frå opplæringskontor, arbeidstakarorganisasjonane og fagpersonar på utdanningsavdelinga. Arbeidsgruppa hadde som oppgåve å hjelpe til med å utarbeide eit kvalifisert grunnlag for ei sak til Utdanningsutvalet. Saka til Utdanningsutvalet skulle avklare nokre problemstillingar som til dømes plassering av tilbod der det er foreslått tidligare spesialisering og som gir eit behov for å samle tilbod til berre ein, eller eit fåtal skolar i fylket. Vedtaka i utdanningsutvalet skal brukast i arbeidet med ny skolebruksplan 2020/2023. Arbeidsgruppa utarbeidde eit forslag til struktur og denne vart sendt på høring i desember 2018. Det kom inn 23 høringssvar. I saka er innspela samanfatta og fylkesutdanningssjefen har gitt ei vurdering av dei under kvart utdanningsprogram. Innspela frå andre er kommentert under utdanningsprogrammet det gjeld. Generelle innspel er samanfatta og tatt med sist i saka. Innspela slik dei kom inn frå skolane og andre er i heilheit lagt ved saka. Høringsbrevet er og lagt ved. I saka er det både lagt inn forslaget frå høringsbrevet og eit endeleg forslag frå fylkesutdanningssjefen. (På endeleg forslag til struktur frå fylkesutdanningssjefen er det sett på eit figurnummer som og er brukt i forslaget til vedtak.) Hovudtrekka i ny yrkesfagleg struktur

Regjeringa vil utvide talet på utdanningsprogram frå åtte til ti. Utdanningsprogramma a) Design og handverk og b) Service og samferdsel er delt i to nye utdanningsprogram. Slik blir utdanningsprogramma frå 2020 - dei nye i kursiv: Bygg- og anleggsteknikk Elektrofag Helse og oppvekstfag Naturbruk Restaurant og matfag Teknikk og industriell produksjon Design og tradisjonshandverk Frisør, blomster- og interiørdesign IKT og medieproduksjon Salg, service og reiseliv 2) Tidligare og auka spesialisering Fleire elevar skal få spesialisering allereie frå Vg1. Fleire programområder vil og bli delt på Vg2. Mellom anna vil Vg2 Byggteknikk bli delt i Vg2 Tømrar og Vg2 Betong og mur. Vg2 Klima, energi og miljøteknikk blir delt i Vg2 Rør og Vg2 Ventilasjon, membran og taktekking. Vg2 Matfag blir delt i Vg2 Bakar og konditor og Vg2 kjøttfag og næringsmiddelindustri. 3) Fase ut lite etterspurde lærefag Det vert foreslått å fase ut lærefag som er lite etterspurte, dette gjeld mellom anna pianostemmarfaget, storurmakarfaget og industrisaumfaget. Desse faga har i fleire år nesten ikkje hatt lærlingar, og er ikkje lenger etterspurde i arbeidslivet. Dette er ikkje omtala i saka. Vurdering til tilbod som ikkje vert søkbare i Møre og Romsdal På Vg1: Frå høringsbrevet: Utdanningsprogrammet for Design og tradisjonshandverk blir ikkje eit søkbart tilbod i Møre og Romsdal. Fylkesutdanningssjefen meiner det ikkje er elevgrunnlag for å starte opp eit Vg1 tilbod innan utdanningsprogrammet. Det vil heller ikkje vere grunnlag for eit Vg2 då dette vil rekruttere direkte frå Vg1 utan moglegheit for eit kryssløp. (Starte på eit utdanningsprogram og fortsette på eit anna.) Høringssvar frå skolane: Borgund vgs: Skolen ønsker å tilby Vg1 Design og tradisjonshandverk og Vg2 Søm og tekstilhandverk. Skolen meiner å ha kompetanse og utstyr til å kunne tilby programområdet. Høringssvar frå andre: Utdanningsforbundet: Utdanningsforbundet ønsker at blir gitt tilbod om VG1 Design og tradisjonshåndverk og VG2 Søm og tekstilhåndverk ved ein skole i vårt fylke.

Opplæringskontoret for møbel, tre og mekanisk industri: Utdanningsprogrammet Design og tradisjonshandverk må vere søkbart i Møre og Romsdal frå 2020. Dei skriv vidare av nokre av Vg2-tilboda kan tas som eit kryssløp frå Vg1 Teknikk og industriell produksjon. Det blir halde fast på vurderinga om ikkje å sette i gang tilbodet. Andre tilbod som ikkje blir søkbare på Vg2: Frå høringsbrevet: Dette gjeld fleire tilbod som til dømes på Bygg og anleggsteknikk: Vg2 Overflateteknikk og Vg2 Treteknikk og på Salg, service og reiseliv: Vg2 Service og sikkerheit. Fylkesutdanningssjefen meiner det ikkje er elevgrunnlag for å starte opp desse utdanningsprogramma. Høringssvar frå skolar: Ålesund vgs: Skolen ønsker å tilby Vg2 Service og sikkerheit. Fylkesutdanningssjefen si vurdring: om å tilby Vg2 Service og sikkerheit blir behandla under utdanningsprogrammet Salg, service og reiseliv. til plassering av søkbare tilbod etter ny yrkesfagleg struktur Til sist i omtalen av kvart utdanningsprogram ligg eit forslag til kapasitet og plassering som skal vere førande i arbeidet med ny skolebruksplan. Endeleg fastsetting av plassering og kapasitet vert gjort i arbeidet med ny skolebruksplan 2020/2023. Den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen gjer at ein må vere forsiktig å lage ein struktur som gjer at samla klassetal kjem for høgt. Om ein legg inn fleire tilbod og på den måten aukar kapasiteten, må det bli tatt ut tilbod med tilsvarande kapasitet. Slik kan ein så langt råd unngå for mange elevplassar som ikkje blir brukt. Vi må og unngå for mange halvklassar framover. I forslaget har vi, med nokre unntak, forsøkt å ta i vare dette. Grunngjevinga er både elevtal og forventa søking og ei økonomisk vurdering. Å sette i gang halvklassar er monaleg dyrare enn heile klassar. I tillegg veit vi enda ikkje den konkrete fag- og timebyteplanen for dei nye programområda. Kor mykje dyrare ein halvklasse blir, er avhengig av kor mange unike programfagtimar kvar enkelt tilbod får. Eit eksempel kan til dømes vere Vg2 Tømrar og Vg2 Betong der nokre programfag kan vere felles, mens andre vil vere unike. Om ein kunne lagt strukturen med fleire halvklassar kunne nokon av dei føreslåtte samlingane av utdanningsprogram vore unngått, men i forslaget er ikkje dette gjort. Det har ført til at vi foreslår å legge nokre tilbod til berre ein skole i fylket og nokre tilbod er foreslått lagt til ein skole på kvar side av Romsdalsfjorden. Dette gjeld til dømes Vg2 Blomsterdekoratør, Vg2 Interiør- og utstillingsdesign, Vg2 Anleggsgartnar, Vg2 Ventilasjon, membran og taktekking og Vg2 Mur og betongfaget.

Frisør, blomster og interiørdesign Frå høringsbrevet: U- Skole Trinn kode Utdanningsprogram klasser plasser Kristiansund Frisør, blomster og vgs VG1 FBI interiørdesign 1,00 15,00 Vg2 FBI Frisør 1,00 15,00 Romsdal vgs vg 1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 2,00 30,00 vg 2 FBI Frisør 1,00 15,00 vg 2 FBI Blomsterdekoratør 1,00 15,00 Borgund vgs vg 1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 3,00 45,00 vg 2 FBI Interiør og utstillingsdesign 1,00 15,00 vg 2 FBI Frisør 1,00 15,00 Vg3 FBI Interiør 1,00 15,00 Ørsta vgs vg 1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 1,00 15,00 Vg2 Blomsterdekoratør er foreslått lagt til Romsdal vgs. Søkinga til tilbodet har vore liten. Vi trur ei flytting kan betre rekrutteringa. Høringssvar frå skolane: Borgund vgs: Skolen er kritisk til at Vg2 Blomsterdekoratør ikkje er eit tilbod sør for Romsdalsfjorden. Om det er elevgrunnlag, bør det vere eit Vg2 Blomsterdekoratør ved Borgund vgs. Ørsta vgs: Vg2 Blomsterdekoratør bør fortsatt vere søkbart ved skolen også frå 2020. Romsdal vgs: Skolen ønsker og å kunne tilby Vg2 Interiør og utstillingsdesign. Kapasiteten på Vg1 må då bli auka til 3 klassar. Høringssvar frå andre: Utdanningsforbundet: Utdanningsforbundet meiner at det er uheldig at tilbod som til no har vore plassert på distriktsskular er foreslått flytta til byskular eksempel nytt VG2 Blomsterdekoratør. Utdanningsforbudet vil at utdanningsprogrammet bør vere søkbart to stader i fylket, både nord og sør om Romsdalsfjorden.

Her det foreslått fylkestilbod både på Vg2 Blomsterdekoratør og Vg2 Interiør og utstillingsdesign. Fylkesutdanningssjefen held fast på vurderinga, først og fremst på grunn av forventa elevsøking. Figur 1 til ny struktur Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram klasser plasser Kristiansund vgs VG1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 1,00 15,00 Vg2 FBI Frisør 1,00 15,00 Romsdal vgs vg 1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 2,00 30,00 vg 2 FBI Frisør 1,00 15,00 vg 2 FBI Blomsterdekoratør 1,00 15,00 Borgund vgs vg 1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 3,00 45,00 vg 2 FBI Interiør og utstillingsdesign 1,00 15,00 vg 2 FBI Frisør 1,00 15,00 Vg3 FBI Interiør 1,00 15,00 Ørsta vgs vg 1 FBI Frisør, blomster og interiørdesign 1,00 15,00

Bygg og anleggsteknikk: Frå høringsbrevet: Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram plasser elevplasser Kristiansund vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 2,00 30,00 Vg2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 vg 2 BA Rørfaget 1,00 15,00 Sunndal vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Surnadal vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Tingvoll vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 0,50 7,00 vg 2 BA Byggteknikk 0,50 7,00 Fræna vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Gjemundnes vgs Vg1 BA Ingen tilbod Vg2 BA Anleggsgartnar (Kryssløp-naturbruk) 1,00 15,00 Romsdal vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 3,00 45,00 Vg2 BA Ventilasjon, membran og taktekking 1,00 15,00 Vg2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 vg 2 BA Anleggsteknikk 1,00 15,00 Borgund vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 5,00 75,00 Vg2 BA Betong og mur 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Vg2 BA Anleggsteknikk 2,00 30,00 Vg2 BA Rørfaget 1,00 15,00 Herøy vgs vg1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrerfaget 1,00 15,00 Ørsta vgs Vg1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 Vg2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 I sak T-87/16 vart det for Søre Sunnmøre vedteke å samle Bygg- og anleggsteknikk til Ørsta vgs.

Det bør vurderast om vedtaket skal gjennomførast saman med arbeidet med ny yrkesfagleg struktur. I sak T-87/16 vart det vedteke å vurdere å legge ned utdanningsprogrammet Byggog anleggsteknikk på Fræna vgs med verknad f.o.m. skoleåret 2021/2022 og flytte tilbodet til Romsdal vgs. Det bør vurderast om vedtaket skal gjennomførast saman med arbeidet med ny yrkesfagleg struktur. Høringssvar frå skolane: Borgund vgs: For Borgund vgs vil det bli utfordrande å ha 5 Vg2 tilbod som skal rekrutterast frå 5 Vg1 klassar. Skolen ønsker ei så brei vifte av tilbod som mogleg, men dette kan krevje at ein er meir fleksibel i høve til oppretting av små klassar. Fræna vgs: Skolen er positiv til at dagens struktur blir oppretthalden. Dei meiner behovet for fagfolk vil auke framover. Det vil og vere ei styrke for skolen at dei både får ha eit tilbod i Bygg og anleggsfag og eit tilbod om YSK (Yrkes- og studiekompetanse) i same utdanningsprogram. Skolen meiner at det ikkje er behov for å sjå på vedtaket om å flytte utdanningsprogrammet til Romsdal vgs no, fordi skolen reknar med at søkinga til Bygg- og anleggsteknikk vil auka i åra som kjem. Om ein ønsker å tilby Rørfaget i Romsdalsregionen, meiner skolen dette bør vere eit tilbod ved Fræna vgs. Skolen har lagt ved 3 intensjonsavtalar om læreplassar. Tingvoll vgs: Skolen støttar forslaget til ny struktur. Skole gjer merksam på ein feil i oppsettet. Tilbodet på Vg2 skal vere VG2 Tømrarfaget. Ørsta vgs: Skolen ønsker å tilby ei samleklasse med betong og mur, ventilasjon, membran og taktekking og rørfaget. (5 elevplassar i kvar). Skolen meiner at kapasiteten på Vg1 må aukast til 2 klassar og 30 elevplassar. Skolen støttar ei samling av Bygg- og anleggsteknikk til Ørsta vgs. (jf. sak T- 87/16) Romsdal vgs: Skolen støttar ei samling av Bygg- og anleggsteknikk til Romsdal vgs. (jf. sak T-87/16). Skolen meiner at det må gjerast ei utgreiing i samarbeid med næringslivet for å bestemme kva Vg2 tilbod som kan settast i gang for best å samsvare med behova dei har. Høringssvar frå andre: Utdanningsforbundet: Utdanningsforbundet meiner at ein ikkje skal gjere for store strukturelle endringar i tilbodsstrukturen i samband med denne saka. Viser til avsnittet i høyringsbrevet som omhandlar Bygg og anleggsteknikk og viser til det som står om ei eventuell samling av tilbodet i Romsdalsregionen. Forbundet meiner dette må takast i ein større og meir heilskapleg strukturdebatt. Hustadgruppen AS: Det må vere eit tilbod for Vg2 Rørfag på Romsdal vgs. Entreprenørforeninga - Bygg og Anlegg (EBA) Møre og Romsdal: Det må vere eit tilbod om Vg2 Betong og mur på Romsdal vgs.

Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk: Kontoret ønsker å auke kapasiteten på Romsdal vgs med 1 klasse og samtidig tilby Vg2 mur og betong ved skolen. Kontoret ønsker at Vg2 Ventilasjon, membran og taktekking også skal vere eit tilbod på Sunnmøre og foreslår det lagt til Borgund vgs. Rør-entreprenørene Møre og Romsdal: For å møte behova i næringslivet anbefaler dei at det vert oppretta eit tilbod om Vg2 Rør på Romsdal vgs. K. Nordang AS: Det bør vere ei line for utdanning av betongarbeidarar på Søre Sunnmøre. Ulstein betongindustri: Det bør vere eit tilbod innan betong på Søre Sunnmøre. Det er foreslått fylkestilbod både på Vg2 Ventilasjon, membran og taktekking og Vg2 Mur og betong. Fylkesutdanningssjefen held fast på vurderinga, først og fremst på grunn av usikkerheit knytt til elevgrunnlaget. Det har kome fleire ønske frå næringslivet om at Vg2 Mur og betongfag må vere eit tilbod på Romsdal vgs. Fylkesutdanningssjefen forslår difor å flytte Vg2 Mur og betong frå Borgund vgs til Romsdal vgs og samtidig flytte Vg2 Ventilasjon, membran og taktekking til Borgund vgs. Feilen ang Tingvoll vgs er retta opp. (Vg2 Tømrarfag) I sak T-87/16 vart det for Søre Sunnmøre vedteke å samle Bygg og anleggsfag til Ørsta vgs. Ørsta vgs har kapasitet til å ta i mot ei eventuell auke i søkinga. Tilbodet på Herøy vgs er difor tatt ut av forslaget til ny struktur. et må sjåast i samanheng med samlinga som blir foreslått på Restaurant og matfag. Kapasiteten på Ørsta vgs sett til 2 klassar på både Vg1 og Vg2. Det er ikkje førebels vurdert å samle Bygg- og anleggteknikk i Romsdalsregionen. Det vil ein kome tilbake til i skolebruksplana for 2021/2024.

Figur 2 til ny struktur: Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram plasser elevplasser Kristiansund vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 2,00 30,00 Vg2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 vg 2 BA Rørfaget 1,00 15,00 Sunndal vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Surnadal vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Tingvoll vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 0,50 7,00 vg 2 BA Tømrarfaget 0,50 7,00 Fræna vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Gjemundnes vgs Vg1 BA Ingen tilbod Vg2 BA Anleggsgartnar (Kryssløp-naturbruk) 1,00 15,00 Romsdal vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 3,00 45,00 Vg2 BA Mur og betong 1,00 15,00 Vg2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 vg 2 BA Anleggsteknikk 1,00 15,00 Borgund vgs vg 1 BA Bygg- og anleggsteknikk 5,00 75,00 Vg2 BA Ventilasjon, membran og ventilasjon 1,00 15,00 vg 2 BA Tømrarfaget 1,00 15,00 Vg2 BA Anleggsteknikk 2,00 30,00 Vg2 BA Rørfaget 1,00 15,00 Ørsta vgs Vg1 BA Bygg- og anleggsteknikk 2,00 30,00 Vg2 BA Tømrarfaget 2,00 30,00

IKT og Medieproduksjon Frå høringsbrevet: Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram Klasser elevplasser Kristiansund vgs Vg 1 IKT IKT og medieproduksjon 1,00 15,00 Vg2 IKT IKT-servicefag 1,00 15,00 Romsdal vgs Vg1 IKT IKT og medieproduksjon 1,00 15,00 Vg2 IKT IKT-servicefag 1,00 15,00 Ålesund vgs Vg1 IKT IKT og medieproduksjon 1,00 15,00 Vg2 IKT IKT-servicefag 1,00 15,00 Når kapasiteten er sett er det tatt omsyn til kapasiteten på det nye Utdanningsprogrammet Salg, service og reiseliv. Utdanningsprogrammet er nytt og det er vanskeleg å seie noko om søkinga. Tidligare kunne ein søke seg til Vg2 IKTservicefag frå alle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Høringssvar frå skolane: Ulstein vgs: Skolen er uroa over forslaget som skolen meiner er sterkt sentraliserande. Det vil medføre at IKT og medieproduksjon ikkje bli tilbode på Søre Sunnmøre. Skolen meiner regionane må ha eit likeverdig tilbod og at dei kan gje eit tilbod i faget. Romsdal vgs: Skolen støttar forslaget, men gjer merksam på at tidligare har søkinga til Vg2 IKT-servicefag kome frå andre utdanningsprogram enn Salg, service og reiseliv. Ålesund vgs: Skolen meiner kapasiteten er sett for lavt og bør vere på 2 klassar på vg1 IKT og medieproduksjon. Skolen har kapasitet og kompetanse til å tilby både Vg2 IKT- servicefag og Vg2 Medieproduksjon. Fylkesutdanningssjefen held fast på forslaget frå høringsbrevet. Utdanningsprogrammet er nytt og det er vanskeleg å seie noko om søkinga når elevane allereie må bestemme seg før dei søker på Vg1. Tidligare kunne ein søke seg til Vg2 IKT-servicefag frå alle Vg1-tilboda på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Det er ei likevel ei utfordring at tilbodet ikkje er søkbart på Søre Sunnmøre. Om ein ønsker å ha dette som søkbart her, vil det vere naturleg å plassere det på Ulstein vgs.

Figur 3 til ny struktur: Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram Klasser elevplasser Kristiansund vgs Vg 1 IKT IKT og medieproduksjon 1,00 15,00 Vg2 IKT IKT-servicefag 1,00 15,00 Romsdal vgs Vg1 IKT IKT og medieproduksjon 1,00 15,00 Vg2 IKT IKT-servicefag 1,00 15,00 Ålesund vgs Vg1 IKT IKT og medieproduksjon 1,00 15,00 Vg2 IKT IKT-servicefag 1,00 15,00 Restaurant og Matfag Frå høringsbrevet:

Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram klasser elevplasser Kristiansund vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 2,00 30,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Fræna vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Rauma vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Borgund vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 3,00 45,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 2,00 30,00 Vg2 RM Bakar og konditor 1,00 15,00 Stranda vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 0,50 7,00 vg 2 RM Kjøtt- og næringsmiddelindustri 0,50 7,00 Herøy vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Ørsta vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Restaurant og matfag eit tilbod som gitt på mange skolar. Det gjer at det dei siste åra har ikkje alle tilboda kome i gang. Søkinga har dei siste åra vore svak. Om ikkje søkinga tek seg opp, må ein sjå om det er grunnlag for det desentraliserte tilbodet innan utdanningsprogrammet. I sak T-87/16 vart det for Søre Sunnmøre vedteke å samle restaurant og matfag til Herøy vgs. Det bør vurderast om vedtaket skal gjennomførast i med arbeidet med ny yrkesfagleg struktur. Høringssvar frå skolane: Borgund vgs: Skolen har forståing for at Vg2 Kjøtt- og næringsmiddelindustri er foreslått lagt til Stranda vgs. Fræna vgs: Skolen støttar forslaget til plassering av tilbod. Stranda vgs: Skolen ønsker å kunne tilby både Vg2 Kokk og servitør og Vg2 kjøttfag og næringsmiddelindustri. Skolen ber om at kapasiteten på vg1 vert sett til 1 klasse og 15 elevplassar. Ørsta vgs: Skolen støttar ikkje ei samling av Restaurant og matfag til Herøy vgs. (jf. sak T-87/16). I tillegg ønsker skolen å tilby Vg2 Bakar og konditor. Kristiansund vgs: Kapasiteten på Vg2 Kokk og servitør bør vere 2 klassar. Høringssvar frå andre:

Ørsta kommune: Kommunen ser stor verdi i å ha nærheit til Ørsta vgs og tilbodet Restaurant og matfag. Kommunen vektlegg spesielt rekruttering til institusjonskokkefaget. Kommunen håpar av den grunn at utdanningsprogrammet framleis vil vere eit tilbod ved Ørsta vgs. Kapasiteten på Vg2 Kokk og servitør ved Kristiansund vgs er justert til 2 klassar og 30 elevar. Utdanningsprogrammet har ein struktur som er svært desentralisert som gjer det krevjande å få nok søkarar. I sak T-87/16 vart det for Søre Sunnmøre vedteke å samle Restaurant og matfag til Herøy vgs. Både Herøy vgs og Borgund vgs har no kapasitet til å ta i mot ekstra elevar. Tilbodet på Ørsta vgs er difor tatt ut av forslaget til ny struktur. Figur 4 til ny struktur Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram klasser elevplasser Kristiansund vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 2,00 30,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 2,00 30,00 Fræna vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Rauma vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00 Borgund vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 3,00 45,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 2,00 30,00 Vg2 RM Bakar og konditor 1,00 15,00 Stranda vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 0,50 7,00 vg 2 RM Kjøtt- og næringsmiddelindustri 0,50 7,00 Herøy vgs vg 1 RM Restaurant- og matfag 1,00 15,00 vg 2 RM Kokk- og servitørfag 1,00 15,00

Salg, service og reiseliv Frå høringsbrevet: Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram Klasser elevplasser Kristiansund vgs Vg 1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Vg2 SSR Salg og reiseliv 1,00 15,00 Romsdal vgs Vg1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Vg2 SSR salg og reiseliv 1,00 15,00 Ålesund vgs Vg1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Vg2 SSR Salg og reiseliv 1,00 15,00 Ulstein vgs Vg1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Når kapasiteten er sett er det tatt omsyn til kapasiteten på det nye Utdanningsprogrammet IKT og Medieproduksjon. Utdanningsprogrammet er nytt og det er vanskeleg å seie noko om søkinga. Elevane må no bestemme seg allereie når dei søker til Vg1. Høringssvar frå skolane: Ulstein vgs: Skolen er uroa over forslaget som skolen meiner er sterkt sentraliserande. Det vil medføre at Vg2 Sal og reiseliv ikkje bli tilbode på Søre Sunnmøre. Skolen meiner regionane må ha eit likeverdig tilbod og at dei kan gje eit tilbod i faget. Romsdal vgs: Skolen ønsker å behalde dimensjoneringa slik ho er i dag. Skolen ønsker at tilbodet om innovasjon og leiing skal vere med i saksframlegget. Ålesund vgs: Skolen meiner kapasiteten er sett for lavt, det bør vere 2 klassar på Vg1 Sal, service og reiseliv og at det bør vere eit tilbod på Vg2 Service og sikkerheit ved skolen. Dei ønsker fortsatt å ha eit YSK-tilbod innan faget. Kristiansund vgs: Det bør vere eit tilbod på Vg2 Service og sikkerheit ved skolen. Kapasiteten på vg1 må då aukast til 2 klassar. Høringssvar frå andre: Quality hotel, Ålesund: Hotellet skriv at dei er opptatt av at resepsjonist-faget blir tatt i vare. Då må Vg2 service og sikkerheit vere eit tilbod i fylket. På Ulstein vgs blir det lagt inn eit tilbod om Vg2 Salg og reiseliv. På Ålesund vgs blir kapasiteten auka til 2 klassar på Vg1 og det er forslag til tilbod om både Vg2 Sal og reiseliv og Vg2 Service og sikkerheit. Innovasjon og leiing ved Romsdal vgs er ikkje behandla i saken. Det er ikkje foreslått endingar i det tilbodet. YS-tilboda er ikkje ein del av saka. Elles ligg forslaget frå høringsbrevet fast.

Figur 5 til ny struktur: Skole Trinn U-kode Utdanningsprogram klasser plasser Kristiansund vgs VG1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Vg2 SSR Salg og reiseliv 1,00 15,00 Romsdal vgs Vg1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Vg 2 SSR Salg og reiseliv 1,00 15,00 Ålesund vgs Vg 1 SSR Salg, service og reiseliv 2,00 30,00 Vg 2 SSR Salg og reiseliv 1,00 15,00 Vg 2 SSR Service og sikkerheit 1,00 15,00 Ulstein vgs Vg 1 SSR Salg, service og reiseliv 1,00 15,00 Vg2 SSR Salg og reiseliv 1,00 15,00 Teknikk og industriell produksjon Frå høringsbrevet: For Teknikk og industriell produksjon er det ikkje lagt inn tabell. Endringa er i hovudsak at Vg2 Transport og logistikk er lagt til utdanningsprogrammet utan moglegheit til eit kryssløp. til plassering: VG 2 Transport og logistikk Fagerlia vgs, Kristiansund vgs Med 2 til 4 klassar Vg2 Transport og logistikk som no berre skal rekruttere frå Vg1 Teknikk og industriell produksjon, må vi vurdere om kapasiteten på Vg1 TIP er stor nok. Høringssvar frå skolane: Borgund vgs: Skolen meiner tilbodet bør bli lagt til Borgund vgs fordi skolen allereie har beslekta fag som Vg2 Køyrety og Vg2 Anleggsteknikk. Ørsta vgs: Skolen ønsker å tilby Vg2 Transport og logistikk ved skolen. Høringssvar frå andre: Transportbransjens opplæringskontor: Opplæringskontoret meiner at talet på elevplassar på vg2 Transport og logistikk må aukast. Ingen kommentarar til plassering av tilbodet. Kristiansund vgs: Kapasiteten på vg2 Transport og logistikk bør vere 2 klassar. Åm trafikkskule: Støttar at Ørsta vgs skal kunne tilby Vg2 Transport og logistikk.

Etter ei vurdering av romkapasitet og tilknyting til andre Vg2-tilbod innafor utdanningsprogrammet foreslår fylkesutdanningssjefen å plassere Vg2 Transport og logistikk på Borgund vgs og Kristiansund vgs. Elevgrunnlaget er ikkje til stades for eit Vg2-tilbod på Transport og logistikk på Ørsta vgs. Talet på elevplassar på Vg2 Transport og logistikk vert sett i arbeidet med ny skolebruksplan 2020-2023. Om ein må auke kapasiteten på Vg1 Teknikk og industriell produksjon vil ein kome tilbake til i skolebruksplanarbeidet. Høringssvar om andre utdanningsprogram: Høringssvar frå skolane: Kristiansund vgs: På utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag bør det vere eit tilbod om Vg2 Helseservice ved skolen. Dette blir behandla i det ordinære skolebruksplanarbeidet. Høringssvar frå andre: Molde kommune Molde kommune ber om at ved plassering av tilbod må det takast omsyn til elevgrunnlaget slik at så mange elevar som mogleg kan bu heime gjennom heile utdanningsløpet. Utdanningsforbundet: Dei vaksne sin rett til vidaregåande opplæring må synleggjerast i tilbodsstrukturen. Utdanningsforbundet meiner at denne gruppa sin rettar ikkje vert oppfylt i den noverande dimensjoneringa i tilbodsstrukturen. Vidare er Utdanningsforbundet opptatt av at lærarane må få nødvendig kompetanseheving som følgje av den nye strukturen. Ørsta næringskontor: I vurderinga av ny yrkesfagleg struktur bør fylkesutdanningssjefen gå i dialog med skuleleiinga ved Ørsta vgs for å saman lage dei beste framtidsretta tilboda for eksisterande linene og styrking av desse, men også sjå på dei framtidige trendar som skulen peikar på som satsingsområder. Dette skaper ein god, berekraftig og framtidsretta skule og kompetanse som næringslivet etterspør. Ingen kommentarar utover at nødvendig kompetanseheving av lærarar vil ein kome tilbake til når dei endelege læreplanane for dei aktuelle faga ligg føre. til vedtak: 1. Utdanningsprogrammet Design og tradisjonshandverk vert ikkje tilbydd i Møre og Romsdal 2. et til ny yrkesfagleg struktur i Utdanningsprogrammet Frisør-, blomster- og interiørdesign vist i figur 1, skal vere førande i skolebruksplanarbeidet for skoleåra 2020-2023.

3. et til ny yrkesfagleg struktur i Utdanningsprogrammet Bygg og anleggsteknikk vist figur 2, skal vere førande i skolebruksplanarbeidet for skoleåra 2020-2023. 4. et til ny yrkesfagleg struktur i Utdanningsprogrammet IKT og medieproduksjon vist i figur 3, skal vere førande i skolebruksplanarbeidet for skoleåra 2020-2023. 5. et til ny yrkesfagleg struktur i Utdanningsprogrammet Restaurant- og matfag vist i figur 4 skal vere førande i skolebruksplanarbeidet for skoleåra 2020-2023. 6. et til ny yrkesfagleg struktur i Utdanningsprogrammet Salg, service og reiseliv vist i figur 5, skal vere førande brukast i skolebruksplanarbeidet for skoleåra 2020-2023. 7. Vg2 transport og logistikk vert plassert på Borgund vgs og Kristiansund vgs. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 NYS - høringssvar frå skolane 2 NYS - høringssvar frå andre 3 Høringsbrev - ny yrkesfagleg struktur 4 Ny tilbudsstruktur for yrkesfaglige utdanningsprogram