saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 19.02.2019 16159/2019 May Britt Roald Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 05.03.2019 Fordeling av hoppid.no avklaringsmidlar 2019 Bakgrunn I sak om Handlingsprogram for økonomiplanen 2019 - Regional- og næringsavdelinga 2019, RN-4/19, låg det inne 3 mill. kroner til hoppid.no midlar for avklaring av forretningsidear for nyetablerarar. I denne saka er det lagt til grunn at minst 2 av 3 mill. kroner blir fordelt på kommunar innan distriktspolitisk virkeområde (midlar frå Kap.550.64). Den siste millionen (frå tiltaksfondet) kan fordelast på alle kommunar som har hoppid.no-kontor, dvs. alle kommunane i fylket bortsett frå Gjemnes. Kva er hoppid.no midlane? hoppid.no-avklaringsmidlar skal bidra til målet om fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal, ved å hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for å avklare vidare satsing. Poenget er å få avklart så tidleg som mogleg om ein forretningside er liv laga, og kva som trengs for å utvikle ideen til ei levedyktig bedrift. hoppid.no-midlane er ikkje i konkurranse med etablerartilskotsordningane til Innovasjon Norge, då midlane ikkje har same krav til innovasjonshøgde og nyskapingsverdi. hoppid.no-midlane er ofte den første offentlege støtta ein etablerar kan få før det blir aktuelt med oppstartslån eller andre finansieringsordningar frå Innovasjon Norge. Ordninga er unik for Møre og Romsdal. Retningsliner for hoppid.no-midlane er lagt ved. Meir vekt på verdiskaping i område med distriktsutfordringar 2 mill. kroner av hoppid.no-midlane er i 2019 finansiert frå dei regionale utviklingsmidlane over Statsbudsjettet, delmål 1.2. kap 550.64 Inkluderande og vekstkraftige lokalsamfunn i område med særlege distriktsutfordringar. 1 mill. kroner er finansiert frå det fylkeskommunale tiltaksfondet og kan fordelast over heile fylket. Bruk av hoppid.no-midlane i 2018 I 2018 har hoppid.no-kontora delt ut til saman 3 098 130 kroner til 193 gründarar i Møre og Romsdal. Gjennomsnittleg er det omlag 16 000 kroner til kvar gründar. I tillegg til avklaringsmidlar har dei fleste av gründarane nytta seg av tilbodet om rettleiing frå hoppid.no-kontora i kommunen. Det er fleire kommunar som har rapportert inn at dei har brukt opp pengane. I område med stor pågang er beløpet i kvar tideling lågare, slik at fleire har fått tilskot til nødvendige avklaringar.
Gründerbedriftene har i 2018 nytta midlane til å teste ut pilotar, forundersøkingar, produktutvikling, IPR-formål og marknadsavklaringar. Nokre har nytta midlane til studieturar og kompetanseheving for nødvendige autorisasjonar. Det er fleire som har nytta midlane til juridiske avklaringar og vidareutvikling av forretningsmodell. Det er mangfald i etableringane. På den eine sida ser ein at fleire av etableringane har sitt utspring frå næringar der ein frå før har naturgitte konkurransefortrinn. På den andre sida ser ein fleire etableringar innan kreative næringar og ny teknologi. Det er også gitt støtte til bedrifter der innovasjonsgraden og nyskapingsverdien ikkje er så høg, men der målet er å skaffe arbeid til seg sjølv og nokre tilsette. Tilbakemeldingar: Fylkeskommunen har gjennomført ei spørjeundersøking blant dei som fekk støtte i 2016 og 2017. Vi fekk svar frå 89 personar. Det er i underkant av 25 prosent av dei spurde som har svart. Det er noko lågare svarprosent enn tidlegare år (33 prosent). Årsaka kan vere at vi har gått 2 år tilbake i tid, medan vi tidlegare har spurt etter 1 år. Overlevingsgraden for desse gründerbedriftene er 85 prosent. På spørsmål om kva effekt avklaringsmidlane har hatt i forhold til vidare satsing, svarer 92 prosent med karakter 3, 4 eller 5 (skala 1-5), derav 44 prosent med karakteren 5 (svært stor effekt). Dei aller fleste av gründarane seier at dei har nytta kompetanse/nettverk hos dei lokale hoppid.no-kontora, og 87 prosent gir karakteren 3, 4 eller 5 (skala 1-5) på den hjelpa dei fekk der, derav 38 prosent med karakteren 5 (svært stor nytte). Om lag halvparten har delteke på hoppid.no sitt kurstilbod, og av dei som har delteke svarar 83 prosent med karakteren 3, 4 eller 5 (skala 1-5) på kva nytte det har hatt for dei, derav 26 prosent med karakteren 5 (svært stor nytte). 34 prosent har delteke på arrangement som gründerfrukost og -treff siste året. 97 prosent vil anbefale andre gründarar å søke avklaringsmidlar gjennom hoppid.no. 32 prosent seier dei er «ganske fornøgde» med utviklinga av bedrifta si, 40 prosent er «fornøgde» og 13 prosent er «svært fornøgde». 71 prosent trur bedrifta framleis er i drift om 5 år, medan 7 prosent ikkje trur det, og 22 prosent veit ikkje. Undersøkinga har også gitt ein god del tilbakemeldingar i kommentarform, som vil vere nyttige i den vidare utviklinga av hoppid.no. Nyskapinga «Gründervegen», som vi nå arbeider med, og som vil vere på plass i 2019, vil gi oss eit langt betre, og automatisk verktøy for tilbakemelding og å følgje gründaren, (kfr prosjektpresentasjon for regional- og næringsutvalet 4. desember). Gründerhistorier: hoppid.no-midlane vert i fleire samanhengar trekt fram som dei første avgjerande midlane for at gründarane gjekk vidare med forretningsideen sin. Her er nokre døme på gründarar som har fått hoppid.no-midlar: https://www.abdiaske.no https://www.bagid.com/ https://www.offbeatadventures.no/
Vurdering Grunnlag for fordeling av hoppid.no avklaringsmidlar 2019 Retningslinene angir at ramma blir fordelt til kommunane etter følgjande modell: 1. Eit likt grunnbeløp til kvar kommune 2. Restbeløp fordelt etter tal innbyggjarar i kvar kommune 3. Tilleggsløyving til kommunar med arbeidsløyse over tre prosent Fordeling av grunnbeløp Grunnbeløpet for 2019 er sett til 60 000 kroner per kommune. Det er tildelt alle, bortsett frå kommunar som har over 88 000 kroner ståande ubrukt frå 2018, som kan førast over og brukast i 2019. Den terskelen er vald fordi 88 000 kroner er gjennomsnittlig tildeling dersom ein fordeler tre mill kroner på 34 kommunar. Dette råkar kommunane Averøy, Giske, Hareid, Herøy, Sande, Sula, Ålesund (merka med oransje farge i tabellen under). Fordeling etter innbyggjartal 1 110 000 kroner av ramma blir deretter fordelt i høve til kommunen sin del av innbyggjartalet i fylket. Grunnlaget er innbyggjartal pr. 1. januar 2018 frå Statistisk Sentralbyrå. Fordeling etter arbeidsløyse Kommunar som har opplevd vesentleg nedgang i sysselsettinga, og som framleis slit med høg arbeidsløyse, er prioritert med ekstra tildeling (gul merking i tabellen). 270 000 kroner av ramma vert difor fordelt slik: 1. Kommunar med fire prosent eller meir av arbeidsstokken heilt ledig i januar 2019 får 60 000 kroner ekstra. Det gjeld Hareid og Herøy. 2. Kommunar mellom tre og fire prosent arbeidsløyse får 30 000 kroner ekstra. Det gjeld Kristiansund, Fræna, Volda, Ulstein, Sande. Ulik mengde overførte midlar gjer at det vert en viss skilnad mellom kommunane når ein ser på kor mykje hoppid.no midlar dei til saman har til disposisjon i 2019. Fylkeskommunen vil følje opp kommunane og partane i hoppid.no slik at ein utløyser fleire gode gründerprosjekt, som får nytta seg av hoppid.no avklaringsmidlar og Innovasjon Norge sine ordningar. Oversikt over bruk av hoppid.no midlane i kommunane i 2018: Kommune Tal gründerbedrifter tildelt hoppid.no midlar i 2018 Sum disp. hoppid.no midlar i 2018 Tal nyetableringar 2017 Ubrukte midlar 31.12.2018 Ålesund 12 332 809 444 94 103 Molde 11 216 410 267 20 662 Kristiansund 16 197 435 221 435 Ørsta 12 173 028 96 1 202 Fræna 7 115 824 76 824 Haram 8 142 026 60 41 263 Volda 5 112 146 78 15 054 Sula 12 128 748 62 104 708 Herøy 4 183 538 59 101 504
Ulstein 5 198 443 72 68 100 Giske 3 164 265 65 109 946 Sykkylven 5 87 249 48 0 Rauma 7 127 445 72 40 506 Sunndal 4 84 865 49 0 Vestnes 8 102 564 65 0 Surnadal 9 80 087 33 0 Averøy 5 114 542 37 123 663 Hareid 2 187 730 39 127 296 Skodje 3 169 559 39 68 206 Stranda 8 105 375 27 0 Aure 3 70 046 30 0 Aukra 3 149 865 25 88 000 Eide 5 139 476 24 78 329 Vanylven 5 85 424 17 36 601 Tingvoll 5 118 030 22 58 470 Nesset 7 95 418 31 18 101 Sande 2 155 645 16 95 629 Ørskog 0 86 622 20 86 554 Smøla 4 109 052 23 34 052 Midsund 0 63 738 10 63 635 Norddal 11 81 970 5 0 Halsa 3 71 701 15 1 701 Sandøy 4 141 222 4 49 022 Stordal 2 79 212 5 0 Sum 193 4 471 509 2174 1 527 566 Rindal kommune er tatt ut av statistikken. Kommune Tal innb. 1.1. 2018 ledigejan 2019 Prosent Andel innb Grunnbeløp Ålesund* 47 510 2,5 18,12 % 0 Molde* 26 900 2,3 10,26 % 60 000 Kristiansund 24 300 3,2 9,27 % 60 000 Fordelt etter tal innb. 201 Tillegg for høg arbeidsløyse Forslag tildeling 2018 Overført frå 2018 Sum til disp 2018 134 201 134 94 103 295 237 113 881 173 881 20 662 194 543 102 874 30 000 192 874 435 193 309 Ørsta 10 812 2,5 4,12 % 60 000 45 773 105 773 1 202 106 975 Fræna 9 775 3,4 3,73 % 60 000 41 383 30 000 131 383 824 132 207 Haram 9 345 2,3 3,56 % 60 000 39 562 0 99 562 41 263 140 825 Volda 9 188 3,2 3,50 % 60 000 38 897 30 000 128 897 15 054 143 951 Sula* 9 131 2,2 3,48 % 0 38 656 38 656 104 708 143 364 Herøy 8 965 4,2 3,42 % 0 37 953 60 000 97 953 101 504 199 457 Ulstein* 8 555 3,3 3,26 % 60 000 36 218 30 000 126 218 68 100 194 318 Giske* 8 292 1,7 3,16 % 0 35 104 35 104 109 946 145 050 Sykkylven 7 695 1,6 2,93 % 60 000 32 577 92 577 0 92 577 Rauma 7 507 2,2 2,86 % 60 000 31 781 91 781 40 506 132 287 Sunndal 7 119 1,8 2,72 % 60 000 30 138 90 138 0 90 138 Vestnes 6 559 2,2 2,50 % 60 000 27 768 0 87 768 0 87 768
Surnadal 5 978 1,8 2,28 % 60 000 25 308 85 308 0 85 308 Averøy 5 859 2,7 2,23 % 0 24 804 24 804 123 663 148 467 Hareid 5 150 4,1 1,96 % 0 21 803 60 000 81 803 127 296 209 099 Skodje* 4 680 1,8 1,78 % 60 000 19 813 79 813 68 206 148 019 Stranda 4 587 2,0 1,75 % 60 000 19 419 79 419 0 79 419 Aure 3 593 1,7 1,37 % 60 000 15 211 0 75 211 0 75 211 Aukra 3 557 2,9 1,36 % 60 000 15 059 0 75 059 88 000 163 059 Eide 3 440 2,8 1,31 % 60 000 14 563 0 74 563 78 329 152 892 Vanylven 3 187 1,1 1,22 % 60 000 13 492 73 492 36 601 110 093 Tingvoll 3 078 1,6 1,17 % 60 000 13 031 73 031 58 470 131 501 Nesset 2 946 2,7 1,12 % 60 000 12 472 0 72 472 18 101 90 573 Sande 2 522 3,5 0,96 % 0 10 677 30 000 40 677 95 629 136 306 Ørskog* 2 267 2,2 0,86 % 60 000 9 597 69 597 86 554 156 151 Smøla 2 172 2,3 0,83 % 60 000 9 195 69 195 34 052 103 247 Midsund 2 049 1,2 0,78 % 60 000 8 674 68 674 63 635 132 309 Norddal 1 670 1,6 0,64 % 60 000 7 070 67 070 0 67 070 Halsa 1 571 2,7 0,60 % 60 000 6 651 66 651 1 701 68 352 Sandøy 1 263 2,5 0,48 % 60 000 5 347 65 347 49 022 114 369 Stordal 972 1,9 0,37 % 60 000 4 115 64 115 0 64 115 1 620 1 110 SUM 262 194 100,00 % 000 000 270 000 3 000 000 1 527 566 4 527 566
Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler 2 mill. kroner frå dei regionale utviklingsmidlane kap.550.64 i Statsbudsjettet, og 1 mill. kroner frå tiltaksfondet, tilsaman 3 mill. kroner slik: Kommune Forslag tildelt 2018 Ålesund 212 006 Molde 180 037 Kristiansund 198 435 Ørsta 108 247 Fræna 133 619 Haram 101 701 Volda 131 000 Sula 40 746 Herøy 100 005 Ulstein 128 175 Giske 37 002 Sykkylven 94 338 Rauma 93 499 Sunndal 91 767 Vestnes 89 269 Surnadal 86 676 Averøy 26 145 Hareid 82 981 Skodje 80 884 Stranda 80 469 Aure 76 033 Aukra 75 873 Eide 75 350 Vanylven 74 221 Tingvoll 73 735 Nesset 73 146 Sande 41 254 Ørskog 70 116 Smøla 69 692 Midsund 69 143 Norddal 67 452 Halsa 67 010 Sandøy 65 636 Stordal 64 337 SUM 3 000 000 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 hoppid.no avklaringsmidlar 2019 - retningsliner Bergljot Landstad regional- og næringssjef