Deponi Stordalen - vurdering av verknader på naturmangfaldet Samandrag Statens vegvesen Region vest er i gong med å utarbeide reguleringsplan for deponering av masser i Stordalen, ved Ulvedal i Stryn kommune. I samband med dette Norconsult AS har gjort vurderingar av kva verknader tiltaket vil ha på naturmangfaldet. Området vart synfare den 9. september 2017, og det vart ikkje gjort funn av viktige naturtypar, raudlisteartar eller svartelisteartar. På bakgrunn av dette vil verknadene av tiltaket vere små, men det foreslåast likevel nokre avbøtande tiltak: At deponiet revegeterast naturleg etter at utfyllinga er ferdig, at ein ser på om ein kan spare eit område med litt større ospetre vest i deponiområdet, og at ein forsøker å leie overflatevatn utanom i anleggsperioden. J03 2017-11-14 Klar til bruk med oppdatert kart Torbjørn H. J02 2017-10-06 Klar til bruk etter gjennomgang av kommentarar frå oppdragsgjevar Torbjørn H. B01 2017-09-20 Førebels versjon for kommentar hos oppdragsgjevar Torbjørn H. Versjon Dato Omtale Utarbeidet Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. 2017-11-14 Side 1 av 5
1 Innleiing Statens vegvesen skal utarbeide reguleringsplan for ny fv. 698 mellom Blakset og Robjørgane i Stryn kommune. Prosjektet omfattar i all hovudsak bygging av ein ny Blaksettunnel som skal erstatte dei eksisterande tunnelane Blakset 1 og Blakset 2, då desse ikkje kan utbetrast for å møte krav i tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesveg m.m. I tillegg skal vegvesenet utarbeide reguleringsplan for eit massedeponi ved Ulvedal, om lag fire kilometer sørvest for veg- og tunnelanlegget. I dette notatet vert det gjeve ei kortfatta vurdering av verknadene dette massedeponiet vil ha på naturmiljøet, sett opp mot naturmangfaldlova. 2 Metode Eksisterande informasjon om artar og naturtypar vart henta inn frå dei elektroniske databasane Naturbase (Miljødirektoratet 2017) og Artskart (Artsdatabanken 2017). I tillegg vart området synfare kortfatta av økologane Torbjørn og Lars Jørgen Rostad frå Norconsult, og Eli Mundhjeld frå Statens vegvesen. Synfaringa vart gjennomført den 9. september 2017, med gode tilhøve for registrering av karplanter, mosar og lav. På synfaringstidspunktet var det lite markbuande sopp å finna i området, noko som tydar på ein dårleg sesong for desse lokalt sett. På bakgrunn av dei innsamla dataa er det gjort ei kortfatta vurdering av verdiar i området, og kva verknader tiltaket vil ha på naturmiljøet innanfor planområdet. Til grunn for arbeidet ligg DN-handbok 13 om naturtypekartlegging (Miljødirektoratet 2007), norsk raudliste for artar (Henriksen og Hilmo 2015), norsk raudliste for naturtypar (Lindgaard og Henriksen 2011) og norsk svarteliste for artar (Gederaas m.fl. 2012). 3 Naturverdiar Det ligg ikkje føre registreringar av naturtypar eller raudlisteartar frå området i Naturbase og Artskart. Området har generelt sett låg verdi for naturmiljøet. Søraust for fv. 698 er det berre granplantasjar og hogstflater, nærast utan urter og gras (Figur 1). Nordvest for vegen er det noko meir variasjon, med ei blanding av hogstflater, tresett beitemark og noko meir naturleg skog med dominans av osp, bjørk og furu. Skogen er næringsfattig og vert dominert av vanlege artar som blåbær, tyttebær, fugletelg og smyle (Figur 2), medan skogsbeitet har eit tydeleg gjødsla preg med mellom anna myrtistel, krypsoleie, engsyre, sølvbunke og blåkoll. Det som eventuelt kan seiast å ha verdi for naturmiljøet er at det finst enkelte nokså store ospetre i skogen vest i planområdet (Figur 2, Figur 3), men denne skogen er framleis nokså ung. Desse trea har nok først og fremst verdi som potensielle hekketre for spetter, og hadde ikkje verdifull mose- og lavflora. Litt nordaust for resten av deponiet ligg det eit lite massetak som òg vart undersøkt. Det vart ikkje funne artar av spesiell verdi her. Det er ikkje registrert opne bekkar i planområdet, berre eit fuktdrag opp mot vest. Planområdet ligg i god avstand frå fjorden. Det vart ikkje funne svartelisteartar innanfor planområdet. 2017-11-14 Side 2 av 5
Figur 1. Søraust for fv. 698 består planområdet av granplantasjar og hogstflater nærast utan gras og urter. Figur 2. Lengst nordvest i planområdet er det fattig boreal lauvskog med enkelte litt større ospetre. 2017-11-14 Side 3 av 5
4 Verknader Tiltaket inneber at mesteparten av planområdet vert fylt ut med sprengstein frå tunneldrivinga mellom Blakset og Robjørgane (Figur 3). Slik sett vil det gi arealbeslag innanfor eit naturområde. Slik deponiet er avgrensa vil det føre til at dei større ospetrea vest i planområdet går tapt, men vurderinga vår er likevel at det ikkje råkar viktige naturverdiar. Tiltaket vil ikkje føre til avrenning til opne bekkar eller til fjorden. Figur 3. Kart som viser anslått avgrensing for deponiet i Stordalen, vist med blå koter, og ny fv. 698 etter at deponiet er fylt ut. Den raude polygonen i vest viser området med større ospetre som på sikt kan bli verdifulle for biologisk mangfald. 5 Usikkerheit og høve til lovverket Etter til naturmangfaldlova 8 skal alle offentlege vedtak som råkar naturmangfaldet bygge på eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. Planområdet for deponiet er lite og oversiktleg, og for artsgrupper som uansett er til stades i vekstsesongen, slik som karplanter, mosar og lav, er det pårekneleg at vi fekk registrert desse på ein god måte. Når det gjeld markbuande sopp er det høgare usikkerheit, sidan det tilsynelatande var ein dårleg sesong for desse på synfaringstidspunktet. Det er mogleg at det finst enkelte artar beitemarkssopp på områda med tresett beitemark under betre tilhøve, men sidan denne var såpass gjødsla som ho var, vurderer vi potensialet for dette likevel som lågt. Det skal òg påpeikast at der det veks tre inntil eller på beitemark, vil mykorrhizadannande sopp tilknytt desse trea som regel utkonkurrere beitemarkssoppen (Geir Gaarder, pers. medd.). Områda med fattig boreal lauvskog, granplantasjar og hogstflater kan ikkje seiast å ha potensial for verdifulle artar av markbuande sopp. 8 seier at kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimeleg høve til risikoen for skade på naturmangfaldet. I denne saka har planområdet gjennomgåande såpass lite potensial for viktige naturverdiar at risikoen må seiast å vera låg. På bakgrunn av dette ser vi det som at undersøkingane som er gjort, gir eit 2017-11-14 Side 4 av 5
tilfredsstillande grunnlag for å fatte vedtak i denne saka. Vi ser ikkje at føre var-omsyn etter 9 eller samla byrde etter 10 slår inn. Det vert teke utgangspunkt i at reglane i 11 og 12 om kostnadsbering ved forringing av miljøet og om miljøforsvarlege driftsmetodar leggast til grunn for gjennomføringa av tiltaket. 6 Avbøtande tiltak Sjølv om tiltaket i utgangspunktet ikkje gir nemneverdig skade på naturmangfaldet, vil vi likevel nemne tre forslag til avbøtande tiltak som ein bør ta med i vurderinga. Når deponiet er ferdig utfylt, bør det revegeterast til ein naturliknande tilstand. Dette inneber at utbyggjar bør dekke deponiet med lokale toppmasser, og å berre nytte stadeige materiale til eventuell etablering av vegetasjon. Vidare må ein unngå spreiing av svartelisteartar inn i planområdet. Dersom det er mogleg bør ein spara ospetrea som står i den nordvestre delen av planområdet, sia dei på nokså kort sikt vil bli verdifulle innslag for det biologiske mangfaldet. Overflatevatn frå oppstraums deponiet bør styrast utanom i anleggsfasen. Dette kan gjerast ved hjelp av avskjeringsgrøfter, så sant terrenget tillèt det. Tiltaket er mest aktuelt for fuktdraget vest i planområdet. 7 Kjelder Artsdatabanken (2017). Artskart nasjonal database for elektronisk artsinformasjon. http://artskart.artsdatabanken.no Direktoratet for naturforvaltning. 2007. Kartlegging av naturtyper Verdisetting av biologisk mangfold. DN-håndbok 13 2.utgave 2006 (oppdatert 2007). Miljødirektoratet, Trondheim. Gederaas, L., Moen, T.L., Skjelseth, S. & Larsen, L.-K. (red.) 2012. Fremmede arter i Norge med norsk svarteliste 2012. Artsdatabanken, Trondheim. Henriksen, S. og Hilmo, O. (red.) 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Trondheim. Lindgaard, A. og Henriksen, S. (red.) 2011. Norsk rødliste for naturtyper 2011. Artsdatabanken, Trondheim. Miljødirektoratet (2017). Naturbase nasjonal database for elektronisk naturinformasjon. http://kart.naturbase.no 2017-11-14 Side 5 av 5