Tidleg innsats. - Seljord kommune - Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 728 010. Ressursutnytting og kvalitet i skulen



Like dokumenter
KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Plan for overgangar. for barn og unge

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Barnehageplan for Vinje kommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tiltaksplan

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Øystese barneskule April - 08

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Kvalitetsplan mot mobbing

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Retten til spesialundervisning

Handlingsprogram og økonomiplan

Sandeid skule SFO Årsplan

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TILSYN MED. KOMMUNENS ADRESSE: Norddal kommune, Rådhuset, 6210 Valldal

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Korleis kan PPT bruke resultata frå forsking i arbeidet i kommunane?

Frå novelle til teikneserie

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Velkomen til Mork barnehage

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Kartleggingsverktøy for førskulebarn og elevar i grunnskulen i Seljord kommune

Aurland kommune Rådmannen

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Forslag frå fylkesrådmannen

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Plan for overgangar. for barn og unge Os kommune


Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

Tidleg innsats Ressursutnytting og kvalitet i skulen - Seljord kommune - Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 728 010 2010

Telemark kommunerevisjon IKS ii

Innhald Samandrag...iv 1 Innleiing...1 1.1 Problemstillingar...1 1.2 Avgrensing...2 2 Metode og kvalitetssikring...2 2.1 Gjennomføring...2 2.2 Høyring...3 3 Revisjonskriterium...3 3.1 Problemstilling 1 i kva grad har kommunen følgd opp den nasjonale satsinga med tidleg innsats for barn og ungdom...4 3.2 Problemstilling 2 i kva grad brukar Seljord kommune ressursar på skule?...6 4 Tilpassa undervisning og spesialundervisning...6 4.1 Tilpassa opplæring...6 4.2 Overgang barnehage/skule...8 4.3 Spesialpedagogisk undervisning...8 4.4 Spesialpedagogisk hjelp...9 4.5 Revisor si vurdering...10 5 Språkstimulering i barnehagane...11 5.1 Arbeidet i barnehagane...11 5.2 Revisor si vurdering...12 6 Kartlegging og vurdering...12 6.1 Kartlegging i barnehage...12 6.2 Kartlegging og vurdering i skule...13 6.3 Revisor si vurdering...13 7 Etter- og vidareutdanning...14 7.1 Skule og barnehage...14 7.2 Revisor si vurdering...15 8 Ressursutnytting...15 8.1 Kostnadssamanlikning...15 8.2 Kostnader per skule...15 8.3 Resultat for Seljord kommune...16 8.4 Revisor si vurdering...17 9 Avslutning...18 9.1 Konklusjon...18 Litteratur og kjeldereferansar...20 Vedlegg...20 Telemark kommunerevisjon IKS iii

Samandrag Denne forvaltningsrevisjonen vart vedtatt gjennomført av kontrollutvalet i Seljord kommune i sak 19/09. Tidleg innsats omhandlar ei rekke tiltak som skal utjamne sosiale forskjellar og dei konsekvensar dei har for deltaking i og læringsutbytte frå utdanningssystemet. Målet er at alle skal tilegne seg nødvendig kompetanse og grunnleggande ferdigheiter frå grunnskulen, og at flest mogeleg skal gjennomføre vidaregåande opplæring med gode resultat. Tidleg innsats skal forståast både som innsats på eit tidleg tidspunkt i barns liv, og som tidleg inngrep når problem vert avdekka. Vi har følgjande problemstillingar for prosjektet: I kva grad har kommunen følgd opp den nasjonale satsinga på tidleg innsats? Vi vil spesielt sjå på: tilpassa undervisning/spesialundervisning språkstimulering i barnehagane bruk av kartleggingsverktøy og individvurdering etter- og vidareutdanning for lærarar, skoleleiarar og barnehagetilsette. I kva grad brukar Seljord kommune ressursar på skule? Vi vil spesielt sjå på: kostnadene til skule i Seljord samanlikna med andre kommunar samanlikning av skulane i Seljord samanheng mellom ressursbruk og resultat Undersøkingane viser følgjande om tidleg innsats : Kommunen har tilpassa opplæring som satsingsområde og har brukt ressursar på prosjekt om tilpassa opplæring og på å utarbeide plan for lese- og skriveopplæring. Vi meiner at satsinga har ført til at skulane har eit felles overordna rammeverk å arbeide etter og ei felles omgrepsforståing. Andelen spesialundervisning er lågare i Seljord enn i samanlikningskommunane. Dette kan ha samanheng med at Seljord er restriktiv med å løyve spesialundervisning. Det kan også ha samanheng med at kommunen har høgare lærartettleik enn samanlikningskommunane, og dermed kan tilpasse den ordinære undervisninga betre til den enkelte eleven. Fylkesmannen meiner at andelen spesialundervisning bør auke for dei yngste elevane og minke for dei eldre, som ein konsekvens av tidleg innsats. Ein kan ikkje sjå at det har skjedd i Seljord. Lang ventetid for å få sakkunnig vurdering frå pedagogisk psykiatrisk teneste (PPT), kan gjere at den tida det tar frå eit problem blir oppdaga fram til tiltak blir sett i verk, blir lenger enn den bør vere. Kommunen har satsa på språkstimulering i barnehagane med å gjennomføre prosjekt, utarbeide felles overordna plan for språkstimulering og ved å utarbeide verktøy (språkpermane) som brukast i språkstimuleringsarbeidet i barnehagane. Vi meiner at dette arbeidet bør sikre at barnehagane har fokus på språkstimulering og at dei har eit likt rammeverk å arbeide etter og ei lik vinkling på arbeidet. Telemark kommunerevisjon IKS iv

Kommunen har utarbeidd plan for kartlegging av barn i skule og barnehage. Kommunen følgjer tilrådingane om å kartlegge barn i barnehage sjølv om dette førebels ikkje er pålagt. Kommunen har etablert praksis med å utarbeide plan for kompetanseheving for skule og barnehage. Planane er basert på kartlegging av kompetanse og behov. Kommunen har på denne måten lagt til rette for kontinuerlig fagleg oppdatering for dei tilsette. Undersøkingane viser følgjande om bruk av ressursar: Seljord kommune brukar meir på skule enn samanlikningskommunane. Det kan ha samanheng med at kommunen i snitt har mindre skular enn samanlikningskommunane, men det kan også skuldast at skulane i Seljord har høgare lærartettleik og betre utstyrsnivå enn skulane i dei andre kommunane. Det er stor forskjell i kostnad per elev i Seljord. Ein elev ved Åmotsdal skule kostar nærare det dobbelte som ein elev ved Seljord barneskule og Flatdal skule. Kostnadsforskjellen har ein viss samanheng med at Åmotsdal skule er mykje mindre enn dei andre og at det er færre elevar å fordele faste kostnader på. Kommunelova krev at kommunen skal drive si verksemd på ein rasjonell og effektiv måte. Kommunen skal levere tenestene til vedtatt kvalitet på billigast mogeleg måte. Ut i frå eit reint økonomisk perspektiv kan det stillast spørsmål om det er rasjonelt å oppretthalde ein skulestruktur der ein skule er så mykje dyrare enn dei andre. Kan kommunen gje desse elevane eit tilfredsstillande undervisningstilbod på ein rimelegare måte? Om det er mogeleg å spare på å endre skulestrukturen, vil avhenge av kva som er alternativet. Kva vil det koste å flytte elevane til ein annan skule? Dersom kommunen har plass på andre skular, og det dermed ikkje er nødvendig med større investeringar, vil kostnadene i hovudsak vere noko auka driftsutgifter ved den skulen som elevane blir flytta til. I ei slik sak er det sjølvsagt ikkje berre økonomi som bør vurderast, til dømes kan lengre skuleveg for elevane og skulen sin betyding for lokalsamfunnet vere viktige element. Resultata på nasjonale prøver for Seljord kommune dei tre siste åra har vore lågare enn gjennomsnittet i Telemark og lågare enn landsgjennomsnittet. Det er ikkje unaturleg å forvente at dersom ein brukar mykje ressursar på ei teneste, så bør det resultere i at tenesta har høg kvalitet. Det bør poengterast at kvalitet i skule handlar om mykje meir enn resultat på nasjonale prøver, men resultat på nasjonale prøver er ein indikator på kvalitet blant fleire. I høve til denne eine indikatoren kan ein ikkje seie at Seljord si høge satsing på skule har ført til tilsvarande høge resultat. Målet med Tidleg innsats er å utjamne sosiale forskjellar og dei konsekvensane dei har for deltaking i og læringsutbytte frå utdanningssystemet. Verknadene av satsinga må vurderast over tid, men også her er resultata frå nasjonale prøver ein peikepinn på om tiltaka fungerer som føresett. I Seljord er det som nemnt vanskeleg å sjå klar betring i resultata, sjølv om kommunen synest å ha arbeidd med tidleg innsats slik staten krev. Manglande resultat kan skuldast at tiltaka til kommunen ikkje har verka lenge nok eller at kommunen ikkje har arbeidd godt nok. Det kan også skuldast at premissane for staten si satsing på tidleg innsats er feil, dvs. at satsing på tilpassa undervisning, språkstimulering, kartlegging og auka kompetanse hos dei tilsette, ikkje medverkar til sosial utjamning eller til at fleire elever deltar meir i utdanningssystemet. Konklusjon: I kva grad har kommunen følgd opp den nasjonale satsinga på tidleg innsats? Telemark kommunerevisjon IKS v

Vi meiner at kommunen har gjort mykje for å etterleve dei statlege retningslinene når det gjeld tidleg innsats. Kommunen har hatt prosjekt på både tilpassa opplæring og språkstimlering i barnehagane. Vi meiner at prosjekta har ført til at skulane og barnehagane er eit felles overordna rammeverk å arbeide etter og at dei har felles omgrepsforståing. Kommunen har også utarbeidd plan for kartlegging som også omfattar kartlegging av førskulebarn. Kommunen er truleg i forkant av utviklinga på dette området. Kommunen utarbeider planar for kompetanseutvikling for barnehage og skule, og legg på denne måten til rette for kontinuerleg oppdatering av dei tilsette. Det er vanskeleg å sjå direkte verknader av kommunen sine tiltak i samband med tidleg innsats, som t.d. betring av resultat på nasjonale prøver. Andelen spesialundervisning har heller ikkje auka merkbart for dei yngste, og er ikkje merkbart redusert for dei eldste elevane. Det kan skuldast at kommunen sine tiltak ikkje har verka lenge nok, men det kan og vere at kommunen ikkje arbeider godt nok med tiltaka. I kva grad brukar Seljord kommune ressursar på skule? Seljord kommune brukar meir ressursar på skule enn samanlikningskommunane. Ein årsak til dette er truleg at skulane i kommunen i snitt har færre elevar enn skulane i samanlikningskommunane. Det kan vere andre årsaker, t.d. betre lærartettleik og betre utstyrsnivå. Kostnadene per elev på dei ulike skulane i kommunane varierar. Seljord barneskule og Flatdal skule er like når det gjeld kostnader per elev. Ved Åmotsdal skule er kostnaden per elev betydeleg høgare enn ved dei andre barneskulane. Frå eit reint økonomisk perspektiv kan det stillast spørsmål om det er rasjonelt å oppretthalde ein skulestruktur der ein skule er så mykje dyrare enn dei andre. Kan kommunen gje desse elevane eit tilfredsstillande undervisningstilbod på ein rimelegare måte? I ei slik sak er det sjølvsagt ikkje berre økonomi som bør vurderast, til dømes vil lengre skuleveg for elevane og skulen sin betyding for lokalsamfunnet vere viktige element. Resultata på nasjonale prøver i Seljord dei tre siste åra har vore lågare enn gjennomsnittet i Telemark og landsgjennomsnittet. Kommunen er opptatt av å ha ein god skule, og nasjonale prøver er ein indikator som seier noko om kor godt skulane lykkast fagleg. Det er ikkje unaturleg å forvente at dersom ein brukar mykje ressursar på ei teneste, så bør det resultere i at tenesta har høg kvalitet. Slik sett har ikkje kommunen si satsing på skulen, ført til tilsvarande gode resultat. Det bør tilføyast at kvalitet i skulen handlar om meir enn gode faglege resultat. Bø 9. september 2010 Telemark kommunerevisjon IKS Anne Hagen Stridsklev forvaltningsrevisor Telemark kommunerevisjon IKS Kirsti Torbjørnson oppdragsansvarleg forvaltningsrevisor (sign.) vi

1 Innleiing Prosjektet er gjennomført som forvaltningsrevisjon. Heimel for forvaltningsrevisjon er gitt i kommunelova 77 nr. 4, jamfør forskrift om kontrollutval kapittel 5 og forskrift om revisjon kapitel 3. I følgje forskrift om revisjon 7 skal forvaltningsrevisjon gjennomførast og rapporterast i samsvar med god kommunal revisjonsskikk og etablerte og kjende standardar på området. Denne rapporten er utarbeidd med grunnlag i RSK 001 Standard for forvaltningsrevisjon, fastsett av styret i Norges Kommunerevisorforbund 23. mai 2005 og gjort gjeldande som god kommunal revisjonsskikk. Standarden byggjer på norsk regelverk og internasjonale prinsipp og standardar som er fastsett av International Organization of Supreme Audit Institutions (INTOSAI) og Institute of Internal Auditors (IIA). Denne forvaltningsrevisjonen vart vedtatt gjennomført i kontrollutvalsak 19/09. 1.1 Problemstillingar I St.meld. nr 16 (2006-2007) og ingen stod igjen fortel regjeringa om kva tiltak dei vil sette i verk for å utjamne sosiale forskjellar og dei konsekvensane dei har for deltaking i og læringsutbytte frå utdanningssystemet. Alle skal tilegne seg nødvendig kompetanse og grunnleggande ferdigheiter frå grunnskulen, og flest mulig skal gjennomføre vidaregåande opplæring med gode resultat. Ein viktig nøkkel i dette arbeidet er tidleg innsats. Tidleg innsats skal forståast som både innsats på eit tidleg tidspunkt i barns liv, og som tidlege inngrep når problem vert avdekka. Tidleg innsats er også tema i fylkesmannens tilstandsrapport for 2009 og 2008. I følgje fylkesmannen har Noreg lenge hatt ein vente-og-sjå-haldning i forhold til å gripe inn når barn og unge har streva med utvikling og læring. Tidleg innsats betyr at ein skal følgje det som forskinga lenge har vist at både småbarnsalderen og dei første skuleåra er svært viktige for læring og utvikling. Problemstillingane for prosjektet er: I kva grad har kommunen følgd opp den nasjonale satsinga på tidleg innsats? Vi vil spesielt sjå på: tilpassa undervisning/spesialundervisning språkstimulering i barnehagane bruk av kartleggingsverktøy og individvurdering etter- og vidareutdanning for lærarar, skuleleiarar og barnehagetilsette. I kva grad brukar Seljord kommune ressursar på skule? Vi vil spesielt sjå på: kostnadene til skule i Seljord samanlikna med andre kommunar samanlikning av skulane i Seljord samanheng mellom ressursbruk og resultat Telemark kommunerevisjon IKS 1

1.2 Avgrensing Tidleg innsats gjelder ikkje berre forsterka innsats dei fyrste åra, det betyr også at ein skal ta raskt tak i problem uansett når dei oppstår. I dette prosjektet vil vi likevel konsentrere oss om kva kommunen har gjort for dei yngste skulebarna. Innsatsen på ungdomstrinnet blir ikkje omtalt i denne rapporten. 2 Metode og kvalitetssikring 2.1 Gjennomføring Dei viktigaste metodane i dette prosjektet er dokumentgjennomgang og intervju. Vi har innhenta relevante styringsdokument i kommunen og gjennomgått desse. Dei viktigaste dokumenta er: - Handlingsplan for undervisningssektoren i Seljord kommune 2007-2011 - System for kvalitetsvurdering av verksemd etter opplæringslova i Seljord kommune - System for kvalitetsvurdering og tilsyn av verksemd etter barnehagelova i Seljord kommune - Årsmelding 2008 - Verksemdsplan for Seljord barneskule for skuleåret 2009-2010 - Verksemdsplan 2009/2010 Åmotsdal skule - Lokal rammeplan for barnehagane i Seljord - Årsplan Heddeli barnehage 2009-2010 - Årsplan Tussejuv barnehage 2009-2010 - Årsplan Åmotsdal barnehage 2009-2010 - Plan for språkstimulering i barnehagane i Seljord - Kartleggingsverktøy for førskulebarn og elevar i grunnskulen i Seljord kommune Vi har intervjua rektorane ved to av barneskulane i kommunen. I samråd med rådmann og kommunalsjef har vi valt å sjå på den største og den minste skulen, dvs. Seljord barneskule og Åmotsdal skule. Vi har også intervjua styrarane ved dei barnehagane som er leverandør av barn til dei utvalde skulane, dvs. Tussejuv barnehage, Heddeli barnehage og Åmotsdal barnehage. Vi har gjennomført semistrukturerte intervju. Det betyr at vi har utarbeidd intervjuguidar som definerar kva tema og hovudspørsmål som vi skal ta opp, men rekkefølgja og spørsmålsformuleringa er ikkje fastsett på førehand. Samtidig er det rom for å ta opp tema og problemstillingar som ligg utanfor guiden. En viss førehandstruktur er nødvendig for å gjere den innsamla informasjonen samanliknbar. Strukturen er også til hjelp for å demme opp for at materialet blir skeivt på grunn av spørsmål som ikkje er nøytrale, og andre forhold som reduserer validitet og reliabilitet. Vi har skrive referat frå intervjua som er sendt til intervjuobjekta for godkjenning. Vi har hatt oppklaringsmøte med kommunalsjef for skule og barnehage. Vi nyttar følgjande tal frå KOSTRA: Netto driftsutgifter til grunnskuleundervisning per innbyggjar 6-15 år Lønsutgifter til grunnskule per elev Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev Telemark kommunerevisjon IKS 2

Andel elevar som får spesialundervisning Timar til spesialundervisning i prosent av lærartimar totalt Elevar per undervisningsrelatert årsverk Antal elevar per datamaskin Antal årsverk i skule og barnehage Tala til Seljord er samanlikna med landsgjennomsnittet og med gjennomsnittet av kommunegruppe 2. Kommunegruppe 2 består av 66 kommunar som Statistisk sentralbyrå meiner er like nok til å kunne samanliknast. Kommunane er små med middels bundne kostnader per innbyggjar og middels frie disponible inntekter. Frå resultatsida til Utdanningsdirektoratet Skoleporten nyttar vi resultat frå nasjonale prøver for 5 årstrinn. Vi samanliknar resultata med landsgjennomsnittet og gjennomsnittet av kommunane i Telemark. Frå GSI (Grunnskulens InformasjonsSystem) har vi henta opplysningar om spesialundervisning, lærartettleik og antall datamaskiner ved skulane. Vi har innhenta og analysert kostnadstal for den einskilde skule i kommunen. Vi har deretter berekna følgjande samanlikningstal: Netto driftsutgifter per elev Lønsutgifter til grunnskule per elev Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev Kurskostnad per årsverk Skuleåret følgjer ikkje rekneskapsåret. Vi har derfor berekna elevtalet ved bruk 7/12 av elevtaler frå skuleåret 2008/2009 og 5/12 frå skuleåret 2009/2010. Dette er same formel som SSB bruker for å rekne ut KOSTRA-tala. 2.2 Høyring Rapporten er send på høyring til kommunen før den vert sendt til handsaming i kontrollutvalet. Kommentarane frå kommunen ligg som vedlegg. Etter ønskje frå kommunen er kostnadstala under punkt 8.2 rekna om slik at både elevtalet for skuleåret 2008/2009 og for skuleåret 2009/2010 er tatt omsyn til. Omrekninga er nærare omtala under punkt 2.1. Vi har ikkje gjort andre endringar i rapporten som følgje av høyringssvaret til kommunen. 3 Revisjonskriterium Denne forvaltningsrevisjonen vil undersøke om det er avvik mellom dei faktiske forhold og gjeldande normer, reglar og tilrådingar på området. Revisjonskriteria er dei normer, reglar og tilrådingar som vi vil kontrollere mot. Telemark kommunerevisjon IKS 3

3.1 Problemstilling 1 i kva grad har kommunen følgd opp den nasjonale satsinga med tidleg innsats for barn og ungdom Tidleg innsats og tilpassa opplæring: Opplæringslova 1-3 krev at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hos den enkelte eleven. På 1. til 4. årstrinn skal kommunen sørgje for at den tilpassa opplæringa i norsk og matematikk har særleg høg lærartettleik og er særleg retta mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning. Tilpassa opplæring er eit gjennomgåande prinsipp i grunnskuleopplæringa. Opplæringa skal være tilpassa evnene og føresetnadane til elevane. Alle elevar skal i arbeidet med faga, møte realistiske utfordringar og krav de kan strekke seg mot. Tilpassa opplæring er kjenneteikna ved variasjon i bruk av arbeidsoppgåver, lærestoff, arbeidsmåtar, læremiddel og variasjon i organisering og intensitet i opplæringa. Tilpassa opplæring inneber høgt fokus i val av verkemiddel med sikte på å fremme den enkelte og fellesskapets læring. Læraren må bruke dei ulike føresetnadane til elevane, samansetting av elevgruppa og heile læringsmiljøet som ressursar i læringa. 1 Barnehagen skal, i samarbeid med skulen, legge til rette for overgang frå barnehage til første klasse og eventuelt skulefritidsordning. Dette skal skje i nært samarbeid med heimen til barna. Plan for overgang frå barnehage til skule må vere nedfelt i årsplanen til barnehagen (jf. forskrift om rammeplan barnehagens innhald og oppgaver pkt. 5.1). Kunnskapsdepartementet har utarbeidd ei rettleiing for samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule. 2 Den tilrår følgjande: barnehagetida vert avslutta på ein god måte og skule og skulefritidsordninga er førebudd på å ta imot barnet barnet blir godt kjend med skulen i god tid før fyrste skuledag det er samanheng og progresjon i læringsinnhaldet i barnehage og skule foreldre godkjenner overføring av informasjon frå barnehage og skule og har mogelegheiter til å medverke i denne lærarar og pedagogisk personale i barnehage og skule har felles møteplassar for avklaring av forventingar, kompetanseutvikling og felles planlegging kommunen (skule- og barnehageeigar) har det overordna ansvaret og kontrollerer og følgjer opp samarbeidstiltak. Dersom barnehagen skal gje skulen informasjon om enkeltbarn, må foreldra samtykke i dette. Samarbeidet må fokusere på kva barnet kan og meistrar og på kva det kan trenge særskilt støtte til. Nært samarbeid mellom barnehage og skule er særleg viktig for barn som har behov for særskilt tilrettelagt omsorgs- eller læringsmiljø. Dersom det er behov for omfattande tilrettelegging, må samarbeidet etablerast i god tid før barnet begynner på skulen (jf. forskrift om rammeplan pkt. 5.1). Spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett på spesialundervisning (jf. opplæringslova 5-1). Barn under opplæringspliktig alder som treng for spesialpedagogisk hjelp, har også rett på slik hjelp (jf. 5-7). 1 St.meld. nr 16.og ingen sto igjen 2 Kunnskapsdepartementet: Fra eldst til yngst. Samarbeid og sammenheng mellom barnehage og skole. Telemark kommunerevisjon IKS 4

Fylkesmannen meiner at som ein konsekvens av tidleg innsats bør spesialpedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder auke, og spesialundervisning til barnetrinnet bør auke meir enn ungdomstrinnet. 3 Språkstimulering i barnehagane Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver krev i pkt. 3.1. at tidleg og god språkstimulering skal vere ein viktig del av innhaldet til barnehagen. Alle barnehagar skal utarbeide ein årsplan som gir informasjon om korleis reglane i barnehagelova skal følgjast opp, dokumenterast og vurderast (jf. forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver kap.4). Kartlegging/vurdering Forskrift til opplæringslova 2-4 krev at elevar skal delta i dei prøver, utvalsprøver og undersøkingar som departementet fastsett. Skuleeigaren (kommunen) skal sørgje for at dette blir gjennomført. Dette betyr at elevane i 5. og 8. årstrinn skal delta i nasjonale prøver i rekning, lesing og engelsk. Det skal også gjennomførast kartleggingsprøver i leseferdigheit for 1., 2. og 3. årstrinn, og i talforståing og rekneferdigheit for 2. årstrinn. I tillegg er det tilbod om frivillig kartleggingsprøve i talforståing og rekneferdigheit for 3. årstrinn. Elevar og føresette skal ha tilbakemelding om resultata frå prøvene. 4 Elevar har rett til undervegsvurdering og sluttvurdering (jf. forskrift til opplæringslova 3-1). Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykke kompetansen til eleven. Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen i sitt fag (jf. forskrift til opplæringslova 3-2). I følgje 3-11 har eleven rett på samtale med kontaktlæraren sin minst ein gong kvart halvår om sin utvikling i forhold til kompetansemåla for faget. Læraren skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova 5-1 og 5-4. Stortinget vedtok i mars 2010 å utarbeide nye reglar om dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og om det pedagogiske arbeidet til barnehagen. Målet med dei nye reglane er mellom anna å styrke barnehagen som læringsarena. Det ligg i vedtaket frå stortinget at det skal vere krav om at alle barnehagar skal gje tilbod om språkkartlegging av barna ved treårsalder, og at departementet skal utarbeide rettleiarar for bruk og oppfølging av anbefalte språkkartleggingsverktøy. 5 Det er ikkje klart kva som det konkret vil bli krav om eller når dei nye reglane vil gjelde frå. Inntil vidare er det er ikkje krav om kartlegge barnehagebarna, men det finnast etablerte kartleggingsverkstøy for bruk i barnehage. I følgje fylkesmannen blir barnehagane oppfordra til å bruke dei verktøya som finst. 6 Etter- og vidareutdanning Både opplæringslova og barnehagelova har regler om kva slags utdanning og kompetanse dei tilsette skal ha (jf. opplæringslova 10-1 og barnehagelova 17 og 18). Forsking viser at kompetanse hos dei vaksne har avgjerande betyding for at rett tiltak vert sett inn tidleg og for læringsresultatet til elevane. Etter- og vidareutdanning av lærarar og skuleleiarar er ein viktig føresetnad for å auke kvaliteten. Som ein konsekvens av St.meld. nr 31 Kvalitet i skolen vart det innført system for vidareutdanning for lærarar og skuleleiarutdanning for rektorar. I 3 Fylkesmannens tilstandsrapport 2009 4 Utdanningsdirektoratet: Retningslinjer for gjennomføring av kartleggingsprøver våren 2010 5 Innst. 162 S 2009 2010, jf. St.meld. nr. 41 Kvalitet i barnehagen 6 Fylkesmannens tilstandsrapport 2009 Telemark kommunerevisjon IKS 5

St.meld. nr 11 Læreren rolla og utdanninga blir det sagt at departementet forventar at skuleeigaren legg til rette for at lærarane får nødvendig fagleg oppdatering og bidreg til at skulen er en arbeidsplass der det skjer kontinuerleg læring og utvikling. I tilstandsrapporten til fylkesmannen for 2009 blir kommunane også oppfordra til å ta i bruk etablerte ordningar for etter- og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. I Kompetanse i barnehagen. Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007-2010 7 gir departementet overordna føringar for kompetansearbeidet i barnehagen. Kunnskapsdepartementet vil at kommunane skal prioritere kompetanseutvikling på følgjande område: pedagogisk leiing barns medverknad språk og språkstimulering overgang frå barnehage til skule Styrarane skal støtte og følgje opp den enkelte tilsette og leie den samla kompetanseutviklinga i barnehagen. Derfor meiner departementet at kompetanse til styraren i pedagogisk leiing skal prioriterast først. Det må gjerast ei særskilt vurdering for å kartlegge dei tilsette si kompetanse, etterfølgd av egna kompetanseutviklingstiltak og utviklingsarbeid. 3.2 Problemstilling 2 i kva grad brukar Seljord kommune ressursar på skule? Det følgjer av kommunelova 1 at forvaltninga av kommunen skal vere rasjonell og effektiv. Det inneber m.a. at: alle utgifter skal fremme måla for verksemda på billigast mogeleg måte kostnad per elev per skule bør liggje på tilnærma same nivå det bør vere ein viss samanheng mellom tenesteproduksjonen og kommunen sin ressursbruk 4 Tilpassa undervisning og spesialundervisning 4.1 Tilpassa opplæring Handlingsplanen for undervisningssektoren i Seljord kommune 2007 2011 har som mål at elevane skal få ei undervisning som er tilpassa eleven sine evner og føresetnader. Følgjande tiltak skal settast i verk for å oppnå målet: tilpassa opplæring skal vere berande i heile opplæringa tilpassa opplæring skal skje ved at alle elevane får god fagleg, sosial og personleg utvikling det skal skipast spesialundervisning for elevar som etter sakkunnig vurdering har rett til slik undervisning spesialundervisninga skal i størst mogeleg grad leggjast opp slik at elevane får undervisning i klasse eller gruppe overgang frå individbasert spesialundervisning til grupperelatert tilpassa opplæring 7 Utgitt av Kunnskapsdepartementet. Telemark kommunerevisjon IKS 6

den enkelte skule bør vurdere leksehjelp Kommunen starta opp eit samarbeid med Sørlandets kompetansesenter i 2005 i samband med opprettinga av eit skuleleiarnettverk. Målet med nettverket var å finne ut korleis skuleleiar best kunne medverke til at tilpassa opplæring vart realisert i skulen. Som ei følgje av nettverksarbeidet starta kommunen opp utviklingsprosjekt Tilpassa opplæring i Seljord framleis med Sørlandets kompetansesenter som rådgjevar. Prosjektet har pågått frå 2006 til 2009. Kommunalsjefen meiner at gjennom prosjektet blei det utarbeidd felles overordna rammeverk for skulane i kommunen. Både Seljord barneskule og Åmotsdal skule har TPO- team (TilPasset Opplæring-team). TPO-teamet diskuterer elevar med særskilte utfordringar og kven som skal meldast opp til vurdering av PPT (Pedagogisk psykiatrisk-teneste). Kommunen har utarbeidd eigen plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen som skulane skal bruke og som fastsett kva det blir forventa at elevane skal kunne på dei ulike årstrinna. Seljord barneskule definerar tilpassa opplæring slik: eleven skal lære fag eleven skal utvikle seg som person eleven skal oppleve fellesskap med andre. I følgje rektor ved skulen er det viktig å observere eleven for å best tilpasse undervisninga. Eleven må kartleggast i samsvar med nasjonale krav og kommunen sin plan for kartlegging, sjå punkt 7. Undervisninga vert tilpassa ved å bruke varierte arbeidsmetodar og situasjonsskifte. Det er viktig å ha tydelege målformuleringar for elevane. Skulen har målformuleringar i klasserom og på vekeplanar. I følgje rektor er dette noko som begynnar å feste seg hos lærarane no. Skulen tilbyr leksehjelp ein time i veka for 5. til 7. klasse. Frå hausten skal 1. til 4. klasse få tilbod om to timar i veka. Rektor meiner at dei er flinke til å sette i verk tiltak tidleg. Ressursane ved skule er gode, og basisfaga blir prioritert. Før ein elev blir meldt til PPT skal det vere sett i verk tiltak på skulen. Dersom tiltaka ikkje fungerar, må oppmelding til PPT vurderast i samråd med heimen. Åmotsdal skule meiner at tilpassa opplæring betyr følgjande: eleven skal lære fag eleven skal oppleve sosialt fellesskap eleven skal utvikle seg som person eleven skal tilpasse seg noe til det felles opplegget. Ifølgje rektor er dette siste punktet omdiskutert, men han meiner likevel at det er viktig. Rektor refererar til prosjektet på tilpassa opplæring som kommunen har i samarbeid med Sørlandets kompetansesenter. Han seier dei kjenner omgrepa, arbeidsmetodane og dokumentasjonen. Verksemdsplanen for skulen har hatt sosialisering og tilpassa opplæring som satsingsområde. For å tilpasse opplæringa er det viktig å observere barna. Skulen har også brukt fagfolk med Telemark kommunerevisjon IKS 7

spesialkompetanse på spesialpedagogikk i nokre tilfelle. Rektor meiner at det er viktig å sette mål for undervisninga. Sjølvinnsikt er viktig, elevane skal kjenne sine eigne sterke og svake sider. Skulen har arbeidsplan og lekseplan for kvar enkelt elev. Det er litt arbeid å lage arbeidsplanane, men rektor meiner at dei er fine å jobbe etter for elevane. Det hender at elevar følgjer pensum tilpassa eit anna årstrinn, anten høgare eller lågare. Rektor er opptatt av at gutar er seinare utvikla enn jenter. Forsking syner at dei ofte ikkje kan konsentrere seg så lengje, og at undervisninga bør tilpassast dette. Rektor er også opptatt av å ha ein maskulin tilnærming på friminutta, t.d. boltreleik, skyggeslossing og bryting for moro. Dette er viktig for sosialiseringsprosessen for gutar. Rektor meiner det er viktig med tidleg innsats, samstundes som ein ikkje må stresse 6- åringane for mykje. Når gjeld kravet til høgare lærartettleik i norsk og rekning, meiner rektor at små skular nesten har for høg lærartettleik. Elevane spør om hjelp med ein gong i staden for å prøve sjølv eller spørje sidemannen. Skulen skal tilby leksehjelp frå hausten. Begge skulane har to pedagogar i norsk og matematikk. Dersom dei har ressursar (nok delingstimar) hender det at dei har det i andre fag også. 4.2 Overgang barnehage/skule Heddeli og Tussetuv barnehage har like avtaler for overgang barnehage/skule med Seljord barneskule. Avtalene er frå 2003, og skal etter planen revurderast til hausten. Åmotsdal barnehage og Åmotsdal skule har også plan for overgang mellom barnehage og skule. Denne avtalen er frå 2010. Alle planane legg vekt på at barna skal bli kjende med skulen og med læraren. Det er også ein viktig del at læraren får observere barna. Skulen vil gjerne at barnehagen driv skuleførebuande aktivitetar i form av å lære barna å sitte stille og arbeide, vente på tur og liknande. Styrar ved Tussejuv barnehage meiner at det er viktig å ikkje bli for skulske i barnehagen. Små barn må få lov til å vere små. 4.3 Spesialpedagogisk undervisning Fylkesmannen meiner at spesialundervisning er den beste indikatoren for å vite noko om innsatsen for elevar i faresona. 8 I Seljord kommune er det kommunalsjefen som fattar vedtak om spesialundervisning på bakgrunn av sakkunnig vurdering frå PPT. Vedtaka er ikkje alltid i samsvar med tilråding frå PPT. Dette er fordi at kommunen meinar at i nokre saker kan behovet til eleven dekkast godt nok ved å tilpasse den ordinære undervisninga. I følgje kommunalsjefen hadde kommunen hatt ein høgare andel spesialundervisning (17 20 %) dersom dei hadde følgd tilrådinga frå PPT i alle saker. 8 Fylkesmannens tilsynsrapport 2009 Telemark kommunerevisjon IKS 8

Rektor ved Seljord barneskule er i utgangspunktet einig i at det er eit mål at andelen spesialundervisning skal gå ned for dei eldste og auke for dei minste. Det er viktig å ha fokus på at elevane skal klare seg meir og meir sjølve, men det kan vere elevar der dette ikkje er mogeleg å oppnå. Det er ventetid for å få ein elev vurdert av PPT. Til vanleg fleire månader i følgje rektor ved Åmotsdal skule, men han har også erfaring med at vurdering av elevar kan gå ein del raskare. Kartlegging av eleven tar også tid. Det betyr at det kan ta ganske lang tid før eit problem er avdekka til spesialpedagogiske tiltak er sett i verk. I Seljord kommune har omfanget av spesialundervisning utvikla seg på følgjande måte dei tre siste åra: Spesialundervisning i Seljord kommune 2009 2008 2007 Andel elevar i grunnskulen som får spesialundervisning 6,0 6,1 5,2 Spesialundervisningstimar av undervisningstimar totalt 11,4 12,4 14,5 KJELDE: SSB - KOSTRA Kommunen hadde ei auking av omfanget i spesialundervisning i 2008, men frå 2008 til 2009 har andelen spesialundervisning vore stabil. Samanlikning med andre kommunar gir følgjande tal: Spesialundervisning i 2009 Seljord Gruppe 2 Landsgj.sn Andel elevar i grunnskulen som får 6,0 10,0 7,6 spesialundervisning Spesialundervisningstimar av undervisningstimar totalt 11,4 18,0 16,2 KJELDE: SSB - KOSTRA Omfanget av spesialundervisning er lågare i Seljord enn i samanlikningskommunane. Fordeling av spesialundervisning på dei ulike årstrinn ser slik ut: Andel spesialundervisning 1. 4. årstrinn 5. 7. årstrinn 8. 10. årstrinn 2009-2010 12,3 9,9 12 2008-2009 13,8 11,5 11,5 2007-2008 19,2 8,8 15,2 KJELDE: GSI Tala gjeld for alle skulane. 4.4 Spesialpedagogisk hjelp For barn med særskilte behov kan det være nødvendig å sette i verk spesialpedagogiske tiltak før barnet er i skulepliktig alder. Med barn med særskilte behov meinast barn som har behov for ekstra omsorg og hjelp til utvikling og læring av ferdigheiter. Slik tilrettelegging kan gjelde både sosiale, pedagogiske og/eller fysiske forhold i barnehagen. Barnehagane meiner at dei er flinke til å fange opp barn som treng hjelp tidleg. Styrar ved Heddeli barnehage meiner at ein av grunnane til dette er at kommunen har spesialpedagog og Telemark kommunerevisjon IKS 9

logoped som dei samarbeider med. Likevel kan det ta lang tid frå eit mogeleg hjelpebehov blir avdekka før hjelpetiltak blir sett i verk. Først skal barnehagen bli kjent med barnet, så skal barnet meldast opp til PPT, så skal PPT vurdere og til slutt skal kommunen behandle vurderinga til PPT. Alle styrarane gir uttrykk for at det er lang ventetid for å få eit barn vurdert av PPT. 4.5 Revisor si vurdering Tilpassa opplæring er eit satsingsområde i kommunen. Det går fram både av kommunen sin handlingsplan og verksemdsplanane til skulane. Kommunen har også brukt ressursar på prosjektet om tilpassa opplæring og på å utarbeide plan for lese- og skriveopplæring. Vi meiner at kommunen si satsing har ført til at skulane har eit felles overordna rammeverk å arbeide etter og ei meir felles omgrepsforståing. Sjølv om intervjua tyder på at det er lokale ulikskapar, syntest det likevel som den overordna forståinga er lik på skulane. Skulane har høg lærartettleik i norsk og matematikk, men på grunn av gode ressursar kan lærartettleiken vere like høg i andre fag. Lova krev at lærartettleiken skal vere høgare i matematikk og norsk enn i andre fag. Vi trur at lova ikkje er meint slik at skular med gode ressursar og høg lærartettleik i fleire fag, uansett må ha høgare lærartettleik i norsk og matematikk. Truleg vil det vere ei grense på kor høg lærartettleik som er gunstig for elevane. Kommunen har planar for overgang mellom skule og barnehage. Barnehagane har ikkje like planar. Nokre av planane er relativt gamle, men dei er framleis i bruk. I planane blir det vektlagt at barna skal bli kjent med skulen og at lærarane skal bli kjent med barna. Det er noko uklart i kva grad det vert samarbeidd om samanheng og progresjon i læringsinnhald. Andelen elevar som får spesialundervisning er relativt låg i Seljord samanlikna med andre kommunar. Andelen spesialundervisningstimar i forhold til vanlege undervisningstimar er også lågare enn i samanlikningskommunane. Dette har truleg ein viss samanheng med at kommunen er restriktiv med å løyve spesialundervisning. Den relativt låge andelen av spesialundervisning i Seljord, kan også ha samanheng med at kommunen har høgare lærartettleik enn samanlikningskommunane og dermed kan tilpasse den ordinære undervisninga betre til den enkelte eleven. I Seljord har andelen elevar som får spesialundervisning vore litt aukande, medan andelen spesialundervisningstimar har gått litt ned. Det betyr at det er fleire elevar som får spesialundervisning i 2009 enn i 2007, men kvar elev får i gjennomsnitt færre timar enn kva dei gjorde i 2007. Andelen spesialundervisning på 1. 4. årstrinn er lågare i 2009 enn i 2007. Andelen spesialundervisning på 8. 10. årstrinn er også lågare i 2009 enn i 2007. Utviklinga i kommunen har såleis ikkje vore i samsvar med målet til Fylkesmannen om at spesialundervisning skal auke for dei yngste elevane og minke for dei eldste. Dersom ein vurderer utviklinga av spesialundervisninga samla sett er det vanskeleg å sjå at satsinga på tilpassa opplæring så langt har ført til redusert behov for spesialundervisning. Trenden i Seljord er i så måte lik den i landet elles. I vurderinga av spesialundervisning bør ein også ta omsyn til at Seljord er ein relativ liten kommune, slik at berre ein elev med store behov vil ha innverknad på statistikken. Tala kan derfor variere mykje frå år til år. Ein bør derfor vere forsiktig med treffe alt for bastante konklusjonar på bakgrunn av ein statistikk som går tre år bakover. Telemark kommunerevisjon IKS 10

Både skular og barnehagar meiner dei er flinke til å fange opp barn som treng ekstra hjelp tidleg. Likevel går det fram av intervjua at det tar tid frå eit behov er konstatert til adekvate tiltak er sett i verk. I eit barns tidsperspektiv kan verdifull læretid gå tapt. Barnehagen og skulen må naturleg nok ha tid til å bli kjent med barnet for oppdage og til dels kartlegge problem. Lang ventetid for å få sakkunnig vurdering frå PPT, gjer at den tida det tar frå eit problem blir avdekka fram til tiltak blir sett i verk, blir lenger enn den bør vere. 5 Språkstimulering i barnehagane 5.1 Arbeidet i barnehagane Språkstimulering er eit satsingsområde i kommunen og i barnehagane. Barnehagane fortel i årsplanane korleis dei vil jobbe med språk, og korleis dei vil vurdere og dokumentere det arbeidet som blir gjort. I følgje planen er praksisfortelingar og refleksjon metodar som brukast for å vurdere arbeidet som blir gjort. Kommunen har i perioden 2002-2006 gjennomført prosjekt med språkutvikling i barnehage som tema. Prosjektarbeidet er delvis finansiert med tilskot frå fylkesmannen og frå Vest- Telemarksrådet. Arbeidet resulterte m.a. i at det vart utarbeidd en plan for språkstimulering i barnehagane, og språkpermar teoridel og praksisdel. Styrar i Tussejuv barnehage meiner at det er viktig å forankre i personalet at dei kan bruke språk i alle situasjonar. Personalet må vere gode språkmodellar. Barnehagen har også meir strukturerte språkaktivitetar, t.d. samlingsstunder med rim og regler og andre språkleikar. Snakkepakken er eit pedagogisk verktøy som vert brukt mykje. Språkpermane som vart utvikla etter språkprosjekta er også i bruk. Barnehagen har språkstimulering som eige punkt i årsplanen. Styrar meiner det kan vere vanskeleg å evaluere dei tiltaka dei gjer når det gjeld språkstimulering. Styrar i Heddeli barnehage seier at dei fokuserar på vere gode språkmodellar for barna. I forskrift for rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver blir det beskrive kva som skal til for å vere ein god modell. Barnehagen har mål for språkaktivitetane, f.eks skal 5- åringane bli kjende med eit dikt kvar månad og med lokale segn. Barna skal oppleve å bli lest for, dei skal oppleve rim, regler, gåter og vitsar. Barna skal bli kjende med bokstavar og tal før skulestart. Barnehagen har ikkje som mål at barna skal lære seg å lese i barnehagen, men nokre barn knekker lesekoden i barnehagealder. Barnehagen har eigne språkgrupper for framandspråklege. Språktiltaka blir evaluert på personalmøta. Dei brukar mellom anna praksisforteljingar som blir fortalde til kollegiet og reflektert over. Språkpermane og planen for språkstimulering vert brukte. I Åmotsdal barnehage jobbar dei mykje med rim og regler for å stimulere språket til barna. Dei har dagtavle der dei brukar bilde for å visualisere omgrep. Dei har fast samling med barna kvar dag. Dei brukar ulike språkleikar, les mykje eventyr og segn, og dei litt eldre barna Telemark kommunerevisjon IKS 11

dramatiserer eventyr. Snakkepakken vert mykje brukt. I følgje styrar prøvar dei å følgje språkplanen for språkstimulering. Styrar meiner at dei ikkje har god praksis på å dokumentere og evaluere språktiltak i barnehagen. Det blir til ein viss grad gjort på personalmøte og planleggingsdagar. Styrar vil likevel starte opp ny praksis med evaluering frå hausten. 5.2 Revisor si vurdering Kommunen har satsa på språkstimulering i barnehagane. Dei har gjennomført prosjekt på språkstimulering, utarbeidd ein felles overordna plan og laga språkpermane som brukast i barnehagane. Arbeidet bør ha gitt eit godt grunnlag for korleis det er best å arbeide med å stimulere språk hos førskulebarn. Arbeidet bør også ha sikra at barnehagane i kommunen har eit likt rammeverk å arbeide etter og ei lik vinkling på arbeidet. Forskrifta om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver krev at årsplanen til barnehagen skal informere om korleis reglane i barnehagelova skal følgjast opp, dokumenterast og vurderast, men det er ikkje sagt noko om korleis denne vurderinga og dokumentasjonen konkret skal gjerast. Barnehagane har gjort greie for dette i planane sine, og har såleis oppfylt krava i forskrifta. For å vurdere språkarbeidet brukar barnehagane t.d. praksisforteljingar og refleksjon. TRASkartlegginga som er omtala under neste punkt vil truleg også gje innblikk i om språkarbeidet fungerar som føresett. Styrarane har noko ulike meiningar når det gjeld evaluering og om dei er gode nok på dette området. Barnehagen er ikkje som skulen der ein har mål for kva elevane skal kunne på dei ulike årstrinna, og der elevane blir vurderte opp mot desse måla. Resultatet av arbeidet på språk i barnehagane synes derfor i liten grad å vere objektivt målbart, i alle fall ikkje før barna begynner på skulen. Det er eit at premissa for tidleg innsats at godt språkstimuleringsarbeid i barnehagen skal føre til betre resultat for fleire i skulen. Klare verknader av arbeidet i barnehagane vil ein derfor ofte ikkje sjå, før fleire år i ettertid. Dette kan gjere det vanskeleg å vurdere kor verksame språktiltaka i barnehagen er. Nye reglar på dette området er varsla. 6 Kartlegging og vurdering 6.1 Kartlegging i barnehage Kommunen har utarbeidd eigen plan over kartleggingsverktøy som barnehagane skal eller kan bruke for å kjenne språkutviklinga til barna. I følgje planen skal alle barn kartleggast helst kvart år med TRAS (Tidleg registrering av språkutvikling). Alle 4-åringane skal kartleggast med MIO (Observasjon av matematikkferdigheter). I planen er det også gjort greie for fleire andre testar som barnehagen kan bruke etter behov. Styrar i Tussejuv barnehage meiner det er krevjande å gjennomføre TRAS-kartlegging på alle kvart år, særleg fordi barnehagen har færre pedagogar tilsett enn kva dei skal ha etter bemanningsplanen til kommunen. Styrar fortel at dei kan måle framgang frå år til år i kartleggingane, og at de bruker resultata frå TRAS systematisk i evalueringa i det Telemark kommunerevisjon IKS 12

pedagogiske opplegget. Barnehagen har starta med MIO-kartlegging for fyrste gong i år, og dei har kartlagt 4- og 5-åringane. Styrar i Heddeli barnehage fortel at dei kartlegg barna med TRAS. Om dei rekk å kartlegge alle kvart år, avheng av kor mange førskulelærarar dei har. Barn dei er usikre på og 5- åringane blir prioritert. I år har dei kartlagt alle. MIO-kartlegging blir gjort med 5-åringane. I Åmotsdal barnehage blir alle barn kartlagt med TRAS to gangar kvart år. MIO-kartlegging blir ikkje brukt så mykje. 6.2 Kartlegging og vurdering i skule Planen over kartleggingsverktøy omhandlar også kartlegging i grunnskulen. Til dømes skal logopeden teste alle 1-klassingar med en test som heiter Språk 6-16. Rektor ved Seljord barneskule fortel at dei gjennomfører dei testane som planen pålegg dei å gjere. Dei gjennomfører også den frivillige kartleggingsprøva i matematikk for 3. årstrinn. Elevane blir kartlagde i basisfaga 1. oktober og 1. april. Kartleggingane blir evaluert, diskutert og eventuelle tiltak blir sett i verk. Verknaden av tiltaka blir evaluert etter kartlegginga i april. Undervegsvurderinga ved skulen består av foreldresamtalar, elevsamtalar og kontinuerleg tilbakemelding til eleven i klassen. I undervegsvurdering og sluttvurdering legg rektor vekt på at elevane skal ha konstruktive tilbakemeldingar; kva er bra og kva må eleven jobbe meir med. Rektor meiner at det likevel er dei kontinuerlege møtepunkta mellom lærar og elev som er viktigast. Lærarane skal skrive rapport på tiltak og evalueringar som blir gjort. Rapporten skal leggast i elevmappene. I følgje rektor er det eit mål at dette skal bli praksis. Det skrivast logg over resultat frå alle kartleggingsprøver. Lærarane brukar loggen i sitt arbeid. Ved Åmotsdal skule rakk dei ikkje å gjennomføre den frivillige kartleggingsprøva i matematikk i fjor. Skulen har store forventningar til det nye kartleggingsverktøyet Kartlegger n. Undervegsvurdering blir gjort heile tida, saman med individuelle vurderingar i samarbeid med foreldre. Skulen brukar vurderingsbok for elevane, den gir også grunnlag for å tilpasse undervisninga. Sluttvurdering blir gjort kvar vår og legg vekt på kva eleven meistrar, og kva han kan gjere for å meistre meir. 6.3 Revisor si vurdering Kartlegging og vurdering i skule er pålagt og regulert gjennom lovverket. I barnehage er kartlegging foreløpig frivillig, men det er varsla nye reglar. Kartlegging og vurdering heng nært i saman med tilpassa opplæring. For å tilpasse undervisninga må ein kartlegge behova til elevane og for å vurdere om tilpassingane fungerar som føresett må ein vurdere tiltaka. Kommunen har utarbeidd eigen plan for kartlegging i skule og barnehage. Planen gir skulane og barnehagane eit felles overordna rammeverk å arbeide etter, sjølv om intervjua tyda på at det var nokre ulikskapar i praktiseringa av planen. Barnehagane kartlegg til ein viss grad ut i Telemark kommunerevisjon IKS 13

frå kva slags ressursar dei har (førskulelærarar) og behovet til barna. Det er ikkje alltid dei greier å gjennomføre planen som føresett. Skulane gjennomfører dei pålagte kartleggingane og frivillige kartleggingar i den grad dei meiner det er nødvendig. Kommunen følgjer tilrådinga om å bruke kartleggingsverktøy i barnehagane, og er godt rusta til å møte dei regelendringane som truleg kjem når det gjeld kartlegging. 7 Etter- og vidareutdanning 7.1 Skule og barnehage Det er laga eigen plan og avsett eigne middel for kompetanseutvikling knytt til Kunnskapsløftet. Denne planen rullerast kvart år. Skulane melder inn behov og ønskjer. Kommunalsjefen prioriterar i samarbeid med tillitsvald. Ein del etter- og vidareutdanningstiltak kan gjerast med tilskot frå fylkesmannen. Desse tiltaka vil vere eit spleiselag mellom kommune og stat. Rektorane har fått gå på rektorskulen, dvs. skuleleiarutdanning på 30 studiepoeng i regi av BI og Høgskolen i Vestfold. Også lærarar har fått gjennomføre poenggivande vidareutdanning, t.d. ved Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Vestfold (norsk og tradisjonsmat). Det utarbeidd plan for kompetanseutvikling i barnehagesektoren for perioden 2007-2010. Det er avsett statlege middel til kompetanseutvikling og kommunane kan søke om tilskot til sine prioriterte område. Dei prioriterte områda i planen til Seljord er: pedagogisk leiing barns medverknad språkmiljø og språkstimulering samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule Styrarar ved Tussejuv og Heddeli barnehage meiner at kompetanseplanen, bortsett frå siste punkt, er gjennomført som føresett. Siste punkt på planen som gjeld samarbeid mellom skule og barnehage, er ikkje gjennomført enno. Det er også tilsette i barnehage som har fått gjennomføre poenggivande utdanning, t.d. i studierettleiing. Kommunen har utgiftsført følgjande kursutgifter på skule og barnehage dei tre siste åra: Kurskostnader (art 150) 2009 2008 2007 Skule 193 813 317 290 251 760 Per årsverk i skule 3 756 10 941 7 538 Barnehage 127 263 134 122 50 385 Per årsverk i barnehage 3 412 4 625 1 509 Sum skule og barnehage 321 076 451 412 302 145 KJELDE: REKNESKAPET TIL SELJORD KOMMUNE 2009, 2008 OG 2007 OG KOSTRA Eventuelle vikarutgifter som følgjer av at tilsette er på kurs eller vidareutdanning kjem i tillegg til kostnadene i tabellen. Reiseutgifter er heller ikkje inkludert. Telemark kommunerevisjon IKS 14

7.2 Revisor si vurdering Kommunen har etablert praksis med å utarbeide plan for kompetanseutvikling både når det gjeld skule og barnehage basert på kartlegging av kompetanse og behov. Kommunen har på denne måten lagt til rette for kontinuerleg fagleg oppdatering for dei tilsette. Kommunen har i stor grad satsa i samsvar med dei signal som har kome frå staten, med t.d. skuleleiarutdanning og språkstimulering i barnehage. Rekneskapet viser at kommunen har brukt meir på kurs og vidareutdanning av tilsette i skule enn av tilsette i barnehage. I 2009 har kommunen brukt nær like mykje på begge tilsettegruppene. Vi har ikkje tilsvarande frå andre kommunar. Vi kan derfor ikkje samanlikne satsinga til Seljord kommune med satsinga til andre kommunar. 8 Ressursutnytting 8.1 Kostnadssamanlikning For 2009 har Seljord rapportert inn følgjande kostnadstal til KOSTRA. Tala inkluderar kostnader til både barne- og ungdomstrinnet. 2009 Seljord Gruppe 2 Landsgj.sn. Nto. driftsutgift til grunnskule per innb 6 15 år (202) 84 003 76 468 65 383 Nto dr.utg. til skulelokale og skyss per innb 6 15 år (222, 223) 20 524 18 426 14 954 Dr.utg til inventar og utstyr per elev 1 439 819 725 Dr.utg til undervisningsmateriell per elev 2 173 1 953 1 505 Lønnsutgifter til grunnskule per elev (202,222,223) 82 162 77 011 66 140 Elevar per datamaskin 2,6 2,8 3,2 Elevar per undervisningsrelatert årsverk 9,7 10,3 12,2 Elevar per skule 80 120 211 KJELDE: SSB - KOSTRA 8.2 Kostnader per skule I rekneskapet til kommunen er ført følgjande kostnader på dei ulike skulane: 2009 Seljord barneskule Flatdal barnskule Åmotsdal skule Nto. driftsutgift per elev (202) 63 056 70 410 123 807 Nto dr.utg. til skulelokale og skyss per elev (222, 223) 9 480 14 591 28 575 Dr.utg til inventar og utstyr per elev (200) 1 161 646 2 829 Dr.utg til undervisningsmateriell per elev (105) 1 805 1 875 3 100 Lønnsutgifter per elev 66 220 72 188 132 951 Telemark kommunerevisjon IKS 15